Viser arkivet for stikkord vasskraftutbygging

Skal Fossedalen bli utan fossar?

Fossedalen på nordsida av Dalsfjorden er igjen truga av kraftutbygging. Det same er området sør for Rørvika ved Førdefjorden, ein kjend oppgang til det kjende turmålet Blægja. For mange vil tapet bli stort om kvalitetane i så viktige og kjære landskapselement vert borte.

Forum for natur og friluftsliv i lag med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet går sterkt imot desse utbyggingsplanane. I Askvoll, Førde og Naustdal er det 12 utbyggingssøknader med i den “pakken” som NVE har sendt på høyring. Vi held på å misse fosselandskapa i store område.

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har tidlegare gått mot kraftverk i Fossedalen. Mange ordførarar deltok med entusiasme i opninga av Friluftsåret 2015. Den levande naturen er det viktigaste grunnlaget for friluftslivet.

Turstiane frå Ottersteinen til Fløyen, Fossevika, Fossedalen og Nipebu er nå rydda og merka som ein del av Kystarvstiprosjektet. Bruken har nærast eksplodert etter at det kom bru over Dalsfjorden. Fossedalen har eit rikt, historisk landskap etter tidlegare busetting oppe i dalen og nede ved sjøen.

Av dei tre hovudrutene til turlagshytta Nipebu, er dei to frå Rivedal og Markavatnet alt no prega av kraftutbygging. Ruta via Fossevika/Fossedalen er den einaste som er fri for slike inngrep. Vi ønskjer at den ruta framleis skal vere inngrepsfri.

Ein utbygging i Fossedalen vil råke to svært vakre fossar, ein i Nedre Fossedalen og så Vikafossen. Både i Fylkesdelplanen for småkraftverk og i OED sine retningslinjer for små vannkraftverk er det vektlagt å ta spesielle omsyn til fossar som er viktige landskapselement. Fossar i fjordlandskap, som Vikafossen, har spesielt stor verdi.

Vi håper at Fjaler kommune held fast ved sitt tidlegare vedtak om å gå mot utbygging av Fossedalselva. Med dei nye turstiane har vassdraget fått enda større verdi enn før for friluftsliv, reiseliv, trivsel og folkehelse

Rørvika kraftverk er ei anna svært konfliktfylt utbygging. Grunnen er først og fremst dei negative konsekvensane for landskapet og friluftslivet. Stien frå Rørvika og oppover langs elva er truleg den viktigaste fotturruta til Blægja. Ho har vore brukt i årevis. På slutten av 1930-åra reiste folk med motorbåt frå Florø til Rørvika for å gå på Blægja. Det vert sagt at dei gjekk opp om kvelden og natta og hadde ei oppleving som dei hugsa og fortalde om lenge etter.

Den strie Rørvikelva med fossar og stryk er ein viktig del av naturopplevinga på denne turen. Elva er også viktig for livet i landskapet. Frå før er så mange fossar lagde under jorda både i Askvoll og andre kommunar ved dei to fjordane at det nå står om restane.

2015 er Friluftslivets År med mål om å gje varige resultat i form av auka deltaking i friluftsliv i alle delar av folket. Turar i naturen har positive effektar for både folkehelsa og kommuneøkonomien.

Ron Overdevest
Sogn og Fjordane Turlag

Erik Solheim
Naturverforbundet i Sogn og Fjordane

Elisabeth Dahle
Fylkeskoordinator Forum for Natur og Friluftsliv

Film Fossedalen:
https://www.youtube.com/watch?v=EJdENm22Atg&feature=youtu.be

Brislingfiske i Sognefjorden.

Petter Hovgaard har i Sogn Avis 24.12.2012 ein god kronikk om brislingfiske, bifangst og dermed eit eventuelt overfiske i Sognefjorden som ei forklaring på lite fisk i fjorden. Eg kan stadfeste at det er bifangst ved brislingfiske. På 1950- og -60-talet var det mykje brislingsteng her eg bur på Massnes mellom Fuglsetfjorden og Ikjefjorden. Det var vanleg at folk fiska rundt stenga fordi det var mykje stor pale der. Det likte ikkje fiskarane, men me som eigde grunnen der stenga stod, hadde lov til å fiske inne i mærene, óg. Eg har fiska stor pale som stod inne i mærene og kleppa pigghå som sumde langs kanten på nota. Dette var fiskarane glade for. Pigghåen kunne rive hol i nøtene. Samtidig passa me på stenga så ikkje uvedkommande gjorde skade. Dette store brislingfisket hadde pågått i mange tiår attende. Eg har sett bilete frå kaien i Lavik rett før krigen og eitt tre år seinare som viser mange brislingfiskebåtar. Men etter at Førde-Matre-vassdraget vart utbygd og ferskvatnet frå Fuglsetfjorden og Ikjefjorden vart overført til Matre i 1970, vart brislingen og fisken vekke. Dette skuldast at næringstilgangen, opprøringsstraumane og ferskvassinnblandinga endra seg og dermed endra temperaturen i fjorden seg. Dette har så endra algeproduksjonen og leveforholda til raudåta som var hovudføda til brisling og all småfisk. Raudåta er heilt vekke.
Å stoppe brislingfisket i Sognefjorden har vore prøvd før. Sogn Avis tok dette opp med Fiskeridirektoratet i avisa 26.januar 2004. Der avviste Fiskeridirektoratet blankt at brislingfiskarane er skuld i at fjordane er fisketomme. Rolf Petter Vetvik opplyste at i perioden 1963 til 1983 var det rikelig med ressursar i Sognefjorden og langs heile Vestlandskysten. Etter 1983 har fisket gått attende og Vetvik meiner han veit årsaka. Det skuldast ein kombinasjon av auka sjøtemperatur og ei endring i planktonet sitt økosystem. Eg er også sikker på at Fiskeridirektoratet veit kva som er skuld i at økosystemet har endra seg. Men som ein statsetat får dei ikkje lov å seie at dette skuldast staten sine vasskraftutbyggingar. Å stoppe brislingfisket vil ikkje rette opp att økosystemet i fjordane, men det vil sjølvsagt hjelpe litt på dei svake fiskestammane me har hatt. Dette veit nok Petter Hovgaard som driv FjordForsk saman med Torbjørn Dale. Etter at Høgskulen la ned Akvastudiet, er det no Fjord Forsk som har kompetanse på Økosystemet i Sognefjorden. Dale har skrive fleire innlegg som godt beskriv kva som skjer i fjordane ved ei kraftutbygging.
No står det att å få retta opp att økosystemet. Dette er det berre Kystpartiet som vil gjere. Dei andre partia er heilt tause. Det er berre Johs B Thue som har forstått at ein hadde for lite kunnskap om skadeverknadene då vasskraftutbyggingane vart vedtekne.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet, Sogn og Fjordane.

Resolusjonar frå årsmøtet til Kystpartiet i Sogn og Fjordane 24 juni 2012

Engebøgruva: Kystpartiet går sterkt imot å dumpe gruveavfallet frå Engbøfjellet i Førdefjorden. Me ser det som statleg miljøkriminalitet om regjeringa gjev løyve til dette.

Giftig ubåtar: Kystpartiet vil straks få heva kvikksølv ubåten ved Fedje og ubåten i Sognefjorden som inneheld atomvåpen. Kystpartiet ser det som ein miljøskandale at regjeringa og storting ikkje har rydda opp i desse giftbombene.

Stad skipstunnel: Kystpartiet vil bygge Stad skipstunnel som eige prosjekt. Tunnelen skal finansierast ved at steinar skal skipast ut og seljast. Arbeidet skal utlysast og starte straks.

Vasskraftutbyggingane: Kystpartiet vil straks starte arbeidet med å rette opp miljøskadane vasskraftutbyggingane har påført vatn, elvar og sjø slik at fiskebestanden kan få gode leveforhold att.

Asbjørn Massnes
Kystpartiet Sogn og Fjordane