Viser arkivet for stikkord årskonferanse

Kva betyr eit fylkesting frå eller til?

For utviklinga av fylket vårt spelar eit fylkesting frå eller til lita rolle.
For litt sidan kom det til eit ordskifte i media om det var rett eller rangt av fylkeskommunen å avlyse fylkestinget i april. Slik eg ser det har det lite å bety for utviklinga av fylket om aprilmøtet blir annullert. Å halde fylkesting utan viktige, konkrete saker til vedtak, men meir som ein temadag, berre for å sette noko på agendaen, vil vere sløsing både med tid og pengar. Det betyr neppe at det ikkje finst saker å drøfte i tinget.
Men politikarar og byråkratar har då jammen meir enn nok av møteplassar der dei møter andre grupperingar og kan drøfte problemstillingar og utfordringar som fylket strir med, eller det store mulegheitsbiletet som finst. Det blir då også gjort. Det som derimot spelar ei rolle er kva fylkespolitikarane våre kjem fram til under dei tingseta dei faktisk deltek på, og kva dei gjer mellom desse tingseta av oppfølging. At dei får kvittert ut sakene som betyr noko for utviklinga av fylket i raskt tempo. Truleg er grendetenkinga i fylkestinget det største problemet, men det er ei heilt anna sak.
På grunn av dei mange møta gjennom heile året jobbar fleire av oss difor hardt for å redusere/samordne fleire av møta og konferansane for at så vel næringslivsfolk, politikarar og andre skal kunne rekke over alt. Eg trur at vi på denne måten også kan ha håp om å dra fleire av fylkespolitikarane med på andre arenaer der dei verkeleg kan få påfyll og viktig kunnskap.
NHO Sogn og Fjordane har registrert at det er altfor få fylkespolitikarar som stiller på dei årlege næringskonferansane der det blir tatt opp viktige tema som har mykje å seie for Sogn og Fjordane si utvikling. Hugs at tilrettelegging for næringsverksemd er den viktigaste jobben ein politikar kan gjere for å skape folketalsvekst og anna aktivitet. Det er også ei kjensgjerning at vi ser fram til ei langt større medieinteresse for desse viktige møteplassane. Då vil lesarane og lyttarane som ikkje har høve til å delta, men som kan ha stor interesse for og nytte av temaet, få tilgang på viktig informasjon.
NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse går av stabelen i Sogndal same dagen som apriltinget skulle haldast, den 10. april. Her har altså alle fylkespolitikarane, media og andre som no står fram og etterlyser eit matnyttig møte denne dagen ein sjanse til å få påfyllet sitt, faktisk eit svært aktuelt påfyll. Årets tema er nemleg “Læringslivet”, der det vil bli sett søkjelys på alt frå tidleg innsats for å hindre fråfall i skulen, høgskulestrukturen i landet, rekruttering og unge bedriftsleiarar. (nho.no/sognogfjordane)
Og verken politikarar, media eller andre skal vere redde for at nivået vil bli for lågt. På føredragslista har vi i år bl.a. NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund, professor Mari Rege, adm.dir. i Westcon Yards Arne Birkeland, leiar i Norsk studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje, partner i First House, Bjarne Haakon Hanssen, samt lærlingar og unge bedriftsleiarar frå fylket. På programmet står også representantar frå dei ulike ingeniørutdanningane i fylket vårt, samt Fagskulen og UWC. Alle vil dei fortelje om kva nytte nærings- og samfunnslivet i fylket vil ha av deira studentar. Bjarne Haakon Hanssen vil snakke om kva nytte leiarar i privat og offentleg sektor i fylket kan ha av ekstern hjelp til påverking for å nå fram til sentralmakta.
Det er også viktig å presisere at dette er ein møteplass som både det private næringslivet og offentlege instansar er med på å få i stand. Den solide partnarskapen som utgjer samspelet med NHO Sogn og Fjordane består av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, NAV, Innovasjon Norge, Framtidsfylket, Ungt Entreprenørskap, Westcon Group AS og Sparebanken Vest.
Det er også verd å nemne at vi i år har samla fleire aktivitetar innan både privat- og offentleg sektor opp til NHO Sogn og Fjordane sin Årskonferanse den 10. april i Sogndal. Dette nettopp for å redusere møter og konferansar spreidde utover heile våren. Det har vi lukkast med. Verdiskapingsplanen vil bli presentert og drøfta den 9. april, og fleire har valt å legge styremøta sine til denne dagen, bl.a. Opplæringskontoret for prosessfag i fylket (PRO). Den 11. april har NAV Eures sitt arrangement som omhandlar rekruttering av arbeidskraft frå EØS-området. Med dette vil politikarar, skulefolk, næringslivsfolk, media og andre interesserte kunne få rikeleg med sjansar til å lære og drøfte viktige problemstillingar både den 9., 10. og 11. april. Ei fagleg god erstatning for eit fylkesting, meiner eg.
Det er altså ikkje noko som helst problem for verken politikarar eller andre som er opptatt av nærings- og samfunnsliv i Sogn og Fjordane å få fylt den 10. april (eller 9. og 11. april) med nyttig innhald. Ja, eg vil seie det så sterkt at alternativet eg her har kome med kanskje er langt betre enn mykje av det som har kome fram i avisdebatten så langt. Fråfallet i skulen, feil skuleval, kompetanse, rekruttering av kvalifisert arbeidskraft frå inn- og utland og korleis stimulere til at fleire unge flyttar til fylket og gjerne blir bedriftsleiarar/-etablerarar, er faktisk noko av det som samtida bør vere mest opptatt av. Det trur eg at både næringslivet og politikarane våre på fylkestinget er samde i. Den 10. april set vi altså søkjelyset på den reelle framtida for fylket vårt, og dei som skal skape den; dei som er unge i dag.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane