Progressivt mangfaldVi kan få ei berekraftig folketalsutvikling i Sogn og Fjordane ved å gjere to erkjenningar. Kvifor det? Mangfald skaper mangfald, og mangfald trekker til seg folk, det gjev fridom. Mangfald er ein motor for ny utvikling, innovasjon. Mangfald gjev valmogelegheiter i jobb og privatliv. Mangfald er forklaringa til folketalsutviklinga i byar og område med folketalsauke. Ok, fjordfylket kan aldri bli Istanbul, Berlin eller New York. Men mangfald er ikkje synonymt med metropol. Mangfald tyder rikdom, noko som er samansett av mange ulike delar, stor variasjon av til dømes idear eller i naturen. Er det noko som kjenneteiknar vår vesle krå av Europa, så er det akkurat det. Variasjon. Det går fint an hevde mykje sant om våre mørkare sider – namngjeve som bygdedyr, bunadselite, jantelov og liknande – som ofte representerer det stikk motsette av mangfald. Skal vi gjere noko som utviklar fylket vårt, må vi snakke om det vi har som er bra, og som vi vil utvikle og ha meir av. Nærar vi mangfaldet, vil det fort få eit godt momentum, kraft, og dra frå eventuelle fogderistridar, misunning og sutrekultur. Det er udiskutabelt at Sogn og Fjordane er mangfaldig. Eit lettkjøpt bevis er å ta qizen på nettsida til framtidsfylket. Om det ikkje er tjukt av ledige jobbar medan finanskrisa ebbar ut, er det likevel tjukt av kompetansearbeidsplassar. Og dei er godt spreidd over heile fylket – ikkje berre i byane og dei største tettstadene. Nei, det er ikkje like mange som i Oslo, men eg meiner utvalet har like stor breidde som i hovudstaden. Døme er ein stadig meir innovativ energisektor – både langs kysten og rundt i bygdene. Vi har havbruksnæringa, som med sine verdiar nærast kryssar inn i finans. Vi har stor industri – som rett nok taper terreng for lavkostland – men også industridesign, som i Hyen. Vi designar hotte klede som blir eksportert til mange land. Vi har eit landbruk som er i ferd med å finne att røtene sine gjennom å produsere og utvikle lokale kvalitetar som matbevisste over heile landet etterspør. Vi har kunnskapsinnovatørar på områdeutvikling og ei rekke andre område i til dømes Aurland. Vi har ei ekstremt endringspotent småskala opplevelsesbasert reiselivsnæring. Og slik kan ein fortsette. Mangfaldet i buplassar er også stort. Frå små strandsitjarmiljø i Solvorn, til sentrale leiligheitskompleks i Førde, til småbruk med utsikt i Jølster, til fiskarbygder på øyer i havgapet, til byvilla mot solnedgangen i Florø. Med ei trass alt rivande utvikling innan samferdsle dei siste 20 åra, vil ein kunne bu dei fleste stader, og ha tilgong på eit ganske stort mangfald av jobbar. Greitt – det er like kjipt å pendle ein time for dagen her som i Halden, men mogelegheitene er enorme, og alle gode krefter jobbar for betre vegar og rutenett. Vi har også mykje å leve for på fritida. Organisasjonslivet her i fylket er ekstremt mangfaldig. Eg trur nesten det er umogeleg å ikkje finne noko å delta i, der du møter personar med felles interesser. Anten det no er brassband, Røde Kors, idrettslag, Naturvernforbundet, Slow Food, Oikos, mållag, Juvente, Nei til Eu, Ja til EU, politiske parti, interesseorganisasjonar, heimflyttingsgrupper, kennelklubbar eller jaktlag, eller noko heilt, heilt anna, så kan ingen argumentere mot at det er eit mangfald. Ein kan fint halde på heile døgnet med å drive frivillig aktivitet for seg sjølv eller andre. I forhold til folketalet, har vi også eit mangfaldig kulturtilbod med høg kvalitet. Åmot gard er eit døme på superbt kulturelt entreprenørskap. Ein tek det ein har – eit gamalt gardsbruk. Kartlegg kvalitetane i gardsbruket, kombinerer det med eigne interesser og kompetanse og køyrer laus mot ein svolten marknad. Malakoff Rockfestival er eit anna døme på det same: høg kvalitet som resultat av god drive og intelligens. I tillegg har vi våre titals andre rockfestivalar, musikkfestivalen i førde, historiske spel, Sogn og Fjordane teater med nyvinnande oppsetningar, krimfestival, kinoar, barar og min lokale favoritt: Håjen kafe. Igjen, vi er ikkje i London, men alt dette utgjer ein rikdom, og mykje av det har eigenart. Tilbake til erkjenning 1. Det er dette og alt det andre positive som ikkje er nemt, vi som bur her skal vere stolte over. Vi skal omfavne det, og vi skal fortelje om det til våre vener. Og vi skal ikkje vere redd for å skape noko nytt sjølv. Samtidig må styresmaktene legge til rette for auka mangfald, og spesielt for det som er nyvinnande og progressivt. Det treng ikkje bety nok innan ikt, ein kan også bruke folkekultur – som ein gamal låve i Bygstad – til noko nyvinnande og progressivt. Det handlar om nettverk, kompetansemiljø, og risikovillig kapital – frå både det offentlege og private. Til erkjenning 2. Framtidsfylket gjer mykje godt med å synleggjere Sogn og Fjordane på til dømes messer i universitetsbyane. Likevel står det att ein stor jobb på erkjenning 2. Desiree Øvretveit hadde nokre gode innspel i fredagens Firda om meir interaktive og breie nettløysingar eg ville lytta til. Alle andre som marknadsfører vårt område må også byrje å marknadsføre mangfaldet, med vekt på det framtidsretta. Kvar og korleis? Jobbmarknaden er nemt. Utdanningsinstitusjonane våre og andre kompetansemiljø treng også å bli meir synlege både utover og innover. Det andre er alle stader der folk utanfrå har høve til å møte Sogn og Fjordane. Det må skine mangfald og utvikling frå kvar ei offentleg nettside. Kvar stad på fylkesgrensa langs vegar, i havner og på flyplassar må det synleggjerast. Kvar gong fylket er representert på ein nasjonal eller internasjonal arena, må vi ha eit symbol for inkluderande mangfald å syne til, vi må vise at vårt område er ein stad for alle, med kvalitetar det moderne menneske treng for å leve eit godt liv. Dersom det ikkje allereie sit ein stab av kreative og kunnskapsrike menneske med rett kompetanse og jobbar med dette akkurat no, er det på tide at det skjer. Henning A. Hellebust
Vist 417 gonger. Følgt av 9 personar. | ||
Kommentarar
Fant ein link på Twitter som eg legg her Meiner altså at ein må opprette stillingar for rett kompetanse. Kanskje kommunane òg bør leite i sin eigen “bakgård” på jakt etter kompetanse…?
Svært konstruktivt og godt innlegg! Veldig bra.
til Anne Marie Fimreite: det kan vere ein ide å opprette statlege kompetansearbeidsplassar som liv signe naversete legg opp til, men: det kjem stadig bekymringsmeldingar over ei aukande skeivfordeling mellom statlege og private arbeidsplassar i distriktet. verkeleg verdiskaping og mangfald meiner eg skapast best utanfor det offentlege. ok – det offentlege kan vere lokomotiv, stimulere til eit kompetansemiljø, og kanskje kan det avføde private initiativ. likevel så meiner eg at skal det stimulerast, så må det skje innan nyskapande aktivitet i privat regi. det offentlege si rolle må i første rekke vere å stimulere og legge til rette for det private initiativ ved hjelp av aktiv næringspolitikk i form av td ymse støtteordningar.
dessutan ligg det nok mykje kompetanse og vakar i bakgårdane, slik du hintar om…
Hellebust: Eg kan nok ikkje alt om det du skriv om, men det høyres fornuftig ut. Sjølv jobbar eg i kommunen (sjukeheim) og skriv derfor ut frå mitt synspunkt. Eg set ikkje pris på konkurranseutsatte helsetjenester, slik eg observerar at trendane er blitt (Du snakkar om private initiativ). Kanskje du ikkje meinte det slik?
debatten om privat og offentleg skal eg la ligge, men eg er av den oppfatning at dei tyngste velferdsoppgåvene bør drivast av folket sjølv/under demokratisk kontroll, altså det offentlege. med det private initiativ, meiner eg generelt i næringslivet. men – det private initiativ må likevel få rom – også innan omsorg. det er mange som til dømes driv gardsbruk som til dømes satsar på grøn omsorg – noko eg meiner bidreg til sysselsetting, dekkar udekte behov og skaper mangfald og utvikling.
Ja, er veldig for! Skjønar no eksakt kor du vil. Oppretting av frivillighetssentral, demensteam, palliativt team, pårørende-grupper er andre tiltak. Alt dette er jo beskrevet i St.meld. 25.
Det du Hellebust her forfekter er stort sett fasiten. Skal Sogn og Fjordane ha nokon som helst moglegheit til å verte attraktiv, må vi endre rammevilkåra for fylket og vi må og få større råderett over våre ressursser enn det vi har i dag. Den store industrien i Sogn og fjordane slit IKKJE fordi vi konkurrerer med lavkostland men fordi den norske stat blant anna er bedre tjent med sal av heimfallserverva kraft på det åpne markedet, enn at den vert brukt til verdiskaping og arbeidsplasser her. Dei andre områda du her nemner er stortsett unntaka som bekrefter regelen.
Vi har ikkje vore på høgde med situasjonen når vi i så stor utstrekning som no opplever fråflytting og “stress” i høve våre eigen situasjon (skulenedleggingar, sjukehusstrukturer, manglande vegløyvingar, monsterliner osv), dette “stresset” medfører og at det er vanskeleg å drive fram alle dei fantastisk flotte tiltaka som du og viser til. SÅ mitt råd er at det samstundes med at vi ber nokre smartingar om å jobbe med omdømme….. så ryddar vi i “stresset” og får på plass rammevilkår så me “slepp at hestane bites”.
Elles så stiller eg ALLTID spørsmålsteikn når bestemor og barnevern er ute på annbud, det liker ikkje EG. Å drive private bedrifter som 100 % er finansiert av skattepenger er eg ikkje positiv til i utgangspunktet.