Viser arkivet for stikkord deponi

Ta minerala på Engebø i bruk no!

Ingen skal påstå at det er lett å starte næringsaktivitet i Sogn og Fjordane. Ikkje ein gong aktivitet som er tufta på noko vi har svært mykje av, stein.

Men etter åtte år med fram- og tilbakemanøvrar, utgreiingar og analysar, er tida no inne for regjeringa å gje startsignal for det store og viktige mineralprosjektet på Engebø i Naustdal. Etter at bl.a. Det Norske Veritas (DNV), Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet har kome med sine analysar og rapportar, viser det seg at det kun er usikkerheita kring djupvassartane skolest, blålanga, pigghå og spisskate som står att. Faren for at desse må finne seg andre område å leve på i fjorden er til stades. Men i følgje Havforskingsinstituttet (HI) sin eigen konsekvensrapport av 2008, heiter det m.a.:

“Verdien av fiskebestandene i Førdefjorden er vanskelig å vurdere. Prøvefisket har ikke dokumentert kommersielt interessante forekomster av fisk i dypbassenget i særlig grad, men fiskebestandene har sannsynligvis en viss rekreasjonsverdi for fritids‐ og sportsfiske og en kommersiell verdi for området gjennom et eventuelt turistfiske. Rødlisteartene pigghå, blålange og vanlig uer som ble tatt underprøvefiske hører til, og blir sannsynligvis rekruttert fra bestander i tilgrensende, større havområder og det drives fremdeles et kommersielt fiske i disse områdene. Forekomsten av disse artene i Førdefjorden er på ingen måte unik, man vil finne disse i flere av nabofjordene, og har en marginal betydning i forhold til resten av bestandene."

Som ein skjønar er ikkje desse artane unike i Førdefjorden, meiner HI. Og for eigen del kan eg seie at det vil vere noko råflott å la vere å etablere fleire hundre arbeidsplassar over 50 år på grunn av rekreasjonsfiskeri.

Når det gjeld Miljødirektoratet sine vurderingar, fortel dei at det ikkje er spreiingsfare i samband med deponi av restmassar. Dette har blitt påstått av mange, ja, nokre har til og med snakka om spreiing frå Førde til Alden. Denne absurde skremselspropagandaen har direktoratet avvist. I tillegg har det kome godt fram at påstandane om giftutslepp ikkje er reelt. Det Magnaflocnummeret ein skal bruke som bindemiddel på fjordbotnen er altså ufarleg. Det er likevel godt eigna som skremselspropaganda. Bruk av kjemikaliar vekkjer alltid uro, sjølv om det blir brukt over heile verda til vassreinsing og anna.

Sett i høve til samfunnsverdien av mineralprosjektet på Engebø, kan eg ikkje skjøne anna enn at statsråd Jan Tore Sanner må gå for dette enormt viktige prosjektet for regionen, fylket og nasjonen. Auka bruk av minerala våre her i landet er jo noko som har vore prioritert og fått stor merksemd, ikkje minst gjennom ei eiga mineralmelding. Dersom dette prosjektet får nei frå regjeringa, blir det vanskeleg å seie ja til noko anna mineralprosjekt. Engebø er av dei mest samfunns- og bedriftsøkonomisk lønsame mineralprosjekta i landet, og eit prosjekt som vil ha enormt mykje å seie for distriktet vårt. Ikkje minst i høve til leverandørutvikling og innovasjon knytt til utvinning og deponi. Her ligg det grunnlag for så vel forsking som vidareforedling. I tillegg kjem det at titan er eit svært etterspurt produkt på verdsmarknaden, ikkje minst innan medisin.

Når det gjeld viktigheita av dette prosjektet for distriktet vårt, blir dette godt dokumentert gjennom SINTEF-rapporten som Sunnfjord Næringsutvikling AS tinga for ei tid tilbake. Her heiter det m.a.:
“De samfunnsmessige virkningene utover selve inntjeningen på anlegget genereres i første omgang gjennom innkjøpene fra næringslivet for øvrig og lønn, dvs. driftskostnadene. Dette kommer til uttrykk ved lønnsinntekter pluss skatt og avgifter som tilfaller alle de 170 sysselsatte, samt salg av varer og tjenester fra ulike underleverandører til anlegget.(…) Dette innebærer at anlegget alt i alt vil bidra med mellom 530 og 570 mill. NOK pr. år i samfunnsmessig verdiskaping i Engebøfjellregionen.”

Eg har lenge visst at det kan vere vanskeleg å starte nærings- og industriutvikling i dette landet. Denne saka har versert i snart ti år i det norske byråkratiet og fleire titals millionar er brukt av Nordic Mining. Etter kvart som prosjektet har skrede fram står ein der at det kan vere negativ påverknad for fire marine artar som er hovudproblemet, men at også dette er usikkert. Dei andre utfordringane er så og seia lukka, eller kan følgjast opp via miljøovervaking/krav til selskapet i utsleppsløyve/løye etter minerallova.
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

NIVA motseier seg sjølve

Hevdar partikkelskadar var «svært begrenset», endå 30% av fisken døydde

Min kronikk «Feil bruk av forsking» vart 14. august publisert i Bergens Tidende. Der hevda eg at rappportar om fjorddeponering av gruveavfall inneheld feil og undervurderer skadeverknader frå sevepartiklar på livet i sjøen. NIVA v/Trine Dale med fleire svarar i BT 10. september under tittelen «Tvilsom kritikk av forskningsrapporter» og i Firda 16. september under tittelen «Tvilsam rapportkritikk», men utan å tilbakevise kritikken min.

Min kritikk i kronikken pluss enkelte tilleggspunkt går kort ut på at (1) ein vitskapleg artikkel (Au et al. 2004) med vesentlege manglar er i ein rapport referert ukritisk, sjølvmotseiande og med undervurdering av skadeverknader på fisk, at (2) ein artikkel nummer to (Smit et al. 2008) er tolka feil, og at (3) NIVA er involvert i minst tre rapportar, som alle undervurderer skadeverknader. Resten av dette innlegget er ei grunngjeving for dette.

Feil på eit sentralt punkt i ein NIVA-rapport
Au et al. 2004 er refererte i NIVA-rapporten Risiko for skaderpå fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar – NIVA LNR 5689-2008. Eg har kritisert måten denne artikkelen er brukt på i rapporten, medan NIVA hevdar det er feil å kritisere denne vesle delen. Det er eg usamd i, for artikkelen omhandlar relevante konsentrasjonar for svevepartiklar i sjø og NIVA argumenterer her for ein grenseverdi på 50 mg/l.

Resultat frå artikkelen er i rapporten omtala i tabell 3 (døying over 20% m.m.) og i teksten med to setningar, derav denne: «Hos green grouper ble det observert gjelleskader allerede ved 50 mg/L men disse var svært begrenset».

Eg ville heller ha referert artikkelen slik i teksten: «I et forsøk hvor green grouper ble eksponert i seks uker for 30-35 mg/l døde 30% av fiskene (tabell 3). Bare overlevende fisk ble undersøkt, noe som er en stor svakhet ved forsøket, og disse fikk påvist gjelleskader. 30-35 mg/l var den laveste av flere konsentrasjoner som ble testet i forsøket».

Som lesarane no kan sjå, så fortel ikkje NIVA-rapporten at berre overlevande fisk vart undersøkte, noko som er kritikkverdig. Det er som å konkludere om faren ved ein influensaepidemi ved å undersøke berre dei overlevande. Omtalen «svært begrenset» er tolking, sjølv om NIVA i Firda hevdar det motsette, og den er feil. Samanlikning av dei to tekstane syner at alt av feil, feilvurdering og manglande opplysingar dreg i ein og same retning, nemleg mot undervurdering av skadeverknader. Og når omtalen «svært begrenset» vert sett i samanheng med 30% døying framstår rapporten som sjølvmotseiande. Eg har ikkje hevda at rapporten konkluderer.

Generell grenseverdi i ny NIVA-rapport
Konklusjonen kjem i ein seinare NIVA-rapport, Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden – NIVA, LNR 5875-2009. Sitat: «Marine organismer har ganske høy toleranse for partikler og nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe. Finstoff som iblant blir transportert utenfor Svanøyterskelen vil være i konsentrasjon på høyst noen få mg/l».

Rapporten manglar grunngjeving og referansar for påstandane i første setninga. Kort sagt, den første rapporten argumenterer for ein grenseverdi på 50 mg/l for fisk, men utan konklusjon, og den andre konkluderer med ein generell verdi for marine organismar, men utan grunngjeving og referansar. Dette er uryddig, og ein så høg grenseverdi som 50 mg/l er uttrykk for ei undervurdering av skadeverknader.

Generell grenseverdi i rapport frå Miljødirektoratet
NIVA meiner at ein ikkje har brukt ein slik generell grenseverdi, men om det framleis skulle vere tvil, så finst det ein rapport til, nemleg Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov – Miljødirektoratet, TA 2715-2010. Sitat: ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l”. Dette er feil bruk av ein vitskapleg artikkel (Smit et al. 2008), der resultata tyder på ein verdi under 5 mg/l. NIVA forklarar i Firda at sitatet står i eit kapittel om forskingsbehov. Endrar det på innhaldet?

Redaktør for rapporten var Jens Skei, ein deponiforkjempar ved NIVA. Så dette er kanskje ei gullgruve for habilitetsgranskarar. NIVA skriv i Firda at rapporten er førd i pennen av forfattarar også ved Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet, men opplyser ikkje det dei burde vite, at det var usemje om innhaldet.

Sitatet frå rapport nummer to syner ei viss risikovurdering, men med for høg grenseverdi. Det er nemnt få mg/l i sjøen ved Svanøyterskelen, som er fleire kilometer frå Engebø. Få mg/l er i det same konsentrasjonsområdet (under 5 mg/l) som artikkelen frå Smit et al. 2004 kan peike mot.

Partikkeltypar
Referansane som er brukte for å grunngje ein grenseverdi på 50 mg/l omhandlar stort sett naturlege partiklar, medan det i Engebøprosjektet dreiar seg om industriskapte partiklar. NIVA omtalar desse i Firda som «uforurenset partikkelutslipp fra gruvevirksomhet». Meiner NIVA at kjemikaliar nytta i prosessen ikkje festar seg til partiklar som vert slepte ut?

Dr. philos. og universitetslektor Agnar Kvellestad
NMBU – Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (Veterinærhøgskolen)

SV og Førdefjorden

Solhjell og leiinga i SV feira i helga vedtaket om mellombels utsetting av sjødeponi-saka i Naustdal. Men kva var det eigentleg som skjedde? Jo, det var dei faglige råda som gjekk i gjennom og fikk styre, mens SV tek vedtaket til inntekt for si miljøsatsing. Offentleggjeringa av vedtaket var godt tima av SVs politiske rådgjevarar til same helga som SVs landsmøte og Naturvernforbudet i Sogn og Fjordanes årsmøte. Sett slik flaks, eller kanskje ikkje.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane stør sjølvsagt SV i denne saka. Mottoet for valkampen vår i Sogn og Fjordane er nettopp «Reine Fjorder!» MDG vil aldri godta sjødeponi i Vevring og vil være garantist for at kommersielle interesser ikkje skal få presse igjennom sine planar i strid med faglege råd og miljøomsyn. Hovuddelen av kritikken må rettast mot Arbeiderpartiet og Høgre som i denne saka er inkonsekvente og dansar etter næringslivets pipe.

Samstundes er det viktig at SV viser at dei kan føre ein heilskapleg miljøpolitikk utover symbolsakane. Det står att med lite truverde i klimasaka etter å ha gjeve sin støtte til rekordhøge investeringar på over 300 mrd. i olje- og gass-sektoren i statsbudsjettet. Kvifor sitt Audun Lysebakken som partileiar i Helse- og Omsorgskomiteen viss miljø- og klimasaka er den viktigaste for SV? Og kvifor skal det være slik at miljø- og klimasaka skal dominerast av anten SV-sosialistar eller Venstre-liberalister?

Noreg treng eit blokkuavhengig miljøparti som ikkje binder seg til ein storebror slik SV og Venstre gjer. Eit parti som alltid vil ha miljø- og klimasaka høgst på agendaen både i valkamp og budsjettforhandlingar. Eit parti som byggjer politikken på forsking og empiri meir enn ideologi. Det partiet er Miljøpartiet Dei Grøne.

Litt skal vi tåle – men kor mykje tåler fjorden?

Det har vore ein jamn straum i det siste – av personar som har argumentert for gruvedrift i Vevring. Først var det Bodil Kidøy Lunde i Førde høgre som sa at dette må vi satse på – berre det ikkje går ut over miljøet ”Men det skal sjølvsagt gå utover miljøet. Vi må stole på fagfolka…” ”Skjer det noko uventa, kan anlegget stoppast og tiltak setjast inn, seier Kidøy, som meiner det ikkje vil vere noko fare for miljøet” (Firda 02.02.) Ho vil høyre på fagfolka frå NIVA som er engasjert av Nordic Mining, men kvifor ikkje fagfolka frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet som åtvarar sterkt mot prosjektet? Og korleis vil Kidøy Lunde sleppe 20 tonn slam pr minutt i fjorden utan at det skal gå utover miljøet?

14.02.(Firda) frontar Aps fylkesleiar Støyva gruvedrifta ”..og seier m.a. at Norge skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken” Dei fleste land har forbod mot sjødeponi. Og om vi skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken – då skyt vi ikkje ned eit fjell og slepp kring 95 % av det i fjorden – då plasserar vi oss i den andre enden av skalaen i lag Papua Nu Guinea og eit par land til som har sjødeponi. PNG vurderer faktisk no å slutte med sjødeponi. Så vi stiller oss bakerst og ikkje fremst i miljøarbeidet på dette feltet. 99,6% av alle gruver i verda slepp ikkje gruveslam sjøen i følgje FNs maritime organisasjon (IMO) i rapport frå november 2012

Så kjem Lødemel på bana (Firda nett 25.02)som beklagar at Nordic Mining må leve i uvisse så lenge – og at det er heilt uhaldbart. Har har vore i Vevring i snakka med folket der om den uvissa dei lever i? Han vil gje prosjektet 10 års prøvetid – Er det det Lødemel meiner er forutsigbarhet næringspolitikk? Og kor ille skal det sjå ut om Høgre vil stoppe dette. Skal vi ha 10 år til med ny uvisse? Og kva sit ein då att med når lyset er slått av og mykje av fjorden er øydelagd. Lødemel sa i september at han måtte ha meir fakta om gruvesaka før han kunne ta stilling – no har han bestemt seg – kva ny informasjon har han fått – kva er det han veit som KLIF ikkje veit, som ber om nye utgreiingar. KLIF er inga miljørørsle – i følge tidlegare oppslag så har alle som har søkt KLIF om utsleppsløyve siste 6 åra fått ja – om lag 360 søknader – no ber KLIF om meir kunnskap!

Så kjem Nordic Mining sjefen Ivar Fossum på bana, og dei 170 arbeidsplassane med omkringliggande verknader som det før var snakka om, er no stege til 1000! Ikkje rart at han aukar i bodrunda – selskapet måtte nyleg få tilført ny kapital. Om eg ikkje ikkje hugsar feil – så mangla ein 900 industriarbeidarar i Trivselsfylket – så såleis skulle vel vi tåle 1000 til.

Dernest ivrar Wiggo Leikanker frå Naustdal på årsmøtet i Sogn og Fjordane SP for månelandskap i Førdefjorden(Firda nett 02.03.) Han meiner at når Førde hatt fått månelandskap – så bør Naustdal også få det. Han meiner kyrne på Brulandsvellene produserte fleire tonn mjølk – enn tonn produksjon av fisk der deponiet skal kome. Spørsmålet er om ein berre skal sjå på der deponiet er tenkt plassert – eller der småstøvet og giftstoffa faktisk kan spreie seg. Han viser vidare til at for sjøen sin del – så er det i hovedsak snakk om rekreasjonsområdet. Fiskerinæringa i Førdefjorden er skepiske til gruveprosjektet – ei næring som i 2010 hadde ei omsetning på 284,5 millionar – så då talar vi vel om meir enn rekreasjon. Spredningsfaren for dei minste partiklane er ein svært usikker på – ei dagros på rømmen er råd å fange innatt – småpartiklar i fri flyt i fjorden kan det bli verre å få kontroll på.

Så melder Liv Signe seg på i bodrunda og meiner at vi må tåle inngrep(nrk.sf. 05.03) – det sa partifellene hennar også då vi protesterte mot monstermastene. Vi såg korleis det gjekk.

Dei fleste viser til overvakingsprogram, at utsleppa vert overvaka – og såleis ikkje noko å uroe seg over. Overvakinga er ikkje noko verktøy for å ivareta miljøet i fjorden.
Spørsmålet vert kva konsekvens ein tek av den informasjonen som denne overvakinga gjev. Og når ein ikkje vil ta åtvaringane på alvor på førehand – om den kunnskapen ein har – og all uvissa som er knytt til prosjektet – så spørst det kva ein vil og kan gjere med informasjonen ein får når produksjonen er i gang og investeringane er gjort.

Vi har nok av eksempel i dag på miljøutfordringar som krev endringar av oss – vi har såleis rikeleg å rydde opp i – om vi ikkje skal starte opp endå eit utsleppsprosjekt. Jaudå Liv Signe – litt skal vi tåle – men kor mykje fjorden tåler, er det meir uvisse om.

Vi treng ny industri og arbeidsplassar som spelar meir på lag med naturen enn dette prosjektet gjer. Engebøfjellet inneheld verdiar – men er verdiane så store som det vert påstått – så finst det nok bedre metode i framtida enn dette. Verdiane ligg i Engebøfjellet – ikkje i aksjepostane til Nordic Mining.

Myrvangs deponidraum.

Ordførar Håkon Myrvangs store prosjekt er å få til gruvedrift og fjordeponi i Vevring. Utifrå innlegget i Firda 01.09.11.er det omtrent ikkje grenser for kor mykje positivt dette prosjektet vil føre med seg.

Han seier at han forstår motstanden til prosjektet, men at ein må ha tillitt til forurensingsmyndet(KLIF). Ikkje rart at Myrvang har tillit til dei. I perioden 2006 – 2010 mottok KLIF 344 søknadar om utsleppsløyve, og KLIF gav løyve til alle! Det er ikkje til å undre seg at Myrvang viser dei tillitt!

Seksjonsleiar Harald Sørby i KLIF forklarar tala med at “vi har så god dialog med søkarane at dersom det ikkje er aktuelt å gje løyve, så vert det ikkje søkt.” Då er det vel grunn til å tru – sidan søknaden er sendt frå Nordic Mining , så er godkjenning allereie gjeven for deponiet. Handsaming og avgjerd vert altså gjort i tett dialog med tiltakshavar og løyve vert gjeve før søknad vert sendt. Ja dette er det god grunn å ha tillit til. Det er vel ikkje slik offentleg forvaltning skal gjennomførast! Eit forvaltningsmynde kan då ikkje handsame ein søknad før den er skriven ferdig! Det gjer jo at høyringsfråsegner og innspel frå andre partar ikkje vert vurdert seriøst, sidan avgjerd allereie er gjort når søknad vert levert.

Vidare trekkjer Myrvang fram miljøovervakingsprogram, det kan jo høyrest bra ut. Men det programmet i sanning handlar om er at fjord og fjell skal øydast i tråd med vedteken plan! Ja så langt planane rekke då…

Det Myrvang ramsar opp går tapt om det ikkje vert gruvedrift er nesten ikkje til å tru. Det er lokalt ressursen er – det er ikkje Nordic Mining(NM) som er ressursen. Ein er ikkje avhengig av NM for å gjere seg nytte av ressursen i Engebø, slik Myrvang framstiller det. Det er NM som er avhengig av Engebøfjellet for å gjennomføre draumeprosjektet sitt. Ein har hatt alle kort på hand lokalt til å kunne fått til ei heilt anna langsiktig tenking, som kunne vore viktig for regionen i eit heilt anna tidsperspektiv enn 50 år. I staden rullar ein ut den raude løparen til eit prosjekt så er så lite langsiktig og så langt frå å vere berekraftig som det er råd å kome. Eit ressurs som har vore der ” frå tidenes morning” skal brukast opp på 50 år!

Å påstå at om ein ikkje får til dette – vil gå glipp av nye og miljøvenleg prosessar er i beste fall tøv. Det er nettopp ved å sei nei til dette prosjektet og krevje bedre løysingar ein vil tvinge fram løysingar som i alle høve tek litt omsyn til miljøet, og ikkje berre omtalar miljøet i festtaler.

Å høyre Håkon Myrvang argumentere for prosjektet er som å høyre ekkoet frå direktør Ivar Fossum i Nordic Mining og Jens Skei i NIVA. Som forvaltarar av lokale ressursar kan ein ikkje vere ekko av utbyggar! Ein må gjere vedtak som er tufta berekraftige løysingar som har det langsiktige perspektivet i seg. Då kan også framtidige generasjonar leve av naturressursane. Kortsiktig vinning gjev langsiktige tap! Ein risikerer ikkje ein av landets reinaste og mest artsrike fjordar på eit halvferdig forsøksprosjekt!

Lunde, Engebø og Frammover.

John Helge Lunde går i Firda 6. mai til angrep på Førdepolitikarane som går imot gruvedrift i Engebøfjellet og dumping av masse i Førdefjorden. Full støtte til politikarane, men eg er noko undrande til argumentasjonen frå Lunde.

Han viser til arbeidet i Førde Framover som har hatt mykje fokus på identitet og trivsel med miljø som ein viktig moment. Men at det ikkje går på å verne alt rundt oss, medrekna ein fjord som vi knapt ser! Lunde er oppteken av trivsel i Førde, har han tenkt kva auka trivsel gruveprosjektet vil skape for dei fleste som bur i Vevring? Trur han at gruvedrifta slik den no er planlagt vil auke identiteten til bygda? Og uvissa kring deponiet i fjorden er stort – har han tenkt at det kan gjere noko for trivselen? Om Lunde knapt ser fjorden – som han uttaler det – , så kan han då ikkje vere likegyldig til miljøet i fjorden. Ein må då kunne sjå og ta omsyn lenger enn nasa rekk!

Vidare bagatelliserer han utfylling av stein(støv)massar i fjorden, fordi stein og grus elles fylles naturleg ned i fjorden. Har han kanskje same syn på nytt kloakkrenseanlegg i Førde? Er det ikkje så nøye, sidan fisken drit i fjorden må vel fjorden tåle litt ekstra skit frå land?

Han viser fleire gonger til sitt arbeid i Førde frammover, det han presenterer her er etter mi vurdering ikkje mykje ”framovertenking”. Viss ein skal satse på gruvedrift i regionen så må ein satse langsiktig og berekraftig, i samspel med miljøet. Og ikkje slik som dette prosjektet, som er prega av kortsiktig tenking med kjapp gevinst og store naturøydingar. Kva skal neste generasjon satse på når fjellet er tømt og fjorden er tilslamma? Gjennvinning?

Det har vore ein del debatt i det siste om kommunane burde få bedre betalt, og det er eit reelt spørsmål. Men er det råd å måle alt i pengar, er det råd å setje ein prislapp på fjord og fjell? Og fjorden skal faktisk utbyggar bruke utan ei krone i vederlag! Denne har vore ein avgjerande livsnerve for alt liv langs fjorden, er det råd å sei ja til eit slikt prosjekt. I tillegg til det ein veit av inngrep, så rår det stor uvisse om konsekvensane. Verken administrasjon eller politikarar treng prøve å gøyme seg bak at det er grundig utgreidd. Ein kan ikkje måle kunnskap i papirmengde, men i fakta.

I handsaminga i Teknisk utval i Askvoll vart det sagt (Firda 30.04) ”Det er ingen som no kan svare på korleis eit deponi vil påverke.” Likavel går utvalet samrøystes inn for prosjektet. Vidare vert det sagt i møtet at ”Vi føreset at krava vert følgde.” I nyhendebrev frå Klif www.klif.no 02.05.11. står det ”Nær seks av ti virksomheter bryter forurensingsregelverket.” Saka var heller ikkje før møtet vore handsama i partigruppene, sjølv om utvalet er samde om dette er kanskje den største saka for området på fleire generasjonar! Er det dette Håkon Myrvang har i tankane når han uttalar at saka er grundig handsama?

Førde bystyre sitt nei til fjorddeponi er å sjå frammover! Kva med også eit nei frå kommunestyra i Askvoll og Naustdal? Eit nei til dette prosjektet er eit ja til å tenke frammover.

Lunde seier ”Vi må stikke fingeren i jorda og ikkje hove i sanden.” Eit meir passande uttrykk i sådan stund kunne vel neppe Lunde ha funne, Eg må berre berre sei meg samd, om enn litt bearbeidd; Bedre med fingeren i jorda, enn hove sand og slam!

Alternativt entreprenørskap eller ny Terra-kommune?

Hausten nærmar seg. Det betyr valkamp i heile Norges land, det betyr også at kommunestyret i Naustdal skal ta avgjerd over om dei vil gå inn for rutilutvinning i Engebøfjellet i Vevring.

Vi i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe kjempar , med støtte mellom anna frå nasjonale organisasjonar som Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet, imot dette prosjektet. Vi meiner at Førdefjorden og lokalsamfunna kring blir øydelagt og ofra på bekostning av eit risikofylt bergverksprosjekt drive framt av gruveselskapet Nordic Mining, etablert for mindre enn 3 år sidan, temmeleg nytt altså.
Å utvinne mineral kan være innovativt.
Men vi meiner, at det absolutt ikkje er innovativt å etablere gruvedrift etter gammaldagse prinsipp, som både inneber ope dagbrot og dumping av heile 96-97% av restmassen i ein nasjonal laksefjord.
Selskapet viser i så fall ingen respekt for miljø og lokalsamfunn. Men respekt og ansvar, vert i alle høve venta frå dei folkevalde i kommunen ein tilhøyrer.
Regjering og Storting si avgjerd om vern for å ta vare på villaksen, andre truga arter og det i verdssamanheng unike fjordlandskapet blir trakka på. Lokalbefolkninga som for lengst har begynt å sjå og utvikle potensialet som finst i naturområdet som dels også har vernestatus, blir ignorert.

Folk i Vevring krins er i den grad klar for vidareutvikling, nyutvikling og innovasjon. Med tanke på det, søkte Vevring grendalag for 3 år sida om å komme med på bygdeutviklingsprogrammet.
Dåverande ordførar Jan Herstad ynskte ideen velkommen og støtta oss i prosessen. Og vi blei med! Bygdefolk var både stolte og ivrige etter å sette dei mange planer og visjonar ut i livet. Sidan har kultur- og fritidsmiljøet fått fleire attraksjonar som gjer bygda enda meir attraktiv for tilflytting, i tillegg til eit gjennom 30 år etablert kunstmiljø.
Det viste seg ikkje uventa å vere ufattelig mange spennande idear, innsats og pågangsmot i Vevring- krinsen. Og det blei berre starten. Sida har fleire bærekraftige prosjekt modnast og ventar på å kunne bli realisert. Her finst både kreativitet, vilje og evne til fornying og alt som trengs for å skape ei bærekraftig utvikling.

Den omsøkte bergverksdrifta derimot skaper arbeidsplassar stort sett for utlendingar, eksporterer verdiane ut av fylket og landet og øydelegg for ei rekke etablerte næringsverksemder t.d dei som er knytt til fjord og lakseelvar.
Bergverksindustri med ope dagbrot, sjø- og landdeponi er rett og slett ei valdtekt som hindrar vår allereie planlagde alternative utvikling – slett ikkje det geniale og innovative vi har venta på!

Det er ingen kreativitet bak at halvparten av sambygdingar og venner kjenner seg tvinga til å flytte, at ei levende kulturbygd vert kvalt , at turistane allereie no er skeptiske, at dagsaktuell miljøvennlig og økologisk utvikling ikkje kan marknadsførast, at mange som vi veit planlegg å flytte hit, ikkje kjem viss rutilindustrien kjem … Medan vi som bur her har måtta lære oss å tåle stå stille og legge alle slag planer i safen. Med et slikt gigantprosjekt hengande over oss har mange sjølvsagt ikkje våga å sette sine intensjonar ut i livet.
I årevis har denne saka sådd tvil og usikkerhet. Vi har måtta seie til kvarandre: nei vent med å investere, vent med å bygge. Ikkje berre ein gong har muligheiter dermed gått ut på dato . Snakk om langpining og oppskrift på å omskape entusiasme og pågangsvilje til Sunnfjordsk tregskap.

Vi lurer på kva tankar Naustdal kommune og dåverande ordførar hadde, når dei støtta grendalaget i bygdeutviklingsprosessen, medan han samtidig støtta bergverksplaner tufta på gammaldagse prinsipp, etablert av eit Osloselskap utan særlege referansar på verken prosjekt eller truverd. Nordic Mining brukar mange rosenraude ord og spår både pengar og arbeidsplassar. Men med for mange lovnadar til forholdsvis økonomisvake kommuner ligger faktisk assosiasjonar til Terraselselskapet ikkje langt unna.
Ein kan spørje seg kva reaksjonar Terra-kommunane hadde hatt, dersom nye dressgutar med spekulative idear utan røter i regionen, hadde dukka opp og framstilt seg som industri- og samfunnsbyggaren dei har venta på. Refererer vi her Morten Lein frå Mo i Rana, som opplevde utspelet deira i forbindelse med Rana Grubene, har Nordic Mining ”ikkje bygd noe som helst”. (Firda 5.3.09).

Vi høyrer iblant at det vert argumentert for prosjektet med vert av enkelte sagt at ”restmassane må kunne utnyttast og brukast i staden for å dumpe alt, samt at uttaket må kunne vere i lukka gruve”. Då er det av største betydning å vere klar over at omsøkt tiltak med framlagt reguleringsplan og KU, som no er til høyring og etterpå skal politisk handsamast, IKKJE inneheld nokon plan for bruk av all masse eller for lukka gruve like frå oppstart. Ei eventuell anna utnytting vil krevje utarbeiding av nye søknadar, ny reguleringsplan og ny runde med konsekvensutgreiing.

Vi ønskjar oss varsemd når framtida for Førdefjordregionen og lokalbefolkninga i Naustdal står på spel. Det finst alternativ framfor å velje eit industrielt gigantprosjekt som hindrar variert entreprenørskap og utvikling, og med store negative verknadar for naturen og fjordmiljøet til følgje.
Gje bygdane og oss ein sjanse til å utvikle varige idear – idear som vi heilt klart har!

Nadine V.Ranke

Vevring og Førdefjorden MiIjøgruppe, VFM
www.bygdasframtid.com