Viser arkivet for stikkord dooria

Høgre`s Janusansikt

Arbeid for alle er og blir jobb nr ein for Arbeidarpartiet . Omstillingsmidlar og verktøy i verktøykassa står sentralt for oss for å opprettholde og skape nye arbeidsplassar.
Arbeidarpartiet stilte bla krav om omstillingsmidlar på 100 millionar til Høyanger og Årdal samfunna då vi inngjekk budsjettforlik med Høgre,Krf og V i 04 . I mange valkampar har Høgre prøvd å teke æra for at desse midlande kom på plass. Det var desse midlane som vart brukt til å etablere bla Dooria fabrikken. Det har vore ein arbeidsplass for om lag 30 personar i fleire år. Arbeidsplassar som Høgre no meinar ikkje skulle vore der.
I nrk Sogn og Fjordane gjekk Lødemel , Høgre, hardt ut mot det han kalla vekkasta midlar , og feilslått politikk frå Arbeidarpartiet , vedrørande omstillingsmidlane som var brukt til Dooria fabrikken i Årdal.
Dette er same person som i valkampen i 2009 prøvde å ta æra for omstillingsmidlane som kom til Årdal og Høyanger. Når ein så ikkje lykkast med alt som ein har satsa på, ja så er det gale og feilslått næringspolitikk frå AP si side. Vi veit hermed kva politikk vi vil få viss Høgre får makta att, slutt på statleg risikokapital og omstillingsmidlar, tom verktøykasse igjen. Per Kristian Foss sin negative uttale om aluminiumsindustrien i Norge som ikkje hadde ei framtid, det var Høgre sitt sanne ansikt. Høgre var heller ikkje med på at Stortinget via eigarskapsmeldinga, skulle stille krav til Hydro om investeringsplanar i Norge.
Eg har jobba mykje med grundere i dei siste åra, og korleis greie å skape nye arbeidsplassar. Gjennomgangstonen er eit stort behov for risikovillig kapital, og kor viktig innovasjon Norge, Siva og andre offentlege ordninger er for å få bedrifter opp å gå. Så lykkast ein sjølvsagt ikkje alltid. Høgre si hovering over at ei bedrift som staten har komme med omstillings midlar til , har lagt ned, er å vise sitt sanne ansikt. Dei ønsker ikkje verktøy i verktøykassen for å lage nye arbeidsplassar, men skal tilbake til næringsnøytralitet vedr tilskot til bedrifter, dvs pølseboda og ein ny solcellefabrikk skal behandlast likt. Arbeidarpartiet har ein aktiv næringspolitikk og har fylt opp med verkemiddel. Fasiten er klar med Høgre i regjering vart det skapt 20.000 arbeidsplassar, Arbeidarpartiet har frå 2005 skapt 250.000 arbeidsplassar. Dette er klasseskildnad.
Kjære velgar, det vert sagt at ein får dei politikarane ein fortjener. Du fortjenar betre enn å få Høgre bak roret. Høgre sin retorikk er lagt om, men så kjem sanninga fram som i eksempla ovanfor her. Politikken er ikkje lagt om. Omstillingsmidlar og risikokapital er dei imot, fordi ein ikkje alltid lykkast. Meinar du som eg at arbeid for alle er jobb nr ein, for å skape eit trygt og godt liv og ivareta den norske velferdsmodellen, ja, så vil Arbeidarpartiet vera det trygge valet. Vår retorikk og reell politikk går hand i hand både i opposisjon og i posisjon.
Ingrid Heggø
Stortingsrepresentant AP