Nettbasert utdanning og fremtidspolitikk

En Uførs matematikers kvaler.

Vi må ikke glemme hvor vi er fra, selv om vi har vært heldig.
Angående oljepolitikken og fremtiden.

kroneverdien økte ganske betraktelig som følge av oljen, og nysatsning og sunt bondevett og utvikling må ikke glemmes.

Nå satser vi på utlandet, og pengene våre er verdt det du kan betale.

Så er det på tide å satse innan lands og få en økning til et bedre samfunn, hvor verdiene våre kan skape innovasjon

utifra et fremtidsperspektiv, da er det ikke industri som skal til men å gjøre naturressurser til vårt levebrød, uavhengig av

hvor vi er. Så forskning på natur er det beste vi kan gjøre og utvikle naturbruk til noe som gir en fremtid, for verden og norge.

Derfor mener jeg at man kan lære folket å klare seg selv, og bruke sykehuset til å hjelpe de som trenger det, og

lage en ny visjon for fremtiden som ikke omhandler bare luksus men nyskapning og hjelp til å klare seg selv.

Ja til fremtidens bønder og å utvikle drømmer om et bedre liv, sosial utvikling kan ikke bare handle om å betale for seg men også skape noe.

Gi til de fattige ved å la folket bestemme sin fremtid og utvikle seg i sitt tempo til noe som skaper en fremtid.

Utdanning er alt, men hus og hjem betyr for mye til å satse på å selge mat som noen andre har laget.

Du trenger ikke så mye for å skape noe selv, fisk og fjell kan få en ny mening.

Gi oss en fiskestang og la oss komme oss ut å fiske, bare for å få satt verdien på tiden.

Fiske er fortsatt frivillig, og utdanning bør være valgfritt og uten bestemmelser.

Vi må ikke være slaven din selv om vi ikke visste hva som nyttet. Begynn å følg med og sats på fremtiden. Vil gjerne være med, men da må jeg begynne på nytt i skolesystemet og sosialt. Ja til et bondesamfunn og fikse urettferdighet.

Jeg har basert det jeg skriver på matematiske og politiske vinklinger for en tid der verden blir et bedre sted. Håp og drømmer er ikke til å forakte. Du bestemmer hva livet ditt skal være, jeg følger bare med på alt som skjer.

Trim sjølv, Knut Magnussen!

I Firda den 24. jan. d.å. skriv Knut Magnussen i si faste spalte om “Trim for rasistar”. Han viser til organisasjonen Pegida som demonstrerar mot muslimsk innvandring til Europa. Denne gruppa marsjerar ikkje, slik Magnussen hevdar, dei går i demonstrasjonstog for å tilkjennegje eit politisk syn. Dei nyttar sin rett til å prøve å påverke europeeske styresmakter til å vere føre var når det gjeld den muslimske innvandringa til vår verdsdel. Dette synes Knut Magnussen tydelegvis er svært så ille. Ingen veit betre om alt mellom himmel og jord enn det journalister gjer, og ingen er visstnok meir perfekte enn det dei er. No skuldar Magnussen å fortelje lesarane kva for rase islam/muslimar tilhøyrer! For slik han ordlegg seg må vi forstå det slik at muslimar tilhøyrer ein eigen folkerase. Altså at det er rasisme å ikkje ynskje eit Europa under islam?

Magnussen fortel at i Pegida sine kretsar likar dei å marsjere. Slik ynskjer Magnussen å koble Pegida til det vi kjenner frå nazi-Tyskland. Her viser Knut Magnussen i tydeleg språk at enten uttrykker han seg mot betre vitande eller så er han kunnskapslaus, kanskje mest det siste. Men i den norske presse og resten av media treng ein ikkje ha historiekunnskapar. Då er det nok å vere anti-nasjonal og ha lært seg kodeorda som rasisme, nazisme, framandfiendtleg og liknande. Då er dei tydelegvis kvalifiserte til å fore redaksjonane med sin djuptsitjande intoleranse overfor andre sine meiningar.

No var det ikkje berre nazistane som marsjerte i si tid, det gjorde dei også på den Raude Plass i Moskva, og på den “Himmelske freds plass” i Peking. Kommunismens “himmelske fred” fekk vi sjå på tv-skjermane for ikkje mange år sidan. Der knuste kinesiske styresmakter fredelege demonstrantar med stridsvogner. Har du nokre stridsvogner på lur mot Pegida, Knut Magnussen? Og heilt i det siste så marsjerar Den muslimske stat, IS i Midt-Austen, også med greiner til Vesten. Det seinaste av den utgåva såg vi for nokre veker sidan i Paris. Det er slike tilstandar Pegida demonstrerer mot, og difor vil Magnussen, i kjend sjølvgod og hovmodig stil, slenge skit mot dei.
Det er no bra at aviser som elles slit med mangel på spalteplass har opne sider for faste skribentar med det “rette” politiske syn.
VG skriv den 13. jan. 2015 dette: “Hvem truer? Terrordramaet i Paris var et angrep på ytringsfriheten, men hvem er det som truer ytringsfriheten lokalt? Debattredaktører fortjener et skarpt søkelys. Noen sorterer tydeligvis leserbrev basert på sine egne fordommer”.
Sanninga i dette sitatet frå VG kjenner vi som er politisk opposisjonelle så altfor godt!

Så ei lita påminning til Knut Magnussen: Om Pegida hadde demonstrert i nazi-Tyskland så hadde dei nok hamna i utryddingsleirar saman med jødane. Det er eit faktum at Hitler hadde muslimar som rådgjevarar i planen om utryddinga av jødane. Det er også eit faktum at det vart oppretta muslimske brigadar på Balkan som bistod dei nazityske hærstyrkane i området. Meir kunne nemnast her.

Når vi kjenner dette så vert det det rimeleg historielaust å hevde at dei som i dag demonstrerar mot muslimsk innvandring til Europa skulle ha sine førebilete i nazismen.
Men for journalistar og mediafolk elles så er det ikkje naudsynt å vere sakleg. Der i garden er det nok å spre sin intoleranse over dei som er politisk ukorrekte i samfunnet. For slike har ingen klagerett. Dei politisk korrekte samfunna er lygna og uretten sine samfunn. Slike samfunn kjenner vi att både frå kommunismen, nazismen og muslimske statar, der dei som støttar dei totalitære skrekkregima kan lyge og bedrage borgarane, og om dei vil, ta livet av dei.

Knut Magnussen kan trimme sjølv, kan hende han treng det. Desse som han kallar rasistar er fritt vilt grunna deira ynskje om ikkje å verte offer for slike som Knut Magnussen kan ligge på kne og olbogar for i framtida.

Norvald Aasen, 6983 Kvammen

"Dødsdomen" for sentrum?

Dette er Magne Reidar Førde si overskrift frå debattinnlegg i Firda, og peikar på viktige forhold for utviklinga i Førde. Her er nemnt ulike årsaker til stagnasjon i sentrum/sentrum sør, der han spesielt viser til biltrafikken. Her blir det m.a. hevda “at kommunen tilsynelatande har vore aleine om å finne og fremje realistiske trafikkplanar, medan næringslivet har sete på gjerde og venta”.
Er det nokon som har «sete på gjerde» må det vere vegmyndigheitene som la dei gamle vegløysingane for dagens E39 på is i over 30 år! Dette har vore den vesentlegaste årsaka til at sentrum (sør) har måtte halde seg til gamle reguleringsplanar, med tilhøyrande strame rammevilkår i føresegner og parkeringsnormer for ønska utvikling.

Førdepakken er eit nødvendig resultat av manglande infrastruktur i sentrum over veldig mange år, og er eit nødvendig verktøy for at sentrum skal kunne få rammer for framtidig utvikling, der både E39 med ny infrastruktur gjennom sentrum må på plass. Ut frå dette er det rett å hevde at ventetida er blitt svært dyrt for næringslivet i sentrum, men såleis også for kommunen.

Brulandsvellene vs. Sentrum, ja takk begge deler. Ønska utvikling for begge områda kan og må styrast gjennom gode rammer i reguleringsplanane. Planverk med retningslinjer/føresegner er sentralt for at begge områda kan få ei godt tilpassa samfunnsnyttig utvikling. For å få dette til bør den nødvendige infrastrukturen i sentrum komme på plass først, der dette blir tatt inn i reguleringsplanen (med føresegner og rekkefylgjekrav) for Brulandsvellene og den kommande utbyggingstakten her.

Tor Opseth
“førdejanar”

Kampanje for masseinnvandring

I Firda den 17. januar får nordmenn vite kor lite vi er verd. På halve framsida i avisa vert det vist ein statistikk over kor elendig stoda hadde vore i fylket vårt, og i samfunnet, utan innvandring. Men her er noko som er utelate. Kvar er dei nordmenn som skulle høyre heime her? Det finns også statistikkar over dette, men dei er nok ikkje interessante då dei truleg ikkje samsvarar med haldningane til friabort-rørsla.
I 1979 var det innførd lov om fri abort med Gro Harlem Brundtland som sjefsjordmor. Dei fleste vil nok seie seg samde i at abort kan veljast ut frå helsemessige eller medisinske årsaker. Men at det skal vere helsemessige årsaker til at ca 15000 born årleg ikkje vert borne fram er vel grunn til å tvile på. Ei undersøking viser at over halvdelen av norske kvinner i Oslo under 25 år vel abort om dei vert gravide. Det er professor Anne Eskild ved Kvinneklinikken ved Akershus universitetssjukehus som har hatt hovudansvaret for undersøkinga. ( Norge idag, 03. 2007).
Når ein så tek ca 15000 årlege abortar og gangar med 35 år vert tala svimlande, forsiktig rekna ein halv million born. Når ein så legg til at dei 15 eldste årsklassane av desse no sjølve ville vore foreldre og fått sine born, så vert tala endå verre. Dette er nok den arbeidskrafta som det vert klaga over at vi manglar. Abortlova vart tvinga gjennom i ei tid då framandinnvandringa hadde fått fotfeste i landet. Tanken bak lova var truleg at med stor innvandring skulle nordmenn som folk reduserast. Arven etter Gro?
Hadde Norge vore den “humanitære stormakta” som vi høyrer om når politikarar skal ut i verda for å strø om seg med pengane våre, så kunne ein trudd at det hadde vore fornuftig med råd og hjelp til kvinner slik at dei kunne bere fram borna. I tilfeller der mor eller far sjølve ikkje makta ansvaret for barnet måtte det så kunne vere mogeleg for skikka ektepar i Norge å adoptere norske born. Truleg ville nokon av desse tapte, som tel mange hundre tusen, også kunne teke jobbar i fiskeindustrien, sjølv om det ikkje skulle falle i smak hjå NAV, media og fleirtalspolitikarane.
Samtidig viser denne statistikken at halvparten av kvinnene i Oslo som er 25 år eller yngre når dei føder er framandkulturelle. Dette viser også vegen politikarane har staka ut for sitt eige folk!

Firda siterer NAV som seier at “Flyktningar er framtida”. Det er då “fint” om NAV finn det nyttigt at det er krig og katastrofer i verda som kan hjelpe dei med “flyktningar”. Dette vil også hjelpe NAV med å halde oppe eigen aktivitet enten klientellet er å finne i fiskeindustrien, eller vandrande gatelangs. For som vi forstår av denne kampanjen i Firda, som er ført ut til lesarane av Helge Johnsen, så er nordmenn ingenting verd. Dette vert også stadfesta i Firda den 19. jan. der avisa kan gle seg over at nesten alle partileiarane i fylket vil satse på “flyktningar”. Altså vil heller ikkje dei lenger bry seg med nordmenn. Vi er nok gått ut på dato, sjølv om vi har skaffa byråkrati og politikarar ein velferdsstat som dei kan rasere. Når vi ser desse haldningane frå politikarar og byråkratiet, så kan det vere liten tvil om at her er ein politikk som går ut på å skifte ut folket, ikkje uttala, for det er den sjeldan, men politikk er ofte planlagd i det skjulte. Så ved komande val burde nordmenn flest manne seg opp og skifte ut politikarar som ikkje bryr seg om framtida til sitt eige folk.
Når vi tenker oss om er det vel slik at i harde og barske arbeidsoppgåver så er det som oftast nordmenn som gjer jobbane. Det er nordmenn som natt og dag, i vinterstormar og uver, heng i kraftmastene og sikrar oss straum til oppvarming og mykje anna som vert sutra for. Dei sikrar at t.d. journalistar, politikarar og byråkratar har varme kontor slik at dei slepp å fryse på fingrane når dei driv å pirkar på tastatura. Det skal nok bli kaldt på fingarane hjå desse når dei skal sende nordmenn ned frå kraftmastene og “flyktningane” opp i dei.

Kampanja for innvandring held fram i Firda også den 20. januar, på tredje dagen. Politikarane har lova oss ein befolkningseksplosjon i åra som kjem. Då er det vel opp til pressa å gje noko tilbake for pressestøtta. No er det asylkonsulenten i Flora, Arild Melvær, som kvitrar i kjend stil om kor rike dei har vorte i Flora grunna innvandringa. Og utan dei ville bygda hatt vel 600 færre innbyggarar, får vi vite. Skulle dette vere noko katastrofe då? Vert det satsa nok på å sluse norsk ungdom inn i arbeidslivet i staden for ut?
Det burde vere ei skam å hevde at vi må ha innvandring for å halde oppe folketalet i landet, når det i offentleg regi vert fjerna tusenvis av born av vår eige folk kvart einaste år. Er det dette som gjer Norge til ei “humanitær stormakt”?
Men det er vel grunn til å tru at det som har skjedd dei siste vekene i Europa inspirerar makteliten til meir innvandring?
Samfunnet vårt vert vel “varmare” og meir eksotisk på det viset?

Norvald Aasen
6983 Kvammen

Angrepa på arbeidsmiljølova rammer sosialarbeidaranes arbeidsforhold

Stortinget er no i ferd med å behandle dei største og mest omfattande forslaga til endringar i arbeidsmiljølova på lenge. Blir forslaga vedtatt, kjem arbeidslivet til å bli dramatisk endra fordi arbeidsgivarane får større innverknad på kostnad av arbeidstakarane . Føreslåtte endringar går stikk i strid med formålsparagrafen i Arbeidsmiljølova om å sikre trygge tilsettingsforhold og likebehandling i arbeidslivet.
Også barnevernspedagogar, sosionomar, vernepleiarar og velferdsvitarar vil få ein anna, mindre fleksibel og mindre familievennleg kvardag. I likskap med ein nær samla fagrørsle, går Fellesorganisasjonen (FO) derfor imot desse endringane.
Ei auke av midlertidige tilsettingar gir m.a. utrygge tilsettingsforhold, usikker økonomisk situasjon, dårlegare pensjonsrettigheiter og vanskar med å få lån. Når arbeidsgivar får høve til å pålegge meir overtid, vil det medføre at arbeidstakarane får mindre kontroll over eiga fritid. Gjennomsnittsberekning av arbeidstid gir mulegheit for å jobbe meir i periodar. Ein utviding av ramma for dette vil gi ei auka belastning på arbeidstakarane. FO frykter at dette kan bli ei løysning arbeidsgivarar vel framfor, til dømes, nødvendig auke av grunnbemanninga.
FO frykter i tillegg at fleire midlertidige stillingar vil medføre høgare terskel frå arbeidstakarane til å varsle dersom dei opplever at verksemda sine tenester ikkje er kvalitativt gode nok. Frykta for å ikkje få fast stilling ved seinare høve eller at ein vil stå svakare overfor arbeidsgivar dersom det oppstår problem, kan gjer til at fleire vel bort sitt varslingsansvar. Dette er det særleg brukarane av tenestane som vil tape på.
Forslaga, som no ligg i Stortinget, inneheld også mindre utteljing for beredskapsvakt. Mange av FO sine medlemmar jobbar i beredskapsvakt, til dømes i barnevernet, psykiatri og rusomsorg. Dette er ein krevjande beredskap. At den teknologiske utviklinga gjer at ein kan vere mindre stadbunden under beredskapsvakta, endrar ikkje på den faglege og mentale belastninga medlemmane står i når dei går i denne typen vakter.
FO meiner at dagens arbeidsmiljølov er fleksibel nok. Den gjer det muleg å finne dei løysningar det er behov for lokalt gjennom tilgang til å søke dispensasjon frå arbeidstidsordninga. Dagens ordning med vekt på lokal kunnskap og tett dialog mellom fagforeining og verksemd fungerer til det beste for enkeltpersonar sine særlege behov og samtidig kunne ivareta tilsette si helse, miljø og sikkerheit. Regjeringa underkommuniserer bevisst fleksibiliteten som ligg i dagens lovverk, ved å framstille arbeidsmiljølova som rigid og gamaldags.
Etter FO sitt syn er forslaga, som Stortinget no har til behandling, svært lite sosiale. Dei vil belaste familiar og svekke likestillinga. Auka omfang av søndags- og helgedagsarbeid, meir overtid og lengre vakter, vil vere vanskeleg å kombinere med barn og familie. FO er redd for at ved fleire på midlertidig stilling, kan dette gå særleg utover kvinner i fertil alder. Kvinner og unge er allereie i dag overrepresentert blant dei midlertidig tilsette.FO frykter difor at det er spesielt kvinner og ungdom som vil kome dårleg ut om endringane blir vedtatt og gjennomført.
Den norske samfunnsmodellen har i år etter år bidrege til både effektivitet, fordeling og likestilling, samt eit samfunn i stor grad basert på samarbeid og tillit. At regjeringa ynskjer å endre på dette, viser at dei tek ikkje folket på alvor.
Dette ynskjer fagrørsla å reagere på og den 28.januar blir det politisk streik. 1,5 million arbeidstakarar blir involvert, og både LO, YS og Unio står bak. FO har oppmoda sine medlemmar om å delta på markeringa og syne at ei samla fagrørsle er i mot dei føreslåtte endringane i arbeidsmiljølova. Vi ynskjer ikkje å gå baklengs inn i framtida!

Ann-Kristin Nygård
Fylkesleiar FO Sogn og Fjordane

Vegvedlikehald i Fjaler

For tida pågår det ein debatt om vintervedlikehaldet på gards- og grendevegar og private vegar i Fjaler. Dette er ei sak som ei politisk nemnd har arbeidd med, og som har vore oppe i kommunestyret i alt 6 gonger i 2013-14.

Kommunestyregruppa til Fjaler SP har i heile prosessen prøvd å få fram sitt syn, både i nemnda og kommunestyret, men ikkje nådd fram med det. Ut ifrå at vi såg vi var i mindretal, valde vi å vere ein del av eit samrøystes kommunestyre då endeleg vedtak om brøyteabbonement vart gjort i sept-2014. I ettertid ser vi at dette burde vi ikkje ha gjort, og det beklagar vi overfor innbyggjarane i Fjaler.

Det vert no arbeidd med å få saka opp igjen til behandling i kommunestyret, og dette er noko vi støttar. Det er spesielt to grunnar til dette:
1. Økonomien til Fjaler kommune er stram, men saka er so viktig for mange at ein bør kunne gå i ein ny dialog for å søkje å finne ei betre løysing. Bortimot alle høyringsuttalane som kom inn i prosessen, meinte at rettferd og likebehandling var viktig med omsyn på korleis dette skulle gjerast. Det framstår ikkje slik i dag!
2. Vegstatusen over kva som er kommunal veg, gards- og grendeveg, og privat veg verkar å vere tilfeldig. Dette bør det gjerast ein nøye gjennomgang på, i forhold til dokumentasjon og lover og reglar, før ein i det heile teke byrjar å diskutere betaling. Slik vil både Fjaler kommune og vegbrukarar unngå å bruke mykje tid og ressursar på å diskutere vegstatus, og det er ingen tent med.

Dette er ei sak som engasjerer mange, og framover kjem det nok endå fleire saker med økonomiske utfordringar for Fjaler. Det er derfor viktig å engasjere seg i lokalsamfunnet, enten ein er politikar eller ikkje.

Kjartan Åsnes
Gruppeleiar Fjaler SP.

Det varmaste året nokonsinne.

Gjennom NRK og norsk presse har vi fått informasjon frå Cicero om at gjennomsnittstemperaturen i verda i 2014 var den høgste nokonsinne. Det høyrest dramatisk ut og høyrest ut til å vere resultat av den globale oppvarminga som IPCC har spådd skulle komme for meir enn 25 år sidan. Årsaka til temperatur-oppgangen skal vere utslepp av klimagassen CO2.
Men er det så dramatisk som Cicero vil ha det til? Vi har no hatt 18 år utan stigning i gjennomsnitts-temperaturen, medan CO2 i atmosfæren har auka. Varmast nokonsinne, starta med registrering av temperaturen på 1800-talet i slutten av den vesle istida. Det var berre gledeleg at vi kom ut av den kalde perioden og den minimale auken av middeltemperaturen i 2014 burde vi også gle oss over. Det er førebels ingen grunn til angst for klimaet.
Analyse av iskjerner på Grønland gjev oss klare bevis for kva temperaturar det var i tidlegare tider. Ser vi dagens klima opp mot dei siste 10 000 åra, så får vi eit eit anna bilde enn det Cicero prøver å framstille. Grovt rekna kan vi vel seie at 8 000 av dei siste 10 000 åra var temperaturen på kloden like varm eller mykje varmare enn i dag. Å snakke om at vi no har global oppvarming verkar derfor tøvete. For 8 000 år sidan var det ikkje utslepp av klimagassar, men det var mykje varmare enn i dag. Dersom det er CO2 som styrer klimaet, burde det vore omvendt. Cicero burde heller vere glade så lenge vi ikkje får ei ny istid, der landet på nytt vert dekt med 2-3000 meter tjukt islag. Då treng vi meir enn eit klimaforlik på Stortinget for å redde landet frå ei klimakatastrofe.

Magne Dvergsdal.

Posten og velsignelsen av fri konkurranse

Konkurranse har vore eit magisk ord for høgresida i mange år. Berre såkalla fri konkurranse får rå, vil alt bli så meget bedre! I mange land vert no sektorar som det offentlege har drive i lang tid, meir og meir privatiserte. Eller i alle fall omorganiserte til å styre seg som private selskap, der jakta på størst mogeleg profitt går framom alle andre omsyn. Privatiseringsinteressene er svært aktive i mange land innanfor sektorar som helse og utdanning, der fortenesteutsiktene er størst. Men alt dette ideologiske preiket om velsignelsane av fri konkurranse har fått mange forskarar til å undersøkje konkrete tilhøve i mange land. Og dei finn rikeleg med døme på at når selskap skal drive med fokus på maksimal forteneste, så leverer dei dyrare tenester. Og ofte også dårlegare. Men det rokkar visst ikkje ved høgresida si evige sanning om at konkurranse gjer tenester billegare.

Mi postboksleige
Her plukkar eg fram eit bitte lite døme; Kva må eg betale for min postbok 276 på Sandane? Prisen var 800 kroner i 2013, 830 kroner i 2014. Auken på 3,75 prosent var altså om lag som den generelle prisveksten. Posten skal bli meir dynamisk og konkurransesterk. Den som vil betre driftsresultatet sitt, kan gjere to slags tiltak; Ein kan auke inntektene, eller minske utgiftene. Eller kanskje ein kombinasjon. For ei tid sidan kom eit eige informasjonsark frå selskapa posten og bring i fellesskap med meldinga: ”1.januar endrer vi prisene for leie av postboks.” I 2015 vert mi leige auka til 1020 kroner, ein auke på 190 kroner, som tilsvarar 22, 9 prosent. Slik kan ein monopolist oppføre seg. Det er vanskeleg å få konkurranse om posttenestene i Bygde-Noreg. I det heile er det vanskeleg å gjere Bygde-Noreg lønsamt nok, også for posten. Posten ser to utvegar, å auke prisane eller å redusere tenestene ein leverer. EU har vedteke tre direktiv om post. EØS-avtalen gjer desse direktiva styrande også i Noreg. Det tredje EU-direktivet vart avvist av stortingsfleirtalet i 2011. Noverande regjering køyrer no på for å trekkje attende dette norske vetoet frå 2011.

Utvikling for Bygde-Noreg
Eg har merka meg at når det vert skipa til konferansar om kva utvikling vi skal planleggje for i Noreg, så vert det sagt lite om korleis Bygde-Noreg kan utviklast. Bakom utbygginga av offentlege tenester i Noreg finn vi tanken om at det offentlege skal gjere landet betre for folk og næringsliv i heile landet. No skal dette endrast. Redusert tal dagar med postombering i småsamfunn har lenge vore omtala. Ein prisvekst langt over gjennomsnittet på tenester der posten har monopol, som med postboksleige, er ei anna forverring. Posten gjev sitt bidrag til at det vert tyngre for småsamfunn å utvikle seg.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

KVA SKAL BARNET HEITE?

Magnar Hellebust, Viksdalen

I Firda 3.januar 2015 er det eit oppslag om at det skal veljast namn på den nye storkommunen som Høgre vil etablere i Sunnfjord. Namnet skal avgjerast før om ein i det heile veit at det vert ein storkommune. Ville tru at det skulle vere ein politisk prosess. Eller er det slutt på det. Berre tvang som rår.
Vidar skal det takast stilling til kvar hovudsete skal vere. Dette før ein veit kor mange kommunar som vert involverte. Då Statens Vegvesen sine fylkeskontor var slått saman var det overraskande at hovudsete til Region vest vart lagt til Leikanger og ikkje Bergen eller Stavanger. Like overraskande val vart det gjort andre stader i landet. Skal vi følje i dei fotspor så kan ein gjerne føreslå nokre alternativ alt etter kva kommunar som vert med. Kvifor ikkje Stardalen, Naustedalen eller Viksdalen. Så kan vi ha nokre pilot kontor på dei litt større stadane. I desse bygdene er infrastrukturen særs dårleg og ein hovudadministrasjon på ein av desse stadane inneber at eit datanett med høg kapasitet må på plass. Kanskje einaste måten at bygdene våre skal kunne vere på same standard som tettstadar og byar. Vi betalar dei same avgifter og skattar som dei. Då skulle vi ha krav på dei same rettane og standard.
Så kva skal no dette nye barnet døypast. Det er no den enklaste ting av verden. Høgre har no alt lagt namnet i munnen på oss. Då alt skal bli så fantastisk med færre og større einingar. Det skal bli så robust. Då må namnet bli ROBUST KOMMUNE. Er ikkje trong å bruke meir energi på det.
Når no desse kommunane skal ha eit felles formannskapsmøte med ei intensjonsavtale 23.januar 2015 så synest eg at dei skal handsame dette forslag til kommunenamn og gjerne ta copyright på det først som sist. Det kan vere andre stader i landet som ser dette som eit godt brukande namn for deira prosessar.

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Eg trur eg vil vere litt for siktig med å bruke den britiske marinbiologen Callum Roberts som ekspert i denne samanhengen. Måten han uttalar seg på, tyder på at han ikkje har sett seg godt nok inn i saka. Han uttalar seg svært lite konkret og lite nyansert. Saman med den sterke ordbruken hans meiner eg at dette svekkar truverdet hans kraftig. Det er flinke vitskapsfolk med langt betre kunnskap om dette konkrete prosjektet som meiner noko heilt anna.

Kapstad byggjer påstandane sine og standpunktet sitt på sviktande grunnlag.

Faktum i denne saka er at vi langt på veg kan dokumentere at dei negative konsekvensane av fjorddeponiet ikkje vil bli spesielt store. Det kan leggjast konkrete rapportar på bordet som viser dette. Kvar er rapportane som underbyggjer motstandarane sine påstandar?

Pelsdyrnæringa

Noko som må endrast mykje før vi kan få ei ny og betre verd, er synet på dyr. Dei er også delar av Guds sjel, slik alt liv er. Skaparen og det skapte er eitt. Dyr, fiskar og andre livsformer har nervesystem, og kjensler og tankar som dei sender ut via sine energiar, og som dei også mottek frå andre skapningar. Til dømes veit livet i Førdefjorden godt at livsgrunnlaget deira no er trua.

Stadig fleire menneske får i denne tid evna til å kople seg på energiane til dyr, slik at dei kan kommunisere med dei. Ein av landets mest kjente dyretolkar er Sissel Grana. Ho driv og ein dyretolkskule. Eg gjengir her hennar kommunikasjon med ein mink, for det skulle berre mangle at skapningar som har blitt så hardt ramma av menneska sin uforstand, ikkje får komme til orde.

”Minken på pelsdyrfarmen sa: Sjelen min dør her jeg er. Det eneste naturlige i mitt liv er at jeg får mat og drikke slik at den fysiske kroppen min holder seg levende. Resten av meg føles ”død”. Jeg mangler livslyst. Livsgnisten er borte. Jeg er lei meg. Trist. Frustrert. Stresset. Jeg føler meg stresset og apatisk om hverandre. Sjelen er apatisk, den har gitt opp. Den fysiske kroppen stresser. Jeg greier ikke å leve innesperret. Vi er mange, og slik har vi det.

Jeg har aldri opplevd et annet liv enn dette. Kroppen min er født inn i dette slaveriet. Men sjelen min, bevisstheten min vet eksakt hva jeg lengter etter. Jeg lengter etter frihet. Jeg har et eneste ønske, og det er å slippe å være her.

Hva er det med menneskenes forvirring som gjør at dere aksepterer at vi sitter her innesperret? Er det ondskap? Jeg tror ikke det. Jeg tenker på dere som forvirrede sjeler som har fjernet dere så langt fra naturen at dere tror det unaturlige er naturlig. Hvordan kan dere vite og se hvordan vi har det, og tro at det er OSS det er noe galt med?

Hvordan kan dere tro at årsaken til at vi skader og dreper hverandre og oss selv i burene er at ”VI ER AGGRESSIVE”? Hvorfor tror dere at det er oss det er noe galt med når vi stresset fyker rundt og forsøker å utholde denne tilværelsen dere tvinger oss til å eksistere i?

Hvorfor ser ikke menneskene at det er dere som påfører oss apati og stress? Hvorfor innrømmer dere ikke at det er livssituasjonen vår som knekker oss mentalt? Å bo i bur påfører oss så mye indre smerte at det kjennes som sjelen rives i fillebiter.

Vi går på netting som gnager seg inn i huden. Vi lever innesperret uten noe å ta oss til. Vi er totalt understimulert. Her er det ikke noe å gjøre. Vi bare er her. Vi bare eksisterer. Vi kan bevege oss minimalt. Det eneste naturlige vi kan gjøre er å spise og drikke. Livet er bare å vente.

Jeg lengter etter å kunne bevege meg. Jeg lengter etter å kunne løpe, jakte og leve naturlig. Jeg lengter etter vann. Jeg lengter etter å kjenne naturen under bena mine. Jeg lengter etter barn. Jeg drømmer om frihet. Jeg lengter etter å kunne kjenne gode følelser.
Jeg vet realitetene. Vi må være i denne dødens forgård til døden kommer som en kjær venn og befrir oss.

Kjære menneske: Hadde du selv greid å leve som dette? Hadde du greid å opprettholde en normal psyke under slike forhold? Eller hadde du også blitt deprimert, redd, frustrert, sint eller apatisk? Ikke distanser deg fra oss fordi vi tilhører ulike arter!
Tenk om det var din kropp og din sjel som var omringet av netting fra fødsel til død… Akkurat sånn er det for oss også. Jeg har et eneste ønske, og det er å slippe å være her.
Vær så snill menneske: Gjør det du kan for å endre dette!”

Dette er berre eitt døme på menneska sine mange svik mot LIVET/ GUD/NATUREN, ja, alt som er heilagt.

Nyttårsønske 2015

Vi har begynt på et nytt år, og da gjør vi opp noen tanker om året som er gått, og det året vi for få uker siden har begynt på,. I 2015 skal uføre betale mer i skatt, et resultat flertallet i stortinget vedtok i 2011,målet var at det skulle bli lettere å kombinære trygd og jobb. Uføre får høyere brutto trygd i år , enn de gjorde i fjor, slik at de får omtrent like mye utbetalt i år , som i 2014. PÅ meg virker det litt merkelig at de skal øke brutto uføretrygden, og trekke mer i skatt, slik at nettoen blir omtrent like mye som den var i fjor. Men det har noe med at uføre skal betale like mye i inntektskatt som de som er i det ordinære arbeidslivet, 27 % i inntektskatt.

Uføre som jobber i Attføringsbedriftene får ingen kompensesjon for at de må betale mer i skatt

Det ser ut som rikspolitikerne har glemt uføre som jobber i Attføringsbedriftene, de får ingen kompensesjon for at de skal betale mer i skatt, dermed får de mindre utbetalt i lønn enn de fikk i fjor. Tiltross for at politikerne vil at uføre skal jobbe mer.

*Det bør bli forbudt å bygge boliger med flat tak, for å unngå vannlekkasje *

I Danmark er det forbudt å bygge boliger med flat tak, grunnen er at det øker vannlekkasje fra taket, dersom det er flat tak på boligen. I Danmark har de løst det ved at de har litt helling på taket, slik at vannet rennet ned fra taket når det regner mye, og er snø smelting. Er det flat tak renner vannet fra taket, ned i leilighetene, og vi får lekkasje. Noe forsikringselskapene ikke liker.

Vi får ikke ned boligprisene, ved å sette ned låne renten til null

På meg virker det som målet er å sette ned renten til null, vi får ikke ned bolig prisene ved å sette ned bolig renten til null, det vil resultere i at folk låner mer, og vi får økt press på bolig salget, noe som vil resultere i at bolig prisene stiger. og ungdommen får problem med å få en bolig.

Ha et godt 2015 år

Førde,

Stein Ove Birkeland

Samferdselstankar ved årsskiftet.

Samferdselstankar ved årsskiftet.

Sett frå Noregs Automobilforbund si lokalavdeling her i Sunnfjordbygdene og Ytre Sogn har den siste tida vore spennande. Vi har endeleg fått ei avgjerd om kvar stamvegen på Vestlandet skal krysse Nordfjorden. Som venta var det svært mange som var usamde i denne avgjera Men slik er det i eit levande folkestyre.
Arbeidet med stamvegen på Vestlandet ser ut til å halde fram om lag som ein kunne vente.
Det vert spennande om ein klarer å halde oppe ”trykket” på dei ulike parsellane gjennom fylket i åra som kjem.

Når det gjeld andre riksvegar og fylkesvegar er nok utfordringane svært store. Det er med uro vi ser at inntektene til fylkeskommunen vert munaleg mindre i åra som kjem. For budsjettåret 2015 ser det ut som om det vert omlag ”business as usual”. Vert det slik vi har oppfatta det, vert det gjeve ekstra løyvingar til sikring og vedlikehald av tunnelane. Og det er svært gledeleg.

Korleis samferdselssektoren kjem ut etter at budsjettkutta er gjennomførde står att å sjå. Men at ufordringane står i kø er det liten tvil om. Vi kan berre tenkje på utbygging av 45-minuttregionen – også kalla kystvegen. Fv.57 Dale-Storehaug med bru over Svesundet ser i alle høve ut til å få planleggingsmidlar.
Det er med noko undring vi legg til merke at det ikkje er etablert ei ”aksjonsgruppe” for Fv.57 og betre vegframføring til det planlagde industriområdet på Lutelandet. Vi reknar med at ordførarane i Hyllestad og Fjaler tek eit tak her. Vi vil tru at industriområdet på Lutelandet treng gode og tenlege vegar fram til E39, både ved Storehaug (flyplass) og i Lavik (ferjesamband).

For NAF Fjordane og Ytre Sogn

Leif Bell
Leiar samferdselspolitisk utval

EITT SENTRUM I FØRDE !

Vil/kan ikkje polikarane våre lære av det som har skjedd med andre byar, der det er lagt eit sentrum-2 i bilavstand frå det eigentlege sentrum?
Saka om mogeleg utviding av det noverende handelsområdet til ein diger handelspark på Brulandsvellene er så viktig at den bør utsettast til kommunevalet til hausten! Har fått vite at ei folkeavstemming samtidig med eit ordinært val ikkje kostar noko ekstra for kommunen. Innbyggarane må få uttale seg før politikarane tek ei avgjerd !!!

Fjord-deponi, konsekvensutredninger og føre-var prinsippet

På debattsidene i Firda har Ap-politiker Bjarte Kapstad fra Førde et innlegg som gjentar en rekke påstander om fjord-deponi som professor emeritus Einar Sletten, jeg og flere andre tidligere har tilbakevist på Firdas debattsider. Kapstad bruker bl.a. et innlegg i avisen Dagbladet som belegg for at “fjord-deponiet er en av de største planlagte forurensningene i Norgeshistorien”. Kapstad kvir seg heller ikke for å diskreditere institusjonene som har utført konsekvensutredningene for Engebøprosjektet med å omtale dem som «betalte konsekvensutgreiere for Nordic Mining». Jeg har selv vært involvert i prosjekter for konsekvensutredning for vurdering av miljømessige konsekvenser av åpning av nye leteområder for olje/gass-virksomhet, men har aldri opplevd at konsulenter og forskere som jobber med slike utredninger har formet sine konklusjoner etter hva som måtte være oppdragsgivers ønske med utredningen. Institusjonene som står bak arbeidet med Engebøprosjektet har høy faglig troverdighet, og det er helt usannsynlig at de skulle være kjøpt og betalt av Nordic Mining slik Kapstad antyder i sitt innlegg. Så interessante TV-programmer tror jeg ikke det blir med denne innfallsvinkelen.
Det statlige organet som har vært mest kritisk til fjord-deponiet, er Havforskningsinstituttet (HI). Men HI har aldri påstått at fjord-deponi vil være en enorm kilde til forurensning av Førdefjorden slik Kapstad synes å tro. I Havforskningsrapporten deres fra 2012 (s. 46-49) kan vi tvert i mot lese at Nordic Mining ikke har søkt om utslipp av giftige kjemikalier. HI har heller ikke påstått at steinstøvet er giftig for livet i fjorden. Kapstads påstand om at utslippene ikke er vurdert i forhold til mattrygghet og helse har således ingen rot i virkeligheten. Så her er Kapstad og hans meningsfeller på kollisjonskurs med så vel betalte som ubetalte faglig kompetente personer og institusjoner som har vurdert Engebøprosjektet.
Motstanden til HI har i hovedsak dreid seg om mulige skadevirkninger på gyteområder for noen fiskearter og spredningen av steinstøvet som de mener vil dekke større områder utover i fjorden enn det som konsekvensutrederne har kommet frem til med sine målinger og modeller. Også etter at det er gjort reelle spredningsforsøk i Førdefjorden og nye simuleringer, hevder HI i en tilleggsutredning utført på oppdrag fra Fiskeridirektoratet at spredningen kan bli større enn det som er forespeilet. Så på dette punktet er det uenighet mellom HI og konsekvensutrederne.
Kapstad viser videre til politisk vedtak i Førde kommune om å si nei til fjord-deponi basert på føre-var prinsippet. Dette prinsippet anvendes der vitenskapelige bevis er mangelfulle eller usikre og det rimelig grunn til bekymring for sannsynlige skadevirkninger av en størrelse som gjør at et tiltak bør stoppes eller utsettes til sikrere kunnskap foreligger. Det er enighet om at fjord-deponi ikke har noen skadevirkninger på den indre delen av Førdefjorden og Jølstra så hva Kapstad og andre Førde-politikere mener om fjord-deponi er egentlig av liten interesse inntil det eventuelt blir en kommunesammenslåing med Naustdal. Motstanden kan i alle fall ikke begrunnes med føre-var prinsippet siden deponi ikke påvirker den delen av fjorden som hører til Førde. For denne delen av fjorden er det derimot viktig at Førdes politikere har tatt sitt ansvar for byens kloakkutslipp slik Kapstad poengterer. For realisering av Engebøprosjektet har det langt større politisk tyngde at ordfører Håkon Myrvang kan vise til brei politisk oppslutning i Naustdal. Så blir det opp til statsråd Jan Tore Sanner og regjeringen å ta en avgjørelse basert på en samlet vurdering av samfunnsnytten, de reelle miljøpåvirkningene på Førdefjorden og den lokale støtten til prosjektet.

Olav M. Kvalheim
Standnes, Gaular.

Refleksjonar

Vi har nyleg feira jul til minne om ein som kom for over 2000 år sidan, ikkje for å frelse oss ein gong for alle, slik vi feilaktig har blitt indoktrinert, men for å lære oss å frelse oss sjølve ved å aktivere og ta i bruk våre indre ressursar. Han vart ikkje forstått då og blir heller ikkje forstått i dag. Konsekvensane av denne mistydinga ser og høyrer vi kvar einaste dag.

I staden for å lære å bruke sine indre ressursar og vår djupare, til no ubevisste, innsikt, vender ein seg utover og øyder den ytre naturen, som er ei avspegling av vår indre natur. Ein kallar det vekst og utvikling, men det er i illusjonens verd ein lever når ein trur ein må rasere den ytre naturen for å ha noko å ”leve av”. Grådigheit og mangel på djupare innsikt i samanhengar er ein ytterst farleg kombinasjon. Menneska sin uforstand og egoisme har då også skapt ufatteleg mykje liding på jorda til alle tider, og ein vil ikkje eingong gjere noko med det, for ein veit ikkje at det er mogleg. Eine TV- debatten med ekspertar avløyser den andre, utan at ein kjem vidare, fordi ein er ikkje i stand til å sjå dei djupare samanhengane. Det er som å luke ugras og la rota stå att. Dei gamle sjelene som gjennom livserfaring og spirituell utvikling gjennom mange liv ser samanhengane, blir latterleggjort og motarbeidde.

Ein skulle snart forstå at når ein skadar naturen, skadar ein også noko av seg sjølv, og ein skadar noko av planeten vi bur på. Først kjem skadane på dei åndelege, psykiske og emosjonelle plan, for deretter å manifestere seg fysisk. I dag har både mennesket, dyra og planeten kreft, og ein forstår framleis ikkje at ein gjer noko gale. Så snart forsking og legevitskap trur dei har fått bukt med ein sjukdom, utløyser naturen ein annan og endå farlegare sjukdom for å vise menneska kva dei driv med, men ein vil verken sjå eller høyre. Ein kan sanneleg lure på kor uleveleg det må bli på planeten før ein forstår at ein må endre tankemønster.

Like før jul stilte Jan Herstad spørsmålet om Sogn og Fjordane skal bli eit naturreservat. Sjølv har eg ikkje bedt om anna enn heilt vanleg ”naturleg” natur som vi og våre etterkomarar kan ferdast i for vår helse og vårt velvere si skuld, men det ser ut som det er dit ein er komne no, at nokre flekkar av Moder Jord skal vernast mot dei såkalla næringsinteressene og avsettast til naturreservat / nasjonalparkar, og resten kan uforstanden få bruke som den vil.

Herstad meiner og at sterke krefter no er i sving for å hindre Engebø-prosjektet. Ja, gudskjelov og takk for at det finst andre krefter enn dei som vil bryte ned. Vi må nytte dei ressursane vi har, blir det sagt. Dersom Herstad og likesinna meiner at dei ytre ressursane er dei einaste vi har, korleis kan dei då forsvare å bruke opp desse overfor kommande generasjonar?

Heldigvis finst det vitskap som ikkje er einsidig fokusert på ytre forsking. Det utgjer eit stort håp for framtida. I dag har denne vitskapen t.d. avslørt at vi er skapt av lys /ånd, og at dette lyset ber informasjon gjennom vår hjerne, vårt nervesystem og DNA, og at vi også kan påverke dette lyset med våre tankar. Det er samansett av lyspartiklar som blir kalla biofoton, som strøymer ut av alt som lever. Vi er lysvesen, fulle av informasjon. Våre indre evige, fornybare ressursar som Jesus kalla den gode luten som ikkje skal takast frå oss. Vil ein vite meir om det nyaste innan åndsvitskap, kan ein t.d. gå inn på www.thespiritscience.net.

Engebøprosjektet og framtida

I høve Engebøprosjektet og sjødeponiet har det vore flere innlegg om kva vi skal leva av i framtida. Overkriftene har litt variasjon, t. d ." Kva skal vi leve av…", “Noko å leve av…….”osv. Dei som skriv om dette har stort sett vore tilhengarar av Engebøprosjektet og sjødeponiet.
Ein ny variant kan t d. vere denne: “Kva må vi leva av i framtida”.
Lokalt er truleg folk på høgresida stort sett for Gruvedrift på Engebø og sjødeponi. Grunngjevinga er stort sett av økonomisk slag, omsyn til lokale arbeidsplassar, i eit/ nokre(?) høve supplert med at Førdefjorden ved Engebø ikkje er å sjå frå kontoret i Førde sentrum.
AP i fylket synest delt. Førde Ap er mot sjødeponi. Ap i Naustdal og Askvoll Naustdal er for, likeså kommunestyret i dei sistnemde kommunane. Flora, Førde, Gaular, Fjaler og Jølster kommune har eg nett no ikkje sikker kunnskap om i så måte.
Fylkespartiet i AP har så langt landa på tilhengarsida i Engebøprsjektet. Førde Ap har markert seg med sjølvstendig motstand mot sjødeponiet. I papiravisa Firda 19.des. 2014 har leiarar i Førde AP på ein svært god måte klårgjort og grunngjeve sitt standpunkt mot sjødeponiet. Ingen treng tvile på deira og mange høgt utdanna førdianarar sin forståing for verdien av både folk på gølvet, i kjeledress, gruvedrift og industriellverksemd.
Respektert og langvarig medlem i både Askvoll Ap og Fjaler Ap har i velkjend, roleg og stødig stil vist til formalia og rasla med partipisken til Arbeidarpartiet. Det er frå den kanten m.a vist til sentralisering av fiskeria, attgroing av landskapet med skog og kratt, nedlegging av jordbruk med husdyr, ungdom som flyttar frå bygdene til tettstader og byar. Vedkomande er, slik eg alltid har oppfatta han, ein roleg og stødig kar. Hans yrkeskarieære, politiske kariære og engasjement ellers i lokalsamfunnet i Dalsfjordområdet er velkjendt, også frå ymse sosiale medier som t.d. origo firda, presentert med bilete, m.m. Dette bør supplerast med hans innsats med t.d. renovering av kyrkja i Askvoll, med hans innsats med kopien av Bakkejekta og landsetting av denne i Bakkefjæra i Holmedal. Sjå Link: “Bakkejekta vel i naust – utan skader!”(kopier det i gåsauge- lim inn på googl-søk).
I høve Sjødeponiet i Førdefjorden har han forventningar til kjemiske høvedsmenn/forskarar og deira utgreiingar om miljøtilhøva ved sjødeponering ved Engebø. Respekt for autoritetar syner seg også her.
Omtalen av nedtrapping av landbruket, sentralisering av fiskeria, attgroing av utmark, fråflytting… er fakta. Tankane om oppdrettsanlegg på land er gamalt nytt. Dette har ein ha sympati for.
Attgroing med kratt, sitkagran og anna ugras er lett å sjå for dei som kan og vil. Sitkagran sprer seg raskt, også ved naturleg frøspredning. Om eg og andre på min alder spring ein rask tur opp Askdalen på Askvollholmen kring år 2140 vert vi store i auga: Dalen er mest uframkomeleg av sitkagran.
Ovannemde utvikling er rikeleg gale nok. Det er truleg verre at mykje utmarksareal, beiteland og dyrka mark vert lagt ut til hytteområde, mm. og seld ut av jordbruksdrift for godt. Særleg i attraktive friluftsområder i kystlandskapet er såkalla utvikling/“uvikling”? ved reguleringsplanar for hyttefelt og turisme eit tilsynelatande magisk ord – med støtte i overordna planar. Dei som fremjar såvorne reguleringsplanar gjer “lurt” i å få med ordet utvikling i søknaden som grunngjeving for den. Dette saman med gjeldande plan-og byggningslov medfører god business for fagfolk med formalkompetanse i utarbeiding av private reguleringsplanar. Hyttefelt og store planar for salg av hyttetomtar og utvikling(!)av reiselivet på kysten vert nermast strødd utover kystlandskapet. Tidlegare kombinasjon av småbruk/fiske er langt på veg borte. Luftige og lausaktige planar for hyttefelt og reiselivsprosjekt glir glatt gjennom den offentlege sakshandsaminga. Tradisjonelle område for grindbygde sjøhus og naust med tradisjonelt innhald vert regulert bort av omsyn til nymotens greier og byfruer og liknande sine behov for svaberg til soling av veltrimma dyre sprettrumper og pupper frå Spenst i Førde. Slike fruer og liknande er neppe nett billige i drift – da trur no eg. Dette skjer så godt som utan motførestillingar frå lokalpolitikarar og andre. I det einskilde tilfelle er dette som regel også noko som grunneigar ynskjer.
Så langt eg har fått med meg er det skjeldan, kanskje aldri, positiv forretningsplan for såvorne prosjekt vert lagt fram og seriørst vurdert før politiske vedtak. Politikarar som gjer vedtak har kanskje ikkje føresetnader for vurdering realismen i planane. Forstår dei dette sjølv?.
Verdisynet til byfolk gjer seg gjeldande langt utanom byar og sjølvoppnemde byar og.
Private reguleringsplanar er truleg nødvendig for å få byggeløyve for hytte/hytter, naust, private kaier og hamneanlegg. Kor mande hytter, naust ol. som treng selgjast når reguleringsplanen er godkjend er det neppe krav om i vedtektene.
Dette har skote fart i takt med velstand-og innteksauke hjå store folkegrupper i landet. Småbruk på kysten med plass til ei stove, litt mold til plogen og litt beiteland vert feriestad for folket i velferdssamfunnet. Beiteareal for dyr vert borte ved salg av hyttefelt og areal for reiselivet ellers.
Oljealderen er viktigaste faktor her. Samstundes med framvekst av oljeverksemd til havs og oljerelatert verksemd på land har det vore alarmerande nedgang i kyst- og fjord-fisket, idet minste her lokalt, truleg i større områder også. Dette har etter mine eigne røynsler med angel og snor utvilsamt samanheng med nermast skremmande nedgang i villfiskbestandane på mine fiskefelt og vidare. No til dags slit eg ofte for ei koke til middags. “Eg fekk no koka”- var heilt vanleg før. Dette er ikkje slett ikkje lenge sida. Som regel hadde eg/vi også ei koke til naboen/naboar med til lands i færingen.
Låge krav til startkapital og driftskostnader ved heimelaga færing, årar segl og rigg, mm. gjev framleis litt netto av drifta på sjøen.
Nedgang i villfiskbestandar i kyst og fjordområder i Firdafylket er kanskje særleg stor i Askvoll/Solund- området. Det er fleire hypotesar/teoriar om årsaker, både heilt lokane og meir generelle. Overfiske, temperaturendingar i sjøen/klimaendring…. Det mest alvorlege er truleg eventuell dårlegare formeiringsevne hjå villfisken som fygje av miljøforurensning, kanskje til og med genetisk endring av arvemateriale hjå villfisken.
Ovannemde nedgang i villfiskbestanden fell i stor grad saman i tid med framveksten av oljeverksemda til havs og oppdrettsnæringa i fjord og kystområder. Om det her er er eit årsak/verknad- tilhøve er eit interessant spørsmål.
Det er pengar å tjene på salg av hyttetomtar og areal for andre reiselivsprosjekt. For mange vil vinninga frå salg av tomteland truleg bli borte med auke i personleg privat og forgjengeleg forbruk, nermast fordufte med kjøp av dyre damevesker av ettertrakta utanlandsk velrenomert merke, dyr parafyme, ukeblad..ol….., eksosen frå mercedisar, dyre lystbåtar, dyre og ressursødelegande ferievanar og liknande ovlivnad. Her lokalt i Askvoll er hundehald med fleire adelssprega rasar/enkeltindivid og opptil fleire børstrakorar på tunet eit vanleg syn. Dei som har katt skal ha standsmessig katt, fint skal det vere for desse og. Ei lokal frue eller likande med opphav i etter måten høg sosial rang fekk seg rasekatt frå Kina. Norsk skogskatt er ikkje godt nok for lokale fruer og liknande. Unge spreke, flotte jenter, fruer og likande brukar stavar når dei fer ærendslause til fjells. Før hadde dei spøtet med seg på sauesanking- strikka medan dei gjekk og strikka medan dei kvilte.
Også småborn vert tidleg krøkte med i utviklinga. Sentrale personar i Askvoll kommune og barnas turlag har teke initiativ til gapahuk i betong i utmarka- med offentleg økonomisk stønad. God business for betonglevrandøren? Byggverket er ferdig. Småborna går gåsegang med faklar i utmarka ved juletider. Nissen manglar ved til ovnen og må fryse i stova si julaftan. Dette får ungane ikkje vite noko om? Kanskje bør både ungar og vaksne lære at det må arbeid til for varme i stova.
Ungdommar med nokre år i byen bak seg har vinkjellar på framståande plass i framtidsdraumen når dei flyttar heimatt.
Kva er gale?- Er det sjølve verdinormene som er ondets rot?
Blåmandagar inngår og i dette. Desse kan bli verre, også av noko anna slag i framtida.
Nedbygging av jordbruksland i meir sentrale områder skjer samtidig med ovannemde, også her i fylket. Bankbygg, hotell, rådhus for dårlege og mindre dårlege råd, handelspalass for salg av juggel og glitter, fyrverkeri, drivstoff for levande og døde skapningar, m.m., palass for kunst og kultur, m.m. har reist og reiser seg på gamalt kornland, potetåkrar og beiteland. Ungedommar drøvtygg på pub o.l. og beundrar den siste modell frå BMW. I og ved Førde har utviklinga(!) nådd Moskog, minst.(?).
Er det berre eg, event. og Per Arne Tveit, som synest " valget på øveste hylle" er galskap/“galskap”,
mest ein absurd velstand?
Det er ikkje lenge sidan folk kom flyttande frå innlandet til kysten for livberginga si skuld. Det kom folk frå Vang i Valdres til Skåravågen i Sørværet på Værlandet, frå indre Sogn til Sandøyna i Bulandet………. Folket i Skåravågen reiste rett nok vidare til Amerika etter nokre år. Der fann dei jord, beiteland og mold for plogen…….Andre for til Målselv i Troms, rydda seg plass til ei stove og mold til ein plog….. . Kvar vil dette finnast i framtida?- i Førde?, i gruva på Engebø ved Førdefjorden?
Folket på Sandøyna har flytta inn til Bulandet.
Stoda utanlands ser ifølge nyhender via fjernsynet hjå naboen, aviser på biblioteket og på rådhuset noko annleis ut en her heime. I aust rører den russiske bjørnen på seg. Kina er på full fart framover………..
Det finst unnatak, også i Askvoll kommune: På siste julemesse i samfunnshuset i Askvoll såg eg unge jenter/barn strikke. Det såg ut som dei likte det dei heldt på med. I Dale bur ein fornuftig kar – Felix 8 år(snart 9? )- han strikkar og.
På Underset i Askvoll vert gamal provins lagt til landet ved nydyrking/gjendyrking – imponerande. Økonomien i dette er ukjend for meg. Det kan vel ikkje stå så dårleg til velstands Norge at det nydyrka prærielandet på Unneset vert lagt brakk av økonomiske grunnar?
Også andre stader lokalt er nydyrking på gang. På Værlandet i Askvoll og i Solund kan vi atter sjå utegangarsau nytte beiteresursar.

.

Vegvedlikehald i Fjaler

Øyfrid Strand sitt lesarinnlegg i Firda 05.01. inneheld nokre synspunkt og påstandar som eg føler for å kommentere nærare.

Fjaler kommune står overfor tøffe økonomiske utfordringar dei kommande åra. Hovudårsaka til dette er at folketalet ikkje veks like mykje som landsgjennomsnittet og dermed får vi reelt sett mindre overføringar. I tillegg har vi aukande oppgåvebelastning innafor ressurskrevande tenester som staten ikkje finansierer fullt ut.
Dette tvingar oss politikarar til å gjere upopulære vedtak.

Eit av sparetiltaka eit samrøystes kommunestyre har vedteke er å innføre eit brukargebyr for vintervedlikehald av private gards- og grendevegar. Det er ikkje slik at kommunen ikkje lenger brukar pengar på dette feltet, men ein vil kreve eit gebyr for dei som ønskjer at kommunen skal utføre tenesta på sine private vegar. Liknande ordningar finn vi i nabokommunar som t.d Askvoll og Hyllestad.
Nokre kommunar, m.a i indre Sunnfjord, har kun vedlikehald av kommunale vegar og har ikkje noko slags ordning for private vegar.

Eg registerer at det vert forsøkt skapt eit bilde av dei i Dale sentrum mot dei «utanfor 50-sona».
Dette er direkte feil. Faktisk ligg heile 80% av dei kommunale vegane i Fjaler utanfor sentrum. På desse vegane vert tenestetilbodet oppretthelde slik som no, medan det også er innbyggarar som høyrer til i Dale som etter den nye ordninga må betale gebyr.
For innbyggarane i kommunale byggefelt (i Dale, Flekke og Straumsnes) så har dei betalt for desse tenestene når dei har kjøpt tomt og har rett på brøyting, strøing osv som ein del av vilkåra for tomtekjøpet.
Når det gjeld dei private gards- og grendevegane som enkelte no truar med å stenge for allmenn ferdsel med bil, så vil eg heller oppfordre om at ein vurderer ei ordning med betaling for dei som t.d brukar vegen til fritidsføremål. Dette er ei ordning eg har registrert blir nytta på fleire private vegar m.a i Gaular. Det vil koste den enkelte lite, og vil truleg langt på veg kunne finansiere heile brøytegebyret for dei private vegeigarane.

Eg har full forståing for at det er motstand mot å ta vekk den ordninga ein har hatt i mange år, men eg er ikkje einig i at Fjaler kommune handsamar innbyggarane utanfor sentrum dårleg.
Vi har t.d inntil no hatt ei ordning med brøyting som få andre har hatt, vi har brukt store summar på utbygging av breiband og betra mobildekning, fast dekke på kommunale vegar (som t.d Guddalsvegen og vegen til Lammetun), oppgradering av private bruer og ein svært desentralisert skule- og barnehagestruktur som vi prøver å halde på så lenge som mogeleg.
Apropos skulestruktur så er det faktisk berre 4 kommunar i landet som har færre elevar pr skule enn det Fjaler har.
At nokre meiner at det er skeivfordeling i favør av sentrum må eg berre akseptere, men eg er sterkt usamd i den påstanden.
Å måle rettferdigheit med millimetermål har eg lita tru på. Det kan vel ikkje vere slik at om ikkje alle innbyggarane kan få ei teneste som t.d fiber, så skal ingen ha det?

Nesten halvparten av innbyggarane i Fjaler bur innanfor det vi kan kalle Dale sentrum. Det seier seg sjølv at det er lettare å tilby enkelte tenester til ein overkommeleg sum når folk bur tettare enn når det er langt mellom husa. Det er akkurat det same som innhentar oss når vi er misnøgde med at ikkje vi får akkurat dei same tilboda som folk i meir folkerike strøk.

Det er naturleg at dei fleste kultur- og fritidstilboda ligg der det bur flest innbyggarar, men dei blir heldigvis like mykje nytta av innbyggarane utanfor sentrum. Å framstille dette som eit sentrumsgode er difor eit bomskot.
Eg er overtydd om at det vil bli eit stort sakn for langt fleire enn dei som bur i sentrum om tiltak som kulturskulen og drifta av Fjalerhallen vert reduserte.

Eg trur ikkje vi får noko positiv utvikling av folketalet om ikkje vi er i stand til å tilby potensielle tilflyttarar og heimflyttarar eit godt kultur- og fritidstilbod, sjølvsagt i tillegg til attraktive arbeidsplassar.
Eg skal vere heilt ærleg; Eg trur ikkje at Fjalersamfunnet som heilskap vil framstå som ein meir attraktiv buplass om ein kuttar støtta til mykje nytta og svært populære kultur- og fritidstilbod til innbyggarane, og i staden brukar desse pengane på t.d brøyting og strøing av private gards- og grendevegar.

Det som derimot er viktig er at vi som politikarar evnar å ha fleire tankar i hovudet på same tid og prøve å bruke dei ressursane vi har på ein måte som tener Fjalersamfunnet som heilskap best mogeleg.

Eg aksepterer at det er delte meiningar om korleis vi bør prioritere, men vedtaka er gjort av eit samrøystes kommunestyre. For eigen del står eg i alle fall heilt og fullt inne for dei vedtaka eg har vore med på. Skal eg angre på noko må det vere at ikkje vi sette i gong desse tiltaka på eit tidlegare tidspunkt. Det har ikkje mangla på åtvaringar frå administrasjonen til oss politikarar om dei økonomiske utsiktene.

Arve Helle
ordførar i Fjaler

Historia vi ikkje må gløyme, Rysjedal

I eit svar til Jostein Ness i Firda den 22.12. 2014 vert Ness kalla provokatør av Einar Rysjedal. I mitt leksikon frå Cappelen av 1958 står det at “Provokatør er en person som prøver å tilskynde, eller egge, en annen til å begå en forbrytelse”. Har du døme på at Ness har prøvd å få nokon til å begå brotsverk, Rysjedal?
Også eg las innlegget som Ness skreiv der Rysjedal hevdar at han og nokre andre frå partiet Raudt vart kalla gestapistar. Slik oppfatta ikkje eg Ness sitt innlegg. Men eg oppfatta det som at i samfunn der totalitære og diktatoriske ideologiar kjem til makta er der alltid element som får leve ut sine sadistiske og vondsinna lyster og instinkt.
Ness viser til det som skjedde i Norge under den tyske okkupasjonen. Det er nok å nemne Rinnanbanden. Men der finns også andre døme på slik framferd, også i kommuniststyrde samfunn. Dette føregår den dag i dag, sjå berre på kva som skjer i det kommunistiske Nord-Korea. Hundre tusener i skrekkleirar. Det kan vel ikkje avvisast at slikt har skjedd under kommunistiske styresett også før? Og det har skjedd under militærjuntaer rundt i verda. I Etiopia styrde den marxistiske presidenten Mengistu med turtur og drap på omlag ein halv million menneske på 70-talet, (VG, 30.06.2006). Ta t.d. Albania under Hoxha, Europa sitt raude fyrtårn, som også var venstresida og mange AKP m/l-arar sitt politiske glansbilete. I Aftenposten den 15.03 2010 skriv Aasmund Willersrud om “Sannheten om Enver Hoxhas massegraver”.
Skjelettene som velter frem fra grunnen gjør den forskrudde betegnelsen " sosialismens fyrtårn" enda mer brysom", skriv han.
Der er eindel av det som Rysjedal skriv i sitt svarinnlegg som i alle høve ikkje eg festar lit til. Han vedgår at “vi” såg opp til ei frigjeringsrørsle som leia an i kampen mot USA sine 2.756.941 tonn bomber over det vesle landet. Her trur eg Rysjedal tek feil, det var nok Viet Nam, nabolandet til Kambodsja, som fekk desse bombene over landet.
Og du verda for ei “frigjeringsrørsle” Pol Pot var leiar for! Nær på 2 mill., ein fjerdedel av folket, slakta på sadistiske vis! Og det er vel ikkje noko unnskyldning for at AKP m/l såg opp til denne “frigjeringsrørsla” at vestlege regjeringar seinare støtta Raude Khmer i FN. Sjølvsagt var Vesten si røystegjeving i FN uforståleg og skammeleg, men vi skal ikkje tru at støtta frå dei venstreekstreme miljøa i Europa var utan betydning for Pol Pot sitt tyranni. Tydelegvis vil Rysjedal ha oss til å tru at “Steigan sitt besøk og kortvarige verbale støtte” (sitat) var utan betydning for dei som styrde terroren. Og var Steigan si støtte kortvarig? I VG den 15.11. 2000 skriv Erling Bø dette: “Husker du Pål Steigan? Leder i SUF (ml). Leder i AKP (ml). Norsk partileder som møtte – og støttet – massemorderen Pol Pot? Husker du ham, husker du mer enn Cappelens Forlags leksikon. Som redaktør retusjerte Pål Steigan både seg selv og Pol Pots grusomheter ut av Caplex”. Kvifor skulle Steigan retusjere vekk Pol Pots grusomheiter vis han ikkje lenger støtta politikken hans?
Og så har vi AKP som programfesta væpna revolusjon. I VG den 1. august 2003 skriv den ikkje ukjende Olav Versto dette: “Spørsmålet om AKP var villig å ta i bruk vold og drap om partiet kom til makten, må utvilsomt besvares med ja.”
Rysjedal skriv også at han ikkje kjenner nokon Raudtfolk som kjem i kategorien av dei som hadde Pol Pot og Røde Khmer som vårt “store ideal”. Det eg alt har nemnt, og etter kva eg sjølv minnes, så har eg vanskar med å tru på denne påstanden. Dette sjølv om Rysjedal skulle kome til å truge også meg med injuriesøksmål.
RV – Raud Valgallianse
vart skipa i 1973. RV var ein allianse mellom AKP og uavhengige sosialistar. I 2007 la RV og AKP ned partiet og danna partiet Rødt – Raudt. Dei fleste medlemane i AKP og RV vart visstnok med i det nye partiet. Skal vi då tru Rysjedal så er der ingen no i Raudt som var med å støtta “fridomsrørsla” til Pol Pot. Men det er mykje som tyder på at Rysjedal tek feil her. Den einaste representante som RV til no har hatt på Stortinget er Erling Folkvord. Han kom inn i 1993. I VG den 10.08 1997 minner Erling Bø oss om kva Folkvord var med på i 1978. Flyktningar frå terrorregimet i Kambodsja var invitert til høyring i Oslo for å fortelje om grusomheitene under Pol Pot sitt styre. AKP m/l laga mothøyring, og sentralt i mothøyringane stod Erling Folkvord. Mothøyringa er omtalt i Klassekampen den 25. april 1978.
I avisa Vårt Land den 20.08. 93 skriv Hartvig Sætra, som sjølv var kommunist av den eldre garde, dette: “RV aktar å få ein representant inn på Stortinget frå Oslo. – Norge vil i så fall vere det einaste landet i Europa som får ein av massemordaren Pol Pot sine klakkørar i si nasjonalforsamling”.
Rett nok har eindel av dei gamle AKP-arane klatra til topps i andre parti, ikkje minst i Arbeidarpartiet, der mogelegheitene for makt har vore gode for dei. Og dei er å finne på alle plan i samfunnet, også innan påståtte “humanitære organisasjonar”. Men eg trur ikkje at alle av medlemane frå RV og AKP som gjekk inn i partiet Raudt skulle vere reine for Pol Pot-sympatiar. Her skal vi heller ikkje gløyme maoistane, då Mao sitt Kina også støtta Røde Khmer sitt terrorvelde. Og Kina under Mao var eit anna av norsk venstreside sitt paradis, trass i 10 år med blodig kulturrevolusjon og millionar myrda. Likevel elska norske ungkommunistar “Mao lille raude”.

Vidare i svaret til Ness skriv Rysjedal at alle veit at det er dei høgreeksteme som står bak den politiske valden i Norge, og viser her til eindel nazi-inspirerte brotsverk. No er vi etterkvart mange som har opplevd valden frå venstreekstreme miljø grunna vårt politiske syn. Men at nazi-ispirert vald tilhøyrer høgresida er det ikkje alle som meinar. Eg kan nemne nokre fakta som plasserar nazismen som sosialisme. Og har Rysjedal høyrt om sosialisme på høgresida? Einar Myklebust skriv i ein lenger artikkel i Aftenposten 26.03. 92 dette: “Nazismen på venstre side”, og “Som et kollektivistisk sosialt system hører nazismen hjemme på venstre side av den politiske skala. Å omtale den som høyre-ekstremisme er meningsløst”.
Dessuten minner eg om at det raude i nazi-Tyskland sitt flagg symboliserte sosialisme.

Her er mange andre ting som kunne takast fram i min kommentar til Raudt, men vi kan slå fast at Raudt sin politiske ideologi er kommunisme. Med den historia vi kjenner frå samfunn som har vore styrde av kommunismen gjennom hundre år, med tvang, slaveleirar, som under nazismen, tortur og drap på politiske meiningsmotstandarar og millionar andre uskuldige menneske, så vil eg spørje Rysjedal og partiet Raudt – Rødt: Er det kommunismen de vil by oss?
Om Rysjedal vil korrigere noko av det eg har skrive så er han velkomen med det. Stoffet om dette temaet er nesten botnlaust, men diverre fortidd for yngre generasjonar. Og det er synd!

Norvald Aasen, 6983 Kvammen
30.desember, 2014

Tungtvatn og atombomba

Fleire kjernefysikarar arbeidde før 2. verdskrigen med teori om korleis ei kløyving av atom i spaltbart materiale kunne utløyse store energimengder; kanskje ein kunne lage ein heilt ny type bombe, ei atombombe? Tyskaren Werner Heisenberg fekk nobelprisen i fysikk i 1932. Hans metode nytta tungtvatn i forskinga omkring atomspalting. I 1942 til 1945 leia han Keisar-Wilhelm-instituttet for fysikk, og leia hæren sitt program for spalting av uran.

Tungtvatn på Vemork
Norsk Hydro sitt anlegg på Vemork ved Rjukan produserte tungtvatn
28. februar 1943 sprengde ei norsk sabotørgruppa på 8 personar produksjonsutstyret for tungtvatn på Vemork. Det tok likevel berre 5 veker å få produksjonen i gang att. 16. november 1943 bomba 140 amerikanske fly både Rjukan og Vemork. Tungtvatnproduksjonen låg i kjellaren og vart ikkje skada. Tyskarane bestemte seg 13. desember likevel for å flytte produksjonsutstyret for tungtvatn til Tyskland. Planane for flyttinga kom den norske regjeringa i London i hende. 20. februar 1944 vart jernbaneferja ”Hydro” sprengd på Tinnsjø, og både ferdig tungtvatn og produksjonsutstyr gjekk til botnar.

Krigens gang
Tyskland angreip Sovjetunionen 22. juni 1941 og gjorde enorme framrykkingar. Men dei greidde ikkje å få innringa raudehæren og nedkjempa den, og offensiven stagnerte framfor Moskva. Fleire tyske militære såg dermed krigen som tapt, men Hitler tok over styringa av felttoget i aust. Hitler hadde kalkulert med å få tilgang til store naturressursar frå erobra land i aust. Det vart klårt at Tyskland måtte prøve å slå Sovjetunionen i eit sommarfelttog 1942. Særleg etter at USA kom med i krigen etter Pearl Harbor desember 1941 hadde dei allierte klårt større ressursar å setje inn i krigen. Omkring årsskiftet 1941/ 42 oppsummerte tyske leiarar ansvarlege for produksjon av krigsforsyningar situasjonen. Riksminister for krigsrustningar, Fritz Todt, sa på eit møte med Hitler og andre toppleiarar 29. november 1941: ”Denne krigen kan ikkje lenger verte vunnen med militære middel”. Todt omkom i ei flyulukke, og Albert Speer tok over hans stilling som rustningsminister. Speer gjekk hardhendt til verks for å effektivisere tysk produksjon. Sjølv om denne omorganiseringa oppnådde imponerande framsteg i produksjonen, kunne ikkje Speer overvinne dei materielle avgrensingane.

Manhattenprosjektet
Dette var eit samarbeid mellom USA, Storbritannia og Canada, som hadde atombomba som mål. Det vart starta opp i 1939 i liten målestokk, men vart trappa opp i 1942. Prosjektet hadde 130 000 tilsette på topp. Kostnad vart 26 milliardar dollar (rekna i 2015-dollar). 90 prosent gjekk til alle slags investeringar; berre 10 prosent til sjølve våpenproduksjonen. Prosjektet hadde 30 anlegg spreidde over dei tre deltakarlanda, dei aller fleste i USA. Den første prøvebomba vart sprengd i New Mexico 16. juli 1945. Den første krigsmålbomba vart sleppt over Hiroshima 6. august.

Både Hitler og Speer kunne rekne
Tyskland hadde ikkje sjanse til å kunne satse slike mengder med ressursar. Eit slikt prosjekt ville også måtte ta lengre tid enn det krigen ville vare. Denne pressa tyske økonomien må vi ha med oss for å forstå heilskapen. Både Hitler og Speer innsåg dette. Sommaren 1942 var dei leiande tyske fysikarane samla. Werner Heisenberg, som no leia atomprogrammet i Tyskland, stadfeste at utviklinga av ei atombombe ville strekkje seg lenger fram i tid enn krigen og ville krevje ressursar i eit omfang landet ikkje kunne stille. Leiinga i Tyskland såg klårt at deira sjanse var ein stor siger på austfronten i 1942 og brukte ressursane deretter.

Sett frå London
Ressurssituasjonen var langt gunstigare for USA og Storbritannia.
Churchill auka opp ressursane i Manhattenprosjektet frå våren 1941. Men dei visste det ville ta tid. Dei måtte knekkje krigsviljen i det tyske folket utan atombomba. Regjeringa i London vedtok 7. mai 1942 å øydeleggje med bombing 58 store tyske byar, og gjere 22 millionar tyskarar huslause.

Vår heltefilm
Det er laga film om tungtvatnaksjonane både i 1948 og 1965. Deltakarane var heltar, og det vil nok NRK sin TV-serie få fram. Vi som sit med fasiten og tilgang på forsking gjennom mange år, bør i alle fall ikkje leve med i myten om at desse aksjonane betydde noko for at Hitler-Tyskland ikkje makta å utvikle atombomba.

Asbjørn Geithus
pensjonert historielærar

Wanted - Koppevisa

Julestria og feiringa er over. Den landskjende julesangen Det lyser i stille grender….. har som vanleg vore høyrande både i fjernsyn og som live julesong.
Sola vil snu og har snudd i år og, trur eg.
Det går mot lysare tider. Snart vil milde vindar frå søraust kjele om land og folk. Lukt av god tjøre og nybredde båtar vil atter ligge som ein etterlenkta eim i lufta.

Koppevisa (av Jabob Sande?)song bestefar på Atløyna ofte når eg var med han på sjøen i nordfjordfæringen hans.
I barndommen var eg ofte der ute hjå besteforeldra mine om sommmaren. Der er lærde eg m.a. å slå med ljå, stuttorv og langorv.
Turane på sjøen var sers spennande. Bestefar hadde aldri motorbåt. Han var såleis ein av dei aller siste av dei verkeleg gamlekarane på sjøen der ute frå Atløyna.
Han hadde nordfjord-færing og- seksæring- årar og segl.
Det var færingen eg/vi brukte, seksæringen stod i naustet i min tid.

Bestefar nemde(?) truleg(?) Jakop Sande(?) som opphav til Koppevisa.
Sande var som kjendt for alle frå Dale. Det er rimeleg fornuftig å nytte Fjaler origo til etterlysning av Koppevisa. Det fekk eg ikkje til.
Sande-miljøet i Fjaler med Jubelhornet har kanskje meir opplysningar om Koppevisa i si fulle prakt.

Den har fleire vers- eg hugsar berre nokre få strofer. Eg trur visa tek til slik:

«Eg veit ein tater som kallast Koppinj,
ein riktig reinhåra rabbagast.
Han hakje havandes kle på kroppinj
han sorra støvlanje med tog og bast.»

«Han helsar høfleg på folk han møter
sler om frå bøvel(?) til emmisær
Han kasta sjukdom på folk og krøter
gjer mykje trolljdom i årets løp».

«.?…………………vårsildfisja ved Værøyhamn
Då låg han sjuk i ein gamal færing
ba tynt for sitt liv og namn
Han hadde nyleg si kjærring banka
og bannja allt som bar kristent namn.

.?………………………..?………………….

Siste vers er truleg slik:

Eg såg han sia i store støvla
ved Vilneskyrkja ein sommardag
Då va han gamal og kvit i toppinj
med sjegg som sjølvaste kløverkong

Han hadde nyleg til altars gjenje
og va om hjarta so gla og lett
føda han hadde forlating fenje
for all si synd på eit samla brett.

Med forventning og på førehand takk

Svein Fristad

Det bør bli forbudt å bygge boligblokker med flat tak i Norge, for å unngå lekkasje. Slik er det i Danmark.

I Danmark er det forbudt å bygge boliger med Flat tak, for å unngå lekkasjer, slik at den som bor i øverste etasje ikke skal få vann i leiligheten, som kommer i fra taket, når det regner mye, og er snø smelting. Slik bør det bli i Norge også.

I Førde er det mange bolig blokker med Flat tak, Bohus,Førde Terrasse, , etc. Lekkasje fra taket medfører store utgifter for forsikringselskapene. Så Forsikringsselskapene bør presse på rikspolitikerne for å få et forbud mot flate tak.

*Syns at det er merkelig at ikke politikerne har tatt fat i dette? *

De forskjellige partiene er opptatt av mye, men dette med flat tak har de ikke visst noen innterresse for å ta opp, er grunnen at det er billigere å bygge boliger med flat tak? men blir det lekkasje fra taket etter noen år, kan det bli meget dyrt for boligeieren, Borettslagene/sameiene og Forsikringselskapene.

Førde,

Stein Ove Birkeland

Uføre som jobber i Attføringsbedrifter blir taperne, når de ikke får økt lønn, for at uføre skal betale mer skatt i 2015.

Fra 2015 skal uføre betale mer i skatt, de skal betale like mye i skatt som lønnsmottakere, dette blir gjort ved at trygden blir økt, før skatt. Slik at de fleste får omtrent like mye utbetalt i uføretrygd som i 2014, men uføre som jobber i attføringsbedrifter får ikke noe form for kompensjon . Uføre må betale like mye i skatt av trygden som bi inntekten i %. .Dette resulterer i at uføre som jobber i Atftøringsbedrifter får mindre utbetalt i lønn i fra bedriften.

Dette til tross for at politikerne vil at uføre skal jobbe mer, men oppmuntrer mer skatt på lønn for uføre, at de jobber mer ?

Førde,

Stein Ove Birkeland