Viser arkivet for november, 2014

"HAARKLOUHALLEN".

”HAARKLOUHALLEN”
Det er ein positiv trend at bystyret no tek tak og heidrar kjente personar gjennom namn på plassar og gater. Men i den samanheng er det med ei viss undring ein registrerer at Førde bystyret enno ikkje har drøfta korleis ein bør heidre komponisten Johannes Haarkklou ein stad i Førde by.Bystyret har nok ikkje ein styrt motvilje til komponisten, men heller ei manglande innsikt og kompetanse til å vurdere Haarklou sin innsats på kulturfronten som komponist,dirigent, organist og kulturskribent. Ein innsats han vart heidra for med St. Olav medaljen av kong Haakon. Når Førde by i dag har fått både Førdehus, Kunstmuseum og Rådhus, utan at Haarklou vert knytt til nokon av bygga og plassar, er det eit negativ signal og ei kulturell tåkelegging som ikkje står i stil med den enorme kulturinnsatsen komponisten står for.
I Bergen vert Grieg heidra mellom anna gjennom GRIEGHALLEN. I Førde kan Haarklou bli heidra ved å endre namnet på FØRDEHUSET til HAARKLOUHALLEN. Som kulturperson er det naturleg å knyte namnet til Haarklou til eit kulturbygg. Begge namna har fire stavingar og like mange vokalar. Men Haarklouhallen er enklare å uttale og kling betre tonemessig. Mitt hovudpoeng er at kommunen på ein enkel og rimeleg måte slik kan heidre Haarklou i første omgang, til andre prosjekt kanskje dukkar opp seinare, når livsverket t.d. vert publisert gjennom ein biografi, eller nyprenting av boka ”Mannen og verket”, av professor Benestad. Ei informasjonstavle inne i ”Haarklouhallen”, vil gi nyttig informasjon om komponisten til dei som enno ikkje har fått høve til å høyre om han.
Johannes Haarklou vart fødd i Haukedalen, Førde 13. mai 1847. Familien sat i gode kår på den tida og heimen vart eit naturleg samlingspunkt i bygda. Allereie frå vogga fekk han høyre felespel av dyktige spelemenn frå sine farbrør og morbrør. Straks han kunne gå, var han ofte med faren til kyrkje og fekk høyre salmesong og orgelmusikk. Allereie som 7 åring, byrja han å syne interesse for fela.
”Det sanne eventyret".Historia om komponisten Johannes Haarklou frå Haukedalen i Førde kommune, er som eit eventyr henta ut frå eit verkeleg liv. Det er mange som undrar seg over korleis ein vanleg bondeson kunne henta fram evner og energi i ein slik grad at han klarte å kjempe seg fram mellom ein allereie etablert kulturelite. Den som best kan gi svar på dette, vil nok vere professor Finn Benestad, som i 1961 tok doktorgrad på komponisten Johannes Haarklou. I føreordet til boka:“Mannen og verket”, skriv han mellom anna:“Johannes Haarklou (1847-1925) vann seg ein framståande posisjon i norsk musikkliv i perioden 1880-1925. Han var både komponist, musikkmeldar, organist og dirigent. Men han kom i skyggen av sine store samtidige som Grieg, Svendsen og Sinding. Som komponist er han kanskje den mest allsidige Norge noen gang har fostret”.
Frå Haarklou til Tyskland.I 1868 las han i eit blad om ein nytilsett organist og komponist i Drammen, Christian Cappelen. I sin iver etter å lære meir om musikk, fekk han seg lærarjobb i Eiker og som elev hjå Cappelen fekk han grundig opplæring i orgelspel og harmonilære. Ein dag i 1872 reiste til Kristiania for å høyre Mozart sitt “Requiem”. Sidan han var vikar på orgel for Cappelen, måtte han denne gongen leige hesteskyss om natta for å nå heim til kyrkjetid. Det virka som om ingenting kunne hindre han til å få høyre på musikk. Han hadde ein kjærleik til musikken og ein viljestyrke som såg ut til å overvinne vanskar som ville ha tvinga andre til å gi opp. På denne tida studerte han og kontrapunkt i Kristiania hjå Ludvig M. Lindemann.
Fjellturen heim til Sunnfjord.Haarklou var lenge i tvil om han verkeleg skulle bli musikar på heil tid. Då han drøfta dette med slekt og vener, vart han frårådd på det sterkaste. Men etter ein lang fjelltur gjennom Gudbrandsdalen på vegen heim til Haukedalen, kjende han seg lettare til sinns og meir trygg på seg sjølv. Dette var siste gongen han såg far sin. Mora var død tidlegare.
Arven og Leipzig. Då han ei tid seinare i 1873, fekk ein arv på kr.4000,- etter foreldra, tok han avgjerda om å reise til Tyskland for å studere musikk. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig og seinare ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Kristiania. Han hadde ry som virtuos for sine improvisasjonar på orgel.
Komponisten. Haarklou var ein svært allsidig komponist og laga verk både for klaver, orgel, fiolin og orkester. Ved sida av romansar og songar for ulike kor, m.a. den kjende komposisjonen “Varde”, til tekst av Per Sivle. Han er mest kjend for Oratoriet “Skapelsen og Mennesket” til tekst av Henrik Wergeland, som vart uroppført allereie i 1891, med reprise i 1924 og seinast i ny premiere av kringsatings-orkesteret i Oslo i 2008. Han komponerte kantater, fire symfoniar og det symfoniske diktet:" Westminster Abbey" og heile fem opera.
Opera Tyrfing.
Allereie i 1902 byrja Haarklou å arbeide med opera “Tyrfing”, men det skulle gå med den som med oratoriet: den gjorde krav på lang tid. Mange ytre tilhøve var så ugunstige at han først hadde den ferdig etter 10 år. Men innimellom skapte han ei heil rekke gode verk. Begge operaen “Emigranten” og “Marisagnet” vert til før “Tyrfing” vart gjort ferdig i 1912. Det positive ved at “Tyrfing” kom til slutt, då Haarklou var blitt 64 år gamal, er at han no var på topp i høve erfaring og modning og hadde lettare for å skrelle bort kontrapunktiske melodiføringar som kunne gjere “Tyrfing” betre.
70 % av Haarklou sitt livsverk, ligg lagra i Oslo på universitetsbiblioteket. Kulturetaten ved fylkesmann burde løyve midlar både til ein biografi om Haarklou og la nokre fylkesmusikarar ta turen til Oslo og sjå på det som ligg lagra. Opera Nordfjord gjorde ei storbragd då dei frå eit handskrive partitur på 300 sider, kunne digitalisere musikken for urframføring av opera Tyrfing. No er det Førde by sin tur å ta tak i komponisten Johannes Haarklou.
Egil Hjelmeland

Ein streik, eit Lærarløft, eit statsbudsjett og kva så?

*Ser vi resultat av lærarstreiken, eller har alt gått tilbake i gamle spor? Får lærarane tillit og skulane stor nok pengesekk til alt som skal gjerast? Korleis blir framtida? Skal lærarane og KS stå mot kvarandre i ti nye år, eller vil kommunesamanslåinga skape nye frontar?
*
Streikeskjortene er pakka vekk, og skulekvardagen er som før – nesten. Lærarane har enno hektiske dagar, men går no med litt rettare rygg og fastare blikk. Vi kjempa ein historisk profesjonskamp, og vi vann eit viktig slag.

Vi slost for å få vere lærar, for å få høve til å gjere ein god jobb for elevane. Vi gjorde opprør mot aukande kontrollkrav i skulen. Vi protesterte mot dei mange tiltaka som over tid har svekka lærarrolla. Vi kravde tilbake posisjonen som sjølvstendige profesjonsutøvarar.

Så går det nokre veker, og regjeringa lanserer Lærarløftet. Dei vil skape ein skule der elevane lærer meir. Då trengs det betre lærarar. Dermed vil dei heve kompetansekrava, både for å undervise og for å kome inn på lærarutdanningane. Satsinga på vidareutdanning skal halde fram, både for lærarar og rektorar. Lagarbeid er viktig, og regjeringa forventar at kommunar og fylkeskommunar tek hovudansvar for å utvikle skulane.

Vi er ikkje motstandarar av vidareutdanning og auka kompetanse. Tvert imot har vi lenge uttrykt uro over at ukvalifiserte har undervisningsansvar, til og med for spesialundervisning. Det er viktig å ha kvalifiserte og kompetente lærarar. Men det er langt frå nok. Rammevilkåra for arbeidet må stå i forhold til krava. Det må vere ein rimeleg balanse mellom tid for fagleg oppdatering og refleksjon og tid for yrkesutøving og fagleg samhandling med elevar og kollegaer. Den profesjonelle kompetansen er eit resultat av god utdanning og godt lærararbeid.

Dei seinare åra har rikspolitikarar lansert ambisiøse satsingar og kome med lovnadar for både skulen og barnehagen. Men lokalpolitikarane har i liten grad følgt opp. Dei må spare og kutte i budsjetta. Dermed fell nasjonale løfte og ambisjonar i grus. Lover og forskrifter vert tøygde eller oversedde, og kommunane risikerer «mangellapp» om dei får statleg tilsyn.

Radmagre kommunebudsjett ha stoppa mykje meir enn lærarar si vidareutdanning og kompetanseheving. Skulane har knapt nok råd til å fylle dei oppgåvene dei allereie er pålagde. Ein kunne håpe at statsbudsjettet ville gje økonomisk handlingsrom i tråd med nasjonale ambisjonar. Men mykje handla om kutt i skattar og avgifter og satsing på helse og samferdsle. Etter ein lang dragkamp, vart regjeringa og støttepartia samde om eit budsjettforslag. Det er gledeleg at ein fekk på plass ekstra midlar til fleire lærarar i småskulen. Vi har lenge kjempa for å få innført ei minstenorm for lærartettleik og håpar dette kan vere første steg på vegen. Vidare er det positivt at ein legg til rette for vidareutdanning. Men det monnar så altfor lite i høve til det kommunane verkeleg treng.

Kanskje prøver regjeringa å reparere på anna vis? Dei har starta arbeidet med ei kommunereform. Målet er å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar. Når slike kommunar driv ein velferdspolitikk i tråd med nasjonale mål, vil det redusere behovet for statleg detaljstyring. Berekraftige kommunar kan få fleire oppgåver, dei vil ha meir effektiv ressursbruk og vil få større fridom til å prioritere og tilpasse velferdstilboda. Men kommunereforma kan ikkje fjerne høge fjell og djupe fjordar. Korleis vil innbyggjarane i små bygdemiljø merke at dei bur i ein «robust og berekraftig kommune»? Vil grendeskulane overleve reforma, eller vil skular, barnehagar og helsetilbod bli sentraliserte?

I haust streika vi mot eit KS som ikkje synte lærarprofesjonen tillit og heller ville detaljregulere kvardagen. Korleis skal skulane styrast etter kommunesamanslåinga? Er einskapsskulen trygg blant storkommunar med auka lokalt sjølvstyre og meir effektiv ressursbruk?
Framtida sit i leikeromma og klasseromma. Dei unge fortener ei likeverdig opplæringa av høg kvalitet, noko anna vil vere uansvarleg.

Sissel Sande
Utdanningsforbundet Førde

Klimapolitikk på avvegar.

Det er vanskeleg å finne påstått samanheng mellom temperatur og CO2 i atmosfæren bortsett frå at i dei store klimaendringane, så var det alltid temperaturen som endrar seg først.Endring av CO2 kom omlag tusen år etter. Klimautviklinga mellom 1900 og år 2000 var langt frå eintydig. Fram til 1940 var det auke i både temperatur og CO2-innhald i atmosfæren. Så gjekk temperaturen nedover fram mot slutten av 70-talet. Midt på 60-talet var det snakk om ei ny istid. I heile denne perioden var det jamn oppgang av CO2. På slutten av 80-talet og fram til 1998 fekk vi ein ny oppgang av temperaturen og det vart sett fram påstand om at vi hadde menneskeskapte klimaendringar p.g.a.vår bruk av fossilt brensel. Etter 1998 har vi halde fram med auka bruk av fossilt brensel, men temperaturen har stagnert. Likevel er det mykje snakk om ei klimakrise og det vert brukt enorme summar på å redde klimaet.
Ser vi klima i eit litt større perspektiv, så er det vanskeleg å få auge på at det er noko global oppvarming. Faktisk har 8 000 av dei siste 10 000 åra vore heitare eller like heite som i dag. Det som kjenneteiknar klima i tidlegare tider var store svingingar i temperaturen og av dei siste hundretusen åra var kanskje 85% av desse åra istider og det må vi vel kunne kalle klimakrise. Skulle vi få ei istid vil vår sivilisasjon gå under. Det vil ikkje vere råd å leve i Norge om vi igjen får 2-3000 meter tjukk is som vil dekke landet. Vi har hatt minst 40 slike istider og det er lite truleg at CO2-innhaldet i atmosfæren kan hindre ei slik utvikling. Det er derfor ganske utruleg at det finst politiske parti som har som viktigaste agenda å få ned temperaturen på Jorda. Her til lands hadde vi ein fin sommar i år. Det førte til at bøndene fekk større avlingar. Kornproduksjonen var 20 % over normalen og det må vi sjå på som positivt.
Men det er langt igjen til får det klima som var for tusen år sidan. Då vart det dyrka vin i Europa 300-500 km nord for nordgrensa for vinproduksjon i det 20. århundre. Dette var ei god tid for folk i Europa og spesielt i Norge. Likevel var dette eit klima som fleire av våre politiske parti no er redde for at vi skal oppleve på nytt. Kunnskap om klima innan politikken er utruleg dårleg når dei ser for seg t.d. meir ekstremvær med høgre temperaturar. Det stemmer ikkje med historia. Då temperaturen i Europa gjekk ned, fekk vi ekstremvær. Det vart ei katastrofe for folk i Europa med svolt og nedgang i folketalet. Er det slike tilstandar dei grøne partia ynskjer seg?
Magne Dvergsdal

Førde, kvar går du?

Framtidas sentrum i Førde. Kva gjer vi med Brulandsvellene?

Det er vel få saker i Førde som har engasjert så mykje som diskusjonen om ny handelspark på Brulandsvellene. I februar skal ny arealplan for Førde Kommune fram til 2027 vedtakast av bystyret. Den 28.11 blir planen lagt ut på høyring i 8 veker. Det er difor viktig at innbyggerane seier si meining no før toget går og det blir for seint å uttale seg.

Kommunen har hatt det særdeles travelt i det siste med denne planen. Dei har utført Interkommunal risiko- og sårbarheitsanalyse, handelsanalyse, trafikkanalyse, alternative lokaliseringar, konsekvenutgreiing, flaumanalyse m.m. Vidare inneheld planen parkeringsvedtekter, skilting, vatn og avlaup, adressering, størrelse hus, tettleik, livsløpsstandard, grøntareal og leikeplassar og kva dei ulike areala i Førde skal brukast til .

Konklusjonen til rådmannen er at i sentrum- inklusive Indre Øyrane og Hafstad vil dei ha 600 nye bueiningar for å skape liv i sentrum. Utbygginga skal først konsentrere seg her. 80 husvære må byggjast i sentrum før andre får bygge. Slik tvang vil vi ikkje ha. Då blir det dårlege kår for dei som ynskjer å skaffe seg einebustadar og husvære utanom sentrum dei næraste åra. Ikkje alle er urbane.
Når det gjeld næring, er problemet i Førde, som andre stader, at sentrum flytter seg i takt med utbygging av handelshus og butikkar. Då Handelshus Sør og Nord og Førde Torg vart bygde, såg vi ein gradvis sentrumsdød i sentrum sør. Ved valg av plassering av nytt rådhus vart området sør for Langebrua valgt for å prøve å skape liv i sentrum sør igjen. Så langt har ein vel ikkje lukkast så mykje med det.

Ansvaret for oss politikarar ligg i at dersom vi tillet storstilt utbygging på Brulandsvellene, så risikerer vi at også sentrum nord lir ein langsom død, og vi sit igjen med ein situasjon som vi ikkje ynskjer. Førde FrP meiner at målet må vere at handelshusa blir bevarte som handelssenter og at dagens sentrum framleis skal vere sentrum. Aller helst burde det byggjast gangbru frå Handelshus Sør til Førde Torg. Eit tørrskodd handletilbod i våte Førde vil trekke mykje folk. Vidare bør handelsstanden gå i tankesmia for å skape liv i sentrum sør igjen. Det var alltid veldig koseleg å gå i julegatene i sentrum sør før i tida. Tørrskodde alternativ må vel kunne skapast der og.

Samtidig kan ein ikkje nekte vidare utvikling av Førde som handels- og regionsenter i Sogn og Fjordane. Folketalsveksten i Førde har i det siste vore basert på netto fødselsoverskot. Ikkje tilflytting av nye borgarar. Vi må difor tillate nyetableringar av bedrifter som gjev nye arbeidsplassar og ny tilflytting. Førde FrP vil støtte ei kontrollert utbygging av Brulandsvellene. Bruksarealet der i dag er på 24 000 kvm. Behovet for vidare utbygging i Førde er på 30 000 kvm. i følge analyser. Søknaden frå utbyggerane på Brulandsvellene er på 76 000 kvm. Det seier seg då sjølv at her må det politisk styring til. Rådmannen har skissert ei utbyggig av Big Boxes på over 1500 kvm., ingen klesbutikkar, ingen småbutikkar, og ingen kafear utanom dei som er der no og ingen bustadutbygging på Brulandsvellene. Vidare må 80 % av det eksisterande arealet i vest utbyggjast før ein kan bygge ut aust for Coop Extra. Førde FrP tenkjer at dette i utgangspunktet er ein god plan, men bustadar må kunne byggast om behovet melder seg. Parkeringsarealet rundt dei fem butikkane der i dag er på 28 000 kvm. Dette må utnyttast betre!

Likevel kan det vel bli spørsmål rundt det heile. Strammer vi inn så mykje at vi strøyper all utbygging? Lat oss ikkje håpe det. Konsekvensutgreiingane er gjorde. Lat oss tru at vi klarer å styre utviklinga til det beste for både innbyggjarar og næring.
For Førde FrP
Bjørg Sølvi Refvik

Grøn krig?

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har synt seg om ein konkurrent til Raudt fordi MDG naturleg nok gjer miljøspørsmål til ei hovudsak for partiet. For Raudt er miljøspørsmål er derimot berre ei av fleire hovudsaker. Vi er eit parti som kjempar mot dei aukande løns- og klasseforskjellane og seier frå om at det trengst eit sosialistisk samfunn for å fjerne det økonomiske grunnlaget for forskjellssamfunnet. Raudt meiner at det er kapitalistisk produksjon for profitt som er den eigentlege årsaka til ein miljøøydeleggjande økonomisk vekst. MDG derimot talar og handlar som om det er snakk om folkeopplysning og politiske grep for å skape ein kapitalisme som sikrar eit økologisk innretta samfunn.

Raudt er også eit antikrig-parti. Vi har gått mot all den norske revediltinga som vi har opplevd dei siste åra. Noreg har dilta etter USA i både Afghanistan, Libya og no i Irak. Meir enn ti år etter at den US-amerikanske kampen mot terrorismen starta, ser vi at desse terroristane i desse landa står sterkare enn nokon gong.

Krig har også sine miljøsider. Det er skrive at eit F16-fly i løpet av ein time har det same utsleppet av drivhusgass som ein gjennomsnittleg amerikansk bilbrukar. Dei norske bombetoktene i Libya førte til eit CO2-utslepp på 35.000 tonn i følgje Forsvarsdepartementet sine opplysningar til journalist Erling Borgen.

Det er difor nedslåande å lese at MDG har gått ut med støtte til å sende norske militære instruktørar til opplæring av irakisk og kurdisk personell i kampen mot IS. Partia SP og SV har rosverdig nok godt mot dette. Det er fint at dei er kome seg ut av Stoltenberg-fløyen sitt klamme Nato-grep. Er dette ein grøn krig, MDG? Det hjelper litt, men ikkje så mykje, å lese på MDG si nettside at ”partiet sitt primære standpunkt i en konflikt vil være å bidra med ikke-voldelig hjelpearbeid.”

MDG si støtte til militæropplæring er sjølvsagt ikkje så gale som den tradisjonelle statlege norske revediltinga etter USA har vore. Det er likevel urovekkjande dersom MDG ikkje tydeleg tek avstand frå USA si bombing av dei sunnimuslimske områda i Irak. Desse militærtoktene frå USA si side fører til auka oppslutning om IS.

Når det er borgarkrig og overgrep i andre land, er bruk av FN det beste alternativet. Det har synt seg at i dei tilfella der FN går massivt inn med soldatar har talet på drepne gått ned. FN-engasjement er eit effektivt alternativ til militæraksjonar frå USA med Nato-land på slep. Desse aksjonane har vist seg å gje fatale resultat i fleire land. Vi i Vesten må etter kvart innsjå kor provoserande vestleg bombing er. Denne bombinga, og ikkje-rettslege avrettingar med hjelp av dronefly, er ei av årsakene til at forkastelege rørsler som IS, Taliban og al-Qaida har fått sterkt fotfeste. Det einaste håpet om løysing ligg i FN-troppar til området. Norsk-støtta militæropplæring slik Miljøpartiet Dei Grøne har gått inn for, er i alle fall inga løysing.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Aktiv på Dagtid

Så nettopp et innslag på Vestlandsrevyen i forbindelse med foreslått avvikling av ApD. Blir litt frustrert, men ser at dette er noe som kan ses fra flere sider mtp. om tilbudet bør sortere under spesialisthelsetjenesten alene.

Vil likevel nevne en episode fra min tid som poliklinisk pasient og bruker av ApD. En gang jeg var veldig dårlig, ville behandler ha meg innlagt, men jeg ville ikke. Neste dag reiste jeg innom Spenst, snakket litt med Harald Munkvold, (den gang vegleder) og jogget meg en lang tur. Tungsinnet mitt forsvant delvis, dette var noe jeg visste fra tidligere, og var lærdom jeg fikk gjennom ApD gjennom dyktige vegledere. Likeens var og er det sosiale knyttet til trening i ApD. viktig for meg.

På denne måten slapp jeg, og Helse Førde, en innleggelse, mange penger spart.

Så kan man si at det finnes mange andre treningstilbud, men for oss som brukere, kan terskelen for å møte opp være så høy at det ikke blir.Og mest sannsynlig vil man ikke finne den gode oppfølginga man får gjennom ApD andre steder.

Jeg håper virkelig Aktiv på Dagtid vil fortsette etter nyttår slik det er i dag, med samme lave terskel, gode vegledere og sosiale fellesskap som i dag.

Anerkjenn Palestina

Under sitt besøk i Norge ba den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas, utenriksminister Jonas Gahr Støre om at Norge støtter forslaget om å anerkjenne ein sjølvstendig palestinsk stat når spørsmålet kjem opp i FN si hovudforsamling. Den nye Svenske regjeringa har no bestemt seg for å anerkjenne Palestina som stat, no må den Norske regjeringa kome etter slik LO no gjer. Dei siste åra har det vore stillstand i forhandlingane om ein tostatsløysing. Å få støtte til statsdanninga er et forsøk frå palestinarane si side på å presse Israel tilbake til forhandlingsbordet.
Raudt meiner Norge bør stemme for ei anerkjenning av ein palestinsk stat, og jobbe aktivt for at for å få flest moglege land til å gjere det same. Raudt meiner at den offisielle Norske politikken som er at : «Vi trur på ein tostatsløysning, men vi kan ikkje anerkjenne ein palestinsk stat før det er forhandla fram ein løysning», vert alt for passiv .Palestina har rett til sjølvbestemming og er klare for ein eigen stat. Sidan Oslo-avtalen i 1993 har støtte til palestinsk institusjonsbygging vore ein hovedprioritet for det internasjonale gjevarsamfunnet. De siste tre åra har dei palestinske sjølvstyremyndighetene gjennomført reformer og kan vise til ein økonomisk utvikling som peikar fram mot ei statsdanning. I tillegg er det ein ny vilje mellom Fatah og Hamas til å etablere ei samlingsregjering og forsoning på palestinsk side. Denne positive utviklinga bør det internasjonale samfunnet premiere.
Raudt er ikkje samde i at ei anerkjenning står i motsetnad til forhandlingar, slik nokre hevdar. Palestinarane vil fortsatt ha forhandlingar. Problemet er at Israel manglande vilje til reelle forhandlingar. Landet har ein statsminister som gjekk til val på at han var mot ei tostatsløysning og ein utenriksministar som vil tvangsflytte palestinarar ut av Israel. Samtidig fortsett Israel bygginga av busetnader på okkupert palestinsk land. Busetnadene er i strid med folkeretten og gjer det vanskelegare å få til ein levedyktig palestinsk stat.
Ved å anerkjenne ein sjølvstendig palestinsk stat i FN vil det internasjonale samfunnet bekrefte palestinarane sin rett til ein sjølvstendig stat og sende et sterkt signal til Israel om at dei må tilbake til forhandlingsbordet om ei tostatsløysning.
Ottar Uglum
Raudt Høyanger

Føre var-prinsippet eller miljøskandale?

Når vi diskuterer bruk av Førdefjorden som sjødeponi med folk som ikkje bur nær nok til å vere direkte engasjerte, vil dei først ikkje tru kva vi seier. Også vi i Raudt Sogn og Fjordane synest at det er bortimot uforståeleg dersom sentralstyresmaktene gjev eit gruveselskap lov til å sleppe 445 tonn bly og 251 tonn nikkel på fjorden kvart år i 50 år.

At gruveselskapet Nordic Mining får seg til å søkje om slike utslepp er meir forståeleg. For selskapet er det den kapitalistiske profitten dei neste 50 åra som tel. Selskap som tidlegare har deponert slike store mengder på fjorden har, når det beviseleg har gått gale, måtte slutte med dette (Titania, Rogaland). Det som gjekk gale, var at dei deponerte massane ikkje låg i ro slik det hadde blitt lovd, men spreidde seg utover og øydela meir av fjorden enn først rekna med. Også utsleppet frå gruvene i Kirkenes spreier seg no lenger utover enn det som var lovd. ”Historiske” erfaringar tilseier derfor at Nordic Mining ikkje må lov til slike utslepp som det er søkt om.

Lenger vest og nord i fylket vårt ligg industribedrifta Elkem Bremanger. Her har norske miljøstyresmakter sett heilt andre grenser for utslepp enn det som Nordic Mining i realiteten søkjer om. Elkem har ikkje lov å sleppe ut meir enn 9 kg bly og 130 kg nikkel for året. Nordic Mining kjem til å sleppe ut 445 tonn bly og 251 tonn nikkel årleg. Dersom Nordic Mining får lov til dette, kan ein verkeleg lure på kva som ligg til grunn for forskjellsbehandlinga.

Raudt Sogn og Fjordane er for at utslepp frå eksisterande bedrifter skal minimaliserast til det oppnåelege. Berre bedrifter som kjem ned på eit akseptabelt utsleppsnivå, bør få halde fram. I vår tid, der miljøskadane frå tidlegare års vankunne og profittmaksimeiering har kome til syne, kan ein ikkje tillate Nordic Mining å ture fram.

”Tenkje globalt og handle lokalt”, var eit slagord frå debatten etter rapporten ”Vår felles framtid” som kom i 1987. Det er 27 år sidan, men endå meir aktuelt no enn då. Det er avdekka mykje meir omfattande skadar på miljøet og jorda enn den gongen. Derfor krev miljøstyresmaktene normalt lågare utslepp frå bedriftene no enn i 1987. Det er som det skal vere.

Andre ledd av slagordet frå 1987 er at det må handlast lokalt for ta vare på miljøet vårt. Fleirtalet av kommunepolitikarane i Naustdal tek ikkje dette på alvor. Vi blir freista til å sitere ingressen frå kommuneforskar Siv Sandberg sin kronikk i Kommunal rapport: ”Tillit og håp får vanligvis fornuftige kommunepolitikere til å tro på tvilsomme prosjekter. Det understreker betydningen av en velfungerende opposisjon.”

”Tvilsomme” er ein altfor mild karakteristikk av sjødeponi, men la gå med det. Fleirtalet av kommunepolitikarane i Naustdal håpar nok ei gruvedrift vil gje arbeidsplassar, tilflytting, styrka kommuneøkonomi og dermed både gull og grøne skogar (og daud fjord?). Det siste spørjeteiknet kan kuttast ut. Nordic Mining sitt prosjekt vil gje daud fjord. Gruvedrifta vil i ”beste” fall bli som eit kva som helst anlegg – med stort sett til og frå-reisande anleggsarbeidarar på ”Nordsjøturnus” som skattar i andre kommunar og for ein stor del utanlandske arbeidarar på sosial dumping-avtalar.

Ja, Siv Sandberg har rett: ”Det understreker betydningen av en velfungerende opposisjon”. Takk og pris for at vi har hatt og har veldig oppgåande aktivistar i kommunen og for at vi har ei velfungerande miljørørsle i dette landet. Det gjev håp om at føre var-prinsippet og fornufta vil sigre.

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Raudt Naustdal
Magnar Falkenstein, leiar

KrF-sigrar i budsjettet

Fylkespartiet til KrF sende inn viktige innspel til saker som vi meinte KrF måtte kjempe på plass i statsbudsjettet for 2015. Nesten alle fekk plass i KrF sitt alternative budsjett, og desse har også fått si løysing i statsbudsjettet for neste år.
Overordna for innspela våre var at saker vi vann i tingingane om samarbeidsavtalen etter valet, skulle på plass FØR «taksameteret» begynte på nye forhandlingar. Det galdt td 1%-målet for hjelp til dei fattigaste landa. Utan ei slik forståing i botn, såg ikkje Sogn og Fjordane KrF nokon grunn til å støtte regjeringa sitt budsjett.
Dette er saker vi spela inn, og som no vert vedteke i budsjettet:
• Tilleggskompensasjon til fylka som taper på inntektsystemet: KrF la inn 200 mill. Etter forhandlingane er det 60 mill i budsjettet. Ved ei innretning og opptrapping som foreslått frå SFj vil det halvere kutta i fylket vårt.
• Kommunane får ikkje auka utgifter til brukarar med særlege behov.
• Breidbandsmidlar. Her vart det ein auke på 60 mill.
• Pressestøtta og mva på media.
• 2,2 mill til Nynorsk Avissenter.
• 4H. Vi har fått gjennomslag for auka løyvingar til frivillige organisasjonar. Men kontorfellesskap er ikkje avklara.
• Vedteken omstillinga i kyrkja låg ikkje inne med ei krone. KrF fekk på plass 30 mill.
• Eingongsstøtta ved fødsel er auka. Ei viktig sak for KrF.
• Den sosiale profilen på budsjettet er vesentleg forbetra mot kva som var H/FrP sitt framlegg, ma med framleis behovsprøving av barnetillegg til uføre.
• Grensa for kva tid ei bedrift får refundert mva er ikkje auka. Noko som er viktig for mange næringsdrivande, for grunderar og for kulturlandskapet.
• Bortebuarstipendet vert ikkje behovsprøvt, men alle som må bu borte når dei går vgs vil framleis få det.
• Dei stygge kutta som låg inne for folkehøgskulane er reversert.
• Det vert ikkje innført studieavgift for utenlandske elevar.
• Frivillige lag som har fått melding om at dei fekk kompensert under 50% av momsen på anlegg dei har bygt i 2014, får no 100%. Dette er vi stolt over, og glad for på vegne av alle frivillige!
• Utjamning av overføringstariffen er auka med 20 mill.
• Og det er auka opp ein god del til Innovasjon Norge
Så er det klart at vi er skuffa over at arbeid for 55 mill vert utsett eit år på Filefjellet. Det er også andre enkelt-postar vi gjerne skulle sett anleis. Men vi gler oss over gode KrF-saker som betre miljø-politikk, betre sosial profil, meir til helsestasjonar, auka lærartettleik i barneskulen og meir til barnevern.

Er grøn politikk verkeleg grøn?

Fleire politiske parti seier at dei fører ein grøn politikk. Felles for desse partia er at dei vil redusere mengda av CO2 i atmosfæren. Det er grunn til å sjå nærmare på ein slik politikk. For det første, kan politikarar verkeleg påverke nivået av CO2 i atmosfæren? Det er lite som tyder på det. Mengda av CO2 i atmosfæren vert regulert av temperaturen i havet. Det ser vi att i kjerneboringar frå tidlegare tider der temperaturen i istider førte til at CO2 i atmosfæren gjekk ned til halvparten av dagens nivå. Vart det ein grønare klode i istider? Nei, tvert imot. Kor mange millionar menneske kan vi brøfø dersom vi på nytt kjem ned til 170 ppm CO2? Kvifor har vi kunstig høge CO2-nivå i drivhus? Er det ikkje fordi vi vil at tomatane skal vekse raskare og bli større?
Australske forskarar har sidan 1982 studert dei tørre områda på Jorda med bilde tekne frå satellittar. Det dreiar seg om det sørvestlege USA, nordlege Mexico, Patagonia, sørlege og nordlege Afrika, Sentralasia og indre deler av Australia. Felles for desse områda at dei sidan 1982 har vorte 11% grønare, stikk i strid med IPCC sine påstandar. Høgare innhald av CO2 i lufte verkar som gjødsel på plantane. Bladverket til plantane treng ikkje så mange porar for å oppta nok CO2 og dei avgjer då ikkje så mykje vatn lenger og kan såleis klare seg betre i tørre område. Høgre CO2-innhald i lufta gjev oss ein grønare klode. Høgre CO2-innhald i atmosfæren er gunstig for liver på Jorda, ikkje negativt slik dei grøne partia trur.
Kor lenge skal vi indoktrinerast av politikarar om at «livets gass» er ei forureining og ikkje lenger grunnlaget for alt liv på Jorda! Utan CO2 og fotosyntesen er det ikkje leveleg for menneske eller dyr på landjorda. Såkalla grøn politikk verkar lite gjennomtenkt og passer best for dumme veljarar som ikkje klarer å tenkje sjølv. Kor lenge skal vi betale CO2-avgifter og klimakvoter til eit system som ikkje fungerer? Dette er vår tids avlatshandel!

Magne Dvergsdal.

Sei opp EØS - Ta att norsk lovgjevingsrett!

28. november 1994 røysta fleirtalet nei til norsk medlemskap i EU-unionen. No kan vi feire 20 år sidan sigeren. 52,2 prosent røysta nei. Nei-et som no 70 prosent av folket ser som det rette valet.

Annleislandet
I debatten før folkerøystinga om norsk EU-medlemskap i 1994 skapte ja-sida omgrepet ”annerledeslandet». Ja-sida ville med det kritisere nei-sida for å ville leve sitt isolerte liv utanfor EU. Dette utanforskapet skulle vere svært skadeleg for Noreg. Men nei-sida tok tak i omgrepet; annleislandet var det Noreg fleirtalet i landet ville ha. Medan EU var styrt av dei store pengane, ville Noreg halde på nasjonal, demokratisk styring. Eiga styring med fiskeressursar og andre naturressursar kunne halde fram. Vi ville ha meir lokaldemokrati enn i EU. Vi ville behalde vår type velferdsstat.

EØS
Før folkerøystinga, i tida 1989 til 1992, vart EØS-avtalen framforhandla mellom EU og EFTA-landa, Noreg, Sveits, Island og Liechtenstein, som dermed vart del av den indre EU-marknaden, med viktige unntak som jordbruk og fiske. Dermed underordnar Noreg seg EUs sine lover om konkurranse og dei fire friheitene; varer, tenester, arbeidskraft og kapital skal kunne krysse landegrensene fritt.

Med og utan EØS
EØS har påført Noreg lover og økonomisk politikk som ikkje eit fleirtal på Stortinget ville ha vedteke. Meir og meir merkar vi at vi får ei utvikling i Noreg som vi ikkje ønskjer. Grunnen er at EU styrer gjennom EØS. Eit døme; Noreg ønskjer at det skal vere like konkurransevilkår for firma som legg inn anbod på offentlege oppdrag. Men ikkje-norske selskap, ofte storselskap registrete i skatteparadis, har langt dårlegare løner og pensjonsrettar for sine tilsette. Dermed kan dei vinne mange oppdrag. Slik sosial dumping breier seg raskt i Noreg. Vi kan ikkje verje norske firma ved å krevje lik konkurranse ved offentlege oppdrag, så lenge ikkje utanlandske firma som underbyr norske, ikkje bryt lovverket i EU. Det har også i praksis vorte lettare for firma som klårt bryt lovene, å få oppdrag i Noreg, for dei kriminelle kan underby endå meir, og politi og kontrollverk har ikkje kapasitet til å etterforske nokon stor del av dei kriminelle. Bransjar som bygg og anlegg og hotell og restaurant opplever dette svært sterkt.

Kan seiast opp
Men EØS-avtalen kan seiast opp med eitt års varsel. Etter oppseiing skal handelsavtalen frå før EØS styre det økonomiske hopehavet med EU. Her må nok ein del ajourføringar til. Men Noreg vil med oppseiing ta att retten til å lage våre eigne lover for økonomien, til dømes lover for å regulere utleige av arbeidskraft for å blokkere sosial dumping.

Den nordiske modellen
I Norden har arbeidslivet vore regulert gjennom eit samarbeid mellom arbeid og kapital og staten. Både arbeidarane og bedriftene er godt organiserte, og dei har forhandla fram kompromiss som har gjeve stabilitet i veksande økonomiar. I seinare tid har fleire rapportar påpeika kor godt den nordiske modellen for arbeidslivet har fungert. Modellen har skapt både høg effektivitet og stor likskap. EØS undergrev denne modellen. I EU har fagrørsla vorte alvorleg svekt. Det er vanleg at tyske røyrleggjarar har løner under 100 kroner timen, og mange av dei søkjer seg til Noreg.

Sei opp EØS-avtalen!
EØS-avtalen opnar opp for at firma som leiger ut arbeidskraft, kan ta større og større deler av marknaden ved å dumpe løner, pensjonsrettar og arbeidsvilkår. Med EØS har ikkje Noreg lovheimel for å sperre for slik sosial dumping. Tvert om vil det bryte med EØS-lover å prøve å hindre sosial dumping ved ordningar som bryt den frie flyten av arbeidskraft. Denne utviklinga undergrev den nordiske samfunnsmodellen, som har stor tilslutnad i fleirtalet i Noreg. Og som fleire og fleire samfunnsforskarar ser som ein modell med klåre føremoner for samfunnet sett under eitt. Folkerøystingane i 1972 og 1994 vart vunne ved å byggje breie alliansar. EØS-avtalen er til skade for Noreg. Det er på tide å forme alliansane som trengst for å få sagt opp EØS-avtalen!

Asbjørn Geithus
medlem i Nei til EU

Er vi virkelig opptatt av oljeaktiviteten i Sogn og Fjordane?

For ei uke siden ble det installert et stort produksjonsskip på Knarr Feltet utenfor kysten av Sogn og Fjordane. Total investering på feltet er over 11 milliarder kroner.
Knarr består av funnet Knarr sentral (tidligere jordbær) og prospektet Knarr vest. Feltet skal bygges ut med havbunnsinnretninger knyttet opp mot produksjonsskipet Petrojarl Knarr med lager om bord.
Skipet skal produsere i mange år og skal drives delvis fra BG sine nye kontorer på Fjord Base i Florø. I Florø gir dette mange arbeidsplasser og aktiviteten vil gi store ringvirkninger til næringslivet i Sogn og Fjordane.

På tide å rette blikket vestover folkens!
Hvorfor er ikke denne aktiviteten dekket i aviser og i NRK S&F ?

På konferansen Vekst i Vest som ble holdt i Florø den 13. november var det 4 oljeselskap som holdt innlegg om aktiviteten utenfor Sogn og Fjordane! En stor og viktig konferanse som ble åpnet av fylkesordfører Åshild Kjelsnes og ledet av Jan Heggheim. En virkelig bra konferanse med mange gode innlegg fra næringslivet og myndigheter.

Heller ingen dekning i aviser eller i NRK S&F?
Virkelig skuffende siden vi i Sogn og Fjordane strever å få mere slik aktivitet til fylket. *

Oddgeir Madsen
Florø

Tonnevis av tungmetall i Førdefjorden

Nordic Mining søkjer om å få sleppe ut 6.5 tonn tungmetall og 10 tonn kjemikaliar i 16.500 tonn gruveslam i Førdefjorden, kvar einaste dag i 50 år. Alt dette for å hente ut eit par prosent av det helsemessig kontroversielle kvitingsmiddelet titandioksid.

Titania AS i Rogaland leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid frå ein større og langt rikare førekomst enn på Engebø, og har sidan 1980-talet lagt restmassen i landdeponi, pålagt av SFT fordi utsleppt masse ikkje låg i ro slik saksdokumenta sa, men spreidde seg, nedslamma og gjorde stor skade på Jøssingfjord og seinare i Dyngadjupet.
For 4 år sidan vart det gjeve løyve til utslepp av gruveavfall i Bøkfjorden ved Kirkenes, og det vart lova moderne metodar og miljøvenlege løysingar. No er også Bøkfjorden nedslamma. Allereie første året spreidde gruveslammet seg 7 km lenger ut i fjorden enn omsøkt deponiområde i følgje rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning), slik at fjorden allereie etter kort tids utslepp framsto som sterkt skada. Seinare er det ikkje offentleggjort fleire undersøkingar.

Blankofullmakt til forureining?
No ligg saka om mineralutvinning i ope dagbrot på Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, på regjeringa sitt bord. Snart skal Fiskeri- og Miljøministrane uttale seg til Kommunalminister Sanner, som skal avgjere saka, sjølv om Nordic Mining enno ikkje har lagt fram endeleg utvinningsprosess, slik dei skreiv til Naustdal at dei skulle gjere i løpet av 2010. Ny informasjon frå NIVA viser no behov for 6-9 gongar meir av kjemikaliet Magnafloc enn det står i søknaden, utan at søknaden er endra, og det er sterke indikasjonar på behov for å male ned massen enno meir, slik at det blir meir finstoff som kan spreia seg enno lenger ut enn det som hittil er vurdert. Dette tyder på lite kontroll med prosessen og korleis massen vil oppføre seg i fjorden.
Ei avgjerd på så mangelfullt grunnlag vil vere ei gullkanta blankofullmakt for gruvedrift utan vilkår, som Nordic Mining kan selje på verdsmarknaden, men samtidig ei miljøkatastrofe for Sunnfjord.

