| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 31. januar). Les mer om roperten… NÅR DEN OFFENTLEGE ARMODA AUKAR I SOLUND!I Kommunestyremøtet 4.10.11 står 2 saker på saklista, ei av dei to er_ K-sak 45/11, Framdriftsplan __vindkraft_. Saka inneheld framlegg til kva som skal skje fram i mot Folkerøystinga 09.01.12. Ei stor og viktig sak, når ein ser på kva ressursar, 3 til 4 milliardar, som blir sett inn i dei to vindkraft-anlegga som er søkt oppført i Solund, og som kan gje viktige og utfyllande inn-tekter for ei slunken kommune-kasse. Naudsynte inntekter når vi ser på innhaldet i neste sak på saklista. Neste sak kjem som haste-sak i tillegg, og blir handsama som,_ K-sak 046/11-Drift av lokale båtruter._ Utanom økonomiplan-og budsjett-prosessen må ein her ta stilling til om det «kan skrapast saman» nok pengar til å ytterlegare finansiere og oppretthalde båtrutene, livsnerver til øyane i Solund. Det er i dag 4 lokale båtruter i Solund, med Ytre Solund-Gulen-ruta som 4.alternativ. Desse rutene er livsviktige for at ein skal kunne halde oppe busetnaden på øyane i Solund, i tillegg til at folk kan pendle til og frå kommunen. For Solund er desse båtrutene like viktige som buss-og taxi-ruter på landevegen i Solund og resten av Norge. Politikarane har lenge sett dette som eit verkemiddel for å demme opp for fråflyttinga; at dette medverkar til at folk kan bli buande på øyane i Solund. Av denne grunn er kostnaden på fleire av rutene kraftig subsidiert av kommunen, med Ytre Solund-Gulen-ruta som den dyraste. Kommunestyret har kvart år løyvd pengar for å oppretthalde desse rutene, og er pr. 4.10.11 inne med ein eigendel på kr. 250.000,-. For dei folkevalde, som alltid har hatt eit vake auga til dei sårbare rutene, t.d. Midtre Solund, Utvær-og Nord Solund-ruta, var det nok ein gong viktig å sikre ei fullfinansiering av desse rutene. Den totale kostnaden er no kr. 1.156.000,-. Når Fylkes-kommunen har eit skjønns-tilskot på kr.750.000,-, og Solund bidreg med kr. 250.000,-, måtte ein då finne pengar til å dekke inn kr. 156.000,- i tillegg. Og her er vi ved smertepunktet av kva som skjer i Solund. Med dei 35% i eigenbetaling av det Staten pr. idag synes det er verd å betale for å halde oppe ei spreidd busetting i distrikta, blir den resterande summen til ved eit kutt i kva det kostar å oppretthalde og finansiere andre tenester i Solund. Så, då må ein undrast, kor lenge kan dei folkevalde vere innstilt på å trekke ut dei summane som gjev utteljing for å halde oppe busetnaden i Solund? Denne gongen var det ingen som stemde i mot, korleis blir situasjonen i åra framover? Kommunestyret hadde her same mål, å hindre at nokon måtte få føle «den offentlege armoda». Nye Folkevalde må difor berre «knyte nevane», og håpe på at ein finn pengar i framtida til å oppretthalde rutene. Det er gale at Staten stadig gjev oss ein dårlegare økonomi. Vi må håpe på at pengane som skal gå til t.d. Kyrkjene våre, Oppvekst-senteret i Ytre Sula, Frivillig-sentralen, Symje-undervisninga, Biblioteket, Kultur-hus, Idrettslaget, Turist-informasjonen, tilskot til Jensbua m.v., ikkje må bli om-fordelte til livsviktige oppgåver som å oppretthalde drifta på Solund-heimen, veg-vedlikehaldet og snøbrøytinga, berre for å nemne nokre få postar som ikkje kan skjerast ned på, utan at det går ut over liv og helse. Når ein ser på dette, uavhengig av kva for ei side ein står på i synet på utbygging av Vindkraft i Solund, så lyt ein innsjå at framover treng vi stort engasjement og arbeid for å halde oppe økonomien til tenesteproduksjonen for innbyggarane. Engasjement som går på å gje Solund Å ta imot ei utbygging av vindkraft vil vere med å bygge ressursar som hindrar ein i å måtte kjempe for kvar krone som Solund må ha for oppretthalde tenesteproduksjonen og auke folketalet i framtida. Med utbygging av vindkraft blir vi ein viktig kraft-leverandør, og som fylgje av det, at infrastruktur og kommunikasjonar vil få høgare kvalitet, og kan bli grunnlaget for auken i tilflytting og busetnad. Vi treng økonomisk handlingsrom for å realisere viktige prosjekt i kommunen, både vegar og busetting treng startkapital. Ikkje minst kan vi då få realisert ei pendlar-rute til Lutelandet for dei som vil flytte til og bu i Solund, og arbeide på Lutelandet.
Vist 251 gonger. Følgt av 4 personar. | ||
Kommentarar
Det er latterleg at offentlege midler som skal komme kommunanøkonomien til gode må kanaliserast via kraftselskap. Det mest reinhårige, mest effektive og mest rettvise ville vore direkte overføring fra statskassa til dei kommunekassene som treng det. Det er jo det som EIGENTLEG er problemet. Økonomi. Dersom kommunepolitikarane seier ja til vindkraft no utløyser det ikkje ei einaste krone no, gjer det vel? Det er no Solund treng båtruter, er det ikkje?
Tør å ta debatten om vindkraft utan å blande inn kommuneøkonomi.
Tør å ta debatten om kommuneøkonomi utan å blande inn vindkraft.
Alt anna er avsporing og villeiing.
Kvar er dei overordna planane? Kvar er dei overordna tiltaka? Kvar er den overordna styringa?
Som Førdianar er eg nysgjerrig på kva økonomi grunneigarar og kommunen i Solund får ut av denne vindkraftutbygginga. Kan nokon gje ei oversynleg framstilling av dette.
Det bør vel vere slik at grunneigarar og kommune får ein viss prosent kvar av brutto inntekt på produksjonen av kraft. Eingongsutbetalingar bør ikkje godtakast.
For oss utanfor kommunen tyder det høgare kraftpris og meir subsidiering av dei søkkrike kraftprodusentane og Statnett sine eksportliner ut av landet. Denne EU-tilpassinga kostar oss dyrt, men kva får de att i Solund?
Harald Steiro
Sula Kraft v/dagl.leiar Olav Osvoll har i artikkel og kommentar vil Vindkraftdebatten i Solund, sjå Firda, ca. 5.01.12., avkrefta at dei som utbyggar ikkje er subsidiert frå noke hald.
Hm. Det var ein komplisert setning som i tillegg inneheld dobbel nekting. “Har avkrefta at dei ikkje er subsidiert” = “har bekrefta at dei er subsidiert”.
Og uansett: Utan subsidier, kvar skal inntektene komme frå? Salg av el-sertifikat?
Auka tilbud av el-sertifikat gir lavare etterspørsel og dermed lavere pris – det ser vi allereie. Kort sagt vil vindturbiner i Solund gjør det rimelegare å forureine. Det kan ein like eller ikkje like, men spesielt miljøvennleg er det ikkje.
Då gjenstår bare spørsmålet om kva inntekter dei vil gi lokalt – og det er mange som er spent på svaret.