Viser arkivet for juli, 2014

Våre politisk pygmeer redder verden?

Viser til Per Sandberg sin uttalelse i morgensending på radio, den 30.07.2014 om norske utenriksministre som påtar seg å ordne opp i alle verdens konflikter og kriger.
Hans analyse er helt korrekt og sann!
Stadig flere ser dette og kommenterer dette. Ikke bare når det gjelder Afghanistan er dette tilfelle. Norske utenriksministre opererer som forståsegpåere i Midt-Østen, Afrika, Sri Lanka, Latin-Amerika, ja, overalt. Utlandene har bare sansen for de pengene disse værhanene drar med seg. Norge leder giverlandsgruppene i de fleste sammenhenger og politikerne synes tydelegvis selv at dette er stort, i virkeligheten blir dette bare dumt! For slike oppdrag vil ikke andre land ha. De norske utenriksministrene og bistandskjendisene tror de er store og betydningsfulle, i virkeligheten er de politiske pygmeer både nasjonalt og internasjonalt. Dette har spesielt pågått gjennom de siste 35 årene.

Det bør også minnes om at den såkalte “arabiske våren” er i ferd med å drukne Europa og Norge i innvandring fra muslimske land, i tillegg til masseinnvandringen fra ethvert konfliktområde i den 3. verden. Den muslimske ekspansjon slipper muslimene selv å gjøre noe for å holde i gang, den syter Europas politikere og femtekolonnister for å holde gående. Innvandring og tildeling av statsborgerskap syter for at islamistene kommer – og blir! Til alt overmål benevnes de som nordmenn, da nøytraliseres masseinnvandringen og får den til å høres ufarlig ut!
Det har gjennom den siste tiden vært spekulert i media om hvem som skulle betale for den landsomfattende terrorberedskapen som nylig fant sted her i landet. Denne politiaksjonen kostet visstnok flere titalls millioner kroner. Hent pengene fra det svulmende asylbudsjettet og fra dem som gjør god butikk på asylindustrien. Det hele har jo samme opphav!

Tid for å våkne, herr Sandberg! Noen av oss har gjort nettopp det forlengst, og har blitt skyteskiver og “spedalske” blandt de politisk korrekte, også i Frp! Vi har måttet tole det, men toler Norge dette – eller har toget gått?

Norvald Aasen,
Kvammen

Rasestaten Israel må isolerast!

Døgeret som ligg bak oss har i følgje NRK kosta 32 palestinarar livet. Av desse heldt 20 til på ein FN-skule. Det er omtrent berre FrP og den reaksjonære ”Med Israel for Fred” som forvarar folkemordet. Sjølv USA og fredsprisvinnaren Obama tek til ein viss grad verbal avstand frå staten Israel.

Kva kan Noreg gjere?

Norske styresmakter må krevje slutt på blokaden av Gaza. Staten Israel held det palestinske folket sveltefora i eit fengsel, noko som naturleg nok gjer menneska desperate. Mads Gilbert har kalla Gaza eit barnefengsel. Tidlegare Høgre-statsminister Kåre Willoch har peika på at det er staten Israel sin blokade av Gaza som er det grunnleggjande problemet og som det må reagerast mot.
Raudt krev at norske styresmakter tek dette inn over seg; Høgre må lytte meir til Willoch, partiet sitt eige forbilde, enn til FrP. Noreg kan gjere noko som Israel vil merke på ”lommeboka”. Det er fint at Etikkrådet for ”Oljefondet” har teke affære mot investeringar i dei israelske busetjingar i okkuperte område.

Men Etikkrådet og sentralstyresmaktene må gjere meir enn dette. Alle investeringar som ”Oljefondet” har i israelske føretak må trekkjast ut. Eit minimum er stopp i våpenhandel. Det 50 % statseigde våpenselskapet Nammo produserer og sel våpen til Israel via omvegar. Eit eksempel panservernraketten M72. Noreg sel denne til Israel gjennom dotterselskapet Nammo Talley i USA. Med den statlege aksjeposten i Nammo har regjeringa moglegheiter til å ramme krigsmaskina Israel. Stoltenberg-regjeringa gjorde det ikkje; vil den noverande?

Kva kan du og eg gjere?

Vi kan mobilisere til demonstrasjonar mot okkupasjonsmakta Israel, slik m.a. Florø AUF gjorde sist laurdag. Vi kan gjere slik LO i Ytre Sogn har gjort ei årrekkje i 1. mai-demonstrasjonane i Høyanger med parolen ”Israel ut av Palestina! Riv muren!”. Fleire slike folkelege mobiliseringar, større og breiare, må og vil kome.

Vi kan arrangere boikott av israelske forbruksvarer. Rettleiing i kva som skal boikottast finst på Internett. Vi som har pengar i Coop bør trekkje pengane våre ut av konto inntil Coop bestemmer seg for boikott av varer frå staten Israel – i det minste frå dei okkuperte områda.

Vi kan samle inn pengar til aktivt og praktisk solidaritetsarbeid t.d. gjennom å støtte Norwegian Aid Comitee (Norwac) som driv aktivt arbeid i Gaza og på Vestbreidda, m.a. ved Shifa-sjukehuset der Erik Fosse og Mads Gilbert har arbeidd med redde menneskeliv. Vidare kan ein invitere desse to heltemodige legane til offentlege informasjonsmøte.

Det er mykje norske styresmakter kan gjere utover å prate, og det er mykje kvar enkelt av oss og mange i fellesskap kan gjere i staden for å berre ”uffe” oss. Rasestaten og krigsmaskina Israel må isolerast. Raudt er sikker på at før eller seinare vil dette føre fram. La oss setje i gang for alvor! Vis at du bryr deg!

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Ja til frivillig kommunesamanslåing i Sunnfjord

Per dags dato har vi fire kommunar som diskuteras om å kunne slås saman. Det er Naustdal, Førde, Jølster og Gaular. Vi har hørt mange argumenter både for og imot for å drive kommunesamanslåing.

Så kvifor bør vi gjøre det i Sunnfjord?

For det første handel dette om å skape kommune med gode fagmiljø og ikkje minst sørge for at kommune i større grad kan tilby gode velferdsteneste til innbyggjarane sine. Mange kommunar tilbyr per dags dato interkommunale selskap i lag med andre kommune og dette kan både komme av stordriftsfordeler eller rett og slett fordi man manglar muligheit til å kunne drive dette aleine. Det er likevel viktig å understerke at dette er helt nødvendig pers dags dato og ikkje nødvendigvis negativt.
Faren med interkommunale selskap og ein av det største grunnane for at vi bør vurdere samanslåing er f.eks. at det svekker lokal politikkarar muligheit til å påverke selskapa og man kan oppleve at styrene i desse selskapa blir berre representert av 1 eller 2 kommunestyrerepresentantar. Dette kan være lite heldig for lokaldemokratiet i fylket/Sunnfjord. Ein kommune som er slått saman av Naustdal, Førde, Jølster og Gaular vil sannsynlegvis ha større muligheit for å sjølv kunne drive ulike tenester og ikkje være for avhengig av interkommunale selskap.

Ein anna grunn for at debatten bør bli diskutert meir, er regjeringa sitt arbeid som kan inkludere tvang i samanslåinga. Uavhengig om man er for eller imot samanslåing så burde folket i større grad få være med å diskutere emnet og høyre argumentane for/mot kommunesamanslåing og ikkje minst få ein utgreiing om eventuelle konsekvensar og fordeler/ ulemper med samanslåing.

Ein anna grunn for å vurdere samanslåinga er de nye midlane regjeringa har lovet til kommunar som frivillig ønskjer å bli slått saman. Dette kan være svært sentralt i tilfelle regjeringa går inn for ein storslitt samanslåing utan at kommune får dekke alt av eingongskostnadar i tilfelle tvang. Det vil dessutan være langt meir demokratisk riktig for innbyggjarande i Sunnfjord dersom denne debatten tas lokalt og ikkje på stortinget. Skal dette skjer så treng folket kunnskap og gode argumenter frå begge sider og ikkje at dette skjer over hovud på folk.

Ein siste grunn for å vurdere kommunesamanslåing handel om kvalitet. Det kan godt være at for eksempel Naustdal Kommune gir betre kvalitet for innbyggjarane i Naustdal framfor Sunnfjord kommune, men så lenge vi ikkje veit verken om det stemmer eller ikkje stemmer så burde både kommunen og innbyggjarande få svar som viser om kvaliteten blir betre med ein samanslåing eller ikkje. Eg er vært fall sikker på ein ting og det er at dei fleste innbyggjarande ønskjer gode svar og ein ryddig prosess som fokuserer på fakta og ikkje følelsar den eine eller den andre vegen. Innbyggjarane i Naustdal, Jølster, Gaular og Førde fortenar den beste kommunen uavhengig om den heiter Sunnfjord eller for eksempel Naustdal som i dag.

Som ung student og kanskje innbyggjar i Sunnfjord etter studietid trur eg kommunesamanslåing i Sunnfjord vil gi betre tenester, betre kompetanse i administrasjon, mindre sårbare fagmiljø og dessutan større kompetanse i de ulike lokaldemokrati i Sunnfjord.

Martin Savland 5 års masterstudent og medlem i Høyre studentforbund

Bodskap til vår tid

Jesus sa: ”Vit hva som er foran deres ansikt, og det som er skjult, skal bli åpenbart for dere. For det er ingenting skjult som ikke skal åpenbares” (Tomasevangeliet)

Nyleg las eg boka ”Pistis Maria – Arven etter Maria Magdalena”, med førord av Helge Hognestad. Vi lever i dag i avsløringane si tid, og denne boka er eit sterkt bidrag til det. Magdalena har denne gongen valgt forfattaren Anne Gjeitanger som sin kanal. Ho lever i økolandsbyen Damanhur i Nord- Italia. Pistis er i den greske mytologien ei personifisering av tillit og pålitelegheit.

Magdalena fortel her ope og ærleg om livet saman med Jesus i den fysiske eksistens. Ho var den kvinnelege side av Kristus. Boka har sterke relasjonar til vår tid, der mange begynner å forstå Jesu eigentlege bodskap. Vi visste ikkje at det skulle ta tusenvis av år å bringe Kristus som bevisstheit til jorda, seier Maria. Ho stadfestar at Jesus aldri kjem fysisk tilbake til jorda, verken til Jerusalem eller andre stader. ”Hva skulle Han komme hit for”, spør Maria. Han var her ein gong, og folket korsfesta han. Jødane og romarane korsfesta Jesus like mykje, seier ho. Det ligg så visst ikkje til Kristi natur å komme tilbake for å hemne seg med å dømme levande og døde, som det heiter, verken for eigen eller andres del. Kristus kjem berre tilbake ved at Kristi ånd/ bevisstheit blir gjenfødt i det enkelte menneske.

Det mest aktuelle er kanskje det ho seier om Israel og deira krigføring. Det er ikkje tilfeldig at kampen står stridt i den del av verda. Som med alt anna, ligg årsakene på mange plan. For det første nemner ho synkronlinjene som møtest akkurat der, og skaper straumar av det eine eller andre slag, alt etter kven som kontrollerer dei. Synkronlinjene er til saman 18 linjer som krysser planeten høgt oppe i lufta og djupt nede i jorda, og berre nokre få stader på overflata, ni horisontalt og ni vertikalt. Dei utgjer hovudvegane for kommunikasjon mellom jorda og andre stadar i universet, og den som har hatt kontrollen over linjene på jorda har hatt stor makt, t.d. er pyramidane i Egypt bygd slik at dei har tilgang til desse linjene.

Den andre årsaka er av symbolsk art. Så lenge det er kamp om kven som eig kva, og kamp om herredømet over kloden, vil kampen alltid utspele seg i Midtausten. Slik vil det aldri bli fred i verda si vogge, og då meiner ho ikkje berre landet mellom Eufrat og Tigris, men det som var Kanaans land, frå Eufrat til Nilen. Mest truleg tyder dette at området vil bli utsletta eller dei utslettar seg sjølve, for det er ikkje mogleg å skape ei betre verd med slike tilstandar.

”Jeg kjenner dette folket”, seier Maria, ”og de tar feil”. Det var ikkje i det fysiske at jødane skulle sameine seg, men i ein annan dimensjon. Det var ikkje staten Israel som skulle skapast, men eit folk samla om sine skikkar, si utdanning og sin spiritualitet. For der jødane ga verda den beste delen av seg, hadde dei alt dette. Dei hadde ikkje gått tapt utan ein stat, men det er eit tap når folket rettar ei krigsmaskin mot andre. Dei hadde vunne på å pleie det som heldt dei saman, uansett kvar dei oppheld seg. Jødane har ei avgrensa opfatning av menneska sin plass på jorda, samtidig som dei dyrkar ein gammaltestamentleg gud som ikkje vil at mennesket skal reise seg til nye høgder. Tenk! Så mykje fiendskap, liding og dreping pga. ei mistyding.

Etter korsfestinga vart Maria ofte valdteken av romerske soldatar, og av sjølvaste Herodes Antipas. Ho kunne difor ikkje lenger opphalde seg i landet, og tok avgjerda om å reise over havet til Gallia / Frankrike, der ho held fram arbeidet med å spreie Jesu lære. Dei siste åra levde ho i ei grotte i Syd-Frankrike, og då ho forlet kroppen for godt, reiste hennar sjel til Venus, som ligg på eit høgfrekvent nivå, det vitnar det klare kvite lyset om. Når kroppen døyr, spørst det ikkje etter om vi har den rette religionen, men om graden av lys i vårt medvit. Vi kjem til ein stad eller ikkje-materiell tilstand som samsvarar med dette lyset. I sterk kontrast vart Jesu hustru og tvillingsjel lyst i bann av pave Gregor den store i år 591 ved eit dekret som fastslo at ho var ei hore.

Maria kom tilbake til jorda bl.a. for å hjelpe og oppmuntre alle som bevisst har valgt lysets veg i ei mørk verd. Ho/Han har levd her i fleire tiår under namnet Maitreya. Vi trur ikkje lenger på det som kallast kristendom, seier Maria, fordi denne har blitt ein fiende av Jesu universelle lære. Hans lære kan verken institusjonaliserast, kapitaliserast eller demoniserast. Den veks i menneska sine hjarte, som er eit kraftsenter der alle kan gjenkjenne gudegnisten i seg sjølve.

CO2 sin evne til å påverke klima.

Når så mange i dag er engstelege for klima, kan det vere grunn til å sjå på det fysiske grunnlaget for CO2 sin påverknad på klimaet. Eg vil ta for meg berre eit moment der CO2-gassen påverkar temperaturen. Mange trur at det er ein lineær samanheng mellom CO2-innhald i atmosfæren og temperaturen. Altså at ein auke av CO2 alltid vil gje ein viss konstant auke i temperaturen. Slik er det ikkje. Drivhuseffekten til ein gass er definert som gassen si evne til å absorbere utgåande varmestråling frå Jorda. Evna til å absorbere varmestråling aukar med logaritmen til konsentrasjonen. Det betyr at til høgre CO2 innhaldet er frå før, til mindre vert temperaturauken.
For å gjere dette forståeleg for folk flest, så kan vi gjere eit tanke-eksperiment der vi startar med ein atmosfære med konsentrasjon av CO2 på null. Aukar vi konsentrasjonen til 20 ppm får vi ein kraftig auke i temperaturen. Aukar vi til 40 ppm vil også få ein kraftig temperaturauke, men mindre enn dei første 20 ppm. Aukar vi vidare til 60 ppm, får vi ein langt mindre temperaturauke enn frå 20 til 40 ppm. Før eller seinare vert temperaturauken knøtt liten om vi aukar med nye 20 ppm. Den vert nesten ikkje målbar. På det nivået vi er no med, ein CO2-konsentrasjon på 385 ppm, har vi brukt opp 99,7 % av den mogelege temperaturstiginga. Om vi doblar mengda av CO2 i atmosfæren, kan vi på noverande stadi berre oppnå å auke temperaturen med 0,3%! Her er det sanneleg ikkje mykje å drive klimapolitikk på! Vi er komne til eit stadium der CO2 ikkje lenger har nokon påverknad på klimaet. Det er ikkje vitskapleg grunnlag for å påstå at det finst menneskeskapte klimaendringar. Det er ingen grunn for klimatiltak og det er ingen grunn til å engste seg for at vi endrar klimaet om vi køyrer bil eller om vi syklar. Auka CO2 i atmosfæren har berre ein positiv verknad. Det er at vi får ein høgre matproduksjon. Alt på 60-talet tok dei til å fylle drivhusa med CO2 der konsentrasjonen er 3-4 gonger større enn i atmosfæren.
Det er på tide å slutte å svartmåle CO2-gassen som er sjølve grunnlaget for livet på Jorda. Den vil aldri kunne føre til irreversible klimaendringar og ingen global oppvarming, men halde fram som grunnlag for vår eksistens i denne verden.

Magne Dvergsdal.

Avstemminga på Firda nett 23. juli

Spørsmålet til lesarane på firda.no denne dagen var: ”Bør kommunen din busetje fleire flyktningar?” Av dei 658 som stemde var det 18,4% ja, og 81,6% nei.

Kanskje trudde redaksjonen i Firda at når dette spørsmålet vart stilt dagen etter treårsmarkeringa for terroraksjonen den 22. juli, ville resultatet verte noko annleis? Omkvedet i media heile denne dagen i høve markeringa av terroren den 22. juli 2011 var at no skulle haldningane bak takast på alvor og konfronterast. Det var ikkje til å misforstå at no skulle vi som ønskjer ein strengare innvandringspolitikk råkast og få nye skyllebytte med ”Breivik-gørr” over oss – så ubehaget for å ytre seg skal verte enno større.

Dei får sanneleg granske sine eigne haldningar, både dei som har vore ansvarlege for den førde lemfeldige innvandringspolitikken – og dei som vil liberalisere den enno meir. Kor lenge skal eit mindretal av folket overkøyre fleirtalet? Og dette fleirtalet på trass av at eit nesten samstemt media i skrift og tale tilhøyrer mindretalet! Kan det vere slik at mange trur at dei også er meir moralsk høgverdige enn oss som vil avgrense innvandringa – difor skal dette udemokratiske løpet forsette i det same sporet?

I desse dagar har terroralarmen gått i fedrelandet. Politiet har væpna seg over heile landet, og vi må vere budde på åtak. Det skulle ikkje forbause meg at når årsak og skuld skal drøftast i høve dette – så vil det også vere nokon som vil plante dette hos dei som har ønska å bevare Norge norsk?

Magnar A. Bakke
Stårheim

GAZA’S ARK

Gaza har 1.8 millionar innbyggjarar på eit område på 360 km2. Under noverande tilhøve er 80 prosent av innbyggjarane avhengige av gåver frå det internasjonale samfunn. Dei ønskjer seg arbeid for å kunne brødfø seg sjølve. I 1967 vart Gaza okkupert av Israel. I 1994 tok palestinske sjølvstyresmakter over administrasjonen, men Israel kontrollerte framleis luftromet, vassforsyningar og tilgang til hamner. Kontrollen over ressursar ut frå og inn til Gaza var praktisk tala total. Då Hamas vann valet til sjølvstyresmakter i 2006 med 74 av 132 sete i Gaza, skjerpa Israel blokaden yttarlegare.

Å bryte isolasjonen
Solidariteten med palestinarane sin kamp har vakse gjennom mange år. Å bryte blokaden har høg prioritet. Om skip kjem til Gaza med forsyningar til sivile, vil det i første omgang vere berre småtteri opp mot behovet. Men det vil ha ein stor symbolsk verdi. Internasjonale ”Freedom Flotilla Coalition” vart skipa for å arbeide for å bryte blokaden, og norske ”Ship to Gaza” var med i koalisjonen. I 2010 gjekk skipet Mavi Marmara mot Gaza med hjelpeforsyningar. I internasjonalt farvatn angreip Israel med militære snøggbåtar og helikopter, og borda skipet 31. mai. Ombord var solidaritetsarbeidarar og fredsaktivistar frå mange land. Der fanst ikkje våpen. Israelske soldatar drap ni tyrkarar. 90 vart såra. Skipet og lasta vert teken. Denne voldsbruken seier noko om kor viktig det er for Israel å hindre solidaritetsarbeid. Israel påstod at dei måtte stoppe alle skip, for der kunne vere våpen om bord.

Gaza’s Ark
Norske “Ship to Gaza” planla så å frakte varer ut frå Gaza. Ingen kunne hevde at dette var farleg for tryggleiken til Israel ved at der var våpen om bord. Prosjektet vart kalla “Gaza’s Ark”. Pengar vart samla inn, ein fiskebåt kjøpt I Gaza og lokale arbeidarar leigde inn til å byggje den om til lastebåt. Varer produserte i Gaza skulle eksporterast og seljast rundt om i verda. Omfanget var beskjedent, men symbolverdien var stor. 29. april festa israelske marinedykkarar sprengladningar på Gaza’s Ark. Båten vart skadd, men let seg reparere. Meir pengar vart samla inn. Israel kjenner Gaza ut og inn etter mange år som okkupant. Og dei har informantar som heile tida rapporterer. Når Israel no bombar, er mange av måla utpeika som prioriterte mål. 11. juli trefte ein israelsk rakett Gaza’s Ark og øydelagde den totalt. Den let seg ikkje reparere. I tidlegare angrep har Israel medvite øydelagt livsnødvendig infrastruktur i Gaza. Vatn- og kloakksystemet vart utsett for omfattande angrep både i 2008-09, 2012 og no. Krigshandlingane vil ta slutt denne gongen også. Og så vil analysane av krigen kome, med tilhøyrande diskusjonar. Det vil verte ein kamp om kva folk rundt om i verda skal få vite, og kva dei ikkje skal få vite.

Å få fram kunnskap
Generelt sett; Kunnskap om kva som hende tek ofte tid å få fram. Eit døme: Den svenske statsadvokaten Henrik Attorps har nett beslutta å innleie etterforskning av kva som skjedde då israelske soldatar angreip og borda «Mavi Marmara» i 2010. Kanskje vesle Gaza’s Ark får sitt avsnitt i ein rapport ein gong. Og vi kan også denne gongen velje om vi vil vite; vite om planane for båten og om den skjebne nett den fekk. Så kan kvar gjere seg sine tankar om kvifor Israel valde å øydeleggje den vesle båten, som kunne ta med seg eit stort håp.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Mens graset gror står kua inne

Hvordan står det til med den oppskrytte dyrevelferden i Norge? Vi ser lite av den i praksis, i det hele tatt ser vi lite til dyrene.

TINE bruker flittig kyr på sommerbeite i reklamen for melkeprodukt. Men virkeligheten mange steder er beiter som gror igjen mens dyrene fortsatt står inne.

Tillegget som TINE betaler for sommermelk har per idag ingen klausul om at melka skal være produsert på sommerbeite. Samvirket har makt til å bidra aktivt til at kyrne kommer ut i sommermånedene. Det er ikke nok å reklamere for beitende kyr på melkekartongene – for å oppfylle dyrevelferdsloven må dette bildet ut i landskapet.

Samtidig bør Mattilsynets tilsyn med mosjonskravet styrkes, ikke minst i år når også dyr i løsdriftfjøs skal ut i friluft.

Mens noen har dyrene på beite i mer enn de minimum 8 ukene som loven krever, er det flere steder tomme beiter i slutten av juli, mens fjøsene er fulle av dyr. Når dyrene forhåpentligvis kommer ut er beitene blitt gamle og brune, og sommeren er på hell. Mange steder er høsten preget av regn og ruskevær, og selv om dyrene med fordel kan gå ute så lenge vær- og beiteforholdene tillater det, er det i sommerhalvåret den lovfesta mosjonen skal oppfylles.

Etter en lang vinter på båsen trenger dyrene å komme ut. Det er et grunnleggende behov å bevege seg og oppleve sollys, frisk luft og frisk natur. Gleden kyrne viser når de sprenger over markene etter endelig å slippe bort fra halslenka, båsen og den elektriske kutreneren, forteller oss tydelig hva som er naturlig og riktig for dem.

Kua er hardt utnyttet, fra fødsel til død. Som kalv blir hun fratatt kontakten med mora og en naturlig oppvekst. Som voksen blir hun fratatt sine egne kalver etter 9 måneders drektighet og en ofte smertefull fødsel. Melka skal forbrukerne ha, og når hun ikke yter maksimalt lenger, sendes hun til slakt.

Ta ikke fra kua sommeren i tillegg. La henne få oppleve solskinn og friskt gras, og velværet ved å bevege seg fritt og ligge komfortabelt. La henne få oppleve de lange, lyse og svale nettene før høstmørket og det kalde regnet. Gi henne disse gledene i et ellers gledesfattig liv. Hun fortjener det – og hun fortjener så mye mer.

Jenny Rolness
NOAH – for dyrs rettigheter

Eit fantastisk klima med den nye regjeringa.

Alle som er litt oppegåande har vel fått med seg at klima er politisk styrt av Storting og regjering. Den raudgrøne regjeringa var mest interessert i å få ned temperaturen og vi fekk mykje regn og dårlege somrar. Med den nye regjeringa har vi fått ein fantastisk sommar med rekordvarme. Spådomen om varmare, våtare og villare var nok ikkje heilt sann. Med varmare ver vert det ikkje våtare og villare, men rolegare og mindre nedbør slik vi har hatt i sommar. Med FrP og Høgre i regjering kan vi vente oss like fin sommar neste år også. Spesielt bøndene må vere godt nøgde med ein landbruksminister frå FrP, for i år blir det rekordavlingar og kjempeinntekter. I framtida vil nok fleire bønder stemme FrP for å få eit betre klima framover. MDG og SV er eksponentar for dritver der isbreane veks og avlingane vert dårlege og vil nok tape oppslutnad på at folk har fått smaken på eit varmare og eit meir behageleg klima, som desse partia har kjempa imot i mange år. Neste val kan bli eit klima-val.

Magne Dvergsdal.

KrF: Viktig med likeverdige tenester

Det er tenestetilbodet til innbyggarane det handlar om når fylkesøkonomien vert gjennomgått og vekta på nytt. Det offentlege tilbodet innanfor vidaregåande skular, samferdsle, kultur, tannhelse og næringsutvikling vil merke at de blir kravd kutt opp mot 250 mill (full verknad etter 5 år).
Debatten i etterkant om kven som ikkje har gjort jobben sin kan vere «underhaldande», men hjelper lite. Alle gjer vel sitt beste, men vi er alle del av ein partiorganisasjon og må ta omsyn til fleirtalsvedtak der. Når Høgre skuldar Sp for ikkje å tatt grep før, så er det tåpeleg. Sp gjorde det dei kunne i regjering for distrikt som Sogn og Fjordane. Og dei klarte å utsette, men ikkje endre, eit nytt inntektssystem. Like lite tillitsvekkande er V og Sp si klappjakt på Lødemel. Han er Høgre sin mann i kommunalkomiteen, og har difor lite handlingsrom utad til å gjere anna enn å lose gjennom regjeringa sin politikk. Det er inga overrasking at H og FrP har større omsut for bynære vekstkommunar enn for jordbruksbygder med minkande folketal. Men H og FrP skal ha ros for å fremje merknad om at overføringane til NSB skal sjåast i samanheng med inntektssystemet.
I stortingsbehandlinga av inntektssystemet varsla KrF at dei ville kome attende til saka i budsjettet, fordi det kunne gje urimelege utslag for enkelte fylker. Eg har derfor stor tru på at KrF skal vere med å gjere inntektssystemet betre for fylker som Sogn og Fjordane og Nordland. Som fylkesleiar for KrF har eg hatt mykje kontakt og møte med både Geir Toskedal i kommunalkomiteen og partileiar Knut Arild Hareide. Begge kjem til fylket 1. september for å få meir kunnskap om verknadane det nye inntektssystemet vil ha for fylket vårt. Ma. skal vi ha møte med fylkesrådmannen.
KrF sitt program er klart; vi skal ha likeverdige tenester i heile landet, og distrikta skal haldast oppe. Kommune- og fylkesøkonomi er vesentleg for å få det til!

Statsterrorisme

Når Ingunn Kandal klagar einaste demokratietiet i Midt-Austen for statstrrrorisme, vil eg be om at ho les “Goldstone-rapporten” og får med konklusjonen til oberst Richard Kemp.
I tillegg vil eg spørje korleis Ingunn vurderar den norske statsterrorismen? Vi har bomba på Balkan, i Libya, i Irak og Afghanistan. Er det forsvarskrigar?
Israel svarar på åtak frå ei folkegruppe som står på terrorist-lista til dei fleste (bortsett frå Noreg).
Men Raudt har forsvara dei fleste terror-rørsler tidlegare, så at dei no hiver seg på hetsen mot IDF som Goldstonerapporten hevdar er den mest humane hær i krigshistoria, viser kva partiet hennar står for. Gjer leksa di, Ingunn, så kan vi talast. Men oppgulp av Utøua-argumentasjon og jødehat, kan du spare lesarane for.
Henrik Leirvik

Legg press på Israel!

Vi skal ikkje bruke mange ord på å referere kva som skjer i Midt-Austen no for tida. Det er tapte menneskeliv på begge sider. Men hendingane den siste tida er i hovudsak israelsk statsterrorisme som har resultert i tap av eit stort tal palestinske menneskeliv. Dei israelske angrepa går stort sett ut over sivile – særleg kvinner og barn. Dette er såleis ingen krig i rettsleg forstand, men langt på veg folkemord etter at 65 000 israelske soldatar no har invadert Gaza.

Det finst ein innanrikspolitisk opposisjon i Israel mot staten si rasedyrking og aggressive militarisme. Denne opposisjonen har til no ikkje blitt sterk nok til å få fram eit systemskifte over til ein sekulær stat med likt rom for palestinarar, jødar og arabarar. Det finst heller ikkje eit tilstrekkeleg hardt nok internasjonalt press mot staten Israel sin aggresjon.

Vi, som ein ørliten del av verdssamfunnet, har derfor ei plikt på oss til å bidra til å få stoppa dei noverande israelske myrderia og få slutt på staten Israel sin blokade og okkupasjon av Gaza. Vi må styrke presset mot våre eigne sentralstyremakter slik at Noreg tek eit tydeleg standpunkt i konflikten. Eit tydeleg standpunkt må vere desse to; stoppe blokaden og okkupasjonen og oppretting av ein palestinsk stat der palestinarane får tilbake sine landområde (som dei hadde før 6-dagarskrigen i 1967).

Raudt meiner at det skal meir enn ord til for å oppnå dette. Det må t.d. setjast i gang ein aktiv boikott av israelske varer. Noreg må forby eksport til Israel og om nødvendig også kalle tilbake sin ambassadør til Israel. Det hastar med å få til ei fredeleg løysing. Legg press på Israel!

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Sosial dumping aukar i transportbransjen

I løpet av våren og sommaren har det vore ei rekkje medieoppslag om sosial dumping og kriminalitet i arbeidslivet. Siste veka har vi sett stygge eksempel på yrkessjåførar frå Aust Europa som bur permanent på Svinesund og køyrer på oppdrag i Norge med ei månadsløn på 5000 kroner. Dette er sosial dumping på sitt verste og kan ikkje aksepterast.

Arbeidstilsynet har definert sosial dumping på følgjande måte: “Med sosial dumping menes særlig at utenlandske arbeidstakere som utfører arbeid i Norge får vesentlig dårligere lønns- og arbeidsvilkår enn norske arbeidstakere.” Det vi har sett siste månadane er sosial dumping av verste sort som må stoppast. Bakgrunnen for oppslaga er ein intervjurunde fagforeininga gjorde med 500 yrkessjåførar på Svinesund. Gjennom samtalane med sjåførane kom det fram at dei bur på Svinesund og køyrer transportoppdrag i Noreg. Løna viste seg å vere 5000 kroner som berre ein brøkdel av ein norsk sjåfør tener. Sjåførane køyer fleire månader i strekk utan fritid. Dei overnattar i bilane sine og et mat som dei har med frå heimlandet sitt.

Nokre av sjåførane som køyrer på vegane våre, er tilsette i useriøse norske selskap. Mens andre køyrer på oppdrag av transportbedrifter i utlandet. Felles for dei fleste er at dei arbeider for 5000 kroner månaden. Dei har heller ikkje rettar i det norske trygdesystemet og andre sosiale sikkerheitsnettverk. Heller ikkje arbeidsmiljølova eller andre rettar i det norske samfunnet kan dei støtte seg på. Like eins veit vi at mange av desse selskapa let vere å betale bompengar. Køyretøya held heller norske krav til standars på utstyr og dekk og kan i mange høve vere livsfarlege på vinterføre.

Det viser seg at halvparten av dei tyngre bilane som passerar Svinesund på veg inn til Noreg kjem frå andre land utanfor Norden. Også trafikkteljingar i Sogn og Fjordane har vist at omlag 40 % av varetransportane på hovudvegane blir utførte av transportørar frå utlandet. Sidan mange av desse sjåførane har heilt andre løns- og arbeidsvilkår enn dei norske sjåførane, vert prispresset i transportbransjen svært stort. Marginane er små og det er heile tida ein kamp for kutte kostnader. Det er ikkje mogeleg for seriøse og ærlege norske transportørar å konkurrere med selskap som driv med sosial dumping og ikkje føl norske arbeidsvilkår. Vi må også vere merksame på ansvaret til dei som kjøper transporttenester. Desse må ha kontroll med arbeids- og lønsvilkåra til sine underleverandørar av transporttenestene. COOP har t.d. inngått ei landsomfattande avtale med ein underleverandørar som det blir stilt store spørsmål med. Selskapet er tidlegare bøtlagt for ulovleg transport.

Transportarbeidarforbundet har brukt store ressursar på denne saka over fleire år. For medlemmane i LO er det viktig at nasjonale styresmakter set verk tiltak for å stoppe sosial dumping. Dei raud-grøne partia ønskjer å endre lovverket slik at ein kan straffe dei som kjøper tenester frå selskap der sjåførane ikkje vert lønna etter norske tariffar. Anette Trettebergstuen (Ap) seier at useriøse selskap som kjøper desse tenestene må gjerast ansvarlege. Også statssekretær i Samferdsledepartementet Bård Hogsrud (Frp) vil sjå på problemet. I første omgang vil han klarlegge ansvarsforholda i bransjen.

På bakgrunn av utviklinga vi har sett siste månadane, er det viktig at Regjeringa tek tak i dei uverdige tilhøva vi ser i transportbransjen. Ei månadsløn på 5000 kroner utan rettar i trygdesystemet er sosial dumping av verste sort. Dette er tilhøve som det må ryddast opp i og som ikkje er den norske velferdsstaten verdig. LO forventar at Samferdsledepartementet som er styrt av lov og ordenspartiet Frp ryddar opp i dette snarast. Vi kan rett og slett ikkje leve med useriøse transportørar der rå utnytting av arbeidskraft og sosial dumping er ein del av kvardagen.

Nils P Støyva
Distriktssekretær i LO

Nei, til OL i Oslo!

Nyleg vart vi på Dagsrevyen orienterte om kor “billeg” eit OL i Oslo 2022 ville verte. Framstillinga frå Idrettforbundet var ei utruleg tunn suppe som eg håpar dei bevilgande styresmakter avviser.

Kostnadane til anlegg som samfunnet likevel måtte gjennomføre, som m.a. vegar, deltakarlandsby, mediasenter osv. skulle trekkast frå kostnadane som er sett til 33 milliardar – så langt. Då er det vel slik at når det gjeld milliardsløsing til leikeplass og moro for overklassen så tel ein ikkje pengar. Dette har vi sett m.a. når det var snakk om Operaen i Bjørvika, vi høyrer stadig om milliardkostnadar til ulike teater og “kulturbygg” i Oslo og andre stadar, og vi vert fortalde at dette må Norge berre sjå seg råd til elles vil utlandet sjå rart på oss. Truleg har dei sett rart på oss lenge.
Eliten vil sole seg i eigen glans og i glitter og stas for all verda. Då er det ikkje så nøye med om sjukehus, skular, kyrkjer og anna i samfunnet som sårt treng vedlikehald står falleferdig med sprukne murar og trekkfulle vegger og golv.
Tilbake til kostnadoverslaget med omsyn til denne overklassefesten som vert planlagd: Også med framstøyt til fordel for OL-saka sak vert utgådde idrettsprofilar sende rundt i moskeane i Oslo for å sanke støtte.
Deltakarlandsbyen skulle i etterkant verte studentbustadar, vart vi fortalde. Kvar skal studentane bu i åra fram til desse står ledige etter festen, om det er denne gruppa dei tenkjer på? Sanninga er vel heller at med den store innvandringa til landet som eliten planlegg i åra som kjem, så er det desse som skal nyte godt av OL-investeringane? Medialandsbyen skulle seinare nyttast til hovudkontor for NRK, som om ikkje dei skulle klare seg med det dei rår over i dag. Det er jammen delte meiningar om kvaliteten og saklegheita i mykje av det som kjem derfrå, einsidighet, politisk påverknad og manipulering vert ofte trekte fram som noko som kjenneteiknar den etaten og øvrige media. Nett det har vi nok av.
Som sanningsvitne for at Idrettsforbundet sitt reknestykk var rett hadde forbundet sine talmenn, Rognlien og Inge Andersen, fått med på laget ulike maktpersonar. Jan Bøhler støtta opp om kva som trongst på idrettsfronten etter 2022. No veit kanskje Bøhler at OL ikkje kan skaffe idrettshallar rundt i alle kommunar i landet, men for han er det vel Groruddalen som tel. Når det gjeld integrering så skal det nok ikkje stå på pengar, den leksa har vi fått lære gjennom åra! Ein annan ting er at vi har verdas finaste natur utanfor eiga stovedør til bruk for fritidsaktivitetar for idrettsglad ungdom! Heile framstillinga frå NIF var rett og slett lite tillitvekkande. For min eigen del, som før var litt positiv til OL-tanken, har eg mista all tru på denne gigantsløsinga, og er no motstandar av at OL skal til Oslo i 2022. Og det er slett ikkje Gerhard Heiberg si skuld at eg skiftar side, men den hysteriske og panikkarta oppvisninga frå Idrettsforbundet for å påverke oss.
Det er nok ikkje tanken at det norske skal profilerast under eit OL i Oslo, men “det nye Norge”. Eg trur at denne storsatsinga skal tene det “fargerike fellesskapet” og det som ligg i det: Nemleg den sanninga at vårt Norge er i ferd med å verte ukjenneleggjort og stadig meir overteke av framande!
Til å styrke dette prosjektet trengs eit OL same kva det koste vil, for nasjonen skal vekk, nasjonalstaten skal vekk og vi skal verte multietniske og multikulturelle. Og når eit samfunn vert fleirkulturellt så går landet sin eigen kultur tilgrunne – det eksotiske som skal visast fram er eit unorsk mangfald. Dette er nok søt musikk for Oslos ordførar og resten av ja-sida!
Det vert frå nokre hald hevda at det “rike” Norge skulle ha råd til å halde denne OL-festen for verda med alle våre oljepengar. Då vert det ikkje snakka om 4% regelen når det gjeld årleg uttak av oljeformuen. Til dette er å seie at vesle Norge har visst halde fest for verda gjennom dei siste generasjonane, både innanlands og rundt på kloden. Vi har vore “velsigna” med politikarar og andre sjølverklærte fredsenglar som har farta verda rundt og vifta med åpne sjekkhefter. Statsleiarar, også slike med frynsete rykter, har på rekke og rad kome på visitt til landet vårt, for så å reise tilbake til sine skakk-køyrde samfunn når magen var velfyldt og bagasjen likeså – av millionar. Visst har vi halde fest for verda, kjære nordmenn!

No vert vi fortalde av Inge Andersen at dette OL slett ikkje er for oss eldre, men for dei opp til 30 år. For det første: Eit slikt kostnadsluk til ein fest for eliten og dei opp til 30! Men dei unge likar jo å reise ut i verda på alle slags arrangement, då gjer det vel ingen ting om dei reiser verda rundt også i denne samanhengen?
Og så kan det jo vere greit å merke seg at Norges Idrettsforbund ikkje ønskjer oss over 30 på arenaene under den planlagde festen. Sjølv skal eg love å halde meg langt borte. Så synd for OL-komiteen at kronprinsparet også har runda 40, så er heller ikkje dei velkomne, anna enn som gallionsfigurar for å “kaste glans” over festen for eliten og andre som er gode nok – og unge nok. Slik sett vil kanskje arenaene verte fyllte under eit OL i Oslo slik som dei fyller idrettsarenaer i Nord-Korea. Då kan det vere greit for NIF å ha med på laget gamle AKP-arar.
Norge har halde fest for verda, heile verda kjem hit for å nyte godt av vår dumsnillheit. Så no kan andre land halde fest for oss gjennom mange gererasjonar frametter. Pengane kjem kanskje likevel herfrå. Og så ville dei truleg ønskje oss over 30 velkomne. Også vi er no litt flinke til å legge pengar att der vi ferdast!

Norvald Aasen,
Kvammen

Ingrid Heggø og svartmålingskosten – eit underhaldande syn

Gode Ingrid Heggø, eg viser til ”synderegisteret” ditt i Ytre Sogn fredag 11.juli. Det fyrste eg vil anbefale, er at du legg frå deg svartmålingskosten med ein gong, og at når du fyrst skal male, vel andre sanne fargar.

Det er eit faktum at Heggø før og under valkampen skreiv fleire innlegg med rein løgn for å skremme veljarane vekk frå den borgarlege sida. Det kan diskuterast om ho oppnådde noko særleg med det, med tanke på den fantastiske og historiske oppslutnaden dei borgarlege partia fekk. Det merkast òg i hennar eigen heimkommune, Høyanger, der Høgre vart nest største parti og gjekk fram nærmast sju prosentpoeng.

I staden for at Heggø kallar dette eit spel frå regjeringa si side, vil eg konstatere med ein gong at dette ikkje er spel, men politikk, og politikk handlar om prioriteringar og menneska i eit samfunn sitt beste, der ulike parti har sine syn på korleis det kan gjerast. Kanskje vil det slå hardast tilbake på Heggø om det er spel ho vil spele, og ikkje diskutere verkelege løysingar på verkelege utfordringar, for det er det regjeringa er godt i gong med.

Sjå for dykk ein ørken, utan væske og dynamikk. Det er ein illustrasjon av den raudgrøne regjeringa. Som i åtte år dreiv med rein idétorke, og det at ein ikkje hadde nye løysingar slik som dei borgarlege hadde under valkampen, er kanskje den største grunnen til at det raudgrøne regjeringsalternativet vart valet sin store tapar. Eg hadde også vore misunneleg på regjeringa hadde eg vore Heggø som må no sjå på at regjeringa får til noko og haustar skryt.

”Privatisering” er kanskje opposisjonen sitt favorittord. No skal me skremme veljarane, tenkjer dei. Den faktiske realiteten, er den at helsekøane var historisk lange under den raudgrøne regjeringa, medan det var ledig kapasitet hjå det private som det offentlege kunne betale for. Høgre ynskjer å korte ned på desse helsekøane, difor har Bent Høie no presentert det fyrste steget i ei omfattande helsereform. Det går ut på at pasientar innan rus og psykiatri skal sjølv få velje om dei vil behandlast av offentlege eller private. Rekninga skal dekkast av staten. For meg er det eit riktig steg i riktig retning, og eg er glad for at statsminister, Erna Solberg, har sett psykisk helse på dagsordenen.

Vidare er tida moden for ei kommunereform. Det er 50 år sidan kommunekartet har vorte endra på, og mykje har skjedd sidan den tid. Me treng at kommunar slår seg saman for å auke kompetansen og kvaliteten og få til ei effektivisering i dei offentlege tenestene og for å styrke lokaldemokratiet. Økonomi, velferd og demokrati er tre gode grunnar til kommunesamanslåing. Om me verkeleg vil at ungdomen skal flytte heimatt til trivselsfylket, må me ha klart ein attraktiv bu– og arbeidsmarknad, ikkje at me driv kvar vår vetle kommune der ein ikkje klarar å oppretthalde mange og gode nok tenester til innbyggjarane sine. Samarbeid er eit nøkkelord, og det at det skal gjerast av fri vilje skal vere det absolutt overordna.

Eg kunne ha drive på i heile sumar, hausten og vinteren med å rette opp i løgnene dine, Heggø. Men det har eg ikkje tid til, fordi eg skal drive med politikk og få Noreg på sitt beste. Så er det ikkje til å stikke under ein stol at synderegisteret til den raudgrøne regjeringa ville vore for langt til å passe inn i denne avisa, og heldigvis er det ikkje i mi interesse å lage synderegister til respektive parti, og det tykkjer eg Ingrid Heggø burde vere for god til å lage òg.

Lise-May Sæle

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Den velsigne drivhuseffekten.

Endeleg har vi fått drivhuseffekten til Vestlandet! Er det ikkje herleg? No merkar vi den globale oppvarminga etter mange dårlege somrar. Men det er berre så syrgjeleg at om nokre år skal det regne så forferdeleg mykje, dersom vi skal tru det vi får høyre dersom vi vitjar Norsk Bre Museum. Ei melding på BBC i år 2040 fortel at fjell og dalsider i Europa er ustabile på grunn av store nedbørsmengder. Det høyrest nifst ut, men er det realistisk? Gjev høgre temperaturar vesentleg større nedbørsmengder? Neppe.
Men det må ha vore kraftig drivhuseffekt tidlegare også utan enorme nedbørsmengder. For 9 600 år sidan smelta Folgefonna og Svartisen heilt bort. Først 2 000 år seinare forsvann Hardangerjøkulen og Jostedalsbreen. På den tida var det omlag 3 grader varmare enn i dag. Men det må også ha vore klimakaos på Svalbard lenge før den franske ministeren dukka opp. For 7 000-8 000 år sidan var mesteparten eller alle breane der oppe smelta bort. På den tid var temperaturen omlag 4 grader høgre enn i dag. Polhavet var truleg isfritt om sommaren på den tid.
For omlag 100 år sidan gjennomførte ein forskar frå Australia ein ekspedisjon og fann den magnetiske sydpol utan problem med isforholda. Sist sommar der nede, skulle ein russisk ekspedisjon med forskarar og journalistar gjennomføre den same turen med isbrytar og moderne utstyr. Men dei kom ikkje langt. Den 24. desember fraus dei inne i drivisen og måtte ha hjelp av ein kinesisk isbrytar som ikkje nådde fram og som også fraus fast. Folk måtte til slutt fraktast ut med helikopter. Altså er det meir is i dette havområdet enn det var for hundre år sidan. Dette stemmer dårleg med IPCC sine spådommar. Spørsmålet vert då: Kvifor verkar ikkje drivhuseffekten og den globale oppvarminga på den sørlege halvkule, der det no er rekordstor havis? IPCC sine klimamodellar har rekna ut at den globale oppvarminga skulle bli størst i polområda. Men i Antarktis vert det berre kaldare og kaldare. Kan det vere noko feil med desse klima-modellane eller er det noko som ikkje stemmer med teorien om drivhuseffekten og dei menneskeskapte klimaendringane?

Magne Dvergsdal.

Naustdal og Strutsesyndromet

Ein ting skal du no ha, du skjuler ikkje mangelen på forståing for argument og poeng Odd. Men eg vel å tolke innlegget ditt i Firda 08.07(som tilsvar til mitt) dertil at du gjerne framviser kva som gjekk gale i den kommunale handsaminga av Engebøprosjektet. Dersom du sit att med minnet om at eg sidan starten har argumentert mot saka, forstår eg litt meir av posisjonen din. Men er dette korrekt? Dagens situasjon, med den kunnskapen vi no sit med, ville derimot gjeve meg full tillit for eit slikt utgangspunkt. Saka har vist seg som ein tverrpolitisk verkebyll av dimensjonar. Det som no er det største problemet, er at regjeringa må handtere eit lokaldemokratisk fatta vedtak som i utgangspunktet burde vere nesten proforma opp gjennom systemet, men som viser seg totalt blotta for fornuft og reell politisk handsaming. Det er nok ikkje enkelt for dei.

Men kva var det eg argumenterte mot Odd? Kva er det eg har ”svartmåla”? Eg stemde imot planprogrammet i 2007, av den enkle grunn at eg fann grunnlaget for tynt og for smalt. For eksempel skulle ein berre utgreie sjødeponi, sjølv om ordføraren bedyra at andre løysingar kunne kome til, noko han har teke 100% avstand frå i ettertid. Samstundes meinte eg at det var galskap å setje bukken til å konsekvensutgreie havresekken. Sidan 2007 las eg meg opp på alt som kom frå Nordic Mining og NIVA, all anna relevant informasjon og kunnskap eg kunne kome over som omhandla gruvedrift og ikkje minst sjødeponi. Samt erfaringar frå eksisterande og tidlegare bruk av sjødeponi. Alt peika i same retning, sjødeponi var ei utdatert form for avfallshandtering.

Frå konsekvensutgreiinga kom på bordet i 2009, brukte eg tida mi på å gjennomgå denne, og setje problema opp imot løysingane, og alternativa. Det som slo meg var at der var ”ingen problem”. Alt som ikkje var bra kunne løysast enkelt, gjennom avbøtande tiltak. Kva er eit avbøtande tiltak Odd? Her skulle det dumpast 11tonn kjemikalieblanda støv og slam i minuttet, 24timar i døgnet, 365 dagar i året i 40-50år i ein nasjonal laksefjord med tilhøyrande nasjonale laksevassdrag, utan at dette var problematisk???

Eg har gjenteke SV sine krav i den lokalpolitiske handsaminga av prosjektet til det kjeisame. Men eg registrerar at du framleis vel å sjå vekk ifrå dei. Gjekk SV i Naustdal kategorisk imot gruvedrift på Engebø Odd? Har eg på noko tidspunkt argumentert imot gruvedrift som næring Odd? Kva er det du meiner eg har argumentert imot?

Det viktigaste eg les utav svarinnlegget ditt Odd, er at du peikar på det største, og antakeleg utløysande problemet i Naustdal si handsaming av saka. Problemet var ikkje at eg la vekt på dei positive sidene ved prosjektet, men at resten berre la vekt på dei problematiske sidene. Her er eit tankeeksperiment Odd: Dersom du avgjer ei sak utifrå dei positive sidene, korleis løyser du problema? Dersom du ikkje tek tak i det som ikkje er so bra, korleis gjer du noko betre?

Dersom eg og hadde avgjort min ståstad i saka utifrå kva positivt som kunne kome utifrå gruvedrift på Engebø, kven skulle då ha sett fokus på alt ved denne saka som er problematisk? Eller løyser alle slike problem seg av seg sjølv, berre vi let dei vere? Kanskje dei negative konsekvensane ikkje vert noko av, om vi berre vil det nok? Eg let dette tankeeksperimentet henge litt, so kan du kome attende med svar om du vil. Det kan vert interessant.

Framtidig eksport av elektrisk kraft til Europa.

Det var interessant å lese Karl Løken sine visjonar om framtidig eksport av straum til kontinentet i eit avisinnlegg i Firda Tidend måndag 07.072014. Her i landet trur vi at vi har verdas billegaste straum, men det kan vise seg å vere heilt feil. No er det slik at eg har bygd meg eit hus på Kreta der eg hadde planer om å bygge ut med solcellepanel på taket og kople meg på nettet og selje elektrisk straum. Kreta har meir enn 300 soldagar så alt ligg til rette for å produsere grøn energi og tene pengar på sikt. Dersom du ikkje kan produsere elektrisk kraft med solcellepanel på Kreta til fornuftig pris, så er det ingen grunn til å sjå lyst på framtida for grøn energi. Skuffelsen var stor då eg fekk vite at det var over-produksjon av elektrisk kraft på Kreta og at det ikkje lenger var lov å kople seg på nettet med kraft frå solcellepanel. Vidare var det 26% skatt på den produksjone som gjekk ut på nettet. Men ikkje nok med det, prisen til forbrukar var 2 cent pr kilowatttime d.v.s. omlag 16 øre. På Kreta er det ikkje nettleige. Her i Sogn og Fjordane er det også overproduksjon av straum, men vi må vel rekne med å betale kanskje 90 øre for straum inkludert nettleige. Altså må vi forbrukarar i trivselsfylket, som er storprodusentar av elektrisk kraft, betale 5-6 gonger meir for vår billege kraft enn det dei betaler på Kreta. Mesteparten av kraftproduksjonen på Kreta er nok basert på olje. Det er vel heller ikkje realistisk å konkurrere med kraft basert på billeg kol importert frå USA i eit land som Tyskland.
Det må vere på tide å diskutere korleis vi legg opp energiproduksjonen her til lands. For meg ser det ut til at dei store kraftprodusentane skvisar ut dei små ved å halde låg straumpris og så ta inntekta på nettleiga som dei har monopol på. Å bygge ut enormt dyre kraftlinjer ut av fylket og ut av landet og så late dei norske forbrukarane sitte igjen med rekninga, det er ein politikk som eg set liten pris på. Men dei norske forbrukarane har hatt lite dei skulle ha sagt i diskusjonen om framtidig energiproduksjon. Ein ting er heilt sikkert:Vår elektriske kraft er alt for dyr og skuldast dårleg energipolitikk!

Magne Dvergsdal.

Når skal vi våkne?

Det er midtsommer og en fantastisk tid for mennesker og dyr. Vi ser kyr og kalver som vasser i grønne beiter og sauer med lekende lam – et glansbilde av landbruket, slik vi ønsker det skal være for alle dyr.

Men dessverre er det en bakside som vi ikke ser. Dyrene som står inne, som lever en fabrikktilværelse og aldri kommer ut, og de som bare er ute en kort tid. Loven krever beiting i minimum 8 uker for storfe og i minimum 16 uker for småfe i sommerhalvåret, og for hest er det krav om daglig mosjon. Men hva med de andre dyrene? De har det samme behovet for å komme ut. Dette behovet er grunnleggende, det lar seg ikke avle bort, det er en livskvalitet som alt liv søker.

Dessverre har vi satt dyr inn i systemer der sol og frisk luft, naturlig lys og frihet ikke eksisterer for mange av dem. Markene er byttet bort mot betong, naturens lyder er erstattet med støykilden fra svære vifteanlegg, og det naturlige lyset er erstattet med skarpe lysrør som i mange fjøs står på døgnet rundt – i strid med loven.

Rammevilkårene i landbruket har gått hardt utover dyrene, de er blitt ledd i en industri som har som mål å presse mest mulig ut av dem på kortest mulig tid og med minst mulig kostnader og arbeidsinnsats. I denne industrien fødes, lever og dør de i millioner uten å se et glimt av sollys, annet enn den dagen de sendes til slakt. De forsvinner i våre systemer, vi ser dem ikke, merker dem bare som varer i kjøttdisken.

Også familiedyr fødes kun for å dekke menneskers behov. De oppdrettes og selges som varer, og man finner dem igjen i stort antall på nettsteder der de gis bort, særlig i forkant av ferier. Flokkdyr som fugler holdes adskilt fra sin flokk, kolonidyr som kaniner holdes ofte alene. Deres verden er et bur, tilpasset menneskers behov, ikke dyrenes.

Hvert dyr er et unikt vesen med komplekse følelser og behov, og med en iboende lengsel etter å være del av den naturen som de opprinnelig tilhørte. De hører sammen med gress og trær og under åpen himmel, ikke presset inn i båser, binger og bur. De hører sammen med sin art, og med sine barn. De er ikke til for oss.

Jenny Rolness
NOAH – for dyrs rettigheter

Kamp for norsk sjølvstyre

Vi feirar i år 200-årsjubileum for den norske grunnlova. Danmark- Noreg hadde hatt eit kongedøme der kongen var eineveldig sidan 1660. Omkring 1800 var demokratiet på frammarsj; Demokratiske grunnlover vart laga i fleire land; i Noreg altså i 1814. I Noreg skulle det norske folket styre.

Union med Sverige
Noreg vart ikkje ein fullt sjølvstendig stat i 1814. Vi måtte godta å gå inn i ein union der den svenske kongen også var norsk konge. Men Noreg hadde eiga grunnlov, eige folkevalt storting som laga lovene, eigen peng, og eige militærvesen. Unionen vart stabil med lite strid. Statthaldarstriden frå 1850 til 1873 var den einaste konflikten som gjekk på vilkår i unionen, men dette var ikkje ein stor konflikt. Kongen heldt seg i Stockholm, men hadde ein statthaldar i Oslo. I Noreg såg mange statthaldarstillinga som eit lydrikestempel. Stortinget vedtok i 1854 å oppheve statthaldarembetet. Men først i 1873 vart dette gjennomført.

1884; parlamentarismen innførd
Fleirtalet på Stortinget tvinga gjennom at kongen måtte skaffe seg ei regjering som hadde tillit hjå eit fleirtal i Stortinget. Denne striden vara frå 1870 til 1884. Den personlege kongemakta vart såleis kraftig redusert. Her såg vi ei tydeleg todelt haldning til unionen; høgresida slost for kongen si personlege makt, venstresida ville ha auka makt til det folkevalde Stortinget.

Flagg er viktige symbol
På 1840-talet kom det kongeleg resolusjon om korleis dei to flagga i Sverige og Noreg skulle vere. Begge skulle ha unionsmerke. Som ganske fort vart døypt sildesalaten. Høgresida var fornøgd med unionen og unionsmerke, men vestresida stilte krav om eit reint norsk flagg. Striden om korleis det norske flagget skulle formast tok til på 1860-talet. Etter som det vart vanleg med tog på 17. mai, vart det også ein konkurranse kva flagg som vart bore. Det første barnetoget kom i 1869, og striden om flagget slo inn også der. I 1881 vart statua av Henrik Wergeland på Eidsvoll plass avduka. 10 000 deltok. Oslo var rekna som dei konservative sin bastion, men no dominerte vestresida. Det var strid om kven som skulle vere talar ved avdukinga; Venstresida vann den striden, og Bjørnson tala. På festmøtet om kvelden brukte dei for første gang det reine norske flagg i arbeidarsamfunnet. Arbeidarrørsla var i vekst. I mange kommunar fekk partiet Venstre vedteke at kommunen skulle bruke det reine norske flagget. Oslo gjorde slikt vedtak i 1896. Og 17. mai 1897 bar alle 50 kommunale flaggstenger reine flagg. Men politimeistaren nekta å lyde vedtaket i kommunestyret i Oslo. Han sa at staten sin politikk var å bruke flagg med unionsmerke, og han var statstilsett og lydde staten. Men kommunen eigde bygningen der han hadde kontor, og fekk alle flaggstengene på taket av bygningen nedmonterte til 17. mai. Engasjementet i flaggsaka var altså stort. 17. mai vart ein kampdag, og fleire skipa til tog. I 1893 var det i Oslo 800 i borgartoget, 2500 i Venstre sitt tog og 2200 i sosialistane sitt tog. I 1895 vart borgartoget innstilt, og Venstre dominerte 17.-mai-feiringa ut 1890-åra. I siste fase av unionstida auka motstanden mot unionen og mot unionsmerket i flagget. Venstre fekk reint norsk flagg vedteke i Stortinget først i 1893 og så 1896. Begge gangane nekta Oscar II sanksjon. I 1898 gjekk flaggsaka igjennom ettersom kongen hadde brukt opp sine utsetjande veto.

Ut av unionen
Etter at den personlege kongemakta var nedklypt i 1884, var det lite anna att av unionen enn felles utanrikspolitikk. Dersom Noreg fekk eigen norsk utanriksminister, ville innhaldet i unionen nærme seg null. Etter valsigrar på 1890-talet køyrde Venstre fram kravet om eigen norsk utanriksminister. Dette førde til konfrontasjonar med Sverige, som vart løyst først med oppløysinga av unionen i 1905. Sverige pressa med trugsmål om krig, og krigsrisikoen var reell. Det kom godt med at den sterke og veksande svenske arbeidarrørsla støtta Noreg sin rett til å velje eige styre. Svenskane godtok at det norske folket skulle få avgjere skjebnen til unionen. Det vart folkerøysting i Noreg med emne; Skal unionen med Sverige halde fram? Heile det politiske spekteret i Noreg samla seg så om å gå ut av unionen. I heile Noreg var det 184 som røysta for å halde fram med unionen. Eg veit ikkje om Nord-Korea ein gong slær det resultatet. Stemningen var amper. Det går ein historie om at det i ein småby på Sørlandet budde ein med svensk bakgrunn. I byen var det 1 røyst for å halde fram med unionen. Det var hemmeleg val, men mistanken var sterk. I alle fall brende pøbelen ned bustaden hans.

Strid for nasjonalt sjølvstyre
Det er spanande å følgje striden for nasjonalt sjølvstyre gjennom dei 200 åra etter 1814. Eit mønster finn vi heile tida; Det er venstresida og bønder og fiskarar som har vore leiande i striden for norsk sjølvstyre. Vi ser det i flaggsaka i siste del av 1800-talet, i striden om oppløysinga av unionen i 1905 og i dei to folkerøystingane om norsk medlemskap i EF/ EU, i 1972 og 1994. Høgresida er positive til union, medan venstresida set norsk sjølvstyre i høgsetet. Med den sørgjeleg utviklinga mange titals millionar av innbyggjarane i EU no opplever, viser meiningsmålingane i Noreg at 70 prosent stabilt svarar at dei ønskjer å halde fram med ein norsk stat der vi styrer oss sjølve, utanfor EU.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar og medlem i Nei til EU

Fleire med hovudet i sanden.

Ole Erik Thingnes seier i Firda 4/7 at eg er ramma av “strutsesyndromet”. Eg vil hevde at syndromet rammar breiare. Naustdal SV argumenterte jo klart mot dette prosjektet i kommunestyret lenge før vi visste noko som helst om konsekvensane. Partiet tok standpunkt i denne saka før det var utført konsekvensutgreiing. Er ikkje det og å stikke hovudet i sanden? Er ikkje det å nekte å ta inn over seg kunnskap og fakta?

Det er reagerer mest på er retorikken og svartmalinga som motstandarane kjem med. Den er det ikkje faktagrunnlag for. Dei eventuelle negative konsekvensane blir sterkt overdrive, medan dei positive konsekvensane for kommunen og for regionen blir bagatelliserte. Vi må prøve å sjå heile bildet. Thingnes veljer, truleg heilt bevisst, å sjå heilt vekk frå at det ligg til grunn ei svært grundig konsekvensutgreiing som er utarbeida av eit anna renommert fagmiljø i Noreg, og som konkluderer med at dei negative konsekvensane mest sannsynleg blir små og mellombelse.

Sentralisering, avfolking og privatisering

Nei, det er ei kommunereform, skriv kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner i lesarinnlegg i avisene. Han skriv at å slå saman kommunar er ”en av de største velferdsreformene på 50 år”. Men er det slik?

Undersøkingar tyder på at innbyggjarar i små kommunar jamt over er meir fornøgde med dei kommunale velferdstenestene enn innbyggjarar i større kommunar. Korleis kan då innlemming av småkommunar i større kommunar vere ei velferdsreform?

Samanslåingsideologane i FrP og H, med støttepartia KrF og V på slep, hevdar at dette skuldast at små kommunar har høgare inntekter pr. innbyggjar enn større kommunar og at dei dermed kan tilby innbyggjarane betre tenester enn storkommunar. Ja visst er det heldigvis ofte slik, og det er for å kompensere for ulemper småkommunar har. Men korleis samanslåingspartia samtidig kan hevde at innbyggjarane i små kommunar dermed vil få det betre i større kommunar, viser berre at høgre-ideologien er viktigare enn fakta.

Sentralmakta vil ikkje ha ordførarar frå 200-300 små distriktskommunar som med tverrpolitisk mandat frå sine kommunestyre kjempar for dei såkalla utkantane. Sentralmakta vil ikkje ha bygdepolitikarar som sterkare identifisere seg med grendeskulane og eldretilbod i ”utkantane” enn politikarar som bur nærmare rådhuset i det nye kommunesenteret. Velferdstilboda vil sakte, men sikkert bli sentraliserte i eit større tempo enn om ein opprettheld kommunestrukturen som den er.

Avfolking blir det opplagte resultatet av denne sentraliseringa. Innbyggjarane vil ha kortast mogleg tilgang til velferdstenestene. Det er upraktisk å ha barnehageplass i ein tidlegare nabokommune når ein framleis, så lenge det varer, har arbeidet i sin tidlegare heimstadkommune. Det er ikkje klokt å sende 6-åringar endå fleire mil med buss. Og det er vondare å ende sine dagar på ein sjukeheim i ein tidlegare nabokommune fordi ein på denne sjukeheimen naturleg nok får mindre besøk av slektningar og heimebuande sambygdingar. Når velferdstenestene blir sentraliserte vil det sakte men sikkert skje ei sentralisering av innbyggjarane; dvs. avfolking av dei tapande bygdelaga.

Alt dette er logisk fordi høgrepolitikken med skattelette til dei rike som har meir enn nok frå før, krev at nokon betalar rekninga. Større kommunar vil bety lågare utgifter pr. innbyggjarar. Det er det som kapitalistane og deira lydige tenarar kallar stordriftsfordelar. Det er høgreideologi at samfunnet skal styrast på same måte. AP si sjukehusreform, at sjukehusa blei omgjorde til helseføretak og nedlegging av lokalsjukehus skaut fart, tyder på at AP vil det same som Høgre. Men berre i eit lågare tempo – litt meir umerkeleg slik at det ikkje skapar like sterke protestar.

Privatisering vil også bli resultatet av kommunesamanslåingane. Det skal skapast større einingar – større skular og større sjukeheimar. Desse er interessante investeringsobjekt for privatkapitalistar som tidlegare investerte i industribedrifter og transportføretak, men som no ser tap av marknadsdelar og profitt pga. internasjonale konkurrentar som skor seg på svelteløner og i beste fall sosial dumping.

Kommunesamanslåingane er ei oppfølging av regjeringsplattforma, Sundvollen-erklæringa, om å ”legge til rette for private og frivillige initiativ, og slippe flere til også innen velferdstjenestene”. Sagt med reine ord: Privatisering er at nokon skal tene pengar på å drive barnehagar, skular og eldreomsorg. Kven skal då betale for at andre skal hauste profitten?

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Haltbrekken truverdig? Kvifor ikkje?

Det er ganske imponerande korleis enkelte klarar å omgå realitetar når det gjeld eigne interesser. Haltbrekken truverdig? Havforskingsinstituttet fer med løgn, Klif handlar mot betdre viten, motstandarane svartmålar, miljøvernministeren er kriminell…..det er likso ikkje grenser for kva nokre får seg til å kome med når nokon talar dei imot.

Innlegget til Odd Frantzen i firda 01.07.2014 er kanskje litt av forklaringa på kva som gjekk gale under Naustdal kommune si handsaming av saka i 2011. Eg trur eg vel å kalle det “Strutsesyndromet”.

Kva er det som gjer deg so skråsikker på at fjorden ikkje kjem til å ta skade Frantzen? Og kvifor trur du næringar i Florø og omegn har kome med eit opprop der dei tydeleg går imot deponi? Næringar som årleg sysselset langt fleire personar enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar som omset for 10-15 gongar meir enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar basert meir eller mindre utelukkande på lokal arbeidskraft, og lokal leverandørar. Er desse på jordet også? Meiner du at politikarane i Naustdal kommune veit betre enn alle andre, forskarar og kunnskapsinstitusjonar inkludert? Naustdal kommune mot resten er kanskje ein god idè for nokre, men eg gjer dei dårlege odds.

Eg finn heile innlegget flaut, og ikkje politisk representativt(håpar eg!). Som tidlegare politikar i Naustdal kommune burde du vel kjenne saka betre enn du gjer uttrykk for her? Du var vel og ein av dei som stemde for reguleringsplan og utsleppsløyve 11.05.2011? Sjølv om verken straumforhalda var tilstrekkeleg utgreia, ferskvasskjelde konsekvensutgreidd, industriell prosess kjend(dvs at ingen veit kva kjemikaliebehovet vil verte ved drift), konsekvensar for sjøaure kjend, med innsigelse frå fiskeridirektoratet og ei røys til med kjende og ukjende faktorar. Korleis kan du då hevde at alle politikarar som har stemt for er sikre på at fjorden ikkje vert truga? Kva er din agenda Frantzen?

Eg burde kanskje ikkje svare på innlegg med direkte personretta kommentarar, slik eg gjer her. Men eg trur det er på tide å ta eit lite oppgjer med dette “strutsesyndromet”. Det er kanskje på tide å rette direkte spørsmål til slike som Frantzen, som talar andre personar og fagmiljø rett imot, som kjem med karakteristikkar eg ikkje finn relevante for kunnskap i saka. Som ikkje talar fjorden si sak, slik eg ser det. Det viktigaste for meg er at saka vert avgjord på korrekt grunnlag. Då må vi få slutt på avfeiing av fakta, og “nedsnakking” av fagmiljø. Natur, klima og miljø kan snakke for seg sjølv, men vi lyt tore å høyre etter. Kven kan mest om desse fagfelta Frantzen?