Viser arkivet for stikkord mining

Naustdal si månelanding

Kjære kommunestyrerepresentantar i Naustdal. Onsdag 11. mai skal de ta stilling til den økonomisk aller sett største saka de nokon gong vil gjere (privat, profesjonelt og politisk). Eg snakkar sjølvsagt om rutilutvinninga på Engebø. De kan seie ja til å nærast gje vekk milliardbeløp no, mot å få småpengar og miljøutfordringar att, i ei sak som først i det aller siste har blitt skikkeleg dekt frå begge sider. Eller de kan seie klårt ifrå om at de treng meir tid til å forhandle fram ein avtale som er god og gjennomsiktleg også for medinnbyggjarane dykkar som de representerer. Det siste er heilt klart mest lojalt i høve veljarane.

I ei så stor sak, “Naustdal si månelanding,” er det viktig å planlegge nøye og å ta alle førehandsreglar. Det første månelandingsfartyet de får tilbod om er garantert ikkje det beste eller tryggaste. Og planen de legg kan ikkje vere gjenomarbeidd nok.

Les meir…

11. september 2001 - 11. mai 2011

Vi takkar siviløkonom Øystein Djupvik, Naustdal for hans debattinnlegg 4. mai 2011. Her skriv han om sideavtala som ikkje inneheld stor kompensasjon for miljø-, omdøme-, og samfunnsrisiko. Avtala bør avvisast, seier Djupvik. Dette er vi einig i. Det første tilbodet er ikkje det beste, har han også sagt. Administrasjonane i kommunane har gjort ein grundig jobb. Men kva med den politiske prosessen? spør Longvarstøl 28. april. “Kritiske refleksjonar frå sentrale politikarar har vore fråverande, på grensa til det pinlege. Politikarar har også plikt til å vere advokatar for miljøet, ikkje berre for næringslivet”, seier Longvarstøl. Fjordvegen Førde- Stavang er ein av Noregs vakraste. Fjordane her vest ligg på Unescos verdsarv- liste og har vore fleire gonger kåra til verdast fremste reisemål. Så her må ein gå varsamt fram og vere føre- var på kva ein tillet av satsingar.

Bodnariu og Håland, Redal ved Magny Rose Håland

KULTUR- OG NÆRINGSFOND I NAUSTDAL?

Det var med stor interesse eg fann den nylig framforhandla sideavtalen med Nordic Mining godt gjømd i postlistene til Naustdal kommune på deira internettsider, og ikkje som ein del av ”Engebøprosjektet” slik eg hadde forventa.

For å kunne seie noko om og forstå denne sideavtalen er det mi meining at det er viktig å sette seg inn i sjølve avtalen, og ikkje nødvendigvis stole på kva andre trur og meinar om innhald og betydning.

Frå fleire hald ser det ut til at ein sit med eit inntrykk av at sideavtalen omhandlar eit ”nærings- og kulturfond” og at Nordic Mining ASA (NM) legg heile 30 millionar inn i eit slikt fond.

Undringa var derfor stor når eg las denne sideavtalen. Forventningane i utgangspunktet var langt frå skyhøge, men det var nesten som eg ikkje trudde det eg las.

Kvar er dette fondet? Uansett kor mykje ein leitar i den to sider lange avtalen så er ikkje ordet ”fond” nemnt ein einaste gong. Eg har ein følelse av at vi vert haldne for narr!

Så kva seier sideavtalen eigentleg?

Avtalen seier at det skal opprettast eit aksjeselskap kontrollert av Nordic Mining. Dette selskapet har som formål å ”auke kommersiell utnytting av mineralressursen i Engebø”, og vert omtala som eit ”industri- og mineralinkubatorselskap”.

I årsrapporten til Nordic Mining for 2010 beskriver NM sjølv sin visjon som: ”Vi skal være et ressursselskap med integrerte operasjoner i leting, utvinning og foredling av høyverdige mineraler og metaller”.

Selskapet som vert oppretta skal altså gjennomføre forsknings og utviklingsaktivitetar (FoU) som underbygger NM sin visjon. Det bør derfor vere heilt klart at dette er aktivitetar som NM vil gjennomføre uavhengig av denne sideavtalen, då det er i deira eigeninteresse og forankra i deira eigen visjon.

NM viser med denne avtalen at dei er ekstremt dyktige til å berike sine aksjonærar. I tillegg til at dei sjølv seier at selskapet sine aksjonærar vil bli berika med meir enn 350 millionar dollar frå Engebø, har dei klart å få subsidiar frå skattebetalarane. Ved å skilje ut delar av selskapet sine FoU-aktivitetar knytt til Engebøprosjeket i eit eige selskap som ’folk flest’ ser ut til å tru er eit nærings- og kulturfond, klarer dei å løyse ut 15 millionar kroner frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, samt at det er ei målsetning om å løyse ut ytterlegare 15 millionar frå staten.

NM har også klart å nytte seg av eit eldgamalt triks for å blåse opp verdiane i avtalen, ved å snakke om framtidige utbetalingar som ikkje er indeksregulerte. Eg trur folk flest er klar over at 1 krone i framtida ikkje er like mykje verdt som 1 krone i dag.

No er det slik at ein ved å nytte heilt ordinær finansmatematikk kan seie noko om kor mykje framtidige pengesummar er verdt i dagens pengeverdi. Forutsetter ein at rutilproduksjonen er etablert om 5 år og det er 5% årleg lønsvekst er Nordic Mining si samla innskotsplikt begrensa til 1,8 millionar kr pr år i ti år. Ikkje totalt 30 millionar slik ein ved første augekast kan få inntrykk av. Dess lenger det tar før ordinær produksjon er etablert, og jo høgare lønnsveksten i samfunnet er – jo lågare vert verdien av denne innskotsplikta.

NM vil faktisk stå for mindre enn halvparten av innskotsplikta i selskapet dei sjølv skal kontrollere. Resten skal kome frå stat og fylkeskommune. Offentlege pengar vert altså brukt i arbeidet for å fullbyrde NM sin eigen visjon og tene ytterlegare pengar for aksjonærane. Dette kan vanskelig forståast som noko anna enn ei offentleg subsidiering av eit børsnotert selskap.

Kva får så Naustdal kommune i følgje denne avtalen?

Ein får i alle fall ingen garanti om korkje antall arbeidsplassar eller størrelse på eigedomskatt. Det er både underlig og bekymringsfullt.

Avtalen slår fast at gruva si ”dagleg leiing med operative funksjonar vert lagt til kommunen.” Sjølvsagt er det greitt å slå dette fast i ein avtale, men er det truleg at dette ikkje skulle bli lagt til kommunen uansett? Eg vil i alle fall tru at den daglege styringa av gruvedrifta, produksjonsanlegget og vedlikehald av maskiner og utstyr er svært vanskelig å få gjort på ein god måte frå Aker Brygge.

Naustdal kommune får også ein styrerepresentant i inkubatorselskapet, samt at selskapet seier det skal bidra til kunst og kultur i Naustdal og Askvoll .

Rekna i dagens pengeverdi er NM sitt årlege innskot i selskapet 1,8 millionar, og avtalen seier at hovuddelen av midlane skal gå til sine eigne næringsaktivitetar. Når løn, arbeidsgjevaravgift, husleige, konsulenttjenester, reisekostnader, telefon, porto og papir til kopimaskina er betalt, kor mykje er då att til kunst- og kulturaktivitetar i dei to kommunane?

Dersom gruvedrifta vert ein realitet er det flott at NM har som intensjon å utvikle prosjektet, og som innbyggjar i kommunen har eg ikkje noko imot at statlege midlar vert brukt her. Men å forstå denne avtalen som at den omhandlar eit ”kultur- og næringsfond” vitnar om at ein enten ikkje har lest avtalen eller forstått innhaldet. Mest truleg begge deler.

Det vert ikkje oppretta korkje kultur- eller næringsfond i Naustdal. Naustdal Kommune får ingen kompensasjon og ingen midlar til fri bruk. Dei som i samband med denne avtalen åtvarar mot korrupsjon stiller seg sjølv i eit underlig lys.

Naustdal Kommune har liten grunn til å vere ein part i avtalen slik den ligg føre. Avtalen omhandlar i all hovudsak forhold i NM si eigeninteresse og der størsteparten av pengane kjem frå stat og fylke.

Samstundes med at NM etter eigne utsegner reknar med å gå med hundretals av millionar i overskot pr år, skal altså stat og fylkeskommune overføre fleire tiltals millionar til eit selskap som er kontrollert av NM og som arbeider for at NM skal tene endå meir pengar. Flott for NM.

NM viser med denne avtalen at dei ikkje tar sitt samfunnsansvar på alvor, men nyttar skattebetalarane sine pengar til å berike eigne aksjonærar på bekostning av miljø, samfunn og Naustdal sitt omdøme.

Så lenge sideavtalen ikkje inneheld ein betydelig kompensasjon for miljø-, omdøme- og samfunnsrisiko må avtalen avvisast. Eg har enno til gode å høyre eit einaste gyldig argument om kvifor Naustdal ikkje skal ha ein slik kompensasjon. Ein kompensasjon vil korkje spenne beina under prosjektet eller frårøve aksjonærane det som kan omtalast som ein framifrå avkastning.

Eg vil oppfordre den interesserte lesar til å gå inn på postlistene for den 18. april på Naustdal Kommune sine internettsider og sjølv lese avtalen.

Øystein Djupvik

Nordic Mining svarar Naustdal SV

Det er prisverdig at Nordic Mining ser seg nødde til å svare Naustdal SV, etter ein reportasje i Firda 12.04.2011. Dette viser i beste fall at dei finn krava vi har sett fram relevante.
Problemet er berre at det er Nordic Mining som tek på seg det politiske ansvaret ved å svare.
Bakgrunnen for reportasjen er at Naustdal SV har formulert nokre krav til den politiske handsaminga av saka, krava var ikkje meint som ei direkte oppfordring til svar frå utbyggar, i media.
Vi har gjennom ein lang prosess(Nordic Mining meldte si interesse i 2006) aktivt bidrege til å skape debatt om prosjektet, og desse krava har vekse fram hjå oss under denne prosessen.
Krava har materialisert seg utifrå enrome mender dokument, folkemøter, planprogram, konsekvensutgreiing/reguleringsplan, og lange diskusjonar innad i partiet samt i dei nemde folkemøter.

Det som heilt klart er eit problem med handsaminga av den potensielt største saka i nyare tid(iallefall i vår kommune), er at kommunestyret i Naustdal framleis ikkje har debattert saka.
Dei folkevalde har ikkje ein gong vore på Engebø og synfere området som er omsøkt regulert til “stor industri”. Kvifor er det slik?
Med so store konsekvensar og so store utfordringar som denne saka har vist seg å by på, er det vel å forvente at dei folkevalde har gjort seg grundig føre før ein går til vetak?
Men å gå til vedtak 11.05.2011 etter nær 4 års sakshandsaming, utan å ha diskutert saka i kommunestyresalen ein einaste gong, kan vel få dei fleste til å lure på kva det er vi har drive med.

Eg har stor forståing for at debattane som har rast i media, der debattantane vert sett opp mot kvarandre og meiningane kraftig “polarisert”, vert litt for mykje for “mannen i gata”.
Men slik vert det når dei folkevalde ikkje får diskutere sakene i kommunestyret, då vert media einaste talerøret.

Alle gongane Naustdal SV har prøvd å få saka på bordet til dei folkevalde, har ordførar Haakon Myrvang avist dette med at “…vi skal handtere dette når administrasjonen har kome med si tilråding”.
Ordførar Haakon Myrvang har klart det kunststykket å føre denne saka fram til handsaming utan politisk debatt og utan synfaring. Er dette ein “inkluderande prosess” ordførar?

Nrk gjorde i ein reportasje eit poeng utav at Naustdal Ap og Naustdal Høgre har fleirtal i kommunestyret om dei stemmer samla. Er det dette ordføraren har kalkulert utifrå?
Treng han ikkje legge til rette for debatt fordi han kjenner avstemmingsresultatet?
Eg har større tiltru til dei folkevalde i Naustdal enn dette. Eg trur at i ei sak med so store og langvarige rammer som her(50-100år?), so treng vi vissheit om at det vi vedtek er det rette.
Dei folkevalde treng å stille kvarandre spørsmål, diskutere ope og kanskje endåtil kome fram til betre løysingar. Det har vi ingen mogelegheit til under handsaminga av rådmannen si tilråding 11.05.2011.

Dei folkevalde i Naustdal har krav på ein betre prosess enn dette her. Vi skal handtere den sannsynleg største saka vi nokon gong kjem til å ta del i 11.05. Har ordføraren tenkt at dette skal vere møtet der vi gjer endeleg vedtak?
Har vi stilt dei rette krava til utbyggar, har vi fått på bordet gode nok avtalar, er vi trygge på konsekvensane, og har vi fått svar på det vi treng vite for å gjere våre val?
Det vert ein dårleg dag for Naustdal, og ikkje minst velgjarane som ga oss vårt mandat for 4 år sidan, om ordføraren får det vedtaket han seier i media at han vil ha.

Mandag 18.04.2011 kom rådmannen si tilråding, samt framforhandla avtalar med Nordic Mining på bordet. Er vi nøgd? Ein forhandlings situasjon, er eit spørsmål om makt. Har Naustdal stilt polistisk makt bak krava?

Naustdal SV fastheld sine krav.

For Naustdal SV
Ole Erik Thingnes

KRAV OG REALISME I ENGEBØSAKA

Redaktør,

Eg viser til innlegget til Dag-Rune Mallasvik frå Naustdal Høgre i Firda den 18. april, der han forsøker å skape eit inntrykk av manglande realisme og lovheimlar for mitt utspel om kompensasjon frå Nordic Mining (NM).

Dessverre er det slik at debattinnlegget til Mallasvik vitnar om manglande forståelse for vesentlige punkt som er grunnleggande for mitt hovudpoeng. At han ikkje er aleine om det gjer det dessverre ikkje betre. Størsteparten av det sittande kommunestyret ser ut til å ha levd i ei vedtatt sanning over tid, og har ukritisk kjøpt alle salsargumenta til NM.

NM har nemlig klart det kunststykket å innbille kommunepolitikarane at plan- og bygningslova sine rammer for utbyggingsavtalar gjer at ein ikkje kan krevje økonomisk kompensasjon gjennom sideavtalar. NM har til og med klart å få dette inn som ein del av saksutgreiinga til den nylig framforhandla sideavtalen.

Sideavtalar har som føremål å få på plass ordningar som ligg utanfor det ein kan krevje i ein utbyggingsavtale, men som politikarane må ha på plass for å vere villige til å gje NM løyve til oppstart.

Det er avtalefridom i kongeriket. Derfor står partane fritt til å avtale innhaldet i ein slik sideavtale. Og kva ein får gjennomslag for i slike avtalar er i hovudsak basert på forhandlingsmakta til partane.
Kva meinast med forhandlingsmakt? La meg forklare.

På den eine sida sit NM. Dei har satsa mykje tid og ressursar for å drive fram prosjektet. Dei har fleire avtalar på plass i forhold til leveranse av rutil og granat, dei har fleire tilbod om finansiering av prosjektet, eit prosjekt som etter eige utsagn vil berike sine eigne aksjonærane med meir enn 350 millionar dollar utover normal avkastning. Enkelte uavhengige analytikarar anslår til og med meirverdien i prosjektet til å vere over 1000 millionar dollar i det dei kallar eit forsiktig anslag! For å få fatt i denne meirverdien er NM heilt avhengig av å få tilgang til rutilen på Engebø.

På den andre sida er Naustdal Kommune. Det er ingen andre enn eit fleirtal i kommunestyret i Naustdal som kan opne for gruvedrift på Engebø. Kommunestyret har med andre ord makta i denne saka.

For NM representerer Engebøfjellet ein gigantisk pengebinge, og Naustdal Kommunestyre er portvaktaren til desse gigantverdiane.

Når politikarane i Naustdal, over fleire år, har vore tydelige på at dei vil sleppe NM til – utan å stille krav, har ein samstundes spela vekk si eiga forhandlingsmakt. NM veit at dei berre treng vise litt godvilje – nærare bestemt 3 millionar i året til næring og kultur, fordelt på to kommunar – så går prosjektet gjennom.

Det er ikkje nok. Så lenge prosjektet representerer ein risiko knytt til miljø, omdøme og samfunn, skal kommunen ha kompensasjon for dette. Ein fekk det til i forbindelse med LRA-deponiet i Gulen. Kvifor ikkje i Naustdal?

Mallasvik forsøker også i innlegget sitt å stille spørsmål kring realismen i mine krav. Kven skal avgjerde kva som er realistiske krav, og på kva grunnlag? Eg baserer meg på det NM seier til sine aksjonærar kring økonomien i Engebøprosjektet, grunnleggande finansmatematikk og økonomisk logikk. Kva fundament, faktaopplysningar og logiske resonnement lenar Høgre seg på?

Eg er redd mantraet til Høgre om ”realisme” baserer seg på usikkerheit. Det verkar som om ein har manglande kunnskap og forståelse for det økonomiske potensialet i prosjektet. Høgre sitt mantra om realistiske krav er såleis blitt til eit mantra om å ikkje stille krav.

Det er ikkje første gangen Naustdal Høgre snakkar om realisme, og det er ikkje første gongen dei drar fram at dei har tru på at NM skal vidareforedle rutilen til titan gjennom å etablere eit smelteverk med over 200 tilsette.

NM har i ei offisiell melding til Oslo Børs den 1. oktober i fjor, sagt at dei har inngått ein intensjonsavtale med det Saudi-Arabiske selskapet Cristal om ein langsiktig salsavtale for rutilen frå Engebø. Altså sal av rutil, ikkje vidareforedling i Naustdal. Kvar fins det mest realisme, Mallasvik? I inngåtte avtalar eller i framtidsdraumar?

I innlegget vert det også antyda at eit kommunalt aksjekjøp er eit godt alternativ til ein direkte kompensasjon frå NM. Her er enten Mallasvik og Naustdal Høgre på gyngande grunn, eller så forstår dei ikkje at eg snakkar om krav om kompensasjon, og ikkje avkastning.

Det er ein nøye samanheng mellom avkastning og risiko. Med andre ord vil eit kommunalt aksjekjøp i NM utsette kommunen for finansiell risiko. Betalinga for denne risikoen er potensiell avkastning.

I Engebøprosjektet tar Naustdal vesentlig risiko i forhold til miljø og omdøme i tillegg til vesentlig samfunnsrisiko som etableringa av ei hjørnesteinsbedrift med avgrensa tidshorisont medfører. Dette er risikoar ein ikkje får betalt for gjennom eit aksjekjøp med tilhøyrande utsikter til økonomisk avkastning. Den einaste måten å få betalt for dette er gjennom ein direkte avtale med NM om kompensasjon.

Om ein ønskjer at kommunen sin kompensasjon skal vere knytt opp mot lønsemda til selskapet kan det vere ein ide å krevje ein omsetningsbasert kompensasjon som slår inn ved lønsemd. Var ikkje det dette den eine representanten til Høgre forsiktig ymta om i møte i utval for plansaker den 31. mars?

Kjenner det sittande kommunestyret si besøkelsestid, bør dei utsette saka og krevje nye forhandlingar.

Valet til hausten representerer ei unik moglegheit til å sende saka som ein lissepasning over til neste kommunestyreperiode der ein kan skape eit fleirtal for å sette krav, og dermed gjenvinne kommunen si forhandlingsmakt. Både kommunen, innbyggjarane, lokaldemokratiet og Naustdal Høgre har alt å vinne på det.

Alt som skal til er litt is i magen. Det første tilbodet er aldri det beste.

Øystein Djupvik

Naustdal kommune, ein industriutviklar?

Jaja, ikkje anna å vente enn at ein ikkje vart høyrd denne gongen heller. Men no har det seg altso slik at essensen i den lange debatten som gjekk føre seg i formannskapsmøtet i Naustdal kommune torsdag 10.03.2011 ikkje har kome i søkjelyset heller denne gongen. Mitt ankepunkt, og som enda med at eg røysta imot tilrådinga i nemde sak, er noko ganske anna enn det som vert referert i media.

Les meir…

Kven står bak Nordic Mining?

På Wikipedia kan ein mellom anna finne dette om Nordic Mining:
Har inngått intensjonsavtale med eit større internasjonalt selskap om å starte gruvedrift.
Opplysningar som ein kan finne om Nordic Mining på nettet og andre stader tilseier at dette er eit lite selskap som på ingen måte kan stå for turvande investeringar i gruvedrift i Naustdal. Difor står det nokon bak. Og kven er det? Burde ikkje dette spørmålet interessere mange, og ikkje minst vedkommande kommunar og politikarar.
Det kan vere mektige interesser ute her, for titan er viktig for rustnings- og flyindustri og for romfart.
Då vi fann olje, vart det skipa eit statleg oljeselskap m.a. for å kunne få behalde ein del av profitten i eige land. Slike tankar er visst ikkje inne i biletet no når ein har funne rutil (titandioksyd) i svært store mengder.
No er det påvist rutil ikkje berre på Engebø, men i heile fjellområdet innover mot sentrum i Naustdal, serleg i fjellområdet ved Steinkrossen. Det er òg opplyst at Nordic Mining har skaffa seg rettar i heile dette området. Så her kan det bli tale om langt større område enn Engebøfjellet. Så her bør folk i Naustdal vere vakne.

Joar Stegane

Svar på tiltale

Gledeleg lesning i firda i dag, 06.09.2010, “No må politikarane vakne”. Ikkje gledeleg at dei ikkje er vakne, men gledeleg at det vert sett fokus på den manglande politiske handsaminga av den omtala saka.

Mineralforekomstane i Engbøfjellet i Naustdal kommune har lege i kulissane i snart 40år, men har dei siste 3-4åra teke nye former. Nordic Mining er siste skotet på stammen av “lukke jegarar” som har funne vegen til fjellet. Eg skal ikkje dra over heile historia att, den burde vere kjend for dei fleste av Firda sine lesarar siste tida.

Det eg skal ta for meg her er politikarane og dei tilsette i Naustdal og Askvoll kommune si rolle i jakta på “gull” i grøne skogar. Som tydeleg framheva i innlegget til Ivar Longvastøl har debatten kring prosjektet teke andre vegar enn fleire av oss hadde håpa på. SV har sidan saka kom på bordet i form av planprogram for konsekvensutgreiing i 2007 gjeve tydelege tilbakemeldingar både til kommune, fylket, utbyggar og via media, om kva vi ser som “problematisk” ved prosjektet.

Det kjem ikkje som noka overrasking på oss i SV at Havforskingsinstituttet konkluderar slik dei gjer i sine høyringssvar. Dette har SV hevda sidan planprogrammet vart offentleggjort, og gjeve inn som høyringssvar til den kommunale handsaminga etter at konsekvensutgreiinga vart lagd ut på høyring, samt til Klima- og forureiningsdirektoratet si handsaming av utsleppsløyve.

Det som skremjer oss i SV er administrasjonen i kommunane si handtering av høyring og inkomne uttalelsar, og andre politiske parti si tilsynelatande latente og tilbakelente innstilling til heile prosessen. Det har vist seg slik at sjølv om SV gjentekne gongar har krevd å verte informert om stoda i handsaminga, og å få oppsummert høyringsprosessen for dei folkevalde, er det lite informativt som har kome utav dette. Formannskapet har hatt saka på bordet ved nokre få tilhøve utan at diskusjonen har vist seg interresant for dei folkevalde, medan kommunestyra verkar fornøgde med ikkje å verte brydde med den slags.

Naustdal SV har årsmøtevetak på å gå imot ope dagbrot, landdeponi og sjødeponi. Vi ser det ikkje som berekraftig utvikling, eller god forvalting av dei naturressursane som må vike for dette enorme prosjektet. Dette har vi teke vidare til SV på fylket som fylde opp med tilsvarande vedtak, og som igjen tok saka til vedtak i landsstyret. SV har lokalt krevd reguleringsplan avvist grunna manglande utgreia konsekvensar og store usikkerheitsmoment knytt til fleire av rapportane frå utbyggar. SV har frå fylkesnivå krevd saka stoppa i Klima- og forureiningsdirektoratet grunna tilsvarande store usikkerheitsmoment knytt til utsleppsløyve.

Dimensjonane i dette prosjektet er enorme, og sannsynleg mykje større enn Nordic Mining har teke med i konsekvensutgreiing, og søknad om utsleppsløyve. På lokale folkemøter vert vi “beroliga” av ein usedvanleg talefør Ivar S.Fossum som fortel at :“Steinkrossen har Nordic Mining kjøpt utmålsrettane til for å sikre seg mot konkurranse”!? Kva fortel Nordic Mining om desse verdiane til dei som verkeleg betyr noko for dei, investorane? Noko heilt anna, har komt oss for øyra. Får Nordic Mining dei løyva dei treng for å starte jakta på investorar, er kommunane sett ut av spel. Kva dimensjonar prosjektet då får kan vi berre spekulere i, Engebø er berre toppen av “rutil fjellet”. Der er mange fleire førekomstar i Sogn og Fjordane enn beskrive i dette prosjektet..

Men ein ting er sikkert, Nordic Mining kjem ikkje til å ta rekninga for verken opprusting av F611 eller delar av “kystvegen” som enkelte har fått forståinga av. Desse “knappane og glansbileta” kjem opp i debatten utan anna formål enn å tåkelegge dei mindre hyggelege sidene av saka. Det vi treng er ein sakleg debatt på korleis vi skal forhalde oss til dei ressursane vi har i naturen kring oss. Ikkje lat dykk spore av! Dette handlar om framtida til innbyggarane i kommunane våre, samt nasjonale laksefjordar og store verdiar i urørd natur. Ikkje bru over Ålasundet eller kystveg, begge noko eg for ordensskuld er ein stor tilhengarane av.

Skulle nokon framleis vere i tvil:

SV ser ikkje Engebøprosjektet slik det er omsøkt som bærekraftig forvalting av Noregs natur. Prosjektet må avvisast lokalt(reguleringsplan), og sentralt(utsleppsløyve).

Ole Erik Thingnes
Naustdal SV

Fossum og gruvedrift

Administrerane direktør i Nordic Mining Ivar S. Fossum skriv i Firda 7. april som tilsvar til nestleiar Natur og Ungdom Sondre Nave sitt innlegg 29.mars at sitat” Derimot viser grundige undersøkelser og naturlover at effekten på miljøet både på land og i fjorden som følge av driften vil være begrensede og midlertidige.”

Det kan hende at bergverksdrift forheld seg til andre naturlover enn dei naturlovene eg kjenner til sidan Ivar S. Fosum skriv at gruvedrifta vil gjere ”midlertidig effekt på miljøet”? Kjem fjellet til å vekse ut igjen? Vert fjord og fjordbotn som før og kanskje gråbergdeponiet vil rotne og forsvinne? Og kva legg så Fossum i ”Trygg bergverksdrift” som han har sett som overskrift. Det eg kjenner meg rimelege trygg på er at gjeldande naturlover her vestpå medfører at slike inngrep er nokså varige. Det er vel ikkje noko industri som gjev meir varige naturøydingar enn gruvedrift. Dei omfattande naturøydinga vil vere der, også når gruvedrifta vert avslutta og ”lyset vert slått av”.
Fossum skriv vidare at gruvedrifta vil sette positive og samfunnsmessige spor etter seg i lang tid. Ein må då undrast at viss det positive er så positivt, drifta så trygg og effekten på miljøet så midlertidig, kvifor er då motstanden så stor?!

Det skulle vore lite vetta interessant å fått innsyn i Fossums naturlover som gjer gruvedrift til midlertidige skade på miljøet. Kanskje dei kan vere litt i slektsskap med svært så ny teknologi og månelandingar, teoriane er der, men i praksis vert ein innhenta av realitetane.

Oddvar Etnestad
Leiar Naturvernforbundet Indre Sunnfjord.

Frå laksefjord til giftfjord

Gruveselskapet Nordic Mining vil dumpe fleire millionar tonn med giftig steinstøv i Fjørdefjorden, ein av våre nasjonale laksefjordar. Natur og Ungdom meiner at dette er ei katastrofe for det biologiske mangfaldet. Avfallet frå gruvedrifta i Engebøfjellet vil drepe alt liv på botnen av fjorden, og det vil få store konsekvensar for resten av økosystemet i og ved fjorden.
Nordic Mining vil lage et deponi i Førdefjorden, der dei skal dumpe giftig steinstøv som kjem frå gruvedrifta. Heile 97-98% av det dei skal ta ut av Engebøfjellet vil faktisk hamne i fjorden. Utan nokon garanti for at det vil halde seg der eller om fjorden nokon gang vil få tilbake det rike dyrelivet som den har i dag. Men det er ikkje berre miljøet som vil tape på dette. Innbyggjarane i Vevring må belage seg på støy døgnet rundt og gift i lufta som er til dels kreftframkallende. Nokon vil også bli tvangsflytta frå familiegarden sin som dei har levd på i generasjonar. Prisen ein må betale er altså utrydding av alt liv på botnen av fjorden og mogleg spreiing av giftig steinstøv til resten av fjorden. Det vil og bli uana konsekvensar for resten av økosystemet i tillegg til støy, luftforureining og tvangsflytting. Dessutan er naturen i området verdifull og uerstatteleg. Ein gamblar ikkje med så dyrebar og unik natur!
Rutilutvinninga er ikkje noko som vil utvikle eller gje liv til bygda. Det er ikkje noko som vil få fleire innbyggjarar til fylket og det er ikkje noko som vil gje “framtidsfylket” ei betre framtid. Heller tvert om. For kva skjer når gruva er tom, fjorden er død og lufta er forureina? Kva skal min generasjon gjere om 50 år når ein treng nye næringar i fylket, og vi finn ut at ressursane er tappa eller øydelagt? For det er det Nordic Mining vil gjere. Øydeleggje ressursane i fylket som vår generasjon også kan dra nytte av. Ressursane som er bærekraftige og har ei framtid. Eg trur at viss politikarane opnar for rutilutvinning i dag, vil vår generasjon i morgon få det vanskelig med å halde folk i fylket og ikkje minst få fleire til å flytte hit. Ingen vil bu i “giftfylket” der du får kreft av lufta og vatnet og fisken i fjorden er blitt utrydda av giftig steinstøv. Så eg ber politikarane om å tenkje seg om ein gang til før dei sel unik natur for arbeidsplassar. For eg trur det er ein dårlig deal.
Nordic Mining må stoppast i planane sine, og det heile er opp til politikarane. Folk må gjere noko aktivt for å påverke i denne saken. For viss skaden blir gjort, vil kanskje ikkje vår generasjon sjå den dagen den blir retta opp. Denne usikkerheita er grunn nok til å stoppe dette prosjektet som vil rasere ein unik og dyrebar fjord. Skadane som vil bli påført fjorden og fylket, vil vere enorme og langvarige. Vi vil ikkje at Førdefjorden skal gå frå å vere ein nasjonal laksefjord til å bli ein nasjonal giftfjord. Stopp rutilutvinninga!

Sondre Nave, 1. nesteleiar Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

Lokalt naturmangfald

I følge FN sitt klimapanel, skjer tapet av naturmangfold 100 til 1000 gongar raskare i dag enn for 50 år sidan. Vi er godt ute i 2010, Naturmangfaldsåret til FN. Medan FN i år set inn ekstra innsats for å stoppe tapet av naturmangfoldet i verda, gjer lokalpolitikarane det motsette.

Førdefjorden er omtalt som ein av dei reinaste fjordane i landet, og er ein nasjonal laksefjord. På verdsbasis har artar dødd ut til alle tider, men i dag skjer tapet av naturmangfold i eit ekstremt høgt tempo. I vårt eige land står nesten 4000 artar i fare for å dø ut. Nokre av desse raudlisteartane lever i vår eigen Førdefjord.

Det er utruleg mange grunnar for å hindre Nordic Mining til å starte gruvedrift i Engebøfjellet, og stoppe dei med å dumpe avfall i fjorden. Ein av dei er det rike og flotte naturmangfoldet vi har. Om FN skal klare å stoppe tapet av naturmangfold, er det på tide å byrje med vårt eige lokalsamfunn. Slutt å prat, og start å gjere handlingar!

- Inger Fure Grøtting
Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Norsk fjord på billegsal!

Frå dei oppdaga Ekoglitt i Engebøfjellet har mogeleg næringsdrift stadig vore eit tema som eg har fylgt med på. Var positiv optimist då Fjord Blokk prøvde seg. Dette kunne bli noke av både for bygda og kommunen. Var også positiv då Nordic Mining tok opp tråden og planla gruvedrift her. Dei fleste, og eg med, trudde at det var snakk om innvendig gruvedrift med full utnytting av overskotsmassane. Samt at alle miljøhensyn var ivaretekne på ein tidsmessig rett måte. Seinare forstod vi at drifta ville bli noko heilt anna enn fyrst antatt. Etter gjennomgang av Nordic Mining (NM) si konsekvensutredning (KU) fekk eg uendeleg mange spørsmål og få klåre svar.

Planen som omfattar ope dagbrudd dei fyrste 15 åra med tilhøyrande støv og støyplager, og oppfylling av ein heil dal med ”ubrukeleg” gråstein, var ein ting. Samstundes med dette skal ”ubrukelege” finknuste overskotsmasser frå rutilutskillinga sendast rett i fjorden. Og dette skal pågå i ytterlegare 35 år. Desse finknuste massane vil tilsvare ei mengde på 400 lastebillass dagleg i 50 år. Totalt er 95% – 97% av massane i Engebøfjellet ”ubrukelege”. Dei må ha kloke hovud som skal forstå fornufta i dette!

Naustdal kommune har som mål at deira kommune skal være ein god stad å bu i. Dei har eit budsjett i 2009 på 151 millionar. Ut frå både mål og budsjett kan ein forstå behovet for inntekter. Dei folkevalde i Naustdal har heilt sikkert lese KU frå NM. Der står det i avnittet om ”samfunnsmessige konsekvenser” at Naustdal Kommune vil kome svært godt ut av det dersom dei seier ja til utbygging! NM baserer kalkylene sine på statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og eigne erfaringar. I kroner reknar dei med at kommunen kan kome opp i 5 millionar i skatteintekter (inntektskatt og eigedomskatt). Dette utgjer kun 3 % av kommunebudsjettet.
Ein treng vel ikkje vere verken politikar eller ha spesielt mykje fornuft for å skjøne at NM har motiv for å berekne desse tala høgt. Mykje tyder på at summen vil bli vesentleg lågare. Dessuten vil det fylgje meir kommunale utgifter med auka busetnad.

Spørsmålet mitt i denne samanhengen er om det er desse tala Naustdal kommune legg til grunn for eit vedtak? Skal tru om dei har gjort eigne vurderingar om kva dei får att for fjorden? Eller har dei andre motiv som lokkar? At tidlegare folkevalde i kommunen i dag mottek løn frå NM vonar eg ikkje gjev signal om at det er meir enn grumset i fjorden som trugar overflata. Eg meiner maktas elite bør ha svært gode argument for å ofre ein fjord med sin eksisterande rikdom.

Eit nytt spørsmål er om Naustdal kommune som framtidig næringsvert har vurdert alle konsekvensane av det dei eventuelt vil gå inn for. Dei miljømessige konsekvensane er nemde i KU. Heftige disputtar pågår. Ekspertanes tvil og fråråding heng tungt i lufta. Ja endog direktøren i NM har kasta seg ut i det. Han har opphøga seg til å irettesetje fagfolk i havforskningsinstituttet og meiner dei ikkje kan sine ting. Han er nok ein klok mann denne direktøren. Han burde vore politikar, ein av dei som pratar godt og ikkje er gode å få tak på. Mi meining om dette er at han med eit slikt utspel viser at han ikkje har noko til overs for Førdefjorden slik den ligg i dag med sin rike fauna.

At Førdefjorden er verna og utropt til Nasjonal laksefjord burde stå for noko anna enn eit luftslott som kan avskiltast når det måtte passe. Noreg som miljøhyklar har ofte synt seg fram i seinare tid. Fornybar energi må halde igjen produksjonen til fordel for gasskraft, medan vatnet fløymer over demningane. Jens talar stort om ”månelandinga” si. Attmed sit Kristin og svel kamelar. Begge pratar om at miljøet skal ivaretakast.

Det undrar meg og at offentlege instanser meiner at her er så store verdier på spel at omsynet til ”føre var” prinsippet må setjast til side. Kven sine verdiar? NM sine framtidige inntekter? Trur nokon dei vil tilbakeførast til kommunen eller distriktet? Eg vil minne om at vi i dag er komen langt inn i ”kynismens tidsalder”. I etterpåklokskap lurer vi på om ”Terra kommunane” trudde på Julenissen. Kva sit dei igjen med i dag? Og kva trudde dei på i Sløvåg i Gulen kommune? Der anklagast SFT for ikkje å ha gjort jobben sin. Kommunen anklagast for ikkje å ha hatt gode planer for kontroll. Lokalbefolkningen slit med helseplager. Brennpunkt på NRK har gitt oss litt innsikt i sakene! Kven blir nestemann?

Eit anna spørsmål eg har er kor trygge vi kan vere på dette Rutil mineralet? Kan det tenkjast at det med dagens og framtidas teknologi vert andre løysingar som vil erstatte ”Engjabøgullet”. Kva skjer dersom rutilprisen går til botnen saman med finmassene?
Kva ligg att ved ein konkurs? Vi ser endå restane som ligg att etter Fjord Blokk.

Med den utvida Schengen-avtalen treng ikkje Naustdal kommune eller distrikta få inn noko i skatteintekt. Alt av arbeidskraft kan innførast, og berre fantasien set grenser for korleis regelverket kan nyttast.

Det er den planlagde hastigheita i utvinningsprosessen som uroar meg mest. Dei ”ubrukelege” avgangsmassene burde kunne nyttast betre enn til dumping. Conoco berekna at Engebøfjellet inneheldt ekoglitt for fleire hundre års drift. NM vil ta ut alt på 50 år. Dette betyr at dei som eventuelt etablerer seg i dag ikkje kan overlate ei sikker framtid til sine etterkomerar. Ei dobling av utvinningstida ville bøte på dette og samstundes gi muligheit for andre næringar til å nytte dei ”ubrukelege” massane.Det blir rett nok ikkje so mykje overskot til NM. Men fleire bein å stå på lokalt og kanskje både næring og fisk til etterkomarane.

Dersom Naustdal kommune gjev NM tilsagn til utbygging ut frå aktuelle planer er mitt råd at dei like godt kan satse på Norsk Tipping. Få med nabokommunane på eit tippelag. Sjansane til gevinst er minst like store som å tru på gåver frå Julenissen!

Jarle Grytten, Bergen / Naustdal

Hva er prisen for Engebø og Førdefjorden?

Naturen rundt oss skjenker oss goder og muligheter som vi høster gratis. Dilemmaet med dette er som filosofen Thomas Paine formulerte det i pamfletten ”Common Sense”i 1775 . Alt vi får billig, verdsetter vi lavt. Først når vi mister det, så savner vi det. Samtidig har vi en klar tendens til å fokusere på og lokke med økonomiske goder og følgelig ignorere verdien av våre gjenværende urørte naturressurser. Den lave verdien vi setter på naturressurser, gjør at de er mer eller mindre uten betydning for våre beslutningsprosesser. En kan si det samme om slike snevre sosial økonomiske fokus som Robert Kennedy sa om nasjonalprodukt: Det måler alt, bortsett fra det som gjør oss lykkelige. For å få politikere med ensidig fokus på økonomisk betinget samfunnsutvikling til å innse at naturødeleggelser er negative, må vi derfor gå utenom alle følelsesbaserte verdigrunnlag og stille spørsmålet: Hva er prisen på Engebøfjellet og Førdefjorden? Hva taper lokalsamfunnet, storsamfunnet og fremtidige generasjoner på at Engebøfjellet blir sprengt i filler og fjordbunnen nedslemmet og lagt død i mer enn 35 år og med små sjanser til å regenerere til det opprinnelige. Er prisen virkelig så lav på et fjell og en fjord, som folk har levd nær i utallige generasjoner. Hva så med folket som har valgt å sogne til området fordi det fremstår akkurat slik det er i dag? Satt litt på spissen, må disse betraktes som så verdiløse at de heller må byttes ut med andre tilflyttere med bedre inntekt?
Ett annet problem er at rapportmaterialet som er lagt til grunn for konsekvensutredningene er så lite grundig at de bare avdekker noen av de miljøkonsekvensene som måtte oppstå. Husk at en i driftsperioden skal fylle 140 millioner kubikkmeter av det istykkersprengte Engebøfjellet ned på fjordbunnen. Bare brøkdeler av dette må betraktes som ett omfattende inngrep. Kan virkelig konsulentene garantere at det ikke finnes korallrev i fjorden basert på tre korte transekter ved Engebøfjellet og lav strømhastighet i fjordens bunnlag? Kan de innestå for at finpartikulært steinstøv avgrenses til de områdene som er tenkt som deponier og ikke vil spre seg horisontalt ut over hele fjordbunnen. Konsekvensen av en slik horisontalspredning kan bli at bunnsedimentene blir oksygenfrie og anriket med giftige sulfidgasser. Med dette vil også alt nevneverdig flercellet liv forsvinne. Ikke nok med dette, alt som heter filtrerende organismer under 150 meter, vil i beste fall få store problemer, men sannsynligvis forsvinne. Hva med dyreplankton som overvintrer på bunnen om vinteren?. Ingen vet om disse vil tåle partikkelbelastningen som inngrepet innebærer. Dyreplankton er trolig den viktigste næringskilden for mindre fisk i de åpne vannmassene, som for eksempel utvandrende smolt av laks og sjøaure i denne nasjonale laksefjorden. Riktignok vil en del av disse også komme inn med inngående strømmer fra omliggende områder, men ingen vet noe om omfanget av dette. Hva så med planktonspisende byttefisk som er næringsgrunnlaget for større fisk? Et annet uavklart spørsmål er om det er sannsynlig at Nordic Mining stanser sprengningene når laksesmolten vandrer ut fra fjorden. Slike sprengninger kan være katastrofale for smolten. Samtidig varierer utvandringstidspunktet for laksesmolt med mer enn en måned mellom år og ingen vet helt når den passerer området rundt Engebøfjellet.

For å være kortfattet så er dette bare ett pirk i overflaten av uavklarte miljøkonsekvenser fra gruvedriften i Engebø. Er så virkelig 170 arbeidsplasser verdt denne risikoen. For lokalbefolkningen blir ikke regnestykket bedre av at gruvedriften er begrenset til 40 år og at mange av arbeidsplassene blir tilegnet tilflyttende spesialister eller pendlere. For å forsvare utbyggingen må prisen på allmenningens rettigheter i form av en uberørt natur, fiske, rekreasjon, og potensialet for å utvikle næringsveier gjennom turisme følgelig være mye lavere enn det Nordic Mining gruvedrift kan tilføre samfunnet i form av kapital. Som utenforstående håper jeg inderlig at dette blir lagt til grunn i beslutningsprosessen før ”raketten som skal utvikle Sunnfjord” fyres av.

Per Johan Jakobsen (Professor i biologi)