Når ein som Nordfjording eller Sogning studere strategidokumentet som Helse Førde har lagt fram, er det lett å tenkje at her gjer Jon og Clara ein jobb for Førde på kostnad av resten av fylket.
Tenkjer ein seg om ein gong til, vil ein sjå at dei har gjort ein dårleg jobb for heile helseforetaket. Det er utruleg merkeleg at dei som styrer over eitt av landest minste sentralsjukehus, kan sjå so lyst på at store deler av pasientgrunnlaget deira kan kome til å leke ut både sørover og nordover.
Dette vil sjølvsagt gå utover spesialisttenestene i Førde, og dei som sit over Helse Førde i hierarkiet vil sjølvsagt etterkvart berre sjå på tenestene i Førde som rusk i maskineriet for td Haukeland, og etterkvart ta dei bort.
Og då sit vi att med lokalsjukehuset i Førde som det einaste i fylket.
Hadde Jon og Clara ville gjort ein god jobb for helseforetaket, burde dei sjølvsagt teke fatt i vellukka deler av foretaket, som ortopedien på Nordfjordeid, utvikla dei vidare og gjort at pasientgrunnlaget kunne auke i staden for å minke.
Det er nemleg slik at vegar og tunellar mellom Sogn og Fjordane og nabofylka faktisk er køyrbare i begge retningar!