Viser arkivet for stikkord askvoll

Skal Fossedalen bli utan fossar?

Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden er igjen truga av kraftutbygging. Det same er området sør for Rørvika ved Førdefjorden, ein kjend oppgang til det kjende turmålet Blægja. For mange vil tapet bli stort om kvalitetane i så viktige og kjære landskapselement vert borte.

Forum for natur og friluftsliv i lag med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet går sterkt imot desse utbyggingsplanane. I Askvoll, Førde og Naustdal er det 12 utbyggingssøknader med i den “pakken” som NVE har sendt på høyring. Vi held på å misse fosselandskapa i store område.

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har tidlegare gått mot kraftverk i Fossedalen. Mange ordførarar deltok med entusiasme i opninga av Friluftsåret 2015. Den levande naturen er det viktigaste grunnlaget for friluftslivet.

Turstiane frå Ottersteinen til Fløyen, Fossevika, Fossedalen og Nipebu er nå rydda og merka som ein del av Kystarvstiprosjektet. Bruken har nærast eksplodert etter at det kom bru over Dalsfjorden. Fossedalen har eit rikt, historisk landskap etter tidlegare busetting oppe i dalen og nede ved sjøen.

Av dei tre hovudrutene til turlagshytta Nipebu, er dei to frå Rivedal og Markavatnet alt no prega av kraftutbygging. Ruta via Fossevika/Fossedalen er den einaste som er fri for slike inngrep. Vi ønskjer at den ruta framleis skal vere inngrepsfri.

Ein utbygging i Fossedalen vil råke to svært vakre fossar, ein i Nedre Fossedalen og så Vikafossen. Både i Fylkesdelplanen for småkraftverk og i OED sine retningslinjer for små vannkraftverk er det vektlagt å ta spesielle omsyn til fossar som er viktige landskapselement. Fossar i fjordlandskap, som Vikafossen, har spesielt stor verdi.

Vi håper at Fjaler kommune held fast ved sitt tidlegare vedtak om å gå mot utbygging av Fossedalselva. Med dei nye turstiane har vassdraget fått enda større verdi enn før for friluftsliv, reiseliv, trivsel og folkehelse

Rørvika kraftverk er ei anna svært konfliktfylt utbygging. Grunnen er først og fremst dei negative konsekvensane for landskapet og friluftslivet. Stien frå Rørvika og oppover langs elva er truleg den viktigaste fotturruta til Blægja. Ho har vore brukt i årevis. På slutten av 1930-åra reiste folk med motorbåt frå Florø til Rørvika for å gå på Blægja. Det vert sagt at dei gjekk opp om kvelden og natta og hadde ei oppleving som dei hugsa og fortalde om lenge etter.

Den strie Rørvikelva med fossar og stryk er ein viktig del av naturopplevinga på denne turen. Elva er også viktig for livet i landskapet. Frå før er så mange fossar lagde under jorda både i Askvoll og andre kommunar ved dei to fjordane at det nå står om restane.

2015 er Friluftslivets År med mål om å gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av folket. Turar i naturen har positive effektar for både folkehelsa og kommuneøkonomien.

Ron Overdevest
Sogn og Fjordane Turlag

Erik Solheim
Naturverforbundet i Sogn og Fjordane

Elisabeth Dahle
Fylkeskoordinator Forum for Natur og Friluftsliv

Film Fossedalen:
https://www.youtube.com/watch?v=EJdENm22Atg&feature=youtu.be

Bygda vår er i forfall.

Dette var hovudsaka i Firda 9 september, der Thomas Karlsen var avbilda på framsida og teksten lydde: Butikken i Stongfjorden lagt ned- No rauk skulen og håpet om setjefiskanlegget ser ut til å være ute. Det er ikkje mykje att her. Bygda vår er i forfall.

Underteikna og vi vil tru mange andre Stongfjordingar ser ikkje so svart på framtida som Thomas Karlsen og Roy Sævik gir uttrykk for i Firda. Vi synes sjølvsagt det er svært trasig at det ser ut til at butikkdrifta ikkje vert vidareført av nye drivarar. Vi veit butikken er viktig både for oss fastbuande, næringsliv og turistar og ikkje minst er butikken i ei grend som Stongfjorden viktig som møteplass. Spesielt vanskeleg kan det verte for dei som sjølv ikkje kan køyre eigen bil til Kvammen eller Askvoll for å handle og er prisgitt det busstilbodet vi har.
Når det no dessverre ser ut til at butikkdrift ikkje vert vidareført er vi glade for den store innsatsen til hovudaksjonær i selskapet som eig bygget, Helge Myklebust har gjort med å få laga til kafe/pub-lokale i «butikk»bygget. Vi håpar inderleg at han lykkast med å få nye leigetakarar som greier å utnytte potensialet og skape ein møteplass både på dag og kveldstid, kvardag og helg.
Når det gjeld Marine Harvest sitt setjefiskanlegg hevdar Karlsen at dette er torpedert (det var so mange som gjekk mot det at det ser ikkje ut til å bli noko av). Reguleringsplanen vart stadfesta/ godkjent sist veke. Fylkesmanne opplyser 9 september at dei ikkje har behandla søknaden om utsleppsløyve. Dei seier at dei har vore i kontakt med Marine Harvest og bedt dei vurdere å utgreie et alternativt utsleppspunkt før søknaden vert endeleg behandla. Pr d.d. hadde ikkje Fylkesmannen motteke nokon tilbakemelding frå Marine Harvest, på kva dei ville gjere. Anten få søknaden behandla slik den ligg føre eller gjere tilleggsutgreiing. I samtale med Marine Harvest 9 september vert uttalen frå Fylkesmannen stadfesta og dei seier vidare at dei pr d.d ikkje har sendt inn ny/korrigert søknad. Dei har ikkje tatt stilling til kva dei vil gjere. Marine Harvest opplyser at dei hadde hastverk med å få større kapasitet på setjefiskanlegga då dei starta arbeidet med framlegg til privat reguleringsplan i Stongfjorden. Men sidan reguleringsarbeidet tok tid og dei i mellomtida har fått utvida/ nye anlegg andre stadar i landet, er ikkje behovet i dag prekært. Andre faktorar som no er vel so viktige for realisering av anlegget i Stongfjorden er finansiering. Marine Harvest sin representant delte ikkje framstillinga i Firda, men han trudde det ville ta litt lenger tid en først tenkt å få bygt setjefiskanlegget.
Elles vil vi hevde at investeringane som er gjort i primærnæringane siste åra i Stongfjorden viser eit bilde av stor optimisme og er langt frå påstandane som kjem fram i Firda. Utan at vi sit med konkrete tal, meiner vi at vi ikkje tek for mykje i om ein seier det er investert for om lag 25 mill siste 2-3 år.
Personleg har vi fått regulert eit område for fritidsleilegheiter i fjøresteinane på eigendommen vår. Vi har nett gjennomført et forprosjekt for å greie ut kva marknaden vil ha av slike tilbod, noko som enda med etablering av Nesavika Fritid.
Vi delar IKKJE pessimismen til Thomas Karlsen og Roy Sævik og ser heller optimistisk på framtida med tanke på utsiktene til utvikling og fornying både i bygda og elles kringom i kommunen Vi har tru på at vi skal få realisert vårt prosjekt og håpar andre lykkast med sine planar.

Liv og Gisle Stafsnes

(11.09.2014)

Engebøprosjektet og den nye regjeringa - Kap.2

Ja, so var vi komne til neste steg i sagaen om ”rutilfolket”, eller mineralifiseringa av Noreg om du vil. Den nye regjeringa har vifta med tørkleet framfor fjordforkjemparane, og truar med storstilt fjordnedbygging. Eg burde sjølvsagt ikkje vere overraska, men litt må eg no sei at eg undrar meg over fantasiløysa som rår i regjeringslokala etter valet.

Les meir…

Ein HAFS-kommune, kva bør han heite?

Med Dalsfjordbrua kjem nok debatten om kommunesamanslåing i gang att. Det blir mykje å forhandle om, og kommunenamnet er eitt tema. Å kalle kommunen for HAFS, etter Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund (dersom det vert ei samling av desse kommunane), vil kanskje skape minst krangel, men er det eit godt namn?

_ Les meir…

Torsheim-statua i Askvoll

Det er sørgjeleg at vi i Askvoll skal måtte sjå på Stig Eikaas istaden for på Oddvar Torsheim.
Oddvar Torsheim kjenner vi som ein leiken, tvisynt, underfundig og original kunstnar som gjev oss nye vinklar og idear, leikelyst og humor i hjartet.
Eikaas sin skulptur gjev meg meir assosiasjonar i retning av ein austeuropeisk diktator-statue.
Viss ordførar Frida Melvær ville tenkje folkeleg, var det betre om ho tenkte i retning av folkegåve av den typen mange av oss var med på i Naustdal. Eit kunstverk basert på Oddvar Torsheim sin kunst. Men kanskje det også kan skje i Askvoll, det er slett ikkje for seint for ei aldri så lita ku-vending. Og dét vil vere godt for omdømet. Hugs Askvoll sitt motto: Rom for eventyr.

Oddvar Torsheim
gav meg eit bilete i draume.
Småsporven gjeng i tunet midt på biletet
med snøresko oversprøyta av Nordsjøolje og blod
frå dei inntørka augo til prelaten
opphengd i mesanmasta på Noahs ark

Exorsisten går framleis på bygdekinoen Solvang i bakgrunnen.
Og i strandkanten leikar Vangsgutane djevleutdriving
med Draugen, sju prestar og the Beatles:
Gryl ut mine vonde ånder!

Og der:
i øvre, høgre hjørnet
seglar Vårherre inn i gammaldags cinemascope på ei stereosky:
This is a test, this is a test!
It’s your Lord speaking
I’m back again, I’m back ag…

Resten kutta kinomaskinisten,
den fule velferdsfanden.

Rolf Losnegård

Småkommunanes svøpe

Måndag la Askvoll kommunestyre ned skulen der eg gjekk mine første seks skuleår. Vemodig og trist for meg, sjølsagt. Tragisk for barna som går der i dag. Og for bygda. For samtidig tok dei kvelartak på eit sterkt og vitalt engasjement, og ein optimisme som har blomstra i Stongfjorden dei siste åra.

Mens Askvoll kommune har halta av garde med eit sviktande folketal og eit næringsliv som i beste fall har stått i stampe, har Stongfjorden hatt vind i segla, skapt fleire arbeidsplassar og dratt store mengder nye innbyggarar til bygda og kommunen. Skatteinntekter. Det viktigaste ein kommune treng.

Og så, når effekten av engasjementet er i ferd med å materialisere seg, elevtalet i skulen peikar oppover, barnehagen er sprengt og mange fleire står klare til å flytte til bygda, så bestemmer altså administrasjonen og dei som er valde til å vere politikarar seg for legge ned skulen. Grunnpilaren i eit levedyktig samfunn. Eit hastevedtak, køyrt igjennom i ekspressfart, utan konsekvensutgreiing, med umiddelbar verknad, ifølge dei som har følgt prosessen tett.

Tragedien starta med at Askvoll-politikarane jubla over at dei var i ferd med å få skikk på den sedvanleg skakkøyrde økonomien, heilt til ein eller anna utpå ettervinteren oppdaga ein utgiftspost på seks-sju millionar som nokon hadde gløymt å ta med i rekneskapet.

Som alltid når det har stått dårleg til med økonomien i Askvoll, og det har det stort sett gjort, er det nedlegging av Stongfjorden skule som er løysinga. Sju gonger dei siste 13 åra har protestane ljoma og fornufta sigra til slutt hos eit fleirtal av politikarane. Genitrekket som til slutt overlista fornufta, var ingen utgreiing og minimal betenkningstid.

Etter at Høgre-ordføraren og hennar våpendragarar hadde feira nedlegginga denne måndagen, sette ho seg på Facebook og delte stolt ei lenke til Dagblad-artikkelen om at Askvoll er Norges nest billegaste kommune å bu i. Ingen eigedomsskatt og minimalt med andre kommunale avgifter. Berre slått av Sola i Rogaland.

Høgreordførarens hovering fekk underteikna til å kommentere med følgande:

”Interessant å sitte utanfor og sjå inn på det som skjer i ein kommune som er ei naturperle med alle muligheiter. Endeleg toppar Askvoll ei liste med positivt forteikn. Og då kan det vere naturleg for deg som ordførar å slå deg på brystet. Så gratulerer! Den store skilnaden mellom nummer ein og to på denne Dagblad-lista, er at Sola er eit mønsterbruk. Veldriven, oljesmurt og nedsylta i oljemillionar. At dei kan tillate seg å sponse innbyggarane med låge avgifter, kan forståast.

I motsett ende av den skalaen fins Askvoll, bankerått, minimal næringsvekst og konstant jaga av fråflyttingsspøkelset. Det er imponerande, eller kanskje heller oppsiktsvekkande, at de har råd til å vere så rause med innbyggarane. Eller har de eigentleg råd? Var det ikkje slik at de la ned kommunens mest tradisjonsrike skule i går? For å bøte på kommunens økonomiske vanstyre.

Dei fleste ordførar i din situasjon ville nok håpa at ingen las denne Dagblad-artikkelen. At dette var for pinleg. Og aller mest skammeleg. Og frykteleg provoserande for barna og bygda som ufortent må betale prisen.”

Ordføraren svara aldri på kommentaren. Ho fjerna innlegget frå FB. Det var lurt.

Små kommunar slit ofte med å rekruttere gode folk til styre og stell, det er ei kjent sak og eit verkeleg problem. Ein kommune er som ei stor verksemd med mange tilsette. Skilnaden er at det i næringslivet oftast handlar om å bygge kapital, profitt, pengar. I kommunen handlar det alltid om å jobbe for folket. Kommunen er utelukkande til for folket, ikkje omvendt. Gjere livet godt å leve for dei som har valt å bu der.

For å få til det, trengs god økonomi og god økonomistyring. Det siste har med kompetanse å gjere. Det første handlar om langsiktigheit og klokskap. Eit bedriftsstyre som med opne auger legg ned ei av sine potensielt viktigaste inntektskjelder, blir fort kasta av aksjonærane. I ein kommune er det folket som er aksjonærar.

Folket i Stongfjorden, og mange andre bygdefolk kringom, kan berre håpe at ei kommunesamanslåing kjem raskt.

Stongfjorden skule

I oppslag i Firda 29.05. kan vi lese at ordføraren i kommunen er bekymra for det faglege og sosiale miljøet for elevane ved Stongfjorden skule, og nemner dette i samband med debatten om skulen skal oppretthaldast eller avviklast. I avisartikkelen vert det ikkje vist til bakgrunn for uroa ein kjenner.

Så langt har diskusjonen rundt skulestruktur handla om kommuneøkonomi, og i dokumenta frå administrasjonen i kommunen går det fram at det ikkje er heilt enkelt å rekne ut nøyaktig innsparing på å legge ned skulen i Stongfjorden. Dersom ein skal uttale seg om elevane sitt faglege og sosiale miljø, er ein inne på element som er endå vanskelegare å måle og ev. samanlikne.

Sant nok er Stongfjorden skule liten, med 9 elevar på 1.-4. klassesteg. Det tette samarbeidet med barnehagen (skulen og barnehagen er éi eining med felles leiar) gjer likevel at miljøet for både elevar og lærarar er større enn det elevtalet ved skulen tilseier. Gjennom samvere og samarbeid med barnehagebarna utviklar skuleelevane ein sosial kompetanse som dei vil ha nytte og glede av gjennom heile livet – og som dei fleste foreldra i bygda ser på som så viktig at dei har valt å bruke nærskulen sin. Også barna i barnehagen profitterer på å vere saman med skuleelevane i leik og læring.

Dersom kommuneleiinga er i tvil om det faglege og sosiale miljøet ved ein skule er godt nok, bør dette røkjast etter og takast opp på andre måtar enn gjennom avisa. Utdanningsforbundet Askvoll har kome med ein eigen høyringsuttale i samband med eventuell nedlegging av Stongfjorden skule. Vi viser til denne uttalen, og forventar at debatten om skulestruktur i kommunen vert ført med argument som er utgreidde og kjende for alle partar.

Utdanningsforbundet Askvoll
Magnhild Hoddevik, leiar

Vinterlys ved Stongfjorden i Askvoll.

Alden i vinterlys

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll

På vei heim til Vevring frå Gjelsvika etter infomøte for Naustdal og Askvoll kommunestyre, 9. mai. Vakkert syn over Førdefjorden, ein enda levande fjord. Vi har ingen fjord, fjell eller bygd å miste!