Viser arkivet for august, 2014

Innvandringspress på kommunane

Kommunane mottar stadig oppmoding frå Integrerings- og mangfolddirektoratet (IMDI) om å busetje fleire asylsøkjarar/flyktningar. I fjor var det 38 prosent av asylsøkjarane som fekk innvilga flyktningestatus. Resten av søkjarane som fekk opphaldsløyve fekk dette på såkalla ”subsidiær beskyttelse” , eller opphald på humanitært grunnlag. Innbyggjarane i kommunane vert såleis feilinformerte ved at desse innvandrarane vert omtala som flyktningar av media, Utlendingsdirektoratet (UDI) osv.

I dag ser vi at veksten i innvandrarbefolkninga, særleg av muslimar aukar, og ei destabilisering av vårt tradisjonelt fredelege samfunn er i emning, særleg i byane, utan at vi løyser nokon av problema i konfliktområda. I mange kommunar har spørsmålet om oppretting av asylmottak og mottak av innvandrarar gjennom asylinstituttet utløyst ein heftig debatt på nettet, særleg innan sosiale media. Alle meiningsmålingar syner at den førde innvandringspolitikken ikkje har støtte i det breie lag av folket. Kommunestyra fattar som oftast likevel vedtak om mottak på trass av at dei manglar støtte hos fleirtalet av kommunens innbyggjarar. I viktige saker som er av stor betyding for framtida hadde det vore naturleg å spurt innbyggjarane om råd gjennom ei folkeavrøysting etter den sveitsiske modellen. I følgje ein SSB- rapport i mars i år er kvar tredje mottakar av sosialhjelp i Norge ein innvandrar. Det er stor skilnad i prosentandelen i dei ulike kommunane.

Kommunane spelar ei nøkkelrolle i den nasjonale asyl/flyktningepolitikken. Ved at dei hadde sagt nei til IMDIs oppmoding om mottak og den økonomiske gulerota som følgjer med dei første åra, kunne dei avgrensa den lemfeldige innvandringspolitikken som er vedteken av rikspolitikarane.

Moskear

I mange kommunar der muslimane har danna sine eigne kollektive miljø, krev dei naturlegvis moskear. No også i Noregs nordlegaste by, Hammerfest. Og i Alta har moskeen der blitt for liten så ein større skal reisast.

I desse dagar der ekstreme muslimar har toppa nyheitsoppslaga i media, høver det med eit sitat av Sir Winston Churchill i boka ”The River War” frå 1899: _ ”Det eksisterer ingen sterkare, degenerert makt i verda. Så langt frå å vere døyande, er muhammedanismen ein militant religion som gjer alt for å verve tilhengjarar. Den har spreidd seg utover Sentral-Afrika, i det den vervar krigerske soldatar alle stadar der den trenger fram, og viss ikkje vår kristne del av verda var beskytta av sterke våpen og vitenskap, ville det moderne Europa kunne falle – på same måte som den romerske sivilisasjonen falt”. _ Denne åtvaringa frå Churchill er i dag meir aktuell enn nokon sinne ettersom muslimske enklavar også veks fram i dei fleste europeiske land. Undrast på kva Churchill hadde sagt i dag om han hadde levd og sett denne utviklinga i Europa og hans eige heimland som han åtvara mot? Vi burde hatt ein sterk mann av Churchills kaliber for å rydde opp i den spenninga som utbreiinga av islamismen i Europa skapar – på same måten som han sette knyteneven for utbreiinga av nazismen. Utbreiinga av islamismen i Europa vil vere det tyngste ettermælet dei ansvarlege politikarane vil måtte ta på sine skuldrer i framtida.

Magnar A. Bakke
Stårheim

Dette åtvara KrF mot

Alle politiske parti var samde om at staten ikkje skulle kreve 25% skatt på frivillig arbeid. Dvs. at ein skulle ha ei ordning som gjorde at frivillige lag og organisasjonar slapp å betale meirverdiavgift (MVA / moms).
KrF har heile tida meint at det skulle gjerast gjennom overslagsløyvingar, slik at laga fekk att momsen uansett kor mykje som var sett av i stortinget sitt budsjett til ordninga. Men nei; Ap, SV og Sp ville ha ei ordning der det var sett av ein fast sum. Dvs at i år der mange investeringar er gitt tilskot og gjennomført, så blir det avkorting på kva dei får igjen på momsen.
Alle må skjøne at dette er ei svært dårleg løysing for frivillig arbeid. Eg vil tru overande regjering ikkje har prestisje i saka, og at dei derfor vil løyse utfordringa for inneverande år, og utbetre ordninga for komande år.
Samfunnet har stor glede og nytte av alt frivillig arbeid!! Langt meir enn 25% mva!

Hvem er dette?

For noen dager fikk jeg tilsendt noen bøker fra Straumsvågs Antikvariat i Fjaler, blant disse antologien Tenk Selv! Religionskritikk og humanisme fra Kon fu-tse til Carl Sagan, red. Vemund Blomkvist. (Humanist forlag 1985).

Inne i boken lå bildet som jeg har gjengitt her.

Bjørnstjerne Bjørnson utga i 1884 det religionskritiske tidsskriftet Tænk Selv!, som var en oversettelse fra et skrift av Robert Ingersoll (som også er med i denne antologien). Bjørnson var bl.a. medlem av det britiske fritenkerforbund.

Som sagt, er det noen som drar kjensel på gutten på bildet??

Mot en ny høstjakt

Det går mot hjortejakt, og med en tidlig jaktstart som hvert år legger opp til store dyretragedier.

Jaktstart 1. september skulle i utgangspunktet vært forhindret, med begrunnelse i dyrevelferdslovens forbud mot å hensette dyr i hjelpeløs stilling. At det ble vedtatt viser hvor lite dyrevelferdslovens minimumskrav for beskyttelse av dyr gjelder i praksis.

Det er godt kjent i forvaltningen at en del hjortekoller føder seint på sommeren, og at kalvene etter disse kollene kan ligge i skjul mens mora beiter. Jaktstart på et tidspunkt da en ukjent andel kalver ennå ikke er i følge med mødrene er galskap. Det er sterkt kritikkverdig at dette gikk gjennom, uten protester fra de myndigheter som forvalter dyrevelferdsloven og burde talt dyrenes sak.

En kan bare appellere til jegerne om å ha de seinfødte kalvene sterkt i fokus, og avstå fra å skyte tilsynelatende enslige koller som kan ha kalvene liggende i skjul. Kalver som blir etterlatte hjelpeløse vil få en grusom død, enten de sulter og tørster i hjel eller blir spist av rovdyr. Også kalver som er født på normal tid av året trenger mora si, og vil få det svært hardt hvis de må gå vinteren i møte alene.

Myndighetene tar ikke ansvar for den økte risikoen for lidelser som tidlig jaktstart medfører, men en kan bare håpe at jegerne selv gjør det. Innlevelse og medfølelse med dyrene og deres smerter og lidelser bør være det viktigste fokus i vårt forhold til dyr. Slik er det dessverre ennå ikke.

Jenny Rolness
NOAH – for dyrs rettigheter

Arbeidstid for lærarar - Fagforeiningane og demokratiet

Demokratiet føreset organisering. Med industrisamfunnet vaks mengda av lønsarbeidarar. I siste halvdel av 1800-talet bygde arbeidarar fagorganisasjonar for å kunne stå disiplinert samla og dermed utvikle makt til å kjempe for løns- og arbeidsvilkår. Både dei som selde arbeidskraft og dei som kjøpte rbeidskraft, organiserte seg. Og med kvart vart det framforhandla tariffavtalar. Eit kjernepunkt var at avtalane skulle omfatte alle som var organiserte. Arbeidarane måtte stå samla under ei leiing, og unngå all oppsplitting. I Noreg er 1907 eit merkeår, for då inngjekk Jern og Metall og NAF den første landsomfattande tariffavtalen. Vil KS attende til tida før 1907?

Skuleverket no
Partar i arbeidsmarknaden kan i vår tid inngå mange slags lokale avtalar, men i botnen ligg alltid dei landsomfattande avtalane. Under denne ordninga har skular kunna drive mange slag utviklingsarbeid, der partane finn fram til semje om opplegg. Men skulen kan ikkje tvinge gjennom endringar som bryt med dei sentrale avtalane, og som fagforeiningane ikkje vil ha. Fagorganisasjonane har vetorett.

Alle oppgaver løst
Forhandlingsleiar for KS, Per Kristian Sundnes, seier til bladet Utdanning i nummeret for desember 2013: ”Vårt poeng er at vi ikke bør ha en arbeidstidsavtale som står i veien for å finne den beste disponeringen av arbeidstiden, slik at alle oppgavene kan bli løst til beste for elever, lærere og skoleledelse.” Så flott! Dersom KS kan få bort den noverande arbeidstidsavtalen, så KAN ALLE OPPGAVER BLI LØST! Dette er arroganse på topp! Sundnes hevda at det vil gje betre tilrettelegging for både lærarar og elevar med muligheit for lokale tilpasningar. Å hevda at å ta frå lærarorganisasjonane vetoretten vil gje betre tilrettelegging også for lærarar, er ganske arrogant. Lærarane veit altså ikkje sitt eige beste ein gong; Men det veit Sundnes!

Danmark som bakgrunn
Folketinget vedtok 13. juni 2013 ei lov som tok frå lærarane deira arbeidsavtale. Lova påla lærarane i snitt 3 fleire undervisningstimar kvar veke. Tida til førebuing av undervisninga og til etterarbeid vart tilsvarande redusert. Organisasjonane til lærarane i Danmark vart med denne lova sette sjakk matt. I haust møter mange lærarar i Danmark stemplingsur på skulen. Rektor har full kontroll med arbeidstida; Det vil seie å leggje på lærarane meir arbeid. Då leiinga av lærarorganisasjonane i Noreg såg kva som hende i Danmark, trudde dei kanskje at noko liknande kunne KS få til i Noreg. Dei fekk skjelven og gjekk i forhandlingar med på arbeidstidsordningar dei var i mot, for resultatet av konflikt kunne bli endå verre.

KS har forrekna seg
KS kan ha teke utviklinga i Danmark som ein inspirasjon til korleis KS kunne køyre over lærarane i Noreg. Å splitte arbeidarar er ofte ein draum for motparten. For det er sjølvsagt for alle at når arbeidarane står samla, er dei sterke. Så prøv å splitte dei opp. Lat dei til dømes inngå mange lokale avtalar som fagorganisasjonen ikkje vil ha. Og lat rektor ha siste ordet. Men i uravrøystinga i Utdanningsforbundet røysta 73 prosent nei til den framforhandla avtalen. Kampviljen var mykje større enn til og med leiinga i Utdanningsforbundet hadde førestilt seg. Lærarane vil gjere ein god jobb for elevane, og då må dei få tid til det. Det ser ut til at KS har forrekna seg. Trass i at mange foreldre og andre får ein vanskelegare kvardag så lenge streiken varer, så har lærarstreiken stor støtte. Dei fleste ser at kampen står om kvaliteten i skulen. Og lik og god kvalitet i skulen for alle, både fattig og rik, er ein verdi ein svært stor del av folket i Noreg deler.

Fagforeiningane og demokratiet
Overkøyring av fagforeiningane har vore lite i fokus så langt. Men dette er eit hovudpoeng. Danske lærarorganisasjonar vart overkøyrde. Rektor har fått full styring med arbeidstida. Danske lærarar ber om at lærarane i Noreg må stå på. At lærarane i Noreg slær angrepa på arbeidsvilkåra attende, er eit utfall som vil styrkje andre fagorganisasjonar, både i Danmark og langt vidare. I mange land vert fagforeiningane og rettar og makt dei har tilkjempa seg, angripne. Dette undergrev arbeidsfolk sin viktigaste styrke i demokratiet. Dei norske lærarane har reist kampen for kvalitet i skulen. All forsking syner at kvaliteten på lærarane er kjernepunktet for kvaliteten i skulen. Denne forståinga gjeld også for alle andre yrke; Kvalitet krev dugande fagfolk, som også får tid til å gjere sitt beste på jobben.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Utakk er løna frå KS

KS arbeider sjølvsagt for ein skule med best mogeleg kvalitet. Men kva kvalitet er dei i argumenta deira, og dermed i heile tenkinga deira om kva som legg best til rette for ein god skule? Slik det er no utfører lærarar årsverket på 38 veker med eit snitt på 43,2 timar, pluss ei planleggingsveke. Vi passar på at alle slags oppgåver vert utførde når dei kjem, og gjennom skuleåret kjem der mange storrykk for at arbeidet skal gli godt både for elev og lærar.

Hald læraren på skulen
No har KS funne ut at dette fungerer dårleg. Men dersom læraren kan verte pålagde å vere på skulen 7,5 timar alle dagar, og dersom rektor kan bestemme over arbeidstida til lærarane, så skal alt gå så mye bedre. Sjølvopplevd; Mine to norskklassar på 27 elevar har hatt heildagsprøve i norsk. Eg får inn 54 stilar å rette og kommentere. Kvar stil krev 20 min, altså 18 timar til saman. I min lærarkultur har eg valt å arbeide seine kveldar, til dels neter, og i helgar for at elevane skal få raskast mogeleg tilbakemelding. Eg misunner ikkje den rektor som skal planleggje bruk av arbeidstida for norsklæraren så 18 timar retting skal gå unna, i tillegg til at alt det andre skal fungere heile tida.

Mykje bunden tid gjev gode resultat
Berre det var slik at rektorar hadde makt til å køyre over fagforeiningane og til å kunne påleggje lærarar å vere 7,5 timar på skulen kvar dag. Ja, DÅ ville det iallfall gå meget bedre!! Aftenposten har funne at i to tredjedelar av medlemslanda i EU har ikkje lærarane bunden arbeidstid ut over undervisningstimane. Resten av tida kan dei disponere sjølv. I Sverige og England er lærarane på vidaregåande skular forplikta til å vere 31 og 32 timar på skulen, om lag som norske kollegaer. Noreg ligg alt no i toppen for bunden tid på skulen. Finland har i årevis kome godt ut i måling av skuleprestasjonar land oppnår. Finske lærarar har om lag like mange skuledagar i året som Noreg. Lærarane har litt færre undervisningstimar kvar veke enn i Noreg. Men den store skilnaden er kor mange timar lærarane er pålagde å vere på skulen ut over undervisningstimane; I Finland frå 80 til 114 timar; I Noreg frå 508 til 683 timar, i begge land alt etter skuletrinn. Finske lærarar har altså ei heilt anna tillit frå arbeidsgjevar om at dei gjer årsverket sitt til beste for elevane si læring utan skjemavelde og kontroll. Og dei får gode resultat. Men så er det vel mange ”drømmelærere” i Finland, då..

Tid til samarbeid
KS argumenterer med at rektor må kunne styre tidsbruken til lærarane i større grad, for elles er det SÅ VANSKELEG å få samla lærarar til samarbeid. På dei skulane der eg har arbeidd, opplevde eg aldri at det var noko problem å finne tid til naudsynt samarbeid. Ansvarleg for innkalling og leiing av møte fann alltid tid. Innkalling kom i høveleg tid før. Er det ikkje slik på alle skular? KS påstår at det er vanskeleg å finne tid til samarbeid skulen treng. Her får KS dokumentere kva omfang dette problemet måtte ha. Eg vil tippe dei finn lite. Også i skulesamfunn er der sjukdom, dødsfall eller andre krisesituasjonar. Igjen er det mi røynsle at når inspektør må jakte på raske kriseløysingar, så stiller folk opp så langt dei kan. Igjen vil eg ha dokumentasjon frå KS; Stiller ikkje kollegaer opp i krisesituasjonar i skular de har ansvar for?

Kastrer fagforeiningane
Forhandlingsleiar for KS, Per Kristian Sundnes, svarar slik om arbeidstid i desember 2013 i bladet Utdanning: ”Vårt poeng er at vi ikke bør ha en arbeidstidsavtale som står i veien for å finne den beste disponeringen av arbeidstiden, slik at alle oppgavene kan bli løst til beste for elever, lærere og skoleledelse.” Så flott! Dersom KS kan få bort arbeidstidsavtalen, og dermed fagforeiningane sin rett til å seie nei til urimelege arbeidstidsordningar kan fjernast, så KAN ALLE OPPGAVER BLI LØST! Enkel og effektiv løysing av ein stor tenkjar, som sikkert gjer ein god jobb bakom skrivebordet sitt. Ein lærarstand med ein kultur for å stille opp når det trengst, vert no framstilt av KS som at standen, med sine fagforeiningar, må få redusert sine rettar for at skulen skal kunne styrast skikkeleg. Då kan nemleg rektor overkøyre fagforeiningane, og alle oppgåver kan bli løyste. Kanskje Sundnes skulle få prøve seg i ein 100 prosent lærarjobb eit par månaders tid. Eg vil tru dei fleste rektorar har skulefagleg bakgrunn og har den gode lærarkulturen under skinnet. Eg vil tilrå at Sundnes vert underlagd eit råskinn av ein rektor, som deler Sundnes sitt syn på fagforeiningane sin destruktive verknad på skulen.

Utakk frå KS
KS nemner ikkje med eitt ord at det kan vere grunn til å takke lærarstanden for å praktisere ein kultur der det som er best for eleven og eleven si læring har høgste prioritet. Og det er vel å vente for mykje at KS innser at lærarane sine mange solide overtidsøkter gjennom året er heilt naudsynte for å kunne ha ein god skule med eleven i sentrum. Tillit er grunnleggjande for å skape ein samarbeidskultur. KS har gjennom krav i forhandlingane tydeleg synt at dei ikkje har tillit til lærarstanden og deira fagforeiningar. Og det er like tydeleg at KS gjennom oppgjeret så langt har spelt frå seg mykje av den heller beskjedne tilliten lærarane måtte ha hatt til KS.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

NO KAN POLITIKARANE FÅ DET SOM DEI VIL - PÅ BRULANDSVELLENE

No har fleirtalet av politikarane truleg fått akkurat det svaret dei har ønska seg. Asplan Viak har gjort ein «god jobb» og har svart på dei spørsmåla dei har stilt. Det heile handlar om dei store stakkars kjedane sin økonomi, og det at butikkane eventuelt kjem hit, kan kallast «utvikling».
Men kva for spørsmål har politikarane ikkje stilt? Kva med t.d. å få vurdert miljø, kultur, arkitektur, gåavstand og trivsel i Førde ?
Kanskje ein og kunne kjenne på kva innbyggarane meiner? Men tida går, og har gått, sidan ideen om eit slikt stort senter blei presentert for 1. gong. Det løner seg for politikarene å la tida gå og med jamne mellomrom fylle avisene med stoff om det fantastiske som kan skje slik at folk til slutt gjev opp og reknar med det blir slik politikarane vil, uansett. Kanskje ein har gløymt at innbyggarane i Førde er dei ein skal representere i kommunestyret?
I ei førebels konsekvensanalyse av Coop sine planar konkluderte Hanne Toftdahl i Vista Analyse i mai med at ein ikkje måtte plassere noko på Brulandsvellene som kan konkurrere direkte med sentrum. Nøkkelen ligg i kva kommunen ønskjer og gir løyve til. Kommunen kan differensiere kva vareslag som skal kunne seljast utanfor sentrum. Det er fullt mogleg å styre butikkutvalet med krav til bransjekodar (Nace-kodar). Men det ønskjer ein ikkje. Det ein i realiteten legg til rette for, er eit stort butikksenter i full konkurranse med dei viktigaste butikkane i sentrum.

Asplan Viak orienterer om at tomteprisene i sentrum er dobbelt så dyre som på Brulandsvellene. Konklusjonen blir då klar: Dei dyre tomtene i sentrum må dei små lokale butikkane m.a. ta seg av. Dei har tydeleg meir å rutte med enn dei store kjedane ?? Dei ser at handelsparken vil trekke noko handel ut av sentrum. «Men sentrum kan alternativt styrkast ved at attraktive og dyre tomter i sentrum vert bygt ut med tradisjonelle kjøpesenter, nisjebutikkar, offentlege arbeidsplasser, restaurantar, kulturtilbod og eit stort tal bustader.»
Men samtidig seier Asplan Viak: «For å få høg utnytting og meir variert bygningsmasse forslår selskapet at det vert etablert eit stort samanhengane taklandskap med 250 bustader på taket til den austre bygningsmassen.»

Kva meiner konsulentfirmaet eigentleg – vil dei ha bustader både her og der?
Bustader høyrer jo ikkje heime midt inne i eit industriområde sjølv om industribygga folk skal bu på toppen av, i dette tilfellet vil innehalde butikkar. Og kven skal bu der? Er det folk med dårleg økonomi, til dømes unge barnefamiliar, ein ønskjer inn her? Kva slags bumiljø ønskjer ein at den oppveksande generasjonen skal få i Førde?

Nei til fjorddrap!

Raudt Sogn og Fjordane har meir enn ein gong teke til orde mot bruk av Førdefjorden til deponi for dei enorme overskotsmassane frå ei eventuell gruvedrift i Vevring. Landsmøtet vårt gjekk inn for forbod mot sjødeponi.

FrP-/Høgre-regjeringa er som forventa ikkje stort meir oppteken av miljø enn den raudgrøne regjeringa. Det ligg vel i korta at denne regjeringa er meir interessert i økonomisk vekst, dvs. profitt, enn naturlandskap og reine fjordar.

Det er underleg at Noreg, også under den raudgrøne regjeringa, stiller seg på linje med dei få landa i verda som framleis tillet sine kapitalinteresser å dumpe gruveavfall i sjøen. Det er no blitt kjent at i Papua New Guinea føreligg lovforslag mot slik deponering. Kvifor skal ikkje vårt land snart vedta ei liknande lov? På dette området er det Noreg som framstår som eit ”u-land”.
.
Havforskingsinstituttet har på ny åtvara mot konsekvensane og skriv til Miljødirektoratet at det er snakk om ”store planlagte utslipp med udiskutable negative påvirkninger på miljøet og ressursene i fjorden. Planene er ikke bærekraftige. -

Miljødirektotatet må ta denne tydelege åtvaringa alvorleg, praktisere føre var-prinsippet og la all tvil kome naturen til gode. Dei som skal ta avgjerder i denne saka må vite at eit ja til fjorddeponi vil vere eit irreversibelt (uoppretteleg) inngrep i livet i fjorden, fjordbotnen og fjordlandskapet. Dette er så alvorleg at det spørs om ikkje overgrep er eit meir dekkande ord enn inngrep.

Raudt-laga i Sunnjord
v/ André Haave, Stavang

Sommartur til Stardalen

Som tidlegare har Førde Røde Kors Besøksteneste også i år arrangert busstur og spandert middag på brukarar av Helsetunet.
Turen vart avvikla i samarbeid med leiar og personalet på Helsetunet og vart gjennomført 14.august.

Firda Billag stilte i år med buss som hadde heis, slik at vi kunne få med personar som må bruke rullestol og slike som har problem med å gå trappa i bussen. Dette var svært hyggleg og resulterte i at vi reiste med full buss, 48 personar til saman, inkl. Besøkstenesta. Besøkstenesta stilte med 11 personar slik at vi kunne yte god hjelp. Det var faktisk fleire og som melde seg om det var behov, så vi er ein godt aktiv gjeng. I år hadde vi og sørga for at det vart hengt opp 13 plakatar rundt på Helsetunet og pensjonistheimen og det var påmelding til turen.

Bussen starta frå Helsetunet kl.11 og gjekk til Stardalen Bygdetun. Botolv Tennefoss var guide og fortalte om det vi såg heile vegen gjennom Førde og Jølster.

Vi var framme i god tid til å få alle inn til borda før middagen kl.12.30.
Middagen var velsmakande skinkestek med grønsaker, saus og poteter og til dessert trollkrem m/vaniljesaus og kaffi. Alt fall i smak.
Etter middagen kunne vi sitte ute og nyte finværet ei stund før vi starta på heimvegen. Vi var attende til Førde og Helsetunet ca. 15.30.

Vi fekk gode tilbakemeldingar på middagen og turen.

Vi takkar alle som stilte opp og gjorde dette til ei minnerik oppleving for både frivillige og brukarar av Helsetunet. Takk også til Firda Billag sin sjåfør for trygg transport.

Førde Røde Kors Besøksteneste

Kvinnekampen må styrkast!

Raudt meiner mykje tyder på at kvinnepolitikken vil få eit tilbakeslag med FrP-/Høgre-regjeringa. Kutt i fedrekvoten og mogleg oppheving av sexkjøp-lova tyder på det. Desse og andre kvinnefiendtlege tiltak må møtast med offensive krav – ikkje krav som er avgrensa til status quo. Kvinnene var nemleg ikkje frigjorde og likestilte under AP-SP-SV-regjeringa heller.

Kvinneløna må hevast til menn sitt nivå. Det er ikkje akseptabelt at kvinner tener berre 87 % av kva menn tener. Forskjellen er nesten 70.000 kr i året, hevda Statistisk Sentralbyrå i 2012.

Kjønnsdiskriminerande pensjonsordningar må leggjast om fordi det ikkje er akseptabelt at menn får utbetalt 35 % meir i samla pensjon frå folketrygd og arbeidsgjevar enn kvinner. At 88 % av minstepensjonistane er kvinner, kan ikkje lenger godtakast. Ein einsleg minstepensjonist får vel 14.000 kr brutto i månaden; dei aller fleste av desse er kvinner.

Likelønskommisjonen føreslo i 2008 at staten skulle setje av 3 milliardar til ein likelønspott for å heve kvinnedominerte grupper i offentleg sektor. Korkje regjering eller LO gjekk inn for dette, men kravet må haldast oppe og styrkast.

Kvar fjerde helsefagarbeidar og kvar sjette sjukepleiar arbeider deltid mot sin vilje. Når ein tek med deltidsarbeidande kvinner i alle yrke, er det nesten 25 prosent som seier at det ikkje er frivillig. Retten til heiltid må lovfestast!

Kvar dag må 7 kvinner søkje tilflukt på krisesenter for å berge liv og helse. Kvar dag blir 200-400 kvinner utsette for vald, og frå 1992 til 2012 har over 50.000 kvinner og nesten 40.000 born overnatta 2 millionar døger på krisesentra. Løyvingane til krisesentra må opp på eit nivå som sikrar nødvendige utvidingar.

Desse og andre misforhold er nedarva frå fleire regjeringar med varierande partikonstellasjonar (dei fleste likevel med AP åleine eller som no sist: dominerande parti). FrP/Høgre-regjeringa vil gjere det som er skeivt endå skeivare. Raudt meiner at det trengst kamp nedafrå for å få til radikale endringar. Den enorme oppslutninga mot innføringa av reservasjonsretten lovar godt. Kvinnekrava må reisast i 8. mars-tog og fagforeiningar. Radikale lokalpolitikarar må ta opp kvinnekrava i kommunale og fylkeskommunale organ.

Mellom 1960 og 1980 gjekk nesten ein halv million kvinner ut i arbeidslivet. Desse kvinnene såg at dei kunne gjere jobben like godt som menn, men dei merka også at arbeidet med heim og barn ikkje blei gjort av andre. Kvinnene kom i ei kraftig klemme. Når både kvinner og menn skulle ha lønna arbeid og leve sine kvardagsliv, delta i politikk og fritidsaktivitetar og samtidig ta vare på borna sine, måtte arbeidstida bli kortare. Dette var det samfunnsmessige grunnlaget for den store oppslutninga om 6-timarsdagen på 80-talet. I 1984 hadde fagforbund som representerte 40 % av LO-medlemane og om lag 70 % av kvinnene i LO slutta seg til kravet. Til og med Høgrekvinnene hadde vedtak om 6-timarsdagen!

I dag prøver FrP-/Høgre-regjeringa å gjere det motsette. Normalarbeidsdagen er truga av framveksten av nye arbeidstidsordningar med lengre arbeidsdagar og tilsvarande fleire/lengre friperiodar. Det høyrest forlokkande ut for mange, men er ei farleg utvikling.

Raudt vil ikkje berre kjempe mot utholing av 8-timarsdagen, men gjenreise kampen for 6-timarsdagen. Denne vil bety at mange fleire kvinner kan jobbe fulltid og få full løn. Den vil bety at dei som arbeider deltid vil gå opp i løn. 6-timarsdagen er det tiltaket som vil gje størst effekt på fjerning av inntektsforskjellen mellom kvinner og menn. Raudt vil kjempe for 6-timarsdagen fordi den også legg grunnlaget for ei likare fordeling av makt både i samfunnet og i familien (inkludert likare fordeling av både barneomsorg og husarbeid). Og då er det ikkje berre snakk om likestilling, men reell kvinnefrigjering!

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal

Raudt Førde
Nina Osnes

Lærarane og arbeidstidsavtale

På eit skuleår skal lærarane arbeide 1687,5 timar. Det er eit vanleg årsverk. Desse timane skal i skulen utførast på 38 veker med elevar og ei planleggingsveke utan elevar; altså i snitt 43,2 timar kvar veke. Streiken no gjeld ikkje pengar. KS vil endre arbeidstidsavtalen. Og vil endre den så drastisk at 73 prosent av lærarane sa nei til endringa som vart utsend til uravrøysting.

Frustrasjon over år
I mange år har arbeidsmengda i eit lærarårsverk vakse etter som nye oppgåver er lagt til årsverket, utan at tilsvarande arbeidsmengd er teken bort. Særleg er det aukande papirarbeid som irriterer. Mange yrke opplever den same utviklinga. Kva som skal gjerast, vert uttrykt i lister med mål ein skal oppnå. Leiarane må kontrollere at måla vert oppfylte, og vi får ei papirmølle med skjema som skal utfyllast, møte som skal haldast, rapportar som skal skrivast, folk som skal lese rapportane og oppsummeringane. Papira skal sjølvsagt ikkje hamne i skrivebordsskuffa, men gjer vel ofte nett det. Men nye rundar kjem likevel. Her vert det kasta bort mykje tid både for tilsette og leiarar. Kritikken mot galskapen har vakse seg sterk, men KS ligg visst litt på etterskot. Alt dette bortkasta arbeidet tek tid frå årsramma.

Eleven i fokus
I lærarane sin tradisjon er det viktigaste arbeidet retta mot eleven. God undervisning krev solid førebuing. Då må årsverket styrast slik at der er nok tid til førebuing. Kva skal læraren gjere når ein vert pålagd så mykje papirarbeid at der ikkje er nok tid att til å kunne arbeide så godt som ein ønskjer med førebuing og anna arbeid retta mot eleven? Eg går ut frå at KS ser det som eit sjølvsagt prinsipp at dei er pliktige til å betale for alt arbeidet dei pålegg sine tilsette lærarar. Og at dei er einige om at lærarane ikkje skal arbeide fleire timar enn dei får betalt for. Eg mistenkjer KS, i den grad dei har oversikt og forstår arbeidssituasjonen i skulen, for å spekulere i at lærarane ”løyser” floken ved å gjere gratisarbeid av omsyn til elevane.

Krev fleksibilitet
Som mange andre yrke krev læraryrket ujamn innsats gjennom året. Det krev fleksibilitet; ein må variere arbeidsmengda frå veke til veke, ja også frå dag til dag. Elles ville ikkje arbeidet på skulen gli godt. KS vil ha meir styring med når lærarane gjer arbeidsoppgåvene sine. Eit døme; Eg har vore norsklærar. Ved heildagsprøve i norsk var det vanleg å få stilbunke frå to klassar; lat oss seie med 27 elevar i kvar, altså 54 samla. Det tek i snitt 20 minutt å rette og kommentere ein stil. Desse to stilbunkane tek altså 18 timar. Sjølvsagt går skulen sin gang heile tida. At eleven får snarleg reaksjon på arbeidet sitt, gjev betre læring enn sein. På dei fire skulane eg har arbeidd, var lærarkulturen den same: full innsats for eleven sitt beste. Altså sat eg, som mine kollegaer, seine kveldar og ganske vanleg også helgar for å bli fort ferdig med mine 18 timar intens retting. Dersom KS vil detaljstyre læraren sin tidsbruk, så kanskje dei skader denne lærarkulturen.

