| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 15. februar 2010). Les mer om roperten… Store Stang!Den politisk subjektivt objektive redaktørpolitkaren Jan Atle Stang likar alt som er stort. Han vil ha vesle Norge inn i store EU, han vil at mange små kommunar skal bli til ein stor kommune og at Sogn og Fjordane bør satse på færre, men større fylkessenter. Med andre ord; Stang er ein av nyliberalisten Jens Stoltenbergs fremste forkjemparar for at Norge skal underkaste seg det føderale og elitistiske EU-komplekset. Stoltenberg får også drahjelp, av ein nesten overivrig Stang, i kampen for å svekke økonomien i, og på den måten avfolke, småkommunane. Kanskje Stang burde prøve å forklare folk, i til dømes Solund, korleis sentralisering av tenester skal gje betre tenesteyting lokalt. Stang bør også forklare kva det er med norsk EU-medlemskap som vil betre kvardagen for folk flest.
Vist 299 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Ja, H. Rutledal eg er samd i at Stang og Stoltenberg sitt syn på eit demokratisk styrt samfunn er forkvakla og utafor det vanlege folk er tente med.
Noreg med i EU ville bety at Stortinget måtte reduserast til ei deltidsforsamling med ein kort sesjon om hausten for å vedta budsjett og strø sand på nokre EU-direktiv og ein kort sesjon om våren for å justere budsjettet og strø sand på nokre fleire EU-direktiv.
Det ville bli slutt på å drive politikk i Noreg og vi kunne redusere regjerings- og departementsapparata med kanskje tusenvis av tilsette. Innsparingane kunne kanskje kome distrikta tilgode.
MEN NÅR DET GJELD AP-ÅRSMØTET i Florø meiner eg at redaktør Stang tilliks med alle andre medlem må kunne sei og foreslå det som er sømeleg utan å vere bunden av kva jobb han har. Kan hans forslag på nestleiar ha noko kopling til avisa FIRDA??