| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 7. desember 2009). Les mer om roperten… Bio- drivstoff eller varme?Biodieselsaka er blitt sjølve symobolet på ein farlig trend. Parti i alle fargar og storleikar kasta seg over regjeringa, som for ein gangs skuld hadde gjort noko positivt. Å avgiftslegge biodiesel er både rett og rimeleg. Diverre vart presset så stort at ein no framskundar aukinga av prosenten biodiesel som er påkravd innblanda. Det er ei potensiell miljømessig og etisk katastrofe. Dagens miljøpopulisme fører til populære vedtak, som gjerne er kontraproduktive. Det som kunne monna, er diverre ikkje like populært. Det skuffar at alle parti er så rungande einige i at vi skal bruke mat til å drive bilane våre. Til og med Høybråten, som gjekk høgt på bana i fjor, og meinte at mat skulle etast – ikkje brennast, tykkjer no det er ei skandale at regjeringa har “brote” klimaforliket ved å avgiftslegge biodiesel. Det er mange problem ved det å bruke matplantar til å drive bilar, og det er høgst diskutabelt om det i det heile er mogeleg å gjere berekraftig. Om alle land skulle gjort som Norge, og krevje 5% innblanda biodiesel, vil det krevje enorme landareal å dyrke nok plantar. Det vert etter mitt syn heilt feil bruk av ressursar. Nyryddinga og den intensive dyrkinga det vil krevje, kan faktisk føre til negativ CO2-balanse, i forhold til bruk av konvensjonelt drivstoff. Og det er i allefall ikkje noko godt alternativ til elektrifisering av bilparken. Bruken av landareal som kunne dyrka mat for menneske, er med og driv opp prisen på mat, aukar presset på urydda land, og er i bestefall omlag like “miljøvennleg” som å køyre på fossilt drivstoff. Det seiast frå politikartunger at ein skal ha strenge reglar for kvar biomasse til biodiesel skal kunne kome frå, men det er ikkje godt nok. Det endrar ikkje det faktum at det vil bli eit nytt press på nydyrking av land, og der ein ikkje får dyrke oljeplantar, ja der får ein heller dyrke andre ting. Og skulle ein lukkast i å verne sårbare tropeskogar, er det andre områder som vert dyrka, eller matjord som vert margenalisert. Det er freistande å sei at biodiesel er uttrykk for vårt behov for å rettferdiggjere “business as usual”, men viser gatekjøkkeneksos viser at vi bryr oss? Nei, det tykkjer eg det vert pinleg dekadent å påstå. Det einaste argumentet mot avgift, som er i nærleiken av godt, er at dei jobbar med å utvikle ein ny generasjon biodrivstoff som kan nyttegjere seg av skogen som gror ned kysten vår. Grunnen til at dette likevel ikkje er eit godt argument, er at det er vekkasta tid og pengar. Vi har allereie i dag ein måte å nyttegjere oss av biologisk restmatereiale som boss og uønska skog; nemleg varmeproduksjon. Å bruke ekstra energi på å gjere om ein slik ressurs til veskeform, for å drive motorar som har låg effektivitet, vert heilt bakvendt. Men ikkje minst viser det at vi har eit heilt utruleg einsidig fokus på bilen. Ja, bilen er ein viktig utsleppsfaktor òg i Norge, men vi skal hugse på at vi har eit stort energi-forbruk til oppvarming i dette kalde landet. Prioriteringa bør vere ganske enkel, bruk ressursane der dei har størst utnyttingspotensiale! Bioenergi bør varme heimane våre – el bør drive framkomstmidla våre, i allefall kvardagsbilen – og mat bør drive menneske. Å komme dragande med retorikk som at ein må ha stabile rammevilkår for industrien, vert for enkelt. Klart ein skal ha stabile rammevilkår, men ein kan ikkje oppretthalde så grove feil av den grunn. Om det er bedrifter regjeringa burde bistå, er det mellom anna Bionordic i Jostedalen, som slit med å selge dei reintbrennande pelletsomnane sine. Debatten rundt biodiesel viser ein gledeleg og ein ikkje fullt så gledeleg ting. Det er bra at folk er opptekne av å kunne forflytte seg miljøvennleg. Men det er ikkje bra om løysinga vert den første og mest lettvinte ein kan finne. Biodiesel kan ikkje få bli ei sovepute. Transportmessig er det viktigaste vi kan gjere å redusere den private biltrafikken i sentrale strøk! Det andre er å fornye bilparken i retning el-bilar, og dessutan skaffe nok fornybar el-kraft til å drive dei. Ein måte å frigjere energi, er å varme hus med biomasse. Frode Grimelid
Vist 165 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Samd med ged i at matproduserande areal ikkje må brukast til drivstoffproduksjon. Det er jo enkelt å sei at vi skal kjøpe dyre pelletsomnar og fyre med dyr pellets. Eg har sentralfyr og har fyrt med ved mesteparten av mitt manndoms liv. No har eg installert varmepumpe og bruker berre straum.
Vi har vel ein temmeleg stor tilvekst i skogane våre som ikkje er nytta no når papirforbruket går ned. Dersom det er økonomisk muleg å produsere drivstoff av dette, så må vel det vere bra, istadenfor at det rotnar på rot. CO2 utsleppet vert omlag det same og vi sparer CO2 frå fosile kilder.
Småbilar kan nok etter kvart gå på El-kraft, men tunge køyrety må vel framleis ha flytande drivstoff, hydrogen blir vel for dyrt å frmstille på ein miljømessig forsvarleg måte.