Forum: Lesarinnlegg

Her skriv du innlegg som du ønskjer på trykk i avisa. Hugs å signere med namn og rolle/tittel.

Det er redaksjonen som avgjer kva innlegg som skal trykkast i avisa. Skriv i parentes nederst om innlegget må trykkast innan ein viss dato.

Ønskjer du mest mogleg merksemd om innlegget, skal du i tillegg velje «Publiser med ropert», og innlegget hamnar du på fylkessona fjordaglimt.no i tillegg. Det er høve for andre Origo-medlemmer å kommentere innlegget ditt.

Død over landbruket, hilsen AP, SP, SV og de andre høyreliberale!

Vi agerer som idioter, særlig i landbrukspolitikken!

Nå får vi daglig beviset på at jordbruket og bøndene i Norge har fått dødsstøtet fra luringene i den sittende regjeringskonstellasjonen og de andre høyrliberale middelmådighetene i norsk politikk. Ikke makter de få bøndene ,som fremdeles gidder å arbeide dobbelt for luselønn, å skaffe nok kjøtt og heller ikke nok melk, -vi må importere enda mer. Og dette faktum ene og alene fordi vi har for få bønder til å opprettholde nødvendig produksjon!

Det som provoserer aller mest er at det er en villet, – en til de grader styrt avvikling av norsk distriktslandbruk. Nei nå greier vi ikke å produsere mer da må vi importere mye mer, sier de tverrpolitisk enige svikerne, unisont.

I 1949 hadde Norge 213 000 bønder, i 2011 har vi knapt 40 000 bønder tilbake! Urbane, kunnskapsløse idioter satser heller på utenlands jordbruksprodukter, selv om disse produktene er hentet fra den genetisk manipulerte, syke industrialiserte USA – og EU-produksjonen. Bare det er litt billigere, tenker disse storrøykende, spritdrikkende, kotelettslafsende bondehaterne.

Det vil snart vise seg at den norske forbruker skal få betale en høy pris for å bidra til å avvikle norsk landbruksproduksjon til fordel for kriminelle landbruksaktører som vulgærkapitalistiske Monsanto.

Heilhjarta støtte til bøndene!

Sogn Avis refererer 7. mai tal frå Statens Landbruksforvaltning. Siste 10 åra er tal såkalla ”husdyrbedrifter” redusert med 14.000 her i landet (over 30 ). Talet på gardar med dyrehald i Sogn og Fjordane er redusert frå 4189 til 2665 (36) dei siste 10 åra. Klassekampen kan 15. mai fortelje at det for 20 år sidan var over 100.000 gardsbruk i landet, men at det blir lagt ned 1.000 bruk i året. Avisa skriv vidare at tilskota til landbruk i dag er på rekordlåge 1,7 % av statsbudsjettet mot 8 % i 1978.

Vi kan vidare lese følgjande:
• I 1985 fekk bonden betalt 2,85 kr/l mjølk. I butikken kosta den kr 5,79/l.
I 2010 fekk bonden kr 4,43/l mjølk. I butikken kosta en liter kr 15,11
• I 1985 fekk bonden betalt kr 30,65 per kilo storfekjøtt. I butikken kosta kjøtet kr 90,13 per kilo.
I 2010 fekk bonden betalt kr 33,38 per kilo storfekjøt. I butikken kosta kjøtet 187,68 per kilo.

Desse tala seier oss ganske mykje om kven som har fått merka tapet og kven som har hausta vinsten av den statlege landbrukspolitikken dei siste 15 åra.

Raudt Sogn og Fjordane vil med dette kome med ei sterk oppmoding til fylkesordføraren og fylkesutvalet om å kome med støtte til bøndene og småbrukarane sin kamp for å få meir ut av staten enn ei landbruksmelding med til dels gode lovnader. Jordbruket er og blir ei svært viktig næring i fylket.

Raudt vil for eigen del gå ut med tydeleg støtte til bøndene sine aksjonar og meiner det er heilt på sin plass å ta i bruk drastiske verkemiddel .Vi skjønar godt at det no er slutt på tolmodet til bøndene!

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Framtida for bondestanden

Noreg har vorte utvikla som eit moderne samfunn siste hundre åra. Utviklinga i jordbruket har vore ein del av moderniseringa; I 1960 hadde vi 200 000 bruk. I 1990 var brukstalet 100 000. No er det registrert 45 000 bruk. Kor mange bruk skal vi ha om 20 år? 20 000?
Dei som har bakgrunn i bondeyrket, er arbeidsame folk. Dei har gått inn i mange slags yrke. Mange vart industriarbeidarar. Mange sektorar i Noreg har bruk for arbeidskraft i vår tid. Bønder som sluttar, vil kunne velje i mange slags yrke. Men det vil vere vanskeleg å erstatte dei som jordbrukarar. Drifta på den garden som vert nedlagd, vil berre sjeldan bli teken opp att. Busetnaden i bygde-Noreg er under sterkt press. Vidare reduksjon i jordbruket gjer vondt verre.

11 prosent til mat
Vi bruker 11 prosent av inntektene våre til mat. Meiningsmålingar viser at 9 av 10 er villege til å bruke ein større del av inntektene til mat, dersom dette kan sikre norsk landbruk. Eg les om grisebonden som hadde 500 griser og fekk 27 kroner kiloet for kjøtet i 1990. I dag har han 1500 griser og får 23 kroner kiloet. Arbeidspresset har sjølvsagt auka. Slike tal fortel tydeleg nok. Brutto nasjonalproduktet (BNP) i Noreg var 2711 milliardar kroner i 2011. Noreg har handlingsrom i landbrukspolitikken. Landbruket er ikkje ein del av EØS-avtalen. Og vi kan auke overføringane til landbruket utan at EU eller WTO (verdas handelsorganisasjon) kan blande seg.

Kvifor ikkje?
Bøndene seier tydeleg frå; No er tolmodet slutt. Den nye landbruksmeldinga gav håp, men så kjem utspelet frå staten i årets landbruksoppgjeret utan spor av dei positive elementa i meldinga. Det landet som produserer lite av maten landet treng, er utsett i krisetider og kan også pressast frå dei som rår over handelen med mat. Landet vårt produserer berre halvparten av maten vi treng. (Om vi åt vår eigen fisk, hadde vi nok mat, men ikkje alle ville ønskje fisk til middag 4 dagar for veka). Det er stor vilje til å behalde levande bygder. Folkemeininga er positiv overfor jordbruket. Kvifor vil ikkje regjeringa gjere det mogeleg å halde dei 45 000 bruka vi no har, i drift? I forhold til BNP i Noreg trengst berre småpengar for å gje jordbruket det løftet dei både treng og fortener.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Folkemusikk i Fjaler

Godeste Hallvard Arstein.
Har lese innlegget ditt om Folkemusikk i Fjaler og eg må seie at eg kjenner meg lite att i det du skriv. Eg trur heller ikkje at du oppnår noko med å skrive lange debattinnlegg i Firda om ting lesarane ikkje kjenner til. Dalsfjorden Spelemannslag har hatt eit problem som dei burde ha gripe tak i for lenge sidan. Til sist var det to lag som vart løysinga.
På fleire årsmøte i Dalsfjorden har det munnleg og skriftleg vore fremja framlegg om endringar i val av stoff og organisering av øvingar slik at alle kunne få utfordringar. Resultatet har vorte uendre praksis. Føremålsparagrafen til Folk Org er nok heilt ukjend for dei fleste. Lokalt stoff har vore lite brukt og til dels latterleggjord.
Havbrusen har vald si arbeidsform som fungerer godt. Medlemmer i Dalsfjorden treng ikkje uroe seg over framtida vår. Viss aller feier for eiga dør og let naboen få fred vert dette bra.
Slik eg las intervjuet i Firda, så hadde bladet fått med det som var vesentleg for laget.
Eg kjem ikkje til å delta i diskusjonar for eit publikum som ikkje kjenner bakgrunnen. Det eg vil be om er at medlemmene i Dalsfjorden Spelemannslag no tek til vetet,let andre få fred og konsentrerer seg om musikken frå Dalsfjorden.

Arbeidarpartiet bondefangar Liv Signe

No er sirkuset og dragkampen omkring landbruksoppgjeret i gong igjen.

AP sine representantar, sentralt og lokalt, har i alle år forfekta at dei ville oppretthalde småskalalandbruk. Når ein i bygdene ser kva som har skjedd vil ein fort oppdage at det AP hevdar utad ikkje på nokon måte stemmer. Slik det har vore siste åra den raud/grøne regjeringa har styrt har på ingen måte landbruket sine krav vorte innfridd. Bondelag og SP har då sete igjen med smular, og må registrere at dei overhode ikkje har nådd fram med sine krav.

SP har riktig nok skåla i sjampanje for at det utad skulle sjå ut som at bøndene har fått eit godt oppgjer.

Vi i FrP registrerar at det i samband med den landbruksmelding som er no framlagt har det vorte sett i gong eit grasrotopprør mot innretninga i framtidas landbruk. Ser ein på innretninga det framlagte landbruksoppgjeret frå staten, vert dei som driv stordrift favorisert. Det er ikkje vi i FrP usamde i, men skal det få ein effekt må kvoterestriksjonar og konsesjonsordninga avviklast.

Min påstand er at AP vil ha den norske bonden som slave i sitt eige system. Vi i FrP har tru på at den norske bonden vil og kan vere ein sjølvstendig næringsdrivande dersom vilkåra vert lagt til rette. Vi meiner at kvotereguleringar, konsesjonskrav og bu- og driveplikt må fjernast, og at landbruksbyråkratiet må sterkt reduserast. Det omsetningsnivået landbruket sjølve hevdar er nødvendig for at den enkelte bonde skal få omsett sine varer, er etter mi meining drive etter eit kommunistisk system, og er fullstendig utgått på dato. Skal bonden få betalt for sine varer til ein pris som forbrukaren er nøgd med, må monopolsituasjonen opphevast.

Vi registrerar i dag at dei som leverar til dei få private verksemdene som foredlar landbruksprodukt er svært nøgde med dei oppgjer dei får, og forbrukarane likar dei prisane på produkta som ligg i butikkane.

Sjølv om eg politisk er heilt usamd med sittande landbruksminister syner eg litt synd i han, som til dei grader er vorte overkøyrd av sine kollegar i AP. Landbruksmeldinga og landbruksoppgjeret syner med all tydelegheit SP sin manglande innflytelse i regjeringa. SP sin stortingsrepr. i Finanskomiteen, Per Olaf Lundteigen, var sterkt misnøgd med landbruksmeldinga og kom med eigne forslag, som dei raud/grøne (inkl. SP) røysta i mot.

Det vert no spanande å sjå om Lundteigen røysta for landbruksoppgjeret når dette kjem til behandling i Stortinget seinare i vår, eller om han fortsatt vil opponere mot eige parti.

Lars-Svein Drabløs
Sogn og Fjordane FrP

Minnesmerker og minoritetshensyn

Regjeringen har utnevnt styreleder i Human-Etisk Forbund, Åse Kleveland, til å lede arbeidet med å reise to minnesmerker etter terroren og massedrapene den 22. juli. Hun avviser at minnesmerket i Oslo skal ligge ved Domkirken med begrunnelsen at det vil virke ekskluderende på folk som ikke er kristne. Har hun glemt det faktum at folket valgte seg Domkirken i dagene etter terrorhandlingene? Har hun glemt at vi lever i et demokrati der flertallet og majoriteten skal bestemme? Har hun glemt Statsministerens ord om mer demokrati og ikke minst mer raushet? Hun bør ta inn over seg det faktum at flertallet i Norge er kristne og at forbundet hun er styreleder i utgjør marginale 1,6 prosent av Norges innbyggertall. Youngstorget er heller ikke et egnet sted for den tidligere trubadur. Hun velger seg heller Nisseberget – et sted utenfor allfarvei, kjent for en nazistatue under krigen og som tilholdssted for hasjrøykende ungdom på 70-tallet. Kjære Åse, blås støvet av gitaren og sett deg på Nisseberget, du. Vi har nemlig fått nok av minoritetsdiktatur og ultra-ateisme i dette landet!

Oppblåst klimakrise

I Firda fredag 11. mai har fylkesleiaren i Miljøpartiet Dei Grøne et innlegg som angriper Magne Dvergsdal for å ”reprodusere gammalt tøys fra andre klimaskeptikarar”. Som andre rettroende i klimadebatten truer fylkesleiaren med ragnarokk på linje med atomkrig om vi ikke følger anbefalingene til majoriteten av verdens klimaforskere. Han etterlyser fakta i debatten og her skal han få fakta som forhåpentligvis han redusere skråsikkerheten han uttrykker i diskusjonen med Dvergsdal.
Det er klimamodellene som spår katastrofale temperaturøkninger, ikke virkelige målte temperaturdata. Modellene har feilet fullstending i sine forutsigelser. På tross av rekordhøye CO2-utslipp har ikke global temperatur økt i det hele tatt i det årtusenet vi nå er inne i. Når observerte data ikke stemmer med modell, så er modellene feil. Dette er et grunnprinsipp i all vitenskap. Direkte økning av global temperatur som følge av dobling av CO2-innhold i luften, er beregnet til ca. 1 grad. Laboratorieforsøk viser mye mindre økning, men det er omstridt om de er overførbare til jordens klimasystem. Klimamodellene opererer med mange ganger høyere effekt av CO2 på temperatur, typisk 3-6 grader. Dette oppstår via såkalt positiv tilbakekobling i modellene som multipliserer opp effekten av CO2. Andre klimaforskere mener det er negativ tilbakekobling som vil føre til høyst en halv grads oppvarming ved dobling av CO2. En slik negativ effekt kan komme fra mer skydekke siden høyere temperatur gir mer vanndamp i luften. Dette samsvarer med at et hvert system som utsettes for forandring, vil motsette seg dette (LeChatelier´s prinsipp).
Den manglende effekten av CO2-økningen tyder på at klimakrisen er modell- og medieskapt heller enn en reell krise. Den er jo også nyttig for de politikerne som har skapt seg en velgerplattform på klimaspøkelset.
Det virkelig uheldige med fokuset på en innbilt klimakrise er at den tar vekk fokus fra de alvorlige utfordringene menneskeheten står foran. Den mest alvorlige er den eksplosive befolkningsøkningen som fører til store miljøødeleggelser, avskoging, sosial uro, folkevandringer og krig om ressurser. Reint vann er allerede en mangelvare, olje og gass vil om et par tiår være en mangelvare, og matforsyning kan når som helst bli et globalt problem. Også i vår norske boble fører klimafokuset til mange dårlige beslutninger som bruk av milliarder til testsenteret for CO2 på Mongstad, elektrifisering av sokkelen, vindmølleparker og skogplanting i unike fjordområder osv. Spørsmålet man bør stille seg er: Hvor lenge skal man bær havre til en død hest?

Det er noko sjukt i Arbeiderpartiet

Jens Stoltenberg er flink med nekrologar, no kan han snart forberede nekrologen over folkestyret og velferdsstaten som døydde!
AP knuser og raderer ut norsk landbruk. AP opnar for at internasjonal gruveindustri kan forsyne seg fritt av norske mineraler og samstundes fritt dumpe avfall og giftstoff i det som har vore rein natur. Den utanlandske gruveindustrien slepp å skatte til Norge og det einaste som vert att er arbeidsplassane, resten forsvinn til utlandet.

AP let utanlandske sjåførar køyre rundt i livsfarlige bilar utan å betale bompengar og på den måten utkonkurrere norske arbeidsplassar. AP sørgjer for at det vert eksotisk med fast tilsetting i arbeidslivet, det fiksa direktørvenen Stoltenberg ved hjelp av EU’s Teneste -og Vikarbyrådirektiv, norsk ungdom går ei vonlaus framtid i møte, 22 juli-empatien gjeld ikkje i realpolitikken.

At verda er i ein vedvarande økonmisk resesjon hindrar ikkje AP i å legge til rette for den spekulasjonsøkonomien som er årsak til denne resesjonen, ved å tillate ekstremvulgære hedgefond i Norge, designa for å lure og bedra, -motbydeleg!

Det finnest snart ikkje att politi i distrikta, aust-europeiske volds -og vinningskriminelle kan fritt forsyne seg av privat og offentleg eigedom. Multikultisamdunnet har integrert overfallsvaldtekter, blind vald, og eskalerande narkotikakriminalitet, det er fritt fram for alle tenkelege krapyl å fråtse i norsk infantil tiltru til det gode i mennesket, -den raude løparen er rulla ut, helsing AP!

Infrastrukturen og offentlege bygg forfell i rekordhastigheit. U-båten på Fedje skal ligge og forureine, Stadtunnellen vert utreia for 18 gong, ingenting skjer.

Bøndene er ikkje verd ein lusen milliard ekstra, men kriminelle og gjennomkorrupte politikarar i sør-amerika og andre stadar mottek såkalla regnskog-milliardar frå den rause Norge-svikaren, og samstundes vert det kjent at avskoginga av regnskogen aldri har vore større! EU mottek meir enn 3 milliardar kroner kvart år frå Norge, allikevel og i tillegg må Norge betale toll på ei mengd produkt, noko som gjer at fiskeforedling og annan viktig industri vert flytta til EU, -tru meg, det er faktisk sant!

AP let statlige direktorat øydelegge og sentralisere landet, det vert gjort fordi politikarane ikkje har kunnskap og/eller ikkje vågar å utfordre direktorata. Mellom anna har AP tillete direktoratet å øydelegge norsk skule. Dette er gjort ved direktoratets pålegg om å skape klasseskilje ved hjelp av å fjerne all fysisk aktivitet og å overteoretisere undervisninga, noko som har teke knekken på all lære-glede hos dei fagleg svakaste elevane. Med andre ord ein effektiv måte å hindre sosial mobilitet i befolkninga.

Og ikkje nok med det, -legg merke til sviket mot norsk ungdom når vi veit at AP sørgjer for at det no vert tilsett fleire utlendingar enn etniske nordmenn i nye jobbar, seinast i dag, 12.05, går Stoltenberg-vennen, broileren og opportunisten, den hemningslause Borten Moe ut og seier at det heller må satsast på utanlandsk arbeidskraft i mellom anna oljeindustrien. Det skal sjølvsagt ikkje stillast dei same krava om formell kompetanse til desse som til etniske nordmenn! Regjeringa legg opp til å svekke krava om fagutdanning, for utanlandsk arbeidskraft, i mange viktige yrke! Dette er meir enn skremmande, det er rote, særleg fordi det er gjort for å legge press på norsk lønsnivå og med det fremje sosial dumping!

Slik kunne eg ha ramsa opp titals motbydelege bevis på at politikarane let etniske nordmenn sitte attende som taparar i sitt eige land, men det er så deprimerande at eg stoggar her, inntil vidare. Det er noko sjukt i AP!

Har vi politikarar som er istand til å løyse problema i verda?

Vi har ein tendens til at det vert fleire politiske broylere i politikken. Er dette ei god utvikling? Vi står nemleg overfor ei framtid med globale utfordringar som ikkje lar seg løyse retorisk. Eg vil nemne som problem nummer ein, folketalsauken. Det vil føre til enorme konsekvensar dersom vi ikkje får stoppa denne utviklinga. Det er ei grense for kor mange det er mogeleg å brødfø her i verda. Vi ser likevel at politikarane er meir opptekne av CO2 i atmosfæren enn av at millionar svelt. Vi har altså eit hungersproblem som er for vanskeleg til at politikarane vågar å gripe fatt i det. Eit tredje problem dukkar opp og det er mangel på drikkevatn. Og no snakkar vi ikkje lenger berre om den tredje verda. I enkelte folkerike strøk i England held store vassreservoar på å tørke inn. Det er innført forbod mot å dusje og vaske bilen. Både drikkevatn og mat vert viktigare og viktigare for milliardar av menneske.
Broylerpolitikarar likar veldig godt klimapolitikk. Her kan retorikken nå store høgder. Og retorikk er det viktigaste for broylerar. Men kan dei tenkje sjølv? På meg verkar dei ikkje så velutrusta. Heller litt lettlurte som likar seg best i flokk. Er det på tide å stille desse politikarane meir til ansvar for det dei gjer? Kvifor må ikkje nokon ta ansvar for bortkasta milliardar for gassrenseanlegget på Mongstad? No blir dette store renseanlegget berre ståande som eit minnesmerke over ein feilslått klimapolitikk utan å vere istand til å reinse CO2-utslepp frå gasskraftverket. Det er litt trasig å sjå Statsministeren tusle av stad i månelandingsutstyret på TV saman med ein utsending frå EU. Etter den famøse nyttårstalen såg eg føre meg ein slik dag som offentleg flaggdag. Kor var musikk-korps og regjering på slik ein slik historisk dag? Snakk om nedtur! Tenk å bygge eit reinseanlegg til fleire milliardar, og så ikkje kunne bruke det! Kanskje er det på tide å tenkje over klimapolitikken på nytt. Kvifor treng vi reinseanlegg og CO2-lagring når naturen har ordna opp i det uten ei krone over statsbudsjettet i meir enn 4 milliardar år? Til og med rike Norge kan ikkje gjere mange slike klimapolitiske flauser.

