Viser arkivet for stikkord brulandsvellene

HANDEL OG GRUVEDRIFT

Vi bur i Førde og vil ha det så bra som mulig her. Vi har mange arbeidsplassar, og det er svært mange som er arbeidspendlarar til Førde. Førde er ein by og vi ønskjer å vere urbane. Vi har og fin natur med fjord og fjell her og i nabokommunane, og vi reknar oss som eit friluftsfolk. Vi vil vekse, både i folketal og økonomisk-og vi vil ta vare på naturen.

Vi vil trivast og utvikle oss.

Førde er allerede kjent som handelsbyen og helsebyen i fylket, med våre handelshus, bilforretningar og møbelforretningar m.m -og sentralsjukehuset og interkommunal legevakt og høgskulen. I tillegg har vi kulturlivet med kunstmuseet, Førdehuset for å nemne noko.

Vi står framfor betydningsfulle avgjerder for byen og naturen rundt oss i 2015. Alle lurer på korleis det skal gå med arealplanen i Førde:
• Vert det handelspark på Brulandsvellene, og evt korleis vert den?
• Vert det gruvedrift i Naustdal, med fjorddeponering eller landdeponering av avfallsmassane?
Gruvedrifta i Naustdal kan vi førdepolitikarane berre uttale oss om, medan handelsparkspørsmålet ligg i våre hender å bestemme.

Kva får oss så til å meine det eine eller andre?
• Grunnleggande verdiar som vi har, og som er nærast urokkelege?
• Meininga til folka i vår omgangskrets?
• Meininga som kjem fram i avisinnlegg?
• Rådmannen eller ordføraren i Førde eller Naustdal sine oppfatningar?
• Stemninga på eit folkemøte?
• Meininga til interessegrupper?
• Innhenting av faktakunnskap?

Det som gjer det vanskeleg er at ein sjeldan har «ekspertane» som skulle kunna gje svar på spørsmåla samla på eitt brett. Arrangerer ein folkemøte vert det ofte skeivfordeling i oppmøtet av folk frå partane. Inviterer ein fagfolk seier nokon ja til å møte, medan andre avstår.
Partane argumenterer med sine tal og sine referansar, og det er nesten umulig å vite kven ein skal feste mest lit til, dersom ikkje det politiske spørsmålet er innan eit felt ein har kjennskap til t.d frå sin eigen jobb.
Når ein ikkje kan einast om utgangsverdiane, kor mykje ein sel, kor mykje folk som kan stipulerast som potensielle handelskundar i Førde, kva som er konsekvensen av fjorddeponi, kva som er skadeleg og kva som ikkje er skadeleg, så vil til slutt dei grunnleggande verdiane til politikaren telje mykje. For, det er fornuftige, tenkjande folk på begge sider av meiningsytringane!
Om ein ser attende til t d øldebatten i Førde i 2012, viser den kor vanskeleg dette med tal og fakta er. Salstala gjekk opp, men partane i debatten hadde sine eigne oppfatningar om kva som låg i tala og korleis dei skulle tolkast: Øl betre enn vin? Omrekning til alkoholeiningar-ulike reknemåtar. Kor mykje vart handla frå nabokommunane? Taxfreesalet for Sogn og Fjordane var ikkje med i rekneskapet. Ungdomen drikk mindre, middelaldrande drikk meir. Kva er verst, osv…

Altså, slik er livet: Ikkje alltid enkelt, og det består heile tida av val på bakgrunn av verdiar.

• Er vi tente med å ta risiko med Førdefjorden for å utvinne mineral og fargestoff?
• Er det rett at verda har behov for dette? Om så-kanskje greier Noreg å utvinne dette ned mindre skadeverknader enn andre land?
• Er langtidverknadane av fjorddeponi verre eller betre for naturen totalt sett over lang tid enn landdeponi?
• Vil gruvedrift sikre auka tilflytting av folk til regionen over tid? Vert det verdiskaping lokalt?Hamnar skatteinntektene i sunnfjorkommunane?
• Vil Førde sentrum verkeleg dø om det vert Brulandsvelleutbygging?
• Vil politikarane greie å handheve restriksjonar i handelen på Brulansvellene over tid?
• Har sentrum uansett eit problem pga auka netthandel og folk som vil køyre til døra for å handle utan å rote seg inn i sentrum om ettermiddagen?
• Kan sentrum tole meir butikkar med varer som må fraktast med bil.
• *Er vi naive som trur at Førde sentrum kan verte så attraktivt at folk utanfrå vil ta ein tur berre for å sjå og nyte Førde sentrum, eller skal vi innsjå at vi aldri kan verte så interessante som Røros, Ålesund eller Risør? *

Handelsmennene i sentrum er som naturleg er bekymra for kva som skjer om det vert fritt fram for utbygging på Brulansvellene. Dei er altså redde for å verte utkonkurrerte, redde for konkurranse, kapitalistane sin reiskap til alle tider. Dette er i seg sjølv interessant, men kjem ikkje til å verte avgjerande for kva eg kjem til å stemme i mars eller april når arealplanen kjem opp i bystyret.

Eg skal stemme for det som eg trur gjev det beste Førde å leve i i framtida. I mellomtida snakkar eg med folk, diskuterer med andre politikarar og prøver å finne ut kva dei meiner-og deltek på dei møta som er å oppdriva…Det må den folkevalde gjera.

Einar Solheim
Bystyrerepresentant i Førde( Ap )

Ope brev til Førde kommune

Som utflytta student ser eg med aukande frustrasjon på at historia held på å gjenta seg. Etablering av store bilbaserte kjøpesenter representerer alltid ei flytting av marknad og pengar, frå sentrum til eit vegkryss. Denne gongen er det til Brulandsvellene. Det er mange privatpersonar og næringsdrivande i Førde og omland som er imot utbygginga. Dette er ei stemme frå ein av dei mange studentane frå Førde.

I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir handelsparken stadig referert til som nødvendig, transporteffektiviserande og miljøvennleg. Denne informasjonen er spekulativ og umogleg å feste lit til, om den ikkje blir følgd opp med forsking som kan stadfeste dette.

Staten har utvikla Rikspolitiske retningslinjer for areal- og transportplanlegging. I planprogrammet for Områderegulering Brulandsvellene blir desse nemnde mellom fleire «overordna planer og føringer». I eit utdrag står det: «Sentrale virkemidler er klare tettstedsgrenser, samling av naturinngrep samt høy tetthet innenfor byggesonen, kombinert med økt hensyn til grønnstruktur og kulturmiljø.» Ytterlegare utbygging på Brulandsvellene vil bryte med alle desse punkta. Eitt av problema er den katastrofale bruken av matjord. Føregåande regjering lova å halvere nedbygginga av jordbruksland. Dessverre blei berre nedbyggingstakta auka. Dette skjer i ei tid då Noreg ikkje er sjølvforsynt med mat, og verda står overfor eit trugande overbefolkningsproblem.

Ved å late store kjeder som til dømes XXL og Obs Hypermarked etablere seg på Brulandsvellene ønskjer ein å hindre handelslekkasje til Bergen og Ålesund. Det vil truleg alltid vere ein viss handelslekkasje ettersom folk gjerne tek ein bytur av andre grunnar enn handel primært. Dersom ein lukkast å vinne att denne marknaden, kan ikkje dei nye butikkane drivast berre på dette grunnlaget. Resten av salet må takast frå allereie etablerte butikkar i Førde og omland. Ein hevdar at handel med plasskrevjande varer ikkje vil konkurrere med detaljhandel i sentrum, men eg trur det blir vanskeleg å handheve dette skiljet. Trondheim, Ålesund, Levanger og Tønsberg er døme på sentrum der detaljhandelen strevar grunna eit flytta handelstyngdepunkt.

For å heve utnyttingsgraden på tomta har ein opna for å legge til 250 bueiningar i planområdet. Mange er sjølvsagt uroa over kvaliteten på desse bustadane. Like vesentleg er det at dette er einingar som kunne vore viktige i vidare urbanisering og vitalisering av Førde sentrum. Bustadane vil vere i slik avstand frå skulen at 1.klassingane vil ha rett på skulebuss. Dette bør sette perspektiv på bruken av omgrepet «den sentrale beliggenheten». Ein kan rekne med at barn i trinna over dette i stor grad også vil bli køyrde til skule og andre aktivitetar. Kommunen og evt. utbyggar pliktar å sikre trygg skuleveg ved etablering av nye bustadområde.

Førde har hatt ei positiv utvikling i sentrum dei siste åra. Med vidare fokus på urbanitet og trivsel i sentrum kan Førde bli eit attraktivt bysentrum med den lokkande effekten det har på unge nyutdanna og studentar. Kommunane rundt treng Førde som ein stad der det er godt miljø for nyetablering av bedrifter med krav til høg kompetanse. Stopp i utviklinga av sentrum kjem til å gje Førde problem med å vere attraktiv.

I planprogrammet for Brulandsvellene står Regional planstrategi nemnd som overordna plan og føring. Overordna mål i Regional planstrategi for Sogn og Fjordane er auke i innbyggartalet. Vidare står det: «Den mest relevante strategien er å styrke attraktiviteten til kommune- og regionsentra, som bl.a. innebærer å bygge mer urbanitet og styrke tilbudene i tettstedene» Planane om handel og bustad på Brulandsvellene hindrar urban utvikling i sentrum, og kan påverke tilboda i tettstadene rundt Førde.

Førde kommune sin Kommunedelplan energi-, miljø og klima er nemnd som ein annan av dei overordna planane. I denne står det at «Førde kommune skal ta hensyn til klima og energi i framtidige planer, og fremme tiltak som reduserer bruk av energi og utslipp av klimagasser. Dette innebærer blant annet å fremme en arealplanlegging som gir høy arealutnyttelse med mindre transport og bedre kollektivløsninger.» Det blir fleire stader vist til at planane gjev høg utnytting av tomtene. I planprogrammet går det fram at med bustadprogrammet på taket blir total utnytting 95%. Dette er likevel låg utnytting av kostbart jordbruksland, når vi veit at store delar av Førde sentrum no er regulert til mellom 150-265% utnytting. Denne høge utnyttinga skjer med avtrykk opp mot maksimalt 68% av tomta sitt areal. I planprogrammet for Brunlandsvellene blir det ikkje oppgjeve noko BYA, men ei konseptskisse viser at så godt som heile tomta er tenkt lagt under bygg eller asfalt. Det blir vidare hevda at tomta ligg godt til for syklande og gåande med berre 1,8 kilometer til sentrum. Dette rekk i realiteten berre til Festplassen. Reisevaneundersøkingar visar at på reiser mellom 1 og 1,9km skjer 42,2% med sykkel eller på beina. Dersom ein har tilgang på bil, er andelen som går eller syklar enno lågare. På reiser 2 km og oppover fell andelen gåande og syklande kraftig. Med tanke på avstand til andre servicetenester, bør Førde kommune leggje føringar for å fortette sentrum og styrke eksisterande kollektivtrafikktilbod, i staden for å etablere og utvide bilbasert handelspark.

Førde kommune kan vedta ei områderegulering som strir mot planintensjonane på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Dei har sjølv utforma planar som legg føringar mot denne typen etableringar. Å gå mot desse verkar som ei undergraving av planverktøyet og deira eigen integritet. Eg håpar dei no vil slutte å tenke på morgondagen og begynne å tenke på neste generasjon. Og om dei ikkje gjer det, blir ikkje Førde ein by eg vil flytte tilbake til.

Andreas Magerøy,
Arkitekturstudent ved NTNU.

Brulandsvellene

Førde sentrum er i ei utvikling som eg veit mange av innbyggjarane er veldig stolte av. Opprusting i aust, vest, sør og nord. Resultatet er framifrå, og framleis er det planlagt endå meir.
Ei stor-utbygging på Brulandsvellene kan ein ha mange meiningar om. Kor mykje marknaden toler før det blir overetablering , korleis det påverkar økonomien for kommunen, sysselsetting, jordvern vs matproduksjon, trafikk, miljø osv. Alle desse spørsmåla er viktige for dei som skal ta avgjersle på det som skal skje. Ein ting er sikkert – argumentasjonen glir i alle fall fint inn, slik at den passar dei impliserte.
Det er difor spesielt interessant for meg som innbyggar å høyre kva slags forventingar eg skal ha til framtidig bruk og utvikling av Førde sentrum. Korleis vil vi at sentrum skal utvikle seg og bli teken i bruk av innbyggarane om 5-10 år? Med dei store investeringane som er gjort for å utvikle sentrum dei seinare åra, forventar eg nesten ein garanti på at dette ikkje var fånyttes fordi vi etablerte noko nytt og større på Brulandsvellene. Dette ser eg fram til at politikarane tenkjer på, før dei tek stilling til noko som marknaden sjølv styrer på ein utmerka måte.

Tidl.medl. av Førde Framover – omdømmegruppa

Coop sitt samfunnsansvar?

Frå Coop.no:

Coop tar samfunnsansvar
Presset på naturressursene øker, miljøproblemene vokser og forskjellen mellom fattig og rik blir større. Disse utfordringene må varehandelen forholde seg til.

Som en stor samfunnsaktør og leverandør av varer og tjenester kan Coop påvirke alt fra produksjon til markedsføring. Vi har derfor et ansvar for å gjøre vårt for å påvirke samfunnsutviklingen i riktig retning.

Bærekraftig utvikling
Det er nedfelt i vårt verdigrunnlag at Coop skal vise omtanke for mennesker, dyr og miljø, og arbeide for en bærekraftig samfunnsutvikling. Alle våre valg og handlinger skal være knyttet til dette løftet. For at en virksomhet kan kalles bærekraftig, må tre forhold tilfredsstilles:

1. Økonomisk sunn drift
2. Miljøriktig og miljøtilpasset opptreden
3. Etisk og sosial hensyntagen, for eksempel overfor medarbeidere eller produsenter i utviklingsland

(…)

Eg registrerar at økonomisk sunn drift vert nevnt først. Jordøyding burde skurre kraftig mhp. punkt nr. 2.

Kvifor ikkje heller satse grunnleggande på bærekraft, være eit føregangsføretak, og sjå på kjøpekrafta som handlekraft, i alle dets tydingar – evna til å handle bærekraftig (ikkje berre kjøpekraftig) handlar om haldningar – aktive haldningar som utgangspunkt for handlingane.

Kvifor ikkje sette seg føre å vise verda eit grundig og godt eksempel på handlekraftig bærekraft med utgangspunkt i sunn, heilheitleg forvalting av kjøpekrafta?

Eg er ikkje motstandar av handel, men veldig for at vi skal handle med aktive haldningar, mtp. både varehistorikk og føretakslogikk.

Om Coop er litt ditt, så kan du seie nei, om samfunnsansvaret er i ferd med å svinne hen.

72000 kvm butikkareal?

Kor mykje er 72000 kvadratmeter?
Den foreslåtte utvidinga av handelsparken på Brulandsvellene vert anslått over tid å kunne romme 72000 kvm butikkareal, rundt 250 bustader, og over 1500 parkeringsplassar.

Ved å drodle litt i Førde kommune sin fritt tilgjengelege 3D-modell, har eg grovskissert 3 alternative bygningsmassar som utgjer 72000 kvm, i eit forsøk på å syngleggjere kva 72000 kvm kan innebære i flate og volum, uten at desse forslaga er spesielt grundig gjennomarbeidd byformingsmessig:

Rødt: 72000 kvm spredt utover byflata – tetting av byveven.
Oransje: 72000 kvm etter skyskraparmodell – omlag 50 etasjar.
Gult: 72000 kvm på tomta til Firda Billag – type handelshus / handelspark.

Til opplysning er IKEA Åsane 36000 kvadratmeter, altså halvparten av den førespegla utvidinga på Brulandsvellene. Dei kvite voluma som er teikna inn på Brulandsvellene tilsvarar nokonlunde arealstørrelsen på planane, men er forenkla i desse skissene, så dei kan avvike ein del frå det som faktisk er lagt fram av Coop. Men i alle fall seier det noko om kva for landskap ein kan vente seg.

Bjørn-Are Vollstad
sivilarkitekt, skribent
og kjartanistansk diplomat

Ta ansvar for Førde si sentrumsutviklinga, folkens!

Det kan synast som at tida har stått still i Førde sidan 1970-80 talet om ein skal tru innlegget til Erik Solheim (05.12.13). Han legg til føringar for ein svart-kvitt polemikk om at det er nyttelaust kva parti ein røystar på ved kommunestyreval fordi alle tenker likt. Solheim vel då å kalle Førde for ein eittpartikommune.

Det er etter mitt syn ei lite nyansert skildring av situasjonen. Heldigvis finst meiningsskilnadar i det politiske landskapet i Førde. I Firda den 7. desember kom det fram at SV sette ned foten og aksepterte ikkje reguleringsplanen slik den ligg føre. Partiet har lenge vore kjent for at det har alternative standpunkt i mange saker, m.a. i reguleringssaker som dette, og peikar m.a. på omsyn til jordvern og mangel på heilskapleg planlegging, standpunkt som dei har flagga i år. Men i mange saker står SV åleine i å ha eit slikt standpunkt. Trass i nyansane så har Solheim rett i at meiningsskilnadene hjå av dei øvrige partia i for stor grad kan karakteriserast som små, og at mange politikarar har for lett å lene seg til fagfolk og ser ikkje minst utbyggjarar som ”samfunnsaktørar”, som gjer jobben i å skape ”utvikling” og arbeidsplassar. Problemet er at alt for ofte i slike saker vert det ikkje stilt spørsmål kring kva type arbeidsplassar og konsekvens tiltaket vil få for Førde-samfunnet. Det kan synast som at dei vegrar seg for å stille dei kritiske spørsmåla i plansaker og gjev gladleg vekk store arealflater til utbygging. Det er ikkje bra. Tiltaket på Brulandsvellene er på ingen måte ei god utvikling for Førde by. Det er å gjere opp att dei same feila som har vore gjort tidlegare. Med ei slik massiv nedbygging av areal vil dette tilbakesteg for Førde si utvikling. Handelsparkkonseptet er ikkje noko nytt fenomen, i motsetnad til det rådmann Ole John Østenstad hevdar. Det er i realiteten eit nytt namn, men innhaldet er det same som før, bilbasert handel og svære arealkrevjande kjøpesenter med overdimensjonerte parkeringsplassar. Det er noko som har eksistert alt for lenge i Førde. Rådmannen peikar på at Brulandsvellene ligg nokså nær sentrum. Men når konseptet er bilbasert, bryt det med all fornuftig, framtidsretta planlegging og intensjonar om fortetta by som har vore planlagt i Førde. Og heile ideen om sykkelby forsvinn ettersom bilkøyring vert så mykje enklare sjølv med relativt kort avstandar, og dermed vert sykkel nedprioritert. Og konsekvensen vert då ei auking av både Co2 og anna luftureining.

Ved val kan ein som veljar velje å røyste blankt (i praksis la vere å røyste). Men då risikerer ein at røysta går til andre parti. Å røyste blankt er ein dårleg strategi om ein vil påverke valresultatet. Før komande val er det er viktig å våge å ta ordet i debatten og snakke med politikarane og faktisk utfordre dei etablerte i slike saker. Furting og smålåten resignasjon på Sunnfjordsk vis har lite for seg. Ein må vere klar over at utvikling ikkje kjem av seg sjølv og politikarar kan ikkje skusle vekk ansvaret til utbyggar åleine. Det er faktisk politikarane si plikt å ta ansvaret for utviklinga. Politikarane må våge å tenke nytt og ikkje gå for same avleggse tankegangen. Arbeidsplassar er viktig, men ein er faktisk nøydd til å tenke heilskap når ein planlegg sentrumsutvikling der folk skal bu og leve. Og vi treng folkleg engasjement i slike saker. Her kan kvar og ein bidra, også media.Historia syner og at politikara har snudd i som følgje av folkeleg engasjement som t.d kampen mot Elvegata i 2003. Underskiftskampanjen i dag synte kor høg verdi matjorda har. Det er ikkje berre eit lokalt ansvar. Det er vel så mykje eit nasjonalt og globalt ansvar. Det skal ein ikkje gløyme. Ta ansvar for framtida. De sit med nøkkelen.

Sigbjørn Løland Torpe, student ved Universitetet i Bergen.

(Innlegg kom på trykk i Firda, torsdag den 12.12.13).

Stans galskapen på Brulandsvellene!

På 90talet blei Førde kåra til Noregs styggaste by. Ein by med ryggen mot elva, eit rosa handelshus, meieri og bussverkstad midt i sentrum og stor biltrafikk. Det heile framstod som utrivelig og tittelen «Noregs styggaste» var nok fortent. Politikarar og grunneigarar tok grep, fasadar blei rusta opp og det blei laga gangbruer, trapper og elvepromenader i stein. Det begynte å halte mot triveligare tider.

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Noregs styggaste by? spurte Firda på nett. Ja svara 38,3 prosent. Men til tross for millionane som har blitt sprøyta inn for å pynte opp og bøte på skadane, så svarte heile 61,7 prosent nei. Lesarane er altså ikkje overbevist.

Eg kan ikkje svare for alle, men eg tør å påstå at at sentrumsutviklinga gjekk eit stort steg i gal retning etter at den nye «bydelen» på Brulandsvellene blei bygd. Førde Storsenter gjekk konkurs og Sentrum Sør blei nesten liggande livlaust. Store butikkar blei flytta ut av byen, og med butikkane flytta også handelen. Ikkje ein gong daglegvarehandelen vil etablere seg på Sørsida lengre.

No vil Coop bygge «handelspark» på Brulandsvellene. Storleiken er på svimlande 152 000 kvadratmeter, 6 gongar større enn Førde Torg. Investorar og handelsstand snakkar om å tette handelslekkasjen til Bergen. Handel er viktig for Førde, men blir det verkeleg betre handel av at ein flyttar den økonomiske aktiviteten ut av sentrum? Butikkdøden på Sørsida har allereie vist at det ikkje er mykje større marknad å ta av. Handelspotensialet blir heller ikkje større av å tappe sentrum, og er det ikkje betre med eit sterkt handelsknutepunkt istaden for to svake?

Førde har ikkje mykje bymiljø å skryte av, men Sentrum Sør har litt. Førde er kompakt, lett å ta seg fram i, handelen er konsentrert og det er korte avstandar mellom butikkar. Det er ein styrke for byen. Eit levande sentrum gjer Førde til ein attraktiv handelsby, men å dra handelen ut av sentrum kan ha motsett verknad. Ein vanleg effekt ar at dei mest populære butikkane flyttar inn i det nye kjøpesenteret og etterlet seg tomme lokalar. Det reduserer igjen kundegrunnlaget og gir lågare omsetnad for dei butikkane som blir igjen. Eit område med mange tomme lokaler gir intrykk av forfall, og då blir det igjen vanskeleg å etablere nye butikkar der. Resultatet av ei storstilt utbygging på Brulandsvellene kan altså bli at siste rest av det Førde har av byliknande miljø blir spist opp av ein stor og dominerande handelspark.

Ordet «handelspark» er i seg sjølv misvisande sidan det legg beslag på store mengder grønt-områder og gjer det om til ein ørken av asfalt og betong. Prosjektet er heller ikkje framtidsretta. Det er laga på bilen sine premissar, der vi skal køyre frå senter til senter. Det er heller ikkje oppløftande å sjå teikningane, som viser eit prosjekt kjemisk fritt for alt ein assosierer med trivsel, spennande arkitektur og godt bymiljø.

Det er ikkje plass til å bygge sentrum blir det sagt. Tenker dei på at at bussverkstad og bussgarasjar opptar kremen av Førde sentrum? Desse tomtene har eit kjempepotensiale til å romme bygater og handel om det er politisk vilje til det. Dessutan står Førde Storsenter tomt, det er mange ledige lokalar på Sørsida og det er rom for betre arealutnytting på øyrane, på Halbrendsøyra og langs elva. Dei gløymer også at den nye vegplanen frigjer mange godbitar i sentrumsnære områder. Store areal som er egna for bygging, investering og byutvikling. Nye vegar og gangbruer vil også lette på trafikk-situasjonen på Sørsida, noko som burde gjere det meir attraktivt å satse der.

Medan ein legg til rette for flytte handelen ut av sentrum, vil ein også plassere eit stort biloppsamlingsanlegg på sjølve indrefileten i byen, like ved båthamna.
Så når besøkande turistar spør: “Where is the Marina?”
Kan vi svare: “Jo den ligg der borte, inneklemt bak det store biloppsamlingsanlegget”.
Kva med å heller flytte bussverkstad, bussgarasjar og biloppsamling ut av sentrum, og la butikkane få bli?

Det er ikkje berre Førde som flyttar økonomisk aktivitet ut av bykjernen. Det er ein trend som skjer over heile landet. I desperasjon mot å misse handel til andre kommunar, set ein opp store, stygge og dominerande betongklossar, i god tru om å kapre kundar og få fart på sin eigen økonomi, på bekostning av andre. Ein etter ein vel bort bymiljø og trivsel, til fordel for storsenter og meir bilkøyring. Sandnes, Gjøvik, Ålesund, Langesund, Skien, Sandvika og Porsgrunn er alle triste dømer på at bymiljø og sentrumsbutikkar taper på grunn av storsenter utanfor byen som spis opp marknaden.

Utskjelte Drammen har gått mot straumen. Byen var kjend som ein av Noregs styggaste. Dei gjorde noko med det, og byen er i dag blitt ein av dei finaste. Bylivet er levande og det kryr av studentar, besøkande og tilflyttarar. Ein køyrer ikkje berre forbi byen lengre, ein stoppar og blir. Det hadde dei ikkje klart utan bevisst fokus på å skape ei kompakt og levande bykjerne, og ved å jobbe aktivt for å unngå byspreing og auka bilavhengighet. Ein kan klare det same i Førde, men då må politikarar la være å støtte prosjekt som tappar sentrum for handel og økonomisk aktivitet.

Fortener Førde fortsatt stempelet som Noregs styggaste? Eg synst ikkje det. Arbeidet som er gjort langs elva og i Storehagen er fantastisk. Men eg trur Coop sine planar om eit nytt monsterbygg på Brulandsvellene er eit stort steg i gal retning. Legg heller til rette for investeringar der butikkane ligg i dag. Det vil være bra for trivselen og ikkje minst bra for handelen. Ein slik by har folk lyst å besøke, handle og bo i.
Så kjære Coop og ordførar Olve Grotle: Vær så snill å ikkje gjere Førde styggare enn det det treng å være. Invester heller i sentrum og dropp galskapen på Brulandsvellene.

Tekst og foto: Martin Fjellanger

Verdas største takfarm på Brulandsvellene?

( Billedtekst: Hengande hagar på Hafstad? Montasje: Bjørn-Are Vollstad. Basert på modellfoto av Asplan Viak, tidlegare presentert i Firda )

Coop Vest ønskjer å etablere ein omfattande handelspark på Brulandsvellene i Førde. Fleire fortvilar over stadig nedbygging av matjorda, og mange fryktar for utarming av sentrum. Målet er mellom anna å stagge handelslekasjen ut av fylket, til Ålesund og Åsane.

Kva med om ein byggjer matjorda opp istaden? Rett og slett hevar jorda opp på takflatene, som ein likevel kan tenke seg vert liggande ubrukte? Kva med å anlegge verdas største takfarm på Brulandsvellene, midt i fylket?

Brooklyn Grange Farm i New York hevdar å ha verdas største takfarm, på ca. 6500 kvm. Ved hjelp av Førde kommune sitt kartverktøy på nett finn eg at Coop Extra sitt takareal åleine utgjer 7500 kvm. Sjølvsagt er ikkje alle takareal dimensjonert for å tåle all slags bruk, men om dette vert tatt med i planlegginga, så kunne Coop Vest sin handelspark, om den blir realisert, faktisk bli unik.

Det skal seiast at New York City Economic Development Corporation (à la Sunnfjord Næringsutvkling?) jobbar for å etablere ein endå større takfarm, på heile 20000 kvm, 20 mål, på taket til eit matvaredistribusjonssenter i Bronx, New York. Her held 119 private grossistar til, som forsyner eit omland på 23 millionar mennesker, med kjøtt, fisk, grønnsaker etc. Og etterkvart kanskje eigenprodusert frukt og grønt rett frå taket, kun ein heistur unna.

I ein heilt anna skala, men likefullt med eit viktig omland, kan prinsippet godt overførast til Sunnfjord. Det samstemmer godt med Coop sine visjonar om nytenking og samfunnsansvar, bærekraft, nærleik til marknaden og forbrukarane. Coop kunne drive takanlegget, eller bøndene sjølv. Slik kan ein gi tilbake det arealet som går med til bygningar og parkering.

Ein kunne tenke seg at det kunne etablerast ein Folkehage i tillegg, som nevnt i Firda for ei tid sida, med hageparsellar for både fastbuande, køyrande og syklande gartnarspirer. Avstanden til Kronborg Ressurshage er kort, og Førde Camping ville komme betre ut. Kva med å anlegge sykkelstiar som klyv opp på takflatene? Dette er gjort før, er slett ingen umulighet, og ville gi nye perspektiv.

Det er ikkje slik at ein må velge enten handelspark eller jordbruk, det går an å få til begge deler. Dei hengande hagane på Hafstad er innanfor rekkevidde. Brulandsvellene treng ikkje forseglast fullstendig med asfalt og takpapp, det er faktisk muleg å forvalte området annleis.

Samvirketanken er sterk, den må ikkje forsvinne, men stadig dyrkast vidare!

Bjørn-Are Vollstad
Arkitekt & kjartanistansk sakshandsamar

Førde – med fare for å gjere opp att dei same feila

Førde har som kjent ambisjonar som by, og erkjenner ha gjort sine feil opp gjennom åra. Det har kome løfte om at alt skal bli så mykje betre. Førde kommune har opp gjennom åra laga fleire sentrumsplanar om Førde, og har hyra inn dei beste planleggingskonsulentane i landet med fleire utgreiingar av ulike fagrapportar og planar for sentrumsutvikling og byutvikling.
Les meir…