Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 12. februar). Les mer om roperten…

Gjenreis kampen for sosialismen!

Raudt meiner at EU si overstyring av dei mest kriseramma landa i Europa er ei svært farleg utvikling. Det er EU-stormaktene Frankrike og Tyskland, Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet som no overstyrer m.a. Hellas sin rett til sjølv å bestemme si samfunnsutvikling.

Det er djupt udemokratisk at andre enn eige folk og eigne styresmakter skal bestemme korleis den økonomiske krisa skal handterast. Hellas vart påtvinga EU-stormaktene sine krav om reduksjonar i løn og pensjonar og andre nedskjeringar på velferdsgode. I røynda kom krava frå den internasjonale finanskapitalen som er EU-stormaktene handlar på vegne av. Den sosialdemokratiske statsminister Papandreu i Hellas var i ferd med å etterkome EU-stormaktene og finanskapitalen sine krav, men var så syndig at han ymta frampå om folkerøysting. Det var nok til at EU fjerna han og sette inn ein bankmann som statsminister.

Den økonomiske realveksten i Vesten har flata ut og er snart berre ¼ av det den var. Aksjonærar, bank og forsikring ser seg difor om etter andre og meir luftige investeringsobjekt som kan gje snarlegare vekst. Dette rammar verdiskapande verksemd – ikkje minst industriarbeidsplassane. Dei meir luftige investeringane skapte finansbobler og utløyste det som feilaktig vert kalla finanskrisa. Det har nemleg vist seg å vere ei krise for folk flest og ikkje for finans.

Investorane og NHO arbeider no for å få seg og sine ut av den økonomiske krisa ved å privatisere offentleg verksemd. Finanskapitalen er på veg inn i sentrale velferdstenester i fleire land – også i Noreg. Reine investeringsselskap, fleire av dei registrerte i skatteparadis, eig no (deler av) barnehagar og sjukeheimar. Det ser ut til at dei sosialdemokratiske regjeringane ikkje står opp mot dette med ein alternativ strategi, men avgrensar seg til å senke tempoet i privatiseringa slik at den ikkje hissar folk så sterkt opp at systemet blir sett på prøve.

I dag står det kapitalistiske systemet overfor si djupaste krise sidan 30-talet, men systemkritikken er omtrent borte. Den eine sosialdemokratiske regjeringa etter den andre bøyer unna for å gjennomføre EU sine audmjukande krav til statsbudsjett. Dei set dermed eigentleg også forbod mot å føre den tradisjonelle motkonjunkturpolitikken som kunne ha sikra arbeidsplassar, lønsnivå og velferdsgode. Krisa har ikkje nådd oljekapitalisten Noreg fullt ut endå, i alle fall ikkje fleirtalet av oss, men det meste tyder på at det heimlege stoltenbergske sosialdemokrati vil følgje i EU-sosialdemokratiet sine fotspor.

Det verda no treng er ei systemkritisk forståing og marxistisk handtering av den økonomiske krisa. I denne situasjonen er det skremmande at SV sin mest sannsynlege nye leiar, Audun Lysbakken, forsikrar at han ikkje er marxist. Ei systemkritisk forståing og marxistisk handtering av krisa betyr å avskaffe finanskapitalen og denne si makt, dvs. overføre både kapital og makt til staten. Staten sine oppgåver må ”omdefinerast” frå noverande tilrettelegging for kapitalistisk produksjon og maksimal profitt til ein sosialistisk produksjon for dekning av nødvendige behov og for ei rettferdig fordeling innafor det økologiske systemet sine rammer. Raudt si oppgåve er å arbeide for oppslutning om eit slikt politisk mål for å kunne skape eit samfunn utan klasseskilje.

Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane

Vist 79 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det er etter kvart vorte klart at Jens Stoltenberg ikkje lengre kan kallast sosialdemokrat, men heller rå kapitalist på line med EU og deira lobbyistar.

Annonse

Nye bilder