Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 30. januar 2009). Les mer om roperten…

Slik registrerer du arrangement

Har du eit arrangement, møte eller konsert som du ønskjer på trykk
– registrer arrangementet på http://firda.origo.no

Firda hentar fram informasjon frå denne nettsida som vi set på trykk i papirutgåva.

Slik går du fram:

1. Klikk på «Det skjer kalender» når du har gått inn på firda.origo.no i nettlesaren.
2. Logg inn.
3. Om du ikkje er medlem i Origo frå før, kan du registrere deg. Bruk ditt eige namn og mobilnummer, og ikkje namnet på organisasjonen du ev. representerer.
4. Når du har logga inn, klikkar du på «Opprett arrangement».
5. Skriv inn starttidspunktet (dato og klokkeslett) for arrangementet og fyll ut tittel og ei skildring av arrangementet.
6. Skriv inn stad. Det er frå før lagt inn ei rekkje arrangementstader i databasen, men om du ikkje får til å søkje fram den aktuelle staden, kan du sjølv opprette den (det som då er viktig er å plassere arrangementsstaden så nøyaktig som det let seg gjere på Google-kartet).
7. Du må også gjerne leggje til dine eigne illustrasjonsbilete ved å klikke på fana «Bilete» ved sida av fana «Tid og skildring».
8. Pass på at bidraget ditt er synleg for «Alle». Avslutt med å trykke på «Opprett arrangement» eller be om «Førehandsvis».
9. No skal det du har skrive inn, vere synleg i fylkeskalenderen på Fjordaglimt, og vert etter kvart synleg på firda.no. Når tilskipingsdatoen nærmar seg blir bidraget ditt lista opp i avisa Firda.

NB! Det er redaksjonen som avgjer om bidraget ditt vert trykt i avisa,
kor tid det kjem på trykk og kor mange opplysningar som vert teke med.
For å sikre deg at informasjon når ut til bestemte tidspunkt, må du ta kontakt
med annonseavdelinga i Firda, epost annonse@firda.no

Treng du hjelp for å få dette til – ta gjerne kontakt på tlf. 57 83 33 00.

Klikk her for å registrere arrangementet

Vist 1627 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Spørsmål:
Eg legg inn arrangement på sona Fjaler med ropert til Fjordaglimt.
Vert dette oppfatta slik at det kjem på trykk?
Eller må eg opprette arrangementet direkte på sona FIRDA for å få det i avisa?

Exclamation_desat_24

Asbjørn, som forhåpentligvis ikke lurer lenger – men kanskje andre gjør det: Alle arrangement som legges inn et eller annet sted i Origo, f.eks. i en sone som Fjaler, som utstyres med ropert og har arrangementssted som er kartplassert innen Firdas dekningsområde, kommer til kalenderen på Fjordaglimt.no. Den brukes som grunnlag for kalenderen i Firda på trykk.

Annonse

Nye bilder