| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 24. januar). Les mer om roperten… Vi treng framleis ei sterk sidemålsundervisingLeiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, seier at framlegget frå Utdanningsdirektoratet i dag om å fjerne eigen karakter for sidemålet, er ei dramatisk svekking av sidemålsopplæringa. Å svekke sidemålsopplæringa er ei svekking av norskfaget og av nynorsk som offisielt språk. Vil vi ha det slik? Har elevar no større problem med å lære språk enn før. I “gamle dagar” var god karakter i norsk, både hovudmål og sidemål, viktig. I tillegg måtte vi helst gjere det godt i engelsk og tysk, og mange fekk etter kvart fransk å “slite med”. Som elev frå desse gamle dagane, så ser eg tydeleg at rettskrivingskunnskap med grammatikk er tydeleg svekka. Av og til greier eg ikkje å halde meg, men doserer litt av det vi lærde før: Inkjekjønnsord får ikkje r i fleirtal, og det er skilnad på å bruke då og når. (Hos journalistar ser vi og slike språkfeil). Sjølv om vi hadde ei grundig norskopplæring, så var også opplæringa i andre fag viktig. Eg meiner elles framleis at gode kunnskapar i norsk er godt å ta med inn i andre fag. Eg vert av og til “mobba” for at eg er hekta på grammatikk. Sjølvsagt skal ein ikkje bruke “raudblyant” på alt som vert skrive, men i meir offisielle dokument må det vere korrekt språk, og det gjeld både nynorsk og bokmål. Det er respekt for språk og kultur. Elles er det ein god regel å halde på “målet hennar mor”, og så legge sitt skriftspråk så nær opp til dette som råd. Aud Lunde
Vist 82 gonger. Følgt av 1 person. | ||