Viser arkivet for stikkord 2013

Nyttårsaftan til Hafstadfjellet med IST 2014

Nyttårsaftan vert det tradisjonen tru, tur til Hafstadfjellet med bålbrenning under toppen. Vi går fra Bruland kl. 13. Ein time tidlegare enn vi har gjort før. Vi bereknar båltenning ca. kl 14.30.
Vi oppfordrar folk om å ta med litt ved slik at vi kan få eit fint bål. Noko varmt å drikke og litt å bite og varme klede er og lurt å ha i sekken. Vi satsar på at snøen ligg slik at få ein fin aketur ned att.
Denne turen har Indre Sunnfjord Turlag arrangert sidan 1999 og oppslutnaden aukar for kvart år. Mange ser dette som ei fin avrunding av turåret. Ein treff turvener og slå av ein prat og minnast turopplevingar gjennom året som har gått. Andre planlegg og drøymer om nye turar.
Vi er heime att i godt tid til å rekke nyttårsfeiringa, -og middagen smakar ekstra godt etter ein frisk fjelltur.
Det har vorte ei grei ordning med parkering, men vis omsyn og pass på at de ikkje stenger for adkomst til bustadhusa i området.

Vel møtt til årets siste tur med Indre Sunnfjord Turlag.

Når livet blir to grafar som kryssar kvarandre...

Eg blir så utruleg lei av folk som klagar over at ingenting har skjedd her i landet dei siste 8 åra! Det er ei svært usakleg ytring, og seier meir om mangel på engasjement og dårleg kunnskap enn det seier noko om politikken!
Eg blir og lei av folk som seier at no er det på tide med eit regjeringsskifte, utan at dei eigentleg er så misnøgde med den sittande regjeringa eller har veldig høgre-politiske meiningar. Akkurat som om eit regjeringsskifte er til for variasjonens del, og ikkje har noko å seie for kvardagen vår.

Kva for regjeringsalternativ som får tillit den 9. september har mykje å seie for kvardagen vår, for dei ulike blokkene står for totalt forskjellig politikk, verdisyn og tankar om korleis vegen inn i framtida skal vere. Forandringane kan bli mange, store og irreversible på viktige områder. Vi leikar ikkje politikk ved dette valet!

Den sitjande regjeringa har leia landet vårt i ei tid der storparten av landa i Europa lir under finanskrisa. Her i Noreg merkar vi knapt noko til den! Grunnen til at vi greier oss så bra er ikkje fordi vi har så mykje oljepengar, men fordi vi greier å forvalte rikdommen vår med klokskap og fornuft. Med mykje pengar på bok er det lett å hive seg på ein storstilt kjøpefest, men Sigbjørn Johnsen er ein måtehalden kar som likar å halde seg til handlingsregelen. Vi kan takke han og den raud-grøne regjeringa for at vi ikkje merkar stort til finanskrisa i dette landet!

I løpet av valkampen har det og komen fram kritikk av Jens Stoltenberg, der enkelte frå Høgre-sida påstår at han og regjeringa gjorde ein dårleg jobb med å leie landet vårt i tida etter 22. juli. Denne kritikken synast eg svært ufortent, og ikkje så reint lite uforskamma! Eg kan ikkje kome på nokon norsk politikar som ville gjort den vanskelege jobben betre enn Jens Stoltenberg! Midt oppi den store tragedia og sorga, så var Jens Stoltenberg, kongehuset og Noregs flottaste ungdom med på å gjere meg stolt over å vere norsk!

Vi lever i verdas rikaste land, med verdas beste velferdsgoder. Vi lever i eit demokrati der alle har rett til å meine, tru og ytre det dei ønskjer. Det er ingen som brukar så liten del av lønna si på mat som vi, og det er heller ingen som kan ta seg råd til to sydenferiar i året og oppusing av huset så ofte som vi gjer. Likevel går vi rundt og klagar og syt, og meiner vi må ha ei ny regjering som gjev oss skattelette og mindre bompengar. Vi må ha ei ny regjering med «nye idear», som til dømes å betale vegutbygging «på krita» eller innføre karakterar i skulen frå borna er 10 år.

Det bles ein blå vind over landet vårt for tida. Ein veldig blå vind! Det gjer meg bekymra, for eg deler ikkje deira syn på korleis landet vårt bør styrast. Eg vil ikkje leve i eit samfunn der alt skal målast, vurderast, presterast og bli framstilt i eit diagram, der vedtak blir gjort ut frå korleis grafane for tilbod og etterspørsel kryssar kvarandre.

Eg er redd vi får eit kaldare samfunn der den sterkaste sin rett får råde meir enn i dag.
Lat meg løfte nokre viktige saker der vi kjem til å merke endringar med ei ny regjering:

Skule: Bruken av kartlegging og testing i skulen kjem til å auke kraftig, og då snakkar vi ikkje berre om innføring av karakterar frå 5. klasse. I dagens Oslo-skule, som er styrt av Høgre, Frp og Venstre, må borna i løpet av 1.-7. klasse gjennom 350 ulike testar. Ein 5. klassing skal vurderst ut frå 127 ulike læringsmål i løpet av skuleåret, sirlig lista opp i eit avkryssingsskjema med koda nummer, som om eleven skulle vere ei handelsvare. Det er snart ingen områder igjen der elevane slepp å bli vurdert. Høgre-sida sin maniske bruk av av testing og kartlegging speglar eit trist og tragisk syn på læring. Nyare forskning seier dessutan at elevane blir umotiverte av karakterar, for ikkje å snakke om korleis dette må følast for dei elevane som slit fagleg!

Å drive skule er ikkje å trykke på ein knapp og så går maskineriet av seg sjølv! Å drive skule handlar om møte mellom mennesker, å bli sett og høyrt, å få øve seg i ulike fag på mestringsnivå, steg for steg. Å drive skule er å finne balansegangen og harmonien mellom 25 ulike individ i eitt lite klasserom, 25 ulike meiningar som skal fram, 25 ulike born med ulik ballast i ryggsekken. Å drive skule er eit kunststykke som ikkje bør målast i kroner og ører, i karakterar og grafar, men ein plass der læraren er nøkkelen til suksess, om han berre får tillit og tid til å gjere jobben sin!

Kommuneøkonomi: I kvardagen til folk flest har kommuneøkonomien mykje å seie, då det er kommunane som eig og driftar både skule, barnehage, eldreomsorg og andre kommunale helsetenester. Kommuneøkonomien over det ganske land har blitt styrka under den raud-grøne regjeringa. Ein eigen omfordelingsnøkkel er teken i bruk for at alle kommunar skal kunne yte omtrent like gode velferdstenester til innbyggarane sine. Dette systemet kjem truleg til å bli endra med ei ny regjering.

Sist Erna Solberg sat i regjering som kommunalminister, var over 100 kommunar underlagt fylkesmennene sine ROBEK-lister. I dag er dette talet halvert på landsbasis. I Sogn og Fjordane var 16 av 26 kommunar underlagt ROBEK i 2004, mot berre 3 kommunar i dag.

Om ein studerer Høgre sitt alternative budsjettforslag frå 2012, og ser nærare på konsekvensane for kommuneøkonomien, ser vi ein klar tendens. Nokre få kommunar som er rike frå før, blir endå rikare, medan dei resterande 90 % får dårlegare økonomi enn i dag. Dei kommunane som kjem best ut er typiske «rikmannskommunar» som Asker og Bærum, dessutan kraftkommunar og kommunar med mykje oljeverksemd. Sogn og Fjordane fylke vil samla tape 45 millionar kroner med desse skatteendringane.

Matproduksjon: Ei ny undersøking frå Agri Analyse viser at 500 av Høgre og Frp sine topp-ti kandidatane til stortingsvalet ikkje vil satse på norsk mat. I tillegg er det godt kjent at Noregs Bondelag, den største fag- og interesseorganisasjonen for norsk matproduksjon, ikkje er einig i Høgre og Frp sin landbrukspolitikk. Rammevilkåra for norsk jordbruk og matproduksjon vil bli svekka om vi får ei ny regjering. 90 000 bønder og tilsette i næringsmiddelindustrien går med andre ord usikre tider i møte.

Når noko så grunnleggande som matproduksjon ikkje er viktig lenger, då er det eit teikn på at vi held på å bli eit bortskjemt og kynisk folk! -og ikkje så reint lite dumme! For når forsvarssjef Harald Sunde tek til orde for å bringe tilbake norske beredskapslager for korn, slik at vi er betre rusta ved ei eventuell krise, då høyrer eg på han! Når matprodusentar i Europa slit med salmonella eller blir freista til å stappe billeg hestekjøt inn i gourmet-pølsene, då er eg glad vi framleis har ein viss matproduksjon her i landet. Når verdas befolkning aukar i rekordfart og matvaremangelen er eit faktum, då skal vel også vi ta vår del av jobben med å produsere mat!

Nokre av oss trur visst vi kan kjøpe oss til alt! Ja, for vi er jo tjukk i olje og har så mykje pengar på bok at vi ikkje veit kva vi skal bruke dei på! Det er berre ei lita hake ved det; verken olje eller pengar smakar spesielt godt på brødskiva!

Til slutt: Eg kunne sjølvsagt halde fram med ei lang liste over viktige områder som kjem til å bli endra om vi får ei ny blå-blå regjering. Eg kunne skrive om kommunesamanslåing under tvang, om svekking av lokaldemokratiet, om undertrykking av nynorsken, om svekka beredskap og infrastruktur i distrikta, om samferdsle der ein er ueinig i både kva ein skal satse på og korleis ein skal betale for seg, om innvandringspolitikk der vi kan få eit sorteringsregime der plikter og rettar skal vere ulike alt etter kvar folk kjem frå, og sist men ikkje minst; korleis skal det gå med kunst- og kultur Noreg om Frp får viljen sin? Då er det berre den kulturen som folk flest vil ha som har livets rett… Skrekk og gru!

Eg stemmer SP og raud-grønt ved valet, for eg trur den gyldne middelveg er best å gå i det lange løp! Eg trur det er viktig at SP er med i regjering som ein garantist for at nokon tenkjer på distrikts-Noreg, og følgjer med i timen når fordelingsnøklane vert vedtekne. Eg stemmer raud-grønt fordi eg har ei sterk tru på mennesket sin eigenverdi og fordi eg vil ha ei rettferdig fordeling av godene. Eg vil ha ein skule der elevane og lærarane står i fokus, og ikkje berre blir til tal på eit papir. Eg stemmer SP fordi eg veit at det partiet har mest kunnskap om og kjempar hardast for norsk matproduksjon. Eg stemmer raud-grønt fordi eg ønskjer eit variert og velkrydra kulturliv i Noreg. Eg stemmer SP fordi eg er overbevist om at det er viktig med eit sterkt lokaldemokrati. Eg stemmer raud-grønt fordi eg synast det er fornuftig, og fordi eg FRYKTAR alternativet!

Godt val!
Gerd Sunde Førde (Gruppeleiar i Jølster Senterparti)

Firda-leiar uten rot i røynda.

Laurdag 31.08 var leiar-artikkelen i Firda eit utbrot av misnøye med det at Miljøpartiet Dei Grøne kan kome til å ta utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. «Skulle MDG erobre eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane, noko vi det lengste håpar ikkje vil skje, har fylket fått ein representant utan lokal støtte, medan miljøveljarane har skote seg sjølv i foten.» Sterk kost frå ei avis som skal vere partipolitisk uavhengig. Kritikken går ut på at Dei Grøne er eit næringsfiendtleg parti, at vi driv kannibalisme på miljøveljarane og at vi ikkje har nok støtte i fylket til å kunne forsvare at vi skal få eit mandat.

Diverre er leiaren full av misforståingar og faktafeil. Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje et næringsfiendtleg parti, sjølv om politiske motstandarar yndar å framstille det slik. Vi ynskjer ein storstilt satsing på grøne berekraftige næringar som landbruk, fornybar energi og havbruk og fiskeri. Medan Høgre og FrP (som Firda kanskje heller ynskjer skal representere fylket?) i praktisk politikk vil leggje ned det meste av det resterande landbruket i fylket, ynskjer vi ein auke i overføringane til landbruket og at lønna for eit årsverk i landbruket skal aukast til det som er snittet for fagarbeidarar elles. Det vil føre til ein auka sysselsetting i fylket og gje positive ringverknader for leverandør- og næringsmiddelindustri. Dei Grøne ynskjer ei massiv satsing på havvind, noko som kan gje berekraftige og varige arbeidsplassar i heile fylket og gjere det mogleg å møte fallande oljeverksemd utan at kommunar som i dag er oljeavhengige vert avfolka. Vi vil gjere Florø til havvind-hovudstad på Vestlandskysten og lovar 5000 nye grøne jobbar innan fornybare næringar i fylket. Vi ynskjer eit berekraftig havbruk i lukka anlegg, der kloakken vert nytta til produksjon av biogass i staden for å dumpast på fjordbotn, og vi ynskjer ein sterk kystfiskeflåte som kan gje arbeid til langt fleire enn dagens industritrålarar.

Påstanden om Miljøpartiet Dei Grøne driv med miljøkannibalisme er uten rot i røynda. Tala taler sitt tydelege språk. Den samla oppslutninga for partia SV, Dei Grøne og Venstre har frå januar til august 2013 auka frå 9,1 % til 13,1 %. I januar låg partia an til å samla få 13 mandat på stortinget, medan dei i dag ligg an til å få 18, og det er sjølv om Dei Grøne fer det resultatet som snittet av målingane ligg på no og fell under sperregrensa. Kjem Dei Grøne over vert det minst 25 miljømandat på tinget. Påstanden om miljøkannibalisme er difor ikkje berre feilaktig, den er ein løgn. Forfattaren av leiar-artikkelen i Firde gjer vel i å sette seg betre inn i tala før han skyt.

Kva slags støtte Miljøpartiet Dei Grøne har i fylket er ikkje godt å sei. Den einaste målinga så langt er frå 15. august og gjer oss 2,1 % oppslutnad. Det er ein ti-dobling frå resultatet i 2009 og ville gitt partiet mandat i fylkestinget om det var fylkestingsval. Vi har hatt ein sterk medlemsvekst med nye innmeldingar om lag kvar dag i valkampen. Per i dag har vi 93 medlemmar i fylket, så kan dykk spørje dei andre partia kva slags tal på medlemmar dei har. Eg trur ikkje vi kjem dårlegast ut. På Facebook har vi også mange som støtter oss. Facebook-gruppa til fylkeslaget har 344 likarar, noko som gjer Dei Grøne til det største partiet på Facebook i Sogn og Fjordane. Jamfør tala til dei store partia; FrP på andreplass har 332 likes, KrF har 292 likes medan Høgre har 279 likes. Alle dei andre partia har færre. Fasiten kjem først 9. september.

Hovudproblemet med leiar-artikkelen er likevel den tilsynelatande manglande forståinga for valordninga som skal sikre demokratiet her i Noreg. Utjamningsmandata er til for at talet på representantar på tinget skal samsvare med den prosentvise oppslutnaden til partiet nasjonalt. I utgangspunktet er det det partiet som er nærast direktemandat som skal få utjamningsmandatet, men då gjeng det ikkje opp. Fer Dei Grøne mandat frå Sogn og Fjordane trass i lav oppslutnad i fylket, er det fordi grøne veljarar i for eksempel Hordaland vert kompensert for manglande mandat med ein representant frå vårt fylke. Alternativet er anten amerikanske tilstandar der kun dei største parti fer representasjon, eller at vi gjeng bort frå ordninga med fylkesvise valkrinsar og at heile Noreg vert rekna som ein valkrins. Då kunne ein likegodt få eit storting heilt fritt for representantar frå Sogn og Fjordane. Eg trur ikkje det vil vere i interessa hjå fylket eller demokratiet at korkje av disse ordningane erstattar den vi har i dag.

Tor Øyvind Westbye

1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

De Grønne vs SV og Venstre?

Valgforsker Frank Aarebrot sier at Miljøpartiet De Grønne kan ødelegge for de andre partiene ved at partiet henter velgere fra SV og Venstre og dermed kan føre til at alle tre partiene havner under sperregrensa. Analysen er ikke uten svakheter:

For det første viser tall fra pollofpolls.no at De Grønne henter flere velgere fra Arbeiderpartiet enn fra SV og Venstre i faktiske tall, samt at partiet henter velgere fra alle stortingspartiene, inklusive Høyre og FrP. http://www.pollofpolls.no/?cmd=Kommentarer&do=vis&kommentarid=1191 Det betyr at De Grønnes fremvekst ikke kan sies å være kanibalisering av tradisjonelle miljøvelgere, men en reell grønn mobilisering som fenger velgere fra hele det politiske spekteret. I det lyset blir den siste advarsel fra partilederne i hhv. SV og Venstre om å heller velge et miljøparti fra motstående blokk fremfor å stemme MDG fullstendig meningsløst. Miljøpartiet De Grønnes fremvekst rekrutterer nye miljøvelgere fra både fossilpartiene og sofaen, og ser ut til å være i ferd med å klare det verken SV eller Venstre har maktet; å samle miljøvelgerne under en fane!

Risikoen for at alle tre partiene skal falle under sperregrensen er dessuten liten dersom vi tar utgangspunkt i trendene i meningsmålingene så langt i år. Venstre ser heller ut til å havne omkring 5 % enn å ramle under sperregrensa, mens for SV ser det noe dystrere ut. Miljøpartiet De Grønne derimot har en svært positiv utvikling i meningsmålingene så langt i år, og de siste målingene viser at vi nærmer oss målet om å bryte sperregrensa. Så sant ikke den positive trenden stopper helt opp, er det sannsynlig at De Grønne snart vil se målinger over 4 %, og at vi har en god sjanse til å også få det resultatet på valgdagen. At alle tre partiene skal havne under sperregrensen er slik jeg ser det langt mer usannsynlig enn at vi får minst to miljøpartier over.

Men viktigst av alt er det at Miljøpartiet De Grønne, allerede før vi er etablert som et stortingsparti, makter å sette rikspolitisk dagsorden ved å tvinge de andre partiene til å snakke om klimapolitikk og oljeavhengigheten i valgkampen. På tirsdag kveld i NRKs valgsending så vi hvordan Høyre og Arbeiderpartiets utskremte representanter ble fullstendig avkledd når det gjaldt sammenhengen mellom klimaspørsmålet og norsk oljeavhengighet, takket være De Grønnes Rasmus Hansson. Også SV og Venstre kjenner presset og tvinges til å snakke langt mer om klimasaken enn det de nok egentlig hadde planlagt i forkant av valgkampen. På den måten løftes klimasaken høyere opp på agendaen i valgkampen, takket være De Grønnes fremvekst. Nå mangler vi bare at Jens og Erna selv må svare for sine respektive partiers unnlatelsessynder i klimaspørsmålet. Foreløpig har de sluppet billig ved at NRK og TV2 har stengt De Grønne ute av debatten mellom partilederne.

Heldigvis ser det ikke ut til at grønne velgere lar seg skremme av verken Aarebrot, Lysbakken eller Skei Grandes advarsler. Miljøpartiet De Grønne fosser frem og er i ferd med å få et sensasjonelt gjennombrudd på Stortinget. En stemme på De Grønne er ikke bortkastet, og uavhengig av om vi får en, to, tre eller syv representanter på tinget skal vi jobbe knallhardt for å flytte klimadebatten i norsk politikk. Tiden da SVere, Ap-folk og senterpartister kunne late som de gjorde en innsats for klimaet ved å utsette boring i Lofoten mens de samtidig åpnet langt større felt for aktivitet lenger nord er snart over, sammen med all annen symbolpolitikk i klimasaken. Slike taktikker vil ikke kunne lykkes når det finnes en reell opposisjon i oljepolitikken på Stortinget. Den opposisjonen får vi med De Grønnes inntok på tinget 9. september.

Høgt spel med klima og velferd

Jens Stoltenberg spelar eit høgt spel med både norsk økonomi og verdas klima.

Vi er viss på at Jens Stoltenberg pleier å lese tidsskriftet The Economist. Difor er vi også sikre på at han har lest artikkelen «Yesterday’s fuel» som er denne ukas hovudsak. Artikkelen handlar om olje, og den er illustrert med ein dinosaur ved en bensinpumpe. Artikkelen konkluderer med at den globale etterspurnaden etter dei sorte dråpane kan byrje å falle i løpet av eit par år. Vi trur at Stoltenberg satte kaffen i halsen da han las artikkelen. Han har jo satsa alt på at dette ikkje skulle skje. Norske politikare har gjort velferda avhengig av oljepenger og gambla på at vi kan halde fram å leve i lykkelig oljerus. 

Men nå er det ingen tvil om at det energipolitiske verdsbilete er i ferd med å endrast. I forrige uke skreiv tidligare Høgre-rådgiver og oljedirektør Terje Osmudsen i Stavanger Aftenblad om at “reisen ut av oljealderen må starte nå”. Om lag samstundes skreiv avisa Nationen om den tyske energirevolusjonen “Die Energiewende” som har bidratt til å skipe to millioner fornybare arbeidsplasser. Kor lenge skal Noreg halde fram å satse alt på oljeindustrien?

Ingen protestar frå Stortingspartia
Oljemeldinga som vart vedteke av Stortinget i 2011 gjekk gjennom utan protestar frå nokon av stortingspartia. Meldinga peiker i ein heilt anna retning enn både The Economist, og Angela Merkels energipolitikk. I praksis låser den Noreg til fortsatt oljeavhengighet i tiåra fram mot 2040, og slår fast at enorme ressursar skal brukast på å leite etter meir olje og gass. Dei årlege investeringane på norsk sokkel er allereie i ferd med å passere 200 milliarder kroner og de dyktigaste ingeniørstudentane har lenge utdanna seg til å jobbe i petroleumsnæringa. Samstundes forvitrar konkurranseevna i det landbaserte næringslivet. Den etablerte fastlandsindustrien, med Sødra Cell Tofte som nyeste eksempel, tapar kampen mot det skyhøge oljesmurde kostnadsnivået. Regjeringen spelar eit høgt spel med norsk økonomi.

Det er ikkje overraskande at stadig fleire ser nytta av ein kursendring. Forrige sommer fekk artikkelen “Global Warming’s Terrifying New Math” stor oppsikt. Tala syner at atmosfæra ikkje tåler meir enn 565 nye gigatonn CO2, før vi bryt med det internasjonalt anerkjende togradersmålet. Den same artikkelen syner at verdas olje- og energiselskaper har funne reservar som inneheld fem ganger meir CO2 enn klimaet tåler. Det betyr at omkring åtti prosent av dei kjende reserva av fossil energi må bli liggjande i bakken. Det betyr også at vi allereie har funne meir olje og gass enn vi kan ta opp. Då ser vi utfordringa som Jens Stoltenberg burde tatt stilling til for lenge sida: Kva er meininga med å leite etter enda meir olje og gass – når verda allereie har funnet alt for mykje? Vi utmanar særleg Høgre og Arbeiderpartiet til å svare oss på dette spørsmålet.

Ein ny energipolitikk
Dei Grøne vil iverksette ein norsk Energiewende. Vi vil føre ein politikk som planlegger for eit scenario der verda lykkes i å løyse klimakrisa. Kva er alternativet? I ein grøn framtid vil omstillinga til fornybare løysninger for transport, matproduksjon, energiproduksjon, og andre sektorer bli den viktigaste vekstnæringa av alle. Difor er vi opptekne av å finne næringar som tek vare på kompetansen frå petroleumsindustrien inn i ein bærekraftig økonomi. Slik kan Noreg halde fram å være verdsleiande på fleire områder, også etter at oljealderen er slutt.

Men då må vi starte omstillinga umedelbart. Ved å stanse åpning av nye felt, med sikte på full utfasing av oljeindustrien innan 20 år, vil vi skape stabile forventningar og redusere kostnadspresset i økonomien. Bare eit mangfold av nye ideer, teknologier og verksemder kan settje oss i stand til sette i verk ein rekke grep som bedrer foresetnadene for gründere, småbedrifter og entreprenører.

Noregs hodeløyse satsing på olje og gass kan sende både norsk økonomi og verdas klima i grøfta. I åtte har har den sittjande regjeringa gjort Noreg meir oljeavhengig. At høgresida, med Erna Solberg i spissen, går til valg på å fortsette langs det samme blindsporet understreker behovet for eit grønt gjennombrot i norsk politikk.

Tor Øyvind Westbye
1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

NRK må ta med Miljøpartiet De Grønne til debatt

6. juli fikk MDG sin beste måling noensinne. Målinga fra Respons som var publisert i Aftenposten, Adressa, BT og Aftenbladet gav partiet 3,6 % av stemmene nasjonalt. Det er et byks opp fra forrige rekordmåling på 2,3 % i juni og viser at Miljøpartiet De Grønne er i sterk vekst. 3,6 % er fattige 0,4 prosentpoeng fra sperregrensa for utjevningsmandater på 4 %. Det betyr at MDG er med i kampen om utjevningsmandat også her i Sogn og Fjordane, og det kan like gjerne være MDG som kaprer fjerdemandatet i fylket som FrP, KrF, Venstre eller SV. Til sammen vil et slikt resultat gi MDG mellom 6 og 10 stortingsrepresentanter, og dermed flytte hele det politiske landskapet i landet.

MDG ligger nå et hestehode foran Rødt i de fleste nasjonale målinger, og der målingen 6. juli i følge nettstedet pollofpolls.no kunne gitt MDG tre stortingsmandater, har Rødt aldri ligger inne med mer enn det ene mandatet de kanskje får i Oslo. MDG er dermed i særposisjon av partiene utenfor stortinget, ettersom vi ikke bare ligger an til å komme inn for første gang, men også har muligheten til å klatre over sperregrensen og få en hel gruppe. Stortingsmandat for undertegnede fra Sogn og Fjordane er også en mulighet i simuleringer MDG nasjonalt har gjort.

Likevel har NRK her i Sogn og Fjordane valgt å stenge meg ute fra alle valgdebatter de arrangerer med partiene i fylket, og plasserer MDG i samme bås som mikropartiet som De Kristne når det gjelder valgdekning. Det er et journalistisk valg de må begrunne, og skulle vi få den oppslutningen vi ligger an til, er det et demokratisk problem at vi blir stengt ute fra sentrale debatter av NRK. Miljøpartiet De Grønne surfer nå på en medgangsbølge av medlemsvekst, gode meningsmålinger og grasrotengasjement og vil komme som et friskt pust i norsk politikk. Vi vil løfte Norge ut av oljealderen og inn i fremtiden. Det er på tide at også redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane får øynene opp for Norges nye grønne politiske kraft!

Tor Øyvind Westbye
1. kandidat for Miljøpartiet De Grønne i Sogn og Fjordane.

Krinsmeisterskap i utfor på Grotli 07.04.2013

Jonas Starheim frå Førde IL Alpin vart krinsmeister for gutar 13-14 år (foto: Siri Lund)

Les meir…

Bondevenn 2013- ordfører Oddmund Klakegg og 4 kommunestyrerepresentanter kidnappet i Jølster!

• Verden trenger mer mat og Norge må øke sin matproduksjon
• Bonden trengs for å gjøre dette
• Vi er bekymret for framtidas matproduksjon – men vi er klare til å produsere mer mat om vi får tilstrekkelige rammebetingelser
• Inntektsnivået i landbruket må være konkurransedyktig om vi skal få rekruttering
• Landbruket er en viktig verdiskaper med 90.000 arbeidsplasser i og i tilknytning til matproduksjonen
• Norsk kortreist mat står på spill
I forbindelse med vårens kampanje kidnappet Stardalen Bondelag og Jølster Bondelag i dag, søndag 7.4.13, ordfører Oddmund Klakegg og 4 kommunestyrerepresentanter, Ingrid Søyland (SP), Marit Flatjord (SP), Siv – Karin Hestad (AP) og Audun Høyvik (KRF). De ble hentet i sine hjem i 12- tiden, og ble brakt i god behold hjem igjen i 17-tiden.
Først fikk de en inspirerende og informativ omvisning i Åmot samdrift ved Randi Flølo og Inge Joar Nydal. Paret har tro på og satset på landbruket! De flyttet inn i det nye fjøset for ca 2,5 år siden. De har skapt seg en trivelig arbeidsplass for begge innerst i Stardalen, med det de liker aller best, nemlig å være bønder! Og behøver bare å gå rett over veien for å komme seg på jobb hver dag!
Etter mange inntrykk både vedrørende fjøsdrift, utfordringer og økt produktivitet i landbruket, fikk våre «ofre» servert middag i Stardalen Bygdetun. Så etter et foredrag om hvorfor det er viktig at vi skal produsere mat i Norge, ble de alle utnevnt til BONDEVENN. Vi som bønder stoler på at de, som våre kjære kommunepolitikere, nå BONDEVENNER, ser viktigheten av landbruk i Jølster, og ser våre utfordringer. Vi satser på at de gjør alt i deres makt for å ivareta vår næring!!
Alle fikk en flott T-skjorte som bevis på dette, og et diplom de kan ha på kontoret! I tillegg fikk de 2 brosjyrer med informasjon om landbruk og landbrukspolitikk, økonomi og utfordringer. Disse tar de med seg videre når de skal snakke med partifeller og andre politikere. Og slik medvirke til å få rammevilkår for næringa som sikrer inntektsvekst og dermed produksjonsøkning. I tillegg øke bevisstheten rundt hva landbruket bidrar med, og merverdien av å ha et landbruk over hele landet.

Vi takker for at vi har så spreke politikkere i vår kommune, som tar slike utfordringer på strak arm!
Vi takker også Vassenden TAXI ved vår sjåfør Kjell Åge Fluge, ESSO Skei og Stardalen Bygdetun, og en spesiell takk til bøndene Randi og Inge Joar, som alle gjorde til at vår kampanje var mulig for oss å gjennomføre!
Også en takk til Firda Tidend ved Hallstein Dvergsdal som var med oss på hele kampanjen, og ved dette viser at landbruk også er noe mediene synes er viktig å ha med i den daglige debatten.

Eit ord er ikkje lenger eit ord!

Du kjenner omgrepet «eit ord er eit ord»? Det vert brukt om nokon som er å stole på. Kva som skjer, så held ein lovnaden sin : «eit ord er eit ord». For eit par år sidan presenterte regjeringa med statsministeren i spissen ein «eldrelovnad» som inneber 12000 nye sjukeheimsplassar i eldreomsorga innan 2015. Det skulle skine av eldreomsorga vart det sagt! Til no er det skaffa 1000 nye plassar. Det er difor trist å lese statsbudsjettet for neste år, der det er ei endring frå «nye plassar» i lovnaden til «nye og fornya plassar» .
Folk veit nok at når vi pussar opp romma i heimen vår, så vert det ikkje fleire rom. Romma vert fornya. Det gjeld også sjukeheimar. Vi forstår også at det er mykje lettare å få 12000 fornya plassar enn 12000 nye plassar.
KrF meiner at statsbudsjettet er eit svik mot eldrelovnaden.

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar Sogn og Fjordane