Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 8. februar). Les mer om roperten…

Vindkraft i Solund

Skrive av: Ole Gunnar Krakhellen (leiar Solund Høgre) og Otto Einen (nestleiar Solund Høgre)

Solund Høgre har på medlemsmøte diskutert dei tre høyringssakene om vindkraft som skal handsamast i Solund kommunestyre, og Høgre har gått inn for full vindkraftutbygging i Solund. Fornybar energi er eit satsingsområde i Europa og i Noreg. EU si målsetjing om ein fornybarandel på 20% av total energibruk innan 2020, går att i fornybardirektivet som vart innlemma i EØS-avtalen 19.desember 2011, der målet er ein fornybarandel i Noreg på 67,5 prosent i 2020. Dette er den høgaste målsetjinga om fornybar energiproduksjon i Europa, og den også forpliktar Noreg. Fornybar energi er basis for ordninga med grøne sertifikat i Noreg og Sverige, som omfattar prosjekt som vert satt i drift innan utgangen av 2020.

Noreg må satse på både energiøkonomisering, vasskraft og vindkraft for å nå måla i fornybardirektivet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd ein regional plan for vindkraft, der ein har sagt at Sogn og Fjordane fylke bør vere eit pilotfylke innan vindkraft, med tilrettelegging for utbygging av 1000MW innan 2025. Solund har gode vindforhold og dei omsøkte prosjekta tilsvarar nesten 1/3 av fylkeskommunen si målsetjing. Solund kommune har ei moglegheit til å verte ein pilotkommune i pilotfylket innan vindkraft.

Høgre ser at ei vindkraftutbygging i Solund vil verte konfliktfylt, men har samla sett vurdert at fordelane veg tyngre enn ulempene. Høgre vil her tydeleggjere kva vurderingar som er gjort i denne saka.

Vindkraftindustrien er ein høvesvis ny industri i Noreg, med ei stor utvikling sidan tusenårsskiftet. Effektiviteten i produksjonen har vorte betre, og er etter alle solemerke ei næring for framtida. Solund kan bygge opp eit miljø rundt med spanande arbeidsplassar. Over tid har det vorte færre innbyggjarar og arbeidsplassar i Solund. Høgre ser at vindkraftindustrien kan bidra til ein større variasjon i arbeidsmarknaden i Solund, og tilføre 10-15 arbeidsplassar. Med ein høvesvis liten arbeidsmarknad, er dette ei stor auke i arbeidsplassar i Solund.

Naturinngrepa er store ved utbygginga, men Høgre ser bidrag som avbøter noko av den negative effekten. Mellom anna kan vi nemne at vegar i terrenget kan gjere område meir og lettare tilgjengelege for friluftsliv enn i dag. Vidare kan Solund få nye mogelegheiter med mellom anna etablering av 2 djupvasskaier i kommunen, kaier som kanskje kan nyttast til anna næringsføremål etter utbyggingsperioden. Det vil også verte nye vegar der delar av desse heilt eller delvis kan gjerast tilgjengeleg for motorisert ferdsel.

Kva kommunen vil sitje att med etter ei vindkraftutbygging har i media vorte framstilt som eit usikkerheitmoment ved folkeavrøystinga. Dersom det vert full utbygging vert det truleg innført eigedomsskatt på verk og bruk, eit noko unøyaktig omgrep som omfattar industri- og produksjonsverksemder (t.d. skipsverft og oppdrettsanlegg), men ikkje næringseigedommar (t.d. forretningsbygg og overnattingsverksemder). Utnyttar kommunen det fulle potensialet, vil ein etter opptrapping av eigedomsskatten til makssatsen på 7 promille kunne sitje att med om lag 26,5 millionar årleg frå vindkraftparkane dei 10 første åra, deretter vert det ei retaksering. Dei statlege overføringane til Solund vil nok verte reduserte, men ikkje slik at alle inntektene forsvinn, ein vil uansett sitje att med ei monaleg inntektsauke. Faktum er at dersom ein øyremerka eigedomsskatten til å betale ned lånegjelda til Solund kommune vil Solund vere om lag gjeldsfri på 2 år, noko som ville frigjere om lag 4 millionar årleg som i dag går med til å betale renter og avdrag.

Kommunestyret har merka i mange år at kommuneøkonomien er stram. Så stram at ein ikkje har klart å oppretthalde det handlingsrommet som ein ynskjer. Til dømes har kulturskulen vore helde på eit minimumsnivå i ei årrekkje, og vi har også mange andre områder der det er forbetringsmoglegheiter, men det manglar økonomi til å utløyse potensialet. Investeringsbudsjetta for dei neste åra er eit eksempel, der Solund kommune i 2012 investerer ganske mykje i Solund-målestokk. Samla om lag 5,7mill, der ombygging av Hardbakke barnehage og nytt bustadfelt i Storehaugen (4 tomtar) er dei to største einskildpostane som tek 3,5mill av dei samla investeringane for 2012. Dei påfylgjande åra i økonomiplanen er investeringane mykje mindre. Hadde vi hatt eit større økonomisk handlingsrom hadde det vore enklare å bidra til å realisere gode prosjekt som kunstgrasbane og kulturhus på Hardbakke, og kommunen kunne hatt eit større fokus på næringsutvikling enn kva det er høve til i dag.

Høgre er eit ansvarleg parti, og vi ser at dersom det ikkje vert ei utbygging av vindkraft som vil gje oss framtidige utsikter til ein betre kommuneøkonomi frå 2015, så må vi gjere nokre tøffe val. Utan ei brå forbetring i kommuneøkonomien, vil kommunen høgst sannsynleg verte tvungne til å innføre eigedomsskatt uavhengig av om det vert utbygging av vindkraft i Solund eller ikkje. Skilnaden er at dersom det ikkje vert vindkraft i Solund så lyt ein truleg innføre eigedomsskatt på både verk/bruk, næringseigedommar og hus/hytter. I tillegg er det ikkje uttenkeleg at det må gjerast ein gjennomgang av den kommunale tenesteproduksjonen for å finne moglegheiter for innsparingar. Høgre er ikkje tilhengarar av eigedomsskatt, men det kan verte naudsynt å innføre den i Solund.

Nokre vil hevde at Høgre freistar å svartmale situasjonen dersom det ikkje kjem vindkraft, men det ynskjer vi ikkje å gjere. Dette lesarbrevet er ei kort oppsummering av dei argument som vart vektlagt på medlemsmøtet der vi gjekk inn for vindkraftutbygging i Solund. Vi har freista å sett heilskapleg på det, og vi har vege fordelane opp mot ulempene. Solund Høgre ser større handlingsrom for Solund med vindkraft enn utan, og vi trur at vindkraft kan vere ei drivkraft for Solund inn i framtida.

Viss nokon har spørsmål så kan Solund Høgre nåast på solund.hogre@gmail.com

Vist 766 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Ein ting er kva Høgre vil, men realitetane. Korleis stiller Høgre i Solund seg til folkeavrøystinga der eit knapt fleirtal går i mot vindmøllepark-anlegga? Har valresultatet av denne avrøystinga noko å sei for dykkar standpunkt?

Exclamation_desat_24

Solund Høgre ser for seg mange arbeidsplasser i disse tre vindkraftverkene. Som kjent har vindkraft med sin høye utbyggingskostnad, – og svært ustabile produksjon, en dårlig inntjeningsevne. Derfor kan man ikke ha flere årsverk enn strengt tatt nødvendig. Moderne vindturbiner trenger ikke daglig tilsyn. Vindkraftutbyggerne lover heller ikke mange arbeidsplasser. På sine møter med kommunene og innbyggerne ser de for seg såpass mange arbeidsplasser at kommunene blir fristet.

I dag blir et visst antall fagpersoner kurset på service av turbiner. Disse vil da sirkulere mellom mange vindkraftanlegg. På denne måten kan utbygger spare store lønnsutgifter.

I 2009 regnet man ca. 0,04 årsverk pr. installert MW effekt .Dette tallet er mest sannsynlig mindre i dag. I tillegg kommer noe arbeid med veivedlikehold og snøbrøyting på tilførselsveiene, – og inne i selve anlegget. Men dette blir ikke mye i denne sammenheng.

Til potensielle vindkraftkommuner, – ikke la dere lure av alle disse tenkte arbeidsplassene!

Annonse

Nye bilder