Arroganse i særklasse
Per Kristian Sundnes, forhandlingsleiar i KS, svarar slik på spørsmål frå bladet Utdanning desember 2013: Spørsmål: Ett av kravene er å gi lærerne mindre tid til selvstendig arbeid. Hva er bakgrunnen for det, når lærerne sier de allerede har for knapp tid til å utføre de lovpålagte oppgavene? Sundnes svarar: Vårt poeng er at vi ikke bør ha en arbeidstidsavtale som står i veien for å finne den beste disponeringen av arbeidstiden, slik at alle oppgavene kan bli løst til beste for elever, lærere og skoleledelse. Så flott! Dersom KS kan få bort arbeidstidsavtalen, i alle fall slik den er samansett for tida, så KAN ALLE OPPGAVER BLI LØST! Dette er arroganse på høgt nivå! Klassekampen skriv 18. nov. 2013; ”KS-direktør Per Kristian Sundnes vil ha slutt på at lærerorganisasjonene har vetorett mot lokale arbeidsavtaler. Målet er å gi skolelederne økt handlingsrom”. Sundnes og KS er altså tydelege på at for å drive skulen slik dei vil, så må fagforeiningane svekkast. Har dei ikkje fått med seg at det innan arbeidslivsforskinga er stor semje om at tillit og samarbeid mellom fagforeining og bedrift gjev det beste resultatet.

Klårt svar
Denne gongen har lærarane gjeve eit klårt svar; Nok er nok! KS styrer mot ei dårleg utvikling både for elev og lærar. Og det irriterer kraftig at KS med sine utspel og påstandar gjev tydeleg uttrykk for at dei ikkje har tiltru til at lærarane i Noreg har ein kultur for å skape ein best mogeleg skule. Følgjeleg må dei styrast meir, av kompetansesterke KS. Og vi er luftande leie av at KS, der dei sit bakom skriveborda sine, meiner dei må auke si styring av lærarane sitt arbeid. Kva kan dei om arbeidet i skulen? Vi får vår årsplan ved skulestart, og så treng ikkje skuleleiinga bruke særleg meir av si tid til å fastleggje kva vi skal gjere. Vi er fagfolk og kan yrket vårt. Og skuleleiinga har nok av viktige oppgåver å bruke tida si på for å utvikle skulen.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Den siste boka til Kjartan Hatløy

Ingrid Margrete Thorvaldsen hadde ei fin omtale av Kjartan Hatløy si siste bok. Fint med litt anna enn sport og annonsar i Firda av og til.

Skal du leva deg inn i Kjartan si verd må du våge å ta steg frå klårtekst, prosadikt og poesi og inn i biletkunsten.

Kjartan er ein målar som brukar tekst istadenfor pensel, og kjensler istadenfor måling.

Tankane, fargane er der heile tida.

Det er opp til oss å våge oss inn i maleriet, ved å lese boka.

Eller sagt på ein annan måte:

Det eg ventar på kjem ikkje
når eg les Kjartan
sine ord.

Orda vert til ljosglimt
mellom gråe steinar
og grøn mose.

Ut av det
kjem minnet
om kven vi er.

Og det
venta eg ikkje på
bak alt det grøne lauvet

eg bretta til sides.

Roar Gulbrandsen

No må lærarane slutte å syte……..,

var min tanke då dei fyrste skulane vart tekne ut i streik i byrjinga av sumaren. Kan ikkje lærarane vere på jobb 7,5 timar kvar dag, slik som så mange andre?
Det måtte mognast litt, men etter å ha sett seg litt grundigare inn i saka har lærarane mi fulle støtte og tillit, noko eg trur dei har hos mange ”ikkje-lærarar”- om dei set seg inn i saka.
Det heile handlar om tillit vertikalt og horisontalt i ei verksemd. Ein treng ikkje grave djupt i forskinga for å sjå kva som vert gjort hjå bedrifter som lukkast med eit godt arbeidsmiljø og toppresultat. Great Place to Work(GPTW) er eit globalt leiande konsulent og analyseinstitutt som har som hovudmål å identifisere, skape og oppretthalde framifrå arbeidsplassar. Selskapet har kundar i 47 land, og i løpet av eit år arbeider dei med meir enn 6000 organisasjonar, som representerer 11 millionar medarbeidarar.
GPTW si oppskrift på ei verksemd med framifrå resultat er enkel, og ikkje lett å mistolke. Organisasjonar som byggjer høg grad av TILLIT, stoltheit og fellesskap skapar ein arbeidskultur som gjev framifrå resultat for verksemda.

Administrerande direktørar og hr.-sjefar som har vunne og ligg høgt på plasseringa over Noregs beste og mest framgangsrike verksemder peikar på TILLIT som ein vesentleg faktor for å lukkast. Fleksibel arbeidstid er noko av nøkkelen til suksess. Kven skulle tru at ei verksemd som er avhengig av inntening i klingande mynt ville innføre fleksibel arbeidstid om ein såg at resultata stupte? Det har blitt gjort, og blir gjort, med det resultat at ein arbeidsgjevar som gjev tillit til sine medarbeidarar lukkast med trivsel og gode tal i rekneskapen. Webstep vart i 2014 kåra til Noregs beste arbeidsplass for bedrifter med meir enn 250 tilsette. Adm.dir i Webstep seier: ”Noe av grunnlaget for at vi er kåret til beste arbeidsplass, er at vi har satset på frihet, ikke regler, kontroll og metermål. Vi dytter ansvar og beslutningsmyndighet ut til avdelingene. Det gjøres med blankpolert tillit, kombinert med forventningen om utøvd lederskap fra alle.”

Fleire og fleire bedrifter i Noreg som tidlegare var bundne til ei arbeidstid mellom 08-16, løyser opp på dette, og ein ser at dei lukkast med rekneskapen, resultata og fellesskapet på arbeidsplassen.

Skuleresultata i Noreg er ikkje heilt i toppen. Vil mistillit til lærarane forbetre resultata?

Meir fakta omkring forsking på betre helse, arbeidstid og arbeidsmiljø: www.forsking.no, http://hsb.sagepub.com/content/52/4/404.abstract, www.supernavigators.com, www.greatplacetowork.no

Roar Øksendal
Far til skuleborn

For defensivt!

Eg blir provosert av at ordføraren i Askvoll som kommentar til raset i Eidsfjorden håpar det skal gå færre ras i framtida. Det mest sannsynlege, veit vi, er at det vil gå fleire ras. Når ikkje kommunestyret i Askvoll var villige til å oppretthalde skulen i Stongfjorden, bør dei og ordføraren gjere alt dei kan for å beskytte ungar og andre vegfarande, spesielt ved kjende raspunkt. Og kvar blir det av muligheitene for omkøyring ved ras i Heilevang når det også ramlar steinar i Eidsfjorden??
Inntil for ca 10 år sidan hadde Statens Vegvesen lokalberedskap i Askvoll som sørga for regelmessig tilsyn og vedlikehald. Gjennom den nye organiseringa av vegvedlikehaldet opplever vi som innbyggarar at dette er mykje meir sesongprega og tilfeldig. Då må vi kunne setje vår lit til at kommunestyre og ordførar gjer ALT dei kan for å beskytte sine innbyggarar, og ikkje overlet initiativ og ansvar til fylkespolitikarar – som består av lokalpolitikarar med same rasutfordringar som Askvollsamfunnet har.
Anne Britt N. Losnegård
Holmedal

Gode elevar og foreldre!

I dag skulle vi ha stått i klasserommet, møtt elevane våre til nytt skuleår, gått vidare med det viktige arbeidet det er å gje elevar undervisning, formidle kunnskap og kompetanse. Vi skulle så gjerne ha gjort det. I staden streikar vi. Kvifor gjer vi det?

