Viser arkivet for september, 2014

Endå færre fast tilsette?

I fleire lokalaviser har regiondirektør Jan Atle Stang i Næringslivets Hovedorganisasjon i Sogn og Fjordane applaudert FrP-/H-regjeringa sitt forslag om utvida rett til mellombelse tilsetjingar. Forslaget vil innebere ei så sterk svekking av arbeidsmiljølova at det må takast kraftig til motmæle.

Arbeidsfolk og tilsette i både offentleg sektor og i det private næringslivet blir heile tida stilt overfor nye krav og fleire oppgåver. Det skjer ei brutalisering av arbeidslivet som gjer at altfor mange ikkje lenger greier å henge med, får svekka helse og i mange tilfelle hamnar på uføretrygd. Det er derfor behov for fleire fast tilsette for å motverke dette og for å oppfylle formålet med arbeidsmiljølova.

FrP-/H-regjeringa vil derimot at det skal bli lettare å få til mellombelse tilsetjingsforhold. Det inneber ei svekking av dei gode og klare vilkåra som i dag gjeld.

Stang og NHO, og bedriftseigarane sine underleverandørar i regjeringa, hevdar at fleire mellombels tilsette vil skape fleire arbeidsplassar. Fagrørsla, både LO og Unio, og ei rekkje lokale fagforeiningar seier det motsette og er mot denne endringa i arbeidsmiljølova. Når motsetningane er så klare, seier det sitt om kven som representerer dei økonomiske interessene og kven som representerer dei sosiale interessene. Dette er eit bilde på kapitalismen og arbeidarklassen mot kapitalmakta.

I vårt naboland, Sverige, er dobbelt så mange mellombels tilsette som i Norge. Det er då underleg at så mange svenskar, ikkje minst ungdommar, kjem til Noreg for å få seg jobb. LO hevdar, og har sikkert grunnlag for det, at det i Noreg er lettare å få til ein overgang til fast jobb enn i Sverige.

Forsking i OECD-land viser klart at det ikkje er noko bevis for at auka moglegheit til mellombelse tilsetjingar auka sysselsetjinga, men berre at faste jobbar blir erstatta med mellombelse. Ei anna innvending mot mellombelse tilsetjingar er at dei som berre er mellombels tilsette, vil ha mindre interesse av og kraft til å vere med på produktivitetsutviklinga av ei bedrift fordi denne meirinnsatsen ofte krev kompetanse som er utvikla gjennom eit tilsetjingsforhold som varer.

Dersom kapital- og bedriftseigarane får større moglegheit til mellombelse tilsetjingar og dermed få redusert talet på fast tilsette, vil det også undergrave tariffavtalane. Det er dei fast tilsette som har hatt moglegheit til å presse fram forbetring av arbeids- og lønsforholda. Dei mellombels tilsette vil i langt større grad vere glad for at dei har arbeid i det heile.

FrP-/H-regjeringa sin gåvepakke til kapital- og bedriftseigarane vil skape ein større del lausarbeidarar slik det var i kapitalismen sin barndom og som det er fagrørsla å takke at ein fekk bukt med. Ein seier om enkelte eldre at dei går i barndomen. Det er ein alderssjukdom. Vi har no eit aldrande kapitalistisk system. Vi bør derfor ikkje berre slå ring om arbeidsmiljølova, men også stille spørsmål ved systemet. Burde vi ikkje heller skape eit sosialistisk Noreg som kan motarbeide og til slutt fjerne klasseskilja i staden for å gjenskape lausarbeidet og meir av det gamle klassesamfunnet?

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Prinsessa og åndene

Menneska har utvikla førestillingar om ånder til alle tider. Tidleg i menneskehistoria budde åndene i stokk og stein, og korleis menneska forheldt seg til desse åndene meinte dei var viktig for liva deira. Menneske utvikla med kvart meir samansette samfunn, og utviklinga av førestillingane om åndene kravde spesialistar. Presteskap oppstod. Og førestillingar om ånder har vorte fleire og meir omfattande. Eg såg at nokon som hadde arbeidd med å finne ut kor mange variantar av kristen tru som finst i verda i dag, kom fram til om lag 2000. Ein tredjepart av menneska på jorda er kristne, og variasjonane om ånder i andre religionar er også talrike.

Fascinerande
Å studere historia om menneska sine førestillingar om åndene er fascinerande.
Mange trusorganisasjonar har laga ganske bastante rammer for kva som er rett tru, og ikkje minst kva som er feil tru. I Noreg og andre moderne samfunn har det vakse fram aksept for fridom til å tru; trus- og tankefridom som ein grunnleggjande menneskerett. Tankane om menneskerettar går attende til frigjeringskrigen då USA reiv seg lause frå Storbritannia sist på 1700-talet, og til den franske revolusjonen frå same tida. På Eidsvoll i 1814 vart også trusfridom drøfta og innførd; men jødar og jesuittar fekk ikkje denne retten. Om vi avgrensar oss til Vest-Europa og ser på ulike krigar, ser vi at rett tru var vesentleg for kven som var ven og fiende. Luther utfordra autoriteten til paven og den katolske kyrkja då han tidleg 1500-tal kom med ei ny læra om at mennesket kunne gå inn i sitt lønnkammer og der snakke direkte med sin Gud. Ein trong ikkje gå via kyrkja. Eg hugsar frå mi eiga skuletid på 1950-talet korleis paven var skurken og Luther helten i den forteljinga om reformasjonen vi lærde som Gudsens sanning. For mange er ikkje paven heilt stoverein no heller.

Stoverein tru
Stakkars prinsessa! Ho snakkar med englar. Og ho styrer med eit prosjekt der ein kan setje menneske i kontakt med døde personar. Eg har problem med å sjå den store skilnaden mellom hennar tankar og tenkinga til ein stor del av dei kristne i Noreg. Ho kan ikkje stø seg til årelang studering av åndene på Menighetsfakultetet. Ho har ikkje mengder med gudshus og eit talrikt presteskap som framfører sin bodskap med sine autoriserte forteljingar. Det er nok av i eigne auge kvalifiserte truande som gjerne vil rettleie prinsessa i rette førestillingar.

Sant og rett
Kva metode skal ein bruke for å skilje mellom rett og feil tru? Vitskapen har utvikla sin metode for å kunne seie noko om kva som kan vere rett. Denne utviklinga kom i gang på 1500-talet, men med vår tids målestokk gjekk utviklinga sakte. No føler mange seg overvelda over kor raskt vitskapeleg basert kunnskap veks.

Etter min smak
I ein lang og rik tradisjon med forteljingar om åndene har eg mange favorittar. På toppen har eg forteljinga om Jesus som dreiv pengevekslarane ut frå templet. Når vi ser korleis pengefolka styrer storparten av verda i vår tid, og vanstyrer den grovt, kan ein lure på om menneska kan greie å fjerne vanstyret, eller om Jesus må komme og ordne opp. I mellomalderforteljinga i kvadet Draumkvedet har erkeengelen Mikkel fleire viktige oppgåver, mellom anna skal han vege kvaliteten på sjelene og avgjere om dei kan sleppast inn i himmelen. Sankte såle-Mikkjel juksar nok med veginga: ”Og det var St.saale Mikkjel / han vog med Skaalevigt / saa vog han alle Syndesjælene / hen til Jesum Krist.” Vakkert, ikkje sant ?! Fri konkurranse har også gode sider; Vil ein trekkje til seg sjeler, så går det ikkje å skremme livet av folk med helvete. Når høyrde du sist ein prest utmåle helvetes pinsler? Der er i vår kristne tradisjon så mange gode forteljingar om positive menneske som utviser solidaritet overfor sine medmenneske. Fortel desse endå oftare. Helvete kan fare til helvete!

Vitskap
Den norskætta Fred Kavla oppretta ei stifting med eit stort fond som skal finansiere forskingsprisar innanfor tre utvalde fagfelt, astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2014 gjekk prisane i nevrovitskap til tre forskarar som har levert viktige arbeid for å oppdage og kartleggje spesialiserte nettverk i hjernen, nettverk som er viktige for å forstå hukommelse og erkjenning (cognition). Dette er berre eitt døme på at vitskapen utviklar kunnskap som gjev forklaringar på såkalla åndelege fenomen. Kvantefysikken gjev auka innsikt innanfor atoma, korleis dei er samansette og korleis dei fungerer. Som ukyndig på feltet fekk eg med meg ein del i eit nyleg sendt TV-program, som trekte opp mange spennande perspektiv. Og utviklinga går fort. Vitskapelege forklaringar på såkalla åndsliv veks og veks.

Fri engletru
Når ein ser på kor stor del av menneskeheita som i vår såkalla moderne tid lever med sine førestillingar om ånder og med stor avstand til vitskapeleg tenkjemåte, kan ein bli forundra. Men det går då rette vegen. Og så må vi ikkje tukle med retten til å tru og tenkje fritt. Prinsessa har sjølvsagt også denne retten. Ho er i godt selskap med sine førestillingar om englar og andre himmelånder; Historia vår er full av både lærde og ulærde som kan fortelje mykje positivt om englar.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Stortingspolitikarar utan ryggrad.

Avisa Firda skriv om den høgaktuelle OL-saka og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane i dag. Kva meiner dei om dette? Det viser seg at dei meiner både det eine og det andre. På same tid! Ingen av dei mannar seg opp til eit klart standpunkt! Her skal vi altså svi av eit tosifra milliardbeløp på ein fest i Oslo samstundes som det skal kuttast inn til beinet i Sogn og Fjordane. Svaret frå stortingspolitikarane burde sjølvsagt ha vore eit rungane NEI til OL i Oslo i 2022.

Kva skal vi med slike politikarar? Kva skal vi med politikarar som ikkje maktar å ta klare standpunkt? Kva skal vi med politikarar som ikkje maktar å stå rakrygga opp mot makta i Oslo? Kva skal vi med politikarar som berre er opptatt av taktikk og snur kappa etter vinden? No må vi snakke eit språk dei forstår. Vi må skape veljarflukt. Stem på dei partia som seier nei til OL i Oslo i 2022, både ved kommunevalet neste år og ved neste stotingsval. No er det lenge til stortingsvalet i 2017, og politikarane kjem til å spekulere i at vi veljarar har dårleg hugs. Men då trur eg dei gjer opp rekning utan vert.

STORTINGET I UTAKT MED FOLKET

GJENNOM PARTIPISK (fleirtalsvedtak i partigruppene om avrøysting) HAR UFORMELLEORDNINGAROPPHEVA GRUNNLOVA SI FASTSETTING AV VALDISTRIKT.

Arbeiderpartiet var først ute med partipisking under sterke autoritetar som Einar Gerhardsen og
Håkon Lie. Dette har smitta over til andre store partigrupper og ført til at mange stortingsrepresentantar ikkje kan utøve det mandatet dei har fått frå sitt valdistrikt.
DETTE UVESENET ER GRUNNLEGGANDE UDEMOKRATISK, STRID MOT ÅNDA I GRUNNLOVA OG KREV MOTREAKSJON.

Høgre har no pådrege seg fleire svin på skogen:
Kommunereforma og forslag om å legge ned fylkeskommunane – valdistrikta.
OL, OSLO 2022-saka der distriktsrepresentantar blir truga med partipisking.
Dei snakkar om robust demokrati, men kven er det robust for? Lettare styring for sentralistane i hovudstaden eller skule- og helse/sosial polikarane i distrikta.
Dei snakkar om tenesteyting, men konsentrasjon av pengemakt og utarming av distrikta er hensikta.

DETTE KAN DEI GJENNOMFØRE FORDI DISTRIKTSREPRESENTANTANE BLIR PISKA OG AVSTÅR FRÅ Å GJERE JOBBEN SIN SOM STORTINGSREPRESENTANT. MANN DYKK OPP.

Høgre har tydelegvis som mål landsomfatande vallister der Oslo-dominansen “peikar ut” representantar for heile landet.

Wiborg-saka

Forfattar Knut Lindh har i år gjeve ut boka Hvem drepte Jan Wiborg (sjå http://www.vg.no/nyheter/innenriks/ber-stortinget-gjenaapne-wiborg-saken/a/23281446/). I etterkant av boklanseringa har vi kunna lesa at at ein profilert TV2-journalist fuska i ein reportasje som førte til at teorien at Jan Wiborg vart drepen, vart avvist. Den saka kan lesast her: http://www.abcnyheter.no/nyheter/2014/08/28/tv-2-profil-fusket-i-reportasje-om-gardermoen-varsler

Boka innheld mykje interessant informasjon om denne stygge saka. Ei sak som kjem fram i boka som det er grunn til merka seg, er at m.a. tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg har gått ut og fortalt om overvaking og grov sjikane i etterkant av at han har uttalt seg om dødsfallet til Wiborg. Det skriv Lindh om i kapittelet ‘Polite warnings’. På side 77 i boka blir me kjende med at Berg tidlegare hadde sagt i eit intervju i boka Post festum Gardermoen: maktspillet om Gardermoen at kvar gong han hadde uttala seg om Wiborg-saka, hadde nokon brote seg inn i bustaden hans. I intervjuet sa Berg:

“Jeg meldte dette til politiet og Stortingets presidentskap. Jeg synes ikke dette var noe hyggelig. Det var innbrudd, utrivelige telefoner og romstering i leiligheten. Og etter at jeg hadde hatt et intervju i Klassekampen 8. februar 1997, kom jeg hjem om kvelden og fant at absolutt alt lys var slått på i leiligheten. Dette hadde skjedd til tross for at sikkerhetstjenesten på Stortinget like før hadde montert ny dobbeltlås.”

At ein tidlegare stortingsrepresentant uttalar seg så konkret om slike hendingar, er temmeleg sterkt. Det vert ikkje mindre sterkt (ei siktar då til både alvorlegheitsgraden og truverdet) av at også andre, som t.d. Eilif Holte har stått fram og fortalt om trugsmål i samband med engasjementet deira i flyplassdebatten. Det er fleire som har opplevd overvaking, sjikane og trugsmål i Noreg. Vitneprov frå sume av dei er samla på denne nettadressen: www.fampo.info/vitnesbyrd.html

Boka Hvem drepte Jan Wiborg er ei viktig bok i seg sjølv. Men boka er verdifull fyrst og fremst når me ser innhaldet i samanhang med andre bøker og artiklar som avslører tilhøve som ikkje høyrer heime i noko som kan kallast eit demokrati. Som døme kan eg nemna boka Vår korrupte hovedstad av Erling Folkvord, diverse artiklar på nettstaden RettsNorge.com og Dag Hiåsens rapport Ytringsfrihetens pris i Det skjulte Norge (www.fampo.no/ytringsfriheten.pdf). Den samla påvisinga teiknar eit grelt bilete av eit samfunn som ikkje liknar eit demokrati. Det må få konsekvensar for kva engasjement folk viser.

Underleg trend

Om ein skulle tillegge “leiarspalta” under synspunkt/meiningar i Firda nokon intensjon og verdi, so måtte det vel vere debattskapande. Men eg lurar av og til på kven det kan vere som skriv denne leiaren. Er det ein fast? Er det tilfeldig utvalde innlegg? Går det på rundgang i redaksjonen? Ikkje veit eg. Men når ein les den kan ein om ikkje anna få inntrykk av at forfattaren opptrer noko distré, eller tek ulike sider i saker for å skape debatt. Der er ikkje akkurat noko raud tråd gjennom denne spalta, annan enn “debattskapande”. Og dette er heilt greitt, og for so vidt ikkje noko spesielt for Firda. Bortsett ifrå på eit punkt, avfallsdeponiet i Førdefjorden. So fort leiaren tek for seg dette, er det konsekvent på Nordic Mining si sida den hamnar. Er ikkje dette litt snodig?

I leiarspalta “underleg reknekunst” 23.09.14 tek leiaren på seg hatten som forkjempar for naturmiljø, lokalt næringsliv og busetnad. Eg vart rett begeistra over denne leiarspalta. Om ein derimot les notisen under leiaren 25.09.14 “Slik går no dagane”, får ein eit ganske anna inntrykk. Kvar vart det av den sunne fornufta omtala i “underleg reknekunst”. Dette fell meir i kategorien sure oppstøyt. Men so handlar det rett nok om avfallsdeponiet i Førdefjorden. Er dette tilfeldig? Eller er det slik at enkelte sine kalkulatorar ikkje alltid gjer same svar?

Det er også vår fjord!

Nordic Mining ynskjer å starte gruveverksemd i Engebøfjellet, og dumpe enorme mengder slam og kjemikalier i Førdefjorden. Mineralet rutil blir brukt som råstoff for å framstille titandioksid, som primært blir nytta som fargestoff i maling, plast og papir, men òg i kosmetiske produkt som tannkrem, sminke og kremar . Spørsmålet er om ikkje tannkremindustrien bør klare seg utan Engebøfjellet. Her står større verdiar på spel..

Tvil og verdiar *
Det er ,haldepunkt for at det herskar betydeleg uvisse om det kunnskapsgrunnlaget eit eventuelt vedtak om å dumpe avfallet i Førdefjorden byggjer på. Nordic Mining og Naustdal kommune ser derimot ikkje ut til å vere i tvil. Kvifor er det slik? Kan det vere fordi det berre er verdiskaping i ei svært snever tyding som blir teke omsyn til? Men tiltaket handlar også andre verdiar enn arbeidsplassar i Naustdal, ein breiare veg til Vevring og god aksjeavkasting for investorane i Nordic Mining.

Ingen ville tenkt tanken at ein skulle dumpe store mengder slam og kjemikalier rett utanfor Balestrand, sentrum for fjordturismen i vårt område, eller nær større tettstader og byområde. Det ville utfordra andre verdiar for sterkt. Eit fjordsystem i økologisk balanse er ein slik verdi, men Engebøprosjektet handlar også verdiar vi så langt ikkje har sett, blitt teke med i det store reknestykket.

Dette er eit tiltak der Naustdal kommune er lokal styresmakt, sjølv om det har store og ikkje-reversible konsekvensar for dei to store nabokommunane, Førde og Florø. Men det er også vår fjord, den fjorden Naustdal kommune og Nordic Mining lettvint vil bruke som avfallsplass.
Aksen Førde – Florø har eit vekstpotensiale knytt til handel, kvartærnæringar, rekreasjon og som bu og leveomåde for mange menneske. Det er dette vi ser står på spel når dei meir immaterielle verdiane fjorden representerer, blir teke med i reknestykket.