Magne Dvergsdal.

Folkemusikk i Fjaler

Viser til oppslag i “Firda” fredag 4. Mai, der Havbrusen folkemusikklag får heiderleg omtale.

Pga. direkte faktafeil, manglande fakta, og det som heilt klart kjem under kategorien usant, kan ikkje denne omtalen stå uimotsagt.

“Dei tek vare på arven”, står det i overskrifta. Kven er så “Dei” ??

Ser ein på biletet over artikkelen, så tel vi 11 personar. Av desse 11, så har iallefall 5 av dei, fått heile si opplæring på hardingfele gjennom Dalsfjorden Spelemannslag/Fjaler kulturskule. Ein av desse 5, er Egil Furenes, som framstår som initiativtakar til, og leiar av Havbrusen folkemusikklag. I tillegg er der minst 2 på bildet, som pr dags dato, er medlem av Dalsfjorden Spelemannslag.

Ein kan sei mykje om Egil Furenes, både godt og ilt. Men om ein held seg til fakta, er det omlag som fyljer.
Furenes har vore medlem i Dalsfjorden Spelemannslag i ei årrekke, og har i tillegg, dei siste to åra, fram til 31. Januar 2012, vore vald styremedlem.
I løpet av desse to åra, har han vore bortimot heilt fråverande på øving med laget, og har heller ikkje delteke på arr. der laget har vore med.

Så det er verdt å merke seg at Furenes, som medlem og styremedlem av Dalsfjorden Spelemannslag, på same tid har tatt på seg oppgåva med å skipe eit konkurrerande lag.

Om ein er misfornøgd med stoda i det laget, eller organisasjonen ein tilhøyrer,så er det heilt vanleg folkeskikk, og demokratiske prinsipp som gjeld. Då må ein arbeide for det som ein meinar er rett, gjennom laget. Og er ein i tillegg innvald i styret, så har ein endå større mogelegheiter til å nå fram med sine meiningar og synspunkt. Den sjangsen har ikkje Furenes nytta seg av.
Han har heller valgt ei linje, der ting skal føregå i løyndom, bak ryggen på det styret han sjølv sat i.
Med dette som bakteppe, vart altså Havbrusen Folkemusikklag skipa.

“Gode Læremeistrar”, er ei av undertitlane i “Firda”.

Det var dei sikkert, både Håkon Solås, og Vidar Underseth.
Men journalisten har utelate eit vesentleg poeng: Det var Knut Skoghei, som “drog igang”, og har hatt mangeårig opplæring av ungdommane på biletet, som står med hardingfela i handa.

At Furenes ikkje vil ha ein musikalsk leiar i folkemusikklaget sitt, undrar meg mykje. Dei aller fleste lag av denne sorten, har det. Einkvan må ta ei beslutning, når det trengst.
Furenes fekk tilbodet om å ta over denne rolla i Dalsfjorden Spelemannslag i 2010, men det takka han nei til.

Så den gleda “Firda” uttrykkjer, over eit nytt lag i ytre Fjaler,som “tek vare på arven” er det heller få som deler. Dalsfjorden spelemannslag spelar i all hovudsak tradisjonsmusikk, av/ etter lokale spelemenn i området.

Kor og korps her i kommunen søkjer samarbeid. Det burde vere slik i folkemusikkmiljøet her også. Og samarbeid får ein til, ved positive innspel, og ei åpen linje. Ikkje slik som her, med surmuling og at ting skal føregå i det stille.

Så til “Firda”: Det burde vere sjølvsagt å vere kjeldekritisk, når ein skal trykkje eit nyhende som dette.Slike nyhende i folkemusikkmiljøet er ikkje daglegdags. Men eg må sei at eg oppfattar kjeldekritikken som fråverande i denne artikkelen. Det er svært beklageleg.

Hallvard Arstein.
Straumsnes

Sviket frå dei Raudgrøne !!

Tilbodet frå staten til bøndene i jordbruksforhandlingane er på 900 mill kroner. Dette er milevis unna kravet frå oss bønder, som var på 2,2 mrd. Breim Bondelag har omtala landbruksmeldinga som positiv, med mange gode målsettingar og intensjonar. Meldinga har faktisk skapt optimisme og tru på at politikarane endeleg har teke svak økonomi og bruksnedlegging på alvor. Når manglande verkemiddel og konkrete tiltak har blitt etterlyst i meldinga, har det heile tida vore peika på at dette kjem under jordbruksforhandlingane. Etter at vi har delteke på informasjonsmøte om meldinga med Lars Peder Brekk, so fekk vi følelsen av at no kjem der eit lite løft i heile landbruket, snakk om mageplask ! Når tilbodet til bøndene totalt manglar dei verkemiddel som skulle gje bøndene eit løft økonomisk so må dette kallast eit svik. Det er eit svik mot oss som bønder og eit svik mot forbrukarane, som er klare på at dei ynskjer trygg norsk kortreist mat.

Når ein ser litt på kva som ligg i tilbodet so er det berre 625 mill som er inntektsskapande, og over halvparten av dette er igjen knytt til auka målpris, som vi ikkje på nokon måte er garantert å greie å hente ut i marknaden. På mange måtar kan ein seie regjeringa si vilje til auka lønnsemd i landbruket, og dermed auka matproduksjon, er 227 mill som er auken i budsjettmidlar frå 2012 til 2013. Og dette rimar dårleg med å oppfylle målsettingane i meldinga.

Dersom vi ser vekk frå landbruksmeldinga , hadde vi faktisk anbefalt at ein no gjekk til forhandlingsbordet. Men no har faktisk regjeringa kome med denne meldinga og då var det skapt forventningar. Mange bønder har sete på gjerdet når det gjeld investeringar grunna svak økonomi, og desse får vi diverre ikkje med vidare dersom dette oppgjeret skal danne malen for dei komande åra.

Derfor anbefalar vi forhandlingsutvalet om å gå til brot utan forhandlingar. Vi må markere at vi ikkje vil vere medansvarlege, når vi så tydeleg ser at dette jordbruksoppgjeret ikkje oppfyller målsettingane i landbruksmeldinga i det heile teke. Staten får stå aleine i skammekroken !!!

Helsing Breim Bondelag
v/Anders Felde

Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig

I dag 12 mai feirar sjukepleiarar over heile verda Den internasjonale sjukepleiardagen – til minne om Florence Nightingale sin innsats for den moderne sjukepleie. Den kunnskapsutvikling ho og mange andre sjukepleiarar har stått for har vore ein avgjerande faktor for helse og utvikling både nasjonalt og internasjonalt.
Norge utdannar årleg mange kunnskapsrike og kompetente sjukepleiarar. Kvar dag brukar sjukepleiarane sin kunnskap slik at du skal vere trygg på å få rett behandling, pleie og omsorg. Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig men basert på kunnskap.
Medisinar og rett behandling kan redde mange liv i alle land. Utfordringa er korleis denne kunnskapen om behandling kan komme fleire til nytte. Sjukepleiarane er oppteken av korleis gapet mellom kva vi kan og veit og kva som vert gjort kan verte mindre. Sjukepleiarane er tilstades med viktig informasjon om system, organisering, ulike gruppers helseutfordringar og lokale forhold. Dette er kunnskap som er livsviktig for nytenking og utvikling av helsetenester i heile verda.
Den 24 september 2012 er Norsk Sykepleierforbund 100 år. Norsk Sykepleierforbund har vore ein sterk bidragsytar til at Norge har eit av verdas beste helsevesen. I dag har Norsk Sykepleierforbund nær 100 000 medlemmar som arbeidar innafor eit stort spekter av fagfelt både i kommunar, sjukehus og i privat sektor.
Gratulere med dagen sjukepleiarar, de gjer ein fantastisk jobb. De er der alltid når vi treng dykk.

Oddgeir Lunde
Fylkesleiar
Norsk Sykepleierforbund
Sogn og Fjordane

Annonse