Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 7. september 2010). Les mer om roperten…

KALAS HOS KRAFTKÅTE FYLKESPOLITIKARAR

Den 19. august presenterte BT fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt forslag til område som kunne åpnast for vindmølleutbygging. Svært lite av kysten i fylket er spart, store område som blei føreslått skjerma av fagfolka som utarbeidde den førre planen er no føreslått ofra. Vi ser for oss lokalsamfunn som blir overkøyrd av politikarar med sterke band til kraftnæringa gjennom t.d. styreverv. Redaktøren i Firda, Jan Atle Stang, er våken og kommenterer saken på leiarplass. Reaksjonane lar ikkje vente på seg. Dei kjem ikkje uventa frå dei som må forsvare næringa og eigen karriere i kraftbransjen, Olav Osvoll, leiar i Sula Kraft og Alfred Bjørlo, leiar i Vindkraftforum.

Både Bjørlo og Osvoll slår fast at folk flest er positive til vindkraft i eige nærområde. Ja, med statistikk kan ein innbille folk mykje rart. Da synes altså folk flest det er bra å få eit anlegg på 30 – 40 vindmøller (sist på Lista) med ei totalhøgde på 125 meter (eller kanskje det doble av det?) utafor stoveglaset, i turområdet eller jaktområdet sitt. Vi kan jo begynne med Nordmarka eller dei bergenske sju fjell og spørje kva oslofolk og bergensarar synes om vindmølleparkar der. Sanninga er vel heller at vindmølleutbygging går tregt i Norge pga mykje lokal motstand.

Motstanden rettar seg nok først og fremst mot den visuelle forureininga, øydelegginga av rekreasjonsområde og dyreliv, dei irreversible inngrepa. Men det er og skepsis fordi det gir få nye arbeidsplassar til dei berørte lokalsamfunna. Det er slutt på den tida då kraftkommunar hadde eit robust næringsliv med stor sysselsetting. Mange av dei har opplevd betydeleg befolkningsnedgang, mange arbeidplassar relatert til kraft er langt unna der krafta blir produsert. For vindkraftkommunar er vilkåra enda verre, for dei får ikkje eingong konsesjonskraftmidlar, slik som vasskraftkommunar har fått.

Bjørlo og Osvoll brukar sjølvsagt og den velkjende klimaretorikken der vindmøller blir svaret på energiutfordringa. Men det er ikkje ei vindmølle i Norge som er bedriftsøkonomisk lønsam. Investeringar i vindmøller blir subsidiert med 30-50% av staten. Det er altså til sjuande og sist vi skattebetalarar som betaler det kalaset. Hadde vi brukt dei pengane på klimakvoter hadde effekten i form av redusert CO2 utslepp vore mange ganger so stor. Og med satsing på jordvarme og opprusting av eksisterande vasskraftverk kan vi lett nå EU sitt krav om andel fornybar energi innan 2020 .

(Sjå artikkel av prof. Einar Sletten i BT 28.05.10, ”Ei tragisk feilsatsing”)

Kommunane i Hardanger sende eit viktig signal til omverda i saka om monstermastene, ei verdsetjing at landskapet og naturen i området. Dette er faktisk god omdømmebygging. Har dei ikkje hatt mange turistar i Granvin, får dei det vel no. Ordføraren i Askvoll er derimot i eit intervju med BT uforbeholdent positiv til vindmølleparkar i sin kommune. Det er dårleg reklame for naturverdiane i kommunen. Slike kommunar seier seg villig til å vere bakgården der byane kan setje strømaggregatet. Tragisk, for kystlandskapet som står i fare for å bli skjemma av vindmøller, med fjordar, øyar, holmar og skjer, er unikt i verdssamanheng og står ikkje tilbake for noko anna norsk natur kan oppvise.

Det er rett nok mange bygdesamfunn som treng sårt vekst i næringar og arbeidsplassar, men vindmøller gir for lite tilbake til desse stadene når prisen er at vi må øydelegge noko av det vakraste vi har av natur, der fjordar og fjell møter hav. Ein smule grotesk med tanke på at vi er eit av verdas rikaste land og og dobbelt so rike no som på 1970 talet, målt etter kjøpekraft. Bjørlo meiner at redaktøren i Firda må ha tatt for mykje Møllers tran, men på kartet som blei presentert i BT ser det meir ut som det er fylkespolitikarane som har tatt sterkare saker enn tran og tømt resten av flaskeinnhaldet utover heile kystlandskapet i Sogn og Fjordane.

Ketil Løken

Odda og Stongfjorden

Vist 234 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Du har sjølvsagt rett i alt du skriv, og håpet må være at medvitslause politikarar får motstand i folkeviljen.

Exclamation_desat_24

Klimaretorikken er høgst relevant. I Europa produserer dei energi ved mellom anna å brenne kol og olje. Eller ved hjelp av atomkraft. Tyskland har tidlegare vedteke å fase ut atomkraftverka sine. No vil Merkel bruke atomkraft lengre. Fordi dei treng energien. Det er svært lite gunstig å produsere energi frå atomkraft slik eg ser det. I alle fall dersom vi samanliknar med grøn fornybar vindkraft. Dersom vi set ulempene ved desse to måtane å produsere energi på opp mot kvarandre, er eg i liten tvil om kva eg ville gå for. Som Løken skriv, handlar mostanden mot vindturbinar mest om uro for visuell forureining. Stråling frå radioaktivt avfall er langt meir alvorleg.

Kol og olje er begge ikkje fornybare energiressursar, som dessutan gir oss farleg global oppvarming. Energiprodduksjonen i Europa er ikkje berekraftig. Samstundes har Sogn og Fjordane ein stor ressurs i form av evigvarande energi frå vind.

Det å samanlikne energiproduksjon frå vindturbinar med energiproduksjon frå olje, kol og atomkraft er høgst relevant, slik eg ser det.

Exclamation_desat_24

Som tidlegare nemnt kan Frantzen finne mykje interessant vindkraft stoff på denne Origo-sona
og han kan gjerne begynne med denne artikkelen.

Annonse

Nye bilder