Utdanningsdirektoratet krev at vi skal utvikle kompetanse hos elevane, gjennom undervisning, undervegsvurdering og sluttvurdering. Alt vi gjer med elevane handlar om undervegsvurdering. Alt vi gjer i klasserommet handlar om undervegsvurdering, sjå elevane, kor langt er dei komne, korleis skal dei kome seg vidare, kva må til for å nå den sluttvurderinga dei sjølv ønskjer å arbeide for?

Vi har ein arbeidsgjevar som ikkje lyttar. Vi har ein arbeidsgjevar som ikkje har forstått kor viktig det er at vi får gjere jobben på ein god måte. Vi har ein arbeidsgjevar som ikkje har syn for at yrket vi utøver i klasserommet, i møte med elevane, er annleis i høve mange andre yrke. Det handlar ikkje om at vi ikkje vil vere på jobb 7,5 timar pr. dag. I snitt er læraren på jobb meir enn 43 timar pr. veke, meir enn 8,5 timar pr. dag. Men det handlar meir om at vi treng nødvendig fridom til å organisere arbeidstida til beste for elevane mens dei er på skulen. Vi treng en arbeidstidsavtale som gjev fleksibilitet til å sjå og følgje opp kvar og ein av elevane i utviklinga deira mens dei er på skulen.
Kunnskapsløftet har eit sentralt omgrep: Individuelt tilpassa undervisning.
Vi må ha meir tid til å sjå kvar elev mens dei er på skulen. Korleis får vi det til? Vi kan ikkje berre innføre fast kontortid!
Arbeidet vårt i skulen er knytt til tidspunkt, periodar og tidsrom. Det viktigaste er tidspunkt; møte med elevane i klasserommet. I dei seinare åra har fokus også kome sterkare på møte med foreldre og elevar i konferansane.
Det er ikkje lenger snakk om å «rette stilar», eller «rette prøver». Desse omgrepa er utgått på dato. Vi vurderer elevarbeid. Vurdering er noko anna enn retting. Det handlar om å sjå kva eleven har gjort. Det handlar om å bu seg til neste møte med elevar, neste konferanse. Det handlar om å førebu undervisning. Korleis skal heile klassen, kvar elev, komme seg vidare i si utvikling. Korleis skal dei kunne få ei sluttvurdering dei er nøgd med når dei er ferdige.
Vi ønskjer å vere budd til møta. Vi ønskjer å kunne formidle substans når vi møter dykk. Det greier ikkje vi innanfor «kontortid». Dette arbeider vi med alltid, i periodar og tidsrom, når det er mogleg.
I arbeid med elevar er det ofte situasjonar som oppstår, som gjer at daglege gjeremål må endrast og flyttast.
Nokon har slegest, ein må ha plaster på såret. Eit uhell har skjedd i gymtima. Kanskje har mor eller far det travelt, må reise på jobb, kanskje er ein lei seg på skulen av ulike grunnar. Slikt kan forstyrre motivasjon for læring. Då må vi stille opp, sleppe det vi har i hendene. Elevar fortener lærarar som kan stille opp når dei treng det!
Dette er ikkje mogleg med rammene vi har. Vi greier ikkje dette med 30 elevar i kvar klasse. Vi må undervise 24 av dei 30 timane elevane er på skulen pr. veke. Kunnskapsministeren har i NRK slått fast at regjeringa ikkje vil gå inn for færre elevar pr. klasse.
Vi får ikkje ein avtale om undervisningstid som let oss følgje opp elevane si læring slik vi gjerne skulle gjort. Vi ønskjer oss meir tid til kvar elev, og fleksibilitet til å utføre planleggjing og vurdering på ein god og effektiv måte.
Og det mangla ikkje på løfter om fleksibilitet hos Høgre i valkampen. Kva med dei løftene no?
Fridom under resultatansvar fortener også vi. Vi har gode resultat, særleg i Førdeskulen. Det er ingen grunn til å ikkje vise oss tilliten å organisere deler av arbeidsdagen slik vi sjølv meiner er best for elevane.

Støtt oss i den streiken vi no står i! Vi kjempar for ein god skule for elevane og vi vil ta imot elevane på beste måte når dei kjem att på skulen!

På vegne av streikande lærarar ved Førde Ungdomsskule, Hallbrend skule og Hafstad vidaregåande skule.

Arnstein Sandbakk.

Viktigere å fjerne dokument avgiften enn arveavgiften

Regjeringen har fjernet arveavgiften, men vil ikke fjerne dokument avgiften, arveavgiften har ingen innflytelse på boligprisene,i tillegg må søsken fremdeles kjøpe ut søsken og ikke alle har råd til det.Dokumentavgiften er på 2,5 %,, koster boligen 3 mill. utgjør 2,5 % nesten 100 000 kr.Og det kommer i tillegg til budet som leiligheten blir kjøpt for.

*Enkelte steder i Bergen må en betale over 3. mill.for en bolig. *

I Bergen må en betale over 3 mill for en bolig på 60 kvadratmeter, dersom en ikke vil bo i 1. etasje, er prisantydningen under 3. mill. kan en være nesten sikker på at det er i 1. etasje. Mange vil ikke bo i 1. etasje. En blir stilt på utstilling da.Og politikerne gjør ingen ting for å få ned bolig prisene, det virker som de vil at bolig prisene skal stige, det øker sysselsetningen og forbruket

Det er bygget færre nye boliger det siste året

Det er bygget færre boliger det siste året, utbyggerne skylder på bankene, vanskelig å få lån

Ut med KS!

Lærarane sin tillit til KS er brukt opp. Derfor sa 3 av 4 lærarar nei til det framforhandla resultatet i tariffoppgjeret, og streiken var eit faktum.

Forhandlingsleiar i KS, Per Kristian Sundnes, har i media prøvd å forenkle biletet med at lærarane må vere meir til stades på arbeidsplassen, men dette handlar om mykje meir enn kravet om binding av 7,5 timar på skulen.

Etter 10 år med KS som forhandlingsmotpart, har lærarane har fått nok av detaljstyring og eit aukande byråkrati som gjer at dei får mindre tid til kvar elev. Tid til førebuing og undervisning har gradvis blitt spist opp av krav om meir rapportering og målstyring. KS sine arrogante utspel er uttrykk for stor mistillit til lærarane som yrkesgruppe. Og det hjelper ikkje at Sundnes no lovar ”bot og betring” og er villig til å snu alle steinar for å få til ei løysing.

Det var dåverande kunnskapsminister Kristin Clemet (H) som med eit pennestrøk overførte forhandlingane frå staten til kommunane i 2004. Og sidan 2008 har alle hovudoppgjera enda med konflikt. No er det på tide å komme seg ut av KS sine klamme klør.

Raudt vil at staten igjen skal ta over forhandlingsansvaret for lærarane. Skal vi få til eit nasjonalt lærarløft, er det ikkje nok med fagre ord frå ein handlingslamma kunnskapsminister. Om seks år vil det vere trong for 11 000 nye lærarar i skulen. Dei signala vi har sett denne våren lovar ikkje godt for rekrutteringa.

Raudt Sogn og Fjordane
Ingunn Kandal, leiar

Homo economicus feirar grunnlovsjubileet

– Det er ein skandale om ikkje arbeidet på Ørskog-Fardal-lina snarast kjem i gang att, seier NHO-direktør Jan Atle Stang i Sogn og Fjordane.
Dette stod å lese på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane torsdag 7.august. Reportasjen var etterfølgt av ein reportasje om kor mykje ulike næringsaktørar ”tapar” på at kraftlinjebygginga vart stogga av Gulating lagmannsrett.

Kven er det som tapar?

Ein skulle tru at entreprenørar og andre involverte i bygging av kraftliner og næringslivet generelt er interesserte i at forvaltninga og prosessane rundt vedtak skjer i henhold til norsk lov. At vi har eit system som hindrar kameraderi, korrupsjon, uhilda avgjerdsler, og sikrar rettferdige anbodsrundar etc. Lagmannsretten sitt vedtak er gjort for å sikre at Olje- og Energidepartementet sine vedtak skal gjærast i henhold til norsk lov. Kva er alternativet? Er samfunnet tent med at staten, fylker og kommunar skal kunne gjære vedtak ut frå synsing? Og skal vi verkeleg oppheve norsk lov om nokon tapar pengar på eit ulovleg prosjekt?

