Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 13. februar 2010). Les mer om roperten…

Glava til folket!

Eg har nett flytta inn i ny leilighet på Nygårdshøyden i Bergen. Her er trivelege folk, sentral plassering, godt med plass; men forferdeleg kaldt/dyrt. Ein må velge mellom økonomisk ruin, eller frost i kroppen som ikkje vil tø før langt ut i juli. Den fine kalde vinteren vi har vore så heldige å få i år, viser ekstra godt trongen for å oppgradere ein del bygningar, kva isolasjon angår. Inntrykket mitt er at det er så ille mange stadar, at radikale grep bør takast for å gje glava til folket.

Eit aspekt ved den dårlege isoleringa i store delar av bygningsmassen er sjølvsagt leigetakarane si helse og økonomi. Eit anna aspekt er energibruken. I den nye plan- og bygningslova finnast det reglar som skal sikre god isolering og energiutnytting i nye hus. Diverre har ein ikkje lov til å lage reglar med tilbakeverkande kraft, men ein kunne kanskje ha forventa at reglane for rehabilitering av gamle hus var strengare i høve isolering.

Sjølv om ein ikkje med ny plan- og bygningslov kan pålegge hus- og bygårdseigarar å etterisolere energisluka sine, burde det definitivt settast i gang tiltak som oppmuntrar. Eg vil ha både gulrot og pisk: Gulrot bør vere enkelt, med gunstige støtteordningar for etterisolering. Pisken, som “slo” meg i dag, kan gå hand i hand med prosjektet som no driv å identifiserar hus sine varmetap med infraraude foto. Forslaget er rett og slett at utleigar, i hus med varmetap over ei fastsett grense, må dekke til dømes halve straumrekninga til leigetakar. Slik vil ein overføre kostnaden ved dårleg isolerte hus til den som står ansvarleg for energitapet, og har høve til å gjere noko med saka.

Grunnen til at eg brukar utleigeforhold som døme er at det høge straumforbruket i dag ikkje får konsekvensar for utleigar. Gulrota/støtteordningane bør sjølvsagt og gjelde for sjølveigde hus, men her har huseigar allereie god nok pisk, nemleg å betale sine eigne straumrekningar.

Frode Grimelid
Medlem i Dei Grøne

Vist 260 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder