Viser arkivet for desember, 2014

Uføre som jobber i Attføringsbedrifter blir taperne, når de ikke får økt lønn, for at uføre skal betale mer skatt i 2015.

Fra 2015 skal uføre betale mer i skatt, de skal betale like mye i skatt som lønnsmottakere, dette blir gjort ved at trygden blir økt, før skatt. Slik at de fleste får omtrent like mye utbetalt i uføretrygd som i 2014, men uføre som jobber i attføringsbedrifter får ikke noe form for kompensjon . Uføre må betale like mye i skatt av trygden som bi inntekten i %. .Dette resulterer i at uføre som jobber i Atftøringsbedrifter får mindre utbetalt i lønn i fra bedriften.

Dette til tross for at politikerne vil at uføre skal jobbe mer, men oppmuntrer mer skatt på lønn for uføre, at de jobber mer ?

Førde,

Stein Ove Birkeland

Plastsortering for alle i 2015

I ope brev til Førde kommune og kommunane i SUM, ber vi om lik renovasjonsordning for alle kommunane i Sogn og Fjordane i 2015. Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord har sidan 1990 tallet, jobba for betre renovasjonsordning under SUM. På valgmøte i Førdehuset i 2011 gav alle de politiske parti positiv tilbakemelding på at de ville vere med å støtte opp om vårt arbeid for ei betre renovasjonsordning. Miljøgruppa har dei siste året hatt brevkorrespondanse til SUM i høve dagens sorteringsordning.

Den 20. mars heldt Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord og Miljøgruppa i Førde kyrkje ope møte med tittel «Plastsortering – også i Sunnfjord?» .
Bakgrunnen for møtet var misnøye med forsøksordninga som Sunnfjord Miljøverk har sett i verk, der abonnentane sjølve må frakte hushaldningsplasten til miljøstasjonane.

 Prøveordninga har vore mangelfull sidan ein ikkje har prøvd ut henteordning eller innleveringspunkt nær butikkar eller bustader.
 Ein kan ikkje nytte noverande ordning utan bil, og å frakte plast med privatbil til miljøstasjonane er ei lite miljøvenleg ordning.
 Ei ordning som omfattar så stor del av hushaldningsavfallet, må kunne nyttast av alle abonnentar. Ordninga gjer at dei fleste lar vere å sortere ut plast og lar den følgje med restavfallet.

Plastavfall er ein ressurs som ved materialgjenvinning erstattar ikkje-fornybar olje. Material-gjenvinning, inkludert frakt til Tyskland, gjev større miljøgevinst enn energiutnytting ved forbrenning, jfr. rapporten «Livsløpsanalyse for gjenvinning av plastemballasje fra norske husholdninger» frå Østfoldsforskning. Rapporten konkluderer med at «For drivhuseffekt medfører materialgjenvinning en netto klimagevinst på 2,7 kg CO2-ekvivalenter/kg plastemballasje…» og «For total energibruk medfører materialgjenvinning netto spart energi på 12 kWh/kg plastemballasje…»

Vi vil be Førde kommune om å ta initiativ til å følge opp Kommuneplan energi, miljø og klima 2010 – 2015 der det står følgjande:
«7.4.3 Avfall.. Delmål: Førde kommune skal arbeide for å redusere avfallsmengda og auke grad av gjenvinning. Strategi: … Samarbeide med SUM om å auke sorteringsgrad og gjenvinning.
Tiltak: Gjenvinning og kjeldesortering: Av kjeldesorterte fraksjonar køyrer SUM henteruter for papir/papp frå hushaldningane. Etablering av ny henterute for plast frå hushaldningane er eksempel på tiltak for å auke kjeldesortering.»

Det er eit overordna mål å auke mengda plast til materialgjenvinning i Norge, jfr. Miljødepartementet sin strategiplan «Fra avfall til ressurs» 2013: «For å øke materialgjenvinningen av plastemballasjeavfall fra husholdninger og næringsliv vil miljøvernmyndighetene foreslå å skjerpe kravet til materialgjenvinning i plastemballasjeavtalen.»

Dei fleste av kommunane i Norge har i dag henteordning av plast. SUM er eit av få selskap i landet utan slik ordning, og SUM er aleine i Sogn og Fjordane om å ikkje hente plast til materialgjenvinning. NOMIL og SIMAS har hatt henteordningar for plast og våtorganisk avfall med gode erfaringar dei siste 10 år, og køyrer såleis langt mindre avfall over grensa. Det er på høg tid at SUM bringer på bane ei like god og miljøvennleg avfallshandtering som SIMAS og NOMIL har levert til sine forbrukarar de siste 10 åra. Vi vil med dette be Førde kommune med største innbyggjartal i Sogn og Fjordane om å gjere vedtak om lik avfallsortering for alle kommunar i Sogn og Fjordane i 2015. Dette vil være i tråd med Kommuneplanen for energi, miljø og klima 2010 – 2015.

Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord og Miljøgruppa i Førde Kyrkje ber om at Førde kommune tek initiativ overfor eigarkommunane til Sunnfjord Miljøverk og gjer vedtak om innføring av henteordning for hushaldningsplast i SUM-kommunane.
Inntil ordninga er på plass, ber vi om at det vert utplassert containarar for plast på eigna stader.

Med vennleg helsing

Hanne Schnitler Lin Hjelmeland Finjord

For Miljøgruppa i Førde Kyrkje For Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord

Flytting av fjell

Nordic Mining A/S sitt omsøkte gruveprosjekt ved Engebø har skapt stort engasjement og fått mykje merksemd, i det minste lokalt. Debattinnlegg og kommentarar er mange, både i digitale medier og lokalavisa sine papirutgåver. Saka er teken opp i lokale politiske parti, kommunestyrer og politiske fylkesparti har gjort vedtak i saka……… Engasjerte og meir eller mindre velfunderte debattinnlegg er kasta inn frå mange hald, frå lek-menn/-kvinner til folk med professeortittel innan ymse fagfelt.
Professorar og andre fagfolk har dessutan laga omfattande faglege utgreiingar om saka, kvar innan sitt spesialfelt. Desse er så mange, omfattade og sprikande at eg opplever vanskar med å lese og forstå kva/kven eg skal tru på. Konklusjonane frå fagleg hald er så sprikande at sjølv fagfolk innan same fagfelt synest usamde.
Firmaet – gruvedriftfirma?- har støtte frå lokale kommunestyrer og mange andre, på digitale medier og i papiraviser. Propagandaapparatet synest velorganisert og godt fungerande.
Det mest omstridde er spørsmålet er flytting av Engebøfjellet frå landjorda til Førdefjorden. Som ventande er bør fjellet ved flytting sekke til bunns – vi kan ikkje ha noko så stort og tungt drivande på fjorden og kanskje drive til havs, eller i storver strande og ødelegge kaier, naust med innhald, småbåthamner med dyre båtar,……….. mm.- med dei fylgjer det kan få. Fjellet må finmalast for å skilje ut ettertrakta innhald. Mange med meg er redde for kjende og ukjende fylgjer av omsøkte uhorvelege mengder giftige/giftlikande stoff med mykje omstridd potensiale for alvorleg skade på miljøet i fjorden lokalt og vidare, både i sjøen og i eksisterande bunnslam med bortimot ufattlege mengder og mangfold av synleg, luktande, høyrande….. og usynleg, uluktande, uhøyrande ….. liv.
Lekfolk sine vanskar med å velge kven av fagfolka dei skal tru på er høgst forståeleg. Dei aller fleste lekfolk og andre folk veit/hugsar/har høyrt at fagfolk har teke feil før, at dei i det minste har hatt mengelfull oversikt over mogelege skadeverknader. Dette gjeld/bør gjelde og for professorar sin truverde hjå ålmenta og for professorane sjølve.
Innan dette bildet har ordføraren i Naustdal kommune og gruppeleiar for Ap i kommunesyret i kommunen stått fram i papiravisa Firda på sjølvaste julaftan. Innsett foto syner oss deira smilande/flirande? åsyn. Dei gjev seg i kast med filologisk ?/juridisk? vurdering av m.a. miljødirektoratet og fiskarlaget sine utgreiingar. Dei leitar iherdig etter støtte for sitt eige velkjende syn vedr. Engebøprosjektet og sjødeponiet. Det er slik stønad dei leitar etter – dei leitar neppe etter noko anna – da trur no eg. Svart eller kvitt kan vi sei om dette. Nokså einsidig!
Respektert og langvarig medlem i Fjaler/Askvoll Ap-parti har i velkjend, roleg og stødig stil vist til formalia og rasla med partipisken til Arbeidarpartiet.
Minst to professorar, begge professor i kjemi ved UIB, har vore frampå med budskap til ålmenta om Engebøprosjektet. Dei har begge leiande spørsmål i overskrifta.
Døme: “Må vi slutte med gruvedrift i Noreg?”. (Prof. eremittius i kjemi Einar Sletten i papiravisa Firda.). Dei fleste vil kanskje svare nei på prof.eremittius Einar Sletten sitt spørsmål. Han legg nermast svaret i munnen på lesarane.
Mitt svar er ja- vi og alle andre må slutte med gruvedrift i Noreg!
Eventuell gruvedrift på Engebø ved Førdefjorden må vi slutte med om 30-40 år (Kjelde: Nordic Mining).
Professor Olav M. Kvalheim sin overskrift er bedre. Professor Kvalheim er imidlertid utan både jord og sjøkontakt om han sjølv trur at Førdefjorden er full av sulfat frå før??. Svein Fristad med sitt vesle vit har leve i trua på at det aller meste av innhaldet i Førdefjorden, andre fjordar og professor Olav M. Kvalheim m.fl. er vatn – H2O.
Er Førdefjorden full av sulfat allerede så er den full- då er der ikkje plass til noko meir. Det vil sei at det vil renne over om ein prøver å fylle uti meir. Bestemora til Svein Fristad sa det enkelt : “Da ekje follt fø da går øve, men då e da follt og”.
Læraren vår på barneskulen, Sverre Hausberg, skreiv H2O for vatn med kvit fagre på den store svarte tavla. Til høgre for tavla hang Palestinakartet. Dette ser Svein Fristad klårt framleis.Tenkjer han seg nøye om ser han og formelen for både turnbullsblått, berlinerblått, bildet av Langerhanske øyar , teikningar av celler og mitokondriar m.m.

Professorar i t.d. kjemi kan nok meir enn dei fleste innan sitt fagfelt. Dette er for meg og truleg alle andre så godt som sjølvsagt.
Men – det er minst eit men: Sjølv professorar med imponerande liste over eigenproduserte fagartiklar og vitskaplege arbeid i kjende og ukjende utanlandske fagtidsskrift har neppe nådd vegs ende på vegen mot å bli borimot allvitande. Om professorar i kjemi er unnatak her vil dette få alvorlege fylgjer for budskjettet til kjemifaget generelt og kjemiforskninga ved UIB spesielt. Folk i forskarstillingar i kjemi ved UIB vert overflødige og må over i anna verksemd, t.d. nydyrking av matjord, event. midlertidig gruvearbeidarar ved gruvedrift i Engebøprosjektet, engasjert i veksemda med sjødeponiet, – eller klassifisert som utgått på dato.
Bestemora mi – ein av dei, neppe begge- hadde nok spurd kjemiprofessorane og andre professorar om dei er nest etter Vår Herre med all sin kunnskap om t.d. kjemi og kjemiske formlar. Ho hadde nok også fortalt professorane at det er, blir og har vore berre ein professor som er, blir og har vore allvitande. Kven er det?? Spørsmålet ligg åpent til fri fortolkning.

Det professorar og andre veit er neppe det farlegaste. Dette er etter måten lettast og kjenne/finne mogelge forsvarstiltak mot. Da tur no eg.
Det er det farlege vi og dei aller fleste professorar ikkje veit om som er farlegast- da e fali da.

Dei som eigentleg styrer landet

Statsministeren har halde kaffekos med journalistane og fortalt om rikets tilstand. Siv og Erna har vore på kosetur til born med radarparet Trine og Knut Arild i fylgje.
Det må vel vere litt rart, Erna, å vite at det er dei to som ikkje sit i Regjeringa som eigentleg styrer landet, eller la meg heller seie som vanstyrar landet?
Småpartia får bestemme om “asylborna” som dei sjølve har vore behjelpeleg med å halde lenge i landet. Og som dermed kan pårekne varig opphald for striskapen. Til gjengjeld får Høgre og Frp glede seg over å kunne få sjå boksekampar i Norge og mogelegheiter til villmannskøyring med snøskuter i utmark. Ja, og så større taxfreekvotar på flyplassane. Store saker for “folk flest”, får vi tru?

Når eg ser desse opptoga med dei fire som visstnok skal vere så samkjøyrde politisk, føler eg det heller som det er dei to som ligg å vakar rundt sperregrensa som har Siv og Erna som gislar. Siv og Erna får ta belastninga ved å gjennomføre politikken til Venstre og Krf (og SV). For at alt skal sjå harmonisk ut for oss røystekveg går dei fire pent i spann framføre tv-kamera. Trine og Knut klarar likevel ikkje å skjule sine usmakelege flir vel vitande om at det er dei som vinn fram med politikken, og det utan å måtte lide for det ved neste val. Då er der Erna og Siv som får sitje i saksa, og aller mest Siv og Frp. Ved å utradere Frp vil dei tre andre truleg drage eit lettande sukk! Ingen burde vel tvile på at Frp eigentleg er eit hår i suppa hjå sine “samarbeidspartnarar”. Ved neste opptog med gislar og gisseltakarar kan dei fire gjerne ha i tankane at ikkje alle rundt i dei tusen norske hytter og hus er idiotar!
Eg skal vere så høfleg at eg ynskjer Erna og Siv og deira partifeller ei God Julehøgtid og eit Godt Nyttår.
Vi som ser land vårt vert framandgjort og avhenda ventar oss ikkje særs gode tider, anten det er Jul eller Nyttår!
Ikkje er det vel nokon frå makt som har slike gode ynskje for oss heller?

Norvald Aasen,
6983 Kvammen

Tullejournalistikk i NRK Sogn og Fj.

Eg høyrer på radio og les på nettet at det skal ha vore ei målsetjing på 750 bilar i døgnet over Dalsfjordbrua etter eitt år. Målsetjing?? For kven? Derimot viste Sintef sine prognosar at brua kunne generere rundt 750 passeringar gjennom endra trafikkmønster – noko som kan ta fleire år. 750 var jo i si tid eit sjokktal for alle som opererte med anslag på 49 bilar.
At brua etter berre eitt år har over 600 passeringar pr døgn er vel bortimot ei suksesshistorie??
Det var noko med vinklinga her…
Anne Britt N. Losnegård, Holmedal

Den framleis mistenkjande Ness

Det er godt at provokatøren Jostein Ness trekkjer tilbake sine insinuasjonar om at vi tre raude i Høyanger kunne kome til å ta i bruk Gestapo-metodar (avisa Firda 18. des.). Det skulle berre mangle – elles kunne han lett fått ei injuriesak på nakken. Og: Underteikna har vunne injuriesaker mot borgarleg hetsprodusentar før.

Elles er Ness sitt innlegg krydra med påstandar om at Pol Pot og Røde Khmer var vårt ”store ideal”. Vi kjenner faktisk ikkje nokon Raudt-folk som kjem i den kategorien. Vi skal vedgå at vi såg opp til ei frigjeringsrørsle som leia an i kampen mot USA sine 2.756.941 tonn bomber over dette vesle landet. Til samanlikning slapp dei allierte i 2. verdskrigen totalt 2 millionar tonn bomber (inklusive Hiroshima og Nagasaki)! USA måtte gje opp i 1975.

Det tok tid før det blei kjent kva overgrep Røde Khmer gjennomførte, men allereie i 1981 blei det i AKP sitt tidsskrift Røde Fane skrive at Pol Pot og Røde Khmer brukte makt og terror mot sitt eige folk. Dersom norske styresmakter har kjent til dette frå før, er det vel meir alvorleg at alle norske regjeringar frå 1981 til 1993, med statsministrane Harlem Brundtland, Willoch og Syse, støtta Røde Khmer si eksilregjering kvart år når dette var oppe til avstemming i FN si hovudforsamling. Denne stemmegjevinga frå regjeringar og statar har vel dessverre betydd meir praktisk og internasjonalt for Pol Pot og Røde Khmer enn Steigan sitt besøk og påfølgjande meir kortvarige verbale støtte.

Sjølv om Ness no heldigvis har trekt tilbake påstandar om oss som framtidige gestapistar, held han fram i same duren om partiet Raudt. Han nemner at partileiar i Fedrelandspartiet vart ”nesten slegen i hel”. Han skriv om Blitzarane, og han skriv om angrepet mot den israelske ambassaden. Han fører ingen bevis for at det er Raudt som har stått for dette. Årsaka er enkel – heller ikkje Ness kan bevise noko som er usant.

Ness veit like godt som alle andre at det er dei høgreekstreme som har stått for den politiske valden i Noreg. Først var det eit naziinspirert bombeangrep mot ein Oktober-bokhandel i Tromsø i 1977, deretter eit sameleis inspirert angrep mot eit fredeleg 1. mai-tog i 1979 i Oslo og Hadeland-drapa i 1981. Den mest kjende høgreekstreme valdsutøvaren er det fascistiske enkeltmannsføretaket Anders Behring Breivik som faktisk i si tid tilhøyrde FrP.
Elles må vi til slutt seie oss djupt og inderleg einige med Ness om at dette bør vere siste ord i denne saka.

På vegne av mange raude
Einar Rysjedal

Professor Olav Martin Kvalheim og Engebøprosjektet

Professor Olav Martin Kvalheim kastar seg i firda origo 14.des. d.å. inn i innspurten av debatten om Engebøprosjektet. Han er vepna med professortilltel og grunngjev dette med sin kompetanse innan bl.a. miljøkjemi, med arbeid han har publisert i internasjonale fagtidsskrift og med sin tidlegare karieære i jobbsamanheng.
Han oppgjev ikkje når han fekk sin kompetanse i bl.a miljøkjemi. Han oppgjev ikkje kva internasjonale fagtidsskrift han har publisert arbeid i, han oppgjev ikkje om det er sine eigne arbeid han har publisert, han oppgjev ikkje når desse arbeid er publisert, han oppgjev ikkje dei aktelle internasjonale fagtidsskrift med namn, nr., årgang , nettadresse, postadresse, han oppgjev ikkje når har i jobbsamanheng fekk den akuelle kariære.
Prosessoren gjev ikkje direkte link til innhald i dei publiserte arbeid som skrifteikn/teikingar lesbare på min og andre sin dataskjerm.

Aktuelle spørsmål ? : 1. Er professor Olav Martin Kvalheim utgått på dato?
2. Er Olav Martin Kvalheim utgått på dato?
3. Er dei aktuelle publikasjonar av professoren utgått på dato?
4. Var det prof. Olav M. Kvalheim som laga og publiserte dei
aktuelle publikasjonar?
5. Når vart aktuelle arbeid publisert?

Om eg har forstått rett er referanseliste både vanleg og eit krav ved publisering av vitenskapeleg forskingsresultat i seriøse anerkjendte fagtidsskrift. Verkeleg seriøse fagtidskrift har høgt kvaliserte fagpersonar sin førehandsvurdering som nålauge før tilsagn om spalteplass.

Professor Kvalheim sitt aktuelle bidrag til debatten om sjødeponi har slett ikkje tilfredsstillande referanseliste. Så langt eg kan lese og forstå er referanseliste for meg umogeleg å få auge på i høve hans debattinnlegg.
Ser professoren sjølv referanseliste i sitt eige debattinnlegg?
Er /var professor Olav Martin Kvalheim ein aldeles suveren guro som har gjort vitenskapleg arbeid utan bruk av kjelder?

Forsøk på kjemi(“kjemi”?): Magnafloc består ikkje berre av polymere akrylmolekyler. Magnafloc består også av monomer.,( m.m?). Desse monomerer er mindre enn polymere akrylmolekyler og biotilgjengelege på cellenivå.
Er det polymere akrylmolekyler eller monomerer prof. Kvalheim skriv om når han oppgjev ca. 0.1 % planglagt årleg bruk av Magnafloc som biotilgjenglig? Om eg hugsar rett er Magnafloc planlagt brukt i bortimot uhorveleg mengder årleg i event. sjødeponi. Kor mange einingar av monomerer medfører den planlagde årlege bruk av Magnafloc?
Prof. Kvalheim skriv og om akrylamid frå Magnafloc, som er planlagt brukt i aldeles uhorveleg mengder, minst 100 tonn årleg i 50 år. Akrylamid er eit stoff som folk i seriøse faglege forskarmiljø ser på som eit stoff med potensiale som kreftårsak, m.m. hjå mennesker. (http://www.fhi.no/artikler/?id=88074, http://www.fhi.no/artikler/?id=88076).
“Eksempler på disse kjemikaliutslippene er fortynnet svovelsyre som raskt nøytraliseres i basisk sjøvann til sulfat som fjorden allerede er full av.” (Professor Olav M. Kvalheim firda. origo 14.12.2014). Spørsmål til professor Olav Martin Kvalheim: Kva internasjonalt fagtidsskrift har/ville spandert spalteplass på dette?- Neppe Sience of Nature??
Kva er prof. Kvalheim sin kjelde til opplysningen om at polymere akrylmolekyler i Magnafloc er for store til å vere biotilgjengelege på cellenivå for fisk og andre organismer? Veit prof. Kvalheim at biotilgjengelighet på cellenivå er nødvendig betingelse miløskadelege effekt av polymere akrylmolekyler på og for fisk og andre organismer? Veit prof. Kvalheim at bioutilgjengjengelighet på cellenivå er tilstrekkeleg betingelse for å utelukke skadeleg effekt på og for fisk og andre organismer?

Innspurten for Engebøprosjekttet er høgst truleg i gang. Eg som har berre vesle vitet å støtte meg til slit m.a. mot klokka i forsøket på motsegn mot prof. Kvalheim sitt aktuelle bidrag i debatten. Det vil neppe overraske nokon om proffessorar både på og over prof.Kvalheim sitt nivå og slit med denne klokka.
Om kampen mot klokka er tilsikta eller ei er likegyldig for resultatet: Tidsfaktoren- tidsnød- for eventuelle opponentar er bortimot uoverkomeleg- sjølv for folk som event. er prof. Olav Martin Kvalheim fagleg overlegne på hans aktuelle faglege heimebane.

Det Olav Martin Kvalheim skriv om sine manglande aksjar i Nordic Mining er konrollerbart. For det han ellers opplyser om sine privatøkonomiske interesser må eg og dei fleste andre tru hans ord.
Bruk av professortittel, manglande referanseliste, tidspunktet for det aktuelle innlegg og innhaldet i dette ser for meg ut som tenkt, planlagt, bestilt, kjøpt og godt betal av Nordic Mining sine strategar- da synest no eg.

Etter fattig evne, tidsnød og tungt forsøk:

Svein Fristad

hjelp til selvhjelp og verdien det har

avuna.blogg.no/1418651649_fred_i_verden_er_en_p.html
Her for alle som trenger noen å snakke med. Det er min terapi for å ikke kunne gjøre så mye annet. Nå må jeg bare ha stedet å gjøre det, for utdanningen er ikke tilpasset meg. At jeg føler hele tida er det jeg liker best. Du er ressursen vi trenger for å leve. Alt jeg baserer meg på er selvhjelp og kognitiv terapi, samt jeg trenger å bruke dette for å ha et liv som jeg er fornøyd med. Det kan være kirkelig sammenhenger hadde passet meg. Men hvor kommer jeg uten en utdanning? Har et godt ord, noe å si? Gi et håp til deg selv. Jeg regner med at jeg hjelper meg selv mest.) Protest må til når veien er lang å gå, men bare protester på det som er rundt deg og hva du gjør med deg selv og andre.

Skal Sogn og Fjordane bli eit naturreservat?

For dei som er oppteken av å få til vekst her i fylket, der også våre naturresursar inngår som viktige element så er det to lesarinnlegg i Firda dei siste dagane som verkeleg gjev grunn til bekymring. Uttalen til NHO-reiseliv torsdag 11.12 og Førde Ap sin laurdag 13.12. om Engebøprosjektet vitnar om at sterke krefter arbeider for at Sogn og Fjordane skal vere eit naturreservat. Der utvikling av næringsaktivitet basert på våre mange naturressursar ikkje skal vere tillate. Med argument som ein “ren og stille natur er et av kjennetegnene med Norge og hvor det kommer besøkende fra hele verden for å oppleve” ser ein kva eit fylke som kjempar for å få til utvikling gjennom nytt næringsliv må slåst mot.
Derfor er det med undring eg registrer at Førde AP så tilsynelatande lettvint kan bygge sitt standpunkt i saka kunn på motstandarane sine tendensiøse og misvisande argumentrekkjer.

I forhold til miljødebatten om deponiet så er det tre hovud argument som motstandarane stadig gjere seg bruka av.
1. Utslepp av tungmetall. For dei so har sett seg inn i saka så veit ein at alle fagmiljøa som har vore involvert i konsekvensutgreinga seier at dette ikkje representerer nokon fare utover det som all menneskeleg aktivitet på jordoverflata medfører. Tungmetalla ein snakkar om finn ein naturleg i jordskorpa og der vert dei verande. Sjøbotnen i Førdefjorden inneheld minst den same konsentrasjonen av tungmetall som Engebøfjellet. Truleg meir p.g.a. av utslepp frå diverse avløpsanlegg frå bustadar og næringsliv.
2. Utslepp av kjemikaliar. Sat sjølv tidleg i prosessen i møte med alle aktørar til stades der dette var tema. Konklusjonen var at dette ikkje representerte nokon fare utover vanleg menneskeleg aktivitet. Derfor har heller ikkje dette vore tema mellom aktørane seinare i debatten.
3. Førdefjorden vert svartlagt. Den største usikkerheita med hensyn på dei miljømessige verknadane av deponiet er korleis avgangen vil oppføre seg i fjorden. Og kor stort dette området vil vere. Etter dei siste undersøkelsane til Det Norske Veritas så er det dokumentert så langt ein kan at massen vil avsetje seg i store trekk innafor det regulerte området. Dette arealet utgjer 5 %, FEM PROSENT av arealet i Førdefjorden. Ein antar likevel at finstoff frå avgangsmassen vil bevege seg utanfor det regulerte området. Men at det vil vere i så små konsentrasjonar at det ikkje vil ha innverknad på livet i fjorden eller på botnen.
Fagmiljøa er også samde om at dei øvre 100 meterane av vassøyla i fjorden ikkje vert berørt av deponiet. Derfor vert heller ikkje fiskeoppdrett eller villaksen berørt av deponiet. DNV seier at partiklane frå utsleppet aldri vil komme høgare i vassøyla enn 40 meter over utsleppspunktet.
Dei tre ovanfor nemnte motargumenta kan sjølvsagt likevel for enkelte vere nok grunnlag til at ein seier nei til prosjektet og dei store ringverknadane det vil ha for buseting, næringsliv og infrastruktur rundt Førdefjorden.
Fleirtala i kommunestyra i Askvoll og Naustdal har komme til at det er ei overvekt av argument for å sei ja til den framlagde reguleringsplanen. Reguleringsplanvedtaket i kommunane er klaga inn til Kommunaldepartementet som skal ta endeleg avgjer i saka. Så langt føreligg det ikkje nye opplysningar som skulle tilsei noko anna enn at departementet godkjenner planvedtaket til kommunane.

Jan Herstad

Hyklerisk dobbeltmoral

Heile det politiske establishmentet i Noreg, inkl. både noverande statsminister Solberg og den påtroppande(?) statsminister Gahr Støre, står no fram og hyllar fredsprisvinnarane Malala Yoursafzai og Kailash Satyarthi for arbeidet deira for barn sin rettar.

Det skjer samtidig med at den sitjande regjeringa sender ut asylbarn og barnefamiliar trass i eigne fagfolk sine råd. UDI har nemleg bedd om at færre asylantar vert returnerte til t.d. Afghanistan. KrF-Hareide skrytte av kva KrF og H hadde oppnådd overfor asylbarn ved å støtte FrP-/H-regjeringa. No ser vi den blåblå regjeringa held fram med same praksis som AP dikterte den raudgrøne regjeringa til. Ikkje uventa, særleg ikkje med den posisjonen FrP fekk i regjeringa, vil Raudt hevde.

Malala har uttala seg kritisk til Vesten sine krigar generelt og dronekrig spesielt. Ho skal ha sagt noko slikt som ”send heller bøker og lærarar enn bomber” (Bergens Tidende 24. okt.). Malala skal ha sagt det same til den mestkrigande fredsprisvinnar Obama. Det norske establishmentet hyllar likevel Malala samtidig som dei sender militære læremeistarar til den eine massakrerande parten i ein krig. Det er eit framhald av norsk krigsdeltaking i Afghanistan, Kosovo og Libya som sjølv fredspartiet SV støtta eller tvinga seg sjølv til å støtte.

I følgje BT 13. des. skal Malala også ha støtta den meksikanske ungdommen som protesterte under utdelinga av fredsprisen. ”Det viser at det er problem i Mexico også”, skal ho ha sagt. Norske styresmakter ser ut til å vere mest opptekne av å få meksikanaren bak lås og slå, og deretter av landet.

Opposisjonen i Stortinget vurderer å kalle statsminister Solberg og justisminister Anundsen inn til høyring om utsendinga av asylbarn. Det er fint, men Gahr Støre & co. må ikkje få avgrense seg til kritikk mot dei blåblå. AP må også snarast forplikte seg til å føre ein annan og meir human asyl- og flyktningpolitikk enn dei sjølve gjorde i den raudgrøne regjeringa. Også den gongen måtte det demonstrasjonar til for å stoppe utsending av asylbarn. Mange hugsar aksjonane for Nathan og Amelie.

Dessverre møtte demonstrantane ikkje alltid tilstrekkeleg forståing til å stoppe utsending. Raudt vil difor arbeide for å styrke det sterke folkelege engasjementet i slike saker. Det har vist seg nødvendig uansett kva stortingsfleirtal som regjerer.

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Er føre-var prinsippet grunn til å si nei til fjord-deponi?

For alle som har ventet i spenning på Firdaredaksjonens holdning til gruveplanene på Engebø, er spenningen nå utløst. Etter at over 100 millioner kroner er brukt til konsekvensutredninger, utført av høyt respekterte og kompetente fagmiljøer ved NIVA og DNV, finner Firdaredaksjonen at føre-var prinspippet må anvendes og at miljøulempene ved Fjord-deponi må veie tyngre enn etablering av flere hundre arbeidsplasser i fylkets største pendlerkommune, Naustdal.
Firda er ikke alene om motstanden mot fjord-deponi. Oppdrettsnæringen som har gjort villaksen og sjøørreten utrydningstruet med lakselus og der hvert eneste anlegg genererer gjødselutslipp på linje med en norsk småby, vil gjerne ha fjorden for seg selv. Turistnæringen har også lagt bredsiden mot uten at noen har kalkulert hvor mange sysselsatte denne næringen har generert og kan generere i Engebø-området. Også lederne i det lokale Ap-laget i Førde sier nei. De viser til tonnevis av kjemikaliutslipp og tungmetaller i steinstøvet som skal deponeres og overser glatt at disse utslippene ikke er noe problem for sjømatnæringen. Eksempler på disse kjemikaliutslippene er fortynnet svovelsyre som raskt nøytraliseres i basisk sjøvann til sulfat som fjorden allerede er full av. Dette kjemikaliet har en gjødslende effekt, men det er ingenting i forhold til gjødslingseffekten fra et oppdrettsanlegg eller for den saks skyld gjødselavrenningen fra jordbruksareal langs fjorden. Et annet kjemikalium som har vært framme i debatten, er akrylamid fra Magnafloc. Dette brukes til å felle steinstøvet i deponi-området. Magnafloc består av polymere akrylmolekyler som er for store til å være biotilgjengelig på cellenivå for fisk og andre organismer. Kun en veldig liten andel, ca. 0.1%, er biotilgjengelig og med den fortynningsgraden som raskt oppnås i fjorden, er dette langt under alle biologiske faregrenser. Tungmetallene i steinstøvet er også bioutilgjengelig og svært lite av tungmetallene vil kunne løses ut pga. stadig ny sedimentering, lite tilgang på oksygen og at sjøvannet er svakt basisk. Dette i motsetning til et land-deponi der nedbør med tilførsel av oksygen vil kunne føre til noe oppløsning og på lang sikt problemer med grunnvannet. Så sjømaten fra Førdefjorden vil være spiselig både for både ordførerkandidaten til Ap i Førde og fremtidige generasjoner om fjord-deponi blir løsningen. Ordførerkandidateten til Ap har også en kommentar om antall ansatte i selskapet som vil starte opp mineralutvinning på Engebø. Da er det på sin plass å minne om at Norges største selskap, for øvrig med drahjelp fra Ap, startet med en ansatt for 42 år siden. Arve Johnsen har fortalt at han iden første tiden oppbevarte hele selskapets korrespondanse i en sko-eske. Med god hjelp fra internasjonal oljeindustri ble selskapet etter hvert bygget opp til det Statoil nesten alle i dag er stolte over.
Det snakkes mye om manglende vekst og arbeidsplasser i fylket. Etter krigen opplevde fylket en ekstrem fraflytting fra bygdene. Uten industrialiseringen med utbyggingen av vannkraften og oppbyggingen av smelteverksindustrien i Årdal, Høyanger, Vadheim, Bremanger m.m. ville det gått enda dårligere. Mens «gamle Ap» var en drivkraft i denne utviklingen, ser som «nye Ap» slik det fremstår i Førde, er i ferd med å fjerne seg fra denne tradisjonen. Vi risikerer dermed at fylket står på sidelinjen når ny industri skal utvikles og at vi må satse enda sterkere på offentlige arbeidsplasser og politikere som er flinke til å tigge om almisser fra storsamfunnet og staten.
Så tilbake til føre-var prinsippet: Hver gang man borer en brønn i Nordsjøen er det en liten, men reell fare for en blowout med store miljøkonsekvenser. Det er ikke mange prosent av befolkningen som vil unnvære inntekten fra oljen av den grunn. Hver gang man setter seg i bilen, er det også en reell fare for å forulykke. Likevel kjører de fleste bil til arbeid eller butikk. Føre-var prinsippet kan ikke dras så langt at man skal kunne utelukke en hver liten, men mulig risiko. Da blir nesten all menneskelig aktivitet umulig. I spillet om mineralutvinning på Engebø, drar man føre-var prinsippet for langt.

Olav M. Kvalheim
Standnes, Gaular
Professor, Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen
Professor II, Avdeling for Helsefag, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Klasseskilja må og kan nedkjempast

Kvinner tener 85 prosent av menn si løn. Også innafor same yrkesgruppe er det store forskjellar. Når vi så kjem til pensjon er forskjellane endå verre. Kvinner sin pensjon er på berre 75 % av menn sin. Det er ”takka” for å vere underbetalt lønsmessig.

Den såkalla pensjonsreforma som AP pressa gjennom til applaus frå dei borgarlege partia og med støtte frå LO sentralt skapte inntrykk av at heretter skulle alle kunne ta ut pensjon frå fylte 62 år. Berre dei meste oppegåande og radikaliserte fagforeiningane åtvara mot det store pensjonsforliket. No kjem sanninga på bordet etter kvart. Tal frå NAV syner at halvparten av kvinnene må halde fram å jobbe etter fylte 62 fordi dei ikkje kan ta ut pensjon, medan det gjeld berre 10 % av mennene.

Dette er berre eit av dei negative trekka ved pensjonsreforma. Vi i Raudt åtvara mot reforma. Vi kjempa for det synet innafor dei lokale fagforeiningane, i 1. mai-samanheng og vi hadde det med i valprogramma våre. Men venstreopposisjonen blei for svak overfor eit høgreorientert Storting.

Tankesmia Agenda har lagt ferske tal på bordet. Dei har hatt ei undersøking/utspørjing om ulikskapane i landet vårt. Nesten 70 % av formuen er no eigd av den rikaste femtedelen (20 %) av innbyggjarane. Når dei utspurde svarar på korleis dei ville hatt det, seier dei at den rikaste femtedelen ikkje burde eige meir enn 30 %. Det hadde vore ei så godt som jamn fordeling.

Dette klasseskiljet og som folk flest reagerer mot, er ikkje av ny dato. Den sitjande FrP-/H-regjeringa har, som den reiskap den er for milliardærar, teke på seg å utvide forskjellar som har sine røter i vekslande regjeringar si prioritering av å gjere dei rike endå rikare. Det radikale Manifest – senter for samfunnsanalyse har påvist at talet på milliardærar vart firdobla frå 2000 til 2012. Ei tilsvarande forbetring av lågtløna og trygda sine levekår skjedde neppe.

Den noverande FrP-/H-regjeringa overlever neppe neste stortingsval. Politikken deira bryt for tydeleg med interessene til folk flest til at det vil skje. Men det må startast ein kampanje, ”Du bestemmer – LO på di side” à la ”Den lange valkampen” som m.a. dåverande LO-leiar Gerd Liv Valla drog i gang.

AP må ikkje få den eine fullmakta frå veljarane at alternativet, ei blå regjering, er verre. Det gjev høgresosialdemokratane fritt spelerom. Det må stillast krav til AP om å garantere for at partiet ikkje berre vil reversere FrP/H-politikken og samfunnet tilbake til Stoltenberg-nivå. Ein må krevje av AP at partiet også reverser dei kjønnsforskjellane dei ikkje gjorde noko med og dei klasseskilja dei let utvikle seg i si regjeringstid. AP må trekkje tilbake dei privatiseringane av velferdsoppgåver (m.a. barnehagar) partiet saman med SV og SP gjennomførte og den pensjonsreforma som prioriterer høgtløna og friske menn framfor kvinner.

LO sine reaksjonar mot FrP-/H-regjeringa sin politikk, som vil brutalisere arbeidslivet ytterlegare, lovar godt. For å få til ei radikal samfunnsendring, ikkje berre regjeringsskifte, er det likevel også nødvendig å gje arbeidsfolk i bedriftene og det offentlege trua på vesentlege forbetringar i arbeids- og samfunnsforholda – ikkje berre status quo.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

"Aktiv på dagtid", Frisklivssentralen og Frivilligsentralen

Ja, så er det vedteke av Helse Førde sitt styre, « Aktiv på dagtid» er ikkje lengre Helse Førde sitt ansvar. Det er Førde kommune sitt. Det kjem vel ikkje heilt uventa, og er vel heller ikkje heilt ulogisk. Helse Førde sitt ansvar er dei pasientane som til ei kvar tid er innlagde, og ikkje dei som er utskrivne. Heller ikkje er det Helse Førde sitt ansvar med førebyggjande helsetiltak som fysisk aktivitet. Sjølv om alle i helseføretaket veit at «Aktiv på dagtid» sitt arbeid er sterkt delaktig i å redusere tal innleggingar i Helse Førde sine avdelingar. Med tanke på den økonomiske situasjonen Helse Førde no er i – der psykiatrien må redusere sitt budsjett med fleire årsverk, er det nok rett å avlaste dette budsjettet med kostnadane til «Aktiv på dagtid». Var det ikkje psykiatrien som for eit par år sidan var eit landsomfattande satsingsområde?
Å skaffe midlar til førebyggjande helsetiltak er ikkje lett. Det står heller ikkje øvst på politikarane sine prioriteringslister i budsjettarbeidet –verken sentralt, fylkeskommunalt eller lokalt . Vinsten av førebygging kan ikkje talfestast, og blir dermed oversett. Sjølv om alle er einige i at det er nyttig og nødvendig med fysisk aktivitet for å holde folk friskare og dermed redusere kostesame innleggingar i helseføretak.
«Aktiv på dagtid» sitt helsefremjande arbeid er uomtvisteleg, og kostar ikkje mykje i forhold til vinsten. Å overføre dette arbeidet til Førde kommune, under Frisklivssentralen, utan at det også blir tilført nødvendige midlar – og tru at det skal fungere like godt som i dag – er å tru på julenissen. Mitt råd til Førde kommune er å ta vel imot «Aktiv på dagtid» med sine kostnader og kompetanse. Då får kommunen eit vel fungerande system frå dag ein, med flinke instruktørar som er opplærde til å aktivisere inaktive.
«Aktiv på dagtid» sine brukarar er i dei fleste tilfelle kome frå trygdesystemet, enten uføretrygd, sjuketrygd eller arbeidsledighets trygd. For dei som lenge har vore inaktive og utanfor arbeidslivet, følgjer det ofte med sosial vegring og angst. Slike personar kjem ikkje av seg sjølv til eit annonsert aktivitetstilbod. Dei likar heller ikkje å vere med i større grupper. Dei må ofte overtalast, få personleg oppfølging og motiverast for deltaking. Dette er ressurskrevjande og krev ein god del menneskekunnskap av dei som er instruktørar. Dette er «Aktiv på dagtid» flinke på.
«Aktiv på dagtid» har ikkje inaktive pensjonistar som si målgruppe. Og her har Frisklivssentralen nok å ta fatt i med å aktivisere desse. Også pensjonistar kan få betre helse og livskvalitet med å drive med fysisk aktivitet. I tillegg til pensjonistar har vi og våre nye landsmenn som sikkert og har trong for fysisk aktivitet i sosialt samvere med andre.
Frisklivssentralen som enno ikkje er komen i gang i Førde, har mange utfordringar. For å få endane til og møtast, er dei og avhengig av mange frivillige hjelparar som ikkje tek seg betalt. Dugnadsånda er vel utbredt og godt innarbeid innanfor idrettslag og hjelpekorps, men det er mest innanfor arbeid med born og unge, der foreldre ofte ser sitt ansvar og trår til med ei hjelpande hand.
Organisering og arbeidsoppgåver mellom Frisklivssentralen og Frivilligsentralen er nok og litt uklart. Etter mitt skjøn burde det vere ein felles leiar for desse to einingane . I alle fall bør dei to einingane vere under same tak, og helst i det nye rådhuset der viktige vedtak vert gjort. Det vil nok ta ei tid før Frisklivssentralen fungerer som den skal.
Korleis dei skal få tak i frivillig hjelperar utan kostnad er nok ei vanskeleg sak, sjølvopptatte som vi er blitt. Dei fleste som har gjort ein innsats for fellesskapet når dei var i arbeid, vil nyte pensjonistlivet utan ansvar og pålagde arbeidsoppgåver. For då skal dei reise utanlands, gjerne fleire gonger i året, og nyte livet i sol og varme. Tanken for dei som treng hjelp i eigen kommune er nok langt borte . Vår kultur er blitt slik. Og politikarane støtter opp om denne utviklinga. Politikarane som folket sjølv har valt til å styre landet vårt, prioriterer skattelette for dei rikaste i staden for økte midlar til helse- og velferdstiltak. Resultatet av denne prioriteringa er at kommunane ikkje har midlar til å få Helsereforma til å fungere etter intensjonen – Og vi bur i eit av verdas rikaste land. Det skulle ein ikkje tru.
Helge Ottesen
Pensjonist. Styremedlem i Frivilligsentralen i Førde. Tidligare assistent Psykiatrisk avd Helse Førde og treningskontakt i «Aktiv på dagtid».

Malala og dronekrigen

For 2014 vart fredsprisen delt mellom indiske Kailash Satyarthi, som i mange år har arbeidd mot barnearbeid i India, og pakistanske Malala Yousafzai, som berre er 17 år, men brått vart kjend over store deler av verda då Taliban skaut ho i hovudet fordi ho arbeidde for jenter sin rett til utdanning i Pakistan. Prisen har brei oppslutnad. At barn skal ha sine rettar, og at alle barn, sjølvsagt også jenter, har rett til utdanning, er det også brei oppslutnad om.

Ting heng saman
I mange land er det framleis stor motstand mot at barn sine rettar skal setjast i verk. Sterke slike krefter mot utdanningsrett for jenter finn vi i samfunn der konservative, ja beint fram fundamentalistiske, islamske grupper står sterkt. Der Vesten har fremja sine interesser med omfattande våpenmakt, som Afghanistan og Irak, har nett slike grupper vore aktive leiarar i kampen mot framand militærmakt. Og til meir volden frå vestlege styrkar har råka vanlege folk, til større oppslutnad har dei som leier motstand, fått. Malala kjem frå Swat-dalen, nordvest i Pakistan. Her står Taliban sterkt, og USA bruker mykje droner.

Klår kommentar
Malala har stått fram som ein klårtsjåande kommentator. Ho vart invitert til å møte Obama i Det kvite hus i fjor. Det kvite hus sende etter møtet som vanleg er ein omtale av møtet til pressa. Denne omtalen nemnde ikkje med eit ord kva Malala sa om USA sin bruk av droner i Pakistan. Ho let seg ikkje utmanøverere, med stod sjølv då fram og fortalde: ”Eg uttrykte mine bekymringar for at droneangrepa skaper terrorisme. Uskuldige offer vert drepne i desse handlingane, og dei skaper harme i det pakistanske folket.” Media følgde i liten grad dette opp. Generelt vert hennar analysar av behovet for fred, av korleis Vesten si krigføring skaper liding for mange folk, og av korleis denne dronekrigen fremjar oppslutnaden om terrorisme gjeve lite plass i vestlege medium. Dette kan våre medium analysere så mykje betre!

Dronekrig
Droneoperatørane går på sine vakter på militæranlegg i USA. Dei sit der ved sine skjermar og styrer sine droner. Retningslinjer seier at alle menn i militær alder i ein konfliktsone må vurderast som kjempande. Og ut frå det skal dei plukke ut USA sine fiendar og drepe dei. Dei som lever i områda der droner flyg, opplever ei anna verd. Ein mann vitna om korleis mora vart drepen: ”Mor mi er ikkje det første uskuldige offeret for droner. Mange familiar i mitt samfunn og omland har mist sine kjære, også kvinner og barn. Fleire titals personar berre frå mi stamme, vanlege sivile, har vorte drepne av droner”. Når vi her i Noreg står opp til ein finversdag, vil mange nyte synet av klår himmel og glede seg. I dei områda der dronene opererer er ein finversdag ei påminning om at i dag kjem droner til å vere aktive. Dronene lagar ein summelyd, og lyden skaper frykt. Korleis er det å vere barn med frykt for finversdagar? Barn sluttar å leike ute. Mange sluttar å gå til skulen med livet som innsats. Familie- og slektsmedlemer sluttar å besøkje kvarandre. Ymse rapportar har påvist 900 døde sivile, 200 av dei barn. Men i droneoperatørane sine rapportar finn vi få sivile døde. Ein rapport kan tildekkje, men som ein kirurg sa: ”Kom til hospitala våre og sjå dei sivile, og barna, som er råka av dronene”. Å byte rollar kan gje skarpare tankar; Kva om droneoperatørar i Pakistan sat og jakta på oss? Og drap hundrevis av sivile, mange barn.

Ikkje øydelegg stemninga
Vi vil nyte vår plass i fokus i verdspressa ved fredsprisutdelinga. Ved utdelinga er kongen og dronninga og eit solid utval av toppersonar i det norske samfunn til stades. Konserten har artistar i verdsklasse. Då får Malala spele rolla sin som prismottakar. Heller ikkje denne gongen passar det å lytte til hennar analyse av korleis dronene styrkjer dei kreftene som gjerne ser ho død. I alle fall; våre frie media får i sine omtalar syte for at hennar analysar og kritikk av dronekrigen ikkje får meir enn eit høveleg omfang.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Førde Lufthavn, Bringeland som Sentralflyplass for Sogn og Fjordane

Førde Lufthavn Bringeland som Sentralflyplass for Sogn og Fjordane*

Trond Bendiksen
Sygna_

I den pågående og opphetede debatten rundt flyplass struktur for Sogn og Fjordane er det bemerkelsesverdig fravær av argumentasjon rundt de mest sentrale faktorer for en lokaliseringsdebatt nemlig; geografi, passasjertilfang, reisetid og næringstetthet.
Bare geografi ser ut til å ha fått en viss oppmerksomhet, men da hovedsakelig som en fogderidiskusjon der synsing og ønsker er atskillig mer fremtredende enn realargumentasjon. En ikke ukjent måte å diskutere geografi på i «framtidsfylket».

Setter man en passerspiss i Florø og slår en ring rundt denne for å få visualisert passasjertilfanget i en geografisk dimensjon, vil ca. to tredjedeler (2/3)! av passasjertilfanget dekkes av sjø/hav! Diameteren på sirkelen må ha et viss størrelse for i det hele tatt å favne noe oppland av betydning.
Dette gir en geografifaktor på ca. 0,33.
Gjør man den tilsvarende øvelsen med passerspissen plassert på Bringeland Flyplass, og bruker samme sirkeldiameter, ser man en helt annen tilfangs-faktor da hele sirkelen er dekket av land, altså potensiale for passasjertilfang.
Geografifaktoren for Bringeland blir da tilnærmet 1!
For Sandane blir geografifaktoren ca. 0,5 da store deler av tilfanget faller utenfor fylket
For Sogndal blir geografifaktoren ca. 0,85 da deler tilfanget faller utenfor fylket.

Faktorer som næringstetthet er et annet viktig moment, da regnet for næringer med et kontinuerlig reisebehov. Denne faktoren er vanskeligere å beregne, spesielt på grunn av ikke eksisterende formler som tar hensyn til reisefrekvens og volum pr. antall ansatte osv.
Teller man imidlertid opp antall virksomheter med et antatt frekvent reisebehov i hhv. Florø og sammenslutningen av kommunene Førde, Gaular, Naustdal, Jølster, Høyanger og Fjaler, skal det godt gjøres at Florø kommer særlig høyere på denne statistikken enn de nevnte andre kommunene, som alle sokner til Bringeland Flyplass.
Når man i tillegg tar gjennomsnittlig reisetid til nærmeste flyplass i betraktning innenfor og på tvers av de fire sirklene, vil man fort se at også denne faktoren desidert slår ut i Bringelands favør. F.eks. vil neppe noen fra næringstette områder som Høyanger og Sogndals- regionen, eller for den del Fjaler, reise til Florø for å ta fly til Bergen eller Oslo.
Da gjenstår bare argumentet knyttet til offshore trafikken. At Florø har både en helikopterbase og en forsyningsbase er i utgangspunktet et resultat av distriktspolitiske hensyn, og ikke basert på forretningsmessige prinsipper. Det er ikke gitt at disse basene fortsetter å operere i selv den nærmeste fremtid. Slik oljemarkedet utvikler seg nå, og med de innsparingsprogrammene som iverksettes av operatørene på sokkelen lever både helikopterbasen og forsyningsbasen et høyst usikker tilværelse.
Konklusjonen på hvor en «sentralflyplass» for Sunnfjord- og sannsynligvis også Sogn og Fjordane bør ligge, gir ut fra det ovenstående seg selv. Skulle man velge å opprettholde to flyplasser er sannsynligvis Bringeland og Sogndal de to beste alternativene og som sammen dekker størst tilfangs-areal.
Fortsatt god debatt!

Årets fredspris set barneperspektivet og barnekonvensjonen i fokus

FO er glade for at Nobelkomiteen, gjennom fredspristildelinga i år, sette eit særleg søkelys på barn, og særleg jenter sine rettar.

Menneskerettsforkjemparane pakistanske Malala Yousafzi (17) og indiske Kailash Satyarthi (60) blei tildelt Nobels fredspris for 2014. Dei fekk prisen for kampen for barn, og jenter spesielt, sin rett til skulegang og for kampen mot barnearbeid.

Fellesorganisasjonen (FO) er svært glade for at Nobelkomiteen, gjennom denne tildelinga, set eit særleg søkelys på dette. Barneperspektivet og barnekonvensjonen pregar i sterk grad også Fellesorganisasjonen sin politikk på dei fleste områda innanfor helse -og sosialpolitikk. Som medlem av Forum for barnekonvensjonen har FO jobba aktivt for at Norge skal implementere ein tilleggsprotokoll som FN vedtok i desember 2011. Denne gjer det muleg å klage inn brot på konvensjonen.

På grunn av barnearbeid er 168 millionar barn i dag frå røva retten til å vere barn. Dei arbeider så mykje at det går utover fritid og skulegang. Dei fleste land har lover som regulerer barnearbeid under ein viss alder, men reglane er ikkje like viktige og respekterte i alle delar av verda. Barnearbeid er svært vanleg og ofte eit usynleg problem. Barn er lette å utnytte, særleg i land der store delar av befolkninga er fattige. Folk i den vestlege del av verda sine ønske om billege varer og å holde produksjonskostnader nede, er med å oppretthalde barnearbeidet.
Barna går glipp av skulegang, får dårlegare helse og ei uviss framtid. Lange arbeidsdagar og lite/ ikkje betalt er det vanlege. Dei jobbar ofte under farlege arbeidstilhøve, ein del mister livet.

Retten til utdanning er langt frå reell. Jenter blir frå røva retten til å ta utdanning i langt større grad enn gutar. Jenter blir også ofte utsette for vold og gifta bort i ung alder mot sin vilje.

Barnearbeid er brot på menneskerettane og bidreg sterkt til å holde ved like fattigdomsspiralen. Fordi familien er fattig, må barna tene pengar i staden for å få tatt utdanning og etterkvart betre betalt jobb. Deira barn igjen kjem i same situasjon og fattigdommen går i arv.

Trass framgang på mange område når det gjeld barnearbeid, er det mykje som står igjen for å nå det globale målet om å eliminere dei verste formene for barnearbeid innan 2016.
Vi ber regjeringa nytte tildelinga av fredsprisen til å sette eit særleg søkelys på dette i sitt internasjonale arbeid.

Ann-Kristin Nygård
Fylkesleiar
FO Sogn og Fjordane

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Er Venstre sin miljøpolitikk rein symbolpolitikk?

Sveinung Rotevatn har hatt eit rosande lesarinnlegg i avisene i fylket om Venstre sin påverknad av statsbudsjettet for satsing på miljøvenleg drivstoff. Slik eg oppfattar det vil gass produsert av skog sleppe ei miljøavgift og bli 2 kroner billegare for literen. Dette vert gjort for å kunne konkurrere i pris med fossil gass pumpa opp av Nordsjøen. Spørsmålet er om gass frå skog er meir klimavennleg enn fossil gass? Endeproduktet vert det same, nemleg CO2. 4% av lufta vi menneske pustar ut, er den same som den som kjem ut i lufta frå kolkraftverka, frå gasskraftverka, frå biltrafikk osv. Å kalle det eine for klimavenleg og det andre for forureining vert meiningslaust når vi i realiteten snakkar om same gassen, nemleg CO2!

Vi kan også stille spørsmål ved om bilar som køyrer på batteri og bensin er meir klimavenlege enn dei som køyrer på reint fossilt brennstoff. Både når det gjeld biogass og hybridbilar, har vi med ein produksjon å gjere som er så dyr at vi må fjerne avgifter for at dei skal konkurrere i marknaden. Spørsmålet vert om biodrivstoff verkeleg er meir klimavennleg enn fossilt brennstoff dersom vi legg til grunn at det er CO2 som styrer klimaet? Å framstille hybridbilen som meir miljøvenleg kan det også stillast spørsmål ved. Det går nok med meir resursar i framstillinga av denne typen bil enn ein bensinbil. Den CO2 som vert utvikla under framstillinga av bilen bør vel også takast med som ein del av klima-rekneskapen. Til slutt får vi eit gedigent miljøproblem med å lagre eller å resirkulere batteria frå hybridbilen og kva vil det koste og kven skal betale for det? Dette er eit problem som ikkje er løyst i dag. Vi står til slutt står att med at Venstre har ein miljø og klimapolitikk som saknar eit vitskapleg grunnlag og som best kan karakteriserast som symbolpolitikk. Ta t.d. Venstre si satsing på biogass (metan) som drivstoff til busstrafikken i Trondheim i staden for LPG (propan). Det er vanskeleg å sjå at dette er noko å hoppe i taket for av glede. Så langt finst det vel berre noko slikt som 4-5 plassar å fylle biogass i heile landet, så dette kan berre bli aktuelt for lokaltrafikk i dei mest sentrale strøk. Dette er verkeleg symbolpolitikk som ikkje vil ha den minste verknad for klimaet. Metan er ikkje eit meir miljøvennleg drivstoff enn propan og begge vil gje same klimautslepp til slutt: den forferdelege klimagassen CO2 som er grunnlaget for alt livet på Jorda.

