Viser arkivet for oktober, 2014

Innsamling til byste

Kva skal vi ta med oss og minnast frå historia? Det som nokre vil ha fram i lyset, ønskjer andre skal svinne bort i gløymsle. No er det teke eit initiativ for å få reist ein byste av major Oliver H. Langeland (1887 – 1958 ) ved eksersisplassen på Nordfjordeid. Han voks opp i Eid kommunen.

Langeland og åndsfridom i Noreg
Han var kritisk til kor lite Noreg satsa på å utvikle evne til å forsvare seg militært i 1930-åra med auka spenning mellom stormakter og med eit meir og meir aggressivt nazi-Tyskland. Han kritiserte dugløysa regjeringa synte då Tyskland angreip. Raskt engasjerte han seg i motstandsarbeid og vart leiar for Milorg D13 (Oslo) fram til 1944 då han vart beordra til England. Og ikkje minst kritiserte han landssvikoppgjeret for å vere urettferdig; Mange var viktige for det tyske styret med sitt samarbeid, men dei fleste av desse gjekk fri. Derimot fekk mange med uvesentleg samarbeid strenge straffer. Etter krigen vart det svært viktig korleis krigsåra vart framstilte. I boka ”Dømmer ikkje” legg han i 1948 fram mange faktaopplysningar og vurderingar frå tida før, under og etter krigen; mange av opplysningane fall styresmaktene tungt for brystet. Ytringsfridomen skal stå sterkt i Noreg. Men her gjekk regjeringa Gerhardsen aktivt til angrep. Regjeringa laga ei eiga Stortingsmelding om boka i 1950, og Stortinget debatterte boka. Regjeringa tok ut injurietiltale ved riksadvokaten. Tiltalen kravde Langeland straffa for ærekrenking og kravde salet av boka stansa. Retten frikjende Langeland for straffeansvar, men enkelt uttrykk vart erklært mortifiserte (døde), og boka vart inndregen ved dom.

Få kjenner Langeland
Eg har lese ein del om 2.verdskrig, men berre tilfeldig vart eg nyleg kjend med boka ”Dømmer ikke”, som kom i ny utgåve i 2009. Makthavarane har lukkast. Svært få kjenner til Langeland, livet hans og boka hans. Den knusande kritikken mot makta vart lite kjend, og lærebøker har utan å kunne bli konfronterte fortelje om styresmaktene sin heltemodige kamp mot tyskarane. Og den forteljinga fortel dei framleis!

Faresignal i fleng
Langeland stiller opp ei lang rekke med faresignal norske styresmaktar mottok fram mot det tyske angrepet 9. april 1940; eg tel 32 meldingar om ein veksande fare, meldingar frå mange hald, solide hald. Likevel vart så godt som ingenting gjort. Denne lista på 32 punkt er pinleg å lese også i dag. Eg har arbeidd som historielærar i heile mitt yrkesliv. Lærebøker i historie har ikkje med slikt.

Nokre døme hjå Langeland
Ved invasjonen i april 1940 trengde tyskarane flyplassar. Tyskarane kravde at det vart skaffa norske arbeidarar til fleire flyplassar. Oslo kommune sende 15. april 200 arbeidarar til Fornebu. Oslo formannskap skaffa dessutan private entreprenørar med mange arbeidarar til arbeid på Fornebu. Britiske fly bomba flyplassen om natta. Norske arbeidarar reparerte den om dagen. Tyske fly brukte Fornebu til å bombe norske styrkar som samla seg for kamp mot tyskarane. Værnes og Lade flyplassar var viktige for tyskarane. 24. april hadde Sør- Trøndelag fylke annonse i avisene etter 2000 arbeidarar til flyplassane. ”Den tyske overkommando erklærer at disse arbeider er nødvendige for å beskytte Trondhjem”, står der til slutt i annonsen. Ja, då så! Flya gjekk på den tid til kampområda i og omkring Narvik, og var svært viktige for utviklinga av kampane der. Og dei bomba Hegra festning. Likskap for lova er eit grunnleggande prinsipp i einkvar rettsstat. Langeland nemner arbeidaren som etter krigen vart trekt for retten for å ha teke arbeid på Værnes. Anklagen var landsforæderi. Saka vart trekt då fylket sin annonse etter arbeidskraft vart lagd fram.

Ghandi og samarbeid
I India såg Ghandi klårt korleis Storbritannia berre kunne makte å styre India som koloni dersom indarar utførde mesteparten av alle mogelege oppgåver britane måtte ha utført. Hans appell om boycott, om ikkje å ta arbeid for britane, fekk det britiske imperiet til å skjelve; dei fengsla Ghandi og undertrykte boycottrørsla brutalt. Etter krigen peika Langeland på mange konkrete døme på viktig norsk samarbeid med okkupasjonsmakta; Administrasjonsrådet, fylkesmenn, andre embetsfolk i direktorat og departement, politiet. Han er konkret og underbyggjer med dokument. Styresmaktene i Oslo og Trondheim stilte arbeidskraft til flyplassar for tyske fly som bomba norske styrkar i kamp. Ingen vart stilte for retten. Historiebøkene våre fortel at vi hadde eit rettsoppgjer vi kan vere stolte av. Langeland påviser tydeleg grov mangel på likestilling for lova.

Ein heidersmann
Men si sterke rettferdskjensle opplevde han den ulike behandlinga av høg og låg i rettsoppgjeret som provoserande. Styresmaktene ville ha fred og ro etter 1945, men Langeland skapte uro. Difor rettssaka mot han. I Noreg i dag er det samstemd dom over land som bruker domstolar mot bøker. Mange i Noreg veit om den skammelege domen mot Agnar Mykle og boka ”Sangen om den røde rubin”. Men kor mange kjenner den like skammelege domen mot Langeland si bok ”Dømmer ikke”? Oliver H. Langeland døydde som ein skuffa mann i 1958. Journalisten Arvid Bryne gav i 2012 ut boka ”Krig og sannhet. Langelandsaken og landsvikoppgjøret”. Bryne seier han har skrive boka fordi han ser korleis Langeland har vorte viska ut av historiebøkene. I alle land skranglar det i skjelett i ymse skåp, og mange av skjeletta er knytt til krigen. Slik er det også i Noreg. Nokre av skjelett er det enno mogeleg å få fram i lyset. Det er viktig for norsk historieskriving og norsk sjølvforståing.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

P.S. Både Bryne og Langeland si bok er gode julepresangtips til den historisk interesserte som har alt! Og innsamlinga til bysten på Nordfjordeid treng mange bidrag!

Utan spiritualitet?

Ser i Firda 27.oktober at nokon driv med yoga utan spiritualitet. Korleis er det mogleg? Alt er energi/spiritualitet på ulike frekvenshastigheiter. Dess tettare masse, dess lavare hastigheit. Alt i den fysiske verda er skapt av ånd/energi, og det er det vi pustar inn og som held oss i live. Å fornekte det spirituelle er å fornekte Livet/Gud. Korleis vi forstår denne livsenergien og korleis vi bruker den, er det einaste som skil vondt frå godt.

Dessverre har kyrkja og det såkalla kristenfolket indoktrinert mennesket gjennom 1000 år med den vranglære at det spirituelle er noko skummelt og farleg som ein skal passe seg for. Denne oppfatninga har gjennom hundreåra kulminert i forferdelege ting som til dømes hekseprosessane og nedbryting av andre kulturar, då oftast kulturane til naturfolk. Slike forfølgjingar har nettopp sitt opphav i frykt, for kyrkja sitt vedkomande er det snakk om frykta for å misse kontrollen over mennesket. Egoistisk frykt er det motsatte av kjærleik.

Haldningar som desse, er veldig fastspikra og sit djupt i mennesket. I vår tid er det meir snakk om å fnyse forakteleg og latterleggjere spirituelle menneske og sjå på dei som lite seriøse, og det er populært å seie at ein er ikkje opptatt av det spirituelle, men ser på kroppen som det viktigaste, uvitande som ein er om at det spirituelle er grunnlaget for kroppen. Utan det spirituelle hadde vi ikkje hatt nokon kropp. Den einsidige fokuseringa på kroppen har, som vi veit, skapt mange sjukdomar og problem, spesielt for unge menneske.

