| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 30. januar). Les mer om roperten… Enklare oversikt for lærlinganeUngdommar som tek yrkesfagleg utdanning møter stadig på problem når dei søker læreplass i bedrift. Heile tre av ti finn ikkje ei bedrift som vil ta dei inn som lærling i tide. Denne utviklinga er svært uheldig for ungdom som går på yrkesfag, samtidig som landet er avhengig av fleire fagutdanna i desse yrka i framtida. Kvifor er det då så vanskelig å få læreplass? Ei av utfordringane vi har er at det er for dårleg oversikt over bedrifter som er på jakt etter lærlingar i ulike fag. Det kan vere ein heil del bedrifter som ikkje er synleg for lærlingar som ønskjer å ta fagbrev. I eit land som har som målsetning at dei som vil ha læreplass skal få det, må vi finne nye tiltak for å gjere informasjon meir tilgjengelig. På mange måter er framtida til Noreg yrkesfag, vi vil trenge mange fleire fagleg utdanna til desse yrka framover. Behovet er stort og derfor må vi legge til rette for at dei som tek yrkesfag får moglegheiten til å få den kompetansen dei treng. Sogndal AUF meiner derfor at vi bør få ein database som gjer det lettare å finne læreplass. Dette er eit tiltak som både kan gjere det enklare for bedriftene å finne gode lærlingar, samtidig som lærlingane får betre tilgang på aktuelle tilbod. Dette vil lette usikkerheita for dei 18-åringane som ikkje veit kor dei skal søke eller om bedriftene har plass til dei. (innan 03.02.12)
Vist 114 gonger. Følgt av 1 person. | ||