Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 22. januar). Les mer om roperten…

Krev veto mot vikarbyrådirektivet

Årsmøtet i Raudt Høyanger støttar kravet om at Noreg må bruke reservasjonsretten for å hindre at EU sitt vikarbyrådirektiv vert innført i Noreg. Dette direktivet vil føre til endå meir oppsplitting på arbeidsplassane og meir sosial dumping.

Arbeidsmiljølova (AML) er på mange måtar arbeidslivet si grunnlov. Vikarbyrådirektivet utfordrar denne lova på eit viktig punkt, knytta til bemanning og tilsetjingar. Eit viktig trekk ved AML er faste tilsjingar. Bruk av (eigne) mellombels tilsette, innleige frå bemanningsbedrifter og bruk av sjølvstendige oppdragstakarar vert sett på som unntak eller “avvik” som er avgrensa gjennom ulike restriksjonar. Konsekvensen vil også verte ulike arbeidsgjevarar på ein og same arbeidsplass.

Direktivet utfordrar norma om innleie som et unntak/nødvendig vonde, og dei regler som avgrensar innleie, særleg § 14-12 i AML. NHO har varsla at dei vil prøve å bruke EU-systemet for å bli kvitt denne paragrafen.

Om restriksjonane for innleige frå bemanningsbedriftene blir fjerna som følgje av direktivet, endrar ein normene for kva som er vanlege tilsetjingar i norsk arbeidsliv og ein vil få fleire innleigde og ein auke i omsetninga i bemanningsbedriftene. Vikarbyrådirektivet vil føre til ein større vikarbyråbransje. Det er ikkje ønskeleg. Derfor må så mange som mogleg no krevje veto mot vikarbyrådirektivet.

Vist 71 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse

Nye bilder