| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 9. januar 2010). Les mer om roperten… Luftig om kraftleidningar og klimaAuke Lont i Statnett er særdeles luftig i sin argumentasjon for at “kraftleidningar er en del av klimaløsningen” (Firda – 02.01.10). Lont si overskrift er spanande, men innlegget føl ikkje opp. Eg etterlyser anna enn kostnadsargument for at ein må bygge luftspenn, samt ein diskusjon om kraftleidningar i det heile teke er naudsynt. Ikkje minst etterlyser eg Auke Lont sin argumentasjon for at kraftleidningane vil bidra til reduksjon i klimagassutslepp. Lont skriv at “valget står med andre ord mellom kabel og klima, ikke mellom kabel og luftspenn”, i eit generelt debattinnlegg om trongen for nye kraftlinjer, og nemner verken fylket eller 420-KV spesielt – men det er tydeleg at det er motsanden mot denne, som er mellom linjene. For meg er det vanskeleg å forstå korleis ei linje, der hovudargumentet er å kunne frakte elkraft nordover til Midt-Norge, har noko som helst med klimagevinstar i Europa, eller andre stadar, å gjere. Snarare tvert imot. Midt-Norge har hamna i ei kraftkrise på grunn av dårleg planlegging, der ein har lagt kraftkrevjande industri i eit område som vil krevje tilførsel av meir kraft enn det den kan produsere. I dag er det under bygging linjer frå mellom anna Sverige, samt at regionen har potensiale for lokalprodusert fornybar energi. Samla sett bør dette kunne dekke kraftunderskotet, men veksten i forbruket av elkraft må sjølvsagt stogge. På TV2 var det 6. januar eit innslag om rekordhøgt straumforbruk. Med smil frå øyre til øyre kunne reportaren fortelle at så mykje straum som i dag har vi aldri brukt før. Representanten frå Statnett kunne stolt sei at dette bærer nettet glatt. Det seier tre ting, det første er at reporteren gjekk glipp av ein sjanse til å gjere god kritisk journalistikk, det andre er at linjenettet fint klarer å ta unna rekordforbruk, og meir kapasitet er det. Det tredje og mest alvorlege er at vi har ein varme-infrastruktur som krevjer store mengdar el-kraft når det blir så kaldt som det har vore den siste tida. Her er det store ressursar å spare på andre varmekjelder, samt meir energieffektive hus. I staden for å legge til rette for auka forbruk, bør ein gjere alt ein kan for at denne rekorden vert ståande, då bør og trongen for nye kraftlinjer bli vesentleg mindre. Det bør vere viktigare at nettleige-pengane går til det dei er meint til, å ruste opp eksisterande nett for å redusere engergitap under transport. No er eg ikkje så dum at ikkje forstår at 420KV er mein å skulle frakte ut overskott, og legge til rette for ny og fornybar el-produksjon. Men om vi skal koble dette til klima, som Lont vil, er forbruket meir enn stort nok i Norge per i dag. Overskottsenergi bør med andre ord ikkje sendast til Midt-Norge slik at dei kan halde fram med å auke forbruket sitt. Fokuset bør vere korleis ein kan klare å frakte denne sørover til kontinentet utan for mykje tap på vegen, for å erstatte kol, olje og gass. Når Midt-Norge har komme så langt at dei kan sende ut eige overskott, kan det vere aktuelt med ein kabel, som innan då bør vere teknisk mogeleg. Før det ser eg ikkje trongen for 420KV mellom Ørskog og Fardal. Når det gjeld energioverskotet i fylket vårt, og potensialte for meir fornybar energi er det klart det er frustrerande å ikkje ha eit nett å sende denne ut på. Ein bør difor tenke ordentleg over korleis ein skal få transportert denne til områder den kan erstatte fossilt brensel. Sjøkabling er eit alternativ, og det skjer mykje spanande til havs i dag, både i høve vindmøller til havs, samt planar om ei elektrifisering av platformar på norsk sokkel. I samband med dette bør det vere mogeleg å få til løysingar til det beste for både forbrukarar, produsentar, klima og lokalbefolkning. Eg trur denne løysinga er sjøkabel, sjølv om den vil vere dyrare enn linjer på land. Eg håpar Auke Lont og Statnett er vennlege nok til å svare og legge fram reelle argument for at 420KV til Midt-Norge vil vere ein del av klimaløysinga. Det ville vore mykje meir realt enn å spele på folk sitt dårlege samvit i høve klima, med slikt generelt vås som var på trykk 2. januar. Eg vil og vere takknemleg om Statnett kunne poste sitt forsvar på origo.no, då eg for tida ikkje har tilgang til papiravisa. Frode Grimelid
Vist 207 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Samd i mykje av det du skriv, Frode.
Det er vanvitig at ein skal byggje fleire svære kraftliner for eksport. Dette har for det første Noreg ikkje behov for, samstundes som det vil gå ut over både menneske og miljø med tanke på naturinngrep og strålingsfare frå høgspendtlinene.
Noreg har frå før overføringsliner både til Sverige og sjøkabel til Danmark og såleis ein del av den skandinaviske marknaden. Der overskotsstraum blir sendt sørover og der Noreg også lånar straum frå utlandet. Noreg eksportere meir straum enn det importerar sjølv.
Det er svært naivt på tru at Noreg åleine skal redde Europa sit enorme energibehov. Det har ikkje Noreg kapasitet til, og det bør heller ikkje vere ein ynskjeleg norsk politikk i å berre vere ein råvareprodusent for utlandet.
Europa må sjølv utvikle fornybar energi løysingar i staden for “forsile”, samstundes som dei må redusere forbruket. Det må sjølvsagt også Noreg gjere. Dagens forbruksnivå er ikkje berekraftig. Som vi veit er ein del fornybare løysingar allereie i gang og dei prosjekta må utvikle seg vidare.