| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 22. februar). Les mer om roperten… KORLEIS SEIE OPP EØS-AVTALEN?Studieringen i Solund Nei til EU avkreftar alle myter om EØS-avtalen. Først, om du skulle vere i tvil, kvifor er det heilt naudsynt at Noreg kvittar seg med EØS-avtalen? Anbodsreglementet er eit anna punkt i EØS-politikken som rammar lokalt, norsk næringsliv. Det er mange sarte sjeler i både norsk eksport, industri og fagrørsle som fryktar konsekvensane av ei eventuell oppseiing av EØS-avtalen. Er me verkeleg avhengige av ein ufordelaktig avtale som EØS-samarbeidet, for å sikre marknads-tilgang i EU? Svaret er sjølvsagt nei! Dersom norske politikarar skulle bestemme seg for å seie opp avtalen, er det nemleg ikkje slik at Noreg fell ut i eit Ingenmannsland når det gjeld handel med EU. I samsvar med § 120 i EØS-avtalen, vil då handel mellom EU og Noreg verte regulert av Frihandels-avtalen frå 1974, ein avtale som var langt betre for Noreg enn det EØS-avtalen nokon gong har vore. I tillegg til dette sikrar regelverket til WTO, som både Noreg og EU er medlem av, norsk tilgang til den europeiske marknaden. Konklusjonen vert dermed at Noreg, med eller utan EØS, vil ha tilgang til den europeiske marknaden; Sjølv på Stortinget er myta om EØS-avtalen særs seigliva. Men det skulle slett ikkje vere umogeleg å snu den politiske vinden. Det me treng i Noreg er ein aktiv og opplyst debatt i fagrørsla. Det er viktig at folk blir merksame på fordelane som Frihandelsavtalen vil gi både norske arbeidarar og norsk næringsliv. Det er ei framtid etter EØS-avtalen, og me kan ikkje sjå noko anna at den kan bli lys, svært lys! Referert av Jørdi Losnegård, Ungdom mot EU
Vist 55 gonger. Følgt av 1 person. | ||