Viser arkivet for stikkord 420kv

Ope brev til olje og energiministeren

I samband med høyringa om trase for 420 kV-linja gjennom Naustedalen meinte mindretalet i Naustdal kommunestyre at det var viktig å gje signal til NVE og OED at det vert gjennomført synfaring før det vert teke avgjer i saka. Fordi utan synfaring kan avgjerda bli teken på sviktande grunnlag.
Som ein del av mindretalet og som forslagsstillar blir ein noko oppgitt av den manglande debatten i kommunestyret i Naustdal. Forslaget om å invitere til synfaring vart nedstemt av Ap og H, utan eit einaste argument frå talarstolen om kvifor dei var imot forslaget. Ein kan spørje seg om dei er redd ei synfaring med departementet vil undergrave deras eigne argument i saka.
Difor har Naustdal Sp på eige initiativ sendt ei oppfordring til Olje- og energiminister Ola Borten Moe om å ta ei slik synfaring.

Eg gjengir ordlyden i brevet til ministeren her:

”Naustdal Senterparti er med dette så fri å melde at vi forventar at Olje- og energidepartementet tek ei grundig synfaring av traseane for 420 kV-lina som berører Naustdal og nabokommunane på strekninga Moskog – Endestad.

Naustdal Senterparti viser til høyringsuttalen frå Naustdal kommune. Der eit knapt fleirtal i kommunestyret med 11 mot 10 røyster gjekk inn for alt. 1.18 – 2.16.
Etter senterpartiet sitt syn så er begge traseane svært konfliktfylte. Derfor meinar vi det er avgjerande viktig at før Olje- og energidepartementet fattar vedtak om linjetrase så må det gjennomførast ei grundig synfaring.

I Naustdal kommunestyret fremja senterpartigruppa ved Viggo Leikanger slikt forslag til høyringsuttalen, som vart nedstemt med 10 mot 11 røyster:
“Med bakgrunn i store negative samfunnsmessige konsekvensar krev Naustdal kommunestyre at det vert lagt opp til synfaring av OED, og at det vert lagt til rette for grundige prosessar om avbøtande tiltak mellom tiltakshavar, kommune og berørte partar”.

Naustdal Senterparti beklagar at fleirtalet i kommunestyret ved Høgre og Arbeidarpartiet med sitt vedtak signaliserer at dei ikkje ynskjer at ministeren skal utføre synfaring før det vert fatta vedtak i ei så konfliktfylt sak både lokalt og nasjonalt. Noko som vil vere heilt nødvendig for å sikre ein god demokratisk prosess.
I tillegg så er det heller ikkje kjent om fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har gjennomført synfaring av det nye trasealternativet, 1.18 – 2.0/2.16 oppe i dalen før ein gjev uttale i saka.”

For Naustdal SP
Viggo Leikanger

Kraftlinja og fleirtalet i Naustdal

Som tilhøyrar under førre kommunestyremøte var det interessant å sjå at det var ein vararepresentant som vippa fleirtalet til å utsette kraftlinjesaka. Ved neste avrøysting er nok ‘det faste mannskapet’ på plass att, og det styrande fleirtal, med ordføraren i spissen, får viljen sin.

Før møtet var heva kunne vi høyre at ordføraren ville søkje om utsett høyringsfrist, slik at kommunestyret fekk innsyn i kva grunneigarar og andre meinar om saka.

På tross av denne lovnaden har ordføraren kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte allereie 1. juni, nokre dagar FØR høyringsfristen går ut, og kjem nok til å trumfe gjennom denne saka, med knappast mogleg fleirtal.

Etter kva eg kan forstå har dermed ikkje ordføraren i Naustdal helde lovnaden som vart gitt i, og til den folkevalde forsamlinga i Naustdal.

Nytt i den politiske prosessen er at fleirtalet i Høgre og Arbeiderpartiet nyttar avisa sine debattsider til å ”stemme” over 420kv kraftlinja i kommunen. I stemmegrunngjevinga skriv dei at dei i møter i den politiske komiteen har etterspurt kva som er nytt sidan komiteen handsama saka sist og kom fram til at Naustdal primært skulle krevje kabling.

Om det ikkje er noko nytt, kvifor ønskjer ikkje fleritalet å krevje kabling, som Naustdal primært skulle krevje?

Det er også på sin plass å minne om kommunestyret sitt vedtak i sak 033/09 som mellom anna seier at:

“Naustdal kommunestyre vil komme tilbake til krav om kompensasjon til lokalsamfunnet m.fl. og til kommunen for alle skader, ulemper og andre tap som 420 kV line på tvers av kommunen uansett val av trase vil føre til. Kommunestyret ynskjer spesielt å peike på tap av mogelegheiter for utvikling av tettstaden/bygda, tap av omdømme og generell svekking av dei naturverdiane som er beskrivne både i samband med vern av vassdraget og i grunngjevinga for oppretting av landskapsvernområde Naustdal-Gjengedal.”

Ved å vedta ein uttale der kommunen ønskjer alternativ 1.18, i staden for å krevje kabling eller seie eit klart og tydelig nei til begge alternativa, undergrev fleirtalet med dette kommunen sitt eige krav om kompensasjon som er varsla gjennom ovannemnde vedtak i kommunestyret.

Igjen er iveren til Høgre og Arbeiderpartiet i Naustdal så stor etter å framstå som næringsvennlige og med gjennomføringskraft at dei hoppar bukk over ryddige og inkluderande politiske prosessar, og gløymer kommunen, innbyggjarane og miljøet sine interesser.

Når ein ser fleirtalet sitt knefall både i Engebøsaka og no i kraftlinjesaka, samt at Fylkesmannen nektar å godkjenne budsjett og økonomiplan, der han påpeikar mellom anna at alle oppsparte midlar er brukt opp, er det vanskelig for meg å forstå noko anna enn at det rådande fleirtalet i kommunestyret er både det dyraste og det mest miljøfientlige fleirtalet i kommunen si historie.