Vestlandsfjorden som globalt matfat
I ei global verd med store økologiske utfordringar er havet ei uendeleg kjelde til matauk. Fisk og anna sjømat frå fjordane på Vestlandet står fram som ei fantastisk framtidsnæring og ei potensiell pengemaskin i seg sjølv. I Florø har ein gjennom mange år investert store summar for gjere byen til ein hovudstad for oppdrettsnæringar og maritime næringar i vårt område. Vi undrar oss over at ikkje fleire i oppdretts- og fiskerinæringane i Florø i langt sterkare grad har protestert høgare og tydelegare enn tilfellet har vore. Det er trass alt deira næringsgrunnlag som blir skadelidande om Nordic Mining får bruke fjorden som avfallsdynge.

Som det har gått fram av den offentlege diskusjonen den siste tida, går det mot forbod mot dumping av gruveslam i havet, unntatt i Noreg. Dette kjem ikkje til å gå våre konkurrentar forbi. Kven vil kjøpe den fisken og dei sjømatprodukta som blir assosiert med den mest forureina fjorden i verda?

Engebøprosjektet handlar slik sett ikkje berre om verdien av rutil som fargestoff i maling, men om verdien av vestlandsfjorden som merkevare.

Merkevarenamnet «Førde» *
Det heiter altså ‘Førdefjorden’, og vi bur i Førde. Men skal vi kunne vere stolte av det, i framtida? Vi stiller spørsmålsteikn ved verdien av merkevaren ‘Førde’, når det automatisk blir assosiert med den siste fjorden i verda der ein får dumpe slam og kjemikaliar. Anleggsstøy og sprenging i mange år framover vil vidare redusere verdien av dette vakre området i Sunnfjord som bu- og leveområdet. Kanskje for godt.

Det seier seg sjølv at rekreasjonsverdien av denne vakre fjorden blir kraftig redusert, ikkje berre for dei som bur i sjølve nærområdet, men også for alle som bur i Sunnfjord. Det å vite at fjorden er daud, under deg, plagar kanskje ikkje alle som fer forbi med båt, men lett å drive marknadsføring av Sunnfjord som plassen å leve og bu, blir det ikkje.

Vi arbeider med forsking og høgre utdanning i Sogn og Fjordane. Det er vanskeleg nok å få aksept for at det er mogeleg å bu, leve og arbeide innan kunnskapsnæringane her, om ikkje byen for godt skal bli assosiert med gruveindustriens gamaldagse tenking om ressursutnytting. Når vi fortel utanlandske kollegaer om Engebøprosjektet, blir dei djupt sjokkerte over kor primitivt det vert tenkt om verdiskaping i eit land som eigentleg burde vite betre.

Vi har i 25 år vore «landets styggaste by». Lat oss sleppe å bli byen ved «verdas mest forureina fjord», dei neste 50!

Vi treng eit næringsliv å vere stolte av
Ein av oss trefte for ei tid sidan ein norsk industrileiar som eig og driv ei suksessfull verksemd innan maritime næringar. Då han fekk fortalt kva Engebøprosjektet innebar, sa han spontant «Nei, vi er slutta med slikt i norsk industri».

Tydelegvis ikkje alle har det. Kvifor er då det slik at ei verksemd og ein kommune kan gjere slike framlegg utan at det reiser seg ein storm av protestar? Eit enkel svar kan vere at alt som blir presentert som skaping av arbeidsplassar vert heva over alle andre argument, til tross for tvitydige og usikre forskingsresultat.

Det gode svaret er at ein ventar med å ta ut rutilen til ein kan gjere det på framtidsretta måtar, slik at vi også står fram som framtidsretta samfunn. Måtte all gode krefter stå saman om dette.

Dr.Polit Øyvind Glosvik, Førde
PhD John Roger Andersen, Førde

Vindkraftindustrien har rana fylket

Sidan starten på 2000 talet har kraftverksemdene slitt ned golva på mange kommunekontor her i fylket, dette for å frista med solide inntekter til skrantande budsjett. Det einaste kommune måtte gjere var å vere med og banke gjennom konsesjonsvedtak til vindkraftutbygging ilag med kommunane og NVE. Mange kystkommunar har sagt sitt ja, kun Solund sa nei, men her vart saka seinare lagt på is. Men kva har vindkraft tilført fylket og kommunane? Ingenting anna enn splitta bygder og folkemøte.

Mange har sagt klart ifrå kva dette kunne innebere av økonomisk tap, så godt som ingen ville høyre på. Men no viser tal at scenario vi åtvara mot er godt i gong.

Rekneskap frå 2010-2013 viser at dei to eigarselskapa Vestavind Kraft AS og Vestavind Offshore AS har skrevet ned verdien på selskapa med 244 millionar kroner. Av dette har SFE, Sognekraft og Sunnfjord energi som er tre av eigarselskap skrevet ned 65 millionar. Det som gjer saka sur er at dette er pengar som skulle gått med til å betale ut utbytte til eigarane, altså kommunar og Fylkeskommunen. For å ramse opp desse dette gjeld er det; Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal, Solund, Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid, Luster, Sogndal, Balestrand, Leikanger, Vik og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Det er ikkje tvil om at dette hadde vore kjærkomne pengar i alle kommunekassene, dei kunne vore brukt til blant anna eldreomsorg, vegoppgradering og vedlikehald, skular og legekontor. Man skulle kunne tru at dette var ein dyrkjøpt lærdom, og at tiltak ville bli sett i verk for å unngå liknande pengesløseri. Men kva gjer Sogn og Fjordane Fylkeskommune? Dei sender fylkesutvalet til Tyskland for å studere vindturbinar og vindkraft. Prislapp 200 000,- norske kroner.

Altså kan kraftselskap seie at det dei gjer er rett og framtidsretta, fordi dei har fått Fylkeskommunen til å tru på bodskapen. Kven lyt betale, jau det gjer du og eg. Du får tenke litt på det når dei folkevalde politikarane våre reiser på “studietur” den 28 september til Berlin og Hamburg på di rekning.

Dette er ei skam, her opplever vi at kommunar skjer ned på budsjett over ein lav sko, Staten ber dei same kommune finne løysingar på samanslåingar fordi det ikkje er lønsamt nok slik det er. Samstundes kastar dei pengar ut vindauget raskare enn kva godt er. Eg har berre eit godt råd til deg som les dette, finn kommunehuset og sett deg utanfor vindauget for der finn du hjelp i tunge stunder.
Folket i Sogn og Fjordane har vorte rana for 244 millionar kroner på desse fire åra, nokon bør stå til rettes for dette, dei som sit og styrer vindkraftindustrien er dei rette. Dette er personar som sit i kommunestyre, fylkesutval og sist men ikkje minst kraftselskapa sine styrer. Og la oss no tilsutt vere einige om ein ting, vindkraft er ikkje lønsamt, det er heller ikkje miljøvenleg. Men sistnemnte er ein heilt annan diskusjon som går på produksjon av glasfiberpropellar og stålskaft, CO2 utlslepp under frakt og levetid

Klimadebatt på feil grunnlag.

.
Det er vanskeleg å føre ein dialog på nettet om klima når dine motstandarar baserer sine synspunkt på klima som eigentleg er berre politisk og ikkje vitskapleg fundert. Det vert produsert tusenvis av vitskaplege artiklar som skal vere med på å bygge opp om IPCC sine synspunkt på klimaendringar som menneskeskapte, men ingen kan bevise sine påstandar. Berre her i Norge blir det brukt noko slikt som 800 mill kroner årleg til forsking som skal bevise CO2 sin påståtte verknad på klima.
For å føre ein fornuftig dialog må vi vere einige om dei grunnleggande faktorane. Har våre utslepp påverknad på CO2-konsentrasjonen i atmosfæren eller utgjer dei så lite som 2-3 eller 4% av all CO2 som vi finn i atmosfæren? Ligg våre utslepp på 3-4% av den totale mengda CO2 i atmosfæren, så vil ikkje denne konsentrasjonen endre seg vesentleg med auka utslepp og det blir meiningslaust å drive klimapolitikk. Vert det registrert berre 4% CO2 som stammer frå fossilt brensel, så har vi heller ikkje nokon opphoping av CO2 i atmosfæren frå våre utslepp, slik den norske representanten til IPCC hevda på eit TV-program. Korleis kan elles ein gass som er 1,5 gonger tyngre enn luft stige opp i atmosfæren og bli verande der i 500 år?
Det er også viktig å få avklara om CO2 har ein lineær eller logaritmisk funksjon i drivhuseffekten. Det blir vel meir og meir synleg at CO2 ikkje kan ha nokon lineær effekt etter som det ikkje kan finnast nokon samanheng mellom temperatur og CO2-konsentrasjon gjennom dei siste hundre åra. Dersom funksjonen er logaritmisk, er vel klimaeffekten oppbrukt og det er ingen ting å hente på klimakvoter, CO2-avgifter osv. Vi vil aldri kunne påverke klima med klimapolitikk og det er også heilt umogeleg å førestille seg noko over-oppheting av kloden i dette hundreåret slik IPCC hevdar.
Etter snart 30 år med einsidig påverknad i alle media om CO2 som ein skadeleg gass som truar oss menneske på Jorda, kunne det vere på sin plass med litt folkeopplysning der det kjem fram at utan CO2 vil vi ikkje kunne leve på denne planeten. Alle grøne plantar lever av CO2 gjennom fotosyntesen. Auka CO2 i atmosfæren gjev større avlingar og meir mat til ei verd som svelt. Redusert CO2-konsentrasjon gjev mindre avlingar og meir svolt. Gassen er fargelaus og luktar ikkje. Lufta vi pustar inn har 0,04% CO2, den vi pustar ut har 4%. Vi vil døy dersom konsentrasjonen kom opp i over 4%. Vi menneske pustar ut 2 milliardar tonn CO2. Det er meir enn 50 gonger alle utslepp i Norge åleine.
I starten på Jorda si historie var nok konsentrasjonen høgre, men ein voldsom produksjon av olje, kol og gass har tømt atmosfæren for CO2 og på havbotnen er det lagra fleire hundre meter tjukke lag med kalsiumkarbonat som er bygd opp av CO2. Temperaturen i havet styrer så konsentrasjonen i atmosfæren, ikkje våre utslepp. Tek ein ikkje omsyn til slika fakta, blir all diskusjon om menneskeskapte klimaendringar meiningslaus.

