Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 27. januar). Les mer om roperten…

Europrosjektet må gå gale

Dei som streka opp vegar for utviklinga i Vest- Europa etter 2. verdskrigen, hadde tankar om å utvikle ei ny politisk eining, ein vesteuropeisk union. Politisk fellesstyring var umogeleg å tenkje seg då. For å kome i gang måtte ein starte med økonomiske samarbeidsprosjekt, som kol- og stålunionen frå 1951. Gjennom mange steg har vi no Europaunionen (EU), og den politiske styringa gjennom EU veks. EU har for tida 27 medlemsstatar, og Kroatia er på veg inn som nummer 28. Økonomiane innanfor EU er etter kvart svært ulike.

Målet med EU
Vitsen med EU er å lage ein einaste marknad i heile området. EU skal såleis styrkje konkurransekrafta si på verdsmarknaden. Det økonomiske grunnprinsippet for å få dette til er fri flyt, dei såkalla fire fridomane; fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Investeringar, kapitalen, skal altså fritt kunne gå dit utsiktene til topp forteneste er best. Arbeidskrafta skal også flyte, dit det er arbeid å få. Men grekarar vil bu i Hellas, og franskmenn vil bu i Frankrike. Målet om flytande arbeidskraft står fast, men EU har så langt ikkje fått dette til i særleg grad. Heile fri-flyt-modellen får minkande tilslutnad frå folka i EU.

Forventningar og realitet
Folk har hatt forventningar om at EU skal styrast slik at alle land skal få del i ei positiv utvikling. EU har hatt vekst lenge og har styrt mykje pengar til dei relativt fattige landa i EU. Mykje infrastruktur har vorte bygt. Utviklinga har sett bra ut. Men statsgjelda har vakse. Og viktigast; konkurransekrafta i dei relativt fattige landa har ikkje nærma seg dei rikaste landa. I open konkurranse tapar framleis dei fattige EU-landa. Tyskland og Hellas illustrerer dette tydeleg. Tyskland har eit topp effektivt produksjonsapparat og har auka sin eksport til fattigare EU-land. Tysk handelsoverskot har vakse, gresk gjeld har vakse. Slikt kan ikkje gå i det uendelege. Omleggingar tvingar seg fram før eller seinare. Kapitalismen har aldri vakse pent og jamt. Skifting mellom vekst og krise er det normale. Krise fører til krisepolitikk. Dei sterke statane vil bruke styrken sin til å bestemme kva krisepolitikk som skal førast. Hellas treng investeringar og økonomisk vekst, men må skjere ned. Hellas har ingen sjanse til å betale gjelda; For tida vert det vurdert at långjevarane må ettergje 70 prosent av Hellas si statsgjeld. Og der er vi no; Arbeidsløyse og fattigdom spreier seg. EU sin krisepolitikk er venta å føre til 115 millionar fattige menneske i EU, av 500 millionar.

17 av dei 27 EU-landa har felles peng, euro.
Dei 17 har berre ein sentralbank, i Frankfurt, som trykkjer euro. Skal verdien på euro manipulerast for til dømes å stimulere vekst, så er det berre ein gasspedal, i Frankfurt. Og skal det bremsast, så er det berre ein bremse, i Frankfurt. Dei 17 landa har sjølvsagt ikkje den same utviklinga i økonomien sin. Det kan berre vere ei avgjerd om gass/ bremsing. Same kva sentralbanken gjer, så vil det aldri passe like godt for alle dei 17. Dei store Euro-landa vil dominere også i utforminga av finanspolitikken, altså først og fremst Tyskland og Frankrike. Ein del euro-land har så sterk økonomi at den tysk-franske politikken kan passe dei; Be-Ne-Lux-landa, Finland, Danmark og Austerrike. For resten vil politikken passe dårlegare. Brutto- nasjonal-produkt pr. person i dollar: Tyskland 34577, Frankrike 35854 og på botnen av eurolanda Estland 9107 og Slovakia 7955.

Euro-prosjektet må gå gale
Økonomar har sagt heilt frå euroen vart planlagd, at å kople saman så ulike økonomiar med felles peng må skjere seg. Ein marknad med dei fire fridomane kan ikkje utjamne skilnader i konkurransekraft mellom land. Og gjeld vil byggjast opp. Eit land med eigen peng kan styrkje seg på eksportmarknaden ved å devaluere pengen sin, skrive ned verdien av pengen. Noreg har devaluert fleire gongar, i 1949, 1968 og 1986. Dette verkemiddelet har ikkje landa i EU. Sentralbanken i Frankfurt styrer. Pengepolitikken og finanspolitikken vert sjølvsagt styrt av interessene til dei sterke landa. Kva kan så skje? Kanskje landa med dei sterkaste økonomiane i EU kan halde fram med å ha felles peng. Euroen er laga for å passe dei. For landa med dei svakare økonomiane vert kostnadene med å behalde euroen øydeleggjande.

Asbjørn Geithus
Medlem i Nei til EU

Vist 94 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder