Viser arkivet for juni, 2014

Politisk styrt klima.

Ein ny forskingsrapport slår fast at for 400 000 år sidan var det så varmt at isbreane på den sørlege delen av Grønland smelta bort. Det igjen førte til stigning av havnivået med meir enn 5 meter. Dette var vel på den tid Fred Flintston køyrde rundt med sterkt forurensande bil. Då var det ingen som hadde tenkt på CO2-avgifter. Det fanst heller ikkje glupe politikarar som lagde klimaforlik på Stortinget. Derfor gjekk det som det måtte gå: det vart ei klimakrise av dimensjoner.
Vi står i dag mykje betra rusta til å løyse problem med klimaet. Vi har eit Storting som gjennom klimaforliket og ved kjøp av klimakvoter og høge CO2-avgifter kan styre klimautviklinga framover. Men vi som veljarar kan også vere med å bestemme klimautviklinga. Stemmer vi SV eller MDG må vi rekne med å få kaldare klima. Om du skulle vere så uheldig å stemme på FrP, så må du rekne med å få ekstremvær med høge temperaturar og lange tørkeperiodar slik som i Sør-Norge i sommar. Men lett vert det ikkje. Vi ser i sommar at Nord-Norge har fått SV og MDG – vær utan å ha stemt for det, medan spesielt Vestlandet fekk FrP-vær, så her er litt att før vi har full styring. Bønder stemmer gjerne SP, men det er litt uklart kva klima dette partiet står for. Det er viktig med lang vekstsesong, men utan ekstremvær. Men å stemme AP eller Høgre kan lett føre til ustabile værforhold.
Sidan klima er så viktig, bør dei politiske partia ta med i partiprogrammet kva slags vær dei vil kjempe for på Stortinget. Vi må over frå prate-stadiet til politisk handling. Ha ein god sommar utan ekstremvær!

Magne Dvergsdal.

OPE BREV TIL NRK

Dette opne brevet b lei sendt til fleire aviser, og kringkastingssjefen vart beden om å svare i dei samme avisene som prenta brevet.
Dessverre ser det ut for at FIRDA er så venstrevridd at red. ikkje vil trykke brevet. Trist, for brevet var i høgste grad leseverdig og brennaktuelt.
Henrik Leirvik.

Er Haltbrekken truverdig?

Lars Haltbrekken i Natuvernforbundet er ein kunnskapsrik mann. Men når han skriv om deponering i Førdefjorden i Firda 26.6, er eg redd han set truverdet sitt i fare.

Det er sjølvsagt berre retorikk når Haltbrekken skriv om å «ofre Førdefjorden». Han prøver å skape eit bilete av dei negative konsekvensane som ikkje harmonerer med røynda. Han smør tjukt på, heilt bevisst. Men det er altså ikkje sant det han skriv. Dersom dette prosjektet verkeleg kunne true heile Førdefjorden så ville ikkje ein einaste politikar sagt ja til dette.

Så til eit anna begrep som motstandarane av dette verdiskapingsprosjektet brukar konstant. Dei elskar å skrive at det skal dumpast gift i Førdefjorden. Men kva er gift? Ein skal hugse på at det saltet du har på middagsbordet, natriumklorid, faktisk og er giftig om mengdene du får i deg er store nok. Akrylamid får du i deg via kaffikoppen kvar einaste dag. Når Haltbrekken listar opp ei rekkje kjemikalier, og mengden av desse, får ein inntrykk av at det er store tal. Men når kjemikaliene kjem ut i fjorden og blir blanda med svært store mengder sjøvatn, blir konsentrasjonen av kjemikaliene så små at dei ikkje blir skadelege. Syrer og basar vil bli nøytralisert i store mengder sjøvatn. Kor mange tonn sjøvatn passerer Vevring i minuttet? I tillegg er dei fleste kjemikaliene biologisk nedbrytbare, slik såpene dine er det, slik at dei ikkje utgjer nokon stor fare for livet i Førdefjorden.

Vi skal hugse at Haltbrekken har ein agenda i denne saka. Derfor gir han oss ikkje heile biletet.

Ny utstilling på kunstmuseet

Bente Sommerfeldt-Colbergs utstilling på Kunstmuseet.

Dei som vil tenkje, oppleve og kanskje seia noko om utstillinga ut frå eiga vurdering bør vente med å lese katalogen til dei kjem heim.

Kunst-omtale-språket er noko anna enn kunstspråket, ja, men kan det vere naudsynt å overdrive ulikskapen i så stort monn som her? Og er det naudsynt med så mykje tolking?

Døme frå ordbruken i katalogen: normativt, deskriptivt, fysiologisk, dikotomi, narrativt, polyfone, metaforisk.

Det eg sansar i utstillinga, opplever eg som eit vanlig menneske utan kunstutdanning, og det eg skriv, skriv eg med ord alle kan forstå.

Ein kan sette ord på det ein ser og nokre gonger fører orda til oppleving, men da må ein ikkje stengje med overtolkningar.

Vriaren

Eg går til venstre innafor døra og ser på to elektromotorer som vrir eit stykke tøy mellom seg over eit vannbaseng. Dei vrir kvar sin veg til tøyet vert strekt til eit tørt reip, for så å vri den andre vegen til tøyet vert slapt og rekk ned i vannet og vert vått. Om att og om att.

Enkelt? Ja, men eg går ikkje derifrå utan at kjenslene vert engasjert. Det er ikkje elektromotorane som engasjerer, like lite som bilmotorer engasjerer meg.

Tøystykket, materialet går gjennom ein prosess som millioner av tøystykker har gjort før med kvinnehender som kraftkjelde.

Minne om ein gamal tid sig på og eg er letta over at den tida er ute.

Vidare i runden finn eg fire delvis gjennomsiktige terninger. To av sidene på terningane syner fingeravtrykk, to viser ei kvinnenakke og noter, to viser eit halvt ansikt og to viser eit stort auge.

Dette utløyste ikkje kjensler i meg.

Rulla

I mellom disse terningane, ein stor maskin høgt over oss som beveger seg og ruller ut eit kvitt tøystykke som blir liggende i fine mønstre bortetter golvet.

Igjen minnes eg gamal tid då mødrene rulla tøy i ein svær rullemaskin.

Men dette tøyet skulle ikkje glattast for å liggje på seng eller bord. Det nøgde seg med å vere eit kvitt tøystykke i fine faldar, eit bilete.

Til slutt den store kloden balansert av lufttrykk frå ein slange. Det skal ikkje stor fantasi til å tenke på vår skjøre jord balanserende mellom ildmørja under og hydrogenbomba over oss.

Eg hoppar over resten. Det blir for mykje i eit jafs.

Kunstmuseet har vore flinke til å syne fleire kunstartar, som Morten Kroghs rekonstruerte minner, utvalde verk frå innkjøp og ansikt til ansikt.

Med grunnlag i dette breie, fine utvalet er det rett av museet å presentere ny kunst, kunst som for mange av oss er heil uvanleg.

Denne utstillinga og den forrige Det nye lyset viser ein heilt annan kvalitet enn dei kjekstyggande Islendingane og snurrende juletre frå Vestlandsutstillinga.

Men den som vil oppleve kunst må gå og sjå, det er ikkje nok å lese om den.

Førde Internasjonale Fotballklubb, en klubb med suksess!

Førde Internasjonale Fotballklubb der slagordet er «fotball for gøy», er nok den minste klubben i Sogn og Fjordane, og den eneste som ikke har noen sportslige ambisjoner. Hovedmålet for klubben er kun lek og moro, der lek med ball og fysisk aktivitet er hovedmålet.
Fra oppstarten 01.01.2014, har barn og unge fra alderen 10 – 15 år, samlet seg fast hver onsdag rett etter skoletid i Førdehuset. At det har vært mellom 10 – 16 stykker hver eneste gang, viser at målet vårt er nådd.
Utenom fotballen har vi hatt sosiale samlinger for å bli bedre kjent med hverandre, vi har vært på Dolly Dimple`s, kino, og hovedattraksjonen våren 2014 var ettermiddagstur til Sogndal for å se kampen mellom Sogndal – Brann.
Til høsten braker det løs igjen, med nye og spennende overraskelser. Er det noen jenter eller gutter som ikke har kjent til dette tilbudet, og som lurer på om dette er noe for dem, ta gjerne turen innom og bli med en gang eller to. Og er du riktig nysgjerrig så finner du info om oss via Facebook.
Jeg vil benytte muligheten til å takke de som gjør at Førde Internasjonale Fotballklubb kan eksistere, for deres bidrag gjør at vi kan tilby faste treninger gratis, men også andre gode opplevelser i nærområdet vårt.
Spesiell takk til Gjensidige Stiftelsen som igjennom sitt store bidrag på kr 30.000,- gjorde dette i det hele tatt mulig. Takk til Førde Kommune, Helse Førde Bedrift Idrettslag og Sport 1 med sine bidrag, og ikke minst en stor takk til alle mine usynlige hjelpere, som fra den spede start og til nå, igjennom sine små og store handlinger.
Nå tar Førde Internasjonale Fotballklubb ferie, og jeg ønsker spillere og hjelpere en riktig god sommer!

Med vennlig hilsen
Antonio Flaten
Førde Internasjonale Fotball klubb
«Fotball for gøy»

Elevar treng klasserom - på Sunde òg!

På Sunde skule i Førde har elevtalet auka frå 64 i skuleåret 2003-2004, til 172 i 2013-14. No er det ikkje klasserom nok til alle klassane på skulen, trass i eit nybygg med 3 klasserom i 2011. Vi som er foreldre til ungar på skulen, synest det er merkeleg at Førde kommune ikkje vil unne ungane våre å ha eitt klasserom til kvar klasse. Er det ei overrasking at elevtalet har auka så mykje? Neppe, for det er over 10 år sia det kommunalt eigde Førde tomteselskap begynte utbygginga av det såkalla Farsundfeltet. Det er skuffande at politikarar og byråkratar ser ut til å ha gløymt å tenke på skuleutviding, då dei la til rette for bustadbygging og folkevekst. Kortsiktige løysingar med brakker, vil jo vere eit stygt symbol på kortsiktig tenking blant politikarane. Vi ber ikkje om luksus som musikkrom eller andre fagrom som dei fleste skular har, berre om ei minimumsløysing som gir nok plass til klasserom.

Eg håper at politikarane i bystyret tar på alvor dei signala som Sunde skule, FAU og fleire har spelt inn i denne saka. Då kan kanskje elevane på Sunde skule òg få oppleve tryggleiken i å ha sitt eige klasserom.

-Ola Sølvberg

Punktum.

Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen, skriv i avisa Firda i dag. Imponerande. Er det verdsrekord? Trekk pusten godt før du les denne setninga som Mjømen har prestert:

“Som elles, er det også i høve landbrukspolitikken, nødvendig å få til avtalar som partia i fellesskap kan stå saman om og ikkje minst for å ivareta den forhandlingsinstitusjonen som faktisk Bondelaget er best tent med og som no hang i ein svært tynn tråd med Arbeiderpartiet sitt utspel som kunne føre til at denne moglegheita vart brote ned for ettertida.”

Punktum.

Utvikling og Førdepakke i Indre Sunnfjord.

Av Anne Lilleaasen, leiar i Gaular Høgre.

Gode naboer!

Ordføreren i Førde sier i ett innlegg i Firda den 7. juni at Førde kommune trenger innspill fra nabokommunene for å få fortgang på sentrumsutviklingen. Han mener at vi her ute er gode på å se potensiale mer en ulempene ulike prosjekter kan gi.

Jeg vet ikke hvorfor kulturen for kreativitet synes sterkere utenfor Førde, kanskje er det fordi vi her ute har forstått at vil vi ha noe så må vi skape det selv, og vi må arbeide sammen og målrettet for å oppnå resultater.

Siden jeg er hjemmehørende i Gaular tar jeg min kommune som et utgangspunkt for mitt tilsvar.

Førde sentrum er på sett og vis bygget opp av nyskapende og arbeidssomme gründere fra Gaular. Hjelmelandsbrødrene bygget i sin tid opp Førde sentralsykehus og viktige næringsbygg i Førde sentrum og ellers i Sogn og Fjordane fylke. Flere andre fra Gaular fulgte etter.

Andreas Hjelmeland etablerte i 1971 flyplass midt i et industriområde på Øyrane hvor kranene måtte flyttes når flyene skulle lande. Flyplassen ble i 1986 flyttet til Bringeland i Gaular.

For mange år tilbake var det stor næringsaktivitet i Gaular. Vi hadde blant annet meieri, transportnæring, kai, smørfabrikk, stor tønneproduksjon, flerfoldige kolonialforretninger og mange virksomme gårdsbruk. Rutebåt og lastebåter kom med folk og fe, varer og post, og de hadde faste stoppesteder langs kaiene innover i Dalsfjorden. Bygstad var på de tider et viktig knutepunkt.

Men vakre Dalsfjorden var smal og grunn og ikke egnet til hyppig trafikk av store lastebåter. Så kom det krav til større produksjonsenheter og høyere inntjeningsmål og mange arbeidsplasser ble flyttet ut av Gaular, samtidig som man heldigvis klarte å etablere en del nye innenfor andre næringer.

I dag er det mange dagpendlere fra Gaular til Førde og vi er med på å holde hjulene i gang i nabokommunen vår. Mange gaulværinger har etablert næring i Førde og det er stor handelslekkasje til Førde selv om vi er svært bevisste på å støtte våre lokale aktører.

Det er ikke kjekt å være dagpendler til Førde da vi har forholdsmessig lang og kronglete vei fra mange utposter i Gaular. I forhold til tidligere er det nå store trafikale utfordringer i Førde som man mener skal løses gjennom Førdepakken, og som pendlerne i Gaular også skal være med å betale for. Daglig bruker vi ofte 10-15 min. lenger reisetid hjem fra Førde på ettermiddagene enn til Førde om morgenen i tillegg til de 30 min. vi allerede kjører, og det eneste vi har bedt om er at vegnettet i Førde blir utbygget slik at vi som skal være med å betale for kaka også får rente på «investeringene» våre fra dag en.

Men nei da, slik som vi har fått kartet tegnet og forklart er vinnerne i første omgang syklistene i Førde sentrum. Og ingen gaulværinger med sansen for å komme levende hjem fra jobb sykler til Førde i regn og sludd med tungtransporten slengene i svingene på E 39. Så da blir vi stående i kø da, uproduktive som tidligere, å spy ut eksos i sentrumsområdene i uoverskuelig fremtid mens blodpumpa slår fordi man skulle kjørt poden på fotballtrening for 5 min. siden, for trening er viktig for folkehelsa og den sosiale intelligensen også i et område med svært begrenset tilbud av offentlig kommunikasjon innad i disse nabokommunene samt til og fra Førde by.

Mange går med en voksende idespire om at kommunene Førde og Gaular kan gå sammen om ett felles næringsområde i nærheten av Bringeland slik at vi sammen kan bidra til å øke trafikken og å skape et naturlig møtepunkt nær flyplassen i Gaular. Noe å bygge videre på kanskje.

Vi takker for tilliten, og vi vil nok fortsette med å bidra til utvikling i Førde, men vi ønsker at Førde kan slutte med å sette en strek med passeren sin i en radius av 15 km. fra sentrum. Vi utfordrer dere til å fortelle oss hva dere ønsker å satse på i utkantstrøkene (Gaular, Jølster og Naustdal). Vi kan by på en hær av flinke folk, Sunnfjords indrefilet av noen tomter, gode kommunale tjenester, ulike ski – og rekreasjonsanlegg og ikke minst flott natur med fosser, fjorder og fjell som gir ro i sjelen. Og kanskje kunne noen der inne i byen deres løfte blikket litt for å legge bedre til rette for at vi som bor i utkantstrøkene også kan nytte flere tilbud i Førde innenfor spesielt folkehelse og kultur etter endt arbeidsdag.

Ordet «raus» har vært nyttet mer enn en gang. Så vær litt rause da, gi oss noe igjen for det vi har vært med på å skape i Førde og at vi nå skal betale for sykkelveiene dere skal sykle på. Da får vi mer rom for handling og kreative ideer – som forhåpentligvis vil bidra til bedre livskvalitet for alle.

Vær så snill å se til å få fart på gode løsninger i Førdepakken slik at vi kommer oss raskt og trygt hjem igjen!

E39 som transportetappe

E39 vart i si tid lansert som “Kyststamvegen”, og Fylkestinget gjekk med klart fleirtal inn for at den skulle gå på kysten her i fylket, som elles på vestlandet. Men det hjelpte fint lite, når dåverande vegsjef ville noko anna.

Argumenta til Lefdal og Opseth for indre trase, var i stor grad dei same som Erna bruker i dag: Det var billegare å bygge, og kortare og raskare å køyre gjennom fylket, når vegen ligg lenger inne i landet.

Med andre ord, Regjeringa har reindyrka filosofien til desse to karane. Billegast og kortast muleg transportetappe gjennom Sogn og Fjordane.

Kommunale akutte døgnplassar (KAD) og legevakt

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Førde hadde møte 10.juni. U.t. er brukarrepresentant i rådet og vil her kome med nokre refleksjonar knytt til sakene som vart behandla om kommunen sitt langtidsbudsjett og sak om etablering av KAD og legevakt.

Førde må nedprioritere viktige tiltak både innanfor pleie og omsorg og barnehage/skule. Spesialpedagogiske tiltak og førebyggande arbeid innan alle sektorar blir ikkje prioritert fordi kommunen manglar midlar. Dette gjeld både innan drift og investeringar. I Firda denne veka så kjem det fram at ordføraren i Førde vil bruke 600.000 kroner ekstra for at KAD og legevakt skal plasserast ved Sentralsjukehuset trass i at etablering i Røde kors bygget i sentrum vil gi eit like godt tilbod og kostar 600 000 mindre kvart år. Rådmannen går inn for det billigaste alternativet og vil nytte innsparinga til viktige tiltak i kommunen. Det er positivt at rådmannen ser behovet og vil prioritere midlar til andre området.

Argumentasjonen som har blitt nytta for å plassere KAD/legevakt ved sidan av sentralsjukehuset er m.a. å unngå ambulansetransport og viser til at mange av pasientane som kjem til legevakta blir henvist vidare til røntgen og andre undersøkingar. Kanskje bør ein heller stille spørsmål ved om desse pasientane i utgangspunktet burde kome direkte i mottak ved sjukehuset og fått ei utredning for så å bli overført vidare til kommunal sengeavdeling. I mange høve så vil pasienten ha behov for innlegging på sjukehusavdeling og ikkje KAD. Det er slitsomt å vere pasient og måtte forholde seg til eit stort tal ulike personale, bli flytta mellom ulike avdelingar og måtte fortelje sjukehistorie/ulykke mange gangar. Er det ikkje spesialisthelsetenesta si oppgåve å kartlegg og utgreie akutte og kompliserte tilstander? Det er sjukehuset som har det tekniske utstyret og spesialkompetansen for å gjere dette arbeidet. Det verkar nokså meiningslaust å etablere 2 sengeposter “vegg i vegg” der kommunane står for drifta av den eine og Helse Førde for den andre. Dei som gjorde vedtak om Samhandlingsreforma og etablering av akuttmedsinske senger i kommunane hadde nok ikkje sett for seg ei slik løysing.

Etablering av KAD og legevakt i Røde Kors bygget vil vere ei framtidsretta løysing. Legekontor, legevakt, akuttplassar, sjukeheim, rehabiliteringsplassar, base for heimetenestene osv i same byggningkompleks vil gi eit tilgjengeleg og godt tilbod til alle grupper. Ei slik utbygging vil også styrke fagmiljøet.
Kan politikarar i Førde forsvare å betale 600 000 kroner ekstra kvart år for legevakt og KAD? Pengane trengst til andre tiltak i kommunen.

Mvh. Astrid Gytri

Stem nei!

Den nye arbeidstidsavtalen for lærarar skal no ut til uravrøysting. Sentralleiinga i Utdanningsforbundet gjer eit stort nummer av ei fersk undersøking der 9 av 10 lærarar er til stades på skulen i minst 7,5 timar kvar dag. Dermed tåkelegger dei det sentrale spørsmålet: kven skal styre over denne tida? Striden med arbeidsgjevarorganisasjonen KS handlar ikkje om den fastsette tida til undervisning. Striden handlar om arbeidstida utanom undervisninga. Skal den styrast av den enkelte lærar si vurdering av kva som er mest tenleg for elevane, eller skal den styrast av rektor?

I dei 37 åra eg har vore lærar, er tida læraren har til eige arbeid/førebuing blitt vesentleg redusert, og dette går ut over elevane. Dette vitnar også om ei aukande mistillit til oss som lærarar. Trur ikkje KS at vi gjer jobben vår?

Vi har ikkje bedt om å få ein ny arbeidstidsavtale. Den avtalen vi hadde, ga rom for lokale avtalar. Men det var ikkje nok for KS. Taktikken var å gå hardt ut med offensive krav, for deretter å ”mildne krava”. Dermed skulle vi puste letta ut for at det eigentleg ikkje blir så ille.

Leiinga i Utdanningsforbundet seier at ”dette er ein god avtale”. Men vi må ikkje la oss lure. Viss vi bøyer av no, kjem det nye angrep frå KS når denne avtalen går ut om 4 år. Derfor må vi no setje hardt mot hardt og stemme nei!

Ingunn Kandal
Tillitsvald ved Kyrkjebø skule

Førdepakke m.m.

Samarbeid i Sunnfjord og Ytre Sogn

I Firda ser vi ar Ordførar Grotle er uroa over at folk i bygdene rundt Førde har lite påverknad på det som skjer i Førdebyen. Det synest som dette er eit innlegg i den pågåande kommunestrukturdebatten.
Om kommunegrenser skal Norges Automobil Forbund (NAF) ikkje meine noko om.
Ordførar Grotle nemner m.a. Førdepakken som eit døme på solidaritet mellom Førde og nabobygdene – og det er heilt rett. Her har (hadde) Førde Kommune eit fint høve til å ta omsyn til dei som bur i nabobygdene. NAF har ved fleire høve spelt inn framlegg om å få til eit ”ringvegsystem” . Dei viktigast tiltaka her vil vere å prioritere ei ny bru over Jølstra frå Halbrendsøyra til Øyrane og ein vegstubb frå rundkøyringa ved tidl. Førde storsenter til omr. sjøahola/Førde Kyrkje.
Slik det no er ut vil dei fleste av våre om lag 6.000 medlemmer i Sunnfjord og Ytre Sogn vere med på å finansiere ei sykkelvegsystem som sikkert er vel og bra for dei som bur i Førde sentrum, men som neppe er til stor nytte for dei fleste av våre 6000 medlemmer som har ærend i Førde. Dei færraste av desse kjem på sykkel !

Leif Bell
Leiar i Samferdselsutvalet. NAF Fjordane og Ytre Sogn

Heilaganden - den fullkomne skaparkraft

I skrivande stund er det Pinse. Denne skal minne oss om den heilage ande, den heile anden som er der for å skape heile menneske, men som berre eit fåtal veit kva er fordi kyrkja ikkje veit og kan såleis ikkje forklare kva heilag ande er. Slik er både Kristi Himmelfartsdag, som har med det same å gjere, og Pinsa blitt dei minst påakta høgtidene i kyrkjeåret. I røynda er dei viktigast.

Enkelte vil gjerne ha det til at den heilage ande berre er for dei som kallar seg kristne. Til dømes seier Henny Marie Koppen i Firda 6. juni at Gud blæs andens kraft inn i kvart menneske som utset seg for det gjennom dåpen, Guds ord, nattverden, fellesskapet i kyrkjelyden og bøna. Var det slik, ville vi hatt ei heilt anna verd. Nei, den heilage ande er universell og uavhengig av religion, og er der for alle som vil ta imot den gjennom å sameine det maskuline og feminine prinsipp til ein androgyn tilstand i sitt medvit. Denne tilstanden er den heilage ande. Det er ikkje ein personifisert hankjønnsgud utanfor oss som blæs den inn. Vi må ta initiativet sjølve gjennom spirituell oppvakning og forståing. Det skjer ved å heve vibrasjonsnivået i vårt medvit. Når Jesus ”forsvann framfor augo deira”, var det fordi han heva sin svingningsfrekvens over lysets hastigheit. Då blir himmel og jord eitt i den forstand at ein kan bevege seg utan motstand mellom dimensjonane. Med andre ord kan ein då materialisere og dematerialisere seg. Mange kunne dette før Jesus (noko han sjølv tala om), og det finst menneske også i dag som kan utføre denne metamorfosen.

Jesus ville at vi alle skulle utvikle denne evnen. Å heve sitt medvit fram/tilbake til sitt guddommelege opphav, er den grunnleggande meininga med livet på jorda. Korleis kan vi skape den himmeljord vi er lova om mennesket ikkje er villeg til å heve sin vibrasjonsfrekvens til nye høgder? Menneske som er såpass klarsynte at dei forstår denne samanhengen, lever alltid med den heilage ande som mål og meining i livet sitt, og treng ikkje spesielle ”heilagdagar” for å bli mint på at det finst noko som heiter heilag ande, og kva hjelp er det i slike dagar når ein ikkje veit kvifor ein feirar dei, og er heller ikkje vakne og interessert nok til å spørre.

Altfor mange veljer åndsstagnasjon, forfall og død framfor oppstigning og LIV. Prestane, som skulle leie andre inn på vegen som fører til livet, har i staden fotball, køyretøy og ytre fart og spenning som sine interessefelt. Då blir dei kalla kule, likandes og folkeleg. Eg seier som Jesus: La dei døde begrave sine døde.

Kyrkja har og prøvd å gjere heilaganden til noko maskulint ved å kalle den talsmannen, noko som viser kor lite kyrkja har forstått. Ingenting blir heilt/heilagt utan at ein også integrerer den feminine del av skaparkrafta.

Kvardagsrehabilitering i Førde Kommune

I Førde Bystyre skal politikarane no vedta økonomiplanen for 2015. Der er svært lite spelerom når det gjeld prioroteringane både i driftsbudsjettet og Investeringsbudsjettet. Grunna innsparingar er vi faktisk i minus før vi kan byrje å ønske oss noko nytt. Likevel lyt vi politikarar gjere våre prioriteringar som rådmannen og hans stab skal jobbe etter.

Det vi les av årsraporten for 2013 er at der har vore 1,7 mill i overskridingar på regnskapet for heimetenestene i kommunen. Grunna fleire eldre og pleietrengande og samhandlingsreforma der pasientane blir sendt heim frå sjukehuset tidligare enn før, er dette problemet stigande. Sjukehuset overlet no rehabilitering og opptrening til kommunane i mykje større grad enn før. Dette er svært krevande for Heimetenesta i kommunane. Førde Kommune har oppretta ei Rehabiliteringsavdeling, men dei har ikkje følgt opp behovet av auka stillingar i heimetenesta dei siste åra grunna økonomi og andre prioriteringar. Då blir overskridingar av budsjett kvart år eit faktum. I tertialrapporten for april 2014 står det at overskridingane for 2014 kan kome opp i kr 2.750.000.

Korleis skal vi så møte dette veksande problemet? Heimetenesta i Førde står klare til å gå inn i ein ny måte å møte dei eldre og pleietrengande på, nemleg Kvardagsrehabilitering. Dei manglar berre frigjorte ressursar til å starte. Det dei manglar er ei ny ergoterapistilling og ei fysioterapistilling i tillegg til nye pleiestillingar. Dette står øverst på ønskelista. Førde kommune har berre ein ergotreapeut.

Kva er så Kvardagsrehabilitering? I praksis er det eit tverrfagleg team som består av ergo- og fysio- og treningsterapeuter. Desse kjem inn i heimen til den enkelte brukar som har eit treningspotensiale og finn ut kva han må trene på for å bli mest mogeleg sjølvhjelpt. I lag med pasienten set dei mål som han ynskjer å oppnå. Dei lager så eit treningsopplegg for å oppnå dette. Det er meininga at alle i pleietenesta skal gå inn i denne nye måten å jobbe på. Der tek ein vekk putene under armane på brukerane, og tek dei opp av stolen og trener dei opp til å klare det meste sjølv. Eigne terapeuter kjem først inn i ein periode på ca. 3 mnd for t.d. styrketrening, gåtrening, trappetrening, matlaging og trening på finmotorikk så brukaren kan klare morgonstellet sjølv og han kan gå på toalettet sjølv og lage mat sjølv. Nokre har også som mål å gå til postkassa sjølv. Då kan dei klare seg heime lengst mogeleg åleine, eller med mykje mindre hjelp av heimesjukepleien. Her er samarbeidet med pårørande også viktig.

Dersom t.d. ein slagpasient skal klare seg sjølv i stell, må ein inn med aktiv trening frå første dag. Rehabiliteringsavdelinga på Førde Sentralsjukehus tek berre inn tverrfaglege problemstillingar som krev både fysio, ergo og logoped. Fleire pasientar som berre treng stell og gåtrening blir difor sendt tilbake til kommunen. Om dei blir sitjande i ein stol så er dei pleiepasientar for alltid. Det er difor viktig at Førde Kommune prioriterer ei ny ergoterapistilling som primært skal køyre i gong treningsopplegg og tilrettelegging av hjelpemidler i heimen i lag med det tverrfaglege teamet så brukerane blir mest mogeleg sjølvhjelpte. Det er den absolutt beste måten å møte eldrebølga på.
Helsedirektoratet fekk utarbeida ein rapport i okt. 2012 der kommunane Bodø, Bærum, Bømlo, Gjøvik, Mandal og Trondheim var med. Rapporten viser at kvardagsrehabilitering fort kan tene inn igjen det komunen må bruke på ekstra ergoterapeut og utstyr til heimen. Kommunane Voss, Os, Gloppen og andre har kome godt i gong med dette. Førde ligg etter i å frigjere ressursar til dette, og det må vi svi for i form av overskridingar i rekneskapen for heimetenestene.

Førde FrP har jobba mot å innføre Kvardagsrehabilitering i Førde i over eit år no. Pleietenesta er klare så snart det blir frigjort ressursar. No er det på tide at det kjem i gong!
Bjørg Sølvi Refvik
Leder Førde FrP og bystyremedlem.

Brupenger blir mareritt/Statens vegvesen

Vart i grunn glad over framsida av firda 03.06. måtte Dalsfjordsambandet koste meir enn det smaker. 1.3 milliard minst, til kva nytte. skal heile fylket li over stormannsgalskapen. derfor kanskje Atløysambandet som faktisk vill binde sammen øy og fastland og ikkje ei bru mellom to fastland-Og så til statens vegvesen, vert dårleg nar eg kjem til Sande på veg mot Førde der står det skilt til Askvoll. nok om det, men når vl askvollinger kjen til ringstadkrysset på veg til Førde møter vil skilt mot høgre Holmedal, Dale og E 39 Sande, Mot venstre Stongfjorden. Førde, Kvifor ikkje E 39Førde. Må alle om Fjaler for å komme på E39, dett er misvisande. Helsing Anne Britt Hersvik Larsen 6980 Askvoll

Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit krav til kommunereformen

Sogn og Fjordane KrF meiner løyvingar til infrastruktur og samferdsel, samt vedtak om utflytting av statlege arbeidsplassar må vere ein sjølvsagt del av verkemidlane når kommunereformen skal gjennomførast.

Sogn og Fjordane KrF meiner Stortinget først må vedta at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå, der noverande fylkeskommune blir ein større region. Det vil opne for større lokalt sjølvstyre og at det som no er statlege oppgåver, i stor grad kan flyttast ut til regionane. Utan dette grepet vert ikkje kommunereformen ei lokalpolitisk reform, slik regjeringa seier ho skal vere.

Deretter må det klargjerast kva oppgåver som skal vere på dei ulike nivåa; kommune, region og land.

Først då kan kommunane vite kva dei skal greie ut og finne fram til dei mest tenlege inndelingane for sitt distrikt. Ei kommunereform må ta folk sine spørsmål på alvor. Spørsmål som identitet, lokaldemokrati og (velferds-)tenester som skal løysast er alle viktige for å ta ei god avgjerd.

Bedre at Attføringsbedriftene inngår et nærmere samarbeid med FRETEX enn at Attførtingsbedriftene blir konkurranse utsatt

Dagens regjering med Robert Eriksson i spissen vil at Attføringsbedriftene skal få mer konkurranse, det er bedre at Attføringsbedriftene utvider samarbeidet med Fretex. I dag er det et samarbeid med Attføringsbedriftene og Fretex i en del kommuner, når det gjelder tømming av de Røde Fretex Containerne i kommuner. Blant annet Førde.

Dette samarbeidet kan sikkert utvides, slik at det blant annet kan komme en Fretex butikk i Førde igjen. Da vil nok flere som har interesse innen for salg, kunde behandling få jobb. Få Attføringsbedrifter har i dag tilbud til de som vil gå veien innenfor Handel og Kontor. De fleste som jobber i Attføringsbedriftene i dag er sterk når det gjelder motorikken, få tilbud til de som er svak i finmotorikk, dette er noe både NAV, Regjering, Storting har glemt.

Å konkurranse utsette Attføringsbedriftene vil skape flere tapere, og sitte svake grupper opp mot hverandre.

Førde,

Stein Ove Birkeland

Storhall ruvande i Gamle Førde? Nei takk!

Eg ser i Firda at ein del fotballentusiastar ønskjer å byggje innandørs fotballbane på tomta som den gamle husmorskulen ligg på i dag. Ja, den skal jamvel leggje seg oppå Prestebøen, ei av dei gamle gatene i Førde. Min første reaksjon var: dette kjem aldri til å få politisk aksept. Ikkje lenge etter er det fleire frå det politiske miljøet som signaliserer at dette kan dei godt tenkje seg. Min reaksjon i dag er: Har de gått frå vettet!
På midten av 70-talet let politikarane Domus få leggje seg oppå det som til då hadde vore Sivertsens hotell. Ein stor ærverdig trebygning i Førde sentrum. I tillegg la Domus seg oppå Kyrkjevegen, ei av dei gamle gatene frå det gamle Førde til det som no er sentrum. Kyrkjevegen laut då leggjast i ein krok rundt hushjørna på Domus. I mange år gjekk Førde for å vere ein av dei styggaste stadane i landet. Min påstand er at det som skjedde med Domus, Sivertsens hotell og Kyrkjevegen har vore ein medverkande årsak til denne tvilsame æra. Dei fleste i dag er vel einig i at det Førde gjorde den gangen, var eit stort feilgrep.
Skal de så gjenta dei same feilgrepa i dag? Prestebøen er ei gate i Førde som har vore der i uminnelege tider. Den er ein viktig del av identiteten til byen. Ein skal vere yttarst varsam med å øydeleggje desse gatene. I tillegg vil ein storhall vere heilt malplassert så tett opptil Gamle Førde og Hagebyen. Vi snakkar her om eit bygg som vil verte svært ruvande. Så ruvande at det òg vil leggje seg midt i utsynet til både kyrkja og alle dei historiske gardane på Toene: Sorenskrivargarden, Prestegarden og Kapteinsgarden.
Eit bygg av denne dimensjonen kan ikkje plasserast i området mellom Angedalsvegen og Kyrkjevegen. Denne typen bygg må plassert svært nennsamt, og på ein stad der det ikkje vil vere ei estetisk katastrofe. Dersom ei slik anna plassering ikkje let seg finne, er det betre om Førde er utan innandørs fotballbane. Ta vare på det som er att av det gamle Førde!

Jo Ueland