Verdfulle mineralressursar skal dumpast som avfall
Nordic Mining vil dumpe nesten heile Engebøfjellet i Førdefjorden som finknust og kjemikalieblanda gruveavfall. Førekomsten er på fattige 2-4 %, og Nordic Mining stiller som føresetnad for prosjektet at dei får dumpe resten i sjøen, då det er billegast for selskapet. Samtidig er restmassen ein verdifull mineralressurs som kan brukast til mange samfunnsnyttige formål, og som ikkje bør bli behandla som avfall. Det ein ikkje får brukt til andre formål i fyrste omgang, kan ein fylle attende i gruva under drift, for seinare bruk, dersom det blir brukt underjordsdrift i staden for dagbrot.

Skal 2352 tonn tungmetall og 3650 tonn kjemikaliar bli sleppt i Førdefjorden kvart år?
Nordic Mining skriv at avfallet inneheld relativt lite tungmetall, men for fleire av tungmetalla er konsentrasjonen i restmassen dobbelt så stor som naturleg i botn av fjorden. Sjølv om tungmetall finst naturleg i fjellet, blir situasjonen ein heilt annan når vi har finknust masse som blanda med ein kompott av kjemikaliar vert sleppt ut i fjorden. Då kan tungmetallet lekke ut og bli til stor skade. I andre gruveprosjekt er konsentrasjonen av tungmetall størst i den mest finknuste massen, noko som vil gjera tungmetalla enno meir tilgjengeleg for utlekking i fjordmiljøet. Dette er ikkje undersøkt av Nordic Mining.
Tungmetall har den eigenskapen at dei vanskeleg vert nedbrotne, vert akkumulert i næringskjedene, og kan skape forgiftingar og sjukdom. Kortidsverknaden er ein ting, men vi veit ikkje kva helsemessige kostnadar våre framtidige generasjonar kan verte påførte.

Innhaldet av tungmetall er oppgjeve i mikrogram pr gram gruveavfall, og då blir det små tal, men dersom ein reknar på kva dette vil seia for heile utsleppet, oppgjeve i tonn, så får ein tal som det er mogleg å forstå.
Kvar månad i 50 år vil Nordic Mining sleppe 195 tonn tungmetall og 300 tonn kjemikaliar i Førdefjorden, blanda i 500.000 tonn gruveslam.
Årleg vert utsleppet av tungmetall på 2352 tonn (112 kg kvikksølv, 445 tonn bly, 332 tonn kopar, 251 tonn nikkel, sink 1324), av kjemikaliar 3650 tonn og samla utslepp omkring 6 millionar tonn gruveslam. I løpet av 50 år vert utsleppet av tungmetall 117600 tonn og samla utslepp kring 300 millionar tonn gruveslam. Ubåten ved Fedje inneheld 60-70 tonn tungmetall, utan samanlikning elles.
Kjemikaliane som blir blanda med gruveslammet er 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 360 tonn karbonsyre og 15 tonn (det blir no antyda minst 90 tonn) Magnafloc 155 inkludert akrylamid i året. Av dette vil 600.000 tonn vere svevepartiklar under ti mikrometer, og 3000 tonn som nanopartiklar. TiO2 nanopartiklar kan ha stor giftverknad på det marine miljøet, men dette er ikkje vurdert i søknaden.
Sterke naturlege straumar er eit effektivt pumpesystem for næringsstoff og forureining
Vatnet i havet og fjordane heng saman. Golfstraumen kjem nordover langs kysten og pressar salt havvatn langs fjordbotnen heilt inn i dei innarste buktene av fjordane, det blandar seg opp i straumen frå elvane og går utover att i havet. Slik fungerer fjordane som eit pumpesystem der straum og tidevatn sikrar vassutskifting og fordeling av næring, men som på same vis vil kunne spreie den veldige finmassen, kjemikaliane og tungmetallet. I tillegg til at fjorden vert nedslamma av tungmetallhaldig finmasse, vil ein del også spreie seg ut av fjorden. Førdefjorden har låg terskel ved Svanøy, som saman med det svært tronge Ålesundet genererer betydeleg straum og god vassutskifting i fjorden, derfor er det også arts- og fiskerikt i fjorden i dag.

Skal ikkje lage Titan, men kvitt fargestoff til matvarar og maling
På nettsidene til Nordic Mining kan ein lese om utvinning av Titan til medisinske og andre høgverdige formål, men i søknaden skriv Nordic Mining om mineralutvinning til pigmentformål, dvs produksjon av kvitningsmiddelet titandioksid, TiO2 og det er noko heilt anna enn metallisk titan. Nordic Mining skreiv i 2010 under ein intensjonsavtale med det internasjonale pigmentfirmaet Chrystal Global med adresse Dei Arabiske Emiratar.
Titandioksid utmerkjer seg ved å kunne knusast til små partiklar, mange som nanopartiklar og får då sterk verknad som kvitt fargestoff. Det vert mellom anna brukt som matsminke, i kosmetikk og i maling, men det er helsemessig kontroversielt og relatert til kreftrisiko. IARC, som er FNs (WHO) kreftforskningorganisasjon, åtvarar mot bruk av Titandioksid, særleg i nanoform, dersom det kjem i kroppen via innpusting, ved matinntak eller gjennom huda som kremar og kosmetikk . Titandioksid blir kalla E171 når det blir brukt for å gjera matvarar kvite, som til dømes i nokre typar fiskebolle og sukkertøy.
I sommar var det åtvaringar i fleire norske media mot solspray fordi den inneheldt TiO2 og var kreftfarleg å puste inn. EU arbeider for mindre bruk av titandioksid og i land som Tyskland og USA er det forsking og merksemd på kreftfare og helserisiko ved stoffet.
Halvparten av titandioksidet i malmen går rett i fjorden med avfallsmassen og som nanopartiklar et det påvist giftig for sjølevande organismar.
Som nemnt leverer Titania allereie 7-8% av den totale verdsproduksjonen av titandioksid, og det er i prinsippet nok til å dekke heile verdsbehovet til produksjon av metallisk titan. Berre 4% av verdas produksjon av titandioksid går til produksjon av metallisk titan, mens 90% av blir brukt til produksjon av kvitt pigment.

Kan fylle restmasse attende i gruva under drift
Det er sterk internasjonal motstand mot gruvedrift i form av dagbrot, på grunn av dei enorme naturinngrepa som dette fører med seg. Difor arbeider mellom anna EU for ein overgang til konsekvent bruk av underjordsdrift. Med underjordsdrift er det fullt mogleg å fylle restmasse attende i gruva mens ho er i drift, og mange stader er det ei vanleg driftsform, som blir kalla gjenfyllingsbryting. Det er vesentleg vanskelegare å få til dette med dagbrot, slik det er planlagd på Engebø i mange år.

Er arbeidsplassar eit reelt argument?
Nordic Mining vil tene pengar på Engebøforekomsten og lokkar med 150 arbeidsplassar. Det ligg til alle folkevalde å tenkje på å sikre innbyggjarane gode levekår, også arbeidsplassar, men i saka om mineralutvinning på Engebø er arbeidsplassargumentet teke ut av sin samanheng. For det første øydelegg eventuelt gigantutslepp i Førdefjorden for ei rekkje allereie etablerte arbeidsplassar i fiskeri,- sjømat- villaks- og reiselivsnæringane, samt i ringverknadsnæringar, både no og i framtida.
For det andre har Sogn og Fjordane over tid hatt lågaste arbeidsløyse i landet og det er heller inga arbeidskraftreserve på Vestlandet. Venteleg vil arbeidskraft verte henta frå dei land der den er billegast.
Eventuelle gruvearbeidsplassar på Engebø medfører så stor risiko og gjev så store kostnadar for natur, miljø, næringar og samfunn, at prisen vert for høg.
Når Titania allereie leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid og kan fortsetje å levere langt inn i framtida, er det ikkje samfunnsmessig nødvendig å utvinne dette stoffet også på Engebø, spesielt sett opp mot dei store miljøkonsekvensane ved denne gruva.

Vi ber regjeringa legge føre var – prinsippet til grunn og sikre god ivaretaking av det rike naturgrunnlaget i Førdefjorden, samt tilknytta næringar og slik sette standard for forvalting av fjordane og for miljø- og driftsforsvarleg mineralnæring i Norge.

Anne-Line Thingnes Førsund
Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe
Mads Løkeland
Medl. gruveutvalet, Naturvernforbundet

Når vanvitet tek overhand

Høgre i Sogn og Fjordane legg no kraftig press på regjeringa for eit ja til utvinning på Engebø, står det å lese i Firda torsdag 13.11., med ei smilande Bodil Kidøy Lunde på framsida. Dette ”presset” har avspegla seg i Firda. Om lag kvar dag har det vore innlegg i avisa for Engebøprosjektet.

Kampanjen i Firda byrja laurdag 8. november med eit portrettintervju med dagleg leiar i Nordic Mining, Ivar Fossum. Der vart han bl.a. spurt om han trur på Gud. Svaret var slik: ” – Ja eg gjer vel det. Kor mykje i forhold til andre, er vanskeleg å seie, men i utgangspunktet ja”. Kva for utgangspunkt? Slike svar viser tydeleg at ein ikkje har noko forståing for kva Gud er, men det tar seg fint ut å kalle seg kristen og seie at ein trur på Gud. Legg berre merke til kor viktig det blir for politikarar framfor eit val å seie akkurat det.

Mennesket har gjennom tidene gjort utruleg mykje gale nettopp fordi det ikkje har forstått omgrepet Gud. Det er og forferdeleg gale å øydelegge Førdefjorden. Som grunngjeving for dette seier Fossum bl.a. at teknikk fascinerer han. Her er ein kanskje ved saka si kjerne: Den ytre teknologiske utviklinga skjer i rasande fart, medan utviklinga av den menneskelege ånd har stagnert i fleire tusen år. Denne ubalansen gjer at det verste i mennesket kjem fram, som grådigheit og uforstand. Vi lever i 2014, men dei fleste har enno inga forståing for at naturen er levande og besjela, som oss menneske. Difor tek ein ikkje omsyn til alt denne omfattar av dyr, plantar osv.

Naturen på jorda er i høgste grad ein del av Gud, slik vi menneske også er. Å seie at ein ikkje trur på Gud, er å seie at ein ikkje trur på Livet, for skaparen og det skapte er eitt. Å seie at ein trur på Gud når ein ikkje har noko forståing for kva Gud er, blir også merkeleg. Går ein inn for å øydelegge naturen, som i dette alvorlege tilfellet, går ein også i rein uforstand inn for å øydelegge det som er heilagt og guddommeleg. Naturen har og blitt omtala som Guds biletbok. Kva rett har ein til å skade og øydelegge denne boka? Ei grunnleggande endring i folks tankemønster er nødvendig om ein vil berge denne kloden, for det er vanvitet som styrer og rår. Når ein trur at ein må øydelegge naturen for å ”ha noko å leve av”, viser dette berre kor langt bort frå det guddommelege ein er komne. Ein manglar fullstendig kontakt med Livet, og har verken tru på eller tillit til det ein kallar Gud.

Samtidig som det kan synast som dei nedbrytande kreftene er i ferd med å få overtaket, veit vi og at det i denne tid veks fram ny og djupare innsikt over heile kloden. Dette gjer at sløret mellom dimensjonane blir stadig tynnare, og mange menneske er i dag så opplyste at dei kan kommunisere mellom jordiske og himmelske dimensjonar. Eg har tidlegare vist til boka ”Sammen på tvers av døden” av Elisa og Erik Medhus, der mor og son kommuniserer mellom dimensjonane slik at vi får vite mykje om livet på den andre sida. Ein gong dei prata om nedhogginga av regnskogen i Amazonas seier Erik trist: ”Mor, du skulle se de følelsene når trærne blir hugd og skyflet ned og brent. Det er noen nivå av skrik der som dere mennesker ikke hører”. Dette må stansast, seier Erik.

På same vis vil det stige opp mykje skrik frå Førdefjorden om Nordic Mining får det som dei vil. Dei vil nok sjå på det som ein siger, men det er ingen som sigrar om Førdefjorden blir øydelagt. Det blir eit tap for alle. Faktisk legg ein då til rette for store katastrofar, for naturen brukar stadig sterkare verkemiddel for å få menneska til å vakne og forstå, fordi det ikkje er mykje tid att til å berge oss frå noko som er endå verre. Til sjuande og sist handlar utfallet av Engebøsaka om respekt for Gud og medkjensle med alt som lever, eller mangel på dette.

Passe stor kommune

Det offentlege har mange oppgåver. Vi har tre folkevalde nivå; ein stat, 19 fylke og 428 kommunar. Fylkestinget vart folkevalt først i 1975. Kva oppgåver kvart nivå skal ha ansvar for har vorte endra mange gonger.

Flytting av oppgåver
Lista over oppgåver der ansvaret har vorte flytt frå eit nivå til eit anna siste 50 åra er ganske lang. Nokre utvalde døme frå lista over flytting mellom nivåa i tida 1961 til 2004, flytting både oppover og nedover; 1961 psykisk helsevern til fylka, 1964 gymnas til fylka, 1970 somatiske sjukehus til fylka, 1979 samferdslekontor i alle fylke, 1984 helsesøster/ helsestasjon til kommunane, 1986 ambulansetenesta til fylka, 1988 somatiske sjukeheimar til kommunane, 1991 helsevern for psykisk utviklingshemma til kommunane, 1998 familievernet til fylka, 2003 rusverninstitusjonar til staten, 2004 barnevern til staten. Kva oppgåver det offentlege tek på seg og kva nivå som har ansvaret er altså ikkje hogge i stein.

Tre nivå
Høgre og Framstegspartiet har vilja kutte mellomnivået, og berre ha kommunar og stat. Men styrketilhøvet på Stortinget gjev grunnlag for å halde på tre nivå. Statsråd Sanner har pålagt kommunane å utgreie si framtid, og samanslåing med omliggjande kommunar er utpeika som overordna mål. Ingen kan seie kva oppgåver kommunen skal ha ansvar for framover. Kva oppgåver mellomnivået skal ha er er endå meir uvisst. Skal fylka omformast til regionar, og i så fall kor mange? Før ein lagar til passe store kommunar, må ein vite kva oppgåver kommunane skal utføre. Men ingen kan svare på det. Regjeringa si leiing av heile prosessen verkar ganske hjelpelaus.

Nærdemokrati
I små einingar er det liten avstand mellom veljarane og dei som styrer. Små kommunar med avgrensa oppgåver, som skule, omsorg, kultur og idrett kan styrast av fritidsfolkevalde og ein ordførar på heiltid. Spørjeundersøkingar over heile Noreg viser at folk er mest fornøgde med sitt forhold til kommunen i små kommunar. I store kommunar vert det fleire og fleire heiltidspolitikarar. Desse har ein tendens til å kome frå dei såkalla øvre lag av folket.

Effektivisering
Dei som vil ha færre og større kommunar, brukar ofte same favorittorda. På topp finn vi ord som effektivisering og robust. Store einingar skal vere så robuste. Robust styring krev profesjonelle politikarar, ofte vil det seie heiltidspolitikarar. Fleire heiltidspolitikarar gjer det ikkje lettare for vanlege veljarar å kome i kontakt med sine folkevalde. Dette er eit kjernepunkt i demokratiet. Effektiv styring krev også effektive byråkrati. Mange snakkar generelt negativt om byråkrati. Men dei som kjem i maktposisjonar, innfører oftast ymse ordningar som fungerer berre med fleire byråkratar. Høgre har hatt høg profil på at dei skal redusere det offentlege byråkratiet i Noreg. Medan Bent Høie frå Høgre har vore statsråd har det vorte 162 fleire byråkratar berre i den sentrale helseforvaltninga. Og Høie varslar vidare auke.

For ein prosess!
Regjeringa kan ikkje gje svar på sentrale spørsmål; Korleis skal offentlege oppgåver fordelast mellom dei tre nivåa? Skal vi ha fylke eller regionar, og om regionar, kor mange? Statsråd Sanner har pålagt fylkesmennene å drive fram utgreiingsprosessen i sine fylke. Utsendingar frå fylkesmannen reiser rundt og forsikrar om at det skal bli ei meir effektiv oppgåvefordeling. Ja, alt skal bli meir effektivt – og meir robust! Utsendingane er nok pålagde å seie dette. Og dei truar med korleis kommunar som ikkje går i rett retning, skal råkast av økonomisk innstrammingar, medan dei som går i rett retning, skal vere garanterte solide statsoverføringar i 15-20 år. Eg lurer på om dei utsende misjonærane frå fylkesmannen trur på det dei seier om alt det positive som skal skje med dei lydige kommunane. Statsråd Sanner sende brev til ordførarane og fylkesmennene i Noreg i juli 2014 på grunnlag av ein fleirtalsmerknad frå kommunalkomiteen i Stortinget. Denne forankringa i fleirtalsmerknaden frå ein komite gjev ikkje grunnlag for måten Sanner har køyrt saka. Dette uhaldbare grunnlaget vil nok kome fram etter som diskusjonane går sin gang. Det ligg ikkje noko press frå grunnplanet i Noreg om å få dei endringane som er sette som mål. Eg vil driste meg frampå med ein spådom; Denne omlegginga vil føre til dårlegare lokaldemokrati, meir heiltidspolitikarar og veksande papirmøller, papirmøller som krev fleire byråkratar. Når noko skal forbetrast, må dugane ekspertar utgreie kva som krevst. Og dei konkluderer alltid at fleire byråkratar må tilsetjast. Kan nokon vise meg eit døme på det motsette, altså færre? Det er grunnlag for en del endringar i det offentlege systemet i Noreg, både kommunegrenser og anna. Men regjeringa si leiing av heile prosessen verkar ganske hjelpelaus. Så hjelpelaus at eg vert ikkje forundra om heile prosessen kollapsar.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Venstre - garantist for stagnasjon

Vil Sogn og Fjordane Venstre eigentleg ha ny industri til fylket? Nei til gruvedrift på Vevring syner at partiet er nøgd med stoda slik den er. Venstre står dermed som garantist for stagnasjon og sakte nedgang i folketalet i tråd med Statistisk sentralbyrå sine prognoser.

Å framstille Førdefjorden som noko meir enn det den faktisk er tener ingen. Sanninga er at den har høgst ordinære kvalitetar som naturoppleving. Verdiskapninga frå fjordfisket er marginal. Som turistattraksjon har fjorden ikkje synt seg å være interessant.

Vi treng politikarar med mot, ikkje folk som ropar ulv i utide. Lenger sør på Vestlandet har ein skjønt at for å få vekst må ein også seie ja, når mogelegheita er der og miljøkonsekvensane er akseptable. Difor har ein oppnådd sterk sysselsettingsvekst i Rogaland og Hordaland dei siste tiåra.

Eg spør Rotevatn: Kva skal ein leve av i Førde, Naustdal og Florø når oljenæringa slit og riggar blir lagt i bøyene? I staden for å stikke kjeppar i hjula for industrien og kreve endelause utgreiingar må ein stoppe spelet og gje all mogeleg støtte til Nordic Mining. For sjølv dei kan gå leie til slutt.

Krenkelsar i psykiatrien?

Psykisk helsevern får merksemd etter sensasjonsprega hendingar som drap og sjølvdrap og bruk av tvang blir debattert når det blir stilt spørsmål om samfunnet skal vernast mot alvorleg psykisk sjuke menneske. Politikarar og fagfolk diskuterer omorganisering, nedlegging av døgnplassar og overføring av ansvar til kommunane. Kommunane, institusjonane, NAV prøver å hjelpe så godt dei kan og mange tilsette gjer meir enn det ein kan forvente ut frå deira stilling. Pasientar og pårørande fortel om positive erfaringar, men dessverre er det alt for mange som har negative erfaringar frå møte med hjelpeapparatet. Mange kjenner seg krenka av hjelparar og system. Brukar- og pasientombod fortel om saker der den sjuke og/eller pårørande har opplevd krenkelsar når dei vore i kontakt med psykisk helsevern. LPP blir også kontakta av pårørande som fortel om slike erfaringar med psykisk helsevern.

Alle menneske kan oppleve å bli krenka. Årsaka til krenkelsen og opplevinga ved å vere krenka er ulikt. Krenkelse påverkar den psykiske helsa og kan føre til sjukdom. Når ein søker hjelp for psykiske helseplager eller kroppslege symptom så har ein ei forventning om å bli møtt med respekt. Ein har også ei forventning om å få hjelp – symptoma skal bli mindre og kvardagen skal bli betre. I denne situasjonen er alle sårbare. Stigma knytt til psykisk sjukdom og sjølve symptoma ved den psykiske lidinga gjer ein særleg sårbar.

Krenkelsar skjer gjennom ord og handlingar i møte mellom menneske.
Finn Skårderud seier det slik: ”Fornærmelsen kan man riste av seg, ydmykelsen kan vi le av, men den krenkete er allerede blitt alvorlig skadet”. (Sitat slutt)

Ein krenkelse rammar det innerste menneskelige og sjølve det levande livet hos den krenka. Resultatet er skam, kjensle av mindreverd, hjelpeløyse og avmakt. Krenkelse kan føre til at ein misser sin identitet som eit respektert menneske som meistrar livet sitt.
Det er lett å tenkje seg at overgrep mot barn, krigshandlingar, vald, mobbing osv. kan påføre krenkelsar. Det er vanskelegare å forstå at eit system som skal ta vare på menneske i ein sårbar fase kan påføre dei krenkelsar. Den krenka vil ikkje alltid vere i stand til å sette ord på det som har skjedd, men audmjukinga og skamma vil likevel sette spor i kroppen og i det menneskelige i mennesket. Når ein blir fråtatt sine rettar, mister andre sin respekt eller blir tvungne til å leve på ein nedverdigande måte så er det ei krenking. Vår identitet er knytt til meistring og tilbakemeldingar frå omgjevnadane. Det er ikkje vanskeleg å forstå at krenkelse kan utløyse psykisk sjukdom og det kan oppretthalde og forverre sjukdomen. Krenkelsen påverkar oppleving av eigenverd og forhold til omgjevnadane. Holdningar og kompetanse hos personalet avgjer korleis ein opplever møtet med psykiatrien. For mange, både pasientar og pårørande, kan det bli ein lang kamp for å forsøke å få att ei oppleving av respekt frå andre og sjølvrespekt.
Nokre pasientar er innlagt i psykiatrien mot sin vilje. Dette er ei særleg utfordring. Sjølv om målet alltid er å sikre pasienten behandling og hjelp så opplever pasienten ofte at sjølve bruken av tvang er krenking. Avdelinga og personalet sin måte å gjennomføre tvangstiltaka er viktig for at pasienten ikkje skal kjenne seg krenka og ha tillit til psykiatrien i framtida.
Det er ofte vanskeleg å snakke om at ein kjenner seg krenka av helsepersonell. Redsel for fleire krenkelsar kan vere ei hindring. Pasientar og pårørande kan også vere redde for kome med kritikk av helsepersonell fordi det kan verke inn på den hjelpa dei treng. Nokre pasientar avsluttar behandlinga fordi dei har mist tilliten til helsevesenet.
Personalet og Psykisk helsevern som system, har stor makt i møte med sårbare menneske sin livskvalitet. Vi fryktar at nedprioritering av kvalitet og kapasitet i Psykisk helsevern kan føre til fleire krenkelsar av brukarar, pasientar og pårørande.
Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse, Sogn og Fjordane ved Astrid Gytri, sekretær.

Blåsinne

Etter å ha vore vitne til siste vekers samferdslepolitiske innspel, krumspring og tilbaketog, og etter å ha lese Helge Johnsen sin kommentar i Firda 13.11, datt det ned i meg eit nytt ord. Eg leverer det hermed fritt til bruk på den slags ville holmgangar på høgresida som ikkje minst førekjem i Florø (med og utan Jakob Nødseth) og Bergen, med fiendskading, naboskading og sjølvskading til følgje: Borgarkrig utkjempa i blåsinne.
Sidan det i politikken viser seg å vere bortimot umulig å lære av andre sine feil – berre godte seg over dei – er vel det følgjande bortkasta, men eg prøver likevel: les om samferdslepolitisk sjølvskading i boka om Dalsfjordsambandet, “Den hersens brua” av Marianne Furevikstrand Truleg var splittinga i Dalsfjordområdet, særleg i Askvoll, sterkt med på å forsinke brua i over 30 år. For dette er den mulige konsekvensen av open krangel i blåsinne om samferdsleprosjekt her i fylket. Mens møringane gjer opp på kammerset og står samla utad.
Og mens Frank Willy Djuvik driv sitt eige spel og gjentar sitt mantra:
Skit i Sogn og Fjordane berre Frp sine veljarar er fornøgd med meg!
Den sikraste profetien er vel at vi kjem til å få stoff til mange fleire bøker enn møringane. Vi skulle berre så gjerne hatt nokre brukbare vegar å frakte bøkene rundt på.

Kjære Solund kommune, kjære Firda,

Noko av det kjekkaste som finns når ein er eit stykke heimafrå er å få nyhende frå heimlege trakter. Heimesider og nettaviser er kjelder som gjer at ein får lett tilgong på små glimt av livet “heime”. Veldig kjekt!

Når det gjeld Firda sin artikkel om eit par tomter i Solund denne veka sit eg her og lurer litt på dette og hitt. Litt lurer eg på kva som får politikarane i Solund til å prioritere denslags når kommuneøkonomien etter sigande er stram nok som den er? Dei om det, men no er det ikkje alltid slik at all PR er god PR.

Mest av alt lurer eg på om det er kommunen/kommunepolitikarane som ikkje klarar å framstille saka rett eller om er det journalistisk fridom som gjer seg gjeldande i artikkelen? Eller kanskje det rett og slett er eit døme på godt samarbeid? Eller so kan det jo hende at eg har misforstått.

For meg starta dette i fjor. Eg er etterkvart inne i siste etappe i ei åremålsstilling i Brussel. Det betyr at eg, om litt, må eg finne meg ny jobb på ein ny stad (det er ikkje mykje ein veterinær som, på ein god dag, snakkar haltande fransk kan ta seg til i Belgia). Dei som kjenner meg veit godt at eg er vestlending inst inne, om eg aldri so mykje held meg i andre delar av verda innimellom. Uansett, mot slutten av fjoråret fekk eg eit tilbod om å kjøpe ei særs attraktiv tomt (akkurat den delen av artikkelen er presis). Etter litt vurderingar signerte eg kjøpekontrakt i januar med overtaking sommaren 2014.

At eg gjorde dette har eg på ingen måte helde hemmeleg, eg har endåtil nemnt det, heilt frivilleg, for både ein og hin. Eg har ikkje mitt daglege virke i Solund, men ein eller to sulingar pratar eg no med av og til, og nokre av desse har og eg ved høve fortalt at eg skulle bli/er blitt tomteeigar. Men nei, eg har ikkje snakka med alle. I samband med Firda sin artikkel hadde eg endåtil journalisten sjølv på tråden fredag 7/11. Han ringde meg fordi han visste at eg hadde kjøpt ei av tomtene han skulle skrive om (so hemmeleg var det!). Han hadde ikkje tid på fredag, men han ville ringe meg opp att måndag for ein kommentar i høve tomtehandelen, noko eg sa var greitt. Måndagen gjekk og eg høyrde ikkje noko meir. Rett nok sat eg frå omlag 14:00 og utover ettermiddagen mykje på fly, men smarte telefonar anno 2014 brukar, som oftast i alle fall, varsle deg om tapte anrop i slike “fråkopla” periodar. Eg fekk ikkje noko varsel om tapt anrop. Trur de eg vart overraska når eg ser overskrifta “driv hemmeleghald”? Eg skal innrømme at tinglysing av nytt skøyte er noko forseinka (eg skal ikkje skulde skjemaveldet, men det er muleg eg vil antyde skulddeling), og det kan hende det kjenst som hemmeleghald for dei eg ikkje informert personleg/sladderen ikkje har nådd fram til, men eg tek meg i å vere sterkt ueinig i overskrifta ”Driv hemmeleghald”!

Eg reagerar og på utsegna om at ein sit på “ei sterkt subsidiert tomt”. Muleg det, men no veit eg tilfeldigvis kva tomta vart seld for i 2004, ei tomt som berre er strekar på eit kart, utan tilført vatn, kloakk eller veg. Framleis muleg den er subsidiert, men eg vil tru kommunepolitikarane kjenner kjøpesummen og? Eg har og oppfatta at journalisten hadde tilgong på dokumentasjon på kva kjøpesummen var i 2004. Etter å ha lese artikkelen lurer eg på kor mange som trur kommunen selde tomta for ei krone? Eg tippar ”dei fleste”. Likeeins kunne det vore interessant å vite kor mange som hadde tippa kjøpesummen til 65000 kroner etter å ha lese artikkelen? Eg tippar ”langt færre enn dei fleste”.

Kjekt med nyhende frå heimlege trakter? Ja, det tykkjer eg enno. Får ein alltid presentert heile sanninga? Tja, nett no har eg mine tvil i alle fall når det gjeld enkelte kanalar.

Med venleg helsing ei som gjerne vil bli vestlending att, ja, viss eg har tomt då?

Janne Britt Krakhellen
(sendt i kopi til redaksjon@firda.no samt til post@solund.kommune.no)

PRØVETUR

Elle melle Caravelle
Gav oss ny tilkomst til fjellet
Det som før var bukketerreng
Kan no passerast uten peng
Friskaste stuntet som vart gjort
Var å helikopterflyge deg bort
Til Steiehalsen for å minne
Oss på at ein her må løysingar finne
Sjølve symbolet på uthaldenheit
Trassa ver vart både kald og heit
Gjekk aldri på tomgang
Berre tanken var tom
Satsa berre på framgang
At dei endeleg kom
Prøveturen din vart ganske kort
Dei tok deg att på veg til Dale
Dei greidde og å gøyme deg bort
Det enda til slutt med det fatale
Takkar deg for det du har gjort
Kjem aldri til å gløyme deg bort

Miljøkriminalitet med fjorddeponi!

Gruveselskapet Nordic Mining (NM) har søkt om å utvinne ca 3% rutil frå Engbøfjellet og utslepp av kjemikalieblanda gruveavfallet til fjorddeponi. I løpet av 50 år vil Førdefjorden vere 150m mindre djup og Engebøfjellet “ligge” på fjordens bunn.

Gruveprosjektet er eit testprosjekt for utvinning av fargepigmentet Titaniumdioksyd. Verken oppmaling eller utnyttingsgrad av malmen er kjent på førehand og ei heller kjemikaliebruken, sidan produksjonsprosessen ikkje tidlegare er utprøvd i stor skala. Jo finare oppmaling av malmen jo meir kjemikaliebruk og jo meir forureining. Ca 90% av Titaniumdioksyd blir brukt som “matsminke” og har ingen helsemessig eller ernæringsmessig verdi, men har vist seg å vere skadeleg i nanopartikkelform. Om titan er livsviktig kvifor bruke det som unyttig “matsminke”?

Utifrå konsekvensutredninga (KU) vil kvar dag ca.15000 tonn gruveavfall iblanda minst 7000 l kjemikalier ende i Førdefjorden. Estimert netto ferskvannsforbruk er 800 000 liter per time. Kanskje 2600 tonn av dagleg gruveavfall er finfraksjon med enorm spredningspotensiale utafor deponiområdet.

På årleg basis utgjere utsleppa tonnevis med bioakkumulerandes tungmetall og 3000 tonn nanopartiklar som er skadeleg for organismar. Flotasjonskjemikalia utgjere ca 2632 tonn per år der 20% er ikkje biologisk nedbrytbare. KU oppererar med LC50 grenseverdiar for bla flotasjonskjemikalia (50% av forsøksdyr dør ved denne konsentrasjonen). I tillegg utslepp av 10-90 tonn Magnafloc 155 med giftig Akrylamid. Kjemikalia, finfraksjon, nanopartiklar og tungmettals påverknad på fjordøkosystemet over tid er ikkje utreda av KU.