Det er fint at yoga er blitt populært blant folk flest, men ein må vite kva ein driv med. Eg har sjølv fått erfare at yoga gjer godt. I avisreportasjen vart det sagt at deltakarane får meir energi av øvingane, og denne energien er nettopp den spirituelle guddommelege kraft som omgir og fyller alt i kosmos om ein er villeg til å opne opp for den, og yoga hjelper til med det. Vidare vart det sagt at yoga både er trening og avslapping; med andre ord har vi her å gjere med balanse mellom kropp og ånd. Berre synd at deltakarane ikkje forstår kva rolle det åndeleg spirituelle spelar, for det å forstå / vere seg bevisst gir i seg sjølv god helsegevinst.

I det indiske ayurvediske helsesystem er yoga definert på denne måten: ”Formålet med yoga er å sameine individuell intelligens med kosmisk intelligens; skape balanse og koordinasjon mellom kropp, sinn og bevisstheit gjennom enkle yogaøvingar og pusteteknikkar”. Det er mange yogatyper, men all god yoga har dette som sitt mål. Då blir det meiningslaust og skurrande å seie at ein ikkje treng rekne med det spirituelle.

Det norske veritas GL om fjordeponering av gruveavfall

Bustadpolitikk på ville vegar?

I Firda 18. Oktober 2014 kommenterer rådmann Ole John Østenstad og plan- og bygningssjef Odd Harry Strømsli den nye arealplanen for Førde kommune. Fortetting av sentrumskjerna og handelsutbygging på Brulandsvellene vert prioriterte, medan nye sentrumsnære utbyggingsområde for einebustader igjen vert prioriterte ned.
Det er ingen tvil om at det er på høg tid med nye tankar i bustadpolitikken i Førde. Vert dei skisserte planane førande linjer for dei næraste åra, vil bakevja snarare bli større.

Det finns ikkje usemje i at fortetting og fornying av bykjerna er viktig for vidare byutvikling og urbanisering. Om ein ønskjer vidare folketalsauke, må ein imidlertid i arealplanen ta høgde for alle dei ulike gruppene i bustadmarknaden. Etter vår meining vil eit val om å skrinlegge utbygging av det som reelt sett er sentrumsnære område i så måte være svært uheldig. Mangel på slike tomter for einebustadar er per i dag eit etableringshinder for mange barnefamiliar. Dette er gruppa som kanskje er den viktigaste ressursen for vidare vekst og utvikling av Førde som by og senter.
Det er vanskeleg å sjå at ei satsing på einebustader i Førdslia skulle undergrave utbygginga av sentrum, slik Strømsli skisserar. Det vil neppe oppstå kannibalisme i ein marknad som er attraktiv for ei heilt anna kjøpargruppe. Dette føreset sjølvsagt at ei utbygging i Førdslia vert føreheldt einebustader. Leilegheiter i bykjerna vil i hovudsak vere aktuelle for einslege og eldre. Utbygging av hovedsakeleg små einingar har diverre vore symptomatisk for bustadutbygginga i Førde dei siste åra. Dette er primært drive fram av at dei store utbyggjarande, som i stor grad får legge til rette byggjeprosjekt med tanke på eiga inntjening. Dette burde kommunen kunne stå fritt til å motverke. Etter vår meining vil tilrettelegging av tomtesal til private og mindre aktørar gje ein sunnare og breiare konkurranse i marknaden.

Det vert i artikkelen påpeika at nye einebustader må liggje i omlandet. Øvre slåttebakkane, Farsund, Sunde, samt Kvamme og Ramstad i Angedalen er valgte som utbyggingsområde. Når ein vel å forkaste meir sentrumsnære alternativ, ser ein etter vår meining vekk frå grunntanken med å etablere seg i ein småby som Førde. Det å kunne bu nær arbeid, skule og fritidstilbod, og dermed minimalisere logistiske utfordringar i kvardagen, er vesentlege faktorar. Når ein fyrst lyt ta bilen fatt, betyr ekstra minutt lite. Det vert då lett å sjå til nabokommunane, som kan by på attraktive utsiktstomter til lågare kostnad. Det framstår for oss underleg at Førde kommune slik ser seg råd til at gode skattebetalarar heller etablerer seg i nabokommunane. Dette vil sjølvsagt igjen ha negative konsekvensar på den daglege handelen i Førde sentrum. Slik vi ser det, vil ei meir perifer bustadutbygging bidra til å flytte handelen mot Brulandsvellene.

Førde kommune fekk nyleg utført ei omfattande konsekvensutgreiing og ROS-analyse av konsulentselskapet Sweco. Denne er publisert på kommunen sine nettsider. Det framstår påfallande at fleire av dei områda kommunen no vil utbygge med einebustader, her vert vurderte som ikkje tilrådelege for utbygging. Dette medan sentrumsnære område i Vieåsen, Slåtten, Skei ved Toene, Brattebergkvia og Førdslia her vert vurderte som tilrådd utbygde.

Konklusivt ser vi det som vel og bra at kommunen ønskjer ei fortetting med utbygging av leiligheter i sentrum. Tilrettelegging av reelt sentrumsnære einebustadtomter saknast imidlertid frå arealplanen. Vi føreslår at det opnast for regulering av tomter for einebustadar på tilrådde areal i Vieåsen, Slåtten, Skei ved Toene, Brattebergkvia og i Førdslia, parallelt med ei fortetting av bykjerna. I så måte håpar vi at alle som ønskjer ei balansert bustadutbygging i Førde, fremmer dette ved dei førespegla folkemøta i høyringsfasen av den nye kommuneplanen.

Torgeir Folkestad, Førde
Øystein Nordahl Moe, Førde

Du må betale for EU`s klimamål

Var overskrifta som møtte VG`s lesarar på nett fredag kveld. Eu har på ny lagt lista for eigne land i energi- og klimapolitikken. Klimagassutsleppa skal vere på 40% av 1990 nivået, og energinivået skal vere dekka av minst 27% fornybar energi, men dette skal tydelegvis ikkje gjelde alle medlemsland. Måla er vel og bra, men ikkje for oss.

For her kjem norske forbrukarar inn, ikkje direkte men indirekte. For korleis skal Eu`s representantland klare dette utan norsk hjelp? Dette har dei siste regjeringane tatt inn over seg og planlegg storstilt utbygging av kraftlinjer til utlandet. Kraftnettet skal opprustast for 100 mrd kr, og vi har inngått samarbeid med Sverige om grøne sertifikat for utbygging av fornybar energi, prislapp;120 mrd norske kroner, dessutan skal det byggast store overføringskablar til Europa. Her på desse punkta kjem norske forbrukarar inn, for vi må betale for dette. Det er mange år sidan at land som f.eks Tyskland har sagt at dei kan gjerne kjøpe norsk overskotskraft, men dei ville ikkje vere med å betale utbygging av dette.

Ein annan og alvorleg konsekvens dette vil få for oss her i Noreg er at ved å bygge fleire overføringskablar til Europa er at vi importerar det europeiske straumnivået. Og det er ikkje greitt, kvifor skal vi tøme norske reservoar for å forsyne eit europeisk marknad som ikkje vil betale for det det kostar? Vil dei ha norsk kraft, kan dei få, men då må det vere overskot av det vi produserar og dei må betale det vi vil ha. Overskotskrafta skal komme norske forbrukarar til gode, og ikkje omvendt. Vi er sjølvforsynte her i landet, alt anna som vert sagt er bare tull.

Dette som Europaminister Vidar Helgesen frå Høgre seier, at det ikkje vil bli noko umiddelbar effekt på straumprisane, og på sikt vil desse gigantiske utbyggingane gi oss meir stabil forsyningssikkerheit. Kan fort vise seg å vere ei sanning med modifikasjonar. Vidare seier han at Solberg regjeringa skal sette opp nasjonale mål i 2015 for blant anna klimautslepp, og fornybar energi. Vi får håpe at dei då har funne ut at vi har opp mot 100% produksjon av fornybar energi her til lands allereie.

Det vi må gjere er å fokusere på fornying av eksisterande kraftproduksjon, framfor å byggje ut meir naturkrevjande kraftproduksjon. Vi må verte flinkare å bruke den krafta vi har, ikkje sløse fordi vi kan. På den måten vil vi her i landet vere klar til å møte framtidige utfordringar. Men det er ikkje nok at vi gjer det, europeiske land må gå i seg sjølve. Eg tenkjer at ein storby som Paris er i stand til å bruke like mykje kraft på ei natt når alle ligg og søv , som det vert produsert på ein dag her i Sogn og Fjordane.

Kamp for rasering av arbeidstidsreglane

Regjeringa sine føreslåtte endringar av arbeidsmiljølova fører til negative konsekvensar for sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar sin kvardag. Fellesorganisasjonen (FO) er derfor imot desse endringane. Ei auke av midlertidige tilsettingar gir utrygge tilsettingsforhold, usikker økonomisk situasjon og vanskar med å få lån.

Auka tilgang til å pålegge overtid er fleksibelt for arbeidsgivar, ikkje så fleksibelt for
arbeidstakar. Meir pålagt overtid vil gi større press på arbeidstakaren og gjere det
vanskelegare for folk å planlegge kvardagen. Spesielt når det gjelder rammene for
individuelle avtaler, vil dette – i tillegg til forslaga om utvida rammer for
gjennomsnittsberekning – leggje eit utilbørleg press på den enkelte arbeidstakar når det
gjelder lange arbeidsdagar og press for å inngå individuelle arbeidstidsordningar. Dette kan og bli ei løysing mange arbeidsgivar veljar framfor nødvendig auke av grunnbemanninga eller å betale for overtidsarbeid.

Forslaget inneheld også mindre utteljing for beredskapsvakt. Mange av FO sine medlemmer jobbar beredskapsvakt til dømes i barnevernet, psykiatri og rusomsorg. Dette er krevjande beredskap der ein ofte må forholda seg til akutte situasjonar som er spesielt fagleg og mentalt krevjande. Dette endras ikkje av at teknologisk utvikling gjer at ein kan vere mindre stadbunden under beredskapsvakta.

FO har reagert spesielt på forslaget om at Arbeidstilsynet skal overta funksjonen med godkjenning av unntak frå loven sine regler om arbeidstid, dvs. overta dispensasjonstilgangen som i dag blir utøvd av fagforeiningar med innstillingsrett. FO har utarbeida gode rutinar og kompetanse til å behandle avtalar om unntak frå arbeidstidslengda og forbundet legg betydeleg vekt på dialogen lokalt for å sikre dei gode løysingane. Organisasjonane lokalt vil ha kompetanse på dei ulike fagfelta og vil i samarbeid med verksemda ha heilt andre mulegheiter til å kome fram til løysingar som vektlegg enkeltpersonar sine særlege behov og samtidig ivareta arbeidstakarane si helse miljø og sikkerheit. FO meiner at dagens arbeidsmiljølov er fleksibel nok, og gir mulegheiter til å finne dei løysingar det er behov for gjennom tilgang til å søkje dispensasjon som blir underlagt situasjonsbetinga og balanserte vurderingar.

Samlege forslag til endringar er lite sosiale. Dei vil belaste familiar og svekke likestillinga. Auka omfang av søn- og helgedagsarbeid, meir overtid og lengre vakter kan vere vanskeleg å kombinere med barn og familie. Vi frykter at det spesielt er kvinner som vil kome dårleg ut dersom dei føreslåtte endringane gjennomføras. I høve til forslaget om meir bruk av midlertidig tilsettingar står det i høyringsbrevet frå departementet: »kvinner er i større grad midlertidig tilsett enn menn». Det var alt Regjeringa ynskte å utdjupe om konsekvensane for kjønna i si grunngjeving. Uansett kan utstrakt bruk av midlertidig tilsette vere sjølve «kremoppskrifta» på korleis arbeidsgivarar kan dekkje over diskriminering av gravide arbeidstakarar.

FO meiner at normalarbeidsdagen er eit viktig prinsipp i arbeidstidsreguleringa som partane i norsk arbeidsliv må hegne om. All forsking viser at lang dagleg arbeidstid og overtidsbelastning over tid gir auka risiko for feil og ulykker, psykiske helseplager samt auka risiko for andre helseproblem. Dert er difor merkeleg at helseaspektet er fullstendig fråverande i regjeringa si grunngjeving og argumentasjon, særleg når dette er hovudargumentet for å verne arbeidstakarane mot for lange arbeidsdagar. Det vil og kunne forårsake at personar med nedsett funksjonsevne vil falle raskare ut av arbeidslivet. Dette er stikk i strid med IA-arbeidet si målsetting om å få fleire med nedsett funksjonsevne i arbeid.

FO meiner at regjeringas endringsforslag konsekvent overfører makt til arbeidsgivar på kostnad av arbeidstakarane. Tillitsvalte rolle og ansvar svekkas. Dette er eit angrep på trepartssamarbeidet som er ein suksessfaktor i eit godt fungerande norsk arbeidsliv.

FO krev at regjeringa stanser alle angrep på arbeidsmiljølova. Arbeidstakarar, brukarorganisasjonar og fagrørsla må stå samla i dette kravet på grunn av at det vil påverke alle sin kvardag.

Ann-Kristin Nygård
Fylkesleiar FO Sogn og Fjordane

Bra i særklasse

Hilde Genberg, UWC, skriv i onsdagsnr. av papiravisa Firda om båttur på Dalsfjorden.

Innhaldet og oppslaget ellers har etter mitt vit toppkvalitet.

Båten: Er det ein nordlandsbåt?- berre flisespikkeri av meg.

Hilde Genberg får bra i særklasse frå meg.

KOMMUNESAMANSLÅING

Ser i Firda 21/10 at saka har vore drøfta i Førde formannskap. Krf v/Haugsvær og Sp v/Varlid ser ut til å halle mot ein storkommune i Indre Sunnfjord medan H v/Grotle og V v/Taule vil invitere Flora med i samanslåings-eininga.
Men kva har dei to sistnemnde tenkt seg for resten av kystkommunane, vil dei også invitere Bremanger, Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund med eller vil dei berre plukke frå øvste hylla og la utkantkommunane segle in eigen sjø? I såfall typisk blå tenking utan framtidsperspektiv.
Nei stå på for eit ærleg perspektiv Haugsvær og Varlid og la kysten få ha ein “hovudstad”

Vindkraft vil ingen kjøpe

Berre til vindkraft her i landet har NVE delt ut konsesjonar til 19,5 TWh (milliardar kWh), nesten tre firedelar av dei 26,4 TWh som sertifikatordninga skulle skaffe i Noreg og Sverige til saman. Problemet for selskapa er at ingen vil ha denne krafta.
Men Stein-Arne Ottesen i Vindkraftforum Sogn og Fjordane lengtar etter meir. Han fortel her i avisa 20.10. at dersom svenskane stengjer eit atomkraftverk, må vi erstatte den krafta med anna svensk kraft eller nye utbyggingar.
Vi har kraftutveksling med fleire land, ikkje berre Sverige. Kvar dag går det kraft både inn og ut. I 2012 eksporterte vi netto nesten 18 TWh. Det tilsvarer 18 gonger det som for mange år sidan var planen å få ut av Gaularvassdraget. Tendensen gjennom dei siste ti åra er stigande eksport, med unnatak for særleg kalde og tørre vintrar. Forbruksveksten i vårt land har nesten stansa; han er mykje mindre enn tilgangen på ny kraft. Forsyninga er overdekt for lenge sidan.
Elsertifikatordninga skal altså gje 26,4 TWh meir kraft i Norden fram til 2020, og altså i eit område nesten utan vekst i etterspurnaden. Både Statkraft og andre analytikarar ventar store overskot og låge prisar. I januar i år melde Teknisk Ukeblad, med Statkraft og Bergen Energi som kjelde, at dersom målet om 26,4 TWh vert nådd, kan prisen på elsertifikata gå mot null.
For litt sidan kom det fram at dei største kraftselskapa på Vestlandet har tapt 250 millionar kroner på sin vindkraftiver. BKK har gjeve opp vindkraft, og Vestavind Kraft taper pengar heile tida. Selskapa har langt mindre overskot å dele ut til sine eigarar, for det meste kommunar og fylkeskommunar. Ottesen reklamerer med at vindkraftselskapa er store skatteytarar for kommunane. Ikkje noko selskap betaler skatt når dei går med underskot, og dei fleste selskapa held til andre stader enn her i fylket.
NVE har gjeve konsesjon til 94 vindkraftverk i landet. Få av dei er bygde; dei løner seg ikkje. I 2013 leverte dei 1,9 TWh, vel 10 prosent av eksportoverskotet i 2012. Straumkjøparane må betale ein ekstra pris for denne krafta, og nå vil regjeringa at staten skal gje avkall på skatteinntekter frå vindkraftselskapa, gjennom nye avskrivingsreglar. Dei skal få hjelp til å øydelegge natur for å skaffe meir kraft som ingen vil ha.
Ideen bak dette makabre forbruket av natur og kapital var å dempe utsleppa frå fossile brennstoff. Det har vi som kjent ikkje sett noko til. I staden ivrar både staten, fylkeskommunane og kommunane etter meir av alt som aukar utsleppa. Mest suksess har dei med å få opp bilismen og flytrafikken. Mot klimaendringane ville det vere billegare enn vindkraft om staten betalte for store overskot av eple kvart år, og minst like nyttig.