NHO i den ville vesten

På www.domstol.no beskriv ein domstolane si rolle slik: En fri og uavhengig domstol er et vern for borgerne mot tilfeldige avgjørelser og overgrep fra de andre statsmaktene. Domstolenes uavhengighet bygger på at Norge er et konstitusjonelt demokrati.

At NHO med Jan Atle Stang i spissen går ut og set økonomiske interesser foran norske forvaltningslover og forvaltningspraksis er urovekkande. Å krevje oppstart av eit ulovleg prosjekt og å kalle stogginga av det ulovlege arbeidet skandale er nettopp det, ei skandale. Domstolane har ei ufravikeleg viktig rolle i demokratiet Noreg. Næringslivets hovedorganisasjon i Noreg seier frå seg alt truverd som sakleg samfunnsaktør på vegne av sine medlemmer om det dei uttalar i denne saka er NHOs ofisielle syn.

Eidsvoll 1814

På Eidsvoll i 1814 vart det lagt fram eit dokument tufta på likeverd og samfunnsbygging ut frå samfunnets og befolkningas beste. Sterk inspirert av den amerikanske uavhengigheitserklæringa, den franske revolusjonen og strømningane ellers i Europa på den tida var likskap for loven og maktfordelingsprinsippet vesentleg. Slik er det kanskje i Sogn og Fjordane og, med mindre næringslivet tapar pengar. Då krev NHO at ein set pengar framfor avgjerdsler frå Gulating lagmannsrett.

Martin Igland Malkenes
Florøfyr

Vikenhuset - berre litt utanfrå

Svært mange vil truleg meine at det no har vore snakka nok om Vikenhuset. At det er ein lokal verkebyll som har verka lenge nok, og at ein no må komme vidare. Det kan ein forstå. Ingen ønskjer seg vondt blod i ei bygd eller ein kommune. Ein kan også forstå at mange vil synast at det er ein uting at folk som oppheld seg i Oslo størstedelen av året skal leggje seg opp i ei slik sak.
Underteikna bur rett nok i hovudstaden, men har opphalde seg i Jølster, i kortare eller lengre tid, kvar einaste sommar, i nærmare seksti år. I eit elles omflakkande liv, har Jølster vore det fastaste punktet i tilværet, noko som har samanheng med at morfar min voks opp i Jølster, kom seinare att som prest, og fekk endå seinare sett opp ei hytte her, der han budde kvar sommar så lenge han levde. No ligg han då også gravlagd på Helgheim kyrkjegard. Dette gir meg sjølvsagt ingen spesiell rett til å uttale meg om Vikenhuset, men det gir meg iallfall lyst.
Vikenhuset har dermed vore eit kjent syn gjennom alle desse tiåra. No skal ikkje min eigen nostalgi vere noko argument i spørsmålet om riving eller ikkje-riving av eit verneverdig hus, men eg veit at det er svært mange som bokstaveleg talt vil sørgje om huset no blir rive. Eit hus kan vere noko flott, og Vikenhuset er det. Eit hus med historisk sus over. Det ser sjølvsagt ikkje så flott ut slik det står der i dag, men med den nødvendige oppussinga vil det igjen kunne bli eit staseleg bygg. Og saman med Fjøsen vil det skilje seg ut blant bygningane elles på Skei. Det står for noko anna, noko som Skei og Jølster treng. Det er blitt fint på Skei. Her har kommunen tydeleg tatt seg på tak for at Skei skal vere ein behageleg stad å komme til. Eit oppussa Vikenhus, med ein tydeleg og fornuftig funksjon, vil gjere Skei til ein endå finare stad, med ein attraksjon meir for både tilreisande og fastbuande. Ei bygd med særpreg.
Etter å ha lese meg gjennom store delar av sakskomplekset, kommunestyrereferat, avisartiklar og lesarinnlegg, kan eg ikkje sjå at det i dag finst ein einaste god grunn for å rive huset (om ikkje det at ein ikkje orkar meir, kan sjåast på som ein grunn). For kva er det ein vil med området der Vikenhuset står? Ein vil leggje ein plen der. Og grøntområde er det vel ikkje akkurat nokon mangel på på Skei? Fortidsminneforeninga har som kjent tatt på seg ansvaret for oppussing av huset, som ein pakke saman med Midttunet. Og det har blitt lagt fram gode forslag til bruk av huset. For det er klart at huset kan ikkje lenger berre stå der, det må brukast. Og så kan ein seie at det er synd at ingen har tatt ansvar for dette før.
Ein kommune har mykje å bruke pengar på. Og det er ikkje berre enkelt å vere ein kulturkommune, om ein aldri så gjerne vil, om ein ikkje har pengar til dei ymse kulturelle tiltaka. Men i tilfellet Vikenhuset, skulle det no ikkje lenger vere økonomiske grunnar for å rive huset.
Det kan for ein litt utanforståande sjå ut som hovudgrunnen til å rive Vikenhuset er at eit fleirtal i kommunestyret har bestemt at det skal rivast. Men det er kanskje ikkje godt nok? Og det har vel skjedd før i historia at kommunestyremedlemmer har endra meining. Og dei vil iallfall ikkje tape ansikt, om dette skulle skje. Ein kan seie at det er viktigare ting i verda enn å bevare eit lett forfalle hus. Men ein må då også seie at eit hus stundom er meir enn eit hus.

Ragnar Hovland
Forfattar
Oslo/ Jølster

Ligg unna krigen mellom stormaktene!

Ingrid Heggø, AP si fiskeripolitiske talskvinne, vil at EU skal kjøpe meir fisk frå Noreg. Bakgrunnen er tap av norske eksportinntekter når Russland straffar oss for å støtte USA og EU sine sanksjonar mot landet. EU sin solidaritet med det ukrainske folket og Noreg strekkjer seg neppe så langt som Heggø let til å tru.

Norske sentralstyresmakter sin utanrikspolitiske dobbeltmoral vil ingen ende ta. Dei nektar å møte Dalai Lama fordi det kan gå ut over norsk eksport til Kina. Men gjennom si støtte til USAs og EUs sanksjonar mot Russland har regjeringa allereie oppnådd å øydelegge ein av Noregs største eksportmarknader for fisk og sjømat.

Norsk NATO-medlemsskap gjer oss til ein saueflokk bak USA. Det var AP som saman med dei borgarlege partia gjorde Noreg til NATO-medlem i 1949. Med Jens Stoltenberg som NATO sin nye generalsekretær aukar faren for at landet vårt blir trekt inn i ein storkrig.

Det er USA og EU sine økonomiske interesser og kampen om verdsherredøme som ligg bak standpunkta. Det er ikkje omsynet til Ukraina sitt sjølvstende og endå mindre omsynet til befolkninga i landet eller på Krim for den saka si skuld.

USA er ei supermakt i økonomisk motgang. Kina har passert USA som industrinasjon, som eksportør, som bilprodusent osv. Til og med Tyskland ligg no framfor USA som handelsmakt. Dette gjer den tidlegare suverene supermakta desperat fordi den no har berre ein ”førsteplass”. Det er på militærutgifter der USA har 40 % av verdas militærutgifter mot Kinas 11 % og Russlands 5 %.

Nivået på amerikanske militærutgifter seier mykje om kor sterkt militær-/våpenindustrien står i USA. For at våpenindustrien skal produsere nye våpen slik at eigarane profitterer må eksisterande våpen enten kastast eller brukast. Det er vel dessverre helst det siste det no ligg an til.

USA og EU si ”bekymring” for Ukraina har sikkert også samanheng med landet sine store skiferolje- og skifergassførekomstar. Problemet for båe desse utanlandske interessene, dei kapitalistiske petroleumsselskapa i Vesten og juntaen i Ukraina, er at desse store petroleumsførekomstane ligg i det russisk-talande Aust-Ukraina. Dette seier mykje om årsakene til borgarkrigen i landet.

USA har ikkje sjanse til å vinne ein krig mot Russland. USA har tapt krigar mot Afghanistan og Irak som var langt svakare makter enn Russland. Men uansett tap eller vinning; det store spørsmålet for oss i Noreg er: Skal vi delta aktivt i denne konflikten og ein eventuell krig? Eller skal vi klokleg halde oss unna støtte til stormakter sine krigar i kamp om økonomisk og politiske verdsherredøme?

Raudt sitt svar er det siste; vi må halde oss unna å ta stormakter sitt parti. Vi må kome oss ut av NATO som lett kan binde oss til endå større krigsdeltaking enn landet har prestert i t.d. Afghanistan og Libya.

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Viktigheten av å få bygd studentbustander i Sogn og Fjordane og Norge

Så er vi tilbake til august, og tida då dyktige studentar skal studere rundt omkring i landet og ikkje minst finne ein stad å bu. Som 5 års student har eg vært heldig å få studentbustad og dermed slepp å finne privat eller komme i bustad kø. I følgje Sisof Direktøren er det likevel 150 som står i kø i Sogndal og i fjor stod det i følgje Nso (Norges student organisasjon) over 14500 studentar i bustad kø på landsbasis.

Så lurer du sikkert på kvifor studentbustander er viktig for den jamne innbyggjar i Sogn og Fjordane. I følgje ein undersøking frå Høgskulen i Volda så blir ein såpass stor grad av studentar igjen i fylket etter studietid. Dette kan i stor grad overførast til HISF (Høgskulen i Sogn og Fjordane) som er flinke til å rekruttere studentar frå andre deler av landet. Vi veit at mange studentar utan bustad eller svært dyre husleige skader omdømme til studieplassen og svekker muligheitene for at studentar trives eller enda verre styrker muligheitene for at kompetente studentar slutter ved studiet.

Mange av desse studentane kan være innbyggjar i fylket etter studietid og dermed bidra til å få økt befolkninga i fylket og skape meir kompetent arbeidskraft i fylket. Når vi dessutan ser at man har økt studenttalet i landet, med ca. 30000 mellom 2010 og 2014 og berre 4238 studentbustander har blitt bygd i same periode, fortell det om ein utvikling som er svært dårleg for norske studentar.

Mange studentar slitt forsett med å finne seg ein stad å bu og eg håper både folk i Sogn og Fjordane og elles i landet leiger ut hyblar, slik at vi slepp eit bustad kaos for flinke studentar som reiser langt av sted for å ta ein utdanning samfunnet tener på at vi tar.

Neste år vil regjeringa gi tilskot til 1300 studenthyblar og det er flott, men som høyremann og ikkje minst som student håper eg regjeringa viser ein langt større satsing og støtter NSO sine krav på 3000 studentbustader som vil hjelpe mange unge studentar inn på leigemarknaden og kjøle ned litt av krisen vi har sett de siste åra

Martin Savland

Stopp bombinga og blokaden av Gaza!

Innan vestleg filosofi (særleg etter dualismens far, René Descartes) og religion, har mennesket ei sjel, til skilnad frå den utamme og døde naturen, som det levande mennesket er sett til å herske over. Parallellen til Israel-Palestina-konflikten er slåande:

Då jødane kom dit i 1882 var faktisk ikkje Palestina eit okkupert land for zionistane, men snarare eit tomt område: Palestinarane som budde her var stort sett usynlege for dei eller dei var ein del av den døde naturen som måtte erobrast og flyttast. Ingenting, verken steinar eller Palestinarar, skulle stå i vegen for den nasjonale innløysinga av landet som den zionistiske rørsla kravde. I dag ser vi klart og tydeleg at palestinarane er den lidande part i den zionistiske maktarrogansen.

Palestinsk historie etter 1947

I boka «The Ethnic Cleansing of Palestine» skriv den israelske historikaren og sosialaktivisten Ilan Pappé at “ei gruppe på elleve menn blant dei veteransionistleiarar og unge jødiske militæroffiserar sette seg ned rundt det same bordet i “Det Raude Huset” i Tel-Aviv den 10. mai 1947, for å sette i gang den etniske reinsinga av Palestina. Same kvelden vart det sendt ordrar til bakkeeinigane om ei systematisk utvising av palestinarar frå store delar av landet. Ordrane kom saman med detaljerte omtalar av metodane som skulle brukast, som tvangsflytting, bombing, og landsbyar og andre folkerike område, hus og andre eigedelar skulle settast fyr på eller øydeleggast, og sist, men ikkje minst områda skulle mineleggast slik at palestinarane ikkje kunne returnere til heimane sine.

Målet med planen var å øydelegge både dei landlege og dei urbane delane av Palestina. Boka er eit forsøk på å syne korleis den etniske reinsinga av Palestina var eit resultat av den sionistiske ideologien om berre ein jødisk stat, samtidig som det var eit svar på utviklinga på bakken då britane valde å avslutte mandatet. Og i februar 1947 då palestinarane gjekk til angrep fekk sionistane det påskotet dei hadde venta på for å sette i gong den etniske reinsinga av heile Palestina.

Frå sionistane si avgjersle var teken og fram til oppdraget var utført, gjekk det 6 månader. Når det var over, var over halvparten, om lag 800.000, av dei innfødde palestinarane drivne på flukt, 531 landsbyar var øydelagde, og 11 urbane strok var tømde for folk. Planen frå 10. mars 1947, og implementeringa av denne i dei kommande månadane, var eit klokkereint døme på etnisk reinsing, under internasjonal lov vurdert som eit brotsverk mot menneskeheita.

Etter Holocaust har det vore nesten umogleg å skjule brotsverk mot menneskeheita i stor skala, mykje takka vere vår moderne kommunikasjonsteknologi. Likevel har den israelske bortvisinga av palestinarar i 1948 vorte nesten heilt utsletta frå det kollektive minnet. Denne mest oppsiktsvekkande delen av den palestinske historia, har vorte systematisk avvist, og er framleis i dag ikkje godkjend som eit historisk faktum, og i endå mindre grad godkjend som eit brotsverk som må konfronterast både politisk og moralsk.”

Dagens situasjon på Gazastripa

Natt til torsdag 10. juli vart familien Al Haj på åtte bomba og drepne i sin eigen heim, og i løpet av dagen ble det rapportert om ein ny familie som vart nærast utsletta.

Det er nesten umuleg for oss å førestille oss korleis det er å leve under slike tilhøve. Å aldri kunne sove igjennom ei heil natt utan å bli vekt av alarmar, å aldri vite når neste angrep kjem. Og å aldri vite om det er deg, din familie eller borna dine som blir råka denne gongen. Ingen fortener å leve slik.

Det er heilt umuleg å oversjå at konflikten mellom Israel og Palestina ikkje er nokon konflikt mellom to likestilte partar.

Tala snakkar for seg sjølv: 29. og 30. juli var det ei intens bombing på Gazastripa. Så langt har over 1220 palestinarar vorte drepne, mesteparten av dei var sivile. På israelsk side er det meldt om 56 drepne. Alle bortsett frå tre av desse var soldatar.

Dette seier noko om at dette er ein konflikt mellom ein fullstendig overlegen okkupant, og eit folk som kjempar med ryggen mot veggen for retten til å leve og bu i sitt eige land.

Det handlar ikkje berre om det som skjer akkurat no. Over fleire år har Israel sin blokade av Gaza ført til ein heilt uuthaldeleg situasjon for palestinarane som bur der. Og meir enn halvparten av dei er born. For dei er situasjonen kritisk. 80 % av borna er blodfattige, og ein av tre er kortvakse på grunn av mangel på protein i maten dei får. Helsesituasjonen er til liks med mange andre tilhøve langt frå akseptabel. Og med dette som utgangspunkt kjem no Israel sin bombekampanje, og muligens ein invasjon med bakkestyrkar på toppen av dette igjen.

Å bombe ei befolkning som ikkje har nokon stad å gå til, ingen stad å gøyme seg, og ingen midlar til å bygge seg opp att etterpå, er så grunnleggande urettferdig og så iskaldt at det ikkje er muleg for oss å tåle det.

No må vi vise kven vi er, og kva vi står for. Stopp bombinga og blokaden av Gaza!

André N. Haave
Raudt Flora,
leiar