Havforskningsinstituttet (HI) og Niva er ueinige om andel finfraksjon og spredningspotensiale av finfraksjonen og synkehastigheit av partiklar. Dei er ueinige om kjemikalia og finfraksjonens påverknad på gytefelt, fiskeyngel, laks, kysttorsk, koraller, raudlistearter som blålange, pigghå, elvemusling og ål. DNV har funne at strømforholda er 2-3 gongar sterkare enn KU seier og dermed større spredningspotensiale.

Overvåkingsprogram “overvåker” ikkje langtidseffektar av gruveslam i ein fjord. Det overvåka kun nokre store alger og fisk. Men dei minste organismane som er avhengig av å filtrere reint vatn for å leve dør først av forureining. Når fiskematen dør kva skal då fisken leve av? Gruveslam?

Førdefjorden er ein rein og artsrik nasjonal laksefjord med 3 lakseelvar og verna med orda “formålet med nasjonale laksevassdrag og laksefjorder er å gi et utval av dei viktigaste laksebestandene i Norge en særlig beskyttelse mot skadelige inngrep og aktiviteter i vassdragene og mot oppdrettsvirksomhet, forurensning og munningsinngrep i de nærliggende fjord og kystområdene”. Andre miljølover som skal beskytte fjordar er bla forurensningslova, havressurslova, naturmangfaldslova, vannforskrifta og allmannaretten. I følge ballastforskriften er det ulovleg å sleppe ballastvatn i fjordar fordi mikrober frå andre farvann kan forstyrre det naturlege fjordmiljøet. Føre var prinsippet skal anvendes ved mangelfull kunnskap. NM’s planlagde deponi i Førdefjorden oppfyller kravet 100% for kunnskapsmangelen står i «kø».

All erfaring med gruvedrift med fjorddeponi viser at når gruveselskap først får “startsignal” så kan dei gjere som dei vil, for Klima- og Forureiningsdirektoratet (Klif) kan “endre villkåra i en tillatelse (utsleppstillatelse) dersom de fordeler forurensaren får er vesentleg større enn de skader eller ulemper det vil føre til for miljøet". Sagt på godt norsk betyr dette at “økonomisk vekst og utvikling" er viktigare for Klif enn forureining?

Minst like mange arbeidsplassar som NM skapar via å forureine Førdefjorden kan forsvinne i bla oppdrettsnæringa, turistnæringa, sjømatnæringa og laksefiske. Fiskarlaget, fiskeoppdrettarane, småbrukarlaget, miljøorganisasjonar, Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, HI med fleire frarådar fjorddeponi. Det er mogeleg å drive gruvedrift utan fjorddeponi. HI er landets fremste vitenskaplege fagfolk på hav og fjord og burde lyttast til!

Framtidas utfordring er rein og nok mat, reint vatn og rein natur som vi kan oppnå via bærekraftige lokalsamfunn som tar vare på naturen utan å utnytte den via rovdrift som fjorddeponi. Vi kan ikkje leve av “økonomisk vekst og utvikling”. Gruvedrift med fjorddeponi som avfallsplass strider mot miljølovene og er miljøkriminalitet! Eg håpar vore folkevalgte følger Norges lover og seier “NEI” til fjorddeponi i Førdefjorden som er til det beste for framtidas generasjonar!

Ta minerala på Engebø i bruk no!

Ingen skal påstå at det er lett å starte næringsaktivitet i Sogn og Fjordane. Ikkje ein gong aktivitet som er tufta på noko vi har svært mykje av, stein.

Men etter åtte år med fram- og tilbakemanøvrar, utgreiingar og analysar, er tida no inne for regjeringa å gje startsignal for det store og viktige mineralprosjektet på Engebø i Naustdal. Etter at bl.a. Det Norske Veritas (DNV), Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet har kome med sine analysar og rapportar, viser det seg at det kun er usikkerheita kring djupvassartane skolest, blålanga, pigghå og spisskate som står att. Faren for at desse må finne seg andre område å leve på i fjorden er til stades. Men i følgje Havforskingsinstituttet (HI) sin eigen konsekvensrapport av 2008, heiter det m.a.:

“Verdien av fiskebestandene i Førdefjorden er vanskelig å vurdere. Prøvefisket har ikke dokumentert kommersielt interessante forekomster av fisk i dypbassenget i særlig grad, men fiskebestandene har sannsynligvis en viss rekreasjonsverdi for fritids‐ og sportsfiske og en kommersiell verdi for området gjennom et eventuelt turistfiske. Rødlisteartene pigghå, blålange og vanlig uer som ble tatt underprøvefiske hører til, og blir sannsynligvis rekruttert fra bestander i tilgrensende, større havområder og det drives fremdeles et kommersielt fiske i disse områdene. Forekomsten av disse artene i Førdefjorden er på ingen måte unik, man vil finne disse i flere av nabofjordene, og har en marginal betydning i forhold til resten av bestandene."

Som ein skjønar er ikkje desse artane unike i Førdefjorden, meiner HI. Og for eigen del kan eg seie at det vil vere noko råflott å la vere å etablere fleire hundre arbeidsplassar over 50 år på grunn av rekreasjonsfiskeri.

Når det gjeld Miljødirektoratet sine vurderingar, fortel dei at det ikkje er spreiingsfare i samband med deponi av restmassar. Dette har blitt påstått av mange, ja, nokre har til og med snakka om spreiing frå Førde til Alden. Denne absurde skremselspropagandaen har direktoratet avvist. I tillegg har det kome godt fram at påstandane om giftutslepp ikkje er reelt. Det Magnaflocnummeret ein skal bruke som bindemiddel på fjordbotnen er altså ufarleg. Det er likevel godt eigna som skremselspropaganda. Bruk av kjemikaliar vekkjer alltid uro, sjølv om det blir brukt over heile verda til vassreinsing og anna.

Sett i høve til samfunnsverdien av mineralprosjektet på Engebø, kan eg ikkje skjøne anna enn at statsråd Jan Tore Sanner må gå for dette enormt viktige prosjektet for regionen, fylket og nasjonen. Auka bruk av minerala våre her i landet er jo noko som har vore prioritert og fått stor merksemd, ikkje minst gjennom ei eiga mineralmelding. Dersom dette prosjektet får nei frå regjeringa, blir det vanskeleg å seie ja til noko anna mineralprosjekt. Engebø er av dei mest samfunns- og bedriftsøkonomisk lønsame mineralprosjekta i landet, og eit prosjekt som vil ha enormt mykje å seie for distriktet vårt. Ikkje minst i høve til leverandørutvikling og innovasjon knytt til utvinning og deponi. Her ligg det grunnlag for så vel forsking som vidareforedling. I tillegg kjem det at titan er eit svært etterspurt produkt på verdsmarknaden, ikkje minst innan medisin.

Når det gjeld viktigheita av dette prosjektet for distriktet vårt, blir dette godt dokumentert gjennom SINTEF-rapporten som Sunnfjord Næringsutvikling AS tinga for ei tid tilbake. Her heiter det m.a.:
“De samfunnsmessige virkningene utover selve inntjeningen på anlegget genereres i første omgang gjennom innkjøpene fra næringslivet for øvrig og lønn, dvs. driftskostnadene. Dette kommer til uttrykk ved lønnsinntekter pluss skatt og avgifter som tilfaller alle de 170 sysselsatte, samt salg av varer og tjenester fra ulike underleverandører til anlegget.(…) Dette innebærer at anlegget alt i alt vil bidra med mellom 530 og 570 mill. NOK pr. år i samfunnsmessig verdiskaping i Engebøfjellregionen.”

Eg har lenge visst at det kan vere vanskeleg å starte nærings- og industriutvikling i dette landet. Denne saka har versert i snart ti år i det norske byråkratiet og fleire titals millionar er brukt av Nordic Mining. Etter kvart som prosjektet har skrede fram står ein der at det kan vere negativ påverknad for fire marine artar som er hovudproblemet, men at også dette er usikkert. Dei andre utfordringane er så og seia lukka, eller kan følgjast opp via miljøovervaking/krav til selskapet i utsleppsløyve/løye etter minerallova.
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Mjømen og ålen

Arve Mjømen, fylkesleiar i Høgre, finn det rimeleg at Miljødirektoratet brukte føre var-prinsippet då dei rådde frå å dumpe gruveavfall i Førdefjorden, men han vil ikkje bruke det sjølv. Mjømen viser til at dei fiskartane som var ein viktig grunn til å rå frå – blålange, kysttorsk, pigghå og ål – gyter langs heile norskekysten.
Dette er nesten sant, med unnatak for torsken, som finst i mange stammar som held seg innanfor små område heile livet. Poenget er at dei aktuelle fiskeslaga har fått sin posisjon på raudlista fordi talet på individ er lite, og raskt fallande.
Ål kritisk truga, og står altså i den mest utsette kategorien på raudlista. Fangstresultata tyder på at mengda er halvert på kort tid. Opplysningane som finst, er rimeleg nok ikkje like sikre for alle leveområde. I Imsa i Rogaland har dei registrert glasål (yngel) som går opp i elva. I perioden 1993-2005 var talet berre 11 prosent av mengda i 1975-1993. Det kommersielle ålefisket er stansa.
Det same gjeld pigghå, som òg er kritisk truga. Fisket gjekk ned med 83 prosent frå 1980 til 2005, og framleis følgjer ein del ål med andre fangstar. Pigghå har lange generasjonsintervall, 25-40 år. Å få fram eit nytt kull (opp til 15 ungar) tek to år. Dette tilseier at det går lang tid før det er grunn til å vente nokon markert oppgang.
Blålange er nedfiska i heile det nordlege Atlanterhavet. Mengda som er igjen, er usikker, men kanskje så lite som 10 prosent av nivået etter 1900. Sterkt truga er kategoriplasseringa på raudlista. Opplysningane er frå Artsdatabanken, dei som veit slikt best.
Gjennom naturmangfaldlova har Stortinget vedteke at artane skal finnast i levedyktige stammar i dei leveområda som dei naturleg høyrer til i. Ein logisk konsekvens, som òg er lovfesta, er å sikre at leveområda gjer det mogeleg for artane å halde livet gåande. Å øydelegge levestader verkar motsett. Ein statsråd eller ein annan politikar står ikkje fritt til å gjere vedtak med den grunngjevinga at nytten av gruvedrift er større enn ulempene. Lova set, her som i mange andre tilfelle, grenser for det politiske skjønet. Det er meininga med lova. Det tek seg best ut når politikarane bryr seg om dei lovene som dei har vedteke.

Erik Solheim, Førde