Viser arkivet for stikkord angedalen

Vinteren det var så mørkt

Åpent brev til Sunnfjord Energi AS frå indre Angedal.

Øystein Sunde syng om året det var så bratt. Det var vist i 1965. Denne vinteren har så langt ikkje vore brattare enn normalt, men derimot mykje mørkare enn vi lika. Spesielt inst i Angedalen. Eller indre Angedal som eg ser Sunnfjord Energi kallar området frå Grimelandshaug til Botnen når det blir lagt ut feilmeldingar på nettsidene. Noko som har hendt rett så ofte den siste tida.

Ein skal vist ikkje vere storforlangande seiest da. Det har eg i alle fall hørt. Eg veit ikkje om det er fordi vi er Sunnfjordingar, men det tar seg vist ikkje ut. Men kor mykje kan ein forlange før ein har gått for langt? Det kjem nok an på auget som ser. Vi som er så heldige å leve i den aller mest privilegerte delen av verda lir sjeldan nokon naud. Sjølv om det kanskje av og til høyres slik ut når ting ikkje går den vegen vi helst vil. Men sjølv om vi er privilegerte kan vi vel forlange litt? Det andre kanskje berre drøymer om, tar vi gjerne for gitt. Som at det er lys i lampa for eksempel. Men det er slett ikkje alltid tilfelle i indre Angedal. For så vidt ikkje noko nytt fenomen, men i det siste må det seiast at straumen har glimra med sitt fråvær i overkant ofte. I løpet av 2014 og fram til i dag har vi hatt 15 brot der straumen har vore vekke i meir enn 1 time. Kor mange brot det har vore på under ein time har vi ikkje tal på. På det lengste var vi utan straum i om lag 30 timar. Halvparten av tilfella var i det vi kan kalle julehøgtida. Frå siste søndag i advent til medio januar. Omtrent den perioden folk flest har juletre i hus.

Så sat vi der i mørke. Kveld etter kveld. Med ein telefon, eller eit nettbrett, som skulle vore lada, og halvkokte poteter fordi ein optimistisk sette i gong med middagslaginga tidlegare på dagen. Men halvkokte poteter er ikkje mykje godt. Det trur eg vi alle kan vere einige i. Då er det betre med ein ferdigsteikt pizza frå by’n. Mykje betre, men det går no ikkje an heile tida. Det er heilt sikkert ikkje sunt. Eg registrerar og at nyare forsking syner at telys heller ikkje er sunt, men nokre gleder må vi jo unne oss her i livet. Om ein skulle slumpe til å sitte der med ein fullada telefon, eller nettbrett, når straum går, får ein likevel ikkje nytta seg av den nye fine fiberen vi har fått. Alt dette er sjølvsagt veldig trivielt, men ikkje mindre irriterande fordi. Men det er ikkje trivielt å vere straumlaus for alle. Nokon treng den for sitt daglege virke. Bønder for eksempel. Då er 30 timar utan straum langt frå trivielt. Nærmast uhaldbart vil eg tru.

Sunnfjord Energi runda 100 år 18. desember 2014, og i samband med markeringa av det gav Sunnfjord Energi ut eit jubileumshefte. Der seier adm.dir. Fredrik Behrens at: “Vi er opptekne av framtidsbehova til kundane”. Det er veldig bra at Sunnfjord Energi er opptekne av framtidsbehova våre, men det hadde vore fint om De var litt opptekne av behova vi har i notida og. Altso den straumen som ikkje alltid er der. Eg antar den er grunnleggande i forbindelse med framtidsbehova og så det passa no i grunn bra om den er på plass først.

Sunnfjord Energi har 2.600 kilometer linje å følgje opp. Eg veit ikkje kor lange linjer eit gjennomsnittleg energiselskap har, men det høyres mykje ut. Det kan sikkert vere utfordrande til tider, spesielt når ekstremvêret set inn. Hadde det endå vore det som var grunnen til at vi blir sittande her straumlause. Men vêret har ikkje vore ekstremt. Det er i alle fall ikkje meir ekstremt i den inste halvdelen, enn i resten av Angedalen.

Sunnfjord Energi har 26.000 linjekundar. Såleis blir vi små i indre Angedal. På ei anna side blir det med 2.600 kilometer linje, 10 kundar pr. kilometer. Det er omlag det vi er i indre Angedal. Sånn sett er vi heilt på gjennomsnittet her inne. Eit gjennomsnittleg antall kundar som betalar linjeleige på lik linje med alle dei andre kundane.

Ein skal som sagt ikkje vere storforlangande, men det trur eg heller ikkje vi er. Er det storforlangande å forvente at linjenettet er av ein slik standard at det faktisk fungera og at vi får den tenesta vi betalar for? Dersom det er tilfelle so får det heller vere. Då får vi vere litt storforlangande då. Sjølv om det ikkje tar seg ut. I det tidlegare nemnte jubileumsheftet kan vi lese at: “I tida framover vil satsing på infrastruktur på nettsida dominere for vår del…”. Vi ynskjer (hadde tenkt å skrive forlange her, men fant ut at det ikkje tok seg ut) at infrastrukturen i indre Angedal er ein del av den satsinga. Slik at den neste jula blir litt meir strålande enn denne var.

Rune Hegrenes
Ångedøling

Something is rotten in the state of…

I haust fekk vi høyre at politikarane i Førde kjedar seg. Eg kan godt forstå at det politiske systemet i kommunen ikkje fungerer som det bør. Men på ei anna side var det og litt provoserande. Dei som sit i bystyret, i alle fall dei fleste, har tatt på seg dette vervet med vitande og vilje. Dei har som oppgåve å ta debattane når dei kjem, og ta opp dei sakene dei brenn for. Dei må ta ansvar sjølv. Det følgjer og med eit ansvar for å vere med på dei vanskelege debattane, og ikkje berre det som er moro som å fantasere om uendeleg vekst.

Vi har som kjent ført ein «skulekamp» i kommunen dei siste åra. Eg meiner det er rett å sette det i anførselsteikn for eg er veldig usikker på om det nokon gong var ein reell kamp. For oss i grendene føltes det i høgste grad som ein kamp. Ein kamp for retten til eksistens for å sette det på spissen, og det syns eg godt vi kan. Ein kamp der vi i først trudde motstandaren var politikarane som vi skulle overtyde med rasjonelle og fornuftige argument, slik at dei i sin tur fatta eit gjennomtenkt vedtak. Rett skal vere rett, vi fekk høve til å framføre våre argument på kommunen si misjonsferd på dei ulike skulane. Men debatt vart det aldri. Gjennomgangstonen frå politisk hald var at ein må stole på det rådmannen legg fram.

Utgangspunktet for «kampen» var som kjent innsparingskravet kommunen hadde pålagt seg sjølv. Ein kan undrast om det, når alt kom til alt, hadde noko med utfallet å gjere i det heile tatt. Men det vil vere å spekulere, og det skal ein vel halde seg for god til. Omstenda skulle uansett ha det til at kommunens skulebruksplan skulle rullerast akkurat på same tid. «Kommunedelplan for utbygging og utnytting av skulane i Førde 2013 – 2020». Utifrå tittelen var det rimeleg å anta at ein hadde eit relativt langsiktig perspektiv og at ein kom til å ende opp med ein plan som dekkjer behovet ein ser føre seg fram til 2020. Det er som kjent vanskelig å spå, spesielt om framtida, men med relativt stabil folkeauke dei siste åra, og ein viss oversikt over kommande generasjonar elevar, skulle ein ha god sjans til å treffe sånn nokon lunde. Det viste seg ganske raskt at dette vart ein grov bom.

Kommunen har eit uttalt mål om fortsatt folkeauke og då spesielt i sentrum. Skulle for så vidt berre mangle at ein kommune som Førde ikkje har det som mål. Ingen ting i vegen med det. Men ein kan ikkje gløyme dette når ein jobbar med planar som for eksempel skulebruksplanen. I høyringsdokumentet til planarbeidet hadde ein med status for skulane i kommunen. Ser ein på sentrumsskulane kunne ein sjå at Flatene og Halbrend hadde god kapasitet. Førde Barneskule skulle kunne klare å handtere dei elevane som eksisterte i krinsen på dåverande tidspunkt, men ikkje så mykje meir. Sunde skule var og akkurat passeleg, men utan rom for auke. Slåtten skule var alt sprengd, slik den alltid har vore. Med det som utgangspunkt skulle ein ikkje tru at det å tilføre fleire elevar til sentrum utan større tiltak skulle kunne vere mogleg.

Eit av argumenta som vart nytta for å legge ned Angedalen skule var at ein måtte bygge på Slåtten uansett. Utbyggingsbehovet på Slåtten er det ingen som bestrid. I høyringsdokumentet kunne vi lese om situasjonen på Slåtten skule i 2012:

«Her er i dag 393 elevar fordelt på 18 klassar. Dette vil auke noko i perioden, og vere på 403 elevar og 19 klassar i 2016/17 og 398 elevar og 18 klassar i 2017/18. Det er då ikkje teke omsyn til elevar frå den siste utbygginga i Vieåsen sør. Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert påbygd er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er elles mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom.»

I høyringsdokumentet vart det presentert ei rekkje ulike alternative tiltak for å nå innsparingskravet. Det er verdt å merke seg at i dokumentet som vart sendt ut på høyring var det ingen av alternativa som aleine møtte innsparingskravet. Beregning av potensiell innsparing gjekk i stor grad ut på å telje antall klassar. Etter høyringsrunden vart det gjort nye berekningar basert på oppdaterte elevtal. Då viste det seg at i løpet av 3 månadar hadde elevtalet endra seg slik at alternativet med å legge ned Angedalen skule skulle kunne gje nødvendig innsparing. Marginane var rett nok ikkje større enn at det for tre av årstrinna skulle berre ein elev til for at heile innsparinga forsvant. Men det er tydelegvis eit godt nok grunnlag for å vedta langsiktige planar for skulesektoren i kommunen.

Når rådmannen kom med sitt framlegg var alt kokt ned til kvar ein skulle bygge ut. På Slåtten eller på Sunde. I framlegg til vedtak kunne vi lese følgjande:

«I denne planen tilrår rådmann at Slåtten skule vert utbygd til full 3 parallellar skule. Det vil krevje 3-4 nye klasserom og arbeidsplass for lærarane. Vi har rekna med ei utbygging på ca 400 m2 til ein kostnad på 35.000 pr m2. Samla kostnad vil då vere ca 14 mill, men dette er berre kalkulasjon basert på erfaringstal.»

«….Rådmann vil difor minne om at ein i denne planen også må ha fokus på kva som er framtidsretta tiltak, og at det må henge saman med handsaminga av både arealplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.»

«….Slåtten skule skal byggast ut til full 3 parallell skule for å ha plass til vidare utbygging i dette området. Ei utbygging av Sunde skule kunne vore eit alternativ, men rådmann tilrår at det ikkje vert utbygging på den skulen no….»

28. februar 2013 vart Angedalen skule henvist til historiebøkene. Det var ikkje vilje til å utsette sjølve nedlegginga til Slåtten var ferdig utbygd. Rådmannen kunne garantere at nybygget skulle stå klart til skulestart hausten 2014, og at det var god nok plass på Slåtten til elevane frå Angedalen alt frå hausten 2013. Sjølv om kapasiteten alt var spreng. Vi prøvde å påpeike at 14 millionar til utbygging av Slåtten virka usannsynleg lite med tanke på behovet som var skissert i forkant. Syns jo og at det var eit ambisiøst mål at ein skulle vere klar med eit nybygg på så pass kort tid, men for all del; Det høyrtes jo bra ut og ambisjonar bør ein jo alltid ha.

I juni 2013 hadde ein føre seg økonomiplanen for 2014-2017. Dette er altså om lag 3 månadar etter at skulebruksplan for 2013 – 2020 er vedtatt. Her kan ein lese fylgjande:

«Arbeidet med å skaffe fram rombehov frå skulen starta våren 2013. Det synte seg fort at skulen hadde større ynskje om utbygging enn det som låg i minimum behovet i skulebruksplanen. I dette låg større areal til SFO og i tillegg eit auditorium for å kunne samle alle lærarane og fleire klassar samstundes. Dette var i tillegg til dei 3 nye klasseromma og areal til fleire arbeidsrom for lærarane.»

Korleis kan ein legge fram forslag til ein skulebruksplan som skal gjelde i 7-8 år utan å kjenne betre til, og ikkje minst ta omsyn til, situasjonen og behova ved skulane?
At behovet var og er større enn 3-4 klasserom kan ein jo lese i frå kommunens eigne høyringsnotat. Det vart og belyst i høyringsrunden frå fleire hald. Det skal uansett ikkje komme som ei «overrasking» ein månad eller to etter vedtaket er gjort.

Av dei meir graverande tinga som ikkje var med i kommunen sin status i forkant er for eksempel at det eksisterande ventilasjonsanlegget ikkje held mål og at gymsalen ikkje har tilstrekkeleg med nødutgangar. Ein annan ting er SFO. Det vart brukt som argument mot Angedalen Skule at ein der måtte dele rom mellom SFO og skule. At dette også er tilfelle ved Slåtten Skule vart ikkje nemnt med eit ord. Og slik framtidsplanane ser ut på noverande tidspunkt kan det sjå ut som det vil bli gjort i større grad framover.

Sjølv om ein i utgangspunktet hadde sagt at 14 millionar skulle vere nok vart det i økonomiplanen sett av 25 millionar for utbygging av Slåtten. Det er ein auke på om lag 80 %. Noko dei fleste andre vil kalle ei formidabel auke og som undergrev heile skulebruksplanen. Men med tanke på det faktiske behovet virka 25 millionar framleis litt lite. Vidare kjem det fram:

«Elevtalet ved Sunde skule har også auka, og frå hausten 2013 vil skulen måtte ta i bruk det siste spesialrommet til klasserom. Skulen vil då ha problem med å gjennomføre undervisninga etter Læreplanen m.a. i kunst og handtverk og musikk. Sjølv om ikkje det skjedde nokon endring ved Sunde skule i skulebruksplanen, så må det gjerast tiltak ved denne skulen. Det skulle vere rom for å løyse nokre av desse behova innanfor summen på 25 mill.»

Minner om at dette kjem fram knappe 3 månadar etter at skulebruksplanen er vedtatt. Nok ein gong… Korleis kan rådmannen legge fram og stå inne for ein langtidsplan som ikkje held meir enn i 3 månadar? Situasjonen på Sunde skule var kjent, men likevel tilrådde rådmannen at tiltak ikkje skulle gjerast.

Ein har i løpet av hausten jobba med planane for nybygg på Slåtten, og med det ein ny kostnadssprekk. Estimatet har komme opp i om lag 35 millionar, som er ein auke på 150 %. Framleis utan å eigentleg få plass til alt ein faktisk treng.

Kva har så ein oppnådd?

Har ein klart å nå innsparingskravet? Neppe. Og det kjem ein truleg aldri til å gjere, men det er eg trygg på at ingen nokon gong vil innrømme. Berekning av potensiell innsparing gjekk som nemnt ut på å telje antall klassar. For å kunne nå innsparingskravet måtte ein ned på 17 klassar på Slåtten skule. Men når skuleåret tok til hausten 2013 var der 19 klassar. Det utgjer om lag 85 % av heile innsparinga. Det stod heller ingen ting i framlegget om at ei utviding av Slåtten skule skulle utløyse eit behov for ein ekstra assisterande rektor ved skulen. I forhold til kostnad utgjer dette fort like mykje som ein klasse til. Som tidlegare nemnt kan ein undre seg over om innsparing var meir eit påskot, enn grunn for nedlegging. Uansett årsak så vart valet at ein skulle satse på Slåtten skule.

Det store spørsmålet no er om det blir gjort. Etter alle solemerker er ikkje det tilfelle. Slåtten skule har frå dag éin vore underdimensjonert. Den har vorte utvida fleire gonger utan at ein nokon gong har klart å bygge nok. Når det no er det bestemt at skulen skal vere ein full 3-parallellar skule, burde det tilseie at ein har nådd taket med tanke på antall klassar og elevar. Som i sin tur skulle tilseie at dette er siste byggesteg på Slåtten skule. Men historia gjentek seg nok ein gong, som den vist nok brukar å gjere. Sjølv om ein var klar over behovet lenge før vedtaket vart gjort har ein ikkje klart, eller rettare sagt hatt vilje til, å innsjå kva som må til. Ein kan ikkje anna enn å undre seg over kvifor… Når den nye skulebruksplanen vart vedteken var det med forsikring frå rådmannen om at det nye bygget på Slåtten skule skulle vere klart til skulestart hausten 2014. Slik det ligg an no synest det å knyte seg størst spenning til om ein i det heile tatt er begynt å bygge då. Sikkert er det i alle fall at trongt blir det på skulen neste skuleår og.

Arbeidet med skulebruksplanen handla sjølvsagt om meir enn kor vidt ein skulle legge ned ein skule eller ikkje. Utgangspunktet for arbeidet var ikkje «korleis kan vi gjere skulen i Førde endå betre», men heller «korleis kan vi bruke endå mindre pengar». Totalt 3.5 millionar skulle det sparast i skulesektoren. Ikkje fordi ein bruka så umåteleg mykje på skule, men fordi ein konsulentrapport vist nok synte at her var det pengar å hente. Om lag 1.4 millionar av dette vart tatt av drifta. Meir var det ikkje å hente fordi ein tidlegare har kutta så mykje som råd. Noko som kanskje burde indikere at ein er på utrygg grunn. Den siste tidas oppslag om at ein har for lite pengar til spesialundervisning bør ikkje komme som ei overrasking for dei ansvarlege. Det å samle fleire elevar på færre skular samstundes som ein skal bruke mindre pengar på drifta synes for meg å vere ei dårleg oppskrift. Av dei kommunane Firda hadde med i oppslaget var Førde den kommunen som brukar mist pengar pr. elev og som har flest elevar pr. klasse. Og behovet for spesialundervisning går oppover…

Skulen i Førde har skåra høgt på kommunal rapport si oversikt dei siste åra. Det håpar eg inderleg at den kjem til å gjere i åra som kjem og, men trygg er eg ikkje. Når eg set meg på eit fly vil eg ikkje tenke på at dette har vorte bygd av den med det lågaste anbodet. Like lite ynskje eg at dei som er ansvarleg for våre borns opplæring skal velje den løysinga som er billegast. I nokre høve er berre det beste godt nok og dette er eit av dei.

Rune Hegrenes

Skulestruktur og langtidsplanar

Konklusjonen etter gjennomgangen av skulestrukturen i Førde kommune vart nedlegging av Angedalen Skule fordi ein likevel må bygge på Slåtten Skule. For oss i Angedalen føles ikkje det som ein veldig god grunn. Det skal sjølvsagt sparast litt og, men her er marginane så små og usikkerheita så stor at det er vanskeleg å vite kor mykje ein kan spare. Sjølv om det er vanskeleg å vise til sparing er det fleire som meiner at ein heilt sikkert vil spare på det før eller seinare. Når alt kjem til alt er vi ikkje heilt sikker på om behovet for innsparing eigentleg har vore så viktig.

At det er behov for å bygge på Slåtten Skule tvilar vi ikkje på. Men når det først skal gjerast meiner vi at ein må bygge nok. Ser vi historisk på det har ein heile tida vore i etterkant av behovet i krinsen. Slåtten Skule stod ferdig til skulestart i 1994. Den blei bygd som ein 2-parallellars barneskule, men var alt frå starten av for liten. Etter alt eit år vart eit større overbygg bygd om til garderobe. Etter to år måtte den utvidast igjen. Litt av grunnen var riktig nok 6-årsreformen, men mykje og på grunn av stor elevtalsauke i krinsen. Elevtalsauken har berre fortsatt og skulen er igjen for liten. I planen som vart sendt ut på høyring i haust kunne vi lese om situasjonen på Slåtten slik den er i dag:

_Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert bygd på er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er ellers mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom._

Det er tydleg at påbygging er nødvendig, men i lys av dette stiller vi oss undrande til planane som rådmannen legg fram om å bygge på 3-4 klasserom og ekstra arbeidsrom til lærarane. Skal ein nok ein gong bygge for lite? Kva med spesialromma, grupperomma og gymsalen? Når skal det bli orden på dei? Ein av grunnane som blir brukt for at ein kan legge ned Angedalen Skule er at ein forventar fortsatt stor elevtalsauke i krinsen. Når ein aukar frå 2 til 3 parallellar, aukar og kapasiteten på skulen frå 392 til 588 elevar. Når det i dag er stort press på spesialromma blir det ikkje betre når ein legg til elevane frå Angedalen. Frå hausten av vil ein ha nærmare 430 elevar på skulen, og frå neste haust når rådmannen meiner ein er ferdig å bygge klasseromma har ein om lag 440 elevar. Framleis med same antal spesialrom og grupperom, og fremdeles med like liten gymsal. Det har heile tida vore understreka at den nye skulebruksplanen skulle legge til rette for at skuletilbodet er pedagogisk forsvarleg og at planen skal vere langsiktig. Vi er litt usikker på om det som ein no legg opp til på Slåtten er pedagogisk forsvarleg. Langsiktig er det i alle fall ikkje.

Vi er innforstått med at skulen vår skal leggast ned, sjølv om vi meiner det er feil. Vi meiner det er godt grunnlag for skuledrift i Angedalen. Men sidan kommunen ikkje vil drive skule i dalen har vi tatt konsekvensen av det og vil starte opp montessoriskule. Det er stor interesse for dette blant foreldra med barn i og under skulealder i Angedalen. Vi har og fått positive meldingar frå foreldre i Førde sentrum som meiner dette vil vere eit godt supplement til skuletilbodet i Førde. Eit tilbod som vi reknar med fleire av dei ynskjer å nytte seg av. Vi meiner alvor med planane og vonar kommunen og ser nytte av tilbodet vi kan gje. Vi er godt i gang med arbeidet, og vil etter planen ha skulen klar til hausten 2014. Sjå forøvrig www.angedalenprivatskule.net for meir informasjon.

Vi meiner det einaste rette er at kommunen driv Angedalen Skule vidare eitt år til. Bruk tida på å legge ein skikkeleg plan for korleis Slåtten Skule, og dei andre skulane, skal vere i framtida. Vi vil bruke tida på å få i gang montessoriskulen i Angedalen. På den måten oppnår ein faktisk å få eit godt pedagogisk tilbod, og ein plan som ikkje minst er langsiktig.

Styret Angedalen Privatskule SA
Solgunn Systaddal, Irene Sønnervik, Per Christian Gjerde, Roger Indrebø, Ann Kristin Sønnervik, Malin Tefre, Rune Hegrenes
(20.03.2013)

Åpent brev til politikarane i Førde

For å kunne spare 2,125 millionar på skulestrukturen har rådmannen anbefalt politikarane å legge ned Angedalen Skule. Anbefalinga og utrekningane er basert på folketalet per 01.01.2013. Første gangen innsparinga for denne modellen vart berekna brukte ein folketalet per 01.09.2012. Ein kom då til at innsparinga var i snitt 1,3 millionar. Det som var utslagsgjevande var at det i løpet av dei 4 månadane flytta 1 elev, slik at ein for kommande 4. årstrinn kan ha 2 klassar i staden for 3 klassar. For det er antall klassar som betyr noko når ein skal beregne kostnadar. Kjem det inn igjen 1 elev er ein tilbake på 1,3 millionar i snitt. Det same er tilfelle for 2. årstrinn. Kjem det inn 1 elev til der så går innsparinga ytterlegare ned.

Ein kan argumentere for at ein vil ha ein så stor auke i området at ein uansett vil ha 3 klassar per årstrinn på Slåtten skule. Forutsetninga er at ein har ein auke på minimum 17% for begge av dei to minste årstrinna. Samstundes er det slik at ein auke på meir enn 17% for dei største årstrinna vil føre til at ein må ha 4 klassar og innsparinga går ned. I tillegg er ein då i den situasjonen at skulen er for liten igjen.

Konklusjonen er at sjansane for å kunne spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen skule er små. Spesielt når ein tar med andre utgifter som vil auke som f.eks. spesialundervisning og transport. Ein vil aldri kunne klare å spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen Skule. Tar ein med alle dei negative konsekvensane det er å legge ned ein grendaskule må ein jo spørre seg om det er verdt det? Svaret på det er forøvrig nei.

Det virkar for at politikarane gøymer seg bak vedtaket om å spare 2,125 millionar og at dei difor ikkje har noko anna val enn å gå for framlegget til rådmannen. Rådmannen seier i si innstilling av marginane er små. Vi har vist kor små dei faktisk er. Skulesjefen har ved fleire høve sagt at dette er den vansklegaste planen han har jobba med. Dette burde få varsellampene til å lyse for dei som no skal ta avgjersla. Det er på tide å innsjå at innsparinga på 2,125 millionar ikkje er muleg å nå ved å legge ned Angedalen Skule.

Rune Hegrenes
FAU Angedalen Skule
(26.02.2013)

Kjære AP medlemmer – løgn eller fakta?

Kjære AP medlemmer – løgn eller fakta?

Viser til valprogrammet dykkar for 2011-2015.

I følgje dette programmet ynskjer de å satse på at grendalaga skal få midlar til å utvikle gode bumiljø for enklare liv, og god livskvalitet.

Eit godt bumiljø og god livskvalitet avheng av at ungane trivast og kan vere aktive i sitt nærområde. Hjertet i ei grend er ofte skulen. Korleis kan Førde AP utvikle ei grend med å legge ned ein skule? Det blir ikkje noko enklare liv for våre barn å måtte ta buss oppimot ein time kvar einaste dag. De skriv vidare i valprogrammet dykkar at de ynskjer å styrke skulehelsetenesta. Vi veit at fysisk aktivitet er viktig for folkehelsa. Der ungane no kan gå eller sykle til skulen, vil dei måtte ta buss om skulen vert nedlagt. Ungane har godt av å vere i fysisk aktivitet, men korleis er det helsefremmande å sitte på ein buss i staden for å nytte tida på leik og moro?

I valprogrammet til Førde AP står det også at de vil aktivt setje i gang tiltak for å kutte i klimautslepp lokalt. Barn i småskulen sluttar til ulike tidspunkt på dagen, det fører til at fleire busser må køyre tur / retur kvar dag. Er det tiltak som kuttar klimautslepp?

I valprogrammet står det vidare at «Førde har lenge vore ein by i utvikling og det skal Førde også vere framover. Samstundes er det viktig å rette fokuset på kvar og korleis vi skal bu i byen vår. For å oppretthalde veksten i folketalet er det viktig med ein framtidsretta bustadpolitikk». Vidare vil de i samband med rullering av arealplan at det skal leggast inn areal til bustadfelt i grendene. Korleis kan de forsvare ei skulenedlegging før arealplanen for kommunen er utarbeidd? Skulen er som tidlegare nemt ofte berebjelken i ei bygd. Skal Førde fortsette å vekse er Angedalen det mest naturlege området å bygge ut i. Fleire stader i dalen er det god moglegheit og vilje til større bustadområder. Men utan skulen vil Angedalen bli mindre attraktivt. Resultatet vert då at potensielle tilflyttarar vel nærliggande kommunar som Naustdal, Gaular og Jølster der dei har skular i lokalmiljøet og fortsatt bur sentralt, men likevel landleg.

Valprogrammet til Førde AP 2011-2015 har mykje til felles med grendene. Men er programmet til Førde AP fakta eller løgn?

De har fortsatt moglegheit til å halde planen dykkar og støtte ALLE grendene i Førde i vidare vekst. Tenk dykk om før de brukar stemmene. Det er fortsatt mogleg å endre standpunkt…

Rune Ness
Thomas Lekva
Eigil Instebø

Angedalen - berre ein sideveg?

Angedalen i dag:
Skuledebatten i Førde kommune er no i ferd med å toppe seg. Underteikna flytta sjølv til Angedalen for tolv år sidan nettopp på grunn av skuletilbodet. Til ein mindre grendaskule omkransa av natur og kulturlandskap. (På denne tida var også elevtalet noko mindre).I dag er det flytta mange unge familiar til Angedalen i nybygde hus. Hadde dei valgt å bygge om dei visste at skulen ville bli nedlagt i 2013? Eg vil tru at dei valgte å busette seg her nettopp på grunn av alle kvalitetane Angedalen har, og med eigen skule i midt grenda. Angedalen har hatt eigen skule så lenge det har budd folk i dalen og det blir for dumt at kommunen med eit pennestrøk slettar denne grunna akutt sparing. Flyttestraumen til Angedalen kan no Førde kommune klare å stogge- og sette dalen fleire tiår tilbake vekstmessig. Men, Angedalen kan og bli ein “buffer”, eit bualternativ, til eit allerede pressa sentrumsområde. Her i Angedalen er det både tomter og plass til fleire, viss berre kommunen vil.

Førde framøve:
Slåtten skule er sprengd. Elevane må møte til ulike tider om morgonen for å få undervisning
(der er for få klasserom). Førde kommune er tvungen til å spare endå meir då leigeinntektene til Rådhuset uteblei grunna overetablering, for mange tomme næringslokale i Førde allerede. Dagleg trafikkkaos i rushtida (14-16), frå Vie til Hafstad, Angedalsvegen, Førde sentrum, Fjellvegen. Parkeringsavgift somme stader i sentrum, om du finn parkeringsplass.
Bomring rundt Førde?

Førde visjon 2016:
Som ei mellombels løysing har kommunen no blitt tvungen til å utvide Slåtten Skule mot Angedalen. (Angedalen Skule blei nedlagt i 2013). Kommunen har verken plass eller råd til å ta endå eit byggsteg på Slåtten Skule og har difor sett seg nøydd til å ta i bruk det nedlagde bygget, Ramstad Eskefabrikk, for å løyse vekst av elevtal rundt Slåtten-kretsen. Utvendig er bygget på Ramstad nærast vedlikehaldsfritt med mykje vindu og betong, men uteområdet er den store utfordringa. Arbeidsromma har mykje lys og er godt egna som klasserom. Dei gamle kontora er det berre å flytte rett inn i. Den tidlegare produksjonshallen er blitt til ein stor gymsal for idrett og leik.
Barnetrinnet tilhøyrande Slåtten og Angedalen frå 1. til 4. klasse går no på avdeling Ramstad. Øvrige elevar går på Slåtten Skule frå 5. klasse. Utvida fartsgrense -50 km/t frå Hjelle til Ramstad.

Den nedlagde Angedalen Skule er blitt til ein privat naturbarnehage med mini-fjøs og eigen kjøkkenhage. Bygget har framleis funksjon som grendahus og er til disposisjon for kveldsaktivitetar og til private arrangemang. Det er lagt ut fleire tomtefelt i grenda og veksten i Angedalen er stigande. Angedalen blir forsatt brukt aktivt av kommunen sine innbyggarar til trening,rekreasjon og skisport.

Vil forvente at kommunen får til ein mjuk overgang for sine kommande innbyggarar som bur i Angedalen. Dette handlar om ungar og tryggheit, det handlar om identitet!.

Ynskjer kommunepolitikarar lukke til i sluttfasen ved behandling av skulesaka.
Det er ingen skam og snu!

Solveig Andersen
Skogstad Dyrehotell, Angedalen

Det smertar, Ole John!

Vi har hatt stor tillit til Rådmann Ole John Østenstad etter at han byrja i denne stillinga. Han har vist nøysomheit og vore ein jordnær person i mange vanskelege saker. Men tilliten tok til å rakne i rådhussaka. Vi ”unnskylda” han med at presset frå andre i administrasjonen var sterkt i startfasen. Men etter uttalen om at rådhusbygget ikkje har noko å seia for endringa i skulestrukturen, reagerer vi.
Det vart tidleg klart at bygginga av rådhuset ville gje kommunen ei auka utgift på om lag 2,5 millionar i året. Det stemmer for godt med det kommunen meinar å spare på å legge ned skulen i Angedalen til at det kan vere ei tilfeldigheit.
Vi fryktar at dette har vore planlagt lenge. Første signalet fekk vi for eit par år sidan, då Krf- Haugsvær kom med forslag om å stoppe ei løyving på 200 000 kroner til opprusting av Angedalen skule. Då skjønte vi at noko var på gang. 1. desember 2011 vedtok så formannskapet å utsetje til 2013 ei løyving på om lag 7 millionar til påbygging av skulen.
Tunge krefter har altså vore i sving lenge, bak vår rygg.
Nedlegginga følgjer same framgangsmåte som rådhus/bompengeprosjekta. Det går liksom heilt ope føre seg, men er i realiteten avgjort på førehand. Mange gode argument har kome fram mot skulenedlegginga, men det er visst som å skvette vatn på gåsa. Nokon har bestemt seg, og dermed basta.
”Alle” skrik om vekst i Førde. Men kvifor skal vi som bur i utkantane ofrast for denne veksten? Trur du Ole John at dette vil tene Førde på lang sikt?
Kommunen har råd til å gje stor støtte til Sogn og Fj. teater og Folkemusikkfestivalen. Der høyrer vi aldri om kutt. (Kommunen er vel ”forplikta” til å yte støtte?) No renn millionane i idrettsparken på Hafstad. Kommunen skrik over seg når ikkje varmekablane skapar sommarforhold for fotballen i vinter-Førde. Dette smakar dårleg for oss som kjempar for skulen vår.
Skal tru kor mange kilowatt det her er snakk om… Dette har de råd til å satse på, men skulane som er ei primæroppgåva for kommunen, må svi. Det kan og stillast spørsmål ved det høge talet på tilsette i kommunen, i høve folketalet. Er alle desse stillingane naudsynte? Vi har ikkje gløymt underbemanninga på Helsetunet!
Og kva med dei folkevalde? Vi veit at Framstegspartiet er totalt i mot skulenedlegging. No har også SV signalisert det same. Kva med Senterpartiet som liksom skal vere distriktsforkjempar nummer ein? No får vi sjå kva dei står for når verkelegheita melder seg. Høgre har 3 representantar frå Angedalen. No har dei sjansen til å vise kvar dei kjem i frå.
Venstre sitt ordspråk ”levande folkestyre” vert og sett på prøve i denne saka. Vi gløymer heller ikkje den arrogante måten politikarane avviste forslaget om folkerøysting i rådhussaka. Forakt for ”den vanlege mann” skal ikkje løne seg. Og så er det val om vel eit halvt år!

Vi skal ikkje berre klage, men har og eit forslag som kan berge skulen vår. (Angedalen sitt ”signalbygg”) Det går ut på at den fordømte eigedomsskattten vert auka litt, for å ta inn det som trengst for å berge skulen i Angedalen.

Rune Ness
Jostein Ness
Glade i Angedalen vekstsenter.

Sjå mot Angedalen

I siste utgåve av fylkesmagasinet kunne vi lese om medgangskommunen Førde. Med fordobling av folketalet sidan 1977, og gode prognoser for framtida ser det lyst ut. Det er ingen grunn til å tru at veksten ikkje skal kunne fortsette. Men som ordføraren seier i artikkelen, det kjem ikkje av seg sjølv. Ein må ta dei rette grepa. Eit av dei rette grepa er å sjå mot Angedalen når ein skal planlegge vidare utvikling. Og den tida er no.

Framtidig busetnad
Det minkar etter kvart på areal å bygge på i sentrumsområdet. Det er såleis naturleg at den vidare utviklinga i Førde går i retning Angedalen. Med nærheit til sentrum er det ein heilt ideell stad for bustadetablering. Når ein i tillegg tar med nærleik til naturen og ein god stabil skule midt i dalen er Angedalen ein ypperleg stad å bu.

