Viser arkivet for stikkord hyllestad

Ein HAFS-kommune, kva bør han heite?

Med Dalsfjordbrua kjem nok debatten om kommunesamanslåing i gang att. Det blir mykje å forhandle om, og kommunenamnet er eitt tema. Å kalle kommunen for HAFS, etter Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund (dersom det vert ei samling av desse kommunane), vil kanskje skape minst krangel, men er det eit godt namn?

_ Les meir…

På ein tørr og skrinn bergrygg med Gygrekjeften og austenden av Lihestplatået i bakgrunnen har denne tre – fire meter høge iskolossen bygd seg opp i løpet av ein kald vinter. Her skal det ikkje avslørast korleis isgubben har vorte til. Det kan heller lesarane spekulere på. Dei som absolutt vil vite kan køyre vegen mellom Hyllestad og Lifjorden og finne ut av fenomenet på eiga hand.

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll