Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 24. januar). Les mer om roperten…

E 39 krangelen = Fortsatt den smale sti gjennom fylket

Trivselsfylket kvar vart det av. Dette spørsmålet har eg stilt meg sjølv siste tida. Ikkje minst på grunnlag av uttalen til alle ”vitarane” som kvitrar til dei ymse media-kanalane. Dei sit på kvar sitt nes og tutar. Usemja er stor.

Når tid går det an å bryte ned denne krangelen og heller få ei semje i dette fylket. Det må då gå an for oss å få det til også, slik dei klarar det i mykje større grad i grannefylka nord og sør for oss. Det syner også att på E39 standarden. Høyrde i radioen på morgonen 24.januar at her i fylket kranglar vi om 5mrd. Medan Møre og Romsdal har eit sum på 35 mrd til same E39. Dette var høyrt i farten utan eg fekk meir forklaring på det som låg bak talla. Men det gjev meg likevel visse assosiasjonar.

Ser vi E39 på strekninga Bergen – Ålesund er det strekninga Lavik fk- Anda fk som har den gjennomgåande dårligaste vegstandarden. Tek vi t.d. strekka Vadheim – Grytås så har vegen her same trase og vegfundament som då bestefar køyrde posten med hest og kjerre mellom Vadheim og Viksdalen kring 1915. Snart 100 år sidan. Rett nok har nye og breiare køyretøy presse vegbreidda ut. Men stettar det dagens krav til ein europaveg. Stakkars yrkessjåførar som er tvinga til å køyre på ein slik veg med dagens køyretøy.

Eg har ein gong lært at ein kjede ikkje er sterkare enn det svakaste ledd i den. Då må vi ta til å utbetre/fornye der vegen er dårlegast/svakast.

Håpar endeleg at det kjem oppstartsmidlar snarast til dei strekningane som har klare planar og der vegen er særs dårleg. Det er to strekningar mellom Vadheim og Sande. Linjevalet på strekka gjennom Vadheim må og forserast. Førdepakken er særs viktig. Ikkje minst med omsyn til det som skjer på kysten mellom Lutelandet og Florø som treng god tilførselsveg inn mot og på E39 i dette området.

Så har vi eit dårleg kjedeledd vest for Skei. Når vi ein dag har fått dette på plass er det strekningar mellom desse som har dei svakaste ledda. Så får vi sjå kva status vi har når vi rundar 2050. Vil vi få ein nokolunde tilfredsstillande E39 standard fram til Byrkjelo i nord? Trur nok at løyvings-størrelsen må opp for å nå dette målet. Dessutan må det på plass store prosjektløyvingar og ikkje årlege pusle-løyvingar.

Konsekvensutgreiingane i nordre delen av fylket må ikkje overskugge det. Det ligg lenger fram i tid, ja så langt fram at vi som har passert 50 ikkje kjem til å oppleve nokon ny veg her. Dette kan eg illustrer med at på slutten av 70 tallet skulle heile vegen mellom Vadheim og Sande opprustast. Det kom ein bit mellom Grytås og Birleland og eit parti ved Dregebø . Det er alt som har skjedd på 35 år. Legg vi 35 til 50 så har vi passert 85. Og med dagens usemje vil det sannsynlegvis gå endå lenger tid.

Mitt forslag er at vi tek til i sørenden og går mot Byrkjelo. Når vi ein dag kjem dit så får vi gjere opp status å sjå om det fortsatt er krangel så busta fyk om trasevalet eller partane har teke til fornuft.

Magnar Hellebust
Viksdalen

Vist 107 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder