Viser arkivet for stikkord økonomi

Kva kostar dette, Naustdal?

Nokre spørsmål til rådmannen i Naustdal, og til varaordførar Harald Kvame som ivrar etter å fylle Førdefjorden med avfall.

Rådmannen i Naustdal er ute å “fyrer opp under…” i media i dag(23.09.2014). Naustdal kan tene gode pengar i eigedomsskatt frå avfallsdeponiet i Førdefjorden…….. Men er dette reèlt? Kva er kostnadane? Kven må ta kostnadane? Og er det desse pengane åleine som skal avgjere saka? Er det greit at Naustdal kommune skor seg på unødvendige og enorme naturøydelggingar?

Er det størrelsen på eigedomsskatten til Naustdal kommune som skal bestemme framtida til fiskerinæringane i sogn og fjordane, eller i Noreg for den saks skuld? Tykkjer verkjeleg resten av fylket at dette er ok? Fleire av dei fremste folkevalde frå fylket står på talarstolen i stortinget og snakkar fram prosjektet på Engebø. Kva er det dei driv med? Dei kan då umogeleg ha forstått kva dette dreier seg om. Kva kostnader snakkar vi om her?

Kvifor har Naustdal kommune bestemt seg for at avfallsdeponi i Førdefjorden er det einaste rette? Kvifor skal Naustdal i det heile få bestemme dette, som angår alle? Regjeringa har fått ei sak på bordet, med berre eit forslag til løysing. I tillegg viser det seg at utgreiingane er bygd opp på feil bruk av forskingsresultat, samt at mykje ikkje er utgreia i det heile. Ordføraren i Naustdal har gått ut over sine mandat i forhandlingar med selskapet, noko han har fått refs av frå fylkesmannen. Representantar frå 4 parti klaga saka inn for lovlegkontroll etter handsaminga i Naustdal. Fiskeridirektoratet har levert innsigelse. Havforskingsinstituttet er rykande ueinige i fleire av utgreiingane. Fleire faginstansar tek til orde for at saka er for dårleg utgreiia, og fleire uavhengige fagkunnige påpeikar store feil og manglar i rapportane.

Saka er eit grelt eksempel på lokalpolitisk handtverk, prega av hastverk og dårleg økonomi. Skal dette vere premissleverandøren for framtidas gruveindustri i Noreg?

Naustdal kommune vil “skimme” naturen for eit mindre millionbeløp årleg, ved å risikere mellom anna heile fiskeindustrien i Sogn og fjordane. Kva verdiar set dei då på spel? Er fiskarane og oppdrettarane i fylket klare til å byte jobb? Har reiselivet kanskje ei framtid innan gruveturisme? Har dei nemde næringane eit motreknestykke, so set vi desse opp mot kvarandre. Utifrå dei tala eg har sett, so skapar dei eksisterande næringane langt større verdiar lokalt og nasjonalt enn det dette avfallsdeponiet nokon sinne vil gjere.

Naustdal kommune har heller ikkje teke høgde for dei miljømessige kostnadane. Og kva med dei infrastrukturelle kostnadane som vil påløpe. Kva vil dette koste fylket i veginvesteringar? Kva vil dette koste den norske stat i klimakvotekjøp for å dekke opp denne enorme auken i CO2 utslepp? Kva vil tapet for reiselivsnæringane beløpe seg til? Kva vert kostnaden av omdømetapet?

Har Naustdal i det heile rekna på noko av dette? Eller har dei berre rekna ut kva eigedomsskatt dei kan få inn, etter “tenk på eit tal” prinsippet?

Set ”ikkje fornybare” arbeidsplassar framfor alt

Ei samla miljørørsle varslar enorme konsekvensar om Nordic Mining skulle få løyve til prosjektet sitt på Engebø. Dei fleste faglege råd går imot, og nye og eksisterande næringsinteresser står mot kvarandre.

Men nokre lokale politikarar raslar no med sablane i media og krev snarleg avgjerd. Eg forstår det slik at ein gjerne vil ha æra for desse ”ikkje fornybare arbeidsplassane” for ein kvar pris, men kva er det som hastar? Og kven er desse arbeidsplassane for? Er det slik at vi skal byte ut eksisterande arbeidsplassar for å få dette til? Ser ein på dei store linjene so er det ikkje nye risikoarbeidsplassar Noreg treng, men arbeidskraft. Vi må arbeide for å trygge dei arbeidsplassane vi har, og legge til rette for at eksisterande bedrifter kan få utvikle seg og vekse bærekraftig. Nye arbeidsplassar må og skapast, sjølvsagt. Men her og må vi tenke og handle bærekraftig. SV ynskjer ei satsing på fornybare ressursar og grøne arbeidsplassar. Tida er ikkje moden for å starte eit mineraleventyr utan sidestykke eller omsut for samfunn og miljø.

Noregs befolkning har valt eit storting til m.a. å forvalte naturressursane vi har til rådvelde. Dette skal dei gjere til beste for folk, natur, dyreliv og miljø. Kan vi leve med at nokre få kortsiktige arbeidsplassar og Nordic Mining si botnlinje er viktigare enn langsiktige skadeverknader av prosjektet? Eg har ikkje noko forståing for det valdsame politiske engasjementet for Nordic Mining. Selskapet har teke ein risiko, og den får dei stå inne for. For Noreg er det heilskapen som må ligge på vektskåla, ikkje kortsiktig økonomisk vinning og populisme.

Dersom Ap og Sp “skjer igjennom” i regjering, handlar dette om noko heilt anna enn miljø og arbeidsplassar. Sintef sin rapport på inntektspotensiale, bestilt av Sunnfjord Næringsutvikling tek ikkje stilling til nokon av dei store spørsmåla knytt til dette prosjektet, heller ikkje til nokon av kostnadssidene ved ei eventuell utbygging. Eg har vanskar med å sjå kva denne rapporten eigentleg er tenkt brukt til.

Nordic Mining sine planar for mineralutvinning på Engebø er framleis ikkje noko bærekraftig prosjekt, og vert ikkje betre av at lokale politikarar prøvar å koke saka ned til eit spørsmål om arbeidsplassar og inntekt. Dersom Noreg skal satse vidare på mineralnæring, so må dette gjerast med eit ressursøkonomisk generasjonsperspektiv. Minerala skal ikkje berre kome “oss” til gode, men og framtidige generasjonar. Vi kan ikkje fortsetje med kortsiktig gevinst på eingongsressursar. Arbeidsplassar og økonomisk vinning må vere sekundært, miljø og ressursforvalting primært. Kva hjelp det med arbeid i dag, om du ikkje finn mat i morgon?

Signert
Ole Erik Thingnes
Miljøpolitisk talsmann
Sogn og Fjordane SV

Dei eldre, dei sjuke og dei som treng spesielle tiltak i Førde kontra rådhuset og idrettspark.

Går Førde sine budsjett/budsjettoverskridingar utover eldre sine nødvendige tilbod ? Vert barn og ungdom med spesielle behov tilgodesett i Førde? Kva med drifta av sjukeheimen, drifta av heimehjelpa ? Kva med “lågterskeltilbode” som mellom anna ved Kronborg ressurshage/Blomereina ? Får desse viktige tiltaka midlane dei burde ha ?
Førde investerar i flotte bygg og flott infrastruktur, er det pengar til drift og vedlikehald ?
Dersom ein som lekmann påpeikar noko ved dei økonomiske disponeringane til byen, får ein alltid som svar “dette går over eit anna budsjett”.
Førde har mange forpliktelsar overfor dei som er inbyggjerar i småbyen, vi vert alle eldre. Etterkvart treng vi pleie, ikkje alle unge og vaksne heng med, desse treng og fornuftig oppfølging. Har Førde kommune kontroll på dette ? Eg tvilar på dette eg. Les gjerne Dagunn Klagegg sitt debatt innlegg i Firda av onsdag 14.11. side 12 og 13, der tek ho opp mykje viktig vedr. omsorgsbudsjettet i Førde. Er vi berre nokre få som er skeptiske til pengedisponeringane i Førde by ?

Sogn og Fjordane og Noreg går bra

Gjennom media har det den siste tida blitt retta sterk kritikk mot den raud-grøne Regjeringa. Særleg har Frp og Høgre kome med mykje svartmåling. Av og til kan ein få inntrykk av at vi lever i eit underutvikla u-land som er ”skakkøyrt” på alle område. Samanliknar vi utviklinga i Noreg med landa i Sør-Europa, fell svartmålinga og kritikken på sin eigen steingrunn. Økonomien i fleire land i Europa er ute av kontroll. 24 millionar er utan arbeid i Europa. Arbeidsløysa mellom ungdom har auka til over 25 % i enkelte land. Vi ser at den økonomiske krisa er i ferd med å utvikle seg til ei sosial- og tillitskrise.

I Norge lever vi derimot på den grøne greina. Siste året har vi hatt god vekst i fastlandøkonomien. Vi har ei svært låg rente, og tal arbeidslause går ned og utgjer berre vel 3 % av arbeidstyrken. Sidan 2005 har vi hatt ein reallønsvekst på om lag 2,5 % i året. Sidan den raud-grøne regjeringa tok over, er det skapt nesten 300 000 nye arbeidsplassar. Av desse er om lag 2/3 skapt i privat sektor. I Sogn og Fjordane er det sidan 2005 fått 2300 nye jobbar. I den høgredominerte Bondevik II regjeringa vart det berre skapt 26.000 nye arbeidsplassar på fire år. Dette er tal og nakne fakta som står i grell kontrast til svartmålinga og den negative fokuseringa frå Høgre og Frp.

Likevel er det politiske utfordringar å gripe tak i. Vi ser tydlege teikn på at vi går mot ein todeling av industrien vår. Petroleumsnæringa opplever svært gode tider, medan den tradisjonelle eksportnæringane slit tyngre. Det er difor viktig at landet vårt får ei kostnadsutvikling samt ein løns- og prisvekst som den tradisjonelle industrien og eksportbedriftene kan leve med.

Forsking og utvikling er område som må få større merksemd i åra framover. Det er menneska sin kunnskap og skapartrong som skal gjere oss i stand til å løyse oppgåvene i framtida. FOU er også avgjerande for å skape nye arbeidsplassar. Å investere i kunnskap, forsking og innovasjon er å sikre framtidig konkurransekraft. Dette er avgjerande for at vi framleis skal ha vekst i næringslivet vårt.

Dei siste sju åra har løyvingane til infrastruktur og samferdsle auka monaleg. Nasjonal transportplan er oppfylt gjennom årlege løyvingar i statsbudsjettet. Likevel er ikkje løyvingane store nok til å auke vegbygginga og hindre forfallet på vegnettet. I ei årrekkje er vedlikehaldet forsømt. Difor har Statens Vegvesen sett av mykje midlar i NTP for å betre vedlikehaldet og stoppe forfallet. I fylket vårt har vi svært mange tunnelar. Vedlikehaldet av tunnelar er kostbart, svært kostbart. For nokre månader sidan la Statens Vegvesen fram eit utkast til nasjonal transportplan, NTP. Det vart presentert rammer på dagens nivå og rammer med vekst på høvesvis 20 % og 45 %. For å løyse utfordringane innan denne sektoren, krev Sogn og Fjordane Arbeidarparti ein auke i løyvingane på 65 %. Etter mitt syn er samferdslepolitikk og næringspolitikk to sider av same sak. Knapt noko anna område av politikken har så mykje å seie for samfunnsutviklinga og næringsutviklinga.

Med det krevjande økonomiske landskapet i Europa i bakhovudet, ser vi kor avgjerande det er med ei trygg økonomisk styring. Den raudgrøne regjeringa har skapt eit robust og moderne velferdssamfunn som tek vare på fellesskapsverdiane i samfunnet på ein best mogeleg måte. Trass i at det er mange politiske utfordringar på fagfelt som helse- og omsorg, ufrivillege deltidstillingar, klimautslepp, har Arbeidarpartiet og regjeringa styrt landet vårt på ein god måte. Ein vellukka økonomisk politikk med stor verdiskaping, låg rente og låg arbeidsløyse, er den beste dokumentasjonen på dette.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar

Utfordringar i ein oljesmurd økonomi

Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Det gir store regionale skilnader i arbeidsmarknaden.
NHO sin ferske økonomiske kvartalsrapport, Økonomisk overblikk 1/2012, viser at tosporsøkonomien festar seg. Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Investeringane her utgjorde i fjor 140 milliardar kroner – sju gonger meir enn investeringane i industri og bergverk i fastlandsøkonomien.
NHO sin sjeføkonom Tor Steig meiner at det no er klare teikn på at oljeklynga fortrenger anna norsk konkurranseutsett næringsverksemd gjennom særnorsk, sterk kostnadsvekst og tilspissa kamp om den kvalifiserte arbeidskrafta.
Manglande tilgang
Det er nok heilt korrekt. Vi ser nemleg at andre konkurranseutsette næringar står framfor svake marknader, rekordsterk kronekurs og høgt kost¬nadsnivå og investerer difor stadig mindre. Manglande tilgang på kvalifisert arbeidskraft blir også peika på som eit ikkje uvesentleg hinder for nye investeringar.
Dei over 2500 NHO-bedriftene frå heile landet som har svara i undersøkinga melder om framleis moderate forventningar for marknadsutviklinga i 2012 og 2013. NHO sine vurderingar peikar i retning av ein forsiktig vekst i fastlandsøkono¬mien på to prosent i år og 2,5 – 3 neste år. Dette er mykje likt dei forventningar som kom fram i Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane; forsiktig optimisme.
Store regionale skilnader
NHO sin marknadsindikator viser dessutan større regional spreiing i økonomisk utvikling enn nokon gong. Rogaland ligg suverent på topp med Oslo og Akershus som nummer to. Rogaland og Oslo, med 20 prosent av befolkninga til saman, hadde 60 prosent av dei nye jobbane i 2011, i følgje arbeidskraftsundersøkinga frå SSB.
Fylke med stort innslag av bedrift¬er i skuggen av oljeklynga ser ut til å stagnere. I Sogn og Fjordane er det ei generell oppfatning av at vi har vi fått for lite ut av den oljerikdomen som ligg rett utanfor stovedøra vår. Skal vi komme oss ut av skuggen må vi jobbe hardt for å få vår del av dei planlagde investeringane i Nordsjøen i 2012, som er rekna til 185 milliardar kroner. Vi må samstundes jobbe endå hardare for å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft innan fleire sektorar. Og då snakkar eg om så vel fagarbeidarar som ingeniørar og andre med utdanning på høgskule- og universitetsnivå.
Arbeidskraft
Veksten i befolkninga i arbeidsdyktig alder ser ut til å ha stabilisert seg på kring 1,7 prosent eller 60 000 per år i landet. Dette er uvanleg høgt i norsk samanheng og skuldast høg innvandring. Sysselsettingsveksten har kome i gang i Norge, men den er framleis så låg at sysselsette som del av befolkninga fell. Dette gir eit veksande latent overskot på arbeidskraft i norsk økonomi.
Timelønskostnadene auka dessutan med 3,7 prosentpoeng sterkare i Norge enn i konkurrentlanda i 2011, i følgje det tekni¬ske beregningsutvalet for inntektsoppgjera. Nesten to prosentpoeng av den 3,7 prosent svekka konkurran¬sekrafta i 2011 skuldast sterkare kronekurs. Dei gjen¬nomsnittlege timelønskostnadene i industrien blei dermed 55 prosent høgare enn hos handelspartnarane våre i 2011.
Tor Steig meiner at dei høge timelønskostnadene skaper store omstilling¬sutfordringar i kampen om svake eksportmarknader, og i heimemarknadskonkurransen i høve til importerte varer og tenester. Spørsmålet blir kor lenge vi kan leve med eit slikt kostnadsnivå, dersom vi ønskjer å selje varene våre så vel utanfor som innanfor landets grenser?
Framleis låg rente
I høve til euro har krona heldt fram med å styrke seg i løpet av dei to første månadene i år. Og situasjonen i Europa tilseier ei låg rente, lenge.
Sterk krone og høg oljepris gir nemleg avgrensa handlingsrom for renteauke i tida framover. Saman med svært sterke vekstimpulsar frå oljeinvesteringane inneber dette at oljepengebruken over statsbudsjettet må avgrensast uavhengig av diskusjonen om kor stor avkastning det er rimeleg å forvente av oljefondet.
Av Jan Atle Stang
Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Norges oljefond i fare!

Tidligere i uken, hadde klassekampen et oppslag om Oljefondet.
En ameriansk økonom, med 30 år erfaring, mente den norske politikken med å investere “oljepengene” i aksjer og obligasjoner, ville medføre at oljefondet ville bli rassert. Han mente at Norge heller burde investere i jernbane, veier og utdanning. Da hadde vi noe å sattse på når oljen brukt opp.
Les artikelen om Hudson sine meninger her
Nå får han støtte fra norges mest kjente finanskapitalist.
Øystein Stray Spetalen sier i Klassekampen,sitat: “Oljefondets finansinvesteringar er «rein svindel»”.

Anbefaler å alle som er interessert i fremtiden til Norge, å sette seg inn i denne problemstillingen.
“Les artikelen om Stray Spetalen sine meninger her ":http://www.klassekampen.no/58538/article/item/null/satsar-paa-ein-daud-hest:

Vi har i dag en stats- og finansminister, som risikerer det norske folk sine verdier, i verdiløse aksjer. Som Spetalen sier: “Den største eksportkjelda til USA er søppelinvesteringar”.

Bør vi ikke sette oss inn i problemene?
Hva om Stray Spetalen og Hudson har rett?
Hvor står andre økonomer?

Regjeringa har greidd å halde oppe full sysselsetting.

Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg i spissen har lukkast med den økonomiske politikken. I mange land i Europa har arbeidsløysa vakse til over 10 %. I Noreg har vi derimot ei rekordlåg arbeidsløyse. Arbeidsløysa er faktisk lågare enn den nokon gong ha vore dei siste 20 åra. Landet vårt har også klart seg svært godt gjennom finanskrisa som har ramma verda. Fleire land i Europa opplever dei sterkast økonomiske tilbakeslaga på 70 år.
Gjennom alle desse brotsjøane, har Jens Stoltenberg (Ap) ført ein ansvarleg økonomisk politikk. Under finanskrisa for eit års tid sidan vart oljepengane brukte målmedvite for å bekjempe finanskrisa og arbeidsløysa. Næringspolitikken samt budsjett- og inntektspolitikken har vore med på å legge grunnlaget for denne utviklinga. Eller som finansminister Sigbjørn Johnsen seier: Vi må legge til sides pengar i gode tider, som vi kan tære på i dårlegare tider.

Sett frå min ståstad er det viktig å skape verdiane før dei vert omfordelte til fellesskapen.
Gjennom ein vellukka økonomisk politikk har ein trass nedgangstider greidd å ta vare på og auke verdiskapinga i samfunnet. Dette er grunnlaget for kunne løfte fram ein politikk bygd på solidariske fellesskapsløysingar.

Samferdsle
Ein viktig del av den skapande politikken er Regjeringa si formidable satsing på opprustning av veg, jernbane og annan infrastruktur. For første gang blir Nasjonal Transportplan følgt opp gjennom dei årlege løyvingane i statsbudsjettet. Det er gjennomført eit taktskifte i samferdselspolitikken. Gjennom å ruste opp infrastrukturen vil kvardagen for meg og deg bli lettare. Dette vil også betre miljøet og styrke næringslivet si konkurransekraft og verdiskaping gjennom å få ned transportkostnadene.
Satsinga på kollektivtransport og jernbane vil bli særleg sterk i og omkring dei største byane, mens løyvingane til vegbygging vil vekse, særleg i distrikta. Det er også viktig å understreke trongen for å satse på dei mjuke trafikantane gjennom bygging av gang- og sykkelvegar. Nullvisjonen for tal drepne i trafikken vil vere styrande for alle delar av transportsektoren.

Trass i auka vegløyvingar, er det framleis mykje som står att av manglande samband og standard på vegnettet. Etterslepet på vedlikehaldet er eit alvorleg problem. Like eins må innsatsen for trafikktryggleik og rassikring haldast oppe. På halvårskonferansen til Regjeringa i 2010 sa statsministeren at dårleg vegnett er dårleg samfunnsøkonomi. Han la også til at løyvingane må haldast oppe og auke i tida framover.

Næringspolitikk
Næringspolitikken er ein viktig føresetnad for å kunne halde oppe full sysselsetting for å kunne auke verdiskapinga. Delar av industrien slit framleis med verknadene av finanskrisa. Særleg har verftsindustrien og deler av den maritime næringa hatt store utfordringar. For å betre rammevilkåra for desse næringane kom Regjeringa denne våren med ein tiltakspakke som har blitt godt motteken.

Rammevilkåra for den kraftforedlande industrien er ei anna viktig utfordring i Sogn og Fjordane. Lokalsamfunn som Svelgen, Høyanger og Årdal er heilt avhengige av at denne industrien utviklar seg positivt. Hydro og Elkem er bærebjelken i desse lokalsamfunna. Nedgangen i talet på industriarbeidsplassar i fylket dei siste åra har vist at det er naudsynt å rette fokus mot utvikling av denne næringa.

For å få nye investeringar i denne industrien må det leggast til rette for langsiktige industrikraftkontraktar på same vilkår som fleire EU-land allereie har. Vi må også få utvida støtteordningar for energieffektivisering. I tillegg må industrien sikrast like CO2 kvotereglar.
Dette for å unngå karbonlekkasje og auka globale CO2 utslepp. Det er viktig at Noreg har dei same kompensasjonsordningane og konkurranse vilkåra som den tilsvarande industrien i EU- landa.

Rammevilkåra for gründerar og nyetablerar er eit fagfelt Næringsminister Trond Giske har teke tak i denne våren. Næringsdepartementet har gjennomført ei undersøking av personar som har starta ei bedrift i løpet av siste året. Denne peikar på at vi har eit for komplisert regelverk og eit for stort skjemavelde for nyetablerar. Like eins har vi avgrensingar i rettar til sjukepengar og for strenge krav til revisjonsplikt. Trond Giske har sagt at han vil ta tak i desse utfordringane og betre rammevilkåra for gründerar og nyetablerar.

Siste tida har det i fleire saker blitt retta sterk kritikk mot Regjeringa. Særleg har FRP kome med mykje svartmåling. Av og til kan ein få inntrykk av at vi lever i eit underutvikla u-land som er ”skakkøyrt” på alle område. Denne svartmålinga og den negative skildringa fell på sin eigen steingrunn. Trass i at det er mange politiske utfordringar på fagfelt som utdanning, energi, helse- og omsorg, har Regjeringa styrt landet vårt på ein god måte. Ein vellukka økonomisk politikk med svært låg arbeidsløyse er den beste dokumentasjonen på dette.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar i Ap

200 års pensjonsalder?

Bakgrunnen for pensjonsreforma er at folk lever lenger og difor må arbeide lenger. Men å krevje at bøndene skal arbeide til dei er nær 200 år er vel litt lenge? Det er i alle fall konsekvensen av avskrivingsreglane Kristin Halvorsen og finansdepartementet hennar tviheld på.
I samband med dyrevelferdsmeldinga for nokre år sidan rekna Landbruksøkonomisk Institutt med 20 års levetid for ein driftsbygning. Departementet med dåverande statsråd Sponheim foreslo overfor Stortinget krav om lausdrift og fekk det vedteke. Overgangstida vart sett til 20 år ut frå argumentet om at dei med båsfjøs uansett måtte bygge nytt innan 20 år.

Levetid og fornuft
Vanleg fornuft tilseier då at med 20 års levetid på bygningen må den både vere fullt betalt og heilt nedskriven etter 20 år. Nedskriving er jo utgiftsføring av byggekostnad fordelt på bygningen si levetid. Finansdepartementet tviheld derimot på 4 prosent maksimal avskriving pr år etter saldoprinsippet. Saldoprinsippet går ut på at ein avskriv av restverdien, ikkje startverdien. Dermed blir avskrivingsprosenten i høve til startverdien stadig lågare, og avskrivingstida mangedobla.
Enkelt- og samdriftsfjøs kostar i dag 3-10 millionar. Med noverande reglar er avskrivingstida 120-160 år. Bonden må såleis halde fram med å bruke bygningen over 100 år etter at den ifylgje Landbruksøkonomisk Institutt er ueigna om han vil ha att pengane sine. I mellomtida må han bygge ny driftsbygning kvart 20 år om han vil ha tidsmessig velferd og arbeidsmiljø for seg og dyra slik dyrevelferdsmeldinga krev. Sunn fornuft?
Eit eldre forretningsbygg i ein by har alltid ein verdi til anna bruk eller høg tomteverdi. Kva alternativ verdi har utslitne og teknologisk umoderne fjøs rundtom i bygdene? Kvifor slike norske særreglar for landbruksbygg når både Sverige og Danmark har 25 års avskrivingstid? Har norske bønder og bygningar så mykje lenger levetid før dei kan pensjonere seg? Den norske bonden med 3 millionar i bygningsinvestering må i alle fall betale nesten 400.000 meir i skatt og reikne restavskrivinga på 1,1 million som tapt om han pensjonerer seg og bygningen etter 25 år.

Omvendt Robin Hood
Det er bygd lite heilt nye driftsbygningar sidan midten av 1980-talet då avskrivingsprosenten var 9. Lausdriftkrav og nye dyrevelferdsreglar tvingar no alle til nybygging. Nedgangen frå 9 til dagens 4 prosent gjer faktisk at staten tek inn att heile statstilskottet til ein ny stor driftsbygning dei første kritiske åra etter bygging. Ein usmakeleg og distriktsfiendtleg omvendt Robin Hood-politikk frå eit oljebada departement. Einkvan burde prøve for sivilombodsmannen om staten som her fritt kan sjonglere med forskjell på over 100 år alt etter kva som tener staten best. Eller kan vi ha eit lite håp om at det framleis finst stortingspolitikarar med sunn fornuft for kva som er normal levetid både på folk og bygningar og ryggmargskjensle for maktfordelingsprinsippet?

Ola Bergheim
Byrkjelo

AVVIKLINGSBONDEN OG HANS REPRESENTANTAR

”Aksjon Bygde-Noreg” vart stifta under leiing av Helge Bergo i Eksingedalen i 1975, til same tid som Opptrappingsvedtaket i landbruket kom. Sidan då har mykje vatn rent til havet, og Stortinget har sprunge vekk frå sitt eige vedtak.

Av Karl-Jan Erstad, Folkestad

Laurdag 4. april kunne Firda rapportere frå Naustdal at når bøndene ropar ulv, så kan det også vere også økonomiske rovdyr som er på ferde. Gardbrukarar er eit utsett gruppe. Landbruket er ei moden næring, med ein gitt marknad, liten etterspurnadselastisitet, så kort veg frå svolt til eit velstandsrap. Forbrukarane kan vere stappmette og likesæle eine dagen, men timar eller dagen etter vil ved mangel krisestemninga kunne melde seg.
Men folk flest i dag har ikkje opplevd direkte mangel, og velfylde butikkar er det vanlege. I 1950 kunne ein bonde i Noreg fø 5 andre personar, i dag kan han ernære 20 andre. Men desse 20 vil ikkje lenger ernære bonden.

Landbruket er i velstandstider i ein utsett posisjon, kanskje også ved inngrep i ufredstider (Beredskapslovene av 1953). Ein må halde seg forlikt med politikarar og opinion, for monnalege overføringar gjennom offentlege budsjett er viktige for å sikre toppfinansieringa av landbruket sitt driftsbudsjett. Unikt er det ikkje for Noreg, berre som ein ganske stor del, til liks med andre land med høgt kostnadsnivå og vanskeleg topografi – Sveits, Sør-Korea og Japan. USA legg også breisida til ved subsidiering, og landbruksposten utgjer storparten av EU-budsjettet.

Politikarar flest verkar som folk flest å vere noko fjerne frå landbruket sin kvardag. Skal vi ha eit landbruk framover av omsyn til vernebuing for ei usikker framtid, vil det koste ein del meir enn dei 10% av lønningsposen vi i dag bruker til matinnkjøp, anten direkte eller ved overføringar.

Ingrid Heggø (Ap) på fylkesbenken på Stortinget er først inne på det vesentlege, den totale potten må verte større. Men deretter rotar ho det ein del til. Ho vil ta frå dei store bøndene. Men det finst ikkje så mange store å ta noko frå. Dei slit også med sitt, med små marginar. Ikkje ein gong godseigar Løvenskiold i Oslo-området gjer det så godt. Han tener bra pengar i andre næringar, men bonden Løvenskiold gjer det heller dårleg, og vil vel meine at den store landbruksdrifta bør stå på eigne bein.

I den sittande regjeringa har det vore ein hanekamp. Senterpartiet sette all si tyngde inn i oppgjeret, men det vart ikkje så bra for bøndene, fordi det føresette at ein skulle ta ut målprisar i marknaden som ikkje let seg oppnå. For øvrig var vel Ap og SV temmeleg lei heile landbruksrukla. Som Heggø seier, ”om regjeringa vil.” Vidare er det openbert at det neppe er nok ei Stortingsmelding gardbrukarane ønsker mest i dag.

Det vert vidare frå Heggø peika på å flytte midlar rundt omkring og inn i eit investeringsfond. Dette fører helst til vilkårleg byråkratisering, effekttap og økonomiske feilplasseringar. Det er betre å styrke den allmenne økonomien i landbruket – for alle. Nokre vil bygge store samdrifter, og må få med seg dei økonomiske fordelane for å forsvare investeringane. Andre vil av lokale og personlege årsaker satse på familiejordbruket.

Men landbruket sjølv har også sine utfordringar, også under langt betre økonomiske rammevilkår. Avisa Nationen køyrde siste par vekene ein intervjukampanje mot odelsgutar og –jenter om det å komme heim og ta over garden. Dette vert nesten makabert i eit moderne samfunn. Ei jente som har tatt medisinarutdanning, har i tilfelle meir enn nok med å verte kommunelege på heimstaden, og ikkje bonde.
Bondeyrket må profesjonaliserast. Ikkje ein kvar skal kunne verte bonde. Det er eit fag, og ein må skaffe seg solid utdanning i det yrket. For framtida bør ingen kunne ta over utan utdanning til det. Det vil også skape byrgskap i næringa. Med økonomien på plass og fagutdanning frå Mo jordbruksskule i Førde, som skulen bør heite på nytt, skal ikkje og må ikkje bonden vere bussjåfør i tillegg.

Landbruket skal heller ikkje vere ein frimurarlosje.
Familiar på veg ut må ikkje bindast av dei låge landbrukstakstane som gjer at ein ikkje kan kjøpe seg ein einebustad ein annan plass. No vert familiane låst inne på eit bruk utan pengeverdi, og ingen andre slepper inn. Det er store investeringar bundne i eit gardsbruk, ikkje minst i bygningar, men ein får ikkje realisert verdiane grunna lovgiving og ein knipen landbruksøkonomi.

Landbruk og samfunn må både sikre det økonomiske fundamentet og stoppe stagnasjonen.