Viser arkivet for stikkord vasskraft

Skal Fossedalen bli utan fossar?

Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden er igjen truga av kraftutbygging. Det same er området sør for Rørvika ved Førdefjorden, ein kjend oppgang til det kjende turmålet Blægja. For mange vil tapet bli stort om kvalitetane i så viktige og kjære landskapselement vert borte.

Forum for natur og friluftsliv i lag med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet går sterkt imot desse utbyggingsplanane. I Askvoll, Førde og Naustdal er det 12 utbyggingssøknader med i den “pakken” som NVE har sendt på høyring. Vi held på å misse fosselandskapa i store område.

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har tidlegare gått mot kraftverk i Fossedalen. Mange ordførarar deltok med entusiasme i opninga av Friluftsåret 2015. Den levande naturen er det viktigaste grunnlaget for friluftslivet.

Turstiane frå Ottersteinen til Fløyen, Fossevika, Fossedalen og Nipebu er nå rydda og merka som ein del av Kystarvstiprosjektet. Bruken har nærast eksplodert etter at det kom bru over Dalsfjorden. Fossedalen har eit rikt, historisk landskap etter tidlegare busetting oppe i dalen og nede ved sjøen.

Av dei tre hovudrutene til turlagshytta Nipebu, er dei to frå Rivedal og Markavatnet alt no prega av kraftutbygging. Ruta via Fossevika/Fossedalen er den einaste som er fri for slike inngrep. Vi ønskjer at den ruta framleis skal vere inngrepsfri.

Ein utbygging i Fossedalen vil råke to svært vakre fossar, ein i Nedre Fossedalen og så Vikafossen. Både i Fylkesdelplanen for småkraftverk og i OED sine retningslinjer for små vannkraftverk er det vektlagt å ta spesielle omsyn til fossar som er viktige landskapselement. Fossar i fjordlandskap, som Vikafossen, har spesielt stor verdi.

Vi håper at Fjaler kommune held fast ved sitt tidlegare vedtak om å gå mot utbygging av Fossedalselva. Med dei nye turstiane har vassdraget fått enda større verdi enn før for friluftsliv, reiseliv, trivsel og folkehelse

Rørvika kraftverk er ei anna svært konfliktfylt utbygging. Grunnen er først og fremst dei negative konsekvensane for landskapet og friluftslivet. Stien frå Rørvika og oppover langs elva er truleg den viktigaste fotturruta til Blægja. Ho har vore brukt i årevis. På slutten av 1930-åra reiste folk med motorbåt frå Florø til Rørvika for å gå på Blægja. Det vert sagt at dei gjekk opp om kvelden og natta og hadde ei oppleving som dei hugsa og fortalde om lenge etter.

Den strie Rørvikelva med fossar og stryk er ein viktig del av naturopplevinga på denne turen. Elva er også viktig for livet i landskapet. Frå før er så mange fossar lagde under jorda både i Askvoll og andre kommunar ved dei to fjordane at det nå står om restane.

2015 er Friluftslivets År med mål om å gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av folket. Turar i naturen har positive effektar for både folkehelsa og kommuneøkonomien.

Ron Overdevest
Sogn og Fjordane Turlag

Erik Solheim
Naturverforbundet i Sogn og Fjordane

Elisabeth Dahle
Fylkeskoordinator Forum for Natur og Friluftsliv

Film Fossedalen:
https://www.youtube.com/watch?v=EJdENm22Atg&feature=youtu.be

FAKTABASERT VASSRØVERI

Det er store ting i emning i kommunane Jølster og Førde. Kraftselskapa Sunnfjord Energi og nordnorske Fjellkraft ligg i hard tevling om å få nytte seg av dei siste restane av Jølstra-vassdraget som framleis renn fritt. Om eitt av selskapa i framtida skal få gjere Jølstra om frå elv til bekk står att å sjå. Vi står føre ein lang konsesjonsprosess med grundige kartleggingar av verknadane av dei ulike utbyggingsalternativa.

Sunnfjord Energi vil sjølvsagt alt no gjere seg gilde hos publikum, og har difor laga ei informasjonsbrosjyre om planane sine. Her kan dei alt no informere oss om kva verknader dei ventar av utbygginga si, og dei har i det heile temmeleg overveldane forventningar til eige prosjekt. Det blir sjølvsagt små naturinngrep og små verknader for fisken i vassdraget. Verknader for rekreasjon, friluftsliv og fiske blir det nesten ikkje, og kraftselskapet vil frelse oss med ein uhorveleg stor global CO2 reduksjon på kjøpet. Det siste er vel grundig avkrefta gjennom NRK Brennpunkt og ber preg av ”tenk på eit tal”-mentalitet.
I det heile: Korleis kraftselskapet kan presentere oss for venta verknader av utbygginga utan at desse enno er utgreidd, er forunderleg. Er det ikkje difor vi nettopp no skal gå inn i grundige konsekvensutgreiingar og høyringsrundar?

Oppi denne samlinga av det som kan verke som kreative og noko forhasta slutningar, er det ein påstand som særleg fangar merksemda vår. Sunnfjord Energi ”forventar at forholda for elvepadling og rafting vil bli betra, då for stor vassføring i dag set begrensningar for denne aktiviteten”.
Både vi og eit samla norsk padlemiljø ristar på hovudet. Det er heilt uforståeleg at Sunnfjord Energi kan få seg til å hevde noko slikt, og det i skriftleg form. For oss blir dette som å hevde at all snøen om vintrane legg avgrensingar for skiaktivitet. Hos Norges Padleforbund har dei lenge vore opptatt av utbyggingssaker, og vi får opplyst at dei ser på denne uttala som verre enn å ikkje ta med våre interesser i det heile. Om ein tek seg umaken å lese det som er publisert om elvepadling i Jølstra, er det semje om at det ikkje er problematisk å nytte ei vassføring opp til om lag 75 m/s3 i Jølstra. Det blir og slått fast at vassføringar under om lag 20-25 m/s3 ikkje er eigna for padling og anna elvesport.
Dette står i sterk kontrast til den planlagde minstevassføringa på 7,5 m/s3. Kor i all verda får Sunnfjord Energi påstandane sine frå? I beste fall er dette kunnskapsløyse og slurv. I verste fall eit forsøk på å føre folk bak lyset.

Vi høyrer til dei som ikkje ønskjer at enno fleire av elvene våre i Sogn og Fjordane blir røva frå oss. Det skal vi ikkje stikke under ein stol. Vi meiner at vi har eit felles ansvar her i Noreg for å ta vare på den unike vassdragsnaturen vår. Kortsiktig profitt kan aldri vege opp det. Ei kraftutbygging er eit irreversibelt inngrep. Ei elv som er kraftutbygd, kan aldri bli ikkje-kraftutbygd igjen. Og difor er rett kunnskap så utruleg viktig før ein gjer desse inngrepa. Vi ønskjer oss ein kunnskapsbasert debatt som ikkje er tufta på påstandar som er tekne ut av lufta.

Ein lyt sjølvsagt gå ut i frå at Sunnfjord Energi er dei som kjenner sitt eige prosjekt best. At dei allereie frå sbyrjinga desinformerer både lokale styresmakter og folk elles på denne måten er ikkje bra. Kvifor dei vel å føregripe eigne utgreiingar av verknader og framstiller sitt eige prosjekt som noko det umuleg kan vere, lyt dei gjere greie for sjølve. Vi andre kan berre gjere oss våre eigne tankar…

Henry Ruud
Kristine Kopperud Timberlid

Elveentusiastar