Eg ordla med noko vagt i det førre innlegget eg sende inn, kunne sløyfa biten med det nye namnet og flagget. Det er dei gamle symbola vi bør ha fokus og otte for, at dei vet tekne vare på. Folk er svært opptekne av kva den siste samanslåinga vil bety for dei velkjende landemerka, og vil fylgja godt med på kva leiinga gjer..
På mange fartøy er FSF flagget ein naturleg del av dekoren om bord, særleg båtar som er bygd før dei vart ein del av storkonsernet. Men Flagget er og å sjå på td. luemerke og slipsnåler, og det skulle vera god plass til dette vidare.
Det seiest at dei vil ha ein felles profil utad, men dei må ikkje hella ungen ut med badevatnet.! Ein må ta med historie og tradisjon inn i framtida, som ein viktig del av idenitteten. Mannskapa er stolte av selskapet og historia, måtte den bli halden i hevd. Mange av desse har lang fartstid i Fylkesbåtane, og/ eller eldre slektningar som har vore eller er tilsett her. Det er ikkje berre selskapet som har ein lang tradisjon å visa til, det har og ein god del tilsette..
Andre selskap med lang tradisjon nyttar historia som ein del av marknadsføringa, her er Lerum eit godt døme. Då nyttar dei noko brukarane er knytt til og kjenner, det verkar og positivt ovanfor desse.
Fjord1 var med i eit Tv2- program i fjor vår, då vart det nemnd historie attende til 1858. Det er vel Fylkesbåtane som har dette, meinar eg.? Konsernsjefen sa desutan at “vi har noen røtter vi skal ta vare på..”, vonar leiinga held ord her..
Det vart bråk då FSF- flagget vart fira frå mastene, det vert ikkje mindre om dei erverdie symbola skulle bli fjerna heilt! Noko som og har røter attende til 1858, er dei raude og svarte skorsteinane. Skal dei gå for ein felles for heile selskapet, er det naturleg at dei vert valde. Aksjefleirtalet er her i fylket, so det er naturleg at vi set krav.?
På to fartøy selskapet fekk levert sist på 50- talet, gjekk eksosen ut akter. Dermed trengdest det ikkje anna, trudde dei. Men mannskapa nekta å mønstra på om det ikkje kom opp “skorstein”, og slik vart det.! Det er altså ikkje noko nytt å ha kjensle for dei velkjende idenitetsmerka, den var høgst levande før og.. Ein kan berre studera mannskapsbilete tekne opp gjennom åra, det er ein stolt gjeng som poserer.!