| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 3. februar). Les mer om roperten… Kva vil eigentleg Solund kommune tene på vindkraft?Firda hadde fredag den 3 februar inne ein artikkel om kor mykje pengar Solund kommune skulle kunne tene på installering av vindkraft i urørt kystnatur. 26 millionar kroner som då er ei auke på 43%, der noko av pengane skulle vere øyremerka næringsutvikling. For ei kommune med trong økonomi er dette noko som kjem godt med og dersom summen vert så høg som det vert påstått den kan vere, så kan det komme mykje godt ut av desse pengane. Men eg lurer på om det er slik at Solund kommune får 26 millionar sjølv om innteninga til kraftselskapa vert lågare. Eg antar at summen som står i avisa er ein sum berekna på 100 % produksjon. Kva blir det då dersom produksjonen vert mykje lågare? Andre stadar i landet er det slik at kompensasjonen vert gitt med ein del atterhald, eit døme kan vere innkorting av kompensasjon dersom eigedomsskatt vert innført. I dei fleste tilfelle vert det og tatt omsyn til produksjon. Men det som vert presentert i media er alltid den summen kommunane får dersom det er 100% produksjon av vindkraft. For min eigen del veit eg at i ei kommune der produksjonen er 100% er det lite triveleg å bu, dette p.g.a konstant vind. På kysten av vestlandet kjem vinden ofte opp i stor styrke, og vindturbinar må dersom vinden overgår 25 meter pr sekund, stenge av og vi veit alle at dersom det ikkje bles stenger turbinen seg sjølv.Kvifor kan då ikkje kraftselskap og media presentere middels tala for inntening, slik at folk ser kva som reelt at kommunen får. Ifølge søknaden for Ytre Sula reknar Vestavind med ein middelvind på 9m/sek gjennom året, sjølv om målingane viser oppunder 8 m/sek, riktig nok gjort 10 m.o.h. Interessant er det då at Norwea på sine nettsider presenterer fakta om vindkraft og seier at best produksjon vert det når vinden bles mellom 11 og 14 m/sek, og at 13 m/ sek er ideelt. Ulvegreina reknar med 8.8 m/sek, det andre ytre Sula prosjektet reknar med 8.4 m/sek. No skal ikkje eg her seie kva som rett og gale, fordi det er tre ulike aktørar inne her, og ulik høgde på målingane. Men dersom vi tek snittet på desse tre får vi 8.73 m/sek noko som er ca 32 % lågare produksjon enn kva som vert rekna som ideelt med tanke på maksimalproduksjon. I Solund er det som tidligare sagt tre ulike selskap inne, det er Statkraft Agder energi vind(SAE), Vestavind og Sula Kraft. Av desse er det berre SAE Vind som har sagt nei til innføring av ”frivillig” eigedomsskatt. Dei kallar ”kompensasjonen” som kommunen skal få naturressursskatt, noko som høyrest finare ut enn kompensasjon som har vore mykje diskutert om det er lovleg sidan det fell nær å kalle det korrupsjon. Dei to andre selskapa er viljuge til å innføre ”frivillig” eigedomskatt. Skal dette då gjelde berre for desse selskap, eller er dette ein måte Solund kommune brukar for å rettferdiggjere ein innføring av ”tvungen”eigendomsskatt? I så fall er vindkrafta ein direkte årsak til at eigedomsskatt vert innført. Svaret er ikkje enkelt, men at fleire og fleire kommunar innfører eigedomsskatt er ein realitet. Sula kraft seier at dei vil betale 0,7% av verdi av anlegget, noko som er ca 2 milliardar og blir 14 millionar kr. MEN, pengane skal setjast i fond og brukast til tiltak for ”avbøtande” skader anlegget vil gjere. Sagt med andre ord, pengar som utbyggar måtte bruka uansett vert overført tilkommune slik at dei tek på seg jobben å få det gjort. Lite av desse pengane vil gå til dagleg drift av kommunen. Dessutan vil denne kompensasjonen vare i berre 10 år. Vi kan og diskutere lenge kva som vert rekna som ”avbøtande” tiltak utan å bli einige så lenge stat og regjering ikkje har sagt noko om dette. Tilslutt vil eg berre ta med at eg er sterkt misnøgd med at kraftselskap og NVE ikkje klarer å fortelje folk i dette landet på ein grei måte korleis subsidiane (støtta) som vindkraftverk får, skal betalast tilbake. No når dei grøne sertifikata vert innført er det slik at målsetjinga til regjeringa er at all støtte til fornybar energi skal belastast forbrukarane. Då må vel vi gjerne rekne med som Miljøvernminister Erik Solheim sa på Naturvernforbundet sitt møte i Bergen for to år sidan at dei har ei realistisk målsetjing at norske straumprisar på kort sikt skal opp på eit europeisk nivå, noko som ligg lang over vårt. Med tanke på klimaforskjellane frå middelhavslanda til oss her oppe i nord, vert dette sterkt urettvist. Men kanskje er tida no komen for at desse tre kraftselskapa fortel oss her i Sogn og Fjordane korleis dei har tenkt å gjere dette, og då helst på eit slikt vis at vi skjønar kva dei snakkar om.
Vist 192 gonger. Følgt av 2 personar. | ||
Kommentarar
Etter mitt skyn bør Solund kommune og grunneigarar forlange ein viss prosent av
brutto produksjonsinntekt av vindkraftverka så lenge dei står der, som kompensasjon for naturskader, forringa turistutvikling og trivselsskader for innbyggarane. Ikkje lever naturverdiane dykkar til storkapitalen for glasperler.
Ja, so har Sulinane sagt sitt.
Eit rungande nei med ca 50 %.
Me lever vidare med statleg tilskot, men kva skjer den dagen staten seier nok er nok?
Eg legg merke til at dei folkevalde som er imot, er anten tilsette i kommunen eller er trygda.
For meg som ein aldrande mann, er utfallet i folkeavrøystinga ikkje utslagsgjevande, men det hadde vore kjekt å høyre frå neifolket, kva skal me leve av?
Glopur og lyng har aldri gjeve inntekter.
De som sit i Oslo eller Florø som er so samstemt imot,kva skal distriktet leve av?
Eg har tru på Solund og satser på Solund Verft ,men de skal ikkje dra strikken for langt.
Eg kan finne andre stader å investere, og gjer det gjerne,
Kva biderg de med?
Dersom det må vere dyr vindkraft som skal til for at du skal kunne overleve i Sogn og Fjordane vil eg tru du er på feil plass her i livet. Men det er ikkje eineståande at dei som er forkjemparar sutrar etter at demokratiet har stansa eit prosjekt dei hadde tru på. Men så lenge det har vore ein demokratisk prosess slik som i dette tilfelle, så er det vel ikkje særleg vakse gjort å truge bygdefolk med å flytte investeringar, men naturlevis er det opp til kvar enkelt å avgjere kvar ein vil bu.