Viser arkivet for stikkord fjaler

Skal Fossedalen bli utan fossar?

Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden er igjen truga av kraftutbygging. Det same er området sør for Rørvika ved Førdefjorden, ein kjend oppgang til det kjende turmålet Blægja. For mange vil tapet bli stort om kvalitetane i så viktige og kjære landskapselement vert borte.

Forum for natur og friluftsliv i lag med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet går sterkt imot desse utbyggingsplanane. I Askvoll, Førde og Naustdal er det 12 utbyggingssøknader med i den “pakken” som NVE har sendt på høyring. Vi held på å misse fosselandskapa i store område.

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har tidlegare gått mot kraftverk i Fossedalen. Mange ordførarar deltok med entusiasme i opninga av Friluftsåret 2015. Den levande naturen er det viktigaste grunnlaget for friluftslivet.

Turstiane frå Ottersteinen til Fløyen, Fossevika, Fossedalen og Nipebu er nå rydda og merka som ein del av Kystarvstiprosjektet. Bruken har nærast eksplodert etter at det kom bru over Dalsfjorden. Fossedalen har eit rikt, historisk landskap etter tidlegare busetting oppe i dalen og nede ved sjøen.

Av dei tre hovudrutene til turlagshytta Nipebu, er dei to frå Rivedal og Markavatnet alt no prega av kraftutbygging. Ruta via Fossevika/Fossedalen er den einaste som er fri for slike inngrep. Vi ønskjer at den ruta framleis skal vere inngrepsfri.

Ein utbygging i Fossedalen vil råke to svært vakre fossar, ein i Nedre Fossedalen og så Vikafossen. Både i Fylkesdelplanen for småkraftverk og i OED sine retningslinjer for små vannkraftverk er det vektlagt å ta spesielle omsyn til fossar som er viktige landskapselement. Fossar i fjordlandskap, som Vikafossen, har spesielt stor verdi.

Vi håper at Fjaler kommune held fast ved sitt tidlegare vedtak om å gå mot utbygging av Fossedalselva. Med dei nye turstiane har vassdraget fått enda større verdi enn før for friluftsliv, reiseliv, trivsel og folkehelse

Rørvika kraftverk er ei anna svært konfliktfylt utbygging. Grunnen er først og fremst dei negative konsekvensane for landskapet og friluftslivet. Stien frå Rørvika og oppover langs elva er truleg den viktigaste fotturruta til Blægja. Ho har vore brukt i årevis. På slutten av 1930-åra reiste folk med motorbåt frå Florø til Rørvika for å gå på Blægja. Det vert sagt at dei gjekk opp om kvelden og natta og hadde ei oppleving som dei hugsa og fortalde om lenge etter.

Den strie Rørvikelva med fossar og stryk er ein viktig del av naturopplevinga på denne turen. Elva er også viktig for livet i landskapet. Frå før er så mange fossar lagde under jorda både i Askvoll og andre kommunar ved dei to fjordane at det nå står om restane.

2015 er Friluftslivets År med mål om å gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av folket. Turar i naturen har positive effektar for både folkehelsa og kommuneøkonomien.

Ron Overdevest
Sogn og Fjordane Turlag

Erik Solheim
Naturverforbundet i Sogn og Fjordane

Elisabeth Dahle
Fylkeskoordinator Forum for Natur og Friluftsliv

Film Fossedalen:
https://www.youtube.com/watch?v=EJdENm22Atg&feature=youtu.be

Ein HAFS-kommune, kva bør han heite?

Med Dalsfjordbrua kjem nok debatten om kommunesamanslåing i gang att. Det blir mykje å forhandle om, og kommunenamnet er eitt tema. Å kalle kommunen for HAFS, etter Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund (dersom det vert ei samling av desse kommunane), vil kanskje skape minst krangel, men er det eit godt namn?

_ Les meir…

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar og kommentar til Breidablikk om at diskusjonen må gå på generell samfunnsutvikling,
frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.

FRAMTID I HAFS = DALE VGS

Med denne parolen samla 130 HAFS-ungdomar seg i Bergen for å protestere mot ei eventuell nedlegging av Dale VGS. Ungdomen er samstemte om at den vidaregåande skulen i HAFS er av avgjerande betydning både for kultur-, idretts- og næringsliv i HAFS, og for at dei i det heile teke skal vurdere å flytte heim til HAFS etter endt utdanning.

Det er galskap å legge ned skulen vår, seier ungdomen. Fjaler Høgre støttar dette utsagnet heilhjarta. Det er galskap å i det heile teke vurdere å legge ned den einaste vidaregåande skulen i HAFS, som gjere at store delar av HAFS-ungdomen kan bu heime i dei viktige ungdomsåra. Viktig for det lokale kultur-og idrettslivet, viktig for rekruttering av deltidshjelp og ein første kontakt med næringslivet i regionen, viktig for den enkelte elev, som kan velge å bu heime medan dei tek vidaregåande utdanning. Og ikkje minst viktig for å skape ei sterk tilhøyrigheit for ungdomen, noko som ungdomen sjølv vurderer som sentralt for at dei ønskjer å flytte heim att og stifte familie etter endt utdanning.

I dag kan dei fleste elevane i HAFS dagpendle til skulen. Dersom skulen forsvinn, vil det bli ca. 100 nye hybelbuarar som må bu ute av HAFS. Mange elevar kan greie seg bra på hybel, men kva med alle dei som treng motivasjon heimanfrå for å få gjort leksene og som treng dei faste rammene som heimen representerer ?

Dale VGS er ein skule som leverer både resultat og trivsel blant både elevar og lærarar. Eksamensresultata våren 2012 ligg heilt i fylkestoppen. I 2012 slutta det 8 elevar frå Askvoll, Hyllestad og Fjaler. 7 av desse er slutta ved andre skular i fylket, 1 ved Dale VGS.

Det er optimisme i HAFS-regionen. Fleire bedrifter som etterspør høgt utdanna arbeidskraft er i vekst, og stimulerer ungdomen til å flytte heim til nye, spennande arbeidsplassar. Dale VGS i seg sjølv er også viktig som rekrutteringsstad for høgt utdanna arbeidstakarar. Samfunnet har satsa store beløp på Lutelandet, som etterkvart venteleg vil bidra med fleire hundre nye spanande arbeidsplassar. Dalsfjordsambandet skal stå ferdig i desember 2013. Hovudmålsetjinga var og er å skape eit større felles bu- og arbeidsområde.

Alt i alt representerer desse investeringane eit stort potensiale for vekst i næringsliv og arbeidsplassar i HAFS, og eit stort behov for kompetent arbeidskraft. Men, som HAFS-ungdomen sjølv seier det; Kven vil busetje seg i HAFS, ta imot jobbtilbod i HAFS, dersom ein veit at ungane må vekk på skule når dei er 16 år ?

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes forsikrar oss om at ingenting er avgjort, ulike modellar skal konsekvensutgreiiast. Og legg til: «Det er viktig at grepa står seg for framtida». Fjaler Høgre slutter seg heilt til dette siste utsagnet, og håper at fylkespolitikarane er seg sitt ansvar bevisst når dei skal vurdere grep for skulestrukturen i fylket. At ein evner å tenke heilheitleg på samfunnsutviklinga i heile fylket, og kva det å ha minst ein vidaregåande skule i ein region er heilt avgjerande for at det skal vere noko von om utvikling i det heile teke. Minstekravet må vere at kvar region må ha minst ein videregåande skule. Dale VGS er skulen for heile HAFS-regionen. Eit grep som står seg for framtida for HAFS-regionen = Dale VGS!

Styret for Fjaler Høgre
v/Marita Solheim og Eivind Antonisen

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll