Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 31. januar). Les mer om roperten…

Veto mot vikarbyrådirektivet – Ap må snu!

Sogn og Fjordane Nei til EU er svært tilfreds med at LO-leiinga 30. januar gjekk ut mot EU sitt vikarbyrådirektiv og bad regjeringa leggje ned veto. Tidlegare har UNIO gjort det same. Meir enn 1 million fagorganiserte står no bak dette kravet, og 18. januar var det mange stader i landet politisk streik mot å innføre direktivet.

Når EU vil innføre eit nytt direktiv som skal regulere innleige av arbeidskraft, er det sjølvsagt fordi dei vil ha endå meir fri flyt av tenester. Dette vil ganske sikkert føre til stor auke i vikarbruken, og i verste fall kan arbeidstakarar miste retten til faste tilsetjingar, noko som heilt klart vil svekke fagrørsla si makt. Arbeidsmiljølova har som prinsipp at fast tilsetjing er norma. Med innføring av direktivet vil dette prinsippet bli svekka, og det vil bli opp til EFTA-domstolen å tolke i kva grad arbeidsmiljølova gjeld. Dette kan få alvorlege konsekvensar både for norsk arbeidsliv og for fagrørsla. Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet, går så langt som å seie at dette vil føre til eit C-lag i norsk arbeidsliv.

Ap sin talskvinne i denne saka, Anette Trettebergstuen, seier at direktivet vil sikre vikarar betre løns- og arbeidsvilkår og at innføring av direktivet ikkje vil svekke arbeidsmiljølova. Her er Ap på kollisjonskurs med fagrørsla. Dersom både SV og SP tek dissens i saka, vil Ap måtte søke støtte hos dei borgarlege for å få fleirtal i Stortinget. NHO gnir seg i hendene og har alt varsla kamp mot viktige prinsipp i arbeidsmiljølova dersom direktivet blir innført.

- Det er for seint å snyte seg når nasen er vekk, heiter det. Derfor må Ap ta inn over seg dei innvendingane som fagrørsla har kome med i denne saka og snu i tide.

Sogn og Fjordane Nei til EU krev at regjeringa bruker reservasjonsretten og seier nei til EU sitt vikarbyrådirektiv!

Sogn og Fjordane Nei til EU

Ingunn Kandal
nestleiar

Vist 82 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det er vanskeleg å skyne korleis arbeiderpartiet, som var på parti med arbeidsfolk, har fått ei slik tvangstrøye tredd nedover hovudet slik at dei no motarbeider sine eigne. Kven er desse, tredjedelen av velgarane, som støttar eit parti som motarbeider deira eigne interesser og i tillegg fører heile landet ut i elende?
Merkeleg, det er overveldande motstand i velgarmassen til arbeiderpartiet, men Stoltenberg og Støre greier å manipulere både regjeringsmedlemane og stortings-gruppa til semje mot velgarane si interesse.
No må vi legge hovuda i bløyt og finne ut kva parti som tener våre interesser.
Arbeiderpartiet må straffast ved neste val.
Stoltenberg tala så vent om meir openheit, meir demokrati og kjærleik, JAU SKIT.

Annonse

Nye bilder