Magne Dvergsdal.

-BUPLIKT I SOLUND, EIN UROVEKKJANDE TILSTAND?

OPE BREV TIL ORDFØRAR OG ADMINISTRASJONSSJEF.

Vedlagde skriv frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til Solund kommune og Midtgar Invest er svar på spørsmål frå Nord Solund Vel om oppklåring av konkrete forhold i saka. Desse forholda er omtala i mange skriv, f.o.m. 22.01.2007, då vedtak om konsesjon og buplikt vart fatta i sak om kjøp av Gnr.54 bnr.2 i Leknesund. Heimel for vedtaket er ikkje endra, og heller ikkje oppheva av Solund kommune etter søknad frå eigarane.

Buplikta ligg fast, men Solund kommunestyre, som har fatta vedtak i saka, har ikkje ført kontroll med om bu-plikta er ivareteken etter lova.

Dette synleggjer at adm.sjefen og Kommunestyret godtek enkeltpersonar sin manglande respekt for å overhalde det dei er pålagde i kjøpskontraktar og fatta vedtak.

Det er understreka av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i nedan-forståande skriv, der dei vidare oppmodar Solund kommune til å undersøkje om det ligg føre brot på Lov om Folkeregistrering, og så rydde opp i saka på dette området. Det blir understreka at denne lova også inneheld reglar om opplysningsplikt og sanksjonar.

Med bakgrunn i dette, må det vere grunn til å stille fylgjande spørsmål:
*Kvifor fylgjer ikkje administrasjonssjef og ordførar opp vedtaket i saka

  • Meiner adm.sjef og Kommunestyre at einskild personar skal ha høve til å setje tilside lov og regelverk?

På vegner av alle dei som ynskjer ei forvaltning med likheit for lova.

Anne Grethe Furrevik

Les vedlegget som fylgjer. (Klikk på bildet for å få det større).

Av omsut for folket

Regjeringa har sett i gang ein stor prosess for å reformere kommunesektoren. Demokrati betyr folkestyre. I kommunane kjem folk tettast på representantane dei vel, og engasjementet i lokaldemokratiet er omfattande. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner skriv i eit lesarinnlegg i Klassekampen 20.november 2014: ”Kommunereformen må drives frem nedenfra”. Javel; Dette var betryggande å høyre. Men kva vil det seie?

Nøytrale misjonærar
Det samsvarar ikkje hundre prosent med at han har kommandert fylkesmennene til å sende folk rundt i kommunane og skremme med kva økonomisk straffedom som skal kome over dei kommunane som stemmer ”feil” og ikkje vil samanslåast. Dei som gjer det regjeringa forventar, kan derimot sjå lyst på utviklinga i statlege overføringar og vert lova å oppretthalde tilskotsnivået slik det er i 2016 dei komande 15- 20 åra. Desse utsende misjonærane kan ikkje svare på noko vesentleg om reforma; bortsett frå at alt skal bli meir effektivt og robust med samanslåingar. Referat frå møta desse utsendingane har hatt med kommunestyra rundt om, fortel om opplegg som kan karakteriserast som freistnad på ei pinleg manipulering. Skal kommunane få dei gunstige tilskota i 15-20 år, må dei gjere vedtak om samanslåing seinast sommaren 2016.

Folkerøysting er ikkje bra
Sanner sa i juni 2014; ”..spørreundersøkelser vil gi kommunestyrene et bredere og betre beslutningsgrunnlag enn hva som er mulig i en rådgivende folkeavstemning”. Stortingsrepresentant Ingjerd Schou frå Høgre uttalar: ”Dette er et spørsmål som egner seg dårlig som et enkelt ja-nei-spørsmål.”Folkeavstemninger av den typen splitter familier, kollegaer, lokalsamfunn, ja det splitter folk.” Også Sanner nemner folkemøte og innbyggjarundersøkingar. 31. oktober gjekk Sanner ut i Klassekampen og åtvara mot at folkerøystingar kan føre til ”unødvendige konflikter om kommunestruktur.” Kven vil ha slik unødvendig styggedom?

Folket rotar til
Regjeringa har historia med seg; Hadde Stortinget, der representantane alltid er mykje vitugare enn dei som vel dei, fått avgjere, så hadde Noreg vore innmeldt som medlem i EF, som det då heitte) i 1972. Overivrige demokratar argumenterte prinsipielt med at folket måtte avgjere, og då gjennom ei folkerøysting. Vi veit korleis det gjekk. Og som ikkje det var nok, så sleppte folket til med ei ny folkerøysting om EU-medlemskap 28. november 1994. Og sa nei igjen! (Eit aldri så lite 20-årsjubileum i år med andre ord).

Kjende tankar
I vår kultur har vi sterke førestillingar om korleis folket treng nokon over seg til å avgjere. Den gode hyrde passar på så sauene kan beite trygt, og ikkje treng å bry dei skrøpelege hovuda sine med å ta ansvar sjølve. Husfaren styrde med klokskap over dei mange under seg, både barn, ektefelle og tenarskap. Og eineveldet fekk eit løft då den eineveldige fyrsten stilte krav til seg sjølv om å vere opplyst; og innførde det opplyste eineveldet.

Av omsut for folket
Men så begynte folk å krevje, med kvart både arbeidsfolk, kvinner og alle, politisk makt til sjølve å avgjere. Demokratiet kan drivast for langt! Då er det godt å ha folk som Sanner og Schou som kan stille opp med hyrdingstav og styre unna folkerøystingar. For folkerøystingar ”kan føre til ”unødvendige konflikter om kommunestruktur”. Folket har nok med å måtte forhalde seg til nødvendige konfliktar. Og tenk på så mykje betre vi kan få det når vi rettar oss etter gode råd frå dei opplyste, og dermed unngår å få splitting i familiar, kollegium, lokalsamfunn, ja i heile folket!

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Spørsmål frå tre raude i Høyanger

Kystparti-medlem Jostein Ness opnar sitt innlegg med å påpeike at Ingunn Kandal, Einar Rysjedal og Ottar Uglum har hatt mange interessante innlegg i Firda. I innlegga våre gjer vi greie for kva som tener arbeidsfolk, kvinner, miljøinteressene og fredssaka. Vi konkluderer av og til i innlegga med at dette er argument for eit sosialistisk Noreg og at det trengst ei heil omvelting for å få det til.

Ness går vidare til noko kan kallar ”dette med liv og lære” og lurer på om vi lever i det han kallar ei ”draumeverd”. Vi får ikkje heilt tak i kva han meiner med dette og med konklusjonen i innlegget hans. Der skriv han: ”Som kjent var norske Gestapo-tilsette så brutale i sin tortur av motstandsfolk under krigen, at sjølv garva tyske offiserar var sjokkerte, og faktisk greip inn i enkelte tilfelle for å stoppe den grufulle torturen. Så Ola Nordmann kan også bli ein djevel når sjansen byr seg.”.

Før vi går vidare i ein viktig debatt om behovet for sosialisme, hadde det vore fint om Ness forklarte lesarane kva konklusjonen hans hadde med våre interessante innlegg å gjere. Prøver Ness å seie at vi ”tre raude i Høyanger” er eller kan bli som norske Gestapo-tilsette? Det kan nemleg vere greitt å vite om Ness aktar å føre debatten vidare på eit slikt ærekrenkjande nivå.

På vegner av dei tre raude i Høyanger,
Einar Rysjedal