Erik Solheim, Førde

Kommunereform

Stortinget diskuterte kommunereform 18. juni 2014. Diskusjonen viste at der er fleirtal på Stortinget for ei kommunereform. Men kva innhald fleirtalet er einige om, er det vanskeleg å få tak i. Talet på kommunar skal reduserast, frå no 428, men kor mykje er uvisst. Alminneleg vitige folk som freistar orientere seg, møter eit rikt utval av plussord; Effektivitet og stordriftsfordelar skal det bli, meir økonomisk solide kommunar, større valfridom for innbyggjarane, meir lokaldemokrati. Lista over minusord er tom. Eg har ein målestokk for meg sjølv; Eg har studert 7 år på universitet, og har lært det teoretiske og abstrakte språket som dominerer samfunnsteoriar og det politiske liv. Og eg har diskutert politikk med mange slags folk. Når eg ikkje greier å forstå kva kommunereforma skal føre til, så er det ikkje meininga det skal vere forståeleg for folk flest.

Absurditetar
Kommunane skal no diskutere kva samanslåing(ar) dei ser seg tente med. Men dei får ikkje vite kva oppgåver dei nye kommunane skal ha ansvar for før 2015. Regjeringa understrekar at det er positivt å dra innbyggjarane med i prosessen der ein diskuterer; Men dersom innbyggjarane gjev feil svar om kva dei ønskjer, så kan dei verte tvangssamanslegne. Og vil dei halde fram som eigen kommune, så vil staten straffe kommunen økonomisk ved reduserte overføringar. Utsendingar frå fylkesmannen reiser rundt i kommunane og orienterer sakleg og nøytralt, men dei gjev klåre råd om kva som er lurt å velje. Og er også tydelege på kva straff som kan kome for dei som måtte gjere dårlege val. Her må det vere mengder av gode humoristiske poeng til folk som lagar til revyar rundt om i Noregs land. Tema; byråkratisk leiing av utviklinga av demokratiet.

Røynsler frå Danmark
I 2007 vart 271 danske kommunar redusert til 98. Talet kommunepolitikarar vart brått redusert frå 4597 til 2520. Eitt av måla var stordriftsfordelar og eit billegare byråkrati. Men i 55 prosent av dei nye storkommunane auka dei administrative kostnadene pr. innbyggjar. Det finst ingen sikre anslag over kva danskane har spart; resultata spriker i alle retningar, seier professor Harald Baldersheim ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo. Eg trur det er endå mindre å spare i Noreg. Dei danske tala viser oss at den økonomiske gevinsten er usikker, medan ein garantert får eit demokratisk tap, seier Baldersheim. I Danmark har ein registrert ei avmaktskjensle mellom veljarane. I det første kommunevalet etter reforma, altså i 2009, gjekk valdeltakinga markant ned. Men i Noreg, med ein natur som er nokre hakk vanskelegare enn Danmark å ta seg fram i, ja her skal lokaldemokratiet blomstre berre kommunetalet vert lågt nok!

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Kan det bli verre?

I Firda sitt nedslagsfelt er det minst 100 personar som med ei årsinntekt på over 2 millionar vil få redusert inntektsskatten sin med 38.400 kr. Det er svært mange av dei same millionærane som også vil nyte godt av redusert formueskatt. Dette er lett å lese ut av Firda si laurdagsutgåve (18. oktober).

Dette skal visstnok motivere desse personane til å arbeide meir. Då skal dei vel tene endå meir og dermed få endå meir skattelette dei neste åra?

Vanlege arbeidsfolk i det offentlege og i bedriftene må derimot ta til takke med ei skattelette på 2 kroner dagen, dvs. tilsamen 700-800 kr året. Men det er heller ikkje det verste med Frp-/H-regjeringa sin budsjettpolitikk for auka klasseskilje.

Det verste er desse mørkeblå partia sin politikk overfor menneska i dette landet som er plassert lågast på rangstigen. Vi tenkjer på dei uføretrygda. I Firda sitt same nedslagsfelt er det i følgje NAV sin statistikk for 30. juni i alt 2659 uføretrygda. Overfor desse menneska brukar FrP-/H-regjeringa den motsette argumentasjonen. Her reduserer regjeringane ytingane slik at dei uføre skal tvingast ut i arbeid.

I dag kan uføretrygda tene 1 G = 88.740 kr utan å bli trekt i pensjon. Trass i dette er det berre 5 % av dei uføre som tener over 70.000 kr. Det skuldast ikkje at dei uføre er late eller uvillige. Dei er i praksis utestengde pga. arbeidslivet sine effektivitetskrav. Berre spør dei som prøver å skaffe noko arbeid og praksis til funksjonshemma kor vanskeleg det er å finne ei bedrift som har opne armar.

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson har visstnok hevda at uføre vil tene meir på å lage seg ungar enn å arbeide på Rema. Det er usant at det ikkje løner seg å arbeide for uføre som har born. Barnetillegget blir ikkje fjerna sjølv om du tener over beløpsgrensa. Men tillegget blir avkorta med 50 % av inntekta over fribeløpet. Dersom ei ufør tener 35.000 kr over fribeløpet så misser ho halvparten (17.500 kr). Det løner seg alltid for uføretrygda å arbeide deltid – uansett kor mange ungar ein har.

Og kva med dei som er 100 % uføre og som faktisk ikkje på nokon måte kan jobbe? Også for deira vedkomande er barnetillegget kraftig redusert.
Uttalen frå Eriksson om at det løner seg å lage ungar framfor å jobbe er ikkje ny. Det er den same argumentasjonen som det tverrpolitiske uførepensjonsutvalet føreslo for nokre år sidan.

Opposisjonen på LO-kongressen, med Raudt-medlem Mona Bjørn i spissen, vann fram på kongressen mot dette. Hadde ikkje det skjedd, er vi redd at dei raudgrøne hadde gjennomført det som FrP/H no gjer.

Kan det bli verre? Ja, heilt sikkert. Dersom ikkje fagrørsla og det som er av opposisjon elles greier å stoppe dette, vil den mørkeblå politikken ta ytterlegare steg fram neste gong. Vi er freista til å oppmode lesarane om å google fram Martin Niemöller sitt dikt om likegyldigheit. Det er dei uføre som skal betale no. Deretter følgjer dei lågtløna. Deretter dei med middels inntekter. Gruppe etter gruppe skal betale dei rike skattelette.

Å stoppe dei foreslåtte amputeringane av arbeidsmiljølova og den mørkeblå skattepolitikken krev mobilisering på grunnplanet. Raudt er parat, kva med alle dykk andre som også står utan parlamentarisk makt?

For Raudt Sogn og Fjordane,
Einar Rysjedal, Raudt Høyanger
Nina Osnes, Raudt Førde

Pedofili og forfylgjing av ein varslar i Storbritannia

Etter at Jimmie Saviles dobbeltliv er vorte kjend, er det god grunn til å spørja i kva grad Storbritannia var vore ein skjerma tumleplass for pedofile. Ein kan t.d. sjå dette intervjuet med ein journalist som har vorten nekta innreise til Jersey: http://victims-unite.net/2014/09/18/justicenow-should-apply-to-childabuse-victims-on-jersey-leah-mcgrath-goodman-interviewed-by-max-keiser/

Ei stygg sak gjeld Brian Pead, tidlegare rekor ved ein skule i bydelen Lambeth i London. Han har skrive ei bok om korleis han fekk alvorlege problem med styresmaktene etter at han fekk sparka ein kvinneleg lærar som m.a. forsøkte å få kontakt med skulejenter etter skuletid. Boka kan lesast på http://nationalinquiry.files.wordpress.com/2014/07/12-from-hillsborough-to-lambeth.pdf

Etter at Pead sytte for å få læraren oppsagd, sette bydelen i gong ein prosess for å få han avsett og kjend skuldig i meiningslause skuldingar. Eigentleg var det ikkje naudsynt å setja i gong ein prosess for å få Pead avsett, då han hadde ein kontrakt som bydelen stod fritt til ikkje å fornya. Men, som ein skjønar om ein les boka, det var tydelegvis viktig for bydelsadministrasjonen å sverta og trakassera Pead.

Skuldingane bygde i stor grad på eit notat frå den oppsagde læraren. Ho vart snart tilsett på ein skule i nærleiken med berre kvinnelege elevar. Dette til trass for at årsaka til at ho vart oppsagd, var kjent for bydelsleiinga. Forfattaren stiller spørsmålet om årsaka til at administrasjonen investerte krefter og skattepengar på å trakassere Pead med denne prosessen, kan liggja i at læraren ikkje berre sjølv var interessert i unge jenter, men hjelpte eit nettverk av pedofile. Boka tek òg føre seg tilhøva hjå den tidlegare arbeidsgjevaren hennar, noko som styrkar denne teorien.

Boka og saka til Pead syner at det er noko rote i Storbritannia. Det kan vera grunn til å sjå dette i samanheng med nærare tilhøve. F.eks. har det kome fram at eitt av to barnevernsborn i Sverige dei siste 70 åra har vorte seksuelt misbrukt: http://www.thelocal.se/20091017/22720 . Litt om heimlege tilhøve: www.fampo.info/barnevern.html

Kappløp med svenskane om vindkraft?

Vi treng ikkje noko kappløp med svenskane om å bygge ut kraft. Og den svenske kraftforsyninga er ei heilt anna enn den norske. Dette er to påstandar i leiaren i Firda 14. oktober. Begge påstandane bygger på ei stor misstyding.
Norge og Sverige har i dag ein felles kraftmarknad der kraftprisane i all hovudsak er like. For å klare klimaforpliktingane dei to landa har teke på seg, har dei også innført ein felles sertifikatmarknad som skal stimulere til utbygging av ny fornybar energi, hovudsakeleg vasskraft og vindkraft i Norge og bioenergi og vindkraft i Sverige. Desse sertifikata blir tildelt til kraftprosjekt som er i drift før utgangen av 2020.
Føresetnaden har heile tida vore at det skulle byggast ut om lag like mykje fornybar energi i begge land. Forbrukarane i dei to landa skal uansett betale det same for sertifikata. Det betyr i realiteten at dersom det er stor forskjell i utbyggingane i dei to landa, vil det skje ei overføring av verdiar frå eitt land til det andre.
Så langt har norske kraftforbrukarar subsidiert svenske investeringar og arbeidsplasser fordi det har vore så stor ubalanse i utbygginga, noko som skuldast forskjell i skattereglar. Det er denne skeivskapen regjeringa no har varsla at dei vil endre på slik at rammevilkåra i dei to landa blir like.
I og med at vi har ein felles kraftmarknad med Sverige, betyr det også at alt som skjer i Sverige verkar direkte inn på den norske kraftforsyninga. Stenger svenskane til dømes kjernereaktorar, som i dag er ein viktig del av norsk straumforsyning, betyr det at vi må erstatte den krafta i vår marknad anten med anna svensk kraft eller med ny norsk kraft.
For Sogn og Fjordane kan ein betre balanse i marknaden bety investeringar på mange milliardar og store oppdrag for næringslivet i fylket. Og ikkje minst for kommunane der utbyggingane kjem, betyr det store skatteinntekter. I desse tider då det handlar mest om korleis ein skal kutte i skular, eldreomsorg og tenester til innbyggjarane, vil vi tru at nye skatteinntekter vil vere viktige i dei fleste kommunar. Dermed handlar dette ikkje om eit kappløp om utbygging, men ein kamp om kven som skal få verdiane.
I leiaren skriv Firda også at det er eit krav om høgre prisar for vindkraft. Vi forstår ikkje heilt kor dei har sett det kravet, men kraftprisen er den same uansett korleis straumen blir produsert. Den er styrt av tilbod og etterspurnad gjennom den nordiske kraftbørsen.
I leiaren harselerer Firda også med optimistane som ville bygge vindkraftanlegg på kvart einaste nes, noko som bygger på ei stor misstyding. Det norske konsesjonssystemet er slik at mange prosjekt blir førehandsmelde, færre blir konsesjonssøkte, og enda færre får konsesjon. Då skjer det ei utsiling der berre dei beste prosjekta overlever. Så har Sogn og Fjordane Fylkeskommune vedteke ein fylkesdelplan for vindkraft der ein ser på aktuelle område for utbyggingar og på område som ikkje er så aktuelle. Den planen opna for ein større produksjon enn det som no ser ut til å blir realisert, slik sett kan ein i ettertid sei at ambisjonane våre her i fylket var for store. Men vindkraft på kvart nes, er ei betydeleg overdriving.
I det store biletet er det uansett slik at verda treng meir energi samstundes med at vi må sleppe ut langt mindre CO2. Då trengst det meir fornybar energi. Her har vårt fylke har store ressursar. Det er viktig for utviklinga i Sogn og Fjordane at vi i framtida klarer å utnytte vår posisjon som fornybarfylke til å skape grunnlag for vekst og busetnad.

Vindkraftforum Sogn og Fjordane
Stein-Arne Ottesen
sekretariatsleiar

Noreg må ut av skammekroken

Som ein følgje av borgarkrigen i Syria, er meir enn 3 millionar menneske på flukt. Nabolanda Libanon, Tyrkia, Jordan og Egypt har tatt i mot størstedelen av flyktningane, men det er grense for kor mange fleire dei kan ta i mot.

I Noreg, eit av verdas rikaste land, har regjeringa vedtatt å ta imot 1000 syriske flyktningar i 2014. Eit fleirtal på Stortinget vil auke dette talet for 2015 fordi situasjonen for dei syriske flyktingane er svært vanskeleg. Men i statsbudsjettet er det ikkje lagt opp til auke, og det vitnar om ei svært arrogant haldning frå regjeringa si side når dei ikkje vil bøye seg for stortingsfleirtalet. ”Det er betre å hjelpe flyktningane der dei er,” seier statssekretær Himanshu Gulati (FrP). Dette står i sterk kontrast til utanriksminister Børge Brende som seier at situasjonen for dei syriske flyktningane er den verste flyktningkatastrofen sidan den 2. verdskrigen.

Som om ikkje dette var nok, er Utlendingsdirektoratet (UDI) sitt budsjett for 2015 kutta med 800 millionar; ein reduksjon på 20%. Konsekvensen av dette er m.a. at sakshandsamingstida for asylsøknadar vil auke, kommunar med asylmottak vil få 100 millionar mindre i tilskot og dei som bur i asylmottaka vil få 200 millionar kr mindre til livsopphald.

På toppen av dette kjem ny rekord i utsending av asylbarn; 106 asylbarn er sendt ut av landet berre i september. Totalt er 590 barn tvangsreturnert i løpet av det siste året. Mange av desse barna er fødde i Noreg, og minst 75 av dei har vore her i meir enn 3 år.

Regjeringa sin politikk er ikkje berre arrogant men også inhuman. Den ignorerer stortingsfleirtalet og demonstrerer for all verda at Noreg er ”seg sjølv nok”. Sjå berre til Sverige som tek imot meir enn 3 gongar så mange flyktningar og asylsøkjarar som vi gjer.

Den blåblå regjeringa har plassert Noreg endå lenger inn i skammekroken. Kva vil dei andre stortingspartia, ikkje minst KrF og Venstre, gjere med dette?

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Heller sosialisme enn skattelette til dei rike

Ikkje minst i Sogn og Fjordane vil det vere vanlege folk og samfunnsmessige forhold som vil bli skadelidande av FrP-/H-regjeringa sitt første sjølvavla statsbudsjettet. Budsjettet er som venta hakket verre enn kva den føregåande og raudgrøne regjeringa presterte av sparetiltak.

Allereie før statsbudsjettet er lagt fram, er det nedskjeringsprogram i Fjaler kommune. Grendeskular står for fall. No bli det endå verre å få dei oppretthaldne. Også i den relativt mindre fattige Høyanger kommune bles det høgreorienterte sparevindar. Fleire av dei vidaregåande skulane i fylket, der dei aller fleste fekk ei forlenga levetid i fjor, er truga av nedlegging.

Ja, det er ikkje noko nytt vil mange hevde, at dei verdiskapande distrikta ikkje får dei økonomiske tilbakeføringane som skal til for å sikre ei desentralisert velferd. Monopolisering og sentralisering av kapital er eit grunntrekk ved kapitalismen. Derfor er det nødvendig med desentralisert velferd for å motverke den avfolkinga og sentraliseringa dette fører med seg.

Nei, det nye er at det blir mykje verre å vinne fram når regjeringa skal gjennomføre skattelette på rundt 8,6 milliardar kroner. Då blir det 8,6 milliardar mindre å fordele til velferd og offentleg tenesteyting. 8,6 milliardar kroner jamt fordelt etter folketal vi bety 172 millionar kr i Sogn og Fjordane fylke (100.000 av 5 millionar innbyggjarar) og vel 7 millionar kr til Høyanger kommune dersom fylket hadde fordelt likt etter folketal (4.000 innbyggjarar av 100.000 totalt i fylket).

I staden for desse midlane til å oppretthalde m.a. vidaregåande skular, grendeskular, samferdsle-/kollektivtilbod og kulturløyvingar, er det dei aller rikaste i landet som skal prioriterast endå sterkare enn før. Dei kan namngjevast ein etter ein dei ti rikaste som no vil få i gjennomsnitt 12,5 millionar i skattelette (”pr. snute”)! 12,5 multiplisert med 10 er 125 millionar.

Alle vi som er motstandarar av denne stadig råare kapitalismen kan ikkje sitje roleg, fortvile og la oss lamme. Vi må få fagforeiningane i bedrift/kommune/fylke, LO-styra i kommunane, LO i Sogn og Fjordane, opposisjonelle lokale partilag, kommunestyra, fylkestinget mfl. til å reise seg. Vi må forlange at verdiskapinga kjem samfunnsinteressene og ikkje kapitalinteressene til gode. Vi må ta kampen gong på gong, år etter år, for å berge den skulen, sikre det helsetilbodet, den eldreomsorga og det kulturtilbodet som er truga. Og ikkje minst; vi må ta kampen for å sikre at dei tilsette i kommune og fylke har arbeidsforhold i samsvar med arbeidsmiljølova sitt formål og ei lønsutvikling som hevar dei med minst til eit nivå som respekterer deira innsats.

Og 26 ordførarar må vere sinte og ikkje la ”kommunereforma” presse ned talet på kommunar til 4-5 ordførarar som styrer så store kommunar at dei ikkje lenger kjenner bortimot kvar krik og krok slik mange av dagens ordførarar i små kommunar gjer.

Den utviklinga (eller rettare sagt: avviklinga) som no skjer, burde aktualisere spørsmålet om å organisere samfunnet på ein grunnleggjande anna måte. Dei store bedriftene må sosialiserast slik at det kan leggje grunnlag for sosialisme. Då vil verdiskapinga lettare kunne gå til samfunnsmessige velferdsgode og auka økonomiske tilbakeføringar gjennom eit sosialistiske folkestyre. Det er umogleg over tid å få til ei velferdsutvikling og utjamning dersom dei store økonomiske verdiane og verdiskapinga skal vere styrt av eit mindretal som brukar sine posisjonar til å sponse FrP/H for å kjøpe seg skattelette. Eit slikt samfunn, styrt etter mål om privat rikdom, må erstattast med sosialisme gjennom eit folkeleg opprør og revolusjon.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Klimadebatt på avvegar.

Det er med undring eg ser på, spesielt politikarar frå venstresida, kva angst dei har for klimaet og kva tru dei har på at dei kan påverke klimaet med sin politikk. Men finst det politikk som kan styre klima? For det første har vi ikkje fått den globale oppvarminga som vart forventa av IPCC på 90-talet. Etter 1998 var det slutt på temperatur-stigninga som vart spådd, sjølv om CO2 helt fram å stige. Er det nokon samanheng mellom temperaturen på kloden og CO2 i atmosfæren? Etter 1900 har vi hatt varmare og kaldare periodar der det ikkje ser ut til å vere samsvar med CO2 i atmosfæren. Faktisk var temperaturen på 30-talet opp imot 90-talet. Likevel påstår IPCC at meir enn halvparten av temperatur-auken etter 1950 skuldast våre utslepp av CO2. Hadde CO2 hatt avgjerande innverknad på temperaturen, kunne vi ikkje hatt kuldeperiodar i dette tidsrommet. Omkring 1965 vart det spådd ei ny istid, 20 år seinare ei overoppheting av kloden.
Når politikarar vil bruke milliardar på klimatiltak, så må dei vite at dette er tiltak som fungerer elles burde dei stå ansvarlege og bli sperra inne på livstid. Vi er alt komne så langt at det er vitskapleg slege fast at CO2 sin verknad på klima er minimal. Verknaden er logaritmisk og ikkje lineær, slik enkelte både journalistar og politikarar framleis trur. Etter den logaritmiske kurva vil vi i dag ikkje kunne registrere nokon endring på temperaturen på eit godt gamaldags termometer, sjølv om vi doblar CO2 i atmosfæren. Tipping point eksisterer berre i hovudet på enkelte politikarar, ikkje i det verkelege klima. Då verkar det grotesk å sjå klimadebattar på TV og vite at dette er dei politikarane vi har valt til å styre landet. Men det er gjerne ikkje så rart, for dei har så og seie fått det med klima inn med morsmjølka i skule og barnehage og gjennom radio og TV og aviser. Her trengst det både psykologar og psykiatri for å fjerna klimaskrekken som lyser av enkelte politikarar. Det einaste dei er opptekne av er klima og det kan dei ikkje gjere noko med! Om vi køyrer el-bil eller gammal Volvo Amason kjem ut på eitt. Temperaturen på kloden kan vi ikkje gjere noko med og snart får vi garantert ei ny istid og mykje vanskelegare klimaproblem for politikarane.

Magne Dvergsdal

Svekka lokaldemokrati

Då kommunane vart innførde med formannskapslova i 1837, vart det 392 kommunar. I 1930 nådde vi toppnivået for tal kommunar med 747. I 1967 var talet 454. I Noreg har vi no 428 kommunar. Over halvparten har færre enn 5000 innbyggjarar. Regjeringa fekk i juni 2014 fleirtal i Stortinget for å starte arbeidet med ein kommunereform, og det er sett i gang regionale prosessar som skal føre fram til færre kommunar. Alle kommunar er inviterte til å starte prosessar. Diskusjonar er komne i gang.

Nokre konsekvensar
Med våre 428 kommunar kjem over halvparten av ordførarane frå småkommunar; det vil seie at Noreg har mange ordførarar som fremjar interessene til sine lokalsamfunn. Færre kommunar vil også medføre færre kommunepolitikar totalt. I større kommunar vil det administrative apparatet styrkje seg. Mellompartia, Senterpartiet, Krf og Venstre, står sterkast i distrikta og i småkommunane. Dei har mange ordførarar der. Med 100 kommunar vil dei store partia auke sin del av ordførarane. Distriktsinteressene vil kome til å stå klårt svakare enn no. Regjeringa snakkar særleg om effektivisering. Så langt har ein ikkje funne dekning for påstanden om at store kommunar er meir effektivt. Interkommunalt samarbeid fungerer der dette trengst.

Røynsler frå Danmark
I 2007 vart 271 danske kommunar redusert til 98. Talet kommunepolitikarar vart brått redusert frå 4597 til 2520. Eitt av måla var stordriftsfordelar og eit billegare byråkrati. Men i 55 prosent av dei nye storkommunane auka dei administrative kostnadene pr. innbyggjar. Det finst ingen sikre anslag over kva danskane har spart; resultata spriker i alle retningar, meiner professor Harald Baldersheim ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo. Eg trur det er endå mindre å spare i Noreg. Dei danske tala viser oss at den økonomiske gevinsten er usikker, medan ein garantert får eit demokratisk tap, seier Baldersheim. I Danmark har ein registrert ei avmaktskjensle mellom veljarane. I det første kommunevalet etter reforma, altså i 2009, gjekk valdeltakinga markant ned.

Endra styrkeforhold
Kommunenes Sentralforbund, som skifte namn i 2004 til KS, er samarbeidsorgan for kommunane. Delegatane til Landstinget, det øvste organet i KS, er politisk valde blant kommunestyre- og fylkestingsrepresentantar i landet. Styrkeforholda i KS vert endra med færre kommunar; distrikta vert svekka. Tidleg vart fokus sett på om kommunar skal kunne tvingast til å slå seg saman. Dette er ikkje avklåra enno. Regjeringa snakkar ofte om kor effektivt det nye kommune- Noreg skal bli. Men det er ein påstand som heng i lause lufta. Det er verdt å minne om Baldersheim sin konklusjon: Dei danske tala viser oss at den økonomiske gevinsten er usikker, medan ein garantert får eit demokratisk tap. Spørjeundersøkingar viser at folk i Noreg er mest fornøgde med kommunale tenester i små kommunar. Sentralisering av makt er tidens melodi. Men eit godt fungerande lokaldemokrati er ein verdi vi skal halde høgt i diskusjonane om kommunereforma.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Er ikkje Firda lenger ei upolitisk nøytral avis?

Eg leser i avisa Firda datert tirsdag 7 okt 2014 på side 10 om kva “Leiar” skriver med overskrift “Gruvedrift dreg ut i tid”. Og eg må seie eg blir mildt sagt noko bekymra over det eg leser. Har leiaren i Firda gløymt kva avis han er leiar for ?

Før i “gamle dagar” so stod det over “leiaren” følgandes tekst om avisa Firda: “Grunnlagt i 1917 . Partipolitisk og økonomisk uavhengig avis”. I dag når ein leser Firda så står ikkje lenger dette over leiarens artikkel. Betyr det at Firda ikkje lenger er ei partipolitisk og økonomisk uavhengig avis ?

Eg finner det forøvrig svært so urovekkandes at ein leiar i ei lokalavis meir eller mindre mest “forlangar” ei avklaring i ei sak som gruvedriftsaka. Sei meg, bryr ikkje leiaren i Firda seg om miljøet og dei lokale konsekvensane som eit fjorddeponi kan medføre? Bryr ikkje leiaren seg om å få alle vitenskapelege fakta på bordet FØR ein tillater noko so alvorleg som ei gruvedrift med fjorddeponi? Skal vi berre haste på å drite i “føre var prinsippet” som er lovnedfelt i Norges lover?

Leiaren refererar til ordføraren i Naustdal: "Ordførar Myrvang tek ikkje hardt i når han kalla tidsbruken “urimeleg”. Synast leiaren det er urimeleg å bry seg om å få miljøkonsekvensane av ei gruvedrift med fjorddeponi fram?

Leiaren skriver også følgandes: “Vevringsaka er sjølvsagt ei vanskeleg sak. Den er ikkje berre ein klassisk konflikt mellom miljøinteresser og ulike næringsinteresser, men den blir ekstar vrien på grunn av uvissa rundt eit sjødeponi, og den store politiske interessa knytta til dette”.

Det undrar meg veldig at leiaren ikkje nevner naturforureininga eit sjødeponi fører til men i stedet seier “politiske interesser knytta til dette”? Politiske interesser knytta til sjødeponi? Det som so fint bli kalla “økonomisk vekst og utvikling”…..på bekostning av miljøet?

Eg reknar ikkje med dette eg skriver her kjem med i avisa Firda sin papirversjon. Men eg må berre seie eg finner det høgst urovekkandes og betenkeleg at ei lokalavis som Firda som har høg annerkjennelse i landet verkar å mest velge “side” via sin eigen leiar" artikkel.
Sei meg er ikkje leiaren i avisa Firda opptatt av å få fram fakta i gruvedriftsaka som berørar hans lokalmiljø? Bryr ikkje leiaren seg om miljøet og Førdefjordens skjebne og framtidas generasjonar? Har leiaren i Firda fått med seg at her er mange feil i både konsekvensutredninga til Nordic Mining og i NIVA’s tolkning av forskning på f.eks effekten på fisk utsatt frå “industripartiklar” frå gruveindustrien (sist no der NIVA har misstolka forskning og har “gløymt” å nevne at 30% av fisken dør og kalla det noko alla “liten skadeleg effekt på fisken” (ref. Agnar Kvellestad sine innlegg og svar her i Firda og andre aviser)?

Er leiaren i Firda kun opptatt av at “gruvestrid dreg ut i tid” og at dette burde det bli slutt på utan å bry seg om koffor denne gruvestriden faktisk “dreg ut i tid”?
Har leiaren i Firda spørt seg sjølv koffor denne “gruvestriden” finnast? Kan det kanskje ha å gjere med at det finnast mange opplyste mennesker her i Sunnfjord som faktisk bryr seg om miljøet og naturen vi lever i og som ønskar å bevare ein rein natur inkludert ein rein og artsrik Førdefjord?

Førdefjorden er og ein verna nasjonal laksefjord (med eit spesielt lovverk knytta til slike nasjonale laksefjordar). I følge naturvitenskapeleg forskning som bla Havforskningsintituttet har vist til vil denne nasjonale laksefjorden bli svært forureina via gruvedrift med fjorddeponi! Har leiaren i Firda fått med seg at det er svært mange mennesker som faktisk er imot gruvedrift pga nettopp naturvitenskapeleg forskning som viser til alle dei negative konsekvensane som gruvedrift med fjorddeponi har vist seg å føre til?

Eg håpar Firda igjen tar inn sin viktige setning som før stod over “Leiaren” der det stod: (Firda) “Grunnlagt 1917. Partipolitisk og økonomisk uavhengig avis”. Eg håper og at avisa Firda kan klare å få fram alle mennesker i vårt lokalsamfunn sine syn (som Firda er stort sett veldig flinke til)….utan å sjølv velge “side” via “leiarens” skriverier som kan i dette tilfelle verke å vere noko “blenda” av “flotte” ord som “økonomisk vekst og utvikling”….?

Eg håper avisa Firda tillater kritiske og sannheitssøkandes journalistar , som får lov til å utøve sin viktige journalist jobb for å bevare demokratiet under Firdas grunnleggandes parole som eingong var “partipolitisk og økonomisk uavhengig avis”…

Den nye uføre reformen vil gi flere Fattige

Direktør i Attføringsbedriftene Johan -Martin Leikvoll forteller til VG at den nye Uføre reformen som kommer 1. jan. 15, vil gi flere fattige.

Neste år kommer det en ny uføre lov som går ut på at uføre skal skattes som de får lønn fra en bedrift. Brutto pensjonen skal opp, og de skal skattes mer, slik at de skal få utbetalt like mye som i dag, det er det som blir sagt.

Den blå regjeringen skylder på den forrige regjeringen, og vedtaket som ble gjort i stortinget i 2012, som nesten var enstemmig i stortinget. Mens FrP ville at alle uføre skulle være minste pensjonister.

I tillegg vil den blå regjeringen at uføre som har lån skal få færre fradrag, kun de 27 % for rente utgiftene som alle som har lån får.

Jeg har ingen tro på at den nye uføre loven vil resultere i at flere uføre kommer ut i jobb, Robert Eriksson vil privatisere Attføringsbedriftene, noe som vil stenge ute enda flere uføre fra arbeidslivet.

Uføre skal betale for at de rikeste får skatte lettelse

Førde,

Stein Ove Birkeland

Samanfiltring og superposisjon

Nyleg såg underteikna TV-programmet ”Den forunderlege kvanteverda”. Når ein veit at det som skjer i mikro også skjer i makro, blir slike program svært interessante. Programmet viste og kor illusorisk denne verda, som mange reknar som den einaste verkelege, er. Programmet ga mange assosiasjonar til eigne opplevingar.

Vi vart presentert for to samanfiltra lyspartiklar som utgjorde ein heilskap. Ein veit i dag at samanfiltra lyspartiklar har evna til å bevege seg frå kvarandre, men utgjer likevel ein heilskap i den forstand at dei reagerer med like rørsler som om dei framleis var samanfiltra, på trass av at dei har skapt avstand mellom seg ved å senke sin svingninsfrekvens til bølgeeigenskap. Denne tilstanden vart kalla superposisjon.

I den fysiske dimensjon har vi tid, rom/avstand av same årsak. Vi lever i ein superposisjon, men alt heng likevel saman i ein heilskap. I den spirituelle verda, som ligg over lysets hastigheit, eksisterer ikkje tid og rom slik som på jorda. Der er ein over alt til same ”tid” i ein samanfiltra tilstand, og ein skaper alt med tanke/ønskje åleine. Det gjer ein for så vidt også i den fysiske dimensjon, men dei fleste er enno ikkje bevisst at ein skaper eigen røyndom med sine tankar og haldningar. Alt begynner med ein tanke, og fordi materien er så tett her, og fordi ein er avgrensa i ein fysisk kropp, må ein gjere det meste på den tungvinte måten.

I boka ”Sammen på tvers av døden” av Elisa og Erik Medhus, fortel Erik til mor si Elisa frå den andre sida at han ofte kan sjå menneske på jorda som forlet kroppen sin når dei søv eller drøymer. Dette er og ei form for superposisjon. Legg kroppen seg over på sida til dømes, gjer sjela /bevistheita, som svever over kroppen, det same, som om dei framleis var samanfiltra. Først når ein forlet kroppen for godt og sølvstrengen (den åndelege navlestrengen) blir kutta, blir sjela frigjort til uavgrensa hastigheit. Det betyr at den vibrerer så hurtig at den står ”stille”. Den er med andre ord over lysets hastigheit der motsetningar ikkje finst.

I programmet vart det sagt at eit menneske enno ikkje kan komme i superposisjon. I røynda har det sikkert alltid skjedd, sjølv om vitskapen ikkje har visst det. Sjølv har eg bevisst vore i superposisjon ein gong. Det skjedde den 4.desember 1998, og eg gløymer det aldri. Etter så lang tid er det kanskje på tide å dele opplevinga med andre, for eg reknar med at folk flest no er såpass spirituelt modne at ein kan gjere det utan å bli stempla som galen.

På den tid var eg fjernstudent ved NTNU i Trondheim. Annakvar helg samlast studentar frå Sunnmøre og Nordfjord (budde då i Stryn kommune) til felles undervisning på den gamle ingeniørskulen i Ålesund. Det var ein lang murkoloss med inngang i begge endar. Ein laurdag morgon på ovanfor nemnde dato kom eg til skulen med ein tung sekk på ryggen og gjekk inn den inngangen som eg alltid brukte. Eg skulle opp i 3. etasje og tenkte at eg kunne ha gått inn på den andre enden, for der var heis, men ombestemte meg og begynte på trappene der eg var komen inn. På turen opp skjedde det ein superposisjon. Eg kom nemleg opp på den andre enden av bygninga enn der eg var gått inn. Stor var mi forvirring, og ikkje lett å følgje med i undervisninga den første timen. Første pause vart brukt til å undersøke både det eine og det andre, men det var eit faktum at eg gjekk inn frå den eine enden og kom opp i 3. etasje i den andre enden av bygninga.

Like før dette skjedde hadde eg hatt eit sterkt og nærgåande UFO-besøk, og bestemte meg for å kontakte eit medium eg hadde tillit til, den no så kjende Lilli Bendryss frå Sunnmøre, som akkurat då oppheld seg i Stryn og Hornindal, for hjelp til å få meir klarheit i kva som skjedde, og for å vite om det var nokon samanheng mellom dei to hendingane.

Vi fekk komme inn i Akasha-biblioteket / det kosmiske bibliotek der all informasjon om kvart menneske på denne jord er lagra, både frå dette og andre liv. Erik, som eg har nemnt ovanfor, seier til mor Elisa at det ser ut som ein blåaktig svær skriftrull som ein kan søke opp i. Så vidt eg forstår er dette biblioteket omtala i Bibelen som Livets bok.

Svaret på spørsmål om kva som hadde hendt meg var slik: Dette kan skje enkelte gongar når dei energetiske strukturane fell inn i eit bestemt mønster som gjer dette mogleg, men for at slike hendingar kan vise seg fysisk, må det skje ein innverknad frå ytre hald, ein manipulasjon av tid, space scenario, ”hvilket her har skjedd”. Det var sjølvsagt mine UFO- venner som hadde sørga for å vise meg dette. Hendinga vart ikkje kalla superposisjon, men ordet bilocation vart brukt – det at ein kan vise seg to stadar samtidig, men er seg bevisst berre den eine.

Mitt ønskje er at den intellektuelle og spirituelle vitskapen kunne ”filtre seg saman” i ein heilskap. Først då kan det bli balanse mellom ånd og materie, mellom det feminine og maskuline osv. Tenk om vitskapen på jorda hadde forstått at vi slik kan skape himmel på jord, utan krig og elendigheit. Eg minner om at alt heng saman med alt, og at det ein gjer mot andre på godt og vondt, gjer ein eigentleg mot seg sjølv.

"Førdehatet"

”Hatar Florøfolk Førde” er det spurt om i Firda 2. oktober, der dei dreg inn gamal sjukehusstrid. Eg lurer faktisk på hensikta med den vinklinga.

”Hat” er eit altfor sterkt utrykk i dag, men det er ikkje rart at vi vart forbanna. Ikkje nok med at vi vart plukka for helsetenester, men kretsen rundt Sentralsjukehuset gjorde også sitt beste for å strø salt i såra. Då vi stilte 8.000 menneske i fakkeltog for liv å helse, var den vanlege kommentaren at vi satsa på å skrike høgast, at sjukehuset i Florø var eit ”luksusproblem”, og at vi berre var interessert i arbeidsplassane. Fekk Flora medhald i Fylkesting eller departement i noko, så vart det omkamp, til sentralistane fekk det slik dei ville.

Vi burde få lagt dette bak oss no, Firda, men då den forrige Førde-ordføraren samla troppene i underskriftskampanje, for å få lagt ned eit velfungerande nærsjukehus, så opplevde vi det som at dei sparka oss i flokk, sjølv om vi alt låg nede. Det var heilt unødvendig å skape meir splid då, Helse Førde hadde greid dette uten drahjelp.

Flora viste godvilje, då dei gjekk inn for å betale bompengar til Førde, for gjennomkøyring på staten sine vegar. ”Takka” frå Førde var at dei ville ha felles brann og redningsteneste for heile fylket lagt til seg, endå det meste alt er på plass i Florø. Ein sjarmoffensiv no, der veteranar frå Hermansverk er med å misjonere, hindrar ikkje at Flora blir glatt overkøyrde etterpå.

Så mi meining er at Flora bør fortsette som kystkommune, åleine eller saman med andre på kysten. Førde og Flora bør fortsette å søkje samarbeid som likeverdige. Eit partnerskap uten tillit, som blir dominert av ”Han Far Sjølv i Stova” fører helst til intern krangel og meir vondt blod.

MYLDRESAMFUNN

Fra vårt utsiktspunkt ser det ut for at maursamfunnet er et sammenhengende liv, et myldresamfunn.

En observatør fra rommet vil vel kanskje oppfatte menneskelivet på jorda på samme måte?

Enkeltindivider blir født og enkeltindivider dør, men myldresamfunnet lever videre uavhengig av enkeltindividenes tilstand.

Individuelle varianter er underlagt fellestendenser, men mange individuelle varianter kan over tid påvirke fellestendenser.

Fødsel åpner for opplevelser av problemer, seiere og nederlag gjennom livet.

Døden avslutter livet til individet og stenger for opplevelser, men myldresamfunnet lever videre med sine ytre og indre kommunikasjonslinjer.