Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 23. februar). Les mer om roperten…

Alternativ til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden

Miljøminister Erik Solheim har bede Klima og forureiningsdirektoratet (Klif) om å utgreie alternativ til sjødeponi for gruveavfall frå eventuell rutilutvinning i Engebøfjellet. Det er bra, både miljøorganisasjonar og ulike politiske miljø har kravd det lenge. Klif har sendt ballen vidare og Nordic Mining har komme opp med 3 skisser til landdeponi. Men landdeponi er ikkje einaste alternativ til gruveavfall i sjø.
Eit av alternativa til både å dumpe fleire hundre millionar tonn gruveavfall og kjemikaliar i Førdefjorden, og å lage gigantiske landdeponi, er å ikkje tillate gruvedrift som skaper slike mengder avfall. Ikkje utvinne mineralet no, men la det ligge i fjellet, i generasjonsbanken så å seie, til ein har ein teknologi som er slik at natur og samfunn ikkje vert øydelagt.
Nordic Mining, med kommuneleiinga i Naustdal på slep, har hevda at å dumpe gruveavfallet i Førdefjorden var einaste realistiske måte å kvitte seg med avfallet på. Alle andre alternativ var uaktuelle i dette prosjektet. Det er difor merkeleg at Klif har bede Nordic Mining (NM) om å utgreie landdeponi, eit alternativ som selskapet ikkje vil ha. Dette vert bukken til havresekken. Det er grunn til å tru at andre fagmiljø kunne ha komme opp med andre analysar og alternativ Likevel er det ein del viktige ting i Nordic Mining sin rapport. Dokumentet slår fast at landdeponi er mogeleg også i dette prosjektet. Fjorddeponi er såleis ikkje einaste alternativet.
Dei tre ulike landdeponialternativa er ikkje mykje å rope hurra for. Men alternativ 1 med ei 100 meter høg, og 750 meter brei demning tvers over Redalen illustrerer svært godt kor enormt mykje 140 millionar m3 gruvavfall utgjer.
Dei fleste gruveland har i dag forbod mot dumping av avfall i sjø. I Europa er det berre Norge og Tyrkia som har aktive sjødeponi. Og Tyrkia deponerer på over 3000 meters djup. Utan om Europa deponerer Filipinane og Papua Ny Guinea i sjø, men dette er kontroversiell praksis i verda i dag.
Londonkonvensjonen mot forureining av havet har forbod mot dumping av avfall til havs, med nokre få unntak. Ein kan sleppe ut stabilt gruveavfall (utan kjemikaliar), men må først vurdere andre alternativ. Dessverre gjeld Londonkonvensjonen berre ope hav, ikkje dumping frå land. Hadde Nordic Mining søkt om å frakte avfallet ut i Nordsjøen og dumpe det der, hadde det vore ulovleg. Det er eit internasjonalt arbeid i gong for å gjere Londonkonvensjonen gjeldande også i fjordar. Dermed ser det ut til å vere eit spørsmål om tid før deigruveselskapa som vil operere i Norge må finne heilt andre måtar å handtere gruveavfallet på, enn å dumpe det i fjorden.
EU sitt vassdirektiv set strenge krav til utslepp i vatn og sjø. Det er forbode å redusere vasskvaliteten under eit visst nivå. Klif held på med ei vurdering av om dei norske gruvedeponia er i strid med EU sitt vassdirektiv. Etter eksplosjonen i Sløvåg så er tilliten min til Klif relativt avgrensa. Difor er det godt å vite at det er EØS-domstolen og ikkje Klif som til sist kjem til å avgjerde dette spørsmålet. I denne saka er det fornuftig. Dersom norske gruveselskap har ei billegare og dårlegare avfallshandtering enn konkurrentane, er det konkurransevridande og skapar eit press på dei for å bruke billegare og dårlegare miljøløysingar.
Nordic Mining har planer om å bruke 5 – 10 % av restmassen. Det er bra. Men det er for lite. Dei vil likevel få 10 tonn avfall i minuttet som dei må bli kvitt. Londonkonvensjonen seier at tilbakefylling i gruva skal reelt vurderast før ein diskuterer deponi. EUs mineralavfallsdirektiv har ei liste ”Best available technology”: ”Ein effektiv metode for å redusere fotavtrykket frå gruveavfall og gråberg er å fylle delar eller alt attende i gruva (tilbakefylling). ” Dette blir peika på som ein spesielt viktig metode å bruke i dagbrot.
Tilbakefylling er ikkje i vurdert i Nordic Mining sin rapport. Rapporten er ikkje i samsvar med beste tilgjengelege teknologi, og er av den grunn av liten interesse. Like lite som fjordeponi, skisserer den eit berekraftig alternativ for handtering av gruveavfall. Internasjonalt er slik handtering gjennom bruk av massen og skånsam tilbakefylling tema. India har vedteke ei ambisiøs målsetting om å redusere gruveavfallet til null. Noko å strekke seg etter for ”miljølandet Norge”?

Arne Underlid
leiar i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe

Vist 319 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Ein treng vel ikkje dumpe noko i Førdefjorden..Men nokon trur at når det er vatn /sjø——-så er det ute av øye ute av sinn……Miljøkriminalitet er rette ordet…….

Exclamation_desat_24

Med utgangspunkt i fotoet av noen magre Brosmer , så tror jeg neppe at et fjord-deponi vil gjøre noen stor skade !

Annonse

Nye bilder