Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 6. mars 2010). Les mer om roperten…

Utilgjeveleg dumskap!

Arbeiderpartiet er sjukt, forgifta av marknadsliberalistane-og millionærane Jens Stoltenberg og Trond Giske, mangemillionæren Jonas Gahr Støre og alle milliardær-og direktørvennane deira i NHO. På rekordtid har Stoltenberg-administrasjonen åpna for full overnasjonal EU-dominans, dødsstøyten mot sosialt og juridisk vern mot eit rått og omsynslaust næringsliv, påverka av grådige og kyniske aksjeeigarar, var ratifisering av tenestedirektivet.
Avisa Firda og Stoltenberg-medløparen Jan Atle Stang spør utflytta ungdommar i Firda, 06.03. “Kjære 100 utflytte, kjem de heim?” Kva skal dei komme heim til anna enn kommunar med rasert økonomi og avikla gardsbruk, lensmannskontor, lokalsjukehus, butikkar, skular, postkontor, bankfilialar osv. Gjennom stadige reformar har AP teke knekken på distrikts-Norge og Sogn og Fjordane i sær.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Wow. Er det slik det heng saman.. gud eg har blitt så jævlig lurt.

Exclamation_desat_24

Nei, eg trur ikkje på deg, karriæreklatrarar tek ikkje smålige hensyn dei er med på kva som helst, også politisk svik.

Exclamation_desat_24

Dette var litt av ei salve du fyrer av Henning. Kva ordbruk vil du nytte om det skulle bli litt verre?

Exclamation_desat_24

Ja det var vertfall ein kommentar som ikkje akkurat innbyr til vidare diskusjon. Heller bombastisk “dumskap” frå Rutledal.

Exclamation_desat_24

Åpne augene og sjå kva som er Stoltenbergklanens realpolitikk, heller enn å være opptekne med å være eit slags moralpoliti der berre formelle og servile debattanter, utan meiningar, får ytre seg!

Exclamation_desat_24

Ja, eg trur du har rett, Henning Rutledal. Men dei stakkars AP-folka som har latt seg lure, får no opp augene etter kvart, truleg også i Årdal og Høyanger.

Exclamation_desat_24

Jiisses…^^

Exclamation_desat_24

Og om dette ikke er nokk Henning så er det siste stikket å få bygd denne “gigant-linja” for å få siste rest av verdier ut av Sogn og Fjordane.

Exclamation_desat_24

Eg forstår heller ikkje kvifor det er so viktig for AP å fjerne grunnlaget for den kraftkrevjande industrien i fylket. Vi kan anten bruke krafta til å skape aktivitet og arbeidsplassar i fylket, eller vi kan byggje den største kraftlinja i landet og kanskje leve av turistar som kjem for å sjå dei enorme spenna over fjordar og fjell. Begge delar er ikkje mogleg. Som ekstra salt i såret må vi vere med å betale for linja!

La oss heller sleppe å betale nettleige for sentralnettet når vi berre brukar lokalt produsert kraft. Det vi gi eit kraftig incentiv til å investere i lokal produksjon, og til å pumpe vatn opp i lokale magasin når den lokale produksjonen er større enn forbruket. Spesielt i Midt-Noreg. Då får vi i pose og sekk.

Dei einaste som kjem dårlegare ut med mitt framlegg er område som nesten berre brukar importert kraft. For dei vil nettleia auke. Det er dei same som har lågast nettleige i dag, til dømes Oslo og størstedelen av Akershus. Dei nyt godt av mange abonnentar på lite område, og få spesielle tilpassingar i nettet på grunn av lokal kraftproduksjon.

Annonse

Nye bilder