Tidlegare norsk statsminister, Gro Harlem Bruntland, er tildelt ein amerikansk ærespris for sitt mangeårige arbeid med miljø, utvikling og vitskap. Fortener ho prisen?
I 1987 utgav Verdenskommisjonen for miljø og utvikling, med Gro Harlem Bruntland som leiar, boka Our Common Future, på norsk Vår felles framtid. Dette vart bibelen for oss miljøinteresserte på den tid. Eit sentralt tema var drivhuseffekten som truga vår eksistens på kloden. Vi vart førespegla dramatiske endringar av klimaet med smelting av brear og stigning av havoverflata der m.a. Maldivene ville forsvinne i havet før neste århundre (år 2000). På slutten av 80-talet var likevel drivhuseffekten litt utanfor vår fatteevne. Vi visste ikkje kva vi snakka om.
Etter nokre år i bokhylla vart Vår felles framtid teken fram att for nærare fordjuping. Sjokket var stort når eg kom til side 35, der Gro Harlem Bruntland definerer «drivhuseffekten». Der står det ordrett:
«Drivhuseffekten» er en slik trussel mot de systemene som opprettholder livet på Jorden. Den skyldes økt ressursbruk. Forbrenning av fossilt brensel og nedhoggingen og brenningen av skoger frigjør karbondioksid (CO2). Opphopningen av CO2 og visse andre gasser i atmosfæren fanger opp stråling fra solen og forårsaker global oppvarming.Dette kan forårsake at havene stiger nok til å oversvømme mange lavtliggende kystbyer og elvedeltaer i løpet av de neste 45 år. Sitat slutt.
Dette er det som er grunnlaget for det skrekkelege senariet om global oppvarming som IPCC prøver å selgje. Frå ein vitskapleg synsstad var dette eit makkverk. Gro Harlem Bruntland og kommisjonen avslører her at dei ikkje hadde peiling på kva dei snakte om.
Drivhuseffekten er ikkje ein trussel mot livet på Jorda, men tvert om ein forutsettning. Det viktige med drivhuseffekten er ikkje at den fangar opp stråling frå sola, for det ville føre til nedkjøling av Jorda. Drivhuseffekten består av at drivhusgassar fangar opp varmestråling frå Jorda som elles ville gått ut i verdsrommet. Men desse gassane er berre verksame i smale spekter ved visse bølgelengder, slik at effekten aukar lite om gassmengdene aukar og utgjer i dag berre 3-4% av drivhuseffekten. Skyer er viktigaste «drivhusgassen» og dei har vel ingen ting med auka resursbruk å gjere.
Å gje Gro Harlem Bruntland ein pris for det arbeidet ho la ned for Verdskommionen for miljø og utvikling, med bakgrunn i det eg refererer frå kommisjonen sitt arbeid, er yttarst tvilsamt. Å gje Al Gore og IPCC Nobels Fredspris vil vel også i framtida stå som ein tabbe av Nobel-instituttet. Før eller seinare vil folket få opp auge for den store svindelen politikarane har vore med på gjennom å bruke CO2 som klimatrussel og
påføre skattebetalarane store utgifter til nytteslause klimatiltak. Ja,enkelte ser det som arrogant og ikkje tru på IPCC og deira globale oppvarming. Men det er likevel ei langsam endring i folk si klimaoppfattning og den går imot IPCC og Gro Harlem Bruntland.
Magne Dvergsdal, 6843 Skei i Jølster.