Viser arkivet for stikkord dale

Framtidsfylket

Samfunnet vi lever i er eit resultat av politiske vedtak, ikkje naturlover eller noko anna «automatisk utvikling».
Eg bur på Lavikdalen i Høyanger kommune, vi har tre born som vi som foreldre i hovudsak vil oppdra til å bli gode framtidige samfunnsborgarar. I kraft av å vere foreldre, ser eg føre meg mange år med dugnadsinnsats i lokalsamfunnet vårt. For at vi skal trivast her vi er, og gjerne for at borna våre skal ha lyst å komme heim, slik vi gjorde.
Som lærar ved Hyllestad skule, er eg og med på å utdanne vår framtidige generasjon. Vi jobbar dagleg for å skape lokal forankring og sjå moglegheiter på heimplassen. Gjennom jobben ser eg at alle kan, berre omgjevnadane ser deg, og gjev deg spelerommet du treng. Det gjer ein i større grad i ei mindre elevgruppe enn i ei stor. Men alle kan óg falle av lasset, dersom ingen ser. Difor treng vi også dei små vidaregåande skulane!
I ein del av alt dette som vi skal sørge for, er det viktigaste for oss at borna våre vert sjølvstendige vaksne, er rusta til å ta gode val i livet og som kan takle dersom ting ikkje går på skinner. Det er ikkje like enkelt om ein sit langt vekke frå alle som kjenner deg, i alle fall ikkje om ein er 15 år og usikker på det meste. Då er det trass alt godt å vite både for eleven og foreldra at uansett så er kanskje ikkje mor og far lenger vekke enn ein telefon og ein times tid i bil. Det er tryggleiken vi treng for at vi kan bu her, på ein plass nesten ingen andre vil bu.
I klassen min frå Lavik skule, bur nesten alle 18 i Sogn og Fjordane. I klassen min frå Høyanger vgs bur også brorparten av oss 28 elevane i Framtidsfylket. For oss er det Sogn og Fjordane. Kvifor? Vi har vore ute, og komme heim. Etablert oss med heim, jobb og familie. Vi er sjukepleiarar, lærarar, sosionomar, ingeniørar, fagarbeidarar innan handel, helse, born og unge, industri og anlegg med meir. Alt fylket vårt ropar etter. Vi yter arbeidskraft og skatteinntekter, får born og held aktiviteten opp i små bygder rundt om. Men vi krev óg det som er viktig for oss tilbake. Barnehagar og skular står øvst på lista.
Det fylkespolitikarane no må innsjå er at samfunnsutviklinga viser at vi ikkje er stadbundne lenger. Det er ikkje lenger slik at «har vi først fått dei heim, så blir dei her». Er vi ikkje nøgde med det vi får att i forhold til det vi bidreg med, ja så flyttar vi berre til ein annan plass.
Politikk handlar om fordeling av økonomiske goder til fordel for eit samfunn som fleirtalet ønskjer. Nokre vedtak kan vere med å fremje lokal utvikling, medan andre kan verke motsett. Eg trur at vedtaket som no skal fattast, kan ramme hardare enn somme ser ut til å ville tru eller innsjå. Skal ein alltid tenkje økonomi og budsjett? Mange politikarar og byråkratar burde løfte hovudet opp frå budsjett og kalkylar, og lette blikket ut på menneska som bur her. Fungerer ikkje folket, fungerer heller ikkje økonomien.
Sjå føre dykk samfunnet som eit spel eller ein leik. Skulebruksplanen skal vedtakast, økonomien må kuttast, koste kva det koste vil. Dei som leier leiken no, er fylkespolitikarane. Alle er med og seier noko om korleis ein vil ha det, om kvifor vi har valt å bu her. Engasjementet er enormt. Ein prøver seie noko om kva som skjer dersom det spesielle og unike med annleisfylket vert rasert. Ein kjem ikkje heim att, for det gode som ein vil heim att til ikkje er som det var. Kva er vel vitsen med å leie ein leik ingen vil vere med på? Eller spele eit spel hovudbrikkene ikkje gidd delta i lenger.
Dette er ikkje ein leik eller eit spel. Det er framtida, og livet til folk. Folk ser seg om etter andre plassar å bruke ressursane sine. Misnøgde innbyggarar fører ingen stad hen, og så visst ikkje utvikling.
Då kan ein sitje der, med kalkylane sine og konstatere at folketalet gjekk ned, -som ein vedtok det skulle gjere. Ein kan i alle fall spare seg for kampanjar som «Kom heim» og «Framtidsfylket», og visjonere for alle moglegheitene ein har i «annleisfylket Sogn og Fjordane». Eller var det på eit anna budsjett…?

Eirin Borlaug
Mor/lærar/Høyanger Sp

HAFS treng fagutdanna arbeidstakarar innan bygg- og anleggsteknikk!

Bygg- og anleggsbransjen i HAFS ser på det som sjølvsagt at fylkeskommunen tek vare på og styrkar den einaste fylkeskommunale institusjonen vi har i heile HAFS-området, Dale v. g. skule. I modell 1 opprettheld ein skulen, men til fortviling i bransjen tek ein bort utdanningsprogrammet; bygg- og anleggsteknikk. Dette vil ikkje berre utarme Dale v. g. skule, men vere ei katastrofe for denne næringa i heile HAFS-regionen:

1.
Gode erfaringar med samarbeid med Dale v. g. skule i samband med utplassering, prosjekt til fordjuping, læreplassar. I tillegg vil vi få påpeike at vi og er mottakarar av elevar med fagvanskar/andre vanskar i forhold til praksisplassar/lærekandidatplassar som alternativ opplæringsarena.
2.
I Norge har bygg- og anleggsbransjen problem med rekruttering av arbeidskraft. I HAFS har vi rekruttert mange arbeidstakarar/ sjølvstendig næringsdrivande frå bygg- og anleggslinja ved
Dale v. g. skule. Erfaringane våre at dette vert stabil arbeidskraft ved at dei gjennom utdanninga ved den lokale skulen og samarbeidet med næringslivet får tilknyting til regionen. Vi ser ikkje korleis vi skal greie å rekruttere ungdom til denne næringa i regionen vår utan ei bygg- og anleggslinje ved
Dale v. g. skule. I regionen vår er det stor etterspurdnad etter tømrarar og lang ventetid for å få utført oppdrag.
3.
I Hordaland har dei vedteke å legge ned bygg- og anleggslinja ved Austrheim v. g. skule. Denne skulen vert nytta av elevar frå Solund og Gulen; Hordalandsavtalen. Det betyr at ved eit liknande vedtak for Dale v. g. skule vil det ikkje eksistere eit slikt tilbod mellom Knarvik og Førde. Dette forsterkar vanskane for bransjen vår ytterlegare.
4.
Bygg- og anleggsbransjen i HAFS ynskjer også i framtida å vere opplæringsbedrifter i tett samarbeid med Dale v. g. skule.
5.
Vi krev at Dale v. g. skule får behalde utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk for å ta vare på ei grunnleggande næring og ikkje minst hindre fråflytting frå regionen

Ryland Bygg, Hyllestad
Maritime Montering, Gaular
Bill Steinsvik, Askvoll
Øybygg as, Solund
Betong og Murarfirma Eivind Antonisen, Fjaler
Straumsnes Bygg, Fjaler
M.Leiknes, Askvoll
Tømrar Norodd Myklebust, Fjaler
Tømrar Gunnar Leirpoll, Fjaler
VVS Service Rune Berge, Fjaler
Byggeriet Mjømen og Berge Byggeverksemd, Gulen
Byggmester Nordnes, Fjaler
Vestbygg, Fjaler
Gravdalgruppa as, Førde
Mass Kjell Myklebust as, Fjaler

Ei lovande framtid for HAFS, eller?

Det er nesten ti år sidan vi gjekk ut frå Dale vidaregåande skule. I løpet av desse åra har vi budd i Sogndal og Bergen der vi begge har tatt høgare utdanning. Vi har vel alltid visst at vi ein gong skulle flytte heim, men at vi måtte kjempe for den vidaregåande skulen i bygda allereie eitt år etter at vi flytta heim til Dale hadde vi ikkje rekna med. For oss er det heilt sjølvsagt at ein region som HAFS skal ha ein vidaregåande skule. At andre ikkje ser dette har vi vanskeleg for å forstå.

Argumenta for å behalde Dale vidaregåande skule er mange. For oss har skulen hatt utruleg mykje å seie, ikkje berre fagleg. For det første hadde vi nok ikkje blitt kjærastar, sambuarar og foreldre som vi er i dag. Og det er heller ikkje sikkert at vi hadde budd i Dale slik vi gjer no. Når ein snakkar om vidaregåande skular må ein ikkje gløyme det sosiale aspektet. Dei venene ein får og det samhaldet ein har på vidaregåande er utruleg viktig, og held ofte livet ut. Slik har i alle fall vi opplevd det, og det veit vi at mange andre også har. Den dag i dag er vi den same venegjengen, og etter kvart som åra har gått har fleire og fleire av oss flytta tilbake til heimlege trakter. Og dette gjeld ikkje berre fjalerbuarar, men folk frå Askvoll, Hyllestad og Gaular for å nemne nokon.

Det er ikkje berre som askvolling og fjalerbuar at vi meiner Dale vidaregåande skule er ein viktig institusjon for nærområdet. Etter å ha blitt foreldre, som stadig vekk bekymrar oss over ting som omhandlar dottera vår, har argumenta blitt fleire. Vi er begge veldig takknemlege og glade for at vi kunne bu heime hos våre foreldre medan vi gjekk på vidaregåande. Dette gav ein tryggleik, samstundes som ein fekk ei viss oppfølging når det galdt skulearbeid. Dette meiner vi er viktig. Det er ikkje alle ungdommar som er klare for å flytte på hybel i ein alder av 16 år. Sjølvsagt er somme meir modne og skikka til livet på hybel, men dette gjeld nok ikkje alle. Difor meiner vi det er viktig at ein sjølv kan ta dette valet, at ein sjølv kan bestemme at ein framleis vil bu heime og gå på ein vidaregåande skule i nærområdet. Og som foreldre ynskjer vi at vi kan ta dette valet saman med dottera vår når den tid kjem, at vi har moglegheita til å velje Dale vidaregåande som er i heimbygda vår. At ho ikkje må pendle til Førde eller flytte på hybel ein annan stad i fylket.

Vidare synast vi det er viktig å behalde dei små skulane i fylket. Å gå på ein skule der alle kjenner alle, og der ein kan gå innom rektor sitt kontor for å slå av ein prat utan avtale, gjev eit samhald og ein tryggleik som vi synast er viktig. At lærarane kjenner kvar enkelt elev og veit korleis han eller ho har det, er med på å påverke skulekvardagen i ein positiv retning. Det er viktig å føle at ein vert tatt vare på, noko vi også opplever i dag. Når vi møter på tidlegare lærarar stoppar dei opp og høyrer korleis vi har det, og som regel er dei allereie oppdatert på kvar vi har vore og kva vi har studert. Det er sånn det skal vere, og slik vil vi at dottera vår skal ha det i framtida også.

Vi er i dag godt etablert i Dale med hus, familie og gode jobbar. Bygda og nærområdet er i utvikling, stadig fleire unge flyttar heim og vi ser lyst på framtida. Med Dalsfjordbrua rett rundt hjørnet, og eit næringsliv i vekst er det for oss heilt logisk at området også skal ha ein vidaregåande skule. I løpet av det året vi no har budd i Dale har vi ikkje angra på at vi flytta heim – nærområdet har gitt oss alt vi treng og slik håpar vi det også vil vere framover. Ikkje ta frå oss Dale vidaregåande skule!

Julie Vårdal Heggøy og Kim Frode Solheim

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar og kommentar til Breidablikk om at diskusjonen må gå på generell samfunnsutvikling,
frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.

FRAMTID I HAFS = DALE VGS

Med denne parolen samla 130 HAFS-ungdomar seg i Bergen for å protestere mot ei eventuell nedlegging av Dale VGS. Ungdomen er samstemte om at den vidaregåande skulen i HAFS er av avgjerande betydning både for kultur-, idretts- og næringsliv i HAFS, og for at dei i det heile teke skal vurdere å flytte heim til HAFS etter endt utdanning.

Det er galskap å legge ned skulen vår, seier ungdomen. Fjaler Høgre støttar dette utsagnet heilhjarta. Det er galskap å i det heile teke vurdere å legge ned den einaste vidaregåande skulen i HAFS, som gjere at store delar av HAFS-ungdomen kan bu heime i dei viktige ungdomsåra. Viktig for det lokale kultur-og idrettslivet, viktig for rekruttering av deltidshjelp og ein første kontakt med næringslivet i regionen, viktig for den enkelte elev, som kan velge å bu heime medan dei tek vidaregåande utdanning. Og ikkje minst viktig for å skape ei sterk tilhøyrigheit for ungdomen, noko som ungdomen sjølv vurderer som sentralt for at dei ønskjer å flytte heim att og stifte familie etter endt utdanning.

I dag kan dei fleste elevane i HAFS dagpendle til skulen. Dersom skulen forsvinn, vil det bli ca. 100 nye hybelbuarar som må bu ute av HAFS. Mange elevar kan greie seg bra på hybel, men kva med alle dei som treng motivasjon heimanfrå for å få gjort leksene og som treng dei faste rammene som heimen representerer ?

Dale VGS er ein skule som leverer både resultat og trivsel blant både elevar og lærarar. Eksamensresultata våren 2012 ligg heilt i fylkestoppen. I 2012 slutta det 8 elevar frå Askvoll, Hyllestad og Fjaler. 7 av desse er slutta ved andre skular i fylket, 1 ved Dale VGS.

Det er optimisme i HAFS-regionen. Fleire bedrifter som etterspør høgt utdanna arbeidskraft er i vekst, og stimulerer ungdomen til å flytte heim til nye, spennande arbeidsplassar. Dale VGS i seg sjølv er også viktig som rekrutteringsstad for høgt utdanna arbeidstakarar. Samfunnet har satsa store beløp på Lutelandet, som etterkvart venteleg vil bidra med fleire hundre nye spanande arbeidsplassar. Dalsfjordsambandet skal stå ferdig i desember 2013. Hovudmålsetjinga var og er å skape eit større felles bu- og arbeidsområde.

Alt i alt representerer desse investeringane eit stort potensiale for vekst i næringsliv og arbeidsplassar i HAFS, og eit stort behov for kompetent arbeidskraft. Men, som HAFS-ungdomen sjølv seier det; Kven vil busetje seg i HAFS, ta imot jobbtilbod i HAFS, dersom ein veit at ungane må vekk på skule når dei er 16 år ?

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes forsikrar oss om at ingenting er avgjort, ulike modellar skal konsekvensutgreiiast. Og legg til: «Det er viktig at grepa står seg for framtida». Fjaler Høgre slutter seg heilt til dette siste utsagnet, og håper at fylkespolitikarane er seg sitt ansvar bevisst når dei skal vurdere grep for skulestrukturen i fylket. At ein evner å tenke heilheitleg på samfunnsutviklinga i heile fylket, og kva det å ha minst ein vidaregåande skule i ein region er heilt avgjerande for at det skal vere noko von om utvikling i det heile teke. Minstekravet må vere at kvar region må ha minst ein videregåande skule. Dale VGS er skulen for heile HAFS-regionen. Eit grep som står seg for framtida for HAFS-regionen = Dale VGS!

Styret for Fjaler Høgre
v/Marita Solheim og Eivind Antonisen

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll