Viser arkivet for stikkord den

Hårek, Hårek kva har du gjort
når Firda har luka deg bort.
Er du og Gyda så dyre i drifta
at Firda til svarte Nemi må skifta

Ståle Sørbotten

… og her vart den liggande.
Denne gongen i ytre Nordfjord. Ikkje langs den mest traffikerte vegen i distriktet, men folk legg jo merke til eit beist med såpass dimensjonar. Har truleg falle av ein lastebil, og landa med slik velretta presisjon mellom trestammane ;) NB, + div hundre meter med godt dimensjonerte plastrøyr i vegaveiti.

Høgre, Brorskapen og Israel.

Høgrepolitikarar si forståing av Israels situasjon varierer mykje.

Høgremannen Kåre Willoch er sterkt kritisk til Israel, mens hans partifelle, Hallgrim Berg, syner stor forståing for same landet.

Den profilerte høgrepolitikaren Ine Marie Eriksen Søreide (IMES) sa til applaus frå salen i programmet “Debatten fra Litteraturhuset”, 3. mars 2011, m.a. dette om Den muslimske brorskapen: "… Det er en viktig bevegelse. Det er ikke en ekstrem, islamitisk bevegelse på noen måte, det er en relativt konservativ og moderat bevegelse i de fleste fasetter… ".

Uroa i området, m.a. i Egypt, er til bekymring for Israel som landet har ein fredsavtale med, ein avtale som i 1978 gav Egypts president, Anwar Sadat, Nobels fredspris, men som kosta han livet i 1981, drepen av Den muslimske brorskapen.

Vi kan ta med eitt uhyrleg sitat til, denne gongen frå no avsett president Mohamed Mursi på TV i 2010. Som talsmann for Brorskapen får seg til å seie om Israel og jødane: “Anten gjev du sionistane alt dei ønskjer seg, elles så vert det krig. Det er dette desse okkupantane av landet Palestina forstår, – desse blodsugarane som angrip palestinarane, – desse krigshissarane, etterkomarar etter aper og svin.”

Israel kjenner til Brorskapen si ideologiske programerklæring, formulert før IMES sin tale: “Allah er vårt mål. Profeten er vår leiar. Koranen er vår lov. Jihad er vår veg. Å døy for Allahs sak er vårt høgaste ønskje.” Ikkje særleg “konservativ” og “moderat”…. .

Høyre er vel også eit “konservativt” og “moderat” parti, men tyder desse to orda noko anna når IMES karakteriserer Brorskapen? Då vert det vel kalla dobbeltmoral?

“Ja” til Hallgrim Berg, “nei” til dei to andre, – meiner no eg!

Ragnar Bull.

Den verste straffa

Anders Behring Breivik er strafferettsleg utilrekneleg og blir truleg dømd til eit liv i ein psykiatrisk institusjon. Det kjennest umiddelbart opprørande for mange av oss at ikkje ein terrorist og massemordar skal få si straff i fengsel. Og sjølv blei han fornærma av rettspsykiatarane sin diagnose blir det meldt.
Kvifor blir han fornærma? Og kvifor blir vi opprørte?
Fordi dette rører ved noko heilt grunnleggande i oss. Å bli diagnostisert og sjukleggjord, bli gjort til alvorleg sinnslidande, er å misse si mest grunnleggande menneskelege verdigheit: ansvaret for eigne handlingar, evna til å gjere eigne, sjølvstendige val. Breivik lever i sitt eige sjuke univers, og dette universet styrer hans handlingar. Han kan ikkje gjere eigne val, difor kan han heller ikkje straffast.
Men han gjorde altså det viktige valet – og dermed var det kanskje nokon som berga livet – at han overgav seg då politiet kom. Var dette også styrt av lovene i hans univers, eller hadde han i dette tilfellet eit val? Rettspsykiaterane meiner tydelegvis det første – men korleis kan dei vite det, dei var der jo ikkje. Er Breiviks sjuklege tilstand heilt utan innslag av normalitet?
Ville Quisling, viss han levde idag, blitt gjort til pasient?
Spørsmåla er ubehagelege, men vi kan ikkje la dei ligge: Har vi gått for langt i å fråta menneske ansvaret for eigne handlingar?
Eller er dette ein heilt nødvendig del av den langvarige og i sanning nødvendige prosessen det er å gjere mennesket litt meir sivilisert?
Men det paradoksale opp i det heile, er at vi som meiner at Anders Behring Breivik burde råtne i fengsel resten av livet – og det bokstaveleg talt – vi står truleg for den mildaste straffereaksjonen.
Den hardaste og verste straffa – det tyder også Breiviks sin reaksjon på – den er truleg retten, evna til
å vere eit menneske med ansvar for eigne handlingar. Til straff for det han gjorde, skal han behandlast bokstaveleg talt til døde.

Den tredje vegen

Dei beste løysingane er korkje raude eller blå, men grøne.

Den lange valkampen er for lengst i gong. Mest sannsynleg sit mange i fylket no med eit inntrykk av at dei til hausten må velje mellom Jens og Jensen, eller mellom Heggø og Starheim. Dette er ikkje så rart.

Arbeidarpartiet har nemleg for lengst plukka ut sin favorittmotstandar – Framstegspartiet – og media heng seg på denne karikerte framstillinga av ein todelt politisk røyndom. Heldigvis for veljarane samsvarar ikkje dette biletet med realitetane.

Der finst nemleg ein løyndom korkje Frp eller Ap ynskjer å avsløre: Dei to partia er faktisk ikkje så ulike som dei likar å framstille seg. Båe to er ekspertar på statlege, sentraliserte normalløysingar som vert tredd nedover hovudet på borgarar og lokaldemokrati. Båe to står for ein menneskevond og folkerettsstridig asylpolitikk. Og ikkje minst: Båe to er totalt uinteresserte i miljø- og klimapolitikk. Lista kunne gjerast mykje lenger. For dei av oss som er levande opptekne av lokaldemokrati, ein human asylpolitikk og ein berekraftig miljø- og klimapolitikk kan valet til hausten såleis synast som eit val mellom influensa og svineinfluensa.

Det er det ikkje. Der finst nemleg eit anna alternativ: Den tredje vegen. Venstre trur korkje på sosialisme eller høgrepopulisme, og er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering – anten dei heiter SV eller Frp. Venstre er eit liberalt parti, som kjempar for at alle skal kunne leve liva sine slik dei vil, med mindre det går ut over andre sin fridom. Difor er vi motstandarar av venstresida si einsretting, der borgarane berre får tilbod om normerte, statlege løysingar som mange ikkje passar inn i. Og difor er vi like sterke motstandarar av høgresida sine trangsynte verdiar som gjer politikk av mellom anna religion og seksuell legning. Liberalarar meiner at gudstru og kjærleik er ein privatsak, og vi trur på lokale og differensierte velferdsløysingar. Vi lever ulike liv – heldigvis.

Å vere liberal handlar om å kjempe for fridom for alle – ikkje berre for LO-medlemmar (Ap og SV), bønder (Senterpartiet), heterofile fråhaldsfolk (Kristeleg folkeparti), kvite menn i dress (Høgre) eller kvite menn i grilldress (Frp). Å vere liberal handlar om å drive politikk fri frå særinteresser, og å gå for politiske løysingar fordi dei er riktige for samfunnet og den einskilde, ikkje fordi dei gjev mest mogleg pengar i valkampkassa.

Dette er grunnen til at vi i Unge Venstre no lanserer kampanjen «Den tredje vegen», der vi fram mot valet vil nytte heimesida http://tredjevei.no til å peike på kvifor både Jens og Jensen tek like feil, og kva alternative løysingar du i staden kan få ved å gje ei røyst til eit liberalt sentrumsalternativ. Norsk politikk er ikkje berre raudbrun og blåbrun – den er også grøn.

Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Unge Venstre