På Ramstad har det ei tid vore planar om eit byggefelt som i første omgang omfattar 10 – 15 tomter. Dette er eit felt som planutvalet har sett på tidlegare og som rådmannen ser på som eit godt tilbod til bustad litt utanfor sentrum. Det er i same området eit stort potensiale til endå fleire bustadar.

På Grimelandshaug/Ospehaugen, like ved Angedalen Skule, er det per i dag etablert fleire bustadar. Her er fleire tomter og leilegheiter under utarbeiding. Her er og eit stort område som i dag er regulert til industri. Det er vel lite sannsynleg at dette vil bli nytta til industri, og ein bør difor vurdere å omregulere dette til bustadar. Området ligg flott til midt i dalen, og med gangavstand til skule og fritidsaktivitetar.

Førde Kommune treng eit alternativ til dei som vil bu litt landleg, men likevel sentrumsnært. Det er per i dag stor etterspurnad etter einebustadar der ein og kan få større tomt enn det som er vanleg i byggefelta i sentrumsområdet. Alt dette får ein i Angedalen. Alternativet vil være at mange vel å busette seg i ein annan kommune. Det kan ikkje være i Førde Kommune sin interesse.

Ubrukte ressursar
På Ramstad ligg lokala til den tidlegare eskefabrikken. Etter ein periode utan aktivitet, meiner vi tida no er overmoden for at ein får ny aktivitet i lokala. Ny industri ligg nok ikkje i tida, men bygget kan godt nyttast til andre aktivitetar. Ein må sjå på dette som ein ubrukt ressurs, ein sjanse til å få i gang noko nytt. Førde er ein vekstkommune som har behov for å skape fleire arbeidsplassar. Førde Høgre lanserte vinteren 2012 idéen om å etablere eit nytt senter innan for eit spesialisttilbod på nasjonalt nivå.

Vi meiner lokala på Ramstad er veldig godt egna til dette. Lokala er store nok til å romme dei fleste aktivitetar. Det er god tilkomst og bra med parkeringsplassar. Med umiddelbar nærleik til fjell og natur, og sjøen innanfor rimeleg rekkevidde. I kobinasjon med den allsidige idretten i Førde har ein eit ypperleg utgangspunkt for å kunne etablere eit helsesportssenter ala Beitostølen. Ein kan dra inn fleire tenester og aktørar, f.eks. treningsstudio, fysioterapautar, kiropraktorar, Helse Førde, osv. Ein kombinasjon av kommunale, statlege og private aktørar i eit felles senter vil gje ein solid base for drift av eit slikt senter. Med eit slikt senter kan ein få løyst ein del utfordringar som Førde Kommune og helsevesenet har, som til dømes rehabilitering og samhandlingsreforma. Som igjen kan være eit tilbod som Førde Kommune kan gje til andre kommunar.

Roger Indrebø
Rune Hegrenes

Førde Framover?

Administrasjonen og politikarane i Førde har no fullført sin turné rundt om på skulane. Dei har fått sjå engasjementet til innbyggarane. Om ein lurte på det før, bør det no være innlysande – dette betyr noko for oss. Med mange møter og mykje informasjon på relativt kort tid vil eg tru det har vore ei travel tid for dei fleste. Det har vore travelt for oss i grendene også – i lang tid, for vi har hatt fokus på med dette i vel eit år no.

Tilbake på skulane og i grendene er nok mange usikre på om dei fekk fram alt dei ville ha fram. Forstod politikarane det ein prøvde å seie? Skulle ein ha gjort meir? Det er ikkje godt å seie når vi skal snakke og politikarane berre skal lytte. Utan tilbakemeldingar er det vanskeleg å vete kva som faktisk har betydning til slutt.

Denne saka er to-delt. På den eine sida har kommunen behov for å spare, og på den andre sida skal ein ha ein ny skulebruksplan. Ein skulebruksplan har i seg sjølv ikkje noko med sparing å gjere. Det er ein plan for korleis ein skal organisere skulen i tida framover, slik at ein får gitt det tilbodet ungane skal ha. Skal ein spare pengar på skulestruktur er det sjølvsagt i samband med ny skulebruksplan ein må gjere det, men det er som sagt ikkje hovudmålet.

Eg er nok naiv, men eg trudde det viktigaste var at ein bygde den beste skulen. Så langt i denne prosessen har eg ofte fått inntrykk av at det er berre sparinga som er målet. Sjølv om ein av og til får høyre at ein er opptatt av kvalitet og langsiktige planar kjem ein fort tilbake til sparing. Eg forstår at kommunen er i ein utfordrande situasjon for å få budsjettet i balanse, men det kan ikkje gå ut over noko så grunnleggande viktig som skule trass alt er. Då er berre det beste godt nok.

Førde Framover var eit dugnadsprosjekt som gjekk i perioden 2008 til 2010, og som hadde fokus på byforming, omdømme og visjon. Prosjektet vart etablert etter initiativ frå Førde Forum og Førde kommune, men hadde ingen kommunale eller politiske bindingar. Prosjektet fekk utført ei innbyggarundersøking, og i sluttrapporten til prosjektet står det å lese:

Undersøkinga gjort av Markedsinfo på oppdrag av Førde Framover, slo fast at folk i Førde er mest fornøgd med butikkutval, nærleik til naturen og kultur- og skuletilbod.

Ein av dei tinga folk i Førde er fornøgd med er altså skuletilbodet. Og det har vi grunn til å vere. Mykje hardt arbeid dei siste åra har ført Førdeskulen opp på førsteplass på Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Det er kanskje noko ein skal ta til seg når ein no vurderer å gjere endringar i skulestrukturen.

Omdømmebygging var eit av punkta Førde Framover ville jobbe med. Ein vekstkommune som Førde er, og vil vere, må ha eit godt omdømme for å kunne rekruttere fleire innbyggarar. Spesielt på dei områda som betyr noko for folk som vurderer kvar dei skal bu. Folk er opptatt av at ungane kan få gå på ein god og trygg skule. I skulesektoren har ein jobba hardt for å få skulane opp på det nivået ein er i dag. Det ville være veldig synd om ein no skulle øydelegge dette i eit forsøk på å spare pengar. Tapet i omdømme kan då fort blir større enn innsparinga.

Det at arealplanen først blir klar eit år eller to etter skulebruksplanen er i beste fall uheldig. Eigentleg syns eg det er veldig rart at ein har komme i denne situasjonen. Arbeidet med arealplanen er starta, men er uansett heilt i startfasen. Det er då veldig viktig at politikarane alt no har i tankane kvar folk skal busette seg dei neste åra, og er lydhøyre for det som kjem av innspel til arealplanen.

Starten på det heile var handsaminga av økonomiplanen for 2012 – 2015. Då vart det sagt følgjande:

I økonomiplan 2012-2015 framkjem det at vidareføring av dagens drift medfører at kommunen ikkje har rom for nye drifts- og investeringstiltak utan å gjere salderingstiltak.

Det blir kanskje litt spissformulert, men likevel: Dersom ein ikkje legg ned ein eller fleire skular så kan ein ikkje gjere nye investeringar. Ja ja, det er greitt for meg. Ein treng ikkje kvitte seg med noko ein har, og ikkje minst treng, berre for å kunne kjøpe noko nytt.

God jul!

Rune Hegrenes
FAU Angedalen Skule

Stopp nedlegging av Angedalen skule!

Angedalen har siste åra fått ei betydelig tilflytting, og mange nye er på vei!
Førde Kommune varslar no nedlegging av Angedalen Skule for å klare budsjettet. Kommunen sjølv har tidligare jobba med å auke tilflyttinga til grendene.
Når underteikna valde å flytte tilbake til Angedalen skreiv Førde Kommune følgjande tekst i brevet der tomtefrådeling blei godkjent:

”Kommunen ynskjer å stimulere til busetting i grendene rundt Førde sentrum. For å nå eit slikt mål er det viktig å legge til rette for at desse områda får attraktive bustadtomter”.

Synest kommunen det stimulerer til busetjing med å legge ned skulen? Det synest ikkje vi!
Det er heller ikkje lenger sidan enn 30 års jubileet til skulen der tidl. ordførar Nils Gjærland stod fram og snakte så fint om skulen, og dei positive planane kommunen hadde for skulen framover mtp. utbygging og auka elevtal.
Gjærland sa også: ”Dersom skulen er for liten bygger vi på!”.

Bygdefolket la ned over 400 timar dugnadsarbeid for å pusse opp skulen ein sommar for få år sidan. Vidare blei det lagt ned over 300 timar dugnad for å etablere ballbingen på skulen. Folket i bygda stilte med gratis maskiner og pukk/masser for å få bingen på plass.

Fleire og fleire velger å busette seg utanfor sentrum, og då er det viktig for desse å kunne sende barna til ein lokal skule. Angedalen er inne i ei positiv trend der mange av desse velger å busette seg her.
Angedalen er ein ideell plass for dei som vil bu sentralt, men ikkje i tettaste sentrum.
Er dei attraktive bustadtomtene kommunen snakkar om like attraktive utan skulen? Nei.

Vi har små klassar i Angedalen, og det er slik vi vil ha det. Her er eit spesielt godt samhald mellom elevane på tvers av årstrinna.
I ei fersk undersøking i Sverige konkluderer dei med at mindre klasser gir betre resultat, spesielt når ein ser langsiktig. Elevane blir tryggare i små klassar som igjen medfører at dei tør og stille meir spørsmål , dei gir ikkje opp så lett og får betre sjølvtillit. Samfunnet får dermed tilbake elevar som går ut med betre resultat, og dette vil lønne seg samfunnsøkonomisk over tid.
Tenker politikarane i Førde kortsiktig for å løyse dagens budsjettproblem?

Det seier seg sjølv at i ein klasse med 30 elevar vil det bli vanskeligare for ein lærar å følgje opp alle elevane i forhold til ein mindre klasse. I teorien heiter det så fint at alle skal ha lik lærling, men dette vil aldri la seg løyse i praksis i så store klassar.
Vi leste i Firda for ei tid sidan at i forbindelse med det nye vegnettet er det planlagt / prosjektert for ca 500 ekstra husstandar knyta til Førde Barneskule og ca 300 husstandar til Slåtten skule.
I Angedalen ligg det føre fleire konkrete planar om utbygging av bustadfelt / bustadar som raskt kan medføre 50-70 nye husstandar i Angedalen dei næraste åra dersom dette blir ein realitet.

Dette viser at det vil bli eit behov for Angedalen Skule også i framtida!

Rune Ness
Aksjonsgruppa for Angedalen Skule

Kvifor ikkje fleire bussar til Angedalen?

Naturen i Angedalen er vakker og innbyr til friluftsliv, sommar og vinter. Nærheita til Førde sentrum gjer dalen til eit sentralt turområde 10/15 min. med bil, og du er i Angedalen.

Angedalen er ein flott plass, men vi manglar fleire bussar! Dei einaste bussane som kjem innover dalen er skulebussane, vi synest dette er for dårleg. Vi vil ha fleire bussar som kjem på ettermiddagstid, og på kveldstid.Og helst i helgene også. Hadde vi hatt fleire bussar til Angedalen, så hadde det vore enklare for både folk som skal ned til Førde, og folk som skal inn i dalen. Då hadde vi ikkje vert så avhengige av foreldra våre som må køyre oss. Vi hadde til og med kansje fått fleire innflyttarar til Angedalen, dei fleste tenkjer vel slik: “vi kan ikkje flytte til Angedalen, for då må vi vere avhengige av bil!” Men hadde vi i Angedalen fått buss, hadde det vore mykje enklare.
Det kan ikkje vere so veldig vanskeleg å sende inn nokre bussar, og vi håpar verkeleg at nokon kan sjå nærare på saka.

Bybussen til Hjelle?
Kvifor går ikkje “Bybussen” til hjelle lenger inn. Den kunne ha gått først inn i Botnen, så Grimelandssida nedatt.Då hadde vi i Angedalen også fått eit lite tilbod om fleire bussar, ein skulebussane.