Magne Dvergsdal.

kva er egentleg problemet

eg satt i går kveld og såg på eit dokumentar programm på fjernsynet , det eg fekk høyre og sjå der var mildt sagt urovekkande og sterkt provoserande .
det det byrja med var tunnellane og vegen over strynefjellet , kor mange utgreingar skal ein ha ? og kvifor ? dei hadde jo allerede fått ei tillråding frå ein etter mitt syn ganske oppegåande person , men han vart som vanleg stoppa av at dei skulle ha fleire alternativ og for ikkje å snakke om konsulent uttaleleser , det som er mest skremmande opp i dette er at dei som er satt til å styre eit departemang ikkje sjølv veit korleis dei skal bruke sine eigne metodar .
det eg synest var mest skremmande var dette med slepebåt beredskapen , uttalelesane frå desse såkalla konsulentane fekk det til å gå kaldt ned over ryggen på meg , dei meinar at det er billegare å rydde opp etter eit havari enn å ha desse båtane i beredskap , det der gjennspeiler igrunn det meste om tenkemåten til politikarane våre , vi kan jo berre pisse i brokja da e iallefall heitt med det samme , kva med etterpå då , tenk deg ein supertankar med fleire hundre tusen tonn med olje , som ligger i fjeresteinane i for eks lofoten , og all den oljen renner ut ? då er det altså mykje bedre enn å ha ein slepebåt i beredskap ? og i tillegg uttalar dei samme konsulentane at fisk og miljø vil komme tillbake over ei 20 års periode ? kva med dei som faktisk har levebrødet sitt i akkurat dette området ? og som i tillegg har ein båt som er tilpassa akkurat den plassen/området , har dei rekna på kva det vil koste for enkeltmennesker å finne seg andre plassar til levebrødet sitt ? det tviler eg sterkt på , det er staten som skal tene og spare penger , korleis folk flest skaffar fram intekt til den skatten dei skal betale inn , som staten i ettertid skal sette på bok ,ja det gir desse ein lang god f*** i .
Det eg i grunn lurer mest på er ? finnest det ikkje folk i samferdsle og finansdepartemanget , som har den kompetansen som skal til ? både når det gjelder samferdsle og andre ting i samfunnet vårt ? eller kokar det ned til at ein berre hevar løn og let andre ta ansvaret for eigen inkompetanse ?
I den bransjen som eg jobbar i brukar vi ofte konsikvens utgreiing eller såkalla sja , kansje dei som sitter på penge sekken snart burde byrje å bruke dette verktøyet dei og ? og ta ei analyse på eige arbeid og effektivitet , kvifor skal det vere så vanskeleg å ta ein beslutning ? kvifor skal det ta opptil 20 år før noko skjer ? ta for eksempel skolen i bergen , kvifor kunne dei ikkje berre lage den stor nok ? kvifor sprekker alt som staten tar i ? kvifor er det ingen som tørr å stå fram og seier , dette skal vi finne ut av innen maks 6 mnd ? eg veit at vedkommande er der ein eller annen plass , men han/henne er desverre ikkje kommt ut av skapet endåg , ja ja gud signe vårt dyre fedreland , og lat for all del skogen vokse ,

Kva kostar dette, Naustdal?

Nokre spørsmål til rådmannen i Naustdal, og til varaordførar Harald Kvame som ivrar etter å fylle Førdefjorden med avfall.

Rådmannen i Naustdal er ute å “fyrer opp under…” i media i dag(23.09.2014). Naustdal kan tene gode pengar i eigedomsskatt frå avfallsdeponiet i Førdefjorden…….. Men er dette reèlt? Kva er kostnadane? Kven må ta kostnadane? Og er det desse pengane åleine som skal avgjere saka? Er det greit at Naustdal kommune skor seg på unødvendige og enorme naturøydelggingar?

Er det størrelsen på eigedomsskatten til Naustdal kommune som skal bestemme framtida til fiskerinæringane i sogn og fjordane, eller i Noreg for den saks skuld? Tykkjer verkjeleg resten av fylket at dette er ok? Fleire av dei fremste folkevalde frå fylket står på talarstolen i stortinget og snakkar fram prosjektet på Engebø. Kva er det dei driv med? Dei kan då umogeleg ha forstått kva dette dreier seg om. Kva kostnader snakkar vi om her?

Kvifor har Naustdal kommune bestemt seg for at avfallsdeponi i Førdefjorden er det einaste rette? Kvifor skal Naustdal i det heile få bestemme dette, som angår alle? Regjeringa har fått ei sak på bordet, med berre eit forslag til løysing. I tillegg viser det seg at utgreiingane er bygd opp på feil bruk av forskingsresultat, samt at mykje ikkje er utgreia i det heile. Ordføraren i Naustdal har gått ut over sine mandat i forhandlingar med selskapet, noko han har fått refs av frå fylkesmannen. Representantar frå 4 parti klaga saka inn for lovlegkontroll etter handsaminga i Naustdal. Fiskeridirektoratet har levert innsigelse. Havforskingsinstituttet er rykande ueinige i fleire av utgreiingane. Fleire faginstansar tek til orde for at saka er for dårleg utgreiia, og fleire uavhengige fagkunnige påpeikar store feil og manglar i rapportane.

Saka er eit grelt eksempel på lokalpolitisk handtverk, prega av hastverk og dårleg økonomi. Skal dette vere premissleverandøren for framtidas gruveindustri i Noreg?

Naustdal kommune vil “skimme” naturen for eit mindre millionbeløp årleg, ved å risikere mellom anna heile fiskeindustrien i Sogn og fjordane. Kva verdiar set dei då på spel? Er fiskarane og oppdrettarane i fylket klare til å byte jobb? Har reiselivet kanskje ei framtid innan gruveturisme? Har dei nemde næringane eit motreknestykke, so set vi desse opp mot kvarandre. Utifrå dei tala eg har sett, so skapar dei eksisterande næringane langt større verdiar lokalt og nasjonalt enn det dette avfallsdeponiet nokon sinne vil gjere.

Naustdal kommune har heller ikkje teke høgde for dei miljømessige kostnadane. Og kva med dei infrastrukturelle kostnadane som vil påløpe. Kva vil dette koste fylket i veginvesteringar? Kva vil dette koste den norske stat i klimakvotekjøp for å dekke opp denne enorme auken i CO2 utslepp? Kva vil tapet for reiselivsnæringane beløpe seg til? Kva vert kostnaden av omdømetapet?

Har Naustdal i det heile rekna på noko av dette? Eller har dei berre rekna ut kva eigedomsskatt dei kan få inn, etter “tenk på eit tal” prinsippet?

Trua på drivhuseffekten.

Trua på drivhuseffekten til CO2 er no på eit stadium som er tragikomisk. Når ein ny biskop tek med i si preike faren for overoppheting av kloden i dette hundreåret, då har vi kome til eit lågmål i folkeopplysning. Har klima vorte religion der du ikkje treng bevis, men berre tru? Kanskje er det også på tide å fornye religionen etter kyrkjemøtet i Nikea der begrep som Den heilage Ande vart innført?

Mange trur det skal bli varmare framover. IPCC har brukt auke i CO2 som skræmsel i klimautviklinga. Temperaturen skal auke proporsjonalt med auken i CO2. Dette er vitskapleg feil. Auken er logaritmisk. Det vil seie at effekten avtek med aukande CO2-konsentrasjon og er no komen så langt ned at vi har brukt opp 99,7 % av alt vi kan få ut av CO2 som klimapådrivar. Auka CO2-konsentrasjon i atmosfæren kan ikkje lenger gje temperaturauke. Alle spådommane om dramatiske temperaturar i slutten av dette århundre er ikkje tufta på vitskap, men på politikk. Her eksisterer ikkje lenger vitskapleg grunnlag for å tru på IPCC sine spådommar.

Kva vil politikarane gjere dersom vi får nedgang i temperaturen og ei ny istid, slik det har vore i 80-85 % av den siste millionen år? Nye istider starta alltid sjølv om CO2-konsentrasjon var på topp, og konsentrasjonen helt seg oppe lenge etter at temperatur-nedgangen hadde starta. Finst det noko klimatiltak til å unngå ei ny istid med hungersnaud og elende slik vi hadde det i den vesle istida? I ei ny istid vert det nemleg garantert kaldare,villare og våtare!

Dersom politikarane ikkje har noko klimatiltak å setje inn mot reduksjon i temperaturen, så har dei heller ikkje nokon reell klimapolitikk! Ei ny istid vil kome uansett kor mykje vi slepp ut av CO2, og då har vi i realiteten inga styring med klimaet. Kanskje er det på tide at politikarane tek inn over seg at dei har svært lite av tiltak å setje inn mot klimaendringar og den neste istid kan kome raskare enn vi trur. Lat oss sleppe å høyre på TV og i radio om klimautslepp. Klimautslepp eksistere berre i hovuda på dumme journalistar og politikarar og ikkje i den verkelege verda!

Magne Dvergsdal.

Kor høgt skal lista ligge?

I fredagsspalta ”Ettertanke” i Firda 19. sept. lurer konsulent i det norske misjonsselskap, Ingvald Andersen Frøyen på kor høgt han som kristen skal legge lista. Kva skal eg strekke meg etter, spør han. Han siterer Jesus: ”Ver då fullkomne, slik dykkar Far i himmelen er fullkomen”. Ein annan stad (Johs.14.12) seier Jesus: ”Den som trur på meg (les: den som forstår min bodskap) skal gjera dei gjerningar som eg gjer, ja, han skal gjera større gjerningar enn dei.” Merkeleg nok er dette komme med i Bibelen, men når blir det nemnt i kyrkja?

Det er slett ikkje slikt ein får høyre frå kyrkjeleg hald. Frøyen meiner at dette er umogleg, og han er ikkje åleine. Presteskapet i den norske kyrkja veit best. Det er umogleg, og dermed basta. Dessutan blir det for slitsamt. Er det slike haldningar ein så fint kallar ”det kristne håp”?

Det som gjennom 1000 år har blitt messa fram i kyrkjene er tvert imot at mennesket er syndig, uverdig og vondt av natur. Slike negative affirmasjonar har brote ned mennesket langt meir enn folk flest forstår. Det kallast sjølvoppfyllande profeti. Kyrkja har ført mennesket bort frå sitt guddommelege opphav, for vi er alle Guds søner og døtre, skapt i Guds bilete. Vi er utgått frå den guddommelege kjelda, og skal fram/tilbake til dette nivå, for himmelen er ikkje ein lokal stad ute i det blå, men det høgste medvitsnivå, som blir kalla Gud eller vilkårslaus kjærleik. Denne kjærleiken omfattar alt og alle og er identisk med sjølve livet, men blir oftast stengt inne av frykt. Bak frykta finn ein rein kjærleik. Difor er det først og fremst frykta vi må arbeide med å eliminere, for på same måte som eit tre eller ei plante har informasjonen i seg om korleis det skal bli fullkome tre/plante, har mennesket også informasjonen i seg om korleis det skal bli eit fullkome vesen. For å finne att denne infomasjonen, som for lengst er gløymt, må vi få bort frykta.

I røynda har kyrkja/presteskapet aldri forstått Jesu bodskap, like lite som presteskapet på Jesu tid forstod han, og vi veit korleis det gikk. Dei få prestane som forstår, blir avsett. Ein av desse, Helge Hognestad, har ein fast spalte i gratisavisa ”Huskelappen”, som kjem ut kvar 14. dag til 42000 heimar i Hamarområdet, der han lærer folket ein langt sannare kristendom enn det kyrkja har gjort. Desse tekstane vart i 2011 samla i boka ”Mennesket våkner”, og det er nettopp det som er i ferd med å skje i dag, at mennesket vaknar og ser bakom frykta. Dette skal ikkje kyrkja ha noko av og motarbeider det, og det er umogleg, så då så. – Men ingenting er umogleg for Gud.

Løyndomen ved vilkårslaus kjærleik er å vite at vi alle er eitt, vi er alle heilage hinsides all forstand, og det er dette som blir avslørt når ein eliminerer frykta. Frøyen seier rett nok at ”Vi skal strekkje oss ut over det menneskelege mot det evige og elske til og med dei som hatar oss; i ord, handling og bøn.” – Men ein ting er å seie det fordi det står i Bibelen. Ein annan ting er å forstå og vite med sitt medvit. Kjærleik er rein intelligens og forståing.

NIVA motseier seg sjølve

Hevdar partikkelskadar var «svært begrenset», endå 30% av fisken døydde

Min kronikk «Feil bruk av forsking» vart 14. august publisert i Bergens Tidende. Der hevda eg at rappportar om fjorddeponering av gruveavfall inneheld feil og undervurderer skadeverknader frå sevepartiklar på livet i sjøen. NIVA v/Trine Dale med fleire svarar i BT 10. september under tittelen «Tvilsom kritikk av forskningsrapporter» og i Firda 16. september under tittelen «Tvilsam rapportkritikk», men utan å tilbakevise kritikken min.

Min kritikk i kronikken pluss enkelte tilleggspunkt går kort ut på at (1) ein vitskapleg artikkel (Au et al. 2004) med vesentlege manglar er i ein rapport referert ukritisk, sjølvmotseiande og med undervurdering av skadeverknader på fisk, at (2) ein artikkel nummer to (Smit et al. 2008) er tolka feil, og at (3) NIVA er involvert i minst tre rapportar, som alle undervurderer skadeverknader. Resten av dette innlegget er ei grunngjeving for dette.

Feil på eit sentralt punkt i ein NIVA-rapport
Au et al. 2004 er refererte i NIVA-rapporten Risiko for skaderpå fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar – NIVA LNR 5689-2008. Eg har kritisert måten denne artikkelen er brukt på i rapporten, medan NIVA hevdar det er feil å kritisere denne vesle delen. Det er eg usamd i, for artikkelen omhandlar relevante konsentrasjonar for svevepartiklar i sjø og NIVA argumenterer her for ein grenseverdi på 50 mg/l.

Resultat frå artikkelen er i rapporten omtala i tabell 3 (døying over 20% m.m.) og i teksten med to setningar, derav denne: «Hos green grouper ble det observert gjelleskader allerede ved 50 mg/L men disse var svært begrenset».

Eg ville heller ha referert artikkelen slik i teksten: «I et forsøk hvor green grouper ble eksponert i seks uker for 30-35 mg/l døde 30% av fiskene (tabell 3). Bare overlevende fisk ble undersøkt, noe som er en stor svakhet ved forsøket, og disse fikk påvist gjelleskader. 30-35 mg/l var den laveste av flere konsentrasjoner som ble testet i forsøket».

Som lesarane no kan sjå, så fortel ikkje NIVA-rapporten at berre overlevande fisk vart undersøkte, noko som er kritikkverdig. Det er som å konkludere om faren ved ein influensaepidemi ved å undersøke berre dei overlevande. Omtalen «svært begrenset» er tolking, sjølv om NIVA i Firda hevdar det motsette, og den er feil. Samanlikning av dei to tekstane syner at alt av feil, feilvurdering og manglande opplysingar dreg i ein og same retning, nemleg mot undervurdering av skadeverknader. Og når omtalen «svært begrenset» vert sett i samanheng med 30% døying framstår rapporten som sjølvmotseiande. Eg har ikkje hevda at rapporten konkluderer.

Generell grenseverdi i ny NIVA-rapport
Konklusjonen kjem i ein seinare NIVA-rapport, Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden – NIVA, LNR 5875-2009. Sitat: «Marine organismer har ganske høy toleranse for partikler og nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe. Finstoff som iblant blir transportert utenfor Svanøyterskelen vil være i konsentrasjon på høyst noen få mg/l».

Rapporten manglar grunngjeving og referansar for påstandane i første setninga. Kort sagt, den første rapporten argumenterer for ein grenseverdi på 50 mg/l for fisk, men utan konklusjon, og den andre konkluderer med ein generell verdi for marine organismar, men utan grunngjeving og referansar. Dette er uryddig, og ein så høg grenseverdi som 50 mg/l er uttrykk for ei undervurdering av skadeverknader.

Generell grenseverdi i rapport frå Miljødirektoratet
NIVA meiner at ein ikkje har brukt ein slik generell grenseverdi, men om det framleis skulle vere tvil, så finst det ein rapport til, nemleg Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov – Miljødirektoratet, TA 2715-2010. Sitat: ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l”. Dette er feil bruk av ein vitskapleg artikkel (Smit et al. 2008), der resultata tyder på ein verdi under 5 mg/l. NIVA forklarar i Firda at sitatet står i eit kapittel om forskingsbehov. Endrar det på innhaldet?

Redaktør for rapporten var Jens Skei, ein deponiforkjempar ved NIVA. Så dette er kanskje ei gullgruve for habilitetsgranskarar. NIVA skriv i Firda at rapporten er førd i pennen av forfattarar også ved Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet, men opplyser ikkje det dei burde vite, at det var usemje om innhaldet.

Sitatet frå rapport nummer to syner ei viss risikovurdering, men med for høg grenseverdi. Det er nemnt få mg/l i sjøen ved Svanøyterskelen, som er fleire kilometer frå Engebø. Få mg/l er i det same konsentrasjonsområdet (under 5 mg/l) som artikkelen frå Smit et al. 2004 kan peike mot.

Partikkeltypar
Referansane som er brukte for å grunngje ein grenseverdi på 50 mg/l omhandlar stort sett naturlege partiklar, medan det i Engebøprosjektet dreiar seg om industriskapte partiklar. NIVA omtalar desse i Firda som «uforurenset partikkelutslipp fra gruvevirksomhet». Meiner NIVA at kjemikaliar nytta i prosessen ikkje festar seg til partiklar som vert slepte ut?

Dr. philos. og universitetslektor Agnar Kvellestad
NMBU – Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (Veterinærhøgskolen)

Er Norge ein totalitær stat i klimaspørsmålet?

Det er ingen nolevande menneske her på Jorda som kan seie med sikkerheit kva klima vi vil ha i slutten av dette hundreåret, eller om 15 år for den saks skuld. Men det blir framsett påstandar om dramatiske klimaendringar som alle går ut på at det skal bli ein kraftig temperatur-auke, kanskje opp imot 6 grader fram til 2100. Alt på grunn av oppgang i CO2-innhaldet i atmosfæren. Historisk har CO2 aldri hatt slik innverknad på klima. I den førre mellomistida for 125 000 år sidan sto havet kanskje 5-6 meter høgre enn i dag. For å få få havet opp på det nivå, må det smelte enorme mengder is. Vi kan vel trygt seie at på den tid var det ikkje snakk om togradersmålet og det fanst heller ikkje ansvarlege politikarar til å styre klimaet.
Her må det ha vore mykje høgre temperaturar utan klimautslepp. Her var det ikkje CO2 som førte til det varme klima og det var heller ikkje noko tipping point, for etterpå kom ei ny istid. Norske forskarar har elles funne ut at det under siste istid var fleire brå og store endringar av temperaturen opp mot 10 grader. Ingen av desse klima-endringane skuldast CO2.
Men høyrer ein på NRK enten på TV eller radio, så er det berre snakk om klimautslepp og om CO2 sin skadelege verknad på klimaet. Ikkje ein einaste journalist har nokon gong kome med motførestillingar. Kanskje ikkje så rart, når all undervisning i skulen baserer seg på at CO2 er ein forureining og ikkje den viktigaste gassen for livet på Jorda. Undervisningsforbundet gjev støtte til lærarar som vil undervise i skulen om klima. Føresetnad for støtte er at undervisninga baserer seg på det Bjerknessenteret og CICERO står for i klimasynspunkt. Ja, til og med i barnehagar vert det snakka om klima. Bør borna utvikle klimaangst?
Når politikarar i si rolle som ansvarlege for vårt gode liv på Jorda, tek på seg ansvaret for utviklinga av klimaet, er det då så rart om mange trur på dei når dei står fram på skjermen dag etter dag,veke etter veke, år etter år med same bodskapen om at klima er truga om vi ikkje betaler CO2-avgifter eller køyrer el-bil? Norske politikarar er fantastisk gode på symbolpolitikk på TV og det er ikkje måte på kva omsorg dei har for klima! Vi må berre betale endå meir CO2-avgifter, så vil politikarane syte for at vi får eit ideelt klima i åra som kjem og det vil aldri kome fleire istider eller slike varme klimatilstander som vi hadde for 7-8 000 sidan. Er det nokon her i landet som skuldar Nord Korea for å drive indoktrinering og einsretting?

Magne Dvergsdal.

Survival of the fittest

Darwin, og også andre i hans tid, tok til å forstå at livet på jorda alltid hadde endra seg. Kyrkja, som studerte Bibelen og ikkje naturen, kunne også her med sedvanleg autoritet slå fast at naturen ikkje endra seg, men tvert imot til evig tid er, var og vere skal akkurat slik Gud hadde skapt alt, inkludert alt liv, for grovt rekna 6000 år sidan.

”The fittest”
”To fit” betyr å passe inn, og ”the fittest” altså den som passar best inn i omgjevnadene sine. I norsk tradisjon har Darwin vorte oversett med ”overlevinga til den sterkaste”, men det ei ikkje eit godt ord å forstå Darwin gjennom. Dei som studerer fossilar, finn fleire og fleire døme på livsformer frå fortida, livsformer som no er utdøydde. Livsformer har alltid kome til og gått til grunne. Dette er evolusjonen. Vi kjenner omgrep som Darwinisme eller utviklingslæra.

Stabile livsformer
Krokodillen vart til for om lag 84 millionar år sidan. For nokre år sidan var eg på elvesafari på Nilen. Der var turar på land, og ein kunne få klappe krokodilleunger. Nilkrokodillen er nemleg utryddingstrua, og Egypt betalar bønder langs Nilen for å ale opp krokodillar. Den held på å ikkje bli fit nok.

Støren i yangtzekiang
Denne kinesiske elva er den tredje lengst i verda. Langs denne elva har der i fleire tusen år levd om lag ti prosent av folk a på jorda. Desse folka har utvikla eit svært grøderikt jordbruk. I elva lever ein stør som er 140 millionar år gamal. For å leve så lenge må ein vere mellom dei aller mest fitted. Men også for den som har vore tilpassa omgivnadene i 140 millionar år, er der grenser for kva ein kan tilpasse seg. Elva er no oppstykka med eit stort tal demningar. Fabrikkar av alle slag pøser ut avfallsstoff, mange av dei giftige. Kinesiske forskarar meddeler no at i fjor vart det ikkje fødd ein einaste stør. Baji-delfinen, som også levde berre i yangtzekiang, forsvann i 2006.

Romskip på besøk
Ein gong, eg vil ikkje spå når, kjem romskip på besøk til jorda.Vesena om bord skaffar seg innsyn i jorda si historie. Dei finn at mange livsformer har kome til og har døydd ut, slik Darwin forstod. Dei finn ut at der har vore fem store katastrofar, som den dei fleste av oss har høyrt om for 65 millionar år sidan då dinosaurane forsvann. Og så finn dei at vesen som vart kalla menneske, som levde på jorda berre i eit blunk av tid, og greidde å utrydde svært mykje av livsformene. ”The fittest” var ikkje nok ”fitted” til å leve saman med menneska. Heller ikkje støren i yangtzekiang.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Kva bestemmer konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren?

Dagleg høyrer vi på TV og i radio om klimautslepp og om at dette er skadeleg for klimaet. Er dette reelt eller er det berre tøv som baserer seg på minimal kunnskap om CO2 og om klima. Det er langt tilbake at forskarar fann ut at det var ein plass mellom 18 000 og 22000 gonger så mykje CO2 lagra i havet åleine som i atmosfæren. Likevel vert det påstått at våre utslepp skal gjere havet surt. Om havet tok opp all CO2 frå atmosfæren, så ville det ikkje ha innverknad på ph i havet. Spørsmålet er om vi tilfører så mykje CO2 at havet og planteriket ikkje kan ta opp desse såkalla klimautsleppa og om dei kan verte lagra i atmosfæren og føre til auka CO2-konsentrasjon slik det no vert framstilt av Stoltenberg og FN.
Henrys lov om stor evne til oppløysing av CO2 i vatn gjer det vanskeleg å tru på teorien om menneskeskapte klimaendringar. Havet si evne til å oppta CO2 er avhengig av temperaturen i havet. Kaldt vatn tek opp CO2. Når vatnet vert oppvarma avgjer det CO2. Det ser vi igjen i iskjerner frå Grønland og frå Antarktis. Når Jorda gjekk inn i varmare periodar tok det nokre hundre år før havet vart oppvarma og frigjorde CO2 til atmosfæren. Men det tok minst like lang tid å redusere konsentrasjonen av CO2 når Jorda gjekk inn i ein kaldare periode. Havet skulle nedkjølast før det var i stand til å ta opp meir CO2 frå atmosfæren. Det er årleg ein utveksling av CO2 mellom hav og grøne plantar og atmosfære som er mykje større enn enn våre klimautslepp. Om vi prøver å lagre CO2 for å redde klima, så kjempar vi mot naturen. Det vi tek vekk av CO2 vil havet fylle på for å opprette balansen. Derfor var Mongstadprosjektet galmannsverk og det er også alle klimatiltak som går ut på å redusere utslepp av CO2. Aukar vi utsleppa, vil havet oppta meir CO2 for å skape jamvekt i systemet. Atmosfæren er berre eit mellomlager av CO2. 3/4 av våre utslepp kjem frå den nordlege halvkule der det er mest landområde. Men det er same konsentrasjon på den sørlege halvkule der det er mest berre hav. Er det havet som styrer CO2- konsentrasjonen eller er det våre utslepp?
I 1991-1992 hadde vi eit kraftig utbrot av vulkanen Pinatubo med store utslepp av CO2. Det var heller ikkje reduksjon av klimautslepp. Likevel vart det berre ein liten auke av CO2-konsentrasjonen. Ut frå IPCC sin forståing av CO2-kretsløpet, skulle vi forvente ein kraftig auke av CO2 i atmosfæren. Dette var ein demonstrasjon av havet si evne til raskt å ta opp CO2 frå atmosfæren. Korleis kan då vi menneske klare å påverke CO2-konsentrasjonen med våre klimatiltak?

Magne Dvergsdal.

Fridom - løyndom: ein skrivekonkurranse.

Sogn og Fjordane skrivelag fyller 30 år i 2015, og i det høve arrangerer laget ein skrivekonkurranse i haust. Leiar i Skrivelaget, Anne Marie Baugstø-Hartvigsen, lokkar med både pengepremiar og publisering av dei beste tekstane i ein antologi. Tema er fridom eller løyndom, og sjangeren er novelle. Konkurransen er for folk som bur i, eller har tilknyting til Sogn og Fjordane. Teksten skal vere på norsk, og det vert oppmoda om å bruke nynorsk.

Vi håpar å nå ut til fleire skrivelystne i Sogn og Fjordane, seier Anne Marie. Vi trur det er mange som gjerne vil utforske skrivinga, og som kan ha glede av å gjere det i eit fellesskap som Sogn og Fjordane skrivelag. Ho legg ikkje skjul på at litt av intensjonen med skrivekonkurransen er å rekruttere nye medlemmer til Skrivelaget. Kjekt om mange ungdommar tek utfordringa og sender inn tekstar. Laget har kring 30 aktive medlemmer, frå unge forfattarspirer til heiltids forfattarar i alderen 20 til nesten 90 år. På skrivekursa har det vore deltakarar heilt ned i ungdomsskulealder.

Skrivelaget blei grunnlagt i 1985 etter ein skrivekonkurranse Sogn og Fjordane Magasin arrangerte. Den kritikarroste forfattaren Kjartan Hatløy kom med i laget nesten frå starten, og fortel at Skrivelaget var viktig for han i startfasen av forfattarskapet. Han hugsar det var stas å bli publisert i Skrivelaget sine antologiar. – Kva er meir naturleg enn å markere trettiårsjubileet med ein skrivekonkurranse og ein antologi? spør Anne Marie Baugstø-Hartvigsen. I tillegg til dei beste tekstane frå konkurransen kjem antologien til å innehalde tekstar frå Skrivelaget sine medlemmer.

Men er ikkje novelle ein vanskeleg sjanger? – Jau, det er det kanskje, men samstundes er det ein sjanger som dei fleste kjenner til, meinar Anne Marie. Det finst mange tips til kva element ei novelle kan innehalde, men grunnleggjande gjev novellesjangeren ein stor grad av fridom, slik at kvar enkelt forfattar kan finne si eiga form. Men det hastar å komme i gong med skrivinga. Fristen er 10. oktober. Meir detaljar kan jo folk finne sjølv på den nye nettsida vår.

Politisk havari i kraftbransjen

Vindkraftplanane syg pengar ut av kraftselskapa. På fire år har dei sju største kraftselskapa på Vestlandet tapt ein kvart milliard kroner, melder NRK. BKK har fått nok og gjev opp vindkraft, men Vestavind Kraft seier eigarane vil satse vidare.
Største eigaren i Vestavind er Sogn og Fjordane Energi, med 56 prosent. Tafjord kraftproduksjon har 34 prosent og Sognekraft 10 prosent. Vestavind har inntekter av nesten 700 GWh vasskraft i Svelgen, men resultata før skatt har kvart år vore negative. Selskapet betaler altså ikkje skatt.
Sogn og Fjordane Energi har åleine tapt 36 millionar kroner på vindkraftselskapa. Dette fell saman med at prisen på elektrisk kraft er nesten halvert på fire-fem år. Det blir mindre og mindre utbytte til eigarane, og Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største.
Årsaka til dei dårlege tidene i kraftbransjen er ikkje naturskapte vanskar eller andre hendingar som det ikkje var grunn til å vente. Straumprisane har falle nesten til det halve av den enkle grunnen at produksjonen er for stor. I meir enn ti år har forbruket lege om lag stabilt, utan vekst. Nye turbinar leverer kraft som ingen har bruk for. Det står ofte at dei gjev straum til så og så mange husstandar. Problemet er at alle husa har straum nok frå før.
Politikarane i Sogn og Fjordane har konsekvent vore hissige etter å få nye kraftverk i drift. Det har ikkje lukkast å finne ein einaste utbyggingssøknad som fylkesutvalet har gått i mot, sjølv om tilrådingane frå fylkesrådmannen av og til har vore negative. Med uvisneleg iver har fleirtalet gjort sitt beste for å få opp den kraftproduksjonen som nå tvingar prisane nedover. Og verre skal det bli, seier fleire som har følgt betre med i utviklinga enn fylkesutvalet.
Konsekvensen er at kraftverka, som gjekk med overskot og gav monaleg pengar til kommunane og fylkeskommunen, dei må slite med årsresultat som ikkje gjev rom for utbyte til eigarane. For nye installasjonar gjev heller ikkje elsertifikata den hjelpa som mange hadde håpa. Det første småkraftverket i landet er selt til utlandet. Over hundre var teknisk konkurs alt i 2013.
Status er at dei folkevalde og partia har klart å legge mange elvar under jorda, og dei har klart å få mindre pengar å rutte med i budsjetta. Ein kvart milliard kroner har altså dei største energiselskapa tapt i vinden. Vestavind Kraft har åleine skrive ned 60 millionar, men direktøren går optimistisk vidare som ein kupongkjøpar i Lotto. Alt tyder på at våre politisk leiande enno held gløden oppe etter fleire raude tal i kraftbransjen.
Erik Solheim, Førde

Talentutvikling

Jan Tore Jåstad ved Fotballkretsen kjem i eit tilsvar til mitt innlegg om talentlaus forballutvikling i SUNNFJORD med ei rekke utgreiingar som ikkje var tema for mitt innspel (flink 14 åring frå Vikane, jentefotball , flinke spelarar frå klubbar i Nordfjord og Sogn, storleiken på Førde Fotball og mykje meir). Ser det difor berre naudsynt å kommentere nokre punkt som er relevante i høve mitt innlegg.

Kretsen vil gje foreldre og trenarar eit meir nyansert bilde, skriv Jåstad. Noko av bakgrunnen for mitt innspel var pågang, over tid, frå mange av desse desse om å ta opp dette temaet. Over femti postitve tilbakemeldingar på mitt innlegg tyder på at ein del kjenner seg igjen i mi framstilling.

Jåstad hevdar at kretsen ikkje har hatt soneansvarlege frå Florø dei siste ti åra. Då er spørsmålet: Kva rolle har den aktive medarbeidaren frå Florø hatt,, som saman med Artur Norevik, har vore sterkt innvolvert i samtlege sonesamlingar som eg har vore til stades på ?

Jåstad finn det merkeleg at mitt lag har vunne 12-årsklassa. Når spelarane mine var 7 år viste dei at det vert delt ut tre poeng for siger og eitt for uavgjort. Dei rekna fort ut kor dei låg an, sjølv om desse “hemmelege” tabellane ikkje var å finne på kretsen sine sider.

Jåstad advarer meg om å trekke fram klubbar som er flinke på talentutvikling. Kretsen har ved fleire høve gjort det og då er det kanskje tillatt for meg også.

Vidare vert det hevda at den som er god nok…trenar nok, vert teken ut på sonelag. Meiner Jåstad at det er sunt og riktig a tEIN eller to gjengangarar skal vurdere kven som er god nok. Kjenner denne guruen til kor mykje treningstid som vert lagt ned i sin lokale klubb? Dette var eit av poenga i mitt innlegg.

Kor i mitt innlegg finn Jåstad påstanden om at det ikkje kjem flinke spelarar frå Florå og Førde. Eg skreiv at småklubbane ikkje kunne hevde seg i øverste divisjon -åleine. Det vert også hevda at skilnaden mellom dei store klubbane i Sunnfjord er vorte påtageleg stor. Kor er dokumentasjonen som syner dette?

Jåstad avsluttar innlegget slik: “Det å gjere ting i lag og dra vekslar på kvarandre, dele anlegg og trenarkrefter kan berre vere postivt og SSFK stiller gjerne som drøftingspartnar-bidragsytar i ein slik prosess”

Dette var vel det beste poenget i innlegget og ei erkjenning eg var ute etter!

Har den «sunnfjordske skepsisen» innhentet østlendingen Roy Sævik?

En har i de siste dager kunne lese at undertegnede er beskrevet som en pessimist både på sosiale medier, i nettavisen til Firda og i senest i papirutgaven av Firda 12.09.2014.

Bakgrunnen er at undertegnede ved et ærend i nærbutikken i Stongfjorden traff på en ivrig Firda journalist som ville intervjue tilfeldige kunder om deres syn på nedleggingen av butikken i Stongfjorden.

Jeg skal innrømme at jeg overfor journalisten beskrev at jeg ser noen mørke skyer over Stongfjorden om dagen, basert på resultatene av nedlegging av skolen, risikoen for at Marine Harvest sin planlagte etablering ikke blir realisert, og nå det faktum at butikkdriften legges ned.

Men, jeg trakk også fram flere positive utviklingstrekk, blant annet etableringen av Norsk Bergsikring AS i Stongfjorden som nå har 26 ansatte og er blitt en betydelig arbeidsgiver i Askvoll kommune.

Firda skrev om nedleggelsen av butikken i Stongfjorden på sin nettavis 09.09.2014 i papiravisen 12.09.2014. Firda journalisten valgte dessverre kun å fokusere på de negative sidene i mine uttalelser og lot være å trekke frem de positive sidene jeg trakk frem. Dette synes jeg er beklagelig og har derfor å korrigere det gjennom dette innlegget.

Vanligvis oppfatter jeg Firda som en real avis, med journalister som utøver sitt fag på en forsvarlig og korrekt måte. Jeg gav en balansert fremstilling av utviklingen av Stongfjorden, Firda valgte å fremstille den ubalansert. Videre gav jeg journalisten skriftlig beskjed på epost om at jeg ville ha sitatsjekk, men fikk det likevel ikke. Hadde jeg fått det, hadde det vært mulig for meg å korrigere den feilaktige fremstillingen.

Jeg er glad i bygda og ønsker den alt vel i fremtiden og ønsker selv etter beste evne å bidra til ny utvikling.

Dale, 13.09.2014
Roy Sævik

Gaza; militærdoktrinen og menneska

Ein militærdoktrine uttrykkjer den strategiske tenkinga for kva denne militærmakta vil oppnå, og korleis oppnå dette. Den som er sterk vil ha ein annan doktrine enn den som er svak. Eit velkjent døme: Hitler ville tvinge Storbritannia til å inngå ein avtale i 1940 ved å bombe britiske byar. Men han hadde ikkje bombekapasitet nok. Seinare i krigen hadde Storbritannia og USA bygt opp bombeflykapasitet til å bombe tyske byar nok. I begge tilfella var tenkinga lik: å påføre sivilbefolkninga store lidingar med fullt overlegg for å skremme dei frå å yte motstand. Begge mislukkast, for folket kjempa vidare.

Dahiya-doktrinen
Israel har eit overlege flyvåpen, og har kapasitet til å bombe det dei vel å bombe. I 2006 var det ein stor krig i Libanon. Israel bomba store bustadområde i Dahiya, ein bydel sør i hovudstaden Beirut. Den såkalla Dahiya- doktrinen er knytt til General Gadi Eizenkot; massiv bombing av sivile mål ville vende sivilbefolkninga mot den militære fienden. Dahiya vart bomba flatt, men folket let seg ikkje kua.

Gaza
Israel bomba Gaza i 2008- 2009 etter same doktrinen. I tillegg øydela dei store jordbruksområde med bulldosarar. Tanken: Vart prisen for motstand høg nok, ville Gaza late seg kue. No i 2014 gjekk Israel på ny inn med bakketroppar i Gaza, og bomba Gaza verre enn nokon gong. Grunngjevinga frå Israel var at tre tenåringar i Israel vart kidnappa 12. juni og attfunne skotne 28. juni. 2. juli vart ein palestinsk ungdom kidnappa. Han vart torturert og brend levande. Dette er grusomme handlingar, men er ikkje truverdige årsaker til krig. I april 2014 inngjekk Fatah og Hamas ein avtale om å samarbeide. Ein slik avtale vil undergrave Israel sin politikk, som byggjer på at desse to er splitta. Krigen i 2014 må forståast ut frå ei klar melding frå statsminister Benjamin Netanyahu til president Mahmoud Abbas: ”Lagar du fred med Hamas, kan du gløyme fred med Israel”. Angrepet på Gaza vert forståeleg som eit trekk frå Israel for å øydeleggje samarbeidet mellom Fatah og Hamas.

Assymmetrisk krig
Krigen varde i 51 dagar. Israel bomba Gaza 5000 ganger, med 20 000 tonn eksplosiv. Over 2000 palestinarar vart drepne, 10 000 skada. 80 moskear vart bomba. 16- 17 000 bueiningar vart bomba. 400 000 vart gjorde til interne flyktningar. 24 helseinstitusjonar vart bomba; av dei 4 sjukehus som måtte stengjast. 216 skular vart skada eller øydelagde ved bombing. Mange søkte tilflukt i FN-drivne skular. Israel okkuperte Gaza-stripa frå 1967 til 2005 og kjenner byen i detalj, og visste nøyaktig kvar FN-skulane låg. Likevel sende styresmaktene i Gaza kartkoordinatane for FN-skulane til Israel gang på gang. Likevel vart også desse skulane bomba. 103 skular har måtta omgjerast til krisebustader for 33 000 internt fordrivne. Alt i utgangspunktet var det krise i skuleverket. Der var for få skular; 80 prosent av skulane dreiv med to skift. No er det verre.

Produksjon øydelagd
170 000 mål jordbruksland vart øydelagt av stridsvogner, artilleribombardement og luftangrep. På gardane vart bygningar, frukt- og oliventre øydelagde.
Halvparten av fjørfeet døydde. Ein storgard med mjølkeproduksjon hadde 370 kyr, som alle døydde. Titusenvis av sauer og geiter vart drepne. Ein fabrikk som laga kjeks og iskrem vart bomba. På grunn av vanskar med å få kjøpe råvarer hadde dei store varelager, som vart øydelagt. 450 miste arbeidet berre der. Den strategiske tenkinga bakom Israel si krigføring; Vert prisen for motstand høg nok, vil Gaza late seg kue. Kalkylane seier det vil koste 40 milliardar kroner å byggje opp att det Israel har øydelagt. Og oppbygginga vil ta 20 år. Israel sine kostnader med krigen er kalkulert til 15 milliardar kroner. Øydeleggingane i Gaza etter krigane har verdssamfunnet spleisa på å erstatte, ikkje minst har Noreg bidrege. Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, seier: ”Vi kan ikke fortsette med å bruke skattepenger på å gjenoppbygge det som jevnes med jorden annethvert år”.

Menneska
Bakom alle desse tala lever menneska. Greier vi å sjå liva for dei som krigen råkar? NRK-journalistar har vorte angripne for å ha gjeve eit for tydeleg bilete av konsekvensar for menneske i Gaza. Vener av Israel hevdar at dette vert ubalansert, og Israel kan kome i eit for dårleg lys. Ville dei kritisert manglande balanse om styrkeforholdet var omsnudd og israelske byar vart bomba på same vis av palestinske bombefly? Ein kirurg fortel om bombeskadde som strøymer inn, også ein 8 år gamal gut. Han skrik og skrik, og kirurgen bøyer seg over han for å høyre kva han skrik; Ver så snill doktor; Lat meg vere. Redd broren min, redd broren min! Broren låg i nabosenga, livlaus og dekt av blod. Han vart to år. Dei klarte å redde 8-åringen. Israelske styrkar nærma seg bustaden til familien Qudeh. Bulldosarar knuste hus omkring dei. Familien gjekk i kjellaren. Raghad på 20 år fortel: Onkelen min Tawfiq på 64 år gjekk ut med eit kvitt flagg; Eg er ein fredeleg mann. Her er det berre kvinner, barn og eldre. Han hadde arbeidd i mange land og snakka til soldatane på engelsk, hebraisk, arabisk og spansk så dei heilt sikkert skulle forstå han. Ein ung soldat skaut den uvæpna Tawfiq på kloss hald. Så rygga soldatane og kasta tåregass ned i kjellaren der 20 menneske klumpa seg saman. Soldatane plukka deretter ut menn frå kjellaren og brukte dei som levande skjold når dei skaut. Den norske kirurgen Erik Fosse har lang erfaring frå teneste i Gaza, både under krigstilstand og elles. Han seier om krigen i 2014: ”De bomber de sivile nå, overalt. Det er den største forskjellen”.

Etter krigen
Den strategiske tenkinga bakom Israel si krigføring; Vert prisen for motstand høg nok, vil Gaza late seg kue. Men Gaza er ikkje kua. Israel ville bombe sund avtalen mellom Fata hoh Hamas. Det palestinske folket krev slutt på splittinga. Kanskje held avtalen. Framtida får gje svar. 18 år gamle Mona Arir miste far, bror og to onklar. Vi er glade for sigeren, men for meg er det ein veldig bitter siger. Vi vann, med du verda så bitter sigeren er for dei fleste, seier ho. FN sitt menneskerettsråd har vedteke å granske Gaza-krigen. Det vart røysta over om rådet skulle nedsetje ein granskingskommisjon. 29 land røysta for, 17 avhaldande, og berre USA røysta imot. Israel nektar å samarbeide med kommisjonen, som vert leia av den kanadiske folkerettseksperten William Schabas. Framstillinga skal vere balansert. Rapporten vil bli grundig diskutert. Ikkje alle ønskjer den grundige og balanserte sanninga velkomen.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

TALENTLAUS FOTBALLUTVIKLING I SUNNFJORD

Må få takke for 47 positive tilbakemeldingar, via mellom anna nett, FB og mobil (så langt) på mitt innspel under denne tittelen i Firda