Viser arkivet for stikkord eøs

Reforhandle EØS – er det så lurt?

EØS medlemskap betyr at norske verksemder har fri tilgang for varer og tenester til ein heimemarknad på nær 500 mill innbyggjarar, her under tilgang til offentleg innkjøpsmarknad på mange hundre mrd kroner. Etter eige ynskje fekk vi unntak for jordbruk og fisk. Eit vilkår er at vi rettar oss etter dei vedtak som gjeld i denne marknaden, eit krav som dei fleste vil finne rimeleg. Det var også vårt val at vi ikkje er med der vedtaka vert gjort.
Vi skal ikkje sjå bort frå at fleire EU land kan vere svært interessert i å reforhandle avtalen med det rikaste landet i Europa, men ikkje nødvendigvis for å gi oss fleire fordelar og mindre plikter. Då vi gikk inn i EØS avtalen forhandla vi med 12 medlemsland. I dag er det 27 land på den andre sida av bordet. Ein del av dei nye EU landa er heller fattige land der jordbruk er hovudnæring. Tollfri tilgang for jordbruksprodukt til ein ny kjøpesterk marknad, kan komme til å stå høgt på lista over krav frå motparten. Vi bør også vere budde på krav om at vi, med den feitaste bankboka i Europa, skal medverke mykje sterkare til å løyse finanskrisa i fleire EU land. Norge er i ein særdeles privilegert stilling i Europa, – nesten utan arbeidsløyse, med solid økonomi, langsiktige oljeinntekter og rikeleg tilgang på naturressursar. Eg vil sjå den norske regjeringa som vil gå til land som i dag har store problem og be om betre vilkår for stakkars Norge. Vi er i ferd med å skaffe oss eit rykte for å vere rike, feite, late og egoistiske. Einsidig innføring av ostetoll i ei tid då våre handelspartnarar slit, har heller ikkje styrka vår goodwill. Kanskje vi skal gå litt stille i dørene når det gjeld dette med reforhandling?
Eivind Hjellum

Nei til EU og EØS

Eit overveldande fleirtal er motstandarar av at Noreg skal melde seg inn i EU. Det er bra. Det er ønskeleg at euroen og EU, med alle EU sine institusjonar, vert kasta på historia si skraphaug.

Noreg er heldigvis ikkje medlem av EU. Dessverre har vi ein del skadelege bindingar til EU-systemet, og den aller skadelegaste er EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein sjølvpålagd husmannskontrakt, som gjer at særs mange av vedtaka som vert gjort i EU-systemet òg vert norsk lov.

Det eine EU-direktivet meir skadeleg enn det andre vert banka igjennom av eit EU-lojalt fleirtal på Stortinget. Gjennom datalagringsdirektivet har vi fått eit svekka personvern. Gjennom tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet har dei som arbeidar for å dumpe løn- og arbeidsvilkår i Noreg fått auka makt. Gjennom matsminkedirektivet har vi fått ein større del av direkte helseskadelege stoffar i maten. Og så bortetter. Fleire skadelege EU-direktiv kjem rett rundt hjørnet.

Det er viktig at den skadelege EØS-avtalen vert sagt opp, jo før jo heller. Det er òg viktig å trekke Noreg heilt ut av EU sitt militærapparat, Schengen og Frontex, i tillegg til å seie opp veterinæravtalen med EU.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Folketrygd - også for arbeidsinnvandrarar

Frp har nyleg hatt sitt landsmøte. Her hevda Siv Jensen mellom anna: “Vi godtek ikkje at Norge skal framstå meir og meir som eit verdas sosialkontor”. Firda på leiarplass 19. mai kommenterer også dette.

Firda sin leiarskribent påpeikar som heilt rett er at EØS-avtalen pliktar Norge å behandle EU-borgarar på lik linje med nordmenn når det er snakk om trygderettigheiter. Norske arbeidsinnvandarar frå EU- og EØS-land vert frå første arbeidsdag medlem av Folketrygden, samtidig må ein også betale skatt til Norge. Årleg vert det faktisk gjeve vel 100 000 arbeidstillatelse til EU-borgarar (særleg Polen og Sverige). Dette tilfører Norge truleg nokre skattekroner; ikkje sant? Og ofte er det snakk om jobbar nordmenn sjølv ikkje gidd å ta.

Om få år vil eldrebølgja vere ein realitet. Då må Norge rekruttere +/- 15 000 årsverk innan pleie- og omsorg kvart einaste år framover. Arbeidsinnvandringa frå Sverige, Polen og Baltikum er positivt i seg sjølv, og relativt rause norske trygdeordningar er bra å ha med tanke på jobbrekruttering som reell utfordring i framtida.

Det er påfallande at Siv Jensen i sin landsmøtetale trekkjer fram arbeidsinnvandrarar som eksporterer trygd som nok eit innvandringsproblem. Ikkje med eit ord nemner ho at mesteparten av etniske nordmenn faktisk står for mesteparten av trygdeeksporten. Siv Jensen og Carl I. Hagen har kjent ei høg stjerne blant norske trygdemottakarar busett i Spania!

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

Bruk reservasjonsretten: Nei til posttenestedirektivet!

Postenestene er ein viktig del av vår infrastruktur for å oppretthalde busetting og næringsliv i heile landet, og posten har framleis einerett til å få brev under 50 gram til alle postkasser i Noreg seks dagar i veka.
Denne eineretten har gjort det mogleg å oppretthalde den såkalla ” einskapsportoen”, som gjer at det t.d kostar like mykje å sende brev frå Førde til Oslo som mellom to ulike bydelar i Oslo. Portoen for distribusjon av lønsame sentrale strøk ”subsidierer” på den måten portoen for distribusjon til og frå distrikta.
I dag er det i praksis dei store postutsendarane i næringslivet i sentrale strøk som subsidierar portoutgiftene til bedrifter, kommunar og folk i distrikts-Noreg.

Men, dette kan det bli slutt på når EU sitt 3. posttenestedirektivet blir innført frå og med 1. januar 2011, som i praksis betyr fri konkurranse på postmarknaden dersom Storting og regjering vel å følgje dette direktivet. 11 landa i EU har kravd utsetting, men i Noreg har debatten om dette enno ikkje starta.

SV har tydeleg signalisert at dei vil gå imot ei slik innføring. Senterpartiet vurderer å gjere det same. Samferdsleminister Liv Signe Navarseter (Sp) har enno ikkje bestemt seg. Arbeidarpartiet er førebels i tenkjeboksen.
Det som er sikkert er at saka kjem til å kome opp i regjering og storting etter valet som utan tvil kjem til å bli eit verdival. Vi kan ikkje rekne med at høgresida kjem stoppe dette direktivet.

For folk og næringsliv kan ei slik innføring av direktivet føre til dyrare og dårlegare posttenester særleg hardast for distrikta.

Konkurranse i dei store byane vil redusere Posten sine moglegheiter for overskot. Posten vil ikkje kunne oppretthalde ein langsdekkande distribusjon 6 dagar i veka til same pris som konkurrentane i aukande grad ”skummar fløyten” der det er lønsamt.
Det er ingen tvil om at dette vil sette ordninga med einskapsportoen i fare fordi det vil svekke Posten sine økonomiske resultat i fare i kampen med konkurrerande firma.
I så fall for å kunne oppretthalde eit langsdekkande posttilbod tilbod av gode, likeverdige og rimelege posttenester utan høve til å dekke dette av overskotet frå einerettsområde, eller gje økonomisk kompensasjon via løyvingar over statsbudsjett.
Følgjene vil vere at med EU sin liberaliseringspolitikk må posten finansierast gjennom auka skattar eller mindre pengar til dømes helse, kultur, skule etc.
Verknadane av liberaliseringa og konkurranseutsettinga vil også råk arbeidstakarane direkte. Posten i lang tid har vore gjennom effektivisering og omorganisering, og ein kan også risikere at nye aktørar i postmarknaden, som undergrev eksisterande tariffavtalar, fører til sosial dumping.
Det er ikkje utan grunn at dei posttilsette, gjennom deira forbund Postkom, protesterar mot dette.

Postteneste med god kvalitet og til lik pris i heile landet, er viktig for å sikre eit mangfaldig næringsliv og busetnad i distrikta.
Om EU sitt 3. postdirektiv blir norsk lov gjennom EØS, vil dette føre til full liberalisering av den norske postmarknaden.

Dette kan vi ikkje akseptere, at posten som samfunnsbyggjande institusjon skal pulveriserast til fordel for marknaden.

Vi i SV krev at regjeringa og stortingsfleirtalet brukar reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stoppe EU si avgjerd om å liberalisere postmarknaden, posttenestedirektivet.

Du kan vere med på påvekerke utfallet av denne saka det kan vere ved folkleg engasjement og å bruke røysteretten ved årets stortingsval.
Røyst gjerne SV.

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.