Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (søndag 12. februar). Les mer om roperten…

Ope brev til justisdepartementet!

Herr Pål Lønseth, statssekretær i Justisdepartementet
Kopi til Ida Børresen, leiar i UDI.

Viser til oppslag i Søndagsrevyen den 5/2 2012, der Udi krev oppmjuking av asylreglane
,her under i saker der born er inne i bilde, det går fram av kravet frå Udi at i slike saker skal omsynet til barnet vere grunnlag for opphald i Norge.

Justisdept. har etter det vi fekk vite avslege dette og andre krav frå Udi, og vi ber om at Justisdepartementet står fast ved sine avslag då ei slik linje i regelverket ville få alvorlege konsekvensar og er totalt uansvarleg, slik underteikna ser det. Ein slik praksis ville føre med seg at det berre var å ta med born inn i landet og opphald ville dermed vere sikra. Er det vanskeleg å fatte fylgjene av ein slik asylpraksis?

Det er utruleg at ein forvaltningsetat som Udi, som skal handsame søknadar og vurdere saker utifrå eit regelverk, ikkje ser kva konsekvensar deira krav ville få.
Norge kan då umogeleg ha forsørgjaransvaret for u-landa sine fødselsoverskot!
Men det er vel all grunn til å tru at Udi også handlar som talerør for den urskog av interessar for masseinnvandringa, asyl-lobbyen og innvandringslobbyen med sine mange profittørar og andre som har vent seg til å kunne presse gjennom sine krav.

I etterkant av innslaget med m.a. Ida Børresen i Søndagsrevyen fekk vi også sjå ein flik av kva politiet slit med i høve til narko- og andre kriminelle utlendingar. Nokre med mange pågripingar og endå til fleire uttransporteringar, og som etter kort tid er tilbake på gata i Norge med sitt dødbringande stoff. ” Oppgåva er som å lense eit lekk farty med teskei, uttrykte ein spanar det.
Men kvifor er det slik? Jau, av di det i snillheita si ånd er lage eit så molboaktig lov- og regelverk at det er til fri utnytting, og der utlendingar i fleng utnyttar oss og ler av oss!
Og dette vil Udi og deira medspelarar legge tilhøva betre til rette for skal få halde fram.

Det har gjennom åra ikkje vore mangel på åtvaringar og velmeinte råd i innvandrings- politikken, med strengare regelverk som kunne demme opp for fri tilgang til landet og utnytting av regelverk. Slike forslag har for det meste kome frå personar og org. som er kritiske til dei siste 45 åra sin asyl- og innvandringspolitikk. Dette er menneske som kjenner eit ansvar for vårt samfunn også i framtida.
Framlegg og råd frå slike personar og org. har utan unntak vorte møtte med arrogant avvisning. No set styresmaktene og samfunnet med elendigheita i fanget, og dei som skulle sjå og vite klårast vil ha endå meir av same slaget! Ufatteleg ansvarslaust!

Eg tillet med å kome med endå eit velmeint råd til styresmaktene for å stogge trafikken til landet: Passkontrollen vil avsløre om personen(ane) er papirlause, gjengangarar eller uønska, pålegg så transportselskapa å ta med personen(ane) tilbake til utgangspunktet for eiga rekning. Minner om at nordmenn og samar berre utgjer om lag 4 mill. menneske i staten Norge. Einkvar med ansvarskjensle for land og folk må sjå kva veg dette ber om dagens politikk får halde fram, og endå til meir oppmjukast. Stogg no!

Norvald Aasen